Apesland, Abusland, Abåsland
Dette er ei omfattande namnegruppe med store variasjonar:
Apesland alias Åbåsland i Laudal gnr 46 > Lindesnes gnr 646, vidare Abusland alias Åpåsland i Evje og Hornnes gnr. 31, pluss Åpåsdal alias Abusdal gnr 32. Dertil kjem Abåsland = Apåsland Finsland 27 > Kristiansand 527, og så utmarknamna Abuslandslia Lindesnes 719,4 pluss Abuslandsheia 718,1.
Dei eldste skrivemåtane frå tida kring 1600 er mykje meir einsarta, med former som Abidtz-, Abitz-, Abiz-, Abiß- og Abis-, pluss Å- i Aabids- og Aabitz, seinare kjem Abus- inn. Det kan likne ‘avbygd’ brukt om utkant, men *avbygds– som forledd i eit gardsnamn er av innlysande grunnar usannsynleg.
Rygh er viss på at gno. apaldr m «epletre» ligg til grunn og tenker på «et enkelt, iøinefaldende Exemplar» i slike tilfelle. Han viser til at dette ordet finst i lokale former som apål og åpål. For han var tidlege former på Abidtz- o.l. prov på at uttalevariantar av no. apall vart fordanska til abild i skrift. Ikkje heilt sannsynleg, dansk hadde inga rettskriving på den tid, dei skrivande hadde berre «hørelsen» å rette seg etter. Dessutan ser vi ingen skriveformer med l, som var å vente dersom dei hadde det klart for seg at no. apal og da. abild var det same – men om det no likevel var klart for dei, korleis oppstod då avsporinga Abus-?
Apald-, Apalds- som tenkt forledd skiftar Rygh ut med hypotetisk fleirtalsform i drøftinga av gnr 36 Apeland i Gjerstad: «Kan være *Apaland, af api m., Abe, og overført taabeligt Menneske. I sidstnævnte Betydning kunde det forekomme som Tilnavn og i den Egenskab give Foranledning til Gaardnavne. Dog kunde det vistnok ogsaa være *Apaldaland, af apaldr m., Æbletræ, ligesom Apeland i Tysvær». Første del av tolkinga har sant å seie ein dåm av «Vett og Uvett», det setter unekteleg også det alternative framlegget i eit uheldig lys.
Skriveformene på Abis- speglar ei langt eldre og uforståeleg namneform: Sørleg ss aapije, også aepie) er «stor myr, sumpiga felt», «myr som genomflytes av en bäck» men også «stor vattensamling som bildas vid snösmältningen (särskilt på myrar)» Til alle gardane ligg store myrområde, så det er godt realitetsforankra å tolke såleis, berre at det kan ha vore tale om ei adjektivisk form *aapijes, lett å mistyde som abis, abys og abus. M.o.t. Abusdal og Abusland i Evje og Hornnes, så synest det vere tale om eit vidt *abusland som når heilt sør til Abuslandsheia og Abuslandslia i Lindesnes.