I sin omtale av garden Trælskår – i dag skrive Trælsgård – i Liknes i Kvinesdal, skyt O. Rygh inn ein merknad som går att ved fleire andre gardsnamn på Træl-: «Ligesom Navnene Trælen, Fjord ved Tønsberg, Trefjord i Flatanger (af Thrælafyrde AB. 85), og vistnok ogsaa Trælen, en liden Sø paa Fjeldet i Lesje, maa de indeholde en Stamme Þræl-, som efter Sophus Bugge vel har betegnet ‘noget trangt’, i urnordisk Form *Þranhila-, beslægtet med oldn. þrǫngr trang».
Samtidig viser Ryghs drøfting av slike namn at han er merksam på at desse også kan vere minne om trælehald, i førkristen tid især.



Gardsnamnet Træland les ’trælland’ finst fleire stader i Sør-Noreg, og Oluf Rygh reknar med at gardane vart rudde av frigjevne trælar, men samtidig er det tale om små gardar der det er lite innmark. Det gjeld òg i høg grad desse som heiter Trældal.

Trældalen i Ankenes s. i Narvik er ei nærmast ein smal jordveg innover i fjellet. I dette tilfellet viser Rygh berre til omtalen av namneleddet Þræll– andre stader i Norske Gaardnavne, utan noka lokal vurdering.. – Også Trældalen i Froland og Osterøy har liknande form.
Træla i Larvik er ei trong bergvik, men merker seg ut pga dei tilnærma ovale bergoddane til begge sider.
Vanleg nok er også namnet Trælvika, og då ikkje berre langs kysten, men det er lite truleg er at stader som Trælvika i Bremanger og i Værøya i Bø kan ha vore buplassar med innmark. Likare stelt er Trælvika i Brønnøy, men ein stor del av jordvegen er kun ein smal strimmel. Heller ikkje Trælvika i Øyfjorden i Senja har stort til innmark.
Trælsjorda ligg ytst i Steinfjorden i Senja. Har den lite synlege flekken namn av fjellet Trælen like innafor, eller fekk fjellet tvert imot namn av rudningen til ein frigjeven træl? Likeins kan ein undrast om det finst ei historisk ’lenke’ mellom namna Presthagen vestom Bøstad i Lofoten og Trælvollsmyran i fjellet ovanfor.

Eit tolkingsalternativ for Træl-namn som Rygh viser lita interesse for er træl om hard knute eller kant i huda (callus); det heng nok i hop med ordet træl (slave) for så vidt «at årsaken er slit og slep» (Torp). Reint samanliknande er det brukt om berg- og fjellformasjonar, sml Trælen som namn på haugar i Grue og i Nord-Odal og på eit fjell i Samnanger. – Ein bergås i Eidfjord heiter Trælhaug, men så heiter òg eit par gardar med store, runde bergknutar i Bokn og Karmøy. Her kan også nemnast Trælneset i Nesna, med den kuvne Trælneshaugen innafor.
Mindre opplagt er bakgrunnen for gardsnamnet Trælnes i Brønnøy – om det er tenkt på dei runde bergknutane på innmarka nedved sjøen eller på Trælnesfjellet og Trælneshatten i bakgrunnen? Vidare kan ein bli litt usikker på om Trælevika i Askvoll har namn av bergformasjonar, eller om der fanst jordveg for ein træl noka tid?


At det i 2020 gjekk eit kvikkleire-skred ved Ask i Gjerdrum i Akershus har nok ikkje gått folk av minne. Det tør derimot vere ukjent at sjølve namnet Gjerdrum er eit slags skredvarsel.
Gjerdrum |»jæłómm| som sokn- og kyrkje-namn i Akershus er skrive Giærdarynar s. 1340, Giærdarinar 1376, Gærdrinar, Giærinar pluss Gærdirinær ca 1400, men har likevel anna grammatisk form Giærdarini 1359, Gerdrini 1341 og Gerdrene 1461 – sistpå forenkla til Gerdene 1496. Yngre er former som Giærdereim, Gierdreim / Gierdrem, før Gierdrum o.l. tar over på 1500-talet; det siste gjeld òg for Gjerdrum-gardane, som sokna fekk sitt namn av. Men før det, utetter 1400-talet, opptrer likeins gardnamna i former som a Giardarini, a Gerderinj, a Gærdrini o.l.
O. Rygh leitar, sin vane tru, etter eit elvenamn som kan vere opphavet til bygdenamnet, og aller helst *Gerð, evt. Gjermåa, men «dette lader sig dog neppe gjøre». Han gir beintfram opp å forklare Giærdarynar o.l. som i 1496 var blitt forenkla til Gerdene.
Det finst likevel ein omveg til betre forståing, nemleg det som er sagt om gnr 15 i Bykle i Setesdal, Gjerdene |»jarinne|, dat.|»jåró|, skr.Giorde 1612. Gierdenn 1601 osv. Her lyder talen svært klar: « Udtaleformerne svarer saa korrekt, som det er muligt, mod oldn. *Jarðirnar og dets Dat. *Jǫrðunum, Flt. af jǫrð f., som meget hyppig bruges i Betydningen Jordstykke, Jordeiendom. At Navnet altid har været skrevet, som om det var oldn. gerði n., Jorde, kan ikke opveie dette, thi dette Ord vilde have havt ganske andre Bøiningsformer».
Det ser såleis ut til, at visse uttaleformer av jǫrð alt på 1300-talet kan la seg forveksle med gerði. Vi vågar då å ta Giærdarynar for jarða- evt jarðar-rynar, der –rynar står for –hrynar, truleg sideform til hrynir som er regelrett flt av norr. *hrynr m, til verbet hrynja ’styrte, falle, ramle’, sml bøyingsmønsteret i norrøne hankjønsord som dryn, dyn og styn og likeins nyn ryn m ‘bulder’ (Torp). Nærslekta er også nyn. rune m ‘ras’ mm (Aasen).
Samanlikna med norrønt jarðarfall = jarðarspell ’jordspille, nedsiging av jord, skade på jord’ er *jarðarhryn meir dramatisk. Ordbøker fortel at verbet hrynja i første rekke er å finne i skaldemål, så på 1300-talet var nok ordet på veg ut av språket. Den lydlege avrundinga y > i var ganske ordinær, men gjorde det mindre lett å forstå samanhengen.
At soknenamnet opphavleg hadde fleirtalsform, botna nok i eit medvit om at det var tale om tre gardar. Derimot gir Gjerdrum-gardane (gnr 12 -13) på første del av 1400-talet seg til kjenne med delvis avvikande skrivformer a Giardarini, a Gærdrine, Gerderinj (2 ggr), af Giærdirini, Gærdrini o.l. Skriveforma Gerderinj får oss til å ane at namnet hadde ei talemålsform som ikkje var så lett å normere i skrift, jf isl hrynjandi m ’nedfall, skred’. Skriveformene på –rini kan derimot vere –(h)ryni, dativ sg av *hrynr m.
O. Rygh hadde det elles klart for seg at fleire andre gardsnamn har sitt opphav i verbet hrynja, så som Ronøy el. Røneid i Luster, med gamle steinrap opp i dagen og med eldst skrivemåte Ryney. Mykje nærmare Gjerdrum ligg likevel Rønjul |»rønnjúł| el. |»rinnjúł| gnr 59 i Vestby, skr i Ryniolum ca 1400, av O. Rygh tolka som «Rynjólar, hvori sidste Led utvivlsomt er Flt. af hóll m., rundagtig Høide … I 1ste Led maa det være rimeligst at søge det gamle Ord rynja (hrynja), hvis Betydning, ligesom endnu i Folkesproget, var: falde, styrte ned. Navnet kunde da betegne en Høide, hvorfra der var gaaet eller oftere gik Skred». Her kan vi også nemne Hrynjuhóll i Grimsey på Island.
Det finst eit særmerkt stadnamn-element Åbål, som især på Agder opptrer i sms stadnamn slike som Åbålbrotet (og -brodet), Åbålbukta, Åbålheia var. Åbol-, Åbålsknuten, Åbollia, Åbolsmyr og Åbålmyrane, Åbålsteinen, Åbåltjern og Åbålåkeren. Talrikast er likevel Åbåls- og Åpåldalen, som det iallfall finst ni av.
Det er oftast tale om små myrsøkk eller -krær med ei kjelde eller eit bekkesike i botnen, eller der bekkar passerer. I nokre tilfelle er små tjønner knytte til, men ofte nok synest minidalane å vere attgrodde, tidlegare tjønner.
Først skal likevel nemnast nokre usms gardsnamn: Åbol er eit bruk i Nord-Aurdal i Oppland, jf Åbol med Åbollia i Sandefjord (Vestfold), dertil Åbål gard i Birkenes og i Vennesla, attåt Åpål som ‘terrengdetalj’ i Åmli (sjå Norgeskart), og endeleg Åpålen, ein gard i Tinn i Telemark.

Åbol i Nord-Aurdal (skrive Ábólir i 1346) er i NG rekna for sms av á f. ‘elv’ og flt af ból n ’gard(part)’ med opplysning om at «Gaarden var i 1346 Præstegaard til Skrautvaal Kirke». Unemnt er derimot at ából vel godt kunne vere variant av norr. ábœli n ‘gard (særleg prestegard) på landet’. – Også namnet frå Sandefjord blir i NG tolka som ából, til á f ‘elv’.
Gardsnamnet går likevel att i anna form Åbål frå både Birkenes og Vennesla; er også bruksnamn i Lillesand. Skrivemåten i Birkenes går år 1593 og seinare ut på Abildt, Abbild o.l., skrive Aabel først i 1723. Formene frå Vennesla er få og seine, nemleg Abell 1668 og Abel 1723. – Gardsnamnet Åpålen i Tinn (uttale-trykket på 2. staving) blir skrive Appelen 1665 og 1723.
Når vi ser bort frå dei 2-3 namna tolka til *ából n, eit elles ukjent ord i norrønt, er gjennomgåande forklaring at namna kjem frå norr. apaldr ’villepletre’ og har fått dansk form abild o.l. i samsvar med det. Så er då også åbål og framfor alt åpål(e) ført opp som uttalevariantar av det ordet frå store delar av Agder (Ross, NO 1: 129), usagt om tolkingane i NG er ein del av dokumentasjonen?
Villapal trivst i solrik og tørr eller godt drenert jord, gjerne kystnært. For nokre av lokalitetane som første avsnitt nemner kan det hende at dette høver, men det er usannsynleg for dei mange små og djupe Åbål-dalane med vekselvis sike og åer, pyttar og myrhol. Her passar det langt betre å sjå på Åbål- som lydrett omskapt form av *ope(e)hol– , just med tanke på myrpyttar, vass-hol og -søkk som kanskje er opne heile året. Heller ikkje det ordet finst i ordbøkene, men det merkelege namnet «Oppholdstjern» i Enebakk i Østfold tyder på at det likevel er tale om meir enn ein hypotese. Dessutan er det også for gardsnamna Åbål og Åpålen framifrå terrengdekning for endra tolking *op(e)hol.
Ei særmerkt lita gruppe sørnorske gardsnamn er Lote |»lōte| i Gloppen (no Stad k.), Lote |»lōte| i Kinsarvik (Ullensvang) og Låte |»låte| i Odda (også Ullensvang no) pluss Lode |»lōde|i Nærbø (no Hå k.) i Rogaland. Lote er òg bruksnamn i Vanylven, medan Låte i Kvinnherad nærmast synest vere ei hyttetomt på ei hylle i brattare lende, kanskje gl buplass. – I tre av tilfella seier NG’ at «Navnet er efter Formen Dat. Ent. af et Hankjønsord eller Intetkjønsord, sandsynlig *Lót-, af uvis Betydning».
Dei historiske skriveformene av dei same tre gardsnamna samsvarar godt med dagens skriveform Lote. For garden i Odda finst det eldre skrivemåtar i Lota ca 1360 (el. litt før), Louttebouw 1614, Lotte 1667 og 1723. Her aner NG samband med «Folkesprogets Lot n., Bøinings-punkt i Kjølen», dvs på enden av båtkjøl, og det lyder ikkje urimeleg. Kartets namnebruk her er elles inkonsekvent, med Låte og Låtefossen, likevel Lotevatnet. Men gjennomgåande er altså grunnordet «af uvis Betydning», ser vi.

Eigentleg stemmer ikkje det, for i sørleg sørsamisk (Herjedalen) tyder låetie «kvelv, gressbevokset dalsenkning mellom høyder eller fjell» (Bergsland), el. med litt andre stavemåtar loate, lootiè (Lagercrantz), loådie (Hasselbrink) på tysk: «ein kleines Tal .. nw. Dial. kvölv’, e-e grasbewachsene Talsenke zwischen Höhen und Bergen, oberen durch einen steilen Abhang abgesperrtes Tälchen im Hochgebirge»: lite dalføre i høgfjellet, avgrensa ovantil av ein bratt skrent.
For Lode i Hå er det sant å seie ikkje tale om høgfjell just, men garden ligg no i eit søkk på nordsida av Lodetjørna, der det er relativt bratt på austsida.
Kor utbreidd dette terrengordet er i andre distrikt, veit vi ikkje sikkert. Det kan lett bli forveksla med uttalereduserte variantar av norr. látr n ‘liggestad’ (for sjødyr helst), med lót, løt og låt som uttalevariantar av lut (part, del), og uvisst er også kva samband der evt er mellom ordet og norsk laut f ‘søkk i lendet, liten dal’ (NO 7 : 216).
Åne er etter folketeljinga 1801 eit ikkje utbreidd, men heller ikkje eit uvanleg mannsnamn i Nordland og Troms. Namneberarar var visst både samar og nordmenn; av sistnemnde trong ikkje alle å vere fødde i landsdelen. Det ligg nær å oppfatte Åne som ein variant av det namnet som i dette manntalet står som Ånet og Åneth (norsk Anund, gno. Ǫnundr), heilt frå Vefsn i sør til Lebesby i nord og der samisk tilknyting som regel var klar. Uvisst er om det historisk seine Åne har å gjere med det gno. mannsnamnet Áni, men det vart iallfall rekna som meir ‘stuereint’ norsk enn Ånet(h).
Vil med overlegg skrive gardsnamnet Ånnstad for å framheve poenget kort å, men er merksam på tradisjonell skrivemåte Ånstad. No er det gale kva finger du så skjer deg i, for Ånnstad er i strid med vanlege rettskrivingsreglar: Skulle uttalen og skriveforma harmonere, er jo *onnstad skriveforma som kjem nærast, men då har vi hamna på jordet i dobbel meining, og dessutan er overleverte skriveformer av Ånnstad-namnet, i alle fall for Nordland sitt vedkommande, iblant så avvikande at det er usannsynleg at mannsnamnet Árni, eitt mindre Arni, kan vere opphavet: Ånnstad-gardane i Hadsel er – med store sprik – kalla for Aanistaid, Ondistad og Vndistad 1567, Unnestad, noch aff Unnestade 1611, Vnnestad og Aunstad 1614.
Garden i Sortland og i Ibestad har visstnok færre skriveformer å vise til, men for Ibestad sin del kan iallfall fleirtalet av former i NG tolkast i retning mannsnamnet Arni. Dei refererte formene frå Hadsel og især for Moskenes (sjå seinare), peikar like klart i retning av ein uttale med diftong au, som i desse og andre liknande tilfelle i røynda vart skriven ou, u, ov, v, ow, wo, eller også eu-, ev-, effue-, alt etter tidbolk, kjeldetype etc.
Langt sørvest i Øksnes kommune ligg Ånnfjorden, |»åᶇᶇ-l, kjend for folk som fer langs stranda på tur til og frå Bø, sjølv om langtfrå alle bryr seg om kva namn fjorden har, eitt mindre lurar på kva namn han har! Elles går fjorden i lang tid for Auenfjord, men den diftongerte skriveforma dukkar opp først på 1800-talet og er dermed langt, langt yngre enn skriveformene for Ånnstad i Hadsel og i Moskenes.
På Melchior Ramus’ kartskisser frå 1689 manglar både Ånnfjorden og småfjordane på motsett side. Der er eit sprang frå eidet Ryggefjorden – Jørnfjorden i vest og til eidet mellom «Eidsfiord» (les Bjørndalsfjorden) og Skjærfjorden i aust. Det var jo ikkje det aller enklaste stykket geografi å lage kartskisse over! Men dei to eida Melchior Ramus tok med, var alltid viktigare farvegar enn Ånnfjorden, endå den òg – i og for seg – har vore ein kjend passasje.
Ånnvika i Sømna (gnr 28 i gl. Brønnøy) har, ulikt Ånnstad-gardane, temmeleg stø skrivemåte på And- frå 1567 av, vel å merke etter NG å dømme, men kva tolking gjeld har vi her berre Rygh å vise til: «vel *Arnavík, sms. med Mandsnavnet Arni».
Som nemnt, dei avvikande skriveformene for Ånnstad i Hadsel etterlet tvil. Her skal nemnast eit uttalefenomen som før var utbreidd i Bø, nemleg diftongert uttale av kort o og ǫ, så som i odd(e), skodda, lodda (fisk), så vel som i dogg, vogga, varmlauen for varme-logen, gås-bauen for -bogen ( = fuglen spoe), Lauen for Logen (eit i dag tørrlagt vassfar), osv. Fenomenet er drøfta av Hallfrid Christiansen (hf III: 157 flg), som presiserer at slik diftongering inntreffer framfor palatal n, d og l, men også i andre stillingar (jf. B. Martinussen: 9).
Især interessant i vår samanheng er dømet bøuᶇᶇ for boᶇᶇ = born, som Christiansen hentar frå Ragnvald Iversen (Senjen-maalet: 39). Ei svale gjer ingen sommar, men i ein større samanheng er detaljen viktig jf med former som bødn frå Valdres, Hallingdal og bunn frå Setesdal (NO b. 1).
På Dønna finst eit elvenamn Gonna |’gåᶇᶇȧ|, gno. gǫrn f «tarm»: Merk at same ord i Breim i Sogn og Fjordane var uttalt gaunne (palatal n) i ein-og fleirtalsform. Ikkje mindre interessant er at fonn, gno. fǫnn f «skavl, snø» på lands-basis viser seg i dialektformer fødn og føynn og føydn, så vel som faunn og faudn. Mi oppfatning er at nettopp ein eldre uttale faunn for fonn må vere grunnen til at Fonn- i gardsnamna Fonndalen og Fonnøyra gnr 18 og 19 i Meløy er på 1600-talet og til dels seinare skrive Fun -, Funn- og Funnd-. Vel var problemet dei skrivekunnige las og skreiv av etter kvarandre, men ein eldre uttale Faunn– med au forklarer dei fordanska formene med u: skrivaren takla ikkje det udanske au.
Overgang rn> ᶇᶇ utan diftong finst i stadnamn sms med gno forn «gammal», t.d. Forngammen i Evenes og Fornhusvollen i Skjerstad,ikkje å gløyme det avspora Fornnaustan (fåᶅᶅnøustan) i Hadsel og Øksnes: Der går (palatal) ᶇᶇ + vanleg n i -naustan ikkje i hop i det heile. Det ville vere rett å normalisere desse namna til Forn- for få fram kva for ord det er tale om, jf Fornebu, fornminne o.l. Vi aner at diftongeringsfenomenet må ha ovra seg i mange ord, på mange stader og over lang tid, for så å tape seg pga. innverknader frå nyare skriveformer.
På grunn av dei nemnde diftongeringane reknar eg med at namna på Ånn- i lange tider au fanst med parallelle uttaleformer på Aunn– (Øunn-, Eunn-), på den tid òg med palatal nn. Det kan òg forklare skriveforma Auenfjord for Ånnfjorden, då diftongeringa som sagt kom i kort vokal (o og ǫ) framfor palatal.
Ein kunne tenke seg at gardsnamna (og fjord-namnet) kom av fuglenamnet ørn, det vil seie at gno. ǫrn kanskje også fanst med ein uttale *øuᶇᶇ . Men stoda er den at ørn i stadnamn så vel som i vanleg tale overalt held oppe lydsambandet rn, motsett bjørn, tjørn og fleire andre ord som har fått uttale med palatal nn og tendens til diftong.
Kva så med Ǫrn nytta som mannsnamn, som ei sideform til Arni? Her har i namnelitteraturen svar ferdig: «Disse to Mandsnavne kunne ikke adskilles i Sammensætninger; Ǫrn forekommer forøvrigt forholdsvis sjeldnere og kan i den senere Middel-alder neppe sikkert paavises i Norge» (Rygh 1901: 10). Vi får då la den floken ligge og prøve eit anna grep: Finst det ein topografisk samnemnar for lokalitetane som heiter noko på Ånn– (åᶇᶇ-)?
Slåande er at vi alle desse stadene finn markerte dalsenkningar eller passasjar ved vedkommande gard, motsett fjellgarden elles i same område. For Ånnstad i Hadsel og Sortland og Ibestad er dette tilhøvet udiskutabelt, for Ånnstad i Hadsel ligg i ei amfiliknande utviding av landskapet med relativt vid dalopning ovanfor, i kontrast til nabogarden Ongstad. Ånnstad i Sortland ligg nær det skardet som skaper overgang til Holmstaddalen frå sør, og karakteristisk for botnen av Ånnfjorden er to overgangar til fjordane på hi sida. –Ånnvika i Sømna utgjer ein naturleg vegpassasje vestover til Vik.
Kor fører så dette oss? Truleg har vi å gjere med gno. ǫnd f, då ikkje i tydinga and (fugl) eller ande (pust), men om «forstove, gang», i tyding liksom i anddyri «Forstue, Forgaard, det foran Indgangen til Huset værende Rum, = fordyri» (Fritzner).
Stadnamn på Ǫnd-går i så fall på den plassering garden har i forkant av ein dalformasjon, tenkt på som eit ope rom med inngangen der garden ligg.
Dette kan vere alderdommelege namnelagingar der meininga tidleg vart fordunkla, jf. lat. antae «freistehende tempelwände, die einen vorbau bilden» og gl.irsk átá «rahmen einer tür» (de Vries o.a.). Diftongering/palatalisering av konsonant-sambanda rn, nd heng vel nøye i hop.
Lydovergangane gjorde det vanskeleg å forstå kva som opphavleg låg i namna. Ordet har gno. eintalsform lik ǫnd f «and» (fugl) og ǫnd f «ande, pust; ånd, sjel». Systemrett skulle ein vente genitiv eintal andar, i mlno. redusert til anda– (samanfall med gno gen fleirtal), jf det geografisk tvilsamt plasserte ‘af Andastader’ i i Aslak Bolts jordbok frå Moskenes eller Hadsel. Nær Skotnes i Buksnes ligg Annstadheia, ein fjellformasjon med passasjar og skard på alle kantar, så garden kan like snart ha lege i det området.

Eit anna gardsnamn interessant i samanhengen er Åndervåg nord på Andørja (Rygh har òg ein uttale øuᶇᶇer-: At dette namnet og øy-namnet Andørja heng i hop på noko vis er opplagt, jf. NG, samtidig som det fell naturleg å tenke seg eit samband med det førnemnte gno anddyri. Nettopp det er det Rygh gjer, etter å ha drøfta fleire andre, lite tilfredsstillande tolkingar: «Jeg er derfor tilbøielig til at søge en ganske anden Forklaring af Navnet, idet jeg formoder, at Andyrja er en mindre korrekt Skrivemaade for *Anddyrja, og sætter dette i Forbindelse med anddyrr f. Flt., Forstue, det foran Indgangen til Huset værende Rum. For dem, som seilede ind fra Havet eller efter Leden nordenom Øen, kunde det være naturligt at betegne Vaagen (Aandervaag) foran den trange Strøm, som fører ind til den store Strøm-botn, som anddyrr. Og da denne Lokalitet i For-tiden vel har været den vigtigste paa Øen, er det forklarligt, at denne har faaet Navn [:Anddyrja] derefter. Siden har Vaagen og med den Gaarden igjen efter Øen faaet Navnet *Anddyrjuvágr».
Ganske uventa er det at han då vil tolke Åndervåg i Lødingen tradisjonelt, som ei sms. med ǫrn «ørn» eller også med Ǫrn nytta som mannsnamn. Den Åndervågen fungerer også som ei fordør eller passasje, vestfrå og inn til Saltvassosen.
Åndervåg i Andørja minner på eit vis om Ånnstad i Moskenes: Begge ligg på ei landstripe framfor eit vatn, men i Moskenes finst det ikkje teikn til at der noka tid har vore passasje inn til vatnet. Så er då også skriveformene av dette vårt siste Ånnstad-namn merkverdige: Oudinnstad og Oudenstad 1567 (ulikt Onndestad 1610), dessutan Euestad 1647, Effuenstad 1667 og Evenstad 1723. Som Rygh seier: «I senere Tid sees det at være misforstaaet, som om det var sammensat enten med Auðun eller med Øyvindr». Han tenker på skriveformene vi kunne lese som Auen-, jf. også Auenfjord for Ånnfjorden.
«Løft dit øie du raske gut», sa Bjørnsson. I tilfellet frå Moskenes skal vi primært neppe fokusere på buplassen på eidet framfor Ånnstadvatnet, meir sannsynleg går det på gammal ferdsel over den låge Ånnstadheia ned Ånnstadlia til Refsvika: Det var einaste fjellovergang på langan lei. I dei tider fekk ikkje dei vere umaksredde som ville vitje folk på vestersida – eller omvendt.

Ånnstad (Ånstad) i Moskenes – legg merke til Ånstadheia og især Ånstadlia på Refsvik-sida. Kartverket.
Litteratur:
Jan de Vries, Altnordisches Etymologisches Wörterbuch. Leiden 1977.
Hallfrid Christiansen, Norske Dialekter III. De viktigste målmerker og deres råderom.
Ragnvald Iversen, Senjen-maalet. Lydverket i hoveddrag. Kra. 1913.
Birger Martinussen, Målet i Bø, auka utgåve 1973.
Kart: 1332 I ANDØRJA, 1232 III SORTLAND, 1132 II STOKMARKNES, LOFOTODDEN 1:100 000. Jfr Håløygminne 4-2004
Norsk Stadnamnleksikon gir flg. orientering om Syvde i Møre og Romsdal i artikkel signert Oddvar Nes: «Syvde [»syvdiᶇ] i gen. [syss-], sokn, po. og tlf. i Vanylven kom. – Prep i, innbyggarnamn syvding. «j sybde» (dat.eint.) ca. 1430. – norr. *Syfðir m, opphavleg fjordnamn med tydinga ‘den krokute, bøygde’ (etymologisk samband med svive vb og sveiv f). … Til S. er laga Syvdsfjorden [syss’fjå:riᶇ]».

Vel har fjorden ein markert bøyg, men det er ikkje tale om noko som rører på seg eller skiftar form. Hypotesen om fjordnamnet *Syfðir nærslekta med svífa v og sveiv f overtyder ikkje utan vidare.
Oluf Rygh nemner i Norske Gaardnavne frå Rovde sokn gnr. 103. Søvdsnes. Udt. s,y´ssnes. – Seuffdesneß 1603. Søffdenes 1606. Søuffdesneß 1617. Søffdenes 1666. Søfsnes 1723. *Sybðisnes sms. med Gen. af Fjordnavnet Sybðir. Se ovf. under Sognenavnet Søvde. Gaarden ligger paa et fremstikkende Nes paa Østsiden af Søvdefjordens Munding».
Det er som kjent så at fjordar tidt har namn enten av ein lokalitet i botnen av fjorden, eller òg ein lokalitet i eller attmed fjordopningen. Neset på austsida av fjordkjeften stikk seg såpass ut, i dobbel mening, at det nok kan vere den primære namneberaren, men i uendra form vart det også namn på sjølve fjorden og garden i botnen? At det seinare kom til presiserande namn på –fjorden, –neset er ei anna sak.

Syvdsneset har særmerkt form. Norgeskart.
Sørsamisk siejbie tyder både «Schwanz, Schweif (jedes Tieres, auch der Vögel und Fische) ‘allg. ‘Schwanzbein», dvs hale, rove, stjert, svans, vél osv, og allment halebein både hos dyr, fugl og fisk (G. Hasselbrink III: 1128f). – Andre skrivemåtar er siejpie og tilmed siipe (OSLO 191).
Særskild interesse i samanhengen har forma i akkusativ og illativ flt., seejb’ide (utt sī’pite), brålik skriveforma ‘j sybde‘ (mlno dat. sg) ca 1430. Jf her ‘a Biridi‘ 1340 for Biri i Oppland og Tessede for innsjøen Tesse – og dertil neste illustrasjon.

Fjesme |»fjésemman| var gnr 131 i Sparbu hd, i flg. NG (b. 15:217). Av gamle skriveformer finst berre oppført Feßmee 1668 og Fesme 1723. I NG er gjetta på eit elvenamn *Fism eller *Fisma, her liksom i Fismedal i noverande Halden k., og i Askvoll i Sunnfjord. NG fokuserer noko på bekken attmed Fjesme med tanke på gardsnamnet, men synest at det er «vanskeligt at udtale noget sikkert om dets Betydning». Rygh «opfører imidlertid Navnet blandt Sammensætninger med heimr». Det siste kan vere meir diskutabelt, for Fjesma ligg på ingen måte sentralt i Sparbu, det er ein utprega utkantgard.
Uttaleforma |»fjésemman| lyder trøndsk nok, men gir samstundes sterke assosiasjonar til sørsam. veasome m.a. ’tilhald, buplass’ . Merk også at sam. veasome med vea- ikkje kunne gje eit norrønt ord med framlyden broten til vj-, men ein overgang til fj– er derimot i full orden. Ein samisk buplass *Veasome ‘huset’ fornorska til Fjesme lyder ordinært, og likeins at den (for norsktalande) nokså ugreie fleirtalsforma *Veasomeh ‘husan’ i staden fekk meir umiskjenneleg trøndsk form Fjesemman.
Fismedal |fé`ssmedæł| var gnr 93 i Asak sokn i Berg, no Halden. Gamle skriftformer var i Fismadal ca 1400, Fißmedall ca 1575, og Fismedall 1593 og 1604, så Fismedal 1626 og Fismedall 1723 (NG 1:226).
Å undersøke om eit utolka gardsnamn kunne ha utspring i eit elvenamn nær garden var arbeidsregel for Oluf Rygh. Slik her òg: «Der er neppe Tvivl om, at dette Navns 1ste Led indeholder det gamle Navn paa den lille Elv i denne Dal». Han viser til gardsamnet Fisma i Askvoll «som efter Udtalen maa være svagt bøiet Hunkjønsord, og som antagelig er et som Gaardnavn brugt Elvenavn».
Men han får problem med den eldste kjente skrivemåten for Fismedal og ‘korrigerer’ denne: «Fismadalr.. kan være Feil enten for Fismudalr, af det samme Elvenavn Fisma, eller for Fismardalr, af Fism, en stærkt bøiet Form af Navnet. Det er sandsynligt, at Femsjøen, hvori denne Elv falder, er kaldet efter den; Søens oprindelige Navn kunde være Fismi eller Fismir».
Her dominerer hypoteser, fakta er færre. O. Ryghs fokus på elvenamn viste seg gjennomgåande å vere eit særs nyttig namneforskar-prinsipp, når han berre ikkje drog det for langt, slik som i dette tilfellet, der han rekonstruerer namnet på «den lille Elv i denne Dal» utan topografiske hemningar.
På dagens kart heiter hovudvassfaret Rødselva, men ber også namnet Fisma litt lenger opp, kanskje pga. Rygh? Fismedalstjern ligg derimot på kartet langt sør for Fismedal gard. Tilseier så dette at det eigentlege Fismedal ligg der? Det er dunkelt, men rokkar neppe våre refleksjonar over sjølve gardsnamnet. – Viktig er derimot at Fismedal akkurat som Fjesme og Fisma er ein utkant-gard, med samanhengande skogområde i sør og især i nord.
Språkleg er det sørpå slik, at der gardsnamn har eit presumptivt samisk forledd, har det leddet temmeleg ofte ei form som samsvarar betre med dagens lulesamisk enn med sørsamisk. Pga. det finst ingen grunn til å stikke under ein stol at Fisma kunne vere kontrahert form av viessoma, som både er nom. pl av viessom så vel som gen. sg. Her er det nyttig å jamføre med omtalen av Fjesme i Sparbu.

Fisma i Askvoll ligg i fjellfoten. «Norge i bilder».
Fisma |»fissma|, dativ |»fissmiᶇᶇe|er gnr 17 i Askvoll i Sunnfjord, men ordinære skriveformer er Fißmenn 1667 og Fisme 1723. Rarare er at garden går for i Fiskmaghastrond i Bjørgynjar kalfskinn ca 1360, ei kjelde som òg inneheld noteringar frå første halvdel av 1300-talet (NG 12: 248). Fisma er ein utprega utkantgard og ligg på den veglause sida av Eidsfjorden i Askvoll.
«Fiskmaga-» er eit svært usannsynleg forledd i eit gardsnamn. Langt truverdigare er eit forledd nokså likt lulesam. viessom «bostad (stuga, hus)», men i tillegg «uppehälle för människor, bete, föda (för renar)» (Korhonen, Grundström).
Det er heva over rimeleg tvil at Fiskmaga- som gen. av norr. *fiskmagi er eit fantomnamn! Etterleddet er beintfram eit namn ein kjenner både frå Hagastrondi i Sogndal, Hagastrand i Færder, Hagaströndi i Vang. Dei er alle sms med forledd norr. hagi + etterledd norr. strǫnd, men er blitt etterledd i den nye sms Fism’hagastrǫnd, der h var lite høyrande. Det førte til mistydinga Fiskmagastrǫnd.
Kor som var, garden heitte Fisma, men langs vestsida av Eidsfjorden i Askvoll var det nok i bruk ei utvidande namnelaging Fismhagastrǫnd – eit slags ekspansjonsnamn.
Det har si eiga interesse at problematikken hagi kontra magi i høgaste grad er til stades også når det gjeld gardsnamnet Skinnmo i Larvik der dei to eldste skriveformene er i Skymmagha ca 1400 – og noko seinare Skindmagenn. Her har Rygh i all hovudsak knekt koden, utan å kjenne til namnet Skinnmoskogen, tett ved ei stor, tørrlagd tjønn på staden, og utan å vere merksam på dei talrike døme på overgangar ikkje berre frå norr tjǫrn til tjøynn > tjynn > tjinn, men også til sjøynn > sjynn > sjinn. I det tilfellet er den historiske skriveforma i Skymmagha ei forkorting av eldre *Sjynn-mo-hagi < *Tjǫrn-mo-hagi, som må vere opphavleg namn på det som no heiter Skinnmoskogen.

Overskrifta viser til ein namnekategori som er veldig utsett for å bli mistolka. I Loppa fins det eit stort nes som på kartet går under to namn, nemleg ‘Nordre Ueren‘ alias «Auraren«. Lenger sørvest ligg ‘Uerbukta‘. Bukta er ikkje nærdjup, så der er visst liten grunn til å tenke på fiske av uer alias augor – og det at neset heiter som det gjer, lyder meiningslaust. Men på nordaustsida av neset er det fullt av djupe bergkliver, sjå foto, så her er det tale om eit ord som er skuffande likt fiskenamnet, nemleg norrønt ǫgr n vik mellom berg, sml. islandsk ögur,-s bergvik, bergkløft utmed havet.

Augorshøla i Beiarfjorden. «Norgeskart».
Ytst i Beiarfjorden i Nordland er det ei bergkløft kalla Augorshøla. Det lyder som namn på ein fiskeplass, men er i flg. Norgeskart kun eit søkk.

Skjeret Augoren i Rombaken i Narvik k.
Augoren heiter eit skjer i Rombaken, med ei brei kløft tvers over. Kor mykje augor det er i området skal vere usagt, men merkeleg må det i alle fall vere å kalle sjølve skjeret for ein augor. Terrengordet augor er mykje meir sannsynleg her og.

Augorshatten på Sandan i Langenes, Øksnes k.
Innafor denne spesielle namneflokken er det likevel eitt som merker seg ut, og det er Augorshatten i Langenes s. i Vesterålen. Merkeleg ville det visst vere å få høyre om *seihatten, *kveitehatten og *steinbithatten – skulle ein tru? Frå sjøsida framstår Augorshatten som ein særskilt rund berghump med ei kløft på kvar side.

Nemneverdig er også eit par namn til, nemleg ei høgd i Risør som går under namn av Øygrane, utan at det er lett å forstå kva som ligg i det. Kan det vere tale om omlyd aug- > øyg- ?
Til sist skal nemnast boka Färdvägar och sjömärken vid Nordens kusterav Ivar Modéer (Uppsala 1936), der det heiter på s. 3: «På samma sätt föreligger pluralen av ett maskulint substantiv i Lövögrene — , Löfwögrena 1719 .. namn på den södra delen av Lövö ö, Ålems socken. Ön utstrålar här i ett flertal uddar, förgreningar – därav namnet».
Ålem er i Småland, og Modér setter tydelegvis namnet i samband med sv. gren ‘grein’. Det er kan hende rett, men grein er iallfall ikkje på norsk side nokon vanleg term for odde. Men Löfögrene alias Löfögrena er ikkje gjenfunne på kartsidene til Lantmäteriet, så spørsmålet får stå ope.
Skulle temaet vere særprega gardsnamn, er det vanskeleg å peike på noko meir rotekte nordlandsk enn gardsnamnet Steiro, kjent frå både Alstahaug og Nesna, Borge (Vestvågøy) og Sortland. Uttalerett heiter det Steira alle stadene, og søk på ‘Gule sider’ avslører, for desse som ikkje alt veit det, at både Steiro og Steira er firmanamn ei rekke stader i og utanfor desse bygdelaga. Men enten namnet blir stava slik eller slik – i Nesna og Borge uttalerett Steira – har det fått ei velklingande norsk form. I marknadsføring er det ikkje noko minus at ingen forstår namnet du lanserer! Ei sak for seg er, at dersom du aldri har vore borti namnet Steira brukt om gardar, kunne du like gjerne tru at det var eit eksotisk kvinnenamn frå eit anna land eller kontinent.
Ein austnorsk berar av same namnet som ingen vil drage kjensel på utan vidare i vår samanheng er Sterud gard i Balleshol i Nes, Hedmark, men dei historiske skriveformene er svært eintydige også der: Garden heiter a Stæinærofue i eit diplom år 1425, svært likt af Steinrofue for Steira i Borge i den ganske samtidige Aslak Bolts jordbok, og i Hedmark sitt tilfelle finn ein skriveformer Stensrof, Sthenrof, Steinroff, Steenroff, Steenrof heile 1400-talet utetter, ja endå lenger. På denne garden var det kyrkje, difor heitte det òg Steinærofs, Stæinrofs og Steinerof sokn. Det er først på 1500-talet at skriveformene av dette namnet austpå sporar av, for å bli Sterud til slutt.
Oluf Ryghs tyding av namnet lyder: «Steinarof eller Steinrof, sms. af steinn m., Sten, og rof n., Brud, af rjúfa, bryde. Efter den Maade, hvor-paa dette Verbum brugtes i Oldnorsk, er det ikke rimeligt i denne Sms. at lægge samme Betydning som i vort »Stenbrud» (Sted, hvor man udbryder Sten); i denne Mening vilde man have brugt et Ord, dannet af brjóta. Derimod kan Navnet betyde en Aabning i Sten eller mellem Stene; det kan f. Ex. sigte til en Revne eller Kløft i Fjeldgrund. Navnet findes oftere i Nordland (Alstahaug, Nesne, Borge, Sortland), skrevet Steiro, men nu paa de fleste Steder udt. Steira (Gaarden i Borge skrives af Steinrofue AB. 96). ― Her [dvs i Nes] er rof i senere Tids Udtale forvexlet med det paa Østlandet saa almindelige ruð«.
Ein opning i stein eller mellom steinar? Det rimar veldig godt med den kløfta med gammal gardsveg som kartet viser, mellom knausane tett nordom Sterud-gardane så vel som på Steira i Borge, der faret over land til Limstranden lenger aust først går gjennom ei lita kløft i raet heim-i garden og så over Halsan med bergknattar på sidene. På begge desse gardane var det tale om opningar i lite format.
Annleis er det med dei tre andre Steiro-gardane: I Sortland sitt tilfelle er det lett å sjå at Elvenesdalen lagar ein fullskalaopning i fjellgrunnen bak garden, og i Nesna sitt tilfelle gjeld plent det same for Steiragrøva rett ovanfor garden, og i Steiro i Alstahaug sitt tilfelle er det bokstavleg tala openbert kva namnet går på, med 5-6 slike ‘råff’ i fjellgrunnen langsetter føtene til «De syv Søstre».

Attom Steiro (Steinarof) i Alstahaug er det talrike rof mellom «De syv Søstre».
Mykje tyder på at også gardsnamnet Rofstad gnr. 55 i Melhus lar seg forklare på same vis, men skriveformene frå 1500-talet og seinare er mildt sagt forvirrande. Det er iallfall sikkert at forklaringa stemmer for åsryggen Rofsnutan i Kviteseid.
Glosen rof skal få nærmare omtale om litt, men først er å seie at ordet eigentleg kjem av norr. rjúfa v. (rýf, rauf, rofinn) «saaledes opbryde noget, at derpaa frembringes et Hul, en Aabning (rauf), en Splittelse eller Adspredelse, Opløsning» (Fritzner). Jamfør korleis vi stadig bøyer verba flyge, lyge og syge.
Ordet rof har forsvunne frå norsk talemål, men hadde sikkert ein uttale lik den i uttrykk som «det va berre så gåffe(t) stod», «måillgåff» o.l. Der har jo den norrøne forma gof overlevd lydrett, endå normert skriveform lyder gov.
Det same rjúfa er kjent frå ei mengd norrøne uttrykk (Fritzner), særleg knytte til vinden, veret og navigasjonen: rýfr / rauf i (veðrit): det klårnar / klårna opp. Dertil òg rýfr upp veðr, rýfr þokuna: skodda letnar, þá var rofit veðrit ok komit jarðfjúk: då klårna det og vart jordfokk (snøfokk langsmed marka i motsetning til himmelkov).Til slutt eit sitat som kan gje assosiasjonar med oppdaginga av Island, Grønland og Vinland og landkjenning i det heile: er [då]nokkut lítit rauf i veðrit, sá þeir fyrir sér bratta hamra.
Dette er uttrykk med avleggarar heilt fram mot vår eiga tid: På Andøya var det vanleg at når himmelen hadde vore overskya og det så oppstod hol i skydekket, snakka dei om klårhol, at «han slo hol», «slo eit glăn» (el. sol-glăn), tok eit gløtt eller eit lett oppi taket, og NB: riv han, reiv han, reiv hol eller gløtt o.l. Det er tydeleg at riv / reiv her har kome inn i staden for det opphavlegare rýfr, rauf i presens og preteritum.
Så mykje om bøyinga av det verbet som nomenet (substantivet) rof n var knytt til. Som ein ved nærmare ettertanke kjem på, fanst det også eit anna ord rauf f: ‘opning, rauv’ og ikkje berre i nedre halvdel av kroppen. Det finst eit ordtak om folk med samanfallande interesser som lyder så: «Di va ei rau(v) og ei kaka», altså rauv = mathol, munn. O. Rygh sette gardsnamnet Rauverud med ei lang renne i lendet i Fåberg på Oppland i samband med just rauf, altså opning. Ja, også ei ovtrong vik på Sandøya vest for Rebbenesøya i Troms heiter Rauva.
Ikkje nok med det, verbet å rjúfa har òg gitt opphav til avleiinga Ryvingen, især kjent som namn på ei øy ved Lindesnes som har fleire gjennomgåande og djupe innskjeringar. Også holmane Ryvingen i Grimstad, Kristiansand og Karmøy har lange og djupe skòrer gjennom berggrunnen.
No er det venteleg på tide å klargjere korleis namnet Steinrof kunne bli uttaleredusert til Steiro og dessutan gå over til å lyde Steira: Det første utviklingssteget verkar upåfallande, det andre forklarte gimsøyværingen Hallfrid Christiansen med ein dristig, men i lengda overtydande teori i eit par artiklar (1951, 1962): I målføre som hadde bunden form av linne hokjønnsord som den viså el. den viso skjedde gradvis ein overgang til den visa. Det skjedde så ureflektert eller ‘mekanisk’ at ord og namn som slett ikkje var linne hokjønnsord også gjekk med i dragsuget. Det førte til at Steiro vart Steira, og endå rarare: at Breimo i Nesna og Alstahaug vart til Breima.
Så er det på tide å røpe kva vel mysteriemannen Rolf kan ha med Steira å gjere:
Der er alt sagt at skrivetradisjonen for gardsnamnet Sterud på Hedmark heldt seg ganske stø på 1400-talet, men med eit par unnatak som varsla oppløysingstendensane som var på veg. Vi ser ikkje berre skriveformer Steinærofs og Stæinrofs sokn,men også det lydleg sett lite overraskande Stenrokss fjerding 1506. Hugs at ein overgang –fs > –ks tidt er påvist og kommentert i Norske Gaardnavne. Rarare er Steirolf (!) sokn ved sida av Steinerof sokn i diplom frå 1414. Dette kunne visst i og for seg vere berre ein lapsus, men var visst ikkje det, for same lapsusen andre vegen finst i eit diplom frå Tysnes 1327, der mannsnamnet Hrolfr manifesterer seg i formene Rofr og Ingibjorg Rofsdottor.

Rolvsfjorden i Borge løyser seg opp og lek i alle leier. Norgeskart.
No har ikkje rof n |råff| «opning» og mannsnamnet Hrolfr nemneverdig med kvarandre å gjere, men dei skriftlege avvika viser for det første at uttalen av l i Rolf(r) må ha vore slapp, i og med at forma Rofr oppstod. Uttalen av gardsnamnet Stein(a)rof må på si side alt tidleg på 1400-talet ha vore utydeleg nok til at det fall naturleg å skrive Steirolf, uttalerett. Tanken attom var kanskje at «-råff må jo vere feil for Rolf», jf. Tysnes-diplomet.
Attåt dette bør ein også merke seg udiskutabel genitivs s i notat som Steinærofs og Stæinrofs sokn og Stenrokss fjerding, ganske parallelt med gno. rofsmaðr m, ein som i ettertid gjekk tilbake på avgjerd eller dom og sa at denne ikkje var gyldig, sml. «avtalen ble gradvis uthulet » o.l. uttrykk i bokmål. I dei aktuelle stadnamna er det nettopp snakk om lokalitetar som er uthola på eitt eller anna vis.

Rolvsøya i Måsøy. Norgeskart.
Brått er vi komne i den merkelege stoda at vi ikkje veit om stadnamn på Rofs-, Rovs- el. Rolfs-, Rolvs- byr på terreng- eller personinformasjon! Vi nøydest å vurdere kritisk kvart einaste namn av denne typen, og det første er Rolvsfjorden i Borge, der samband med mannsnamnet er særs tvilsamt, for det er jo ikkje eingong tale om eit gardsnamn. Derimot er fjorden særs fragmentert, både i indre og ytre delen. Særs oppsplitta og forriven er også Rolfsøya i Måsøy. Det er også Rolfsøya i Karlsøyvær i Kjerringøy, men då i langt mindre målestokk. Det er knapt annleis langs vestkysten i sør, enten vi skjeglar til Rolvsnes i Bømlo og Ullensvang, eller til Rolfsvågen i Tysnes og Rolsvågen i Samnanger, noko alle kan sjekke.
I tillegg kan det nemnast i fleng, frå dei sørlegare delane av landet, at oppsplitta berggrunn særmerker Rolvslia i Folldal, og variasjonar over same tema pregar både Rolfseidet i Rakkestad, Rolvshei i Flekkefjord, Rolvsmyr i Bygland – og Rolvsdalen fleire stader i sør: Dalar flest har saktens ein opning, det er berre at her kjem oppsplitta dalsider i tillegg.
Til norr. rof i tydinga klive, kløft, opning svarar rofna v. som hadde ei tyding lik rifna, klofna, og det er vel den enkle forklaringa på namn som Romnes i Nome og Seljord, men meir «kortreist» er dømet Romnedalen frå Rolla i Troms, påfallande lik Rummedalen i Vaksdal (-fn-> -vn- > -mn- > -mm-).

Romnedalen på Rolla i Troms. Norgeskart.
Trykt i Håløygminne 4-2024, nyredigert.
I norrøn tid var ordet skáli brukt om hovudbygningen på ein gard, eit langhus som kunne fungere både som vånings- og sovehus (svefnskáli), så vel som eldhus eller fjøs, men òg om enkle tilbygg (bislag, budør). Vidare om hus til bruk over kort tid, t.d. fiskiskáli = fiskibúð) «fiskarbu» – eller óg ein laufskáli «lauvhytte»: Tenk på dagar i utmarkslåttene! Ein bygning som kvennaskáli fortel at garden hadde ein viss storleik og status, dess meir då stader der dei hadde drykkju-, gildi- og veizluskáli, gesta- eller leikskáli! I slike sms. nemningar ser ein at –skáli, –stofa og –hús kan vere synonym.
Nord-Noreg hadde saktens sine namngjetne høvdingegardar, men går ein etter namnebruken, må ein forvente det kvardagslege. Det verkar innlysande at namn som Skålvær i Tjøtta og Skåltofta på Opplandet i Nyksund fortel om meir eller mindre forseggjorde hus som må ha hatt samband med fisket og handelsaktivitet knytt til det: På Skåltofta finst tufta til eit langhus på 35 – 40 m. Derimot skulle vi tru at gardsnamn som Skålvoll i Leiranger, Skålbrekka i Malnes og Skålebøl (Skallan) i Øksnes i første rekke går på land- og husdyrbruk, kanskje ikkje knytt til sjølvstendige gardseiningar frå først.
Det er likt til at ordet skåle har fått sitt rom i folketrua med: Eit ruvande og temmeleg frostsprengt berg med ei uryddig hole under i utmarka på Taen på vestsida av Hadseløya blir kalla (i) Trollskåla(n). Det er neppe anna enn –skáli i stiva dativ, «skål» passar ikkje med terrenget.
Andre namn er forvirrande: Ei fjellkrå i Gryteselvdalen i Hattfjelldal ber namnet Adelskål (og Avaldskål er ei sæter i Tinn i Telemark). Det lyder langhenta, men kan visst ikkje vere anna enn gno. aðalskáli «den egentlige Skaale, modsat forskáli, forhús».
Oluf Rygh seier om skáli m at «det kan ofte i Navne ikke sikkert skilles fra skál f, Skaal, der bruges om Fjelde og Tjern, vistnok ogsaa om runde Fordybninger» (NG, «Indl.»: 74). Det skil seg lite frå skål f., målføreregistrert i tydinga «innsøkk eller hole i fjell eller terreng» (NO 10: 353). På islandsk er det også slik at skál ikkje berre tyder skål i eigentleg meining, men også «dam, basseng» så vel som «dokk, søkk, lægd».
Norsk Stadnamnleksikon fortel om fjellet Skåla i Stryn, at «i fjellsida som vender mot Strynsvatnet er det eit markert søkk med eit djupt gjel nedover mot vatnet. Dette søkket har vorte samanlikna med ei skål og har så gjeve namn til fjellet». Her kan vi nemne at Skålene er nokre grunne søkk oppi fjellet austafor Makkvatnet i Hamarøy. Same namnet har dei i Volda og Forsand. Kjeldågskåla er ei lægd ved Sleåga i Rødøy, og eit liknande namn er Leinesskåla i Steigen.
Dette fører beint over til ein liten gruppe gards- og bruksnamn som er meir tvitydige, så som Venneskål i Ås, Reppeskål i Larvik, Fjellskål i Osterøy – og Grønskål i Ulvik. Gjennomgåande var Ryghs meining at sisteleddet i desse er –skáli i avkorta form, men etter det lokale terrenget kunne det også vere tale om –skál som skissert framfor. Det nordlandske Gildeskål blir nokså tvitydig når vi prøver den forklaringa.

Gildeskål kyrkjestad midt i biletet. Oppe til høgre ser viHæstfjellet med Høgfjellknubben. Ein kan bli mint om det trøndske skoll ‘skalle, isse’! Under ser vi ei bratt fjellside med urdar som ender innved kløfta Gildeskålkjelen. Norge i bilder 3-D.
Gildeskål som soknenamn dukkar for første gong opp i 1430-åra, i posten «Af Vigdeild, ij spon, j Gildaskala sokn» i Aslak Bolts jordbok. Seinare er soknenamnet skrive på temmeleg skiftande måte:
Gwldskaalenn 1521 men Gilleskaalen ca. 1533, Gylleskaal sogn ca. 1540 og Giildeskoll 1548, Gille Schol 1567, Gyllskoll 1570, Gilliskols s. 1590 (NG 16: 182). – Petter Dass kallar prestegjeldet både Gillischaal og Gillesskaal. Skriveformer som går på sjølve prestegarden kjem først opp tidleg på 1600-talet og skil seg lite frå vår tids stavemåte.
I 2014 kom «Gildeskål gamle kirke. Marmorkirka ved nordvegen» ut, ei samling fagartiklar frå eit ‘grublarseminar’ kort tid før. Boka gir ei mengd kunnskap om kyrkjebygget så vel som som inventaret, mellomalderens gildeskipnad m.m.m. Petter Snekkestad er den som drøftar sjølve gardsnamnet aller mest mest grundig: «Hva angår naturnavn, har enkelte hevdet at forstavelsen gilde– peker mot et gjel, altså en revne eller innsnevring mellom to berg, som i huset ved «gillet» eller «gjelet». I forlengelsen av dette er det foreslått at gården har samisk opphav, der formen gulle– el. golle– betyr det samme som et gjel, og der –skål forstås som en grop eller et søkk … Vi finner imidlertid ikke noe gjel eller søkk i nærheten av tunet eller noe sted innenfor den moderne gårdsgrensen. Dermed blir det også vanskelig å feste lit til den samiske tolkningen, som viser til noe lignende: en grop eller et søkk…»
I Gildeskål var tala pitesamisk. I nordenden av Gildeskålmyra ligg ein rundvoren knaus, så her kunne nok forleddet tilsvare sørsam. gïlle, gylle «gressbevokst, skogløs bakkeknaus», eller også sørsam. jilles– <jillehtje «vester-, vestside». Det er relevant, for Gildeskål ligg på vestsida av ei stor halvøy: Ein svensk kapellkyrkjestad i Sorsele heiter Jilliesnållie, skrive Gillesnöle 1789 (nållie ‘lita steinrøys’). – Her kunne tenke seg at ’-kål-’ er pitesam. gållo ‘grotte’ o.l., tett opp til lulesam. gållo ‘spricka (i stenblock, berg, is)'» og sørsam. golle ‘snevring mellom to berg, liten kløft som man vanskelig kan komme opp og ned etter’.
Men kan etterleddet like snart vere norsk ‘skål’ brukt om ein eller annan landskapsvariant? Det kunne jo høve for den inneklemte Gildeskålmyra tett nordaust av prestegarden, jf. ‘myr-skåla’ tett ved Fjellskål i Osterøy.
Skulle både første- og sisteleddet vere norsk, er eine tolkingsalternativet norr. gil n (gen pl gilja-) ‘gjel, kløft’ i eit sms. terrengord *giljaskál > Gilleskål, sml. lydovergangen i gardsnamnet Seljeset |»sælliset| (gnr 19). Elles er no genitiv gilja- av grunnordet gil i somme bygder blitt til ei sjølvstendig form gilja f, jf. jilju (Tinn), og gilja f «holveg, fjellpass» (i svenske målføre), i Sør-Noreg om bergkløft eller gjel (Tinn) eller om lita elv eller li-gròv som renn gjennom eit gjel (Balestrand). Dette i flg. NO 4: 15.
Interessant er eit bekkegjel i sørkant av Gildeskålmyra, men særleg smale strimlar av myr mellom haugane i sørleg og sørvestleg retning, heilt inn på sjølve prestegarden. Her er nemleg det å merke at gjel, norr. gil ikkje alltid er ei trong bergkløft, i Rauland og Beiarn1 (NO 4: 51) kan det også vere ei langvoren glenne i skogen. Det høver altså godt nok i Gildeskål sitt tilfelle.
I Lofoten er sms. namn på –gjela pluss usms. Gjela |»jĕla| (om kløfter o.l.) talrike; ei flt.form Gjelan |»jĕlan| finst og. Det synest vere ei form av gile f (gjele) om «trong, grasgrodd liten dal som stig bratt opp», dessutan «smal, langtøygd teig», snauhoggen eller skoglaus (NO 4: 15).

Gjelset ligg, som kartet veldig tydeleg viser, opptil ei markert lang kløft mellom to åsryggar. Norgeskart.
No er tilfellet dessverre så at korkje gjel n el. gjele f i tyding «langvoren glenne i skogen» let seg påvise lenger, i Beiarn i alle fall, men vi skal likevel få med oss at garden Gilset |»jeᶅᶅset| gnr. 18 i Gildeskål blir kalla Gilusætre i Aslak Bolts jordbok, men Giilesetter og Gillesetther 1567. Tett ved garden er det faktisk ei lang glenne – ho er del av ei lang kløft! Rygh meiner at forma i AB neppe kan vere rett, men som vi ser, her er ei lang gile, det samsvarar greitt med forma i AB. Dagens uttale med palatal l kan då ikkje komme av ein skrivefeil i AB.
I Gildeskål sitt tilfelle ville ein lettare tenke seg *Giljaskál som opphavleg form, men skrivemåten Gildaskala sokn i AB peikar i heilt anna lei og blir ein bøyg, av di gildaskáli lik gildisskáli så tydeleg indikerer samband med gildi m = gild(is)brœðr: lagsmenn i eit gilde. No var gildi også drikkelag, selskap eller broderskap der dei skulle hjelpe kvarandre. Ein kjenner også nemningar slike som krossgildi ‘Gilde som er indviet til det hellige Kors’, ólafsgildi ‘Gilde som var indstiftet og holdtes til Olaf den helliges ære’ o.a. Gildeskipnaden er drøfta inngåande i boka om Gildeskålkyrkja, men med resignert konklusjon:
«Den eneste informasjon vi har om gildet i Gildeskålsokn, er navnet Gildeskålsokn. Det er ikke mulig, dessverre, å koke mye suppe på den spikeren. Men dersom vi aksepterer at navnet vitner om et gilde og at dette gildet har hatt mye til felles med de øvrige bondegildene i landet og gildeorganisasjonen i Europa for øvrig, kan det hevdes at gildet i Gildeskålsokn i hovedsak hadde de trekkene vi har drøftet i dette kapitlet» (J. V. Sigurðsson: 71).
Årsaka til frustrasjonen eller resignasjonen er at det blir altfor stor avstand frå eit grisgrendt Gildeskål til norske mellomalderbyar i sør, med gilde for geistlege, kjøpmenn og handverkarar av alle dei slag! – Mellomalderkyrkja av marmor ligg på prestegarden, og Gildeskål-namnet gir ein god grunn til å spekulere, men ingen skriftstykke fortel noko som helst konkret om gilde eller gildbrœðralag knytt til denne kyrkja i utkanten av sameland, for alt at Munkdya som namn på våtmarka nordom kyrkja legg visse føringar. Kan det vere noko vi overser?
I boka om Gildeskål-kyrkja er det ogsp frmkasta den tanken at garden bør ha hatt eit anna namn før ein gildeskåle kom til; det skjedde neppe før på siste halvdel av 1200-talet eller endå seinare. Argumentet kan ha litt for seg, men Gildeskål-soknet har to andre gardsnamn som heller ikkje går på landskapet, men fortel om sjølve oppføringa av bygningar: Husstad, og så Oppsal (innafor Gjelset), og vi kunne dessutan sml. med gnr 101 Lånan i Alstahaug > Vega) og mange andre norske gardsnamn på Hus- o.l. Det er då rett nok tale om hus av uspesifisert type.
Ordet gilde var ikkje eintydig, og vi må vere opne for at ein gildeskåle iblant var noko meir kvardagsleg enn den festlege samlingsstaden som ein lett tenker på. Like sørvest for Gildeskålkyrkja, ned av Korsvollen, ligg Tiendbuvika. Ho er lita og grunn no, men staden var ei brukande hamn i historisk tid. Korsvollen får ein òg til å tenke på gno. krosshús: bedehus merkt med kross. Ordet tiend (norr. tíund) var velkjent nok i kyrkjeleg samanheng, og mange andre kyrkjelege avgifter var å nemne. Er det såleis at tiendbua frå først av vart kalla gildiskáli med tanke på innkreving av avgifter, og at det fortel korleis steinkyrkje-bygginga vart finansiert?
Eller kan det vere slik at det til eit opphavleg krosshus på Korsvollen også høyrde ein gildeskåle litt lenger nord, oppsett for innvartering av soknefolk i dei tilfelle dette var naudsynt, og at namnet *gildeskål(en) festa seg i god tid før steinkyrkja vart bygd på den staden? Vi må då sjå dette som ein variant av det som historieforskarar har kalla bygde– eller soknegilde, men derifrå og til å gå ut frå at Gildeskål eingong hadde gildisskáli der «praktiserande» gildebrør møttest til gildastefna slik som i byane i sør blir eit altfor stort sprang. Det ter seg like tvilsamt som at Skjøt(n)ingberg i Lebesby, òg nemnt i drøftinga av Gildeskål-namnet, heng saman med gno. skytningr «samanskotslag, gilde» (jf. Hm. 2018: 153,158).
Boka frå 2014 nemner, blant mange liknande namn, også Gildeskål-åkeren2 nær Ibestad-kyrkja, som óg er ei steinkyrkje frå mellomalderen. Kva er vel mest truleg i det tilfellet, å sjå for seg ein gildeskåle for festlege samkomer eller eit hus til innkvartering, eller berre ei tiendbu? Å svare ut frå synsing utan feste i historiske fakta kastar lite av seg.
Brysamt på det vis er òg Gildeskålstø |«jyᶅᶅe-| som namn på ein augurs- og seiplass utom Snarset i Bø, i retning vesterenden av Hadseløya, med ukjente méder. Usannsynleg er at namnet fortel om nokon gildeskåle knytt til Bø kyrkje, det vere seg brukt som méd eller på anna vis. Den meir sentrale Hadselkyrkja er usynleg frå den kanten. Mest «matnært» burde det vere å tyde tilrorsnamnet i lys av nemningar som gildfiskr (gildr fiskr) «fullgod fisk», nemnd i kyrkjelege kjelder, så vel som gildingr: torsk som i flekt tilstand var ei alen brei nærast hovudet. Det heitte som kjent, folkeleg, at «prestsekken bi aller full», og korkje fut eller prest ville ha dårleg vare.
Tilrorsnamnet må vere temmeleg gammalt, men kva leika i hovudet på han som gav namnet? Førestilling om eit slags sjøens skattkammer, voner om ei fengd som ville gje utslag på vektskåla eller ønske om ei staut baldusjka til eigen ’gildeskåle’? No tyder norr. gildi óg ’betaling, vederlag’, medan skulda-gildi var betaling av skuld. Fanst det også eit sms. ord *gildi-skuld om uoppgjort gjeld til bygde- eller soknegilde? Jamfør kvardagslege verdi-termar som ígildi (lik verdi), halfgildi (halv erstatning), kúgildi (eit ku-verde) m.m.
Veldig ulikt er eit namn frå gnr. 138 Brekka i Vefsn: «Johan Brækken har hørt ei segn om at det har stade eit avgudstempel på dei gamle hustoftene på Brekka. Han veit ikkje kva han skal tru om det. Men det er merkeleg, seier han, vi hadde to runde hòler attom fjøsen som hadde namnet Gill(e)skål’n. Det gjekk den segna om desse «skålene» (denne skålen?) at når dei hadde gilde, sette dei øltynna midt i hòla, og så sat dei rundt tynna og drakk. No er desse holene attfylte med jord. Dei var like store, og det var omlag ein meter i mellom dei. Dei var omlag 4 meter i tvermål, og vel ein halv meter djupe». Om dette fortel Reidar Svare, og legg til at det er uvisst kor mykje ein skal legge i slike segner (Hm. 1965 s. 396). Som sant er.
Brekka ligg inst i Fustvatnet, å tenke på mellomalderske gildbrœðralag gir lita meining der. Segna ymtar då heller ikkje om det, ho går på gilde og øldrikking. Då er det sanneleg eit merkeleg treff at norr. gil-ker el. –kerald var «Kar, hvori man lader Øl gjære», og at bua der dette gjekk føre seg vart kalla ei gilbúð. Rett nok er det tale om gil i ei anna tyding, nemleg (øl som er i) gjæring (NO 4: 5), men når vi så tar med i rekninga at ein gildis- eller gilda-skáli òg heitte gilda- eller gildisstofa og at det siste ordet er skriftleg overlevert i forma gilstofa au(!), forstår vi at folk tidt tok uttale-snarvegar så meiningsinnhaldet vart fordunkla, som når gildisbróðir vart gildbróðir, ja det kvinnelege motstykket heitte faktisk gildsystir. At ordet gil knytt til ølbrygging òg fekk ein uttale med palatal ᶅ med tida, er som når silstø (stad der sil = tobis held seg) vart til «sildstø». Gløym heller ikkje å sml. Gilset!
Som før nemnt, hustufta frå Skåltofta tyder på at ein ikkje skal tenke smått om økonomien i nordnorske fiskevær, det vere seg Nyksund, Skålvær el.a. Frå Nyksund er kort veg til Langenes der erkebiskopen hadde setesvein, så pekuniære interesser tør ha vore langt viktigare enn selskapelege.
Frå ei anna side sett var det no eingong slik at på været var at fiskarane nøydde til å innrette seg og jenke seg etter andre, ja det fanst eit eige ord for dette, lag-gild: i stand til å vere i lag med og samarbeide med andre, ordbokført frå Gimsøy og Borge, men òg kjent frå Hovden i Malnes. Samarbeid måtte til for å berge bruk og båt, ja livet om så var. Ordet fiskarkameratar er nok frå organisasjonsarbeid i nyare tider, men kravet om evne til samarbeid var gammalt. Hadde bu- og båtlag ordet gilde oftare i tankane enn vi trur?
Ein tanke heilt for seg: Var det iblant med Gildeskål-namn som med stader som heitte eitkvart på Badstu-, at gjeremål som var typiske for ei Badstu- i vid meining gjekk føre seg på staden, utan at der stod ein slik bygning?
Med det har vi vore innom alle nordnorske Gildeskål-namn vi kjenner, og slik sett burde emnet vere utdebattert, men eit lite ess er gøymt i ermet når det gjeld Gildeskål som gardsnamn:
Som før nemnt kan namnet Korsvollen, i alle fall «ideelt», forståast slik at der stod eit krosshús den aller første tid. I fjellsida berre 800 m søraust for Korsvollen har vi den særmerkte Gildeskålkjelen, eit langt og brattkanta gjel som er ei lang «flerra» i landskapet meir enn ein rundvoren kjel (heller ikkje andre landskapskjelar landet ikring er alltid runde). Lulesam. skállo tyder «stor kittel» (Korhonen, jf. NL 290 og oslo 290), = sørsam. skaaloe, skaaloe-giebnie messingkjel (eigtl. «kjel-kjel)». Litt lenger sør ligg Inndyrkjelen, som vel å merke gjer mindre av seg enn Gildeskålkjelen.

Gildeskålkjelen. Norge i bilder, 3-D.
Då er førsteleddet i Gildeskål |»jiᶅᶅ(e)skål| vel identisk med det vi har i Gällivare i Lappland, kalla «monte Gillewara» i 1673, på lulesamisk Jiellevárre, med jielle– = «spalte; mellomrom» (der visstnok pga. ein formasjon i Malmberget), jf óg jiello «sprekk, reva, revne» (Grundström 110, Svenskt Ortnamnslexicon 101, oslo 66-67). Gildeskålkjelen blir då eit namn med slåande meining!
Den norske tolkinga av Gildeskål som namn på prestegard og kommune er innarbeidd, men har tvilsam historisk gehalt, som drøftinga framfor syner. Vel er norr. gildisskáli og gildaskáli ord som sannsynlegvis er førsteledd i mange smånamn landet rundt, men stussleg er at i Gildeskål prestegard sitt tilfelle er vi ute av stand til å finne ut kor bygningen kan ha stått, ja om han i det heile har vore til.
Den som festar lit til den pitesamiske tolkinga kan la all grubling over vår ufunne gildeskåle fare; eit pitesamisk *Jielleskálo fortel då kva som er det fremste særmerket i landskapet nær garden Gildeskål, slik det brukar vere elles. Då blir der ikkje lenger kronologisk binding mellom gardsnamnet og oppføringa av steinkyrkja i mellomalderen. Kva tid kyrkja vart bygd, og av kven, det er vi derimot ikkje ferdige med å gruble over.
Litteratur:
Björn Collinder, Ordbok till Sveriges lapska ortnamn (forkorta oslo).
Johan Fritzner, Ordbok over det gamle norske Sprog.
Harald Grundström, Lulelapsk ordbok.
Håkon Haugland, «Felleskap og brorskap. En komparativ undersøkelse av gildenes sosiale, religiøse og rettslige rolle i et utvalg nordiske byer fra midten av 1200-tallet til reformasjonen». Bergen 2012.
Olavi Korhonen, Lulesamisk-svensk / svensk lulesamisk ordbok.
Norsk Ordbok b. 1-12.
Trykt i «Håløygminne» 2 og 4-2019, nyredigert.
1Markert i Norsk Ordbok som opplysning berre.
2 Jf Gildeskålsåkeren nær kyrkja på Vang i Oppdal (J. Sandnes i «Festskrift til Nils Hallan»: 389)