I sin omtale av garden Trælskår – i dag skrive Trælsgård – i Liknes i Kvinesdal, skyt O. Rygh inn ein merknad som går att ved fleire andre gardsnamn på Træl-: «Ligesom Navnene Trælen, Fjord ved Tønsberg, Trefjord i Flatanger (af Thrælafyrde AB. 85), og vistnok ogsaa Trælen, en liden Sø paa Fjeldet i Lesje, maa de indeholde en Stamme Þræl-, som efter Sophus Bugge vel har betegnet ‘noget trangt’, i urnordisk Form *Þranhila-, beslægtet med oldn. þrǫngr trang».
Samtidig viser Ryghs drøfting av slike namn at han er merksam på at desse også kan vere minne om trælehald, i førkristen tid især.



Gardsnamnet Træland les ’trælland’ finst fleire stader i Sør-Noreg, og Oluf Rygh reknar med at gardane vart rudde av frigjevne trælar, men samtidig er det tale om små gardar der det er lite innmark. Det gjeld òg i høg grad desse som heiter Trældal.

Trældalen i Ankenes s. i Narvik er ei nærmast ein smal jordveg innover i fjellet. I dette tilfellet viser Rygh berre til omtalen av namneleddet Þræll– andre stader i Norske Gaardnavne, utan noka lokal vurdering.. – Også Trældalen i Froland og Osterøy har liknande form.
Træla i Larvik er ei trong bergvik, men merker seg ut pga dei tilnærma ovale bergoddane til begge sider.
Vanleg nok er også namnet Trælvika, og då ikkje berre langs kysten, men det er lite truleg er at stader som Trælvika i Bremanger og i Værøya i Bø kan ha vore buplassar med innmark. Likare stelt er Trælvika i Brønnøy, men ein stor del av jordvegen er kun ein smal strimmel. Heller ikkje Trælvika i Øyfjorden i Senja har stort til innmark.
Trælsjorda ligg ytst i Steinfjorden i Senja. Har den lite synlege flekken namn av fjellet Trælen like innafor, eller fekk fjellet tvert imot namn av rudningen til ein frigjeven træl? Likeins kan ein undrast om det finst ei historisk ’lenke’ mellom namna Presthagen vestom Bøstad i Lofoten og Trælvollsmyran i fjellet ovanfor.

Eit tolkingsalternativ for Træl-namn som Rygh viser lita interesse for er træl om hard knute eller kant i huda (callus); det heng nok i hop med ordet træl (slave) for så vidt «at årsaken er slit og slep» (Torp). Reint samanliknande er det brukt om berg- og fjellformasjonar, sml Trælen som namn på haugar i Grue og i Nord-Odal og på eit fjell i Samnanger. – Ein bergås i Eidfjord heiter Trælhaug, men så heiter òg eit par gardar med store, runde bergknutar i Bokn og Karmøy. Her kan også nemnast Trælneset i Nesna, med den kuvne Trælneshaugen innafor.
Mindre opplagt er bakgrunnen for gardsnamnet Trælnes i Brønnøy – om det er tenkt på dei runde bergknutane på innmarka nedved sjøen eller på Trælnesfjellet og Trælneshatten i bakgrunnen? Vidare kan ein bli litt usikker på om Trælevika i Askvoll har namn av bergformasjonar, eller om der fanst jordveg for ein træl noka tid?


Det finst eit par dusin Svinøy-ar langs norskekysten, og like talrike er alle Svin- og Svinevik-ane samanlagt. Norsk Stadnamnleksikon har éi oppføring for kvart av dei to namna: Om Svinvika i Surnadal heiter at namnet er «sms av dyrenamnet svin m [?] og vik f ‘fjordbukt’», og om Svinøy er likeins sagt at «somme stader kan namnet S. fortelje at det har vore brukeleg å ha svin (grisar) gåande på øya om sommaren».

Den siste opplysninga er sjølvsagt, i ordets eigentlege meining. I slike tilfelle er det gjerne snakk om Svingjerdet og Svingarden, Svinhagen, Svintræet, Svintrøa, til dels òg Svin(e)bol-, jf td garden Svinbøl alias Svimbil (*svínbýli?) i Tinn i Telemark. Men det er likevel rett at mange Svin-namn kan ha med eldre tiders svinehald å gjere, vi veit berre ikkje. Like fullt har vi klare oppfatningar av kva som er naturlege åtferd for svin, dvs korleis det ser ut der dei held til, så gjørme og gorr på stader kalla Svinmyra o.l. assosierer vi med griseri, men ikkje utan vidare med svinehald.

No kan Svin- iblant gå på ei konkret samanlikning med ein formasjon som var spiss eller plogforma, ei eldgammal fylking, jf dette litterære sitatet: «Högt upp ifrån luften hördes kacklet av en flock vildgäss, som i svinfylking drogo mot norden» (SAOB). Landskapsformasjonar som er plogforma eller beintfram kile-forma er talrike. Det kan vere odde eller nes, kvasse fjellnover, bråe elve-svingar, kileforma lange øyar o.a.

Vanleg langs kysten er dessutan Svinryggen som namn på langsmale og ‘opphakka’ fjellryggar og åsar med grissen skog. Slike namn kan ein jo forstå bokstavleg. Det gjeld nok også lokalitetar med spisse eller iallfall mykje sundsprengt berg, td Svinlia på Andørja og i Øksnes. Ei litt anna sak er at svineryggen på farkostar (seglskuter) var det forsterka og høge partiet nærmast baugen, laga for å tåle vekta og slitasjen frå tunge anker og for å ta av for sjøsprøyt. – Men ordet var òg brukt om eit tau med ei rekke knutar på, som òg kunne minne om ryggen på ein gris.

Så spørst det òg om det velkjente ordet svin kan ha tatt opp i seg norr. svigna v ‘bogne, bøye seg’ eller det tilhøyrande nomenet *svign? Det ligg i alle fall nær å tru det, av di ein del fint avrunda vikar og bukter og nes ber namn med forledd Svin(e)-.
Men ‘svin’ kan også ha tatt opp i seg eit anna ord, nemleg svinn adj, frå norrønt einast kjent i tydingar som ‘svint, rask, snøgg’ og ‘klok, vitug, forstandig’, men då i forma svinnr (= sviðr). I nynorsk står ordet også for ‘smal, slank, spe, mager’ (Torp, NO 11: 284)

Merk at isl svinnur dessutan kan tyde ‘karrig, knapp, knipen, nidsk’, noko som med tanke på avgrensa innmark-ressursar gjer det lett å fatte korleis gardsnamn som Svinland (med kort i), Svinnset og Svinstad er å forstå. Det same gjeld mange Svinøya’r og andre lokalitetar som ikkje er knappe i omfang, men der innmarka er grasgrodde strimlar mellom snaue berg, og lite meir. Isl. svinnur har dessutan ei anna tyding som vi ikkje kjenner frå norsk, nemleg ‘straumhard’ (Orðsifjabók), og ho gjer det lettare å fatte Svina |’svīna| som namn på utskjer to stader i Solund på same vis som namnet Svinskjeran ytst mot havet utanfor Fugløya i Gildeskål.

Nokre av desse forklaringane heng tilsynelatande ikkje på greip, men eldre dansk svind tyder ‘sterk, rask’, og tilsvarande er kjent frå ei rekke nærslekta språk.
Narvik – tidlegare matrikkelgard i Ankenes, men frå ca 1900 ein etter nordnorske mål nokså stor by – ber eit namn i «særklasse»: Om bysoga er kort, har likevel det som skjedde i og kring Narvik i 1840 gitt byen varig ry over store delar av Europa, og i slik samanheng er det få som har meint at det var så mykje i vegen med namnet.
I ettertid må vi derfor kunne kalle det ei ganske sær vinkling når «Vesteraalens Avis» på Stokmarknes ser slik på saka 16. desember i 1898: «Narvik er det officielle Navn paa det tidligere Viktoriahavn i Ofoten. Et uheldigere Navn kunne neppe findes». – At staden faktisk heitte så med rette, og at dette slett ikkje var noko ein eller annan hadde funne på, var visst ikkje noko poeng. – I nærmiljøet var ein vant med namnet, det gjaldt berre å la namnet få offisiell status.
Men kva tyder så bynamnet Narvik? «Norske Gaardnavne» seier: «Med fuld Sikkerhed kan Navnet neppe forklares. Det synes ikke rimeligt, at det er samme Navn som det paa flere Steder forekommende Narrevik eller Narvik med kort Vokal i 1ste Stavelse, som er opr. *Knarravík, af knǫrr m, et Slags Handelsfartøi». – Det interessante er at avvisinga bygger på rang uttaleopplysning, nemlig at Nar– har lang vokal. Rygh festar elles ikkje meir lit til dei alternative tolkingane han drøftar etterpå.
Den tanken at det kunne vere lønt å søke etter ei eventuell samisk forklaring på førsteleddet synest like fjern for dette eine matrikkelnamnet som for dei fleste andre gardsnamn, iallfall kva Nordlands-bindet av NG gjeld. Men Narvik – eller Narvika med opphavlegare uttale – er eigentlig ei vik på sørsida av ytste snaget mellom Beisfjorden og Rombaken. I dag veit vi at begge dei to fjordnamna mest rimeleg blir å forklare ved hjelp av samiske grunnord. Så og med Narvik: Nar- i dette tilfellet er nok ikkje annleis enn det njárga «nes» som også opptrer med avkorta form i Njar-gæčče «nesodden» i Finnmark, norsk Angsnes og Njar-gadde «neslandet» i Tysfjord i Nordland, norsk Fagernes. (Dertil Njar-gatte-varre «neslandsfjell».) Merk at her er rettskrivinga i namna ikkje modernisert. Forleddet Nar- tilsvarar ns njárga «nes, odde; halvøy» jf ls njárgga og ss njaarke (om halvøy). Framlyden Nj- står for ein palatal n, noko vi i norsk stort sett berre kjenner frå inn- og utlyd.
Der er noko som heiter nabo-opposisjon: Folk som ikkje var frå Narvik by men frå distrikta omkring, herma lenge uttalemåten |»nȧrvīk| brukt av byens folk. Det var nok tradisjonsrett samisk uttale, og den spesielle a-lyden i Nar- var som eit sjibbolett for narvikværingar lenge. Sisteleddet -vika er sjølvsagt norsk, men er eit velkjent lånord også i samiske stadnamn.
I fleire andre stadnamn blir sam. njárga– avkorta til Njar– i forleddet. Narvika |»narrvīk| bnr 45,12 i Risør er same namn som Narvik by, og den garden ligg ved den grunne Narvikbukta, skjerma av ein langt nes: Same funksjon har Framnes i Narvik by. Småbåthamna Narviga i Kristiansand er litt meir skjerma: Der òg stikk ein kvass odde ut – plent som på halvøya Narholmen i Porsgrunn i Telemark.
Som midtledd i treleddsnamn er sam. –njar– for -njarga- systremrett og vanleg nok, så som i Akšo-njar-gæčče og Garbe-njar-goppe (Finnmark): Her fell stavinga –ga– i -njarga- veldig lett bort av di det er ein g- også i sisteleddet.
Nyredigert i høve til «Håløygminne» 1990, h. 3.

Dette er Narvika ved Narvikbukta i Risør. Kartverket.