Nasjonsbygging utan samar – skråblikk på «Norske Gaardnavne».

Inspirerande er soga om korleis storverket «Norske Gaardnavne» tok form etter at Oluf Rygh i 1878 vart formann i namnekommisjonen. Her skulle skapast noko heilt nytt, ut frå ein særs sprikande skrifttradisjon. Imponerande er at han og hjelparane så målretta leita i sogetekstar, diplom, skattelister osv. – og ikkje minst: oppsøkte dei som kjente folkeleg uttale. Ivar Aasens og Hans Ross’  vart nytta fullt ut, likeins mål-tilfang frå svensk og dansk og for den del også tysk etc.

   
Serien frå Ryghs hand slutta i 1911 med bindet frå Tromsø amt. Han fekk ikkje oppleve meir enn starten på prentinga av bokserien, men ho stoppa ikkje med hans bortgang, og i 1924 kom det eit tilleggsbind for Finnmark, lagt til rettes av Just Qvigstad og Magnus Olsen. 

Alle binda så nær som det siste er digitaliserte etter at vi kom i dataalderen. Pga. det kan vi òg reflektere over kva vi kan hente ut, ved målretta søk. Vi held oss i det til «Norske Gaardnavne» slik bokserien vart, utan å ta omsyn til kven som redigerte kva, etter at Rygh var gått bort. – Hans innsats for norsk arkeologi ligg heilt utanfor ramma av denne artikkelen. Under arbeidet med gardsnamn fokuserte Rygh systematisk på evt. samanheng mellom elve- og vassdragsnamn og gardsnamn, så metodisk at vi heile 91 gonger får tilslag på frasen «intet Vandløb»! I og for seg snodig, og vi skulle ønskt at han då, men især når det gjaldt gudenamn og personnamn, hadde lagt inn fleire parameter, men det er lett å tenke for den som har rask tilgang til gode kart og ortofoto.

Kva kan søk i «Norske Gaardnavne» vise oss?  At innfallet å søke på ‘intet Vandløb’ gav så mange tilslag, har ført til den tanken at søk på andre nøkkelord- og frasar i NG kunne leie til djupare innsikt i korleis O. Rygh tenkte når han drøfta gardsnamn. Søka «besynderlig», «(ikke) paaviselig» eller «uforklarlig» gav ikkje så mange treff, men søk som ‘(intet) Bidrag’, ‘andet Exempel / andre Exempler’, attåt det språhhistoriske ‘fra MA bevaret’/’bevaret fra MA’ kasta meir av seg. Artig var òg dei mange treff på søkeordet «forbyde», dei gongene Rygh fann å måtte forkaste ein teeori! Poenget med søk som desse er å sile ifrå gardsnamn-tolkingar som det hefta tvil med, og slike flyt opp i større mengder når ein prøver «uvis Oprindelse», «intet sikkert», «kun kjendt», «Gjetninger» – eller òg «Sikkerhed» (motsett: «usikre», «usikker»). Framifrå fungerer søket «Forklaring» med 1818 treff og «forklare» med 1020, òg i negasjonar med «ikke», «intet», «ingen». Aller best er søket «Betydning» med 2519 og «Oprindelse» med 1391 treff.

Rygh fokuserte på kva? Alle dei søk som hittil er nemnde, især når vi sorterer etter Amt, er til god hjelp med å leite opp namna som gav Rygh mest hovudbry: Smaalenene (Østfold), Kristians Amt (Oppland), Jarlsberg og Larvik (Vestfold), Bratsberg (Telemark), Nedenes (Aust-Agder), Lister og Mandal (Vest-Agder), Stavanger (Rogaland). – Namnegranskarar er innforstått med at det finst talrike stadnamn som fortel om godbonde, hulder, troll, utburd, draug og anna som høyrer til allmenn folketru i eldre tid. Rygh fokuserte meir på den litt aristokratisk prega norrøne gudelæra. Her skal nemnast at vi får 26 tilslag på «Gudenavn», 23 på «Guden» og 12 på «Guderne», mot 10 på «Gudinde». I dag kan det nok hende at namnegranskarar held distanse til nokre av desse tolkingane, med mindre historikarar og arkeologar skaffar ryggdekning. At det i staden kan vere noko konkret topografisk som flyt opp når vi ‘grev djupare’ i materien kjem vi tilbake til.

Ei anna side av namnetolkingane i NG er den oppfatning at gardar og buplassar i stor utstrekning fekk namn av den første som busette seg der, det framgår av 117 treff på «Kvindenavn», 211 på «Personnavn» og overveldande 1334 treff på «Mandsnavn». Det beste dømet på at NG til dels går på autopilot innanfor denne kategorien er nok gards- og plassnamnet Steinsrud, -rød med 27 treff. Ved så å seie alle desse blir det vist til mannsnamnet Stein! Ved Trøgstad i Østfold kjem litt tvisyn inn: «Navne, begyndende med Steins-, stamme oftest fra Mandsnavnet Steinn, men kunne ogsaa have sin Oprindelse fra Mandsnavne, sammensatte med steinn, som Steinarr, Steinrǫðr, Steinulfr. I nogle Tilfælde er Steins- vistnok Genitiv af Appellativet steinn, brugt om en stor Sten eller et Fjeld i Nærheden». Liknande uttrykk er også brukt ved Steinsrud i Norderhov, Buskerud, men full bakkekontakt er det først blitt ved Steinsrud i Lunde, Telemark: «Af Mandsnavnet Stein, hvis det ikke er et Opkaldelsesnavn eller et nylavet Navn, som sigter til stenet Grund». I alle fall så lenge så lenge vi held oss til ruð-kategorien var altså oppfatninga at folk innafor den epoken gav buplassen namn etter rudningsmannen eller -kvinna, ikkje etter naturtilhøva på staden.

«Opkaldelse» som enkel forklaring? Særleg når det er tale om bruksnamn, blir det ofte som forklaring lansert at det kan vere «Opkaldelse», «opkaldt efter – », men utan grunngjevingar. Interessant  nok endrar denne tendensen eller frekvensen seg litt etter kvart. Slike uttrykk kjem fram på 62 stader i Østfold, 32 i Akershus, 42 i Hedmark, 37 i Oppland og 29 i Buskerud, men så dett det til 15 i Vestfold, 18 i Telemark, 14 i Nord-Hordland, 10 i Møre og Romsdal og 15 i Nord-Trøndelag Tala for Rogaland er 9 og for Aust-Agder, Sunnhordland og Sør-Trøndelag 8, for Vest-Agder og Nordland berre 6. I Troms nærmast «eksploderer» det til heile 70, kan hende ikkje særleg uventa med tanke på innflyttinga frå sør til Målselv og Bardu etc. Påfallande blir likevel kontrasten til Nordland.

Sjeldan openlys kritikk? Det har runne mykje vatn i hav sidan Oluf Rygs tid, og tenkemåten har saktens endra seg blant leiande namnegranskarar. Vanskelegare å opponere er det nok for bygdebokforfattarar, men inn-imellom må det skje: Bø kommune i Nordland har to bygdebokseriar, og den eldste heiter Bø Bygdebok, forfatta av Rolv Straume, som i b. 3 s. 220 kommenterer gardsnamnet Gåsland, av Oluf Rygh tolka såleis: «Sandsynlig *Gásaland, sms. med Mandsnavnet Gási, der forekommer enkelte Gange i Norge i MA». Her sa Rolv Straume tydeleg ifrå: «Skal tru om ikkje den lærde prof. her har gått over bekken etter vatn. På Gåsland har det alltid vore mykje gjæsser, og det ligg nært å tru at namnet kjem av fuglenamnet gås». – Dette er berre eitt døme på lokal skepsis, men det finst sikkert mange.

Rettleiande eller villeiande søkeresultat? Vi vil vende tilbake til spørsmålet om kva søkemåte som raskast fører oss fram til dei gardsnamna som Rygh stussa på: Det er søket «enestaaende», som fangar opp både «enestaaende Navn» og «Navnet er enestaaende». Det gir fulle 33-34 treff både for Rogaland, for Møre og Romsdal og for Nordland, men 0 for Buskerud (red. av Hj. Falk) og 0 for Nedenes (red. av Asmund B. Larsen). Den skilnaden er truleg eit resultat av redigeringsprosessen? Uavhengig av det siste blir poenget i alle tilfelle at det søket i kombinasjon med fleire av dei som tidlegare er nemnde, effektivt avslører kva for gardsnamn Rygh hadde mest bry med.

At Rygh heile tida kasta sideblikk til grannemåla våre er alt nemnt. Kva så med finsk? I samband med fire gardsnamn frå Hedmark (Hof, Vinger og Trysil) blir finsk ei innflytting nemnd og namna tolka som finske. Snodigare er eit treff frå Hole i Buskerud gnr 61: «Bent-Finne. Kaldes bæ`ntepłassen [Bent-Finne udtales med Tonen paa sidste Led]. – Hiran 1723. – Pladsen blev ryddet af en Finne ved Navn Bent. Hiran er vel et lappisk Navn og uden Forbindelse med Elvenavnet Hira og det svenske Sjönamn Hiren» (sitat slutt).

Det siste er tvilsamt, jf hira v og hiren adj (NO 5: 444, 446). Meir påfallande er kopling «finne» – «lappisk», likså vel som tolkinga av eit gardsnamn frå Vestre Aker i Akershus, gnr. 26 Finnerud: «Kommer maaske snarest af Plantenavnet Finn, en strid Græsart (nardus stricta) ogsaa kaldet Finngras, Finnskjæg, Finntop. Det var dog ogsaa nok muligt, at Stamordet – hvis Navnet er gammelt – kunde være Mandsnavnet Finni eller Kvindenavnet Finna, eller at det kunde have sin Oprindelse af den finske Indvandring til Norge omkr. 1600, der vides at have strakt sig til denne Egn (Nordmarken) og endnu et Stykke vestover, til Aasen ml. Lier og Modum, fremdeles kaldet Modums Finmark, og hvorefter Rester af finsk Nationalitet endnu have holdt sig paa Solørs Finskog. I sidste Fald maatte Navnet være fra 17de eller 18de Aarh.»

I omtalen av Finnestad (Hetland i Rogaland) og især av Finnmark (Bamble) aner ein bak alle hypotesene eit unemneleg alternativ, ein elefant i hypotese-disen: «*Finnmǫrk? Da Stedet ligger ved en Bæk, er der Mulighed for at forklare Navnet af Elvenavnet Finna; jfr. Findal, GN. 20,6. Det er dog ikke sandsynligt, at dette skulde være brugt paa to ikke saa langt fra hinanden liggende Steder. Snarere er vel i begge disse Navne 1ste Led Plantenavnet Finn (jfr. Drangedal GN. 12), eller de kunne paa en eller anden Maade staa i Forbindelse med Folkenavnet Finner. Finmarken i Manger synes at være et sent Navn, som maaske er Opkaldelse efter Landskabet Finmarken (Bd. XI S. 393), hvad Finmark i Bamle neppe er». 

Elles vil no «den finske Indvandring til Norge omkring 1600» for sørsamar lyde temmeleg illevarslande, for i 1891 la historikaren Yngvar Nielsen fram det som seinare blir kalla ‘fremrykkingsteorien’, der han hevda at sørsamane kom frå nord og til Tydal kring 1700 og til Røros om lag 1750. – Oluf Rygh var ferdig med hovudredigeringa av «Norske Gaardnavne» fem år før artikkelen kom, og der blir faktisk ingen slik teori lansert. Påfallande er likevel at ordet «lappisk» er nemnt berre i det eine tilfellet frå Buskerud og så slett ikkje meir, før ein kjem til Nord-Trøndelag og «Ogndalen», no ein del av Steinkjer. Vi skal sitere det som vedkjem garden Mokk |måkk|, den tid gnr 23, i dag Steinkjer gnr 159, skrive Moug 1668 og Moeg 1723. «Et enestaaende Navn. Lydlig falder det sammen med Folkespr. Mok n., sammenskuflet Dynge, maaske ogsaa: Møg (Aasen). Men det er dog lidet troligt, at det er dette Ord. Man kunde fristes til at formode, at det er det samme Mokk, som man har i mange, især sammensatte, lappiske Navne, og som er det lapp-iske Mokke, Omvei, Krogvei, Bugt (Friis). Mokkaelven gjør nordenfor Gaarden en meget skarp Bøining». 

Utan tvil var trønderen Rygh fullstendig klar over at namnet måtte vere samisk, men dette var det neppe stovereint å konstatere. Han føyer lett avvæpnande til: «Det kunde ikke overraske at træffe et lappisk Navn oppe i Fjeldet og saa langt Nord, nær Grændsen af Snaasen. Gaarden ligger meget afsides». – Med andre ord høyrde lappiske namn heime i avsides strøk til fjells, nordpå. Det inneber at om han så skulle ha hyst «lappiske» mistankar i samband med namnedrøfting i sørlegare delar av landet, så skulle det ha vore altfor risikabelt å ymte om noko slikt i samband med norske gardsnamn! Samar dreiv med rein, det visste jo alle. Kor som er, og trass i denne utbreidde tenkemåten, så har arkeologar i seinare år funne samiske spor mykje lenger sør enn forventa, men kor mykje har det endra rådande oppfatningar blant nordistisk skolerte namnegranskarar? Går ein inn på gardsnamn-klassar som -land, -stad og den noko yngre typen «-rud» og reflekterer litt over dei forledd (utmerkingar) som er vanskelege å tolke nordisk, vil ein fort lure på om andre språk har vore inne i biletet, men digitale NG-søk på «andet» eller «ukjendt Sprog» gir null treff – ein detalj som også fortel sitt. Det finst eit namneelement som tener som lærerikt døme i denne samanhengen: Under Gjettum, gnr 87 i Bærum i Akershus, er kring 1700 nemnt eit underbruk Lubberud (NG 2: 142). Området er no nedbygd, men Lubberudstien finst som adressenamn. Same namneelementet inngår òg i gnr 113.9 i Stokke i Vestfold, Lubberhaugenog her artar namnedrøftinga seg ganske vidløftig (NG 6: 197):

«Der findes et Luberg paa Grændsen af Flaabygd og Drangedal. (O. R.) Navnet skriver sig maaske fra Opkaldelse deraf. Eller 1ste Led kunde mulig være et tydsk Mandsnavn, t. Ex. Luber eller Lubbert, som af Förstemann …. opføres som yngre Former af Liubhari eller Liudberht (S. B.). Mindre rimeligt er det vel at tænke paa det engelske lubber, Klodrian, Landkrabbe, brugt som Øgenavn paa en Beboer af Stedet; dette Ord kunde mulig være indkommet i Sjømandssproget». 

Her kunne vore vald ei langt heimlegare tilnærming: I ns er luoppal (tidlegare luobbal) ei «innsjøliknande utviding av ei elv» (Qv 535). Ordet finst i mange variantar, m.a. luobban og luobbar, ss loebpele «lita tjørn». I det tidlegare samiske grenselandet mellom Bø og Øksnes k. ligg elveutvidinga Lubberten: Suffikset –ert er lågtysk innlån og har lenge vore «produktivt» i nordnorsk (H. Chr.: 177 o.a.) Lubberhaugen i Stokke står ikkje lenger i matrikkelen, men *lubberen i det tilfellet var venteleg å finne i bekkefara sørvest for garden Rømminga, før gnr 113, no gnr 513 i Stokke. Vi har også ss loebpele i mistydd i namnet «Loppeboleggi» i Vang i Valdres: På begge sider av fjellet er nøgda av små vassfar av nemnde slag. Her synest loebpele å ha blitt omtolka til eit gno. *loppu-bœli, men «Loppebol-» er lydleg ikkje altfor ille, for det samiske ordet skal komme av dialektale finske former lompolo, lompola, lompero el. lumpero «liten innsjø», også «utviding av elv» (Qv 535). Dette same loebpele– i kortforma loppe– har vidstrekt sørnorsk utbreiingsområde i namn som Loppetjønna og Loppetjernet. Vi kan visseleg sjå bort frå at det er tale om hoppande insekt. Av di «loebpele» sjeldan inngår i bustadnamn treng vi isolert sett ikkje gå inn på dette ss namneelementet, men det tener ialfall til å falsifisere ei grunnleggande haldning i NG: At samisk innverknad på gardsnamna sør i landet er nokoein berre kan sjå bort frå.

Namneinteresserte flest har nok i vår tid innsett at der kan vere samiske innslag i namnebruk i fjellheimen i sør, men samstundes ser dei heilt på line med NG på dette som irrelevant for tolking av gardsnamn. Her er det barrierar nok å bryte, framfor alt i det sentrale Austlands-området. Dessutan er det såleis at samisk som skriftspråk har kort soge, så ikkje minst for sørsamar er det lærerikt å sjå korleis penneføre i gammal- og mellomnorsk tid takla ukjente namneelement. 

Så vidt kjent har det hittil ikkje vore sagt at gardsnamn-former i Diplomatarium Norvegicum el.a. kjelder inneheld element som kan vere samiske. I tilfelle då eit gardsnamn inneheld eit presumptivt samisk ledd har det av plassomsyn avgrensa verdi å presentere dei norskbaserte tolkingar som NG legg til grunn, dei er lett tilgjengelege på nettet. Dei historiske skriveformene NG dokumenterer må derimot vere med, fullt ut, om enn litt ‘brutalt’ forenkla i dette oversynet. NG er framleis autoriteten i så måte, mi gjennomgåing er meint som interesse-vekkar og grunnlag for nærmare undersøkingar, og ho bygger på nettutgåva av NG for Austlands-fylka.

Samisk liksom «nordisk» er fleirtydig. Formålet med gjennomgåingane ‘Østfold og det samiske’, like eins ‘Akershus og det samiske’ og så etter tur Hedmark, Buskerud, Oppland, Vestfold, Agder og Rogaland og det samiske er å rette søkelys mot namne-element som mest truleg er samiske og vekke interesse for det. Her er stoff til ei mengd artiklar!

Avkortingane ns, ls, ss, sjeldnare es, sks står for nord-, lule-, sør-, enare- og skoltesamisk. Spissformulert er det så at kvar samisk ordbokforfattar har si eiga rettskriving! Der ikkje anna er sagt, er nordsamisk tilfang tatt frå «Sámi-dáru sátnegirji», sørsamiske frå «Åarjelsaemie-daaroen baakoegærja» (Bergsland/Magga). Tilsvarande normering finst i «Lulesamisk ordbok, svensk-samisk» av Nils Eric Spiik. Nærmare nordsamisk normering ligg Olavi Korhonens «Lulesamisk – svensk | Svensk – lulesamisk ordbok», begge med god forankring i Harald Grundströms bindsterke «Lulelapsk ordbok». Tilnærminga er annleis i Björn Collinders «Ordbok till Sveriges lapska ortnamn» («oslo»), som rett nok òg har sin eigen ortografi, men med variant-tilvisingar i fleng. – Klassikaren er likevel Qvigstads «De lappiske appellative stedsnavn» med nummererte oppslagsord: Det arbeidet viser alle seinare ordbokforfattarar til. Qvigstad har for sin del talrike referansar til eldre og sjeldnare ordsamlingar, ikkje minst Lexicon Lapponicum (kom i nyprent år 2016). Lat det vere sagt at det finst gardsnamn med relaterte naturnamn som opptrer så hyppig at det har vore nødvendig å sile dei frå i dette oversynet. Om det kan bli høve til eit eigen artikkel om det, får tida vise. Trass i denne målsettinga er de i nærverande oversyn òg kryssreferansar som kan opplevast forstyrrande. Det får våge seg, korrigerande og utfyllande merknader er velkomne, eller for å seie det enklare: både tilslutning og motseiing. Epost enten stadnamnfunn@hotmail.com eller fmyrvang@mail.com .