Kylpesnes

Biletet skal vise forma på neset.
Kylpesnes liknar ein hank (eit handtak).

Kylpesnes er gnr 57 i Buksnes, Hól s, i Vestvågøy. Til dagleg Neset. Skrive Kyluisnese i AB, Kiilpisnes 1567, Kølpesnes  1647, 1667 og Kylpesnæs 1723.  Neset er breitt og har særmerkt form, med ein berg-holme på kvar side og ei vik i midten, så pga forma er det truleg tale om *kylpe n = kylp m, norr. kilpr ‘hank’ (på trebøtte o.l.), endå den eldste skriveforma Kyluisnes (les Kylvis-) stikk seg ut og snarare peikar mot norr.. kylfi n = kylfa f ‘klubbe, kølle; lurk’, som kanskje kan vere ei endå meir treffande samanlikning.