Steira og Rolf

Steira og Rolf

Skulle temaet vere særprega gardsnamn, er det vanskeleg å peike på noko meir rotekte nordlandsk enn gardsnamnet Steiro, kjent frå både Alstahaug og Nesna, Borge (Vestvågøy) og Sortland. Uttalerett heiter det Steira alle stadene, og søk på ‘Gule sider’ avslører, for desse som ikkje alt veit det, at både Steiro og Steira er firmanamn ei rekke stader i og utanfor desse bygdelaga. Men enten namnet blir stava slik eller slik – i Nesna og Borge uttalerett Steira – har det fått ei velklingande norsk form. I marknadsføring er det ikkje noko minus at ingen forstår namnet du lanserer! Ei sak for seg er, at dersom du aldri har vore borti namnet Steira brukt om gardar, kunne du like gjerne tru at det var eit eksotisk kvinnenamn frå eit anna land eller kontinent.

Ein austnorsk berar av same namnet som ingen vil drage kjensel på utan vidare i vår samanheng er Sterud gard i Balleshol i Nes, Hedmark, men dei historiske skriveformene er svært eintydige også der: Garden heiter a Stæinærofue i eit diplom år 1425, svært likt af Steinrofue for Steira i Borge i den ganske samtidige Aslak Bolts jordbok, og i Hedmark sitt tilfelle finn ein skriveformer Stensrof, Sthenrof, Steinroff, Steenroff, Steenrof heile 1400-talet utetter, ja endå lenger. På denne garden var det kyrkje, difor heitte det òg Steinærofs, Stæinrofs og Steinerof sokn. Det er først på 1500-talet at skriveformene av dette namnet austpå sporar av, for å bli Sterud til slutt.

Oluf Ryghs tyding av namnet lyder: «Steinarof eller Steinrof, sms. af steinn m., Sten, og rof n., Brud, af rjúfa, bryde. Efter den Maade, hvor-paa dette Verbum brugtes i Oldnorsk, er det ikke rimeligt i denne Sms. at lægge samme Betydning som i vort »Stenbrud» (Sted, hvor man udbryder Sten); i denne Mening vilde man have brugt et Ord, dannet af brjóta. Derimod kan Navnet betyde en Aabning i Sten eller mellem Stene; det kan f. Ex. sigte til en Revne eller Kløft i Fjeldgrund. Navnet findes oftere i Nordland (Alstahaug, Nesne, Borge, Sortland), skrevet Steiro, men nu paa de fleste Steder udt. Steira (Gaarden i Borge skrives af Steinrofue AB. 96). ― Her [dvs i Nes] er rof i senere Tids Udtale forvexlet med det paa Østlandet saa almindelige ruð«.

Ein opning i stein eller mellom steinar? Det rimar veldig godt med den kløfta med gammal gardsveg som kartet viser, mellom knausane tett nordom Sterud-gardane så vel som på Steira i Borge, der faret over land til Limstranden lenger aust først går gjennom ei lita kløft i raet heim-i garden og så over Halsan med bergknattar på sidene. På begge desse gardane var det tale om opningar i lite format.

Annleis er det med dei tre andre Steiro-gardane: I Sortland sitt tilfelle er det lett å sjå at Elvenesdalen lagar ein fullskalaopning i fjellgrunnen bak garden, og i Nesna sitt tilfelle gjeld plent det same for Steiragrøva rett ovanfor garden, og i Steiro i Alstahaug sitt tilfelle er det bokstavleg tala openbert kva namnet går på, med 5-6 slike ‘råff’ i fjellgrunnen langsetter føtene til «De syv Søstre».

Å syne dei mange rof langs foten av "De syv søstre".

Attom Steiro (Steinarof) i Alstahaug er det talrike rof mellom «De syv Søstre».

Mykje tyder på at også gardsnamnet Rofstad gnr. 55 i Melhus lar seg forklare på same vis, men skriveformene frå 1500-talet og seinare er mildt sagt forvirrande. Det er iallfall sikkert at forklaringa stemmer for åsryggen Rofsnutan i Kviteseid.

Glosen rof skal få nærmare omtale om litt, men først er å seie at ordet eigentleg kjem av norr. rjúfa v. (rýf, rauf, rofinn) «saaledes opbryde noget, at derpaa frembringes et Hul, en Aabning (rauf), en Splittelse eller Adspredelse, Opløsning» (Fritzner). Jamfør korleis vi stadig bøyer verba flyge, lyge og syge.

Ordet rof har forsvunne frå norsk talemål, men hadde sikkert ein uttale lik den i uttrykk som «det va berre så gåffe(t) stod», «måillgåff» o.l. Der har jo den norrøne forma gof overlevd lydrett, endå normert skriveform lyder gov.

Det same rjúfa er kjent frå ei mengd norrøne uttrykk (Fritzner), særleg knytte til vinden, veret og navigasjonen: rýfr / rauf i (veðrit): det klårnar / klårna opp. Dertil òg rýfr upp veðr, rýfr þokuna: skodda letnar, þá var rofit veðrit ok komit jarðfjúk: då klårna det og vart jordfokk (snøfokk langsmed marka i motsetning til himmelkov).Til slutt eit sitat som kan gje assosiasjonar med oppdaginga av Island, Grønland og Vinland og landkjenning i det heile: er [då]nokkut lítit rauf i veðrit, sá þeir fyrir sér bratta hamra.

Dette er uttrykk med avleggarar heilt fram mot vår eiga tid: På Andøya var det vanleg at når himmelen hadde vore overskya og det så oppstod hol i skydekket, snakka dei om klårhol, at «han slo hol», «slo eit glăn» (el. sol-glăn), tok eit gløtt eller eit lett oppi taket, og NB: riv han, reiv han, reiv hol eller gløtt o.l. Det er tydeleg at riv / reiv her har kome inn i staden for det opphavlegare rýfr, rauf i presens og preteritum.

Så mykje om bøyinga av det verbet som nomenet (substantivet) rof n var knytt til. Som ein ved nærmare ettertanke kjem på, fanst det også eit anna ord rauf f: ‘opning, rauv’ og ikkje berre i nedre halvdel av kroppen. Det finst eit ordtak om folk med samanfallande interesser som lyder så: «Di va ei rau(v) og ei kaka», altså rauv = mathol, munn. O. Rygh sette gardsnamnet Rauverud med ei lang renne i lendet i Fåberg på Oppland i samband med just rauf, altså opning. Ja, også ei ovtrong vik på Sandøya vest for Rebbenesøya i Troms heiter Rauva.

Ikkje nok med det, verbet å rjúfa har òg gitt opphav til avleiinga Ryvingen, især kjent som namn på ei øy ved Lindesnes som har fleire gjennomgåande og djupe innskjeringar. Også holmane Ryvingen i Grimstad, Kristiansand og Karmøy har lange og djupe skòrer gjennom berggrunnen.

No er det venteleg på tide å klargjere korleis namnet Steinrof kunne bli uttaleredusert til Steiro og dessutan gå over til å lyde Steira: Det første utviklingssteget verkar upåfallande, det andre forklarte gimsøyværingen Hallfrid Christiansen med ein dristig, men i lengda overtydande teori i eit par artiklar (1951, 1962): I målføre som hadde bunden form av linne hokjønnsord som den viså el. den viso skjedde gradvis ein overgang til den visa. Det skjedde så ureflektert eller ‘mekanisk’ at ord og namn som slett ikkje var linne hokjønnsord også gjekk med i dragsuget. Det førte til at Steiro vart Steira, og endå rarare: at Breimo i Nesna og Alstahaug vart til Breima.

Så er det på tide å røpe kva vel mysteriemannen Rolf kan ha med Steira å gjere:

Der er alt sagt at skrivetradisjonen for gardsnamnet Sterud på Hedmark heldt seg ganske stø på 1400-talet, men med eit par unnatak som varsla oppløysingstendensane som var på veg. Vi ser ikkje berre skriveformer Steinærofs og Stæinrofs sokn,men også det lydleg sett lite overraskande Stenrokss fjerding 1506. Hugs at ein overgang –fs > –ks tidt er påvist og kommentert i Norske Gaardnavne. Rarare er Steirolf (!) sokn ved sida av Steinerof sokn i diplom frå 1414. Dette kunne visst i og for seg vere berre ein lapsus, men var visst ikkje det, for same lapsusen andre vegen finst i eit diplom frå Tysnes 1327, der mannsnamnet Hrolfr manifesterer seg i formene Rofr og Ingibjorg Rofsdottor.

Å syne at det er fullt av rof lik opningar til alle kantar i Rolvsfjorden i Lofoten.


Rolvsfjorden i Borge løyser seg opp og lek i alle leier. Norgeskart.

No har ikkje rof n |råff| «opning» og mannsnamnet Hrolfr nemneverdig med kvarandre å gjere, men dei skriftlege avvika viser for det første at uttalen av l i Rolf(r) må ha vore slapp, i og med at forma Rofr oppstod. Uttalen av gardsnamnet Stein(a)rof må på si side alt tidleg på 1400-talet ha vore utydeleg nok til at det fall naturleg å skrive Steirolf, uttalerett. Tanken attom var kanskje at «-råff må jo vere feil for Rolf», jf. Tysnes-diplomet.

Attåt dette bør ein også merke seg udiskutabel genitivs s i notat som Steinærofs og Stæinrofs sokn og Stenrokss fjerding, ganske parallelt med gno. rofsmaðr m, ein som i ettertid gjekk tilbake på avgjerd eller dom og sa at denne ikkje var gyldig, sml. «avtalen ble gradvis uthulet » o.l. uttrykk i bokmål. I dei aktuelle stadnamna er det nettopp snakk om lokalitetar som er uthola på eitt eller anna vis.

Å domonstrere at Rolvsøya i Måsøy er full av innskjeringar og rof.

Rolvsøya i Måsøy. Norgeskart.

Brått er vi komne i den merkelege stoda at vi ikkje veit om stadnamn på Rofs-, Rovs- el. Rolfs-, Rolvs- byr på terreng- eller personinformasjon! Vi nøydest å vurdere kritisk kvart einaste namn av denne typen, og det første er Rolvsfjorden i Borge, der samband med mannsnamnet er særs tvilsamt, for det er jo ikkje eingong tale om eit gardsnamn. Derimot er fjorden særs fragmentert, både i indre og ytre delen. Særs oppsplitta og forriven er også Rolfsøya i Måsøy. Det er også Rolfsøya i Karlsøyvær i Kjerringøy, men då i langt mindre målestokk. Det er knapt annleis langs vestkysten i sør, enten vi skjeglar til Rolvsnes i Bømlo og Ullensvang, eller til Rolfsvågen i Tysnes og Rolsvågen i Samnanger, noko alle kan sjekke.

I tillegg kan det nemnast i fleng, frå dei sørlegare delane av landet, at oppsplitta berggrunn særmerker Rolvslia i Folldal, og variasjonar over same tema pregar både Rolfseidet i Rakkestad, Rolvshei i Flekkefjord, Rolvsmyr i Bygland – og Rolvsdalen fleire stader i sør: Dalar flest har saktens ein opning, det er berre at her kjem oppsplitta dalsider i tillegg.

Til norr. rof i tydinga klive, kløft, opning svarar rofna v. som hadde ei tyding lik rifna, klofna, og det er vel den enkle forklaringa på namn som Romnes i Nome og Seljord, men meir «kortreist» er dømet Romnedalen frå Rolla i Troms, påfallande lik Rummedalen i Vaksdal (-fn-> -vn- > -mn- > -mm-).

Vise at fjellet i Romnedalen på Rolla er full av *romner alias *rovner:  kliver i berggrunnen.

Romnedalen på Rolla i Troms. Norgeskart.

Trykt i Håløygminne 4-2024, nyredigert.