Iveland kommune i Aust-Agder har ein dal kalla Ettermiddagsdalen, og frå Vest-Agder kan nemnast Ettermiddagshaugen i Kristiansand. Vidare har Vestfold Ettermiddagsåsen, i Larvik. Alt synest vere lokalitetar som var solmerke i gammal tid. Då burde jo også *formiddags-namn vere å finne, men dei er komplett fråverande, både i sør og i nord. Enn lenger vest? Vanylven i Møre og Romsdal har i alle fall Ettemannsmyra! Det er jo ikkje så likt at dei andre namna at ein blir overtydd.
Fleire namn av same art synest det vere uråd å påvise. Det vil seie – så lenge ein meiner ettermiddag er og blir ettermiddag. Men med justerte søk sprett som troll av eske opp fjellnamnet Ehtemasvárri frå Lebesbv og Karasjok (som også har ein dal kalla Ehtemasávži). Meir sekundære namn i dei bygdene i same orden er Ehtemasjohka og Ehtemasjogaš (ei lita elv).
Har vi med dette funne ei løysing på namnemysteriet? Tja, ēhtemas er iallfall det nordsamiske ordet for blokkebær! I lule-, pite- og sørsamisk brukar dei i dag heilt andre ord for bæra, men både Ettemannsmyra og Ettermiddags-namna fortel at den nordsamiske forma eingong var langt meir dominerande. Så er det då også klart i norske øyre kunne Ehtemas- ikkje godt forståast som noko anna enn slurveuttale av Ett’middas- .
Norsk Stadnamnleksikon (4. utg., 1997) inneheld ein namneartikkel som med få ord greier å formidle informasjon som berre forvirrar:
«Gurafjorden |gūrafjōṛ~ṇ| havstykke ved Myken fyr i Rødøy komm, Nordland. Førsteleddet er kanskje utvikla av kvinnenamnet Gudrun, som i gardsnamnet Guradalen, Hamarøy komm.»

For det første ligg Myken fyr både tørt og trygt inne på ei av øyane i Myken, der er ingen fjord akkurat ved fyret! Tvertimot er Gurafjorden bassenget el. fjordhola lenger sør, mellom øyværa Myken og Innmyken på vestsida og Håværet i aust. For det andre er Gurafjorden kopla med gardsnamnet Guradalen i Salten, den langt nærare Guravika i Lurøy er forbigått. Rarast er likevel utsegna «kanskje utvikla av kvinnenamnet Gudrun, som i gardsnamnet Guradalen, Hamarøy». Då skulle det vel i alle fall i det tilfellet vere sikkert at ein har med kvinnenamnet å gjere?

Rett nok høyrer Gurafjorden til ein landsomfattande namneserie som kan føre til slutningar av forhasta art: Gure-, Guri- og Gurodalen, Gura- og Gurufjell (og Guris fjell), og særleg Gura-, Gure-, Guri-, Guru- og Gurvika! Namn med slike etterledd som -hammaren, -lia, -myra, -neset, -skardet og -vatnet kjem i tillegg.

Likevel bør forleddet Gure– og Gura– heilt på sida av normalvariantar av kvinnenamnet få varsellamper til å blinke, av di det ligg tett opp til det særs utbreidde samiske terrengordet gurra «skard, djup og trong kløft, ‘trång dal emellan tvänne berg’» (app. 367). Smådalane er ikkje alltid så tronge, men ofte bratte. Når eit presumptivt norsk kvinne- eller mannsnamn blir til dei grader overrepresentert som stadnamnforledd, burde det vere på tide å kvalitetssikre narrativet.
Så langt har absolutt ingen fortalt kva for Gudrun som må ha gitt namn til Gurafjorden. Sjøkart fortel ei litt anna soge: Tett utanfor nordenden av Håværet har den tilnærma ovale fjordhola ein kniptrong overgang til ei smalare T-forma renne. Opningen og framhaldet av denne er sikkert nok den gurra som motiverte namnet. Samisktalande og norsktalande fiskarar har tusenårig tradisjon i å bruke termar frå landjorda til verbal kartlegging av sjøbotnen.

Litt meir kan seiast om terrengtermen gurra, sørsamsk form govre: Lokalitetar kalla Gulland finst det fleire av, på Agder især: Variantar av skard på desse stadene gjer det truverdig at Gulland er assimilert form av *gurr’land, enkelt nok. – Dertil kan nemnast Gurrik i Holmestrand, skrive Gurrick og Gurich kring 1600: Drøftinga av det gardsnamnet i Norske Gaardnavne er litt vidløftig, men ei oppløysing gurra + rygg samsvararar framifrå med topografien.
Å tafse er eit fleirtydig ord. Det kan vere å tafse opp = trevle opp, eller tvert imot å filtre seg i hop, vidare å klå på, handklå. Vanskelegare å fatte er kva tafs står for når det er snakk om terreng, endå det opptrer i ein handfull namn frå Brønnøy, Bindal og Namsos og dertil eit par frå Luster og Stryn.
Tafsvika i Forbergskogen i Brønnøy har veldig bratte kantar, både på auster- og vestersida. Tafsneset i same kommune er ikkje så bratt i seg sjølv, men ligg under ei bratt fjellside side om side med Brattbekken. – Tafsdalen i Bindal er veldig smal og djup og ser nærmast ut som eit brattkanta rasfar. Brattkanta er også den platåforma kråa Tafsholet i Bindal så vel som ein minidal med same namnet i Namsos. Vidare er her å nemne Tafsaskreda |-skreo| i Luster, mellom Holegutskreda og Slåtteskreda, alle oppunder bratte hamrar og flog. – Fjellframspringet Tafsehyrna inst i Tverrbotnen i Stryn er det mest markante av desse lokalitetane. Endå fleire Tafs-namn finst nok; Tafsgjota og Tafsgrova i Bindal er ikkje kartfesta enno.

Ei rimeleg norsk forklaring på forleddet Tafs- er i namn som desse er ufunnen. Det kallar rett nok på interesse at å tafse kan vere å slite seg fram i tungt føre (NO 11: 501, frå Østre Slidre og Hjartdal), men det framstår som meir sakretta at sørsamisk tsavtse tyder ’stigning’. Vel skulle ein tru dette ville resultere i ein forenkla norsk uttale *saf(t)s-, men at det ikkje har skjedd, kan ha ei heilt enkel forklaring: Forleddet Ts– i desse tidleg innlånte namna oppfatta norsktalande som identisk med den norrøne framlyden thorn (þ), og då sistnemnde gjekk over til vanleg t, gjekk det same vegen med desse namna au.
Øygruppa Muddværet sørvest for øya Vega i Nordland blir i Norske Gaardnavne presentert som gnr 18 i Vega k., med desse opplysningane knytte til:
«Mudvær. Udt. mú`ᶁᶁvære (næsten mú`ƫƫ-). – Muggeveer OE. 15 (under Vika). Mutvehr 1723 (anføres før at have ligget under Vika). Er et af en Mængde Smaaøer bestaaende Vær sydvestlig for Vega. Den oprindelige Form er udentvivl Mugg-, og med Hensyn til Overgangen til Nutidsformen kan da sammenlignes det nordenfjeldske Sagmod = Sagmugg (se Ross). 1ste Led er maaske beslægtet med mugga f., meget fint Regn, Taageregn».
Opplysninga om sagmott for sagflis er korrekt nok men underbygger så visst ikkje at forleddet i namnet på øy- eller holmegruppa har noko som helst med yr å gjere, det er som elles der Rygh brukar ordet ‘udentvivl’ at ei varsellampe blinkar og ber om full skepsis. Namnetolking tufta på meteorologi er risikosport, og det same gjeld Norsk Stadnamnleksikon som kunngjer den same vermeldinga frå 1905.
Langt meir konkret er at dei høgaste humpane ligg på søraustsida av øyværet, slike som Måsøya (24 m), Brennøya (30 m), Horsøya (31 m), Trælvikøya (34 m), Ørnøya (35 m) og Segløya (39 m). Det er likevel uråd å finne eit terrengord som fangar opp dette.

Eit anna og truleg det mest synberre kjennemerket for været er at der er så grunt. Det synest som om det i stor utstrekning er gåande frå holme til holme på fjæra sjø, især på nordvestsida (havsida). Då i motsetning td til Myken i Rødøy, der mylderet av holmar og småøyar også er stort, men der det er meir ‘veldefinerte’ sund imellom.Det ser mesta ut til at forleddet Mudd- alias Mutt- må vere muotkke eller like rett muodkke, eit kjent samisk terrengnemne for smal landstrimle mellom to lokalitetar, dvs eid, men her med bortfall av 2. staving. Dette forliker også dei to historiske skriveformene som i utgangspunktet syntest så uforlikelege.

Når norsktalande overtar samiske stadnamn, skjer iblant falsk gjenkjenning. Det går ut på at samiske terregord blir «vridd» i retning av norske ord som slumpar til å likne, men ikkje har noko med terrenget å gjere. Det samiske elementet overlever då i forvanska form. Eitt døme er nordsamisk bovdna (open o) «tuve; liten haug i myr» m.m. Sørlegare former bovna, bovne står for «lågt, snautt berg», evt.'liten fjäll-klimp, som en kägla» (Qv nr. 103). Det er treffande for Bonhammaren i Bø i Nordland, foto ovanfor. Eigentleg finst formasjonar landet over som liknar. Skrivemåten blir ofte eit lydrett Bon-, men altfor ofte ser ein det «retta» til Bond(e)-.
Bonen er ein gammal tilror for Andenes, då tydelegvis kalla så etter eine medfjellet, det tuveforma ca. 500 m høge Litlehornet, samisk Unnačoarvaš, innom Inner-Aun i Harstad k. Bonen heiter òg ein rundvoren fløholme på Vindstad i Moskenes, medan Bonen ved Tverrsundet i Gildeskål er ei dryg fjelltuve. I Lurøyfjellet finst ein åshump Bonen, og Bonen i Kongsberg og i Kristiansand er litt ruvande åsar, likeins Bondåsen,Tynset. Bondehaugen ved Bondevika i Kvinnherad er særs rund, medan den ved Bondevika i Gloppen er meir avsniska pga. vegbygging.
I nordsamiske stadnamn tyder bovdna tuve, hump el. haug, både som for- og sisteledd. Ganske ruvande er Stuorabovdna = Stortuva i Ullsfjorden, jf. vidare Stoerreåbåvne i Hattfjelldal, Laedtiebåvne i Meråker og Liejpiebåvne i Tydal; også som namn på nokså store åsar er sørsam. -båvne vanleg nok.Termen boune (les båone, båvne) er òg definert slik: «lägre, begränsade, torra, delvis skoglösa bergspartier, i regel vid trädgränsen» (Bertil Wiinka 1986). Såleis i Storfjell-området i Södra Lappland.
Nordsamiske er namna Bovdnagieddi «tuve-eng» og Bovdnajeaggi, jf.jeaggebovna 'myr-tuve' frå Ofoten. Denslags namn blir andre stader fornorska til Bonjorda og Bonmyra, og namneforma Bondalen finn vi over heile landet, så å seie.
Som usms. øynamn er nok Bov(d)na ukjent i samisk, men Bonøya i Lebesby, Hammerfest, Bjarkøy og Vikna har iallfall ordet som forledd. Alle har fleire humpar.
Samanlikningsvis kjenner vi heller ikkje noko norsk øynamn Tuva, derimot Tuvøya tre stader i Vega. Lebesby har ein ås kalla Miekta «grastuve», men i Karlsøy er dette namn på ein holmegruppe der den største holmen er tuveforma. I sørsamisk kan åsar og fjell kalla Båvne vere ei rund «tuve», men i Vilhelmina, Røyrvik og Jämtland kan det nok også vere tale om lokalitetar med fleire humpar.
Unik er omlaginga av namnet på ein myrrabb på Straumnes i Gimsøy, Vågan: Sam. njáhce-bovdna tyder «høg grasgrodd myrtuve», men vart til Jarsponen for di norsktalande tok førsteleddet Njáhc- for å vere Jar-s- og oppfatta -s- som framlyd i sisteleddet, då vart også s/b- til -sp-. Vel var Jarsponen tolka som 'jar[n]sponen' "jarnskeia" eit rart namn på ein hump, men det gav i alle fall ei slags meining, det minte iallfall om sasponen som kjøkkenreiskap. I Bliksvær utanfor Bodø har dei forresten eit skjer som heiter nettopp det.
Variantar av det nemnte samiske ordet for «tuve» (uviktig er at b- iblant blir p-) gir med tilnærma lydrett skrivemåte flg. liste: nordsam, båvdna, lulesam. båvna, båvnå, pítesam.1 båvdnå, malåsam. bavdna, i sørsamisk elles bavna (Jemtland) og for øvrig båvnè (i nordlege område) og bavnè (i sørlege). I Vilhelmina er begge dei to siste formene registrerte.
At former som desse har vid utbreiing i samiske stadnamn er ein ting. Innslag i det som skulle vere norske stadnamn er noko anna. Dei som held samisk påverknad utanfor i forsøka på å finne ei truverdig forklaring på Bon(de)-namna får det ikkje enkelt!
Eingong hadde visse matrettar fantasifulle namn som arme riddere, forloren hare og tilslørede bondepiker. Her er det snarare tale om "tilsløret bondeknold"?
Trykt i Håløygminne 2019-4, nyredigert.

Myken er gnr 71 i Rødøy. I 1934 skriv lokalhistorikaren Jørgen Karlsen flg.: «’Mytta’ eller ’Mykja’, som folk kaller et fiskevær et par mil vest for Rødøy. Man skriver Myken. Den middelalderske skriftform har vaklet mellem ’Mykin’ og ’Mykr’, og synes å ligge temmelig nær den almindelige skriftform idag.
I Norges gamle love IV s. 773 fins avgitt i en tilføielse fra det 15de årh.: «Item mykin firir raudhøy fylke». Men en linje lengere nede står: «Item mykr oc varduer firir raudøy fiordong». Altså 2 forskjellige skriftformer for både Myken og Rødøy ned samme håndlag i samme notat!
Øygruppen er forholdsvis liten og lav og kan vanskelig sees i et par mils avstand. Men som fiskevær kan det ha vært kjent langt tilbake i sogetia. Så vidt jeg nu husker fra 40 år tilbake, var det visst godt å få rikelig fisk der ute når fisken var under været. Men fordi fiskeværet er så vanskelig å opdage der ute i havet, har det ligget som bortgjømt for fremmede, og beskjedent tar været sig ut når man nærmer sig det i en mils avstand. Navnet må derfor være avledet av adjektivet myten (mytj) = sky, tilbakeholdende, vil helst skjule sig.» Så langt Jørgen Karlsen, sitat fra Håløygminne 1934 (s.248f).
Dei 2 skriveformene Mykr og Mykin på 1400-talet strir i røynda ikkje mot kvarandre. Skrivaren fann det berre for godt å ty til vekselvis ubunden og bunden form av eitt og same namn, utan dermed å gje til kjenne kva hans tankar var om det tilsynelatande hankjønnsordet mykr.
‘Navnet kan mulig have Hensyn til Affald efter Søfugle’, seier NG (16: 170). Slik òg i Norsk Stadnamnleksikon: «Truleg av gno. mykr, myki f ’møkk’. Namnet siktar kanskje til fugleskit».
Det er lydleg lite sannsynleg, for møkker el. berre møkk er jo den form det norrøne ordet mykr har fått i vår tid. I fall øy- og grendenamnet hadde med mykr eller myki å gjere, ville lydutviklinga resultert i ø her au. NG legg til: «Særlig kan maaske sammenlignes med det som Navn paa Skjær, især paa Østlandet, hyppige Møkkelasset (Møkkelassene)». Denne tilføyinga viser at vi trygt kan slå ein strek over fugleskit-praten.
Øyane er låge, slik Jørgen Karlsen nemner. Der finst eit par haugar på 43 m, men dei aller fleste elles er mykje lågare. Fugle-fjell kan det iallfall ikkje vere tale om, men namn som nemner fugl finst rett nok: Sjølve Myken har Tennskjeret og Måøya og Skarvholmen. Det siste namnet finst òg i den låge Inner-Myken, då i lag med Æmårsøya og Ramnholmen. Krykkja opptrer visst ikkje i den lokale namnefloraen. – Hadde Myken namn av fugleskit, måtte nok skarven vere den fremste produsenten.
NG har skriveform Myken, uttale |’myᶄᶄen|: «Der siges ogsaa |’’myᶄᶄøia|», Ein uttale med med halvlang y er også observert. Når Jørgen Karlsen òg har ’Mytta’ eller ’Mykja’, er det helst dialektrett dativ av Mykjen (når ein oppfattar det som eit hankjønnsord).
Jørgen Karlsen såg for seg ein samanheng med myten adj, dvs. med utspring i verbet å myte ’skjule, halde i skjul’. Geografisk er det rimeleg nok, men fonetisk går det ikkje godt i hop med genuin uttale Mykjen, som trass i tonemet vel snarare må ha vore assosiert med med norr. mikinn, akkusativ masc. sg. av adjektivet mikill ‘stor’, nøytrum mikit . Det siste lyder mykje i vår tid, sjeldnare høyrer ein mykjen (dansk megen), nyno. form av gno. mikinn , t.d. «mykjen fagnad».
Med andre ord synest det som om øynamnet vil ha oss til å tenke at det er tale om øy(ar) som ruver eller som er omfangsrike – stikk i strid med kva Jørgen Karlsen har late oss få vite! Det er på tide å avsløre at løysinga på denne gåta nok er eit anna ord, nemleg ss miehtjene i den særlege tydinga «avsides, langt borte i nord». Vi finn det også att i ls miehttjen bl.a. i allmenn tyding «långt borta» (OSLO).

Kartutsnittet viser at Myken ligg aller ytst i havet i Rødøy.
Øynamnet Loppa var eit sjølvsagt innslag i ordforrådet til for meir enn ein nordnorsk fiskarglunt. Det var viktig å kjenne Finnmarkleia og landemerka der. Det var også ein prøve for mang ein skårunge om han kunne gjette denne snåle gåta: «Den 12. mars (gregusmess) skal tjelden vere på Loppasanden, daud eller levande». – På Loppasanden skal det nemleg vere ein stor stein som blir kalla Tjelden. Kan godt hende at skårungen slett ikkje hadde peiling og vart narra til å gjere eit skårungstykke, men i det minste sat øynamnet Loppa spikra i minnet for ettertida.
Loppa |’låppa| er oppfatta som det norske namnet på øya, men tonelaget er altså som i bunden form av klopp (bru) og tropp (flaskekork). Utanfor Finnmark får namnet fort tostavings tonelag, som om det er tale om insektet!
«Vanskeleg å forklare», seier Norsk Stadnamnleksikon, som bl.a. nemner isl loppa f «pote, stor og klumput hand, labb». Utenkeleg er den forklaringa slett ikkje, men då bør ein vel helst sjå øya ovan ifrå?

Legg merke til den framskotne posisjonen Loppa (raud markør) Loppa har mellom fjordane. «Norgeskart».
Ein skal i staden merke seg, med tanke på sjøferdsel, at Loppa ligg på ytste snaget mellom Kvænangen i vest og Sørøysundet / Stjernsundet i aust. Den som kjem austfrå, vil sjølvsagt legge merke til at også nordspissen på Silda (Sild-mylingen, dvs. -myling ‘liten mule’) stikk langt nok ut, men av alle oddane som kjem på rekke og rad, rekna austfrå, er Loppa det siste utstikket. Det synest ha mykje for seg å tenke på ns loahppa «slutt, ende».
Láhppi heiter øya på samisk. Namnet er ikkje blitt tolka, så vidt kjent, men for samisktalande er det naturleg nok å tenke på ns láhpi «bred, flat avslutning av en gjenstand, når den danner en vinkel med den øvrige (lengre) del av gjenstanden; juolgeláhpi fotblad» er naturlege. Det er vel same ordet som ls sláppe «bred, platt ända (avslutning på ett föremål», blad (på föremål)», nærslekta med slab’ba «stor, platt horngren»? (Korhonen begge), Merk her også ls slabba (-bb-) «brett, platt föremål» (Spiik). Det synest gje meining med tanke på sørenden av øya.
I avsnittet framfor er skissert ei sjølvstendig forklaring på namnet Loppa, men det er også slik at ved innlån i tidleg norrøn tid av det samiske namnet Láhpi vil á naturleg gå over til å på norsk tunge samstundes som øynamnet med tida fekk ny ending -a, også av di det er øynamn.

Láhppi alias Loppa.
Dønna kommune har namn av øya Dønna |’dönna|, dativ: på |dȫn˜n|. Norske Gaardnavne seier: «Dette maa hænge sammen med dynja, at dønne, og hentyde til Havets Dønning mod Kysten. Jfr. Dynrǫst, det gamle Navn paa Havstrækningen mellem Orknøerne og Hjaltland» (b.16:109).
Tilnærminga liknar litt på den Sophus Bugge brukte på Ǫmð som historisk namn på Andøya: «den (af Hav og Storm) voldsomt skubbede og forulempede Ø». Vel har havet gitt Andlandet rikeleg juling, og truleg er det dønnning og dunder nok i visse område utanfor Dønna – eller omvendt om så skal vere! – men stiller øyane eigentleg i særklasse i så måte? Svaret må sjølvsagt bli nei, så det er god grunn til skepsis.
Dønna har framskoten posisjon samanlikna med andre «nemneverdige» øyar. Ho ligg nordvest for Alsta og sørvest for Tomma, Hugla og Handnesøya, så sørsam. dyvvene, duvvene adv. i ei av tydingane «utmed kysten», «uti fjorden», «langt ute» el. «utpå», «langt frå land» (Hasselbrink og Bergsland, frå Vilhelmina, Vefsn og Hattfjelldal) kan ha meir for seg.
Det er sannsynleg nok at dyvvene, duvvene (nytta som predikatnomen) vil gjennomgå samandraging til dyvne, dyvn, dyyn /duvne, duvn, duun; jamfør at det (formrike) sørsamiske sovvene «lon, elveutviding», suovana òg finst registrert i former som suvne, soon, sūan, sūna (Qv. 761). Her gir det Dun, Dyn, dei to eldste formene av øynamnet (frå Snorra-Edda). Desse kjem att i Dwnis DN VIII 437, 1490 (i avskrift frå 1516) og Dynes NRJ III 172, dvs. i det sekundære namnet Dønnes. Men dei eldste formene av Dønnes-namnet er Dynjarnes Fornm. s. IX 427, og Dyniunes DN. II 230, 1346: Her er øynamnet oppfatta som Dyn – og dessutan Dynja?

Alternativ tolking blir då at Dønna er «(ho som ligg) langt ute». Teorien kan vi prøve på andre namn: Klart framskoten posisjon har Dønholman på Helgbostadøya i Hitra. Dønnes i Fosen er eit framskote nes i store myrar som venteleg havbotn har vore, her liknar Dønnvoll i Vestvågøy. Eit uttaleredusert *Dønnes passar òg godt for Dønshågen på Finnøya i Hamarøy. Usikkert er kor langt nord langs kysten vi vågar tenke oss at den i dag sørsamiske forma dyvvene, duvvene er påviseleg: Dønnesfjorden på Sørøya (Sállan) i Finnmark har nøgda utstikkande oddar, men det er uklart korleis det i dag ukjente *Dønnes som inngår i namnet Dønnesfjorden er å forstå. Det forvirrar at duvvene kan tyde «fjordbotn» òg (Nilsson-Mankok), men det er helst relativt å tolke og går på ståstaden til den som brukar ordet: For folk som bur inne i landet og især på svensk side er det naturleg å orientere seg i høve til fjordbotnane.
Uvisst er evt. samband mellom duvvene og gardsnamna Duna i Vemundvik i Namsos, Dun på Jøa i Fosnes og Dun i Grong (af Doon AB 87). Duna ligg just i ein fjordbotn, Dun på Jøa ligg i botnen av ei lang myr som ligg lågt og må ha vore ein fjord, og Dun i Grong ligg frammed inste del av Namsen sin hovuddel (dvs. der Namsen tar opp Sanddøla). Uttalen av desse tre gardsnamna har lang o (ō), ulikt Dønna o.fl. namn.
Under omtalen av «Gammelt Bygdenavn» fører O. Rygh opp ei tenkt opphavsform *Søfn for Sømna. Det sekundære gardsnamnet Sømnes lyder Sem– i 1600-åra (NO 16: 31). O. Rygh refererer skriveformene «a Sømpnenne AB 89. Jf af Sømpnhofde, af Sæmnese, Swæmfnese smst. 89.90. Sempnes, Semphoffuit OE. 13. Søndersem, Nordsem, Norsem 1567. Sørssøm 1661. Kaldes nu Sømna el. Sør-Sømn og Nord-Sømn, det første betegnende Vik, det andet Brønnø Sogn, dog vel kun Kyststrøgene af dem».
Rygh refererer også Sophus Bugge, som i Norsk historisk Tidsskrift I: 98) har «fremsat den Formodning, at Søfn er opstaaet af *Svefn og dette igjen af «Sveifn, som kunde være afledet af *sveifa, jfr. Folkespr. sveiva, svinge, dreie og oldn. svífa, der bruges om et Skibs Svingning. *Sveifn kunde da betyde «et sted, hvor man lader (Fartøiet) vende». Strøget kunde være kaldet saa paa Grund af sine mange Bugter og Fjorde. Forsaa-vidt passer Navnet mest paa Sørsømn, og Gaardnavnet Sømnes kunde ogsaa tale for, at det oprindelig kun har tilhørt dette».
Ved Sømnes er det er naturleg å legge om kursen, enten du vil skal Sørbotnet eller Nordstraumen. Slik skriv ein som ytra seg om bygdenamnet: «Det er truleg at namnet har noko med svinge, dreie å gjera, for her har kysten mange bukter og fjordarmar – landet er mykje innskori av havet. Dei fleste svingane har vi på Sør-Sømna, og derfor skulle namnet høve best her som heradsnamn. Ein kan tenkja seg at ein ror eller fylgjer strandlina på annan måte frå Brønnøy og sørover til Bindals-fjorden. Då får ein ein lang tur, for her er mange ‘sveivingar’ å gjera langt inn, og så ut til havet, og så innover att» (Kåre Bjørklund, Håløygminne 6: 380 flg.)

Problemet er jo berre at dette hypotetiske namnet *Sveifn > *Svefn, laga til svífa “svinge, dreie” får ei så generell tyding at det kunne passe på altfor mange stader ved leia med talrike nes, det er ikkje udistabelt særmerkt for Sømna. Fokuserer vi mindre på Sømnes og meir på sjølve halvøya frå Sømnes til Sømnhauv (Sømnhovd) og Vik, ser ein snart at Sømna ikkje har så gode vilkår for segling og navigering: Strekninga er tvert imot ekstremt utgrunn, og det er langt meir karakteristisk for det noverande Sømna (Vik) enn for dei nærliggande bygdene.
No har landhevinga i Sømna vore stor. For mellom 4000 og 5000 år sidan stod havet 20 m høgare enn no, så ovstore delar av det grøderike Sømna-landskapet var endå havbotn. Sømna var på den tid rett nok ei øy, og det som no er Slyndemyran var eit sund mellom Sørbotnen og Vik. Men sjølv om grensa mellom hav og land blir endra på den måten, var farvatnet utanfor den aktuelle strandlina svært utgrunt også då. Samstundes forstår ein, med utgangspunkt i Nord- og Sørstraumen pr i dag, at der må ha vore ei mengd straumsund og smotthol.
Vi tar ein pause i resonnementrekka og sjå på eit anna stadnamn: Lengst søraust i Nordland, i Hattfjelldal på grensa mot Sverige og Nord-Trøndelag, ligg Saaksen-tjahke, Saksin-fjellet og det langsmale Saaksen-jaevrie, Saksin-vatnet. Herifrå renn Saaksenjohke alias Saxån gjennom Saaksendurrie over riksgrensa og blir til den store Saaksen-jeanoe, som skaper «Saxåns breda dalgång» og fell i innsjøen Gålto (Kultsjön). Men ein ser òg elva kalla Suöne og dalføret Suöne–mahke, derfor også halvsvensk elvenamn «Suvnemak-ån».
Det same elvenamnet Suöne er òg nemnt i Collinders «Ordbok til Sveriges lapska ortnamn», tilvisingsform suvne og hovudoppslag suou’ne. Collinder er berre inne på suou’ná «lätt rök eller annat som vädras» – sml sørsam. suavna «røyklukt (fra telt, kåte, stue); ølrøyk» – med spørsmålsteikn hengt på litteraturtilvisingar i den samanheng.
I samband med ei elv som denne byr det seg ei anna forklaring som går betre saman med suönue |suone|, |suvne|: Det er sørsamisk swövnie «delta, flodavlagring» (synonymt med sorrke); suenne alias swövnie kan òg tyde «sel, delta» (jf Qv 761 og Aasen, sel adj.) eller «lugnvatten». Merk dessutan swevnie som synonym til veälma «spakvatten» (Nilsson-Mankok). Vi merker oss at forma swevnie har ortografi som er parallell til hwövnie «spindel, insekt» (Nilsson-Mankok) kontra normert ss hievnie «edderkopp», og normert sovvene = såvvoen: «hå, lon, stilleflytende utvidelse av elv» svar til swövnie, swevnie, suenne. – Kva då med straumar i Sømna?
Formene Nilsson-Mankok nyttar kan ein oppfatte som samandragingar av sovvene (suovane, suwwënë, suwwonë, suwwanȧ, sawwënë) om stiltflytande vassfar av ymse slag, altså nettopp «spakvatten», «sel» og i sak med kort avstand til «delta». Det først omtalte swövnie, swevnie alias suönue gir meining ikkje berre i samband med Saaksen-jeanoe og «Saxåns breda dalgång», men også når det gjeld det utgrunne Sømna, og stort nærmare dei hypotetiske nordiske formene *Søfn og *Svefn og *Sveifn er det visst uråd å komme.
Aasen har under oppslaget svevn (e’), m. «Søvn, slummer, Dvale. Rbg. Tel. Hall. Ogsaa Svebn (og nogle St. Svebden), Hall. Vald.; Svemn, Shl. og fl., Svømn, Nhl., og mest alm. Sømn (ø’)». Det siste høver godt i nord, både på Senja (Iversen: 70) og i Brønnøy (Olsen: 33, 50). Forma somn m er nok yngre. Gno. hrafn og hǫfn osv. finst skrive med mn alt kring 1300 (DN III: 56, i flg. Iversen 1912: 70), så ein uttale –mn– fanst alt då. I Sømna-målet var nok overgangen fn > mn eit faktum alt på 1400-talet.
Sørsam. swövn-, swevn- tolka *Svøvn-, *Svevn- skulle ein vente gav Sømn-, Semn- (sml forma Sæmnese), meir uventa er a Sømpnenne, Sømpnhofde/Semphoffuit, Sempnes/Swæmfnese. Dukka ein overgangslyd p opp i –mn-, og dereretter nordnorsk overgang pn > fn i Swæmfnese (Christiansen: 164)? Jf skrivemåten i Hambrøn for Hamarøy, også det frå Aslak Bolts jordbok.

Frå 1940 er offisielt kommunenamn Sømna, men tradisjonelt skil folk mellom Nordsømne (Brønnøy) og Sørsømne (Vik). Innbyggarnamna er på same vis nord- og sørsømværing ved sida av brønnøyfjerding/-væring og vikværing (Olsen: 3). Gamle sørsømværingar seier visst vel så ofte rett og slett Nordsem og Sørsem.
Namn som liknar Sømna er det få av. Strandstrekninga Sømnet i Nesset kommune er eit usikkert tilfelle. På gnr. 61 Kila i Rødøy har dei Sømnhåjen: Denne er lågast i sitt område. Det er flatland på begge sider, på eine sida myr, og god bonitet på flatene. Det er vanskeleg å vurdere ei slik lokal namnelaging, om det er tale om samanlikning, oppkalling eller går på ei eller anna tilfeldig hending. M.a. kan Sømn- beintfram stå for søvn, svevn, uvanleg i norske stadnamn, men ikkje i samisk: Evenes har Nagirdievvá «søvnhaugen, blundhaugen», og det er gjetta på at ein gjetar kan ha sovna av på staden, venteleg med konsekvensar. Finnmark har fleire namn av same slag, knytte til fjell og vassdrag, utan at at vi kjenner bakgrunnen i kvart tilfelle (Qvigstad 1938: register).
LITTERATUR:
Bergsland, K. og Magga, Lajla Mattsson. 1993: Åarjelsaemien-daaroen baakoegærja/Sydsamisk-norsk ordbok. Oslo/Kautokeino.
Christiansen, H. 1933: Gimsøy-målet. Fonologi og orddannelse. Oslo.
Collinder, B. 1964: Ordbok til Sveriges lapska ortnamn. Uppsala.
Hasselbrink, G. 1981- : Südlappisches Wörterbuch. Uppsala.
Iversen, R. 1913: Senjen-maalet. Lydverket i hoveddrag.
Kristiania. Iversen, R. 1961: Norrøn grammatikk. Sjette rev. utg. Oslo.
Nilsson-Mankok, E. 1976: Svensk – Sydsamisk ordlista Vilhelmina – Vefsen. Vilhelmina.
Olssen, O. 1958: Brønnøymålet. Lydverket. Skrifter frå Norsk Målførearkiv XIII. Oslo.
Olsen, A. og Myrnes, M. 1988: Samiske stedsnavn fra Lenvikmark og Evenesmark. Evenes.
Qvigstad, J. 1938: De lappiske stedsnavn i Finnmark og Nordland fylker. Oslo.
Rygh, O. 1905: Norske Gaardnavne. Gaardnavne i Nordlands Amt. Kristiania.
Nyredigert etter Håløygminne 1996: 453.
Tjøtta og Kjøtta Tjøtta, gn. Þjótta, er eit sentralt namn i nordnorsk historie, og mange er dei som har leita etter ei overtydande tolking av namnet. Sophus Bugge tenkte seg ein samanheng med gno. þjó ‘tjukk-lår’, som i så fall kunne ha med ein høgdeprofil å gjere. På Tjøtta på Jæren meinte Th. Tjøtta å sjå ein haug forma som eit «menneskelår fra hoften til kneet» (jfr Norsk Stadnamnleksikon).
Andre har prøvd å tolke namnet på grunnlag av steinbunden jord, jfr. islandsk þjótta «hardbakke». Det skal visstnok høve for garden i Klepp. No kan vi i utgangspunkt ikkje ta det for gitt at namnet på Jæren har same bakgrunn som dei nordnorske øynamna. Iallfall må vi pga landbruket gå ut frå at endringane i landskapet er større kring garden i Klepp enn på dei nordnorske øyane.

Þjótta om hard og steinut mark er klart meiningslaust i samband med dei grøderike havavleiringane på premiegarden på Helgeland. Ei herming knytt til dette helgelandske Gosen lyder: «Da kann kje alle bu på Tjøtt’n, da må nokker va mæ Kulstadsyæ og».
Når det gjeld Kjøtta i Trondenes kunne vi derimot i første omgang tollke inn som ein motsetnad i at øya heiter så, for Åkerøya ligg like nordafor. Kjøtta er likevel ikkje så dårleg stelt med omsyn til jordveg, etter omtalen i bygdebøker o.l. å dømme: Flyfoto viser eit veldyrka strandbelte i nord, ut over dette har begge dei to siste øyane nokså steinut terreng og lite lågland av det slag Tjøtta-garden i Alstahaug er så rik på.

No nemner. Rygh i «Norske Gaardnavne» at Tjøtta òg er namn på ein grunne ved Horsvær i Brønnøy, sjå Norgeskart utom Gammholmen vest for Horsvær i Sømna. Namnet finst, men er visst ikkje allment kjent, og kva det viser til er uvisst. Er tilroren «grøderik» som premiegarden Tjøtta? I alle tilfelle finst det midt i denne grunnen eit sirkelforma søkk med ei slags renne inn frå nord.
Ei namnetyding bygd på gno. þjó «tjukklår» eller nyislansk þjótta «hardbakke» («harðvelli, þurt mosa- og sinuland»), gir inga aha-oppleving, på nokon av stadene. Vel har både Tjøtta og Kjøtta spreidde humpar og haugar, men Tjøtta har òg nøgda av myrar. Det kan dessutan vere vågalt å drage inn det nyislandske ordet þjótta: Den nordnorske ordfugen begge stader talar imot: Ikkje Kjøtte-, men Kjøttakalven, -skaget og -tuva. På Helgeland er hovudregelen avkorting: Tjøttmyran, Tjøttvågen, Tjøttfjorden, tjøttfjerding, men kan hende Tjøtta-gården og Tjøtta-Ramnåsen.
Dei i Troms bur på |»ᶄøtta| – dei på Helgeland på |»ᶄøtt˜n|, i nominativ |»ᶄøtto|. Framlyd skriven med Kj- i nord og Tj- i sør kjem knapt av uttale-skilnad, det går på større historisk pietet i det siste tilfellet. Sjå like vel neste illustrasjon:

Kva er elles felles for desse to øyane? I all hovudsak er vågen mellom Tjøtta og Offersøya lik den innelukte Vågen mellom Kjøtta og Kjøttakalven, jf. også namnet Hamnåsan i siste tilfellet. På begge stadene går det inn tronge opningar – eller for å snu på uttrykksmåten, der er minst to utvegar frå hamna. Her høver Karl-Dag Vorrens utsegn om kjende håløygske høvdingesentra Bjarkøy, Steigen, Tjøtta og Torget: «Dessuten ligger de ofte utpreget militærtaktisk til. Dette siste momentet understrekes gjerne av konsentrasjoner av kystartillerianlegg fra «Festung Norwegen» under 2. verdenskrig. Fra høvdingegårdene. og de tilhørende tunanleggene har man gjerne direkte oppsyn med viktige seilingsleier og steder der slike leier snevres inn eller krysser hverandre» («Høfdingjahusar» 1988, s. 12).
Uttalen av begge øynamna har tonem 2, og namnetolking bygd på norsk er å vente, men er problematisk med utgangspunkt i kjent norrønt ordtilfang på þj-, noko vi alt har sett1. Det blir då vanskeleg å ignorere eit samisk ord som i J. Friis’ ordbok lyder čodda (Konrad Nielsen: čoddâ), i normert nordsam. čotta «hals, strupe». Lulesam. čåddå (Korhonen), normert tjåttå tyder både «matstrupe», «svalg, hals», også innvendig opning eller smotthol på sekk, skjorte m.m. (Grundström), medan sørsam. tjodte vil seie «kjeft på rovdyr». At det gir framifrå meining for begge hamnene kan vi raskt å slå fast. Tolka slik minner øynamna også om Svelgen som namn på ei litt innelukt rund bukt i Bremanger.

Inga samisk etymologisk ordbok yter hjelp med ordet, som merkeleg nok ikkje synest å vere representert i samiske stadnamn elles. På norsk side har vi derimot fullt av dunkle stadnamn på Kjøtt-, som neppe har einsarta opphav, men eitt av dei norske namna bør nemnast: Det er Tjotta, ei li i Kvinnherad. Ho ligg tett inntil eit djupt og trongt skard, ein retteleg strupe.
Nyredigert etter Håløygminne 1989, h. 1.
Fotnotar: