Norsk Stadnamnleksikon gir flg. orientering om Syvde i Møre og Romsdal i artikkel signert Oddvar Nes: «Syvde [»syvdiᶇ] i gen. [syss-], sokn, po. og tlf. i Vanylven kom. – Prep i, innbyggarnamn syvding. «j sybde» (dat.eint.) ca. 1430. – norr. *Syfðir m, opphavleg fjordnamn med tydinga ‘den krokute, bøygde’ (etymologisk samband med svive vb og sveiv f). … Til S. er laga Syvdsfjorden [syss’fjå:riᶇ]».

Vel har fjorden ein markert bøyg, men det er ikkje tale om noko som rører på seg eller skiftar form. Hypotesen om fjordnamnet *Syfðir nærslekta med svífa v og sveiv f overtyder ikkje utan vidare.
Oluf Rygh nemner i Norske Gaardnavne frå Rovde sokn gnr. 103. Søvdsnes. Udt. s,y´ssnes. – Seuffdesneß 1603. Søffdenes 1606. Søuffdesneß 1617. Søffdenes 1666. Søfsnes 1723. *Sybðisnes sms. med Gen. af Fjordnavnet Sybðir. Se ovf. under Sognenavnet Søvde. Gaarden ligger paa et fremstikkende Nes paa Østsiden af Søvdefjordens Munding».
Det er som kjent så at fjordar tidt har namn enten av ein lokalitet i botnen av fjorden, eller òg ein lokalitet i eller attmed fjordopningen. Neset på austsida av fjordkjeften stikk seg såpass ut, i dobbel mening, at det nok kan vere den primære namneberaren, men i uendra form vart det også namn på sjølve fjorden og garden i botnen? At det seinare kom til presiserande namn på –fjorden, –neset er ei anna sak.

Syvdsneset har særmerkt form. Norgeskart.
Sørsamisk siejbie tyder både «Schwanz, Schweif (jedes Tieres, auch der Vögel und Fische) ‘allg. ‘Schwanzbein», dvs hale, rove, stjert, svans, vél osv, og allment halebein både hos dyr, fugl og fisk (G. Hasselbrink III: 1128f). – Andre skrivemåtar er siejpie og tilmed siipe (OSLO 191).
Særskild interesse i samanhengen har forma i akkusativ og illativ flt., seejb’ide (utt sī’pite), brålik skriveforma ‘j sybde‘ (mlno dat. sg) ca 1430. Jf her ‘a Biridi‘ 1340 for Biri i Oppland og Tessede for innsjøen Tesse – og dertil neste illustrasjon.

På forsommaren 2021 var eit ordskifte kring vegskiltet «Pundsvika» i Ballangen. Det kan vere på sin plass å sjå nærmare på korleis det har seg med dette gardsnamnet. Skal det vere Pundsvika, Punsvik eller Ponsvikja?
Pundsvik sagt |’pånnsvīka| er i flg. «Norske Gaardnavne» (trykt 1905) gnr. 66 i det gamle Evenes hd. Har òg notert |’pånnsvīᶄa|, endå eit hakk meir alderdommeleg. At folk før i tida hadde denne uttalen, er vitnefast.
Punsvika har feit jord, kornet fraus ikkje, så der var reine Kanaans land. På vestsida av garden er jorda skrinnare, der veks det fora. – Ein kunne derfor pga. dagens uttale |’puᶇᶇsvīka| tenke at gardsnamnet må gå på ei jordvegverdi pund, og at skrivemåte Pundsvik i «Norske Gaardnavne» er korrekt. Slik forståing er opplagt den rette for Pundsleiga i Gildeskål og i Skjerstad, der sagt |’puᶇᶇslǣg| (gno. pundsleiga), for Ponsteigneset i Voss o.fl., men ho skurrar sterkt i sms. med –vika, for her flyttar ein fokus bort frå innmarka (teigane), og det var i alle tilfelle heile garden som heitte Ponsvika/Punsvika. Skyldsetjing av jord var uløyseleg knytt til norsk jordbrukskultur og samfunnsorden, så det mindre interesse at den samisk låneforma av pund var pudd(e), budde (Lehnw. 119).
Det var som sagt god jord i Ponsvika/Punsvika, så ein kunne også komme i tankar om sam. boantas, pontas «velståande, velhalden, rik» (Lehnw. 112), i pitesamisk punntes. Det heng alt i hop med ponnte, punnte, boannde, buonda, båanta «bonde». Å tenke på den måten blir likevel for langhenta, for i fall den gode kornjorda var hovudpoenget, ville eit namn på Åker– vere naturlegast, men det var jo vika som gav garden namn.

Bergnabbane i Punsvika. Statkart.
Vi må sjå etter kva som kan vere spesielt ved denne: Midt i vika ligg ein utstikkande bergnabb, og langs heile søre landet bortetter er det fleire slike. I Polmak var bunci brukt som stadnamn-term «liten bergnabb» (Qv 110), men eigentleg var det tale om spuns lik «tapp, tropp, propp», også «nagle». Bortfallet av s- kan vi kalle regelrett, men i eigentleg meining spuns = propp heldt ordet s- ved lag i sjøsamebygdene heile vegen frå Hammarfest til Vesterålen (Lehnwörter 119), og det er då heller ikkje opphavleg samisk, like lite som det er norsk: Det lydde spons i sein gno.-isl. og skal komme frå italiensk spunto «stikk» (Falk 700). I sørleg sørsamisk var forma sponse (uttalt med trong o), lenger nord buntse med bortfall av s- (Lexicon Lapponicum).
I samisk er det ikkje så nøye med b og p i framlyd, slik som det er i norsk: «Unnskyld brest, der e prest i koppen», herma dei etter jenta som kom med kaffi til presten. Men om ein så ser bort frå framlydsskilnaden b-p, blir der framleis klar avstand mellom ein seiemåte bonts– (dvs. = bunci «bergnabb») og påns– i den tradisjonelle uttalen av gardsnamnet. Eller – kanskje ikkje så stor likevel, for Ofot-samisk uttale av bonster = (senge)bolster var «bånster», jamfør også «gånnsta» (Hamarøy) = kunst = gno. konstr (Lehnw. 114, 174). Tolka slik, med fokus på bergnabbane langs stranda, er Ponsvika/ Punsvika tydelegvis eit namn det er naturleg å samanlikne med Tappstad i Skjerstad.

Tappstad med sin tappforma odde. Statkart.
I daglegtalen fekk gno. spons med tida meir moderne form spuᶇs med palatal n, men i gardsnamnet sitt tilfelle puᶇs med samisk bortfall av framlyd s-, som nok rettare sagt skjedde i den eldre forma, dvs. spons > pons.Gamle skrivemåtar er Ponsuigenn 1567 og Ponnsuigen 1610 og 1614, men Pundtzvigh og Pundsuigh 1647, Pundtzuigh 1661.
Når forma Ponsvika framleis lever i folkeminnet, må uttalevariantane ha levd side om side i lang tid, men det er dei eldste skriveformene som vitnar om bunden form –vika. Tendensen til å skjule denne viser seg her som elles noko seinare på 1600-talet.
Forklaringa er likevel meir samansett: Vi kansom døme tenke oss at det i Punsvika var ein mann som i daglegtalen heitte Ol’Olsa og som i skrift gjekk for Ole Olsen, men like gjerne Ole Punsvik dersom Ballangen hadde fleire Ole Olsen. – Bygdefolket òg kunne seie «han Ol’Punsvik», men alternativet «han Ola i Punsvika» var utenkeleg i skrift. Derimot kunne «han Ol’Punsvik» lik skrivarens Ole Punsvik utan noko motstand festne og bli slektsnamn.
Det var levde på folketunga ein lite ordspel som dukka opp innimellom og som viste at folk reflekterte over skilnaden på gammel og ny uttale av gardsnamnet: Dei hadde klårt for seg kva for namneform som hadde høgast prestisje, det viser dei fire små orda «han Punsvik i Pånsvika». Eit lite stykke fortetta namnehistorikk!
Ikkje alle har fått med seg den fine nyansen, så dei meiner at dersom dei har Punsvik som slektsnamn, har dei papir på at Punsvik er rett form av gardsnamnet. Misforstått, ja, men ikkje fullt så komisk som når enkelte rundt om i vårt vidstrekte land insisterer på at når dei sjølve skriv seg Wik, Wiig eller Wiigh, må ingen komme og fortelje dei at det er rett å skrive Vika på kart og vegskilt. – I andre tilfelle står det om c, q og z.
Overskrifta inneheld eit spørsmål, og svaret må bli: Pons- er godt nok, historisk, men er foraldra. Det er ingen ting i vegen med Punsvik som slektsnamn, men rett namn på garden er Punsvika. Skrivemåten Pundsvika er dårlegare underbygd, men alle som vil må gjerne bruke det som etternamn, evt. Pundsvik – eller Pundtzwigh for den del!
Ankenes og Vågan har kvar sin matrikkelgard Pundssletta. Også der kan det vere tvil om korleis namnet er å forstå, men iallfall i Vågan sitt tilfelle er like rimeleg å skrive Punssletta, jf. svensk puns «(vass)pytt» og dansk punse, pundse «sumpmark». Dette høver i alle fall bra for Ponsen som gardsnamn i Lindesnes, og for Ponseknuten ein annan stad i same kommune der sør.

Punshovudet i Askvoll. Statkart.
Forsommaren 2021 var barns leik med rumpetroll eit tema i media. Det må i den samanhengen kallast overraskande at svensk punshuvud tyder just «rumpetroll» og at det i Askvoll finst eit tydeleg rumpetroll-forma skjer som heiter Punshovudet.
Litteratur:
Oluf Rygh, «Norske Gaardnavne» b. 16.
Just Qvigstad, «Nordische Lehnwörter in Lappischen» og «De lappiske appellative stedsnavn».
Alf Torp, «Nynorsk etymologisk ordbok».

Kylpesnes er gnr 57 i Buksnes, Hól s, i Vestvågøy. Til dagleg Neset. Skrive Kyluisnese i AB, Kiilpisnes 1567, Kølpesnes 1647, 1667 og Kylpesnæs 1723. Neset er breitt og har særmerkt form, med ein berg-holme på kvar side og ei vik i midten, så pga forma er det truleg tale om *kylpe n = kylp m, norr. kilpr ‘hank’ (på trebøtte o.l.), endå den eldste skriveforma Kyluisnes (les Kylvis-) stikk seg ut og snarare peikar mot norr. kylfi n = kylfa f ‘klubbe, kølle; lurk’, som kanskje kan vere ei endå meir treffande samanlikning.
Forsommaren 2021 var det ordskifte om vegskiltet «Pundsvika» i Ballangen. Det kan vere på sin plass å sjå nærmare på korleis det har seg med dette gardsnamnet:
Pundsvik sagt |’pånnsvīka| er i flg. NG b. 16 gnr. 66 i det gamle Evenes hd. Har òg notert |’pånnsvīᶄa| endå eit hakk meir alderdommeleg. At folk før i tida hadde denne uttalen, er vitnefast.
Punsvika har feit jord, kornet fraus ikkje, så der var Kanaans land. På vestsida av garden er jorda skrinnare, der veks det fora. – Ein kunne pga. dagens uttale |’puᶇᶇsvīka| tenke at gardsnamnet går på ei verdsetjing pund, såleis at skrivemåten Pundsvik i «Norske Gaardnavne» er korrekt. Ei slik forståing er opplagt den rettaste for Pundsleiga i Gildeskål og i Skjerstad, der sagt |’puᶇᶇslǣg| (gno. pundsleiga), jf Ponsteigneset i Voss o.fl., men ho skurrar i sms. med –vika, for her flyttar ein fokus bort frå innmarkteigane, dessutan var det heile garden som heitte Ponsvika/Punsvika. Skyldsetjing av jord var uløyseleg knytt til norsk jordbruk og samfunnsorden, så det har mindre interesse at samisk låneform av pund var pudd(e), budde (Lehnw. 119).
Det var som sagt god jord i Ponsvika/Punsvika, så ein kunne komme i tankar om sam. boantas, pontas «velståande, velhalden, rik» (Lehnw. 112), pitesam. punntes. Det heng i hop med ponnte, punnte, boannde, buonda, båanta, dvs ‘bonde’. Å tenke på den måten blir likevel for langhenta, for i fall den gode kornjorda var hovudpoenget, skulle eit namn på Åker– vere naturleg, men garden har som vi ser fått namn av vika.

Vi må sjå etter kva som kan vere spesielt ved ho: Midt i vika ligg ein utstikkande bergnabb, og langs heile det søre landet bortetter er det fleire slike. I Polmak ville bunci brukt som stadnamnterm seie «liten bergnabb» (Qv 110), men eigentleg var det tale om spuns lik «tapp, tropp, propp», også «nagle».
Bortfallet av s- kan vi kalle regelrett, men brukt i eigentleg meining spuns = propp heldt ordet ved lag s– i sjøsamebygdene på heile strekninga frå Hammarfest til Vesterålen (Lehnwörter 119). Det er då heller ikkje opphavleg samisk, likså lite som norsk: Ordet lydde spons i sein gno.-isl. og skal komme frå det italienske spunto «stikk» (Falk 700). I sørleg sørsamisk var forma sponse (uttalt med trong o), lenger nord buntse med bortfall av s- (Lexicon Lapponicum).
I samisk er det ikkje så nøye med b og p i framlyd, slik som det er i norsk: «Unnskyld brest, der e prest i koppen», herma dei etter veikja som kom med kaffi til presten. Men ser ein bort frå framlyds-skilnaden b-p, blir der framleis klar avstand mellom bonts– (= bunci «bergnabb») og påns– i den tradisjonelle uttalen av gardsnamnet. – Eller kanskje ikkje så stor likevel, for Ofot-samisk uttale av bonster = (senge)bolster var «bånster», jamfør også «gånnsta» (Hamarøy) = kunst = gno. konstr (Lehnw. 114, 174). Altså, med fokus på bergnabbane ved stranda er Ponsvika, Punsvika tydelegvis eit namn det er naturleg å sml med Tappstad i Skjerstad.

Gno. spons fekk med tida litt meir moderne form spuns med palatal n, men i gardsnamnet hadde bortfall av framlyd s- alt skjedd, for namnet kom frå den gamle ordforma spons. Jf skriveform Ponsuigenn 1567 og Ponnsuigen 1610 og 1614, men Pundtzvigh og Pundsuigh 1647, Pundtzuigh 1661.
Når forma Ponsvika enno lever i folkeminnet, må uttalevariantane ha levd side om side i lang tid, men det er dei eldste skriveformene som vitnar om bunden form –vika. Den offisielle hangen til å bruke ubunden form slår ut seinare.
Forklaringa er likevel samansett: Vi tenker oss at det i Punsvika budde ein mann som i dagleg tale heitte Ol’Olsa og som skrivaren kalla Ole Olsen, men like snart Ole Punsvik. Bygdefolk kunne likeins seie «han Ol’Punsvik», men derimot alltid «han Ola i Punsvika». Den første seiemåten kunne lett feste seg og bli til slektsnamn. Ikkje så med den siste, som var utenkeleg i skrift.
Mange er blinde for denne nyansen og meiner at når dei har Punsvik som slektsnamn, har dei også prova at Punsvik er rett form av gardsnamnet. Det er misforstått – men ikkje fullt så komisk som når enkelte rundt om i vårt vidstrekte land insisterer på at når dei sjølve skriv seg Wik, Wiig eller Wiigh, så skal dette ha tilbakeverkande kraft og brukast også om garden Vika som forfedrane kom ifrå.
Overskrifta inneheld eit spørsmål, og svaret må bli: Pons- er godt nok, historisk, men er foraldra. Er ingen ting i vegen med Punsvik som slektsnamn, men rett namn på garden er Punsvika.
Skrivemåten Pundsvika er mindre underbygd, men dei som vil må gjerne ta det som etternamn, evt. Pundsvik – eller Pundtzvigh for den del!

Punshovudet i Askvoll. Norgeskart.
Både Ankenes s. og Vågan har ein matrikkelgard Pundssletta. Der òg rår tvil om kva namnet tyder, men iallfall i Vågan sitt tilfelle er det like rimeleg å skrive Punssletta, sml. svensk puns «(vass)pytt» og dansk pun(d)se ‘sumpmark’. Det høver bra for Ponsen som gardsnamn i Lindesnes og for Ponseknuten ein annan stad i same kommune.
Forsommaren 2021 var barns leik med rumpetroll oppe i media. Det må i den samanheng kallast uventa at svensk punshuvud tyder «rumpetroll», for sør i Askvoll har dei eit tydeleg rumpetroll-forma skjer som heiter Punshovudet.
Litteratur:
Oluf Rygh, «Norske Gaardnavne» b. 16.
Just Qvigstad, «Nordische Lehnwörter in Lappischen».
Mange stadnamn (områdenamn, bynamn mm) som vi i dag oppfattar som alderdommelige og vél innarbeidde, er i mange tilfelle er mykje yngre enn vi trur: Gardsnamn (bruksnamn) av typen Fredheim, Solheim og Solvang kunne ein nok kalle nasjonalromantiske. Dei gjer alltids gagna der dei har kome i bruk, men seier lite om staden dei er knytt til. Det er og tilfelle med villanamn o.l. med tydeleg utanlandsk ‘valør’, som Sorgenfri og Frydenlund. Også andre detaljar kan ‘avsløre’ den verkelege alderen, t.d. kan Tromsøflaket sjølvsagt ikkje vere eldre enn bynamnet Tromsø sjølv. Ikkje nok med det, elles heiter det jo -flaget om andre sund og havområde her nord. Det overraskar vel meir at Jotunheimen er eit relativt ungt namn, fjellområdet hadde ikkje noko samlande namn frå gammalt.

Namn som Tron(d)lia, Tron(d)berget, Tron(d)-neset finst det ganske mange av samanlagt, men det er dunkelt om det er mannsnamnet Trond eller eit terrengskildrande ord ein har å gjere med i slike tilfelle, det kan vel vere både/og, men ein saknar som regel argument for at det første er vere tilfelle.
Truleg er namna rosande meint: norrønt þróask tyder å vekse og trivast, og det avleidde þróandr kan – alt etter samanheng – vere mannsnamn – eller tyde galte, evt. trønder (jf Þróndheimr som norr. namn på det grøderike landskapet Trøndelag). Mange vil minnest kva for rolle galten Sæhrímnir spela under festinga i Valhall ! Apropos galte, hugs at villsvin er djerve og uredde dyr, det forklarer òg at skaldane fann det for godt å bruke det liketydige gno. jǫfurr som omskriving for «fyrste».
Den historisk farga skrivemåten Trondarnes er ei lett modernisert form av norr. Þróndarnes eller òg Þrándarnes, som i mellomnorsk tid fekk formene l Throndanes (og Throndanesfylki).
Etter reformasjonstida var nok folkeleg uttaleform blitt Trones (jf Troneset i Hemnes og i Sortland, der gamle skriveformer ikkje ligg føre). Og slik folk før snakka om Throndanesfylki, snakka dei no også om Trones–bygda og om tronesbyggen (folket der). Slik har det vore langt fram mot vår eiga tid.
Forma Trondenes har truleg oppstått pga. dansk skriveskikk, ho fanst neppe i tradisjonell uttale – derimot som «leseuttale». Merk at prosten Falster skriv uttalerett Tronæs o.l. endå kring 1770. Ein kan i staden rekne med norsk overgang Þróndarnes– >Thron(d)anes– >Trones. Utviklingsgangen har nok vore omtrent den same for Troneset to stader i Nordland, men det er kun for Trones(et) ved Harstad vi kan seie noko sikkert ut frå gamle skriveformer.
Nyredigert etter Håløygminne 1991 s. 311
Eit særmerkt namnelement som litt oftare enn venta ser ut til å dukke opp i stadnamn er stjor |ᶊōr| om «stubb (stilk, kvist eller lita stamme) som står att etter ei avskjering», «tjukk bladlaus ende» (Norsk Ordbok), vanlegare linn form stjore m |»ᶊōre|. Tilsvarande verb å stjora: ‘stå stivt og framstikkande’. Ei slik tolking høver framifrå for Stjordalen alias Stjørdalen i Vefsn, som ligg tett opp mot ein lang og bein, svært smal åsrygg.
Kart viser ein liknande formasjon ved Stjørdalen i Melhus, ei knivskarp aksel nærmast, men her vil dei fleste straks tenke på eit anna Stjørdal, med Værnes flyplass som går tvert over den såkalla Langøra: Ho ligg heilt på tverra framfor dalmynnet og ter seg klart som ein s(t)jore i landskapet. Tolkinga går godt i hop med at gno. skriveform av bygdenamnet var Stjóradalr (No. St.)
Ein stjore av same form har Askøy k. i den strake Berlandsøya, som ligg framfor Stjorstølen; øya kan nok ha hatt anna namn opphavleg. Ved Skjørvoll på Ringerike ‘stjorar’ 4-5 smale rabbar ut i Steinsfjorden – Skjørvika i Lenvik har derimot berre ein.
I eit par tilfelle synest eit avlagt sjønamn å ovre seg i sekundære namn: Garden Sjøren i Sarpsborg og myra Sjørenlandet ligg for nordenden av det jambreie og beine Tunevannet, med klar stjore-form. Det gjeld òg for Hukusjøen i Grue-Åsnes, med Sjørbotn i nordenden.
Namn og lende fleire andre stader i landet tyder på at stjore, stjøre hadde ei sideform stjære, iallfall har vi frå Vest-Agder s(t)jare m «lang stiv pind», også om dertil «lang stiv ustøtt gaaende person», frå Hardanger og Telemark stare (Torp 718): Topografisk gir dette god meining for Stærnes i Rollag,for St(j)ernestangen og St(j)erneset i Selbu og Skjervika ved Gjervalen i Rødøy, ei «skjerlaus» vik mellom to stjoreforma oddar som no begge har sekundære namn. Skjærneset i Pasvikelva i Sør-Varanger har òg stjoreform. Som regel er jo Skjerneset eit ordinært namn, pga eit skjer like ved, eller pga variantar av landfast berg: Skjernes ved Skårnes i Tysfjord har slik form at både det og stjore kan komme på tale.
