Fot, Foten
Mange har ønskt å finne ut kva distriktsnamn som Lofoten og Ofoten eigentleg kjem av, og den som går teoriane kritisk etter i saumane, unngår knapt same slutning som Per Hovda, som omtalar dette i KLNM: «Namnet er utan rimeleg tolking» (1965:sp. 252). Siste ord er vel langtfrå sagt med denne gjennomgåinga heller, men det er lov å tru at ordskiftet kan bli tilført noko nytt.
Norrønt ordtilfang
Det synest naturleg først å orientere seg om kva for norrøne komposita med same sisteledd som finst i Johan Fritzners ordbok (medrekna tilleggsbindet ved Hødnebø): Knytte til mannakroppen direkte er berre mannsfótr og knésfótr = ‘knésbót, kalfabót’ (no kalvbot)! For seg sjølv står ei linn form bundinfóti, brukt som tilnamn for ein person som fekk spjelka eit lårbein. Med dyrenemningar finst det derimot ei rad samansettingar, oftare nytta som tilnamn enn i eigentleg meining, både i sg. og pl.: fe-fotr (jfr. ‘undir fefót’), baulu-fótr (‘kufot’), blá-fótr (om reven), fola-fótr, frauða-fætr (dvs ‘froskeføter’), geita-fætr, hesta-fætr og hrossa-fætr, hunds-fótr, oxa-fótr, svínfætr og så ulf-fótr. Dette lyder for det meste som klengenamn eller utnamn; sjå også omtalen av nyno. kid-fot lenger fram. Men våre notidsreaksjonar på det kan vi ikkje så lett overføre til eit norrønt publikum. Dei såg nok med stor sinnsro på slik ‘naturalistisk’ nemningsmåte – i alle fall baud livet på problem som var langt større. Dessutan var fornamnet det eigentlege namnet, slik islendingane reknar den dag i dag.
Lat det elles vere sagt at tilnamn som desse kan vere underfundige: Sam. golle-juolgge ‘gullfot’ vil seie «En, som er bange for at væde sin Fod» (Friis 1887), og golle-gietta ‘gullhand’ er «En, som er bange for at tage Haand i noget sølet»!
Elles siktar denne utgreiinga mot tilfelle der ‘fot’ ikkje lenger skal forståast konkret anatomisk, der det ikkje er tale om levande vesen. Utgangspunkt blir då halvvegs «Fod som bærer, tjener til Støtte under den derpaa hvilende Gjenstand» (Fritzner 1886), som arkar- eller ǫrku-fótr ‘kistefot’ (jfr. ‘Paktens Ark’), brùar-fótr (brupilar), bryggju-fótr og *kvern-fótr som førsteledd i Kvernfótavagr (nemnd i BK).
Nynorsk ordtilfang
Hos Aasen 1873 og Ross 1895 finn vi sms. som t.d. peis-fot, mold-fot eller saur-fot (på plog), og ty-fot eller mar-fot, mor-fot ‘brustolpe’, ‘stillasstøtte’. Sjølv har eg notert lembrufot ‘låvebru-fot’.
Nærmare det mellomalderske står visst geitefot ‘vippe’, spennreiskap for armbrøst (i setesdalsk, sjå Bø & Djupedal 1964:20). Det er strødde døme. Gno. tilnamn er merkverdig talrike i samanlikning, kanskje av di norrøne sogeskrivarar tok godt vare på den slags personalia? Ei anna sak er om ein maktar å forstå biletbruken som ligg bak alle dei sms. raritetane, jfr. dei to samiske glosane som alt er omtalte: På linje med andre slike tilnamn kunne vi t.d. tenke oss eit gno. *kið-fótr eller *kiðja-fótr som tilnamn, men det ville ikkje gje meining, med mindre vi på førehand kjente til oppslagsordet kidjafot hos Ross 1895 («kjeafot» i Sunnhordland, «kjeefot» på Agder): «Snottap som hænger ned fra Næsen», velkjent som kidfoten i nordnorsk. Og forklaringa på denne ordbruken skal vere, at når eit kid (kje) kjem til verda, tar det jamnast svært lang tid frå kidfoten viser seg og til heile kidet er kome fram i dagen.
Allmenn bruk av ‘fot’ i stadnamn
I namn på landemerke som stikk ut og fram frå eitkvart høgare og større er sisteleddet ‘fot’ godt kjent. Aller først kan vi nemne at Segleimfjellet i Rogaland er kalla Foten i méder (Hovda 1961: 230). På Stadlandet finst det eit fjell Varalden, som fell ut i Varaldfoten, også sagt Valfoten (Hovda og Grønvik 1959: 169). Aller lengst sørvest på Stjerna lik Stjernøya i Finnmark ligg Stjernfoten, medan fiskarar kring Andfjorden tar med i Grytfoten, som er sørkanten av Gryta |’grȳta| lik Grytøya i Troms, frå havet sedd. Ei av «De Syv Søstre» på øya Alsta heiter Grytfoten. Her er primærnamnet usikkert, men i eit rundvore dalsøkk i sørvest har Grytåa utspringet sitt (sjå Rygh 1904:308).
Trænværingane brukar Lurøyfoten som méd for mange tilrorar (Havnø 1937: 36, o.a.), liksom når andenesværingane på tilroren ‘Teisten’ tar med i ‘Fottinden‘, som stikk fram unna Teisten på Senja: Jamfør fær. fótur» det nederste af en klippe eller ø» (Jacobsen og Matras 1974:62). Vi tør nok rekne med at grunnordet framleis kan vere produktivt i fiskarane si namnelaging, i dei tilfelle då dei tyr til ‘taknamn’ (spontanlaga namn). Til same namne-gruppe må vi og rekne Årsteinfoten, som er det låglendte, nordaustre hjørnet av Årsteinen, den halvøya som utgjer ytste sørspissen av Hinnøya (høyrer til Vågan). Det budde folk i Årsteinfoten til for ganske kort tid sidan. Men Årsteinfoten ligg ikkje slik til at han har stort å seie for medtaking.
Vi kan òg notere Foten som namn på ein badeplass (rettare vel eit lite nes) sør for Fredrikstad, og dessutan på ein bøe like utom Skarstadfjellet i Ofoten, og på det ytste skjeret ved Sørøya i Herøy i Nordland: Her kan vi forstå namnet ut frå vanleg seiemåte blant fiskarar, nemleg «nedpå havet» (motsett «oppmed land»). Også på tørt land er det eit kjent grunnord: I Malnes sokn i Vesterålen har eg høyrt dalfoten om overgangen fjellside – dalbotn, synonymt med fjellfoten andre stader – truleg også bergfoten. Vi kan her gjere spranget til Füssen i Sør-Tyskland, som er ein by ved foten av Allgau-alpane, og Füssgönheim som vil seie «Gönheim am Fuss der Haardt» (J. Hartig, Kiel, i brev) og til Lullingesfote, Devon i England (Smith 1956).
Jf isl. hlíðar-fótur «det nederste af en Skraaning; Bjærgrod» (S. Blöndal 1920-24). Truleg finst lifot også som appellativ i norske målføre, men eg kjenner det berre frå stadnamn, via trikomposita som Bulifoten, Maskelifoten, Mjølifoten, Storlifoten, alle Andøya, enn vidare Demlifoten og Kulifoten på Hadseløya og Ranglifoten (Bø k.)
Denotasjonen ‘li’ eller ‘fjellside’ er i andre tilfelle underforstått: Skråmbergfoten er ein kort liten lifot under Skråmbergan på Nøss, Bratt(e)slåkfoten |»bratesla-| el. |»brasla-| ligg nedafor Brattslòka i fjellet på Bø (Andbø), mens Rundfoten mellom Bø og Kobbedalen er ei tungeforma li, avrunda nede av krattskog langs myrkanten. Rånfoten |’rånn-| er berre som ein ‘dunge’ i fjellfoten på Sørmela, under ei såkalt ròna (smeltevassfar ml. liene).
Mange av dei omtalte trikomposita har vore nytta oftare enn det bikompositum som lagar forleddet – vel av di folk hadde fleire gjeremål og ærend i fjellfoten enn oppe i fjellsidene. Ein kan og merke seg at Rundfoten er ei friare namnelaging enn dei andre, ettersom forleddet her ikkje seier noko om lendet ovanfor.
Isl. túnfótur er det nedste av tún (innmark, heime-jord), opplyser Þórhallur Vilmundarson (i brev). No kan vi vel gå ut frå at dersom det på ein gard er små høgdeskilnader, vil ein fótur vere naturleg orientert mot eit vassdrag el. ei strand. Så er nok tilfelle på Island – sjå litt lenger fram – men eg tar først med eit namn frå Tjøtta gard på Helgeland: Der ligg Fotåkeren attmed den litle Møllnesdalen (som vel har vore eit vassfar frå Storvatnet), ned-med brakkvasstjørna Osen. I dette tilfellet kunne vi nok forstå namnet som ‘åkeren som ligg nedst’, bortsett frå at *Åkerfoten burde vore naturlegare då. Men namnet Osen (og Sundet utafor) får meg til å mistenke at Fot- i dette tilfelle like gjerne er ‘bekkemunning’, sjå seinare omtale.
I Barðastrandarsýsla på Island finst «to ødegårde (hjáleigur) ved navn Fótur. Begge ligger nedenfor hovedgården ved kysten. Den.. … på Barðaströnd, ligger like nedenfor hovedgården ved en voðul (vaðall), men den annen, i Reykhólasveit, ligger ca. 2 km nedenfor hovedgården med en låg myr imellom», opplyser Þ. Vilmundarson.
Det verkar naturleg å oppfatte det første av desse to namna som ein ‘túnfótur’. I det andre tilfellet er det noko meir nærliggande å minne om dei gno. komposita *mýr-fótr og *mosa-fótr som enkelte stadnamn ber bod om (sjå seinare). Vi skal hugse at mosi m. i tydinga ‘myr’ ikkje berre er kjend frå dansk, men også frå somme norske målføre.
Omgrepet ‘dyrefot’ i stadnamn
Folafótur som stadnamn på Island er drøfta av Þórhallur Vilmundarson (1983:73), som jamfører med Folafoten fleire stader langs norskekysten, såleis både i Sogn, på Nordmøre og i Trøndelag, endeleg også «Følfoten, hólmar og sker meðfram Norðurlandsleið og ì Lófót.» Han siterer også Svale Solheim: «Namnegruppa peikar ut lokalitetar som ligg på viktige, kritiske eller farlege punkt i leiene, punkt der det galdt om for ferdemannen å ha augo med seg og ikkje koma på ‘ville vegar’, eller ta seg godt i vare for ikkje å renna borti grunnar, fluder og skjer og setja på spel skute, last og – på utsette stader og i dårleg ver – livet» (1947:6). Det er folen sitt lag å slå om du ikkje aktar deg, kjem Solheim inn på, og tenker seg tydelegvis Fola- og Følfoten brukt i overført tyding som namn på farlege stader. Blant desse må vel òg reknast ein grunne Følfoten sørom Sandvær i Sømna: Ikkje langt ifrå ligg grunnen Svartoksen, som har namn henta frå frå same tydingssfære.
Men no er det aktuelle grunnordet tvitydig å sjå til: a) foli m. ‘føl av hankjønn’ (Fritzner 1972). b) foli m. (gjerne skrive fóli og fuli) ‘tjuvgods’, eigentleg ‘det som er skjult’, til fela v. Vilmundarson – som viser til kva som før er skrive om norske stadnamn som Fåle, Fyllingen og Fosen – tenker seg *Foli i tyding b), som eit opphavleg nemne også for blindskjer og andre løynde (el. skal vi seie løynske?) stader – i somme tilfelle omlaga og omtydd til «Folafot».
Ei slik forståing av stadnamna Fola- og Følfoten er uproblematisk – så lenge dei er knytte til grunnar. For holmar o.l. som ikkje er overflødde læt det litt meir tvilsamt. Men vurderinga kan bli vanskeleg: Følfoten er eit noko høgt og langvore skjer sørvest for Ballstad i Lofoten, med nokså bratte sider, men forma er slik at ein på flo sjø berre ser (nedste del av) følfoten om lag ned til hovskjegget, men på fjæra kjem den attoverbøygde ‘litle hoven til syne’, opplyser Jan Sund (1978) etter ein 90 år gammal heimelsmann, som føyer til at sjølve Følfoten ikkje var farleg, men derimot ei flu like attmed. – Om Stor- og Litle-Følfoten i Vågan heiter det at dei er ganske like, sedde frå leia (Sedolfsen 1973), og at dei kvar for seg kan minne om ein følfot – endå begge er kløfta!
Kuskankan heiter nokre grunnar like utom Tinden i Øksnes i Vesterålen, farlege for ferdsla så snart han er noko åt veret. Det merkelege i det tilfellet er at det også heiter Kufótan |»kūfōtan| om dei same grunnane, nærmast som i tale til småbarn. Dette har eg høyrt sjølv, men også fått sanna av lokalkjende, sjølv om kartforma Kuskankan er den vanlegaste. – Her er det klart at det for fiskarane må ha vore knytt ein konnotasjon ‘farlig stad’ til ‘kufot’ = ‘kuskank’ som kompositum, begge i pl.: Beinveges samanlikning er lite sannsynleg her, så er også eit fritt varierande etterledd. Kufotan skal ha med den krokute farleia å gjere, fiskarane må kroke seg fram – slik kyrne gjer i ei bratt fjellside!
Særmerkt er også fjellnamnet Svinfoten |«svīn-| nordst på Hinnøya, på grensa mellom Andøy og Kvæfjord, nær grenda Kinn. Svinfoten er namnet på kartet, men daglegnamn no skal vere Storrapa |»stōrāpa|. Noko viktig médfjell er ikkje dette. Rett nok er der ein heimetilror Føten‘ for Kinn – Lovika der dei médar mot Svinfoten, det gjorde dei også på Nøss-havet, men kalla då fjellet Storbjørnen, eit namn også kjent i Bjørnskinn grend. Er kanskje eigentleg *Storbjørgen’. Méd-tradisjon elles finst det lite av.
No er det svært lausmyldt øvst i Svinfoten, fjellet er særmerkt ved at der ryr ut gråleg-kvit kvarts, er mest som snø. Elles har fjellet temmeleg avrunda profil på fråstand, jf. ‘Storbjørnen’, og det er uråd å forstå kva som kan vere ‘foten’, bokstavleg tolka, men kanskje er det ein lågare utlaupar på austsida av fjellet som ikkje er synleg frå Lovik-sida.
Eit par utgamle talemåtar gjer ikkje tolkinga noko enklare: I Bø minnest enkelte enno det figurlege ‘bere svinfot’: dvs. makte lite, og derfor utføre eit arbeid i mange vendingar, få lite utretta. – Dette rører ved gno. svínfætr pl. «ringe Personer», kjent frå eit sitat: ‘þeir sem nu bera tignarnǫfn [heiders-namn], mega at rettu svinfœtr kallast hjå hinum fyrrum hǫfdingjum» (Fritzner 1896). Talemåtane og sitatet synest begge å ha med ineffektivitet å gjere? At grisen går med noko korte, trippande steg? – det lyder nokså søkt – men ein bøfjerding som kjenner uttrykket er sikker i si sak: Det er fullt av små bein i ein svinfot! Forklaringa er ikkje innlysande, men gir likevel ei viss meining brukt om eit fjell der det jamt går ras (jf namnet Storrapa) så vel som i dei omtalte uttrykka. Alternativt kan gno. svínfætr om «ringe Personer» vere så å forstå at dei ikkje slik som hovdingane i eldre tider maktar å «leve på stor fot» med gjestebod osv? (Falk og Torp: 248).
Vassdrag har og sin ‘anatomi‘
Eit kompositum vasshovud finst i fleire nordnorske gardsnamn, enten nytta i denne forma eller også ved at ‘-hovud’ er føydd til eit nærmare spesifisert vatn-namn, t.d. Ømmer-vass-hovud, altså «til at betegne Elvens Udløb af Vandet» (Rygh 1905:54). Realt svarar dette til samisk jokka-oai’ve (også johko-, joga- ‘elvehovud’, «en elvs utløp av en innsjø» (Qvigstad 1944:39, nr. 435). Sisteleddet -oai’ve er og forklart som «øverste del av et stryk; den del av en elv, som er like ovenfor et fossefall (også brukt om landet der), egl. hode» ( 1944:54, nr. 666).
Vel så vanleg i samisk nemningsbruk er like fullt avleiinga oaivoš «elvs utlop av innsjø, utfallsos» (1944: 54-55, nr 667), og her kan ein (mykje godt om einannan, ser det ut til, nytte komposita som jaw’re-oaivoš, joga-, juho- oaivoš. Friis 1887 har berre oppslagsforma oaivuš «en Elvs Udlobssted, hvor den tager sin Begyndelse». Det er presisert nærmare under eit anna oppslagsord (som er non-anatomisk), jokka-giera «Flveudspring, første Begyndelse (naar den ei kommer fra lndsø)» – jfr. lulesam. jåkkågiera «den förste början til en bäck, älv» (Korhonen 1979). Altså er det berre elvar som kjem frå vatn (innsjøar) som har oai’ve el. oaivuš ‘hovud’.
Når ‘hovudet’ på eit vatn (jaw’re) er fremste delen, ‘utfallsosen’ (som i no. og sv. stadnamn) medan det på ei elv er øvste delen, er det lett å forstå at ein kan bruke jaw’re– og jokka–oaivuš utan stor tydingsskilnad.
l skotske stadnamn er der ein liknande bruk av gælisk ceann ‘hovud’, lokativ cinn, velkjend frå angliserte former td Kinloch, Kinlochbervie, Kinlochleven «at the head of Loch Leven», Kinlochrannok, osv. Men Kin lik cinn er òg nytta svært ofte om øvste delen av ei elv. Vidare er det òg interessant at lat. caput tyder bl.a. ‘oppkome, kjelde’ (Steinnes og Vandvik 1965). Tysk og engelsk blir omtalt litt seinare.
Når det gjeld sam. oaivuš og oai’ve nytta om det øvste av eit stryk eller fossefall, skal vi dertil merke oss at oai’ve vel så ofte som no. hovud (og som lat. caput) blir nytta i allmenn tyding ‘det øvste av eitkvart’, såleis t.d. čacce-oai’ve, norsk ‘vasslokket, vasskorpa’. Interessant er også det anatomiske forleddet i oal’ge-jokka ‘bielv’ (nr. 435), til oal’ge ‘skulder’.
‘Vasshovud’ er alt nemnt. Det finst som gardsnamn i Salangen, (på) |’vasøu| og i Vefsn. |»vasshȫve|. Same uttale har Vasshovudet ved Unkervatnet i Hattfjelldalen: Der var det også ei turisthytte som dei norske kalla Luspen, eigentleg sam. lus’pe, svensk ‘forshuvud’: «där en älv rinner ut ur en sjö» (Korhonen 1979). Jf òg Fosshovudet i Klæbu (Rygh 1898:58) og Laksforshovud i Grane, før Vefsn (Rygh 1905: 68). Det er altså sekundært når Rygh seier at dette er «Navne paa Gaarde, som ligger ovenfor en Fos» (Rygh 1911:54).
Ortnamnsarkivet i Uppsala har velvillig late meg få registr.-kopiar som viser at Forshuvud(et) også finst eit par stader i Jämtlands og i Kopparbergs län. Forshuvud(et) i Judalsälven i Ragunda s. i Jämtland utgjorde «det översta fallet i Krångesforsen» og Forshuvud i Venjans sokn i Kopparberg er tilsvarande «det ställe i Vanån, där Landbofors börjar».
Eit liknande kompositum er Strömhuvudet, særleg utbreidd i Jämtland: I Lillhärdals sokn er namnet såleis knytt til «den del av Härjån, där densamma börjar forsa nedanfor Orrmosjön», eller i ei anna oppskrift: «strömmen börjar där». Yngre preg har namnet Kanalenshuvud om ein dam (demning) i Trögs hd. i Uppland, i ei litterær kjelde frå 1741. Så langt om ‘hovud’ som hydronymikon.
Det naturlege motstykket skulle bli sam. juol’ge ‘fot, bein, og iflg. Friis 1887 tyder avleiinga juolguš nett «en Elvs Udløbssted i Søen». Merkeleg nok finst ikkje den opplysninga i noka anna samisk ordbok, etter det Thor Frette kjente til. Qvigstad har ikkje noko tilsvarande stadnamn heller. Der er likevel ingen grunn til å drage opplysninga i tvil.
Atter noko langhenta, men likevel relevant nok er det å samanlikne med skotsk waterfuit «river mouth» (Graham 1978), då med forleddet i vanleg skotsk tyding, ‘elv’. No er det så at ein av historisk årsak svært ofte finn piktisk aber og gælisk inver ‘elve-os’ i skotske stadnamn. Blant dei engelsktalande (som dei aller fleste skottar er no) er stadnamn-elementet ‘waterfuit’, ‘waterfoot’ likevel velkjent, især om bustader ved elvemunning. Komposita som Blackwaterfoot finst og.
Endå vanlegare er -foot i same tyding, med elvenamn til forledd: Elvanfoot, Caddonfoot, Lendanfoot. Friare namnelagingar er òg mange av, ikkje berre t.d. Lochfoot, men òg Bankfoot, Croftfoot, Glendfoot, Greenfoot, Townfoot og fl. I gælisk namnetradisjon der utmerkingsleddet står sist ser derimot ikkje cas ‘fot’ ut til å vere kjent frå hydronymika, derimot det non-anatomiske bun, t.d. Bunawe (Argyll).
l den engelskspråklege tradisjonen i Skottland er -head om øvste delen av ei elv, el. eit vasshovud, endå meir vanleg enn –foot og (-)waterfoot, i tydinga «at the bottom or downstream». I så måte opplysande er namnerekka Burnhead, Burnfoot, Burnmouth, til skotsk burn: ‘bekk’. Især dei to første er frekvente namn; dertil kjem trikomposita som t.d. Byreburnfoot.
For oss norske er det interessant nok å jf Burnfoot ‘bekke-os’ med angliseringa av gno. bekkr som har skjedd i Beckfoot (Nicolaisen 1976:100). Denne siste namneforma vågar eg også å jamføre med eit svensk motstykke, endå det reale ikkje er heilt klarlagt: I Nederkalix sokn er det i Ytterbyn eit namn Bäckhuvudet «forhöjning vid en bäck», eller «högre område där en bäck förut rann ut i Infjärden» (oppteikna 1948 av Anna Rönnquist). Det er uvisst om ‘huvud’ primært denoterte vassdraget eller kollen attmed; oppskrivaren rekna truleg med det siste.
I Lancashire i England er Waterhead «at the upper end of Coniston Water», då visstnok om kolle el.l. Veldokumentert er i alle fall head, gleng. hēafod, i tydinga «the source of a river», især der eit elvenamn er forledd: Coverhead, Ribblehead, Swines-head, Urehead (Smith 1956:236). I ordbøkene finn vi også appellativa fountainhead, springhead, wellhead, som kan sjåast som yngre tautologiar. – Ein tilsvarande bruk av haupt i tyske stadnamn frå mellomalderen er også påvist (Schröder 1924, 1926). Som ein parallell til namne-paret Bäckhuvudet – Beckfoot kan vi også samanlikne eng. wellhead med naturnamnet Vildfod frå Sydslesvig, der forleddet truleg svarar til riksdansk væld ‘kjelde’. (DS 5:141). Dessverre er det ikkje opplyst kva slags lokalitet Vildfod er, sjølv om det heiter at «sidste led er Substantivet Fod, her vel om en Krog af en Mosestrækning eller lignende … )».
At ‘hovud’ og ‘fot’ kan gjelde den øvste, respektive nedste delen av ei myrstrekning er ingen tvil om: I Oberbayern finst Mooshappen, før Mooshaupten (Schröder 1924:113), liksom Vågslid (1960) nemner Trandlemyrfoten frå Aust-Agder og det historiske Mosafotenn på landskilet mellom Noreg og Gautland – av Erik Noreen identifisert som «den sydligaste utloparen av Tronemosse på gränsen mellan Sundals och Valbo hrd.» (1919: 155).
Fótur i Reykhólasveit er alt nemnd, men *vældfod peikar i noko anna lei, ikkje berre jf med t.d. gleng. Wulfwælles heafod (Schrøder 1924:117), men også med gno. vella f i poetisk tyding ‘elv’ så vel som i norske elvenamn (NE67) – og dertil med nyno. vell, vill n. ‘kjelde’ (Aasen og Ross, frå Vestagder). Variantar i gleng. er wælla, wella o.l. (Smith 1956).
Danmarks Stednavne (5:141) viser for sin del berre til –fot(en) som sisteledd i namn på fjordar og på vikar i norske innsjøar. Oluf Rygh tok alt i ‘Norske Fjordnavne’ med Foten som namn på ei vik i innsjøen Øyingen i Stod i Innherad (1896:32), usagt om det fell ut noko vassfar på den staden.
Garden Forfot (nedre) i Åfjord i Sør-Trøndelag ligg etter ØK å dømme som ein verkeleg ‘fot’ i lendet ved eit ganske djupt bekkefar, Rottabekken, som fell ut i Stordalselva. Her blir førsteleddet tvitydig, då det også kan vere gno.- nyno. for‘ (naturleg) renne’, ‘veit’ o.l. – Tjørna Forfoten i eit myrsøkk nær Rottjern – Trangen med avrenn til Børtervanna i Enebakk er òg vanskelegare å vurdere m.o.t. namnetype. Så har ein informant opplyst at nokre småvatn som utgjer eit lite nedslag til Holmevatn i Uvdal i Buskerud, dei ber namnet Tverrfoten. Desse fire namna ser nokså uvisse ut, sml med bruken av foot i engelsk og skotsk.
Revåfoten
Det finst andre fot-namn som etterlet langt mindre tvil: Først Indrebø (1828:161) og seinare Vågslid fortel at ei grein av Revåa frå Revsjøane i Vestre Gausdal heiter Revåfoten, og her opplyser Alv G. Nordal Muri at det er nedste delen av åa som heiter så, altså osen i Dokkvatnet. Namnet blir også nytta om landskapet nærmast osen.
Bremafoten
Bremafoten heiter eit elvefar mellom Lakjen og Kagelitjern (Bjørnesfjorden) i Nordmannslågen på austre Hardangervidda nemnt i Gyldendals Store Konversasjosleksikon l (3. utg., 1972). Det var Tom Schmidt ved Institutt for namnegransking som gjorde meg merksam på det namnet. Vidare kunne Botolv Helleland opplyse at Bremafoten ligg om lag midt i Bremafotelvi, som renn frå Lakjen og over fylkesgrensa ned til Kagelitjern. Høgdeskilnaden kan vel vere eit par titals meter, og denne renn elva stort sett av seg nett i stryket Bremafoten. Utt. er både |brɛ:ma-| med open e og |brema-| med trong e. Helleland reknar med at det første er eldst, og at forleddet mest truleg er brim n. ‘brenning, brott’. Vi kan då sjå på Bremafoten som utfallsos for Nordmannslågen i Bjørnesfjorden, plent som Revåfoten er det for Revåa – Revåsjøane i Dokkvatnet. Særmerkt for desse namna, sml med dei følgjande, er at vi her har med innlandsvassdrag å gjere.
Ålfoten og Åmelfoten
Ålfoten er ei tettgrend i Bremanger og ligg på eit delta der Myklebustelva fell ut: Ho går i eit 50-60 m langt stryk i høgde med Følshammaren, og kan som andre vassfar vere litt gøyven visse tider på året. Likevel treng vi ikkje ut frå skriveforma (i) «Olmfota» c 1360 føresette eit individualiserande elvenamn *Olm eller *Olma (til gno. olmr adj. ‘vill, rasande’), for eit elvenamn Olma finst fleire stader i landet, kan hende også *Ylma : I gleng. finst ei rad namn på wælm, welm, wielm, wylm ‘a spring, the source of a stream’ (Smith 1956) – merk dessutan komposita som ǣwel og ǣwelm, til gleng. ēa ‘å, elv’. – Namnet Ålfoten må tidleg ha kome til å gjelde også fjordarmen der deltaet er (sjå omtalen av Lofoten, når det gjeld linn form -fóti).
Åmelfoten i Volda ligg på flata der Åmelfotelva renn ut i Dalsfjorden. I flg. NoSt har Sophus Bugge tolka forleddet som gno. *Hǫmull- tilsvarande nyno. humul m ‘hard jord med småstein, fast jord’. Åmæla som opphavleg namn på Åmelfotelva står på somme kart, men er sagt meg å vere ein konstruksjon frå notida.
Namn som Bremafoten, Revåfoten, Ålfoten, Åmelfoten jamførte med nemningsbruken i skotsk og engelsk gjer det sannsynleg at -fótr m vart brukt som synonym til –óss m og –munnr|-muðr og –mynni/–minni n; kanskje var -kjaptr, -kjǫptr m òg nytta såleis -jfr. nordno. ‘bekke-‘ og ‘elve-kjeft’.
Namn som Revåfoten og Ofoten (sjå seinare) gjer at vi òg ser for oss eit kompositum *árfótr m parallelt med t.d. áróss, elvaróss, lækjar–óss, o.l. Bruken av namna Revåfoten, Ålfoten, Åmelfoten viser òg at slike namn også kan gjelde landskapet ved elvekjeften, tilsvarande dei tilfelle der os og minne (mynne) er sisteledd. For gleng. -fot som sisteledd gjeld: «used especially of land at the mouth of a stream» (Smith 1956: 185). Frå Cumberland blir nemnt døme som Beckfoot og (‘minor names’) Cumel-keldfot (frå Devon også Ocbrokesfoten, d.e. ved elva Obrook, sml gleng. bróc ‘bekk’). – Derimot primær tyding i skotsk foot, fuit ‘elvemunning’.
Skulle vi slumpe til å finne ‘fot’ nytta om flatt landskap meir allment, ville ikkje det vere noka overraskande tydingsutvikling, aller minst dersom det gjaldt flatvorne landtunger eller oddar som likna noko på ei øyr (eit delta). På hi sida er det like god grunn til å forvente meir utvida bruk av ‘fot’ som hydronymikon, på det vis at det ikkje berre gjeld elvemynnet, men òg vika, bukta eller fjord(arm)en der elva fell ut, for så i eit eventuelt siste stadium å bli nytta om ‘vik’, o.l. meir allment, utan at noko vassdrag ender der. Det er noko meir enn teori, sml td os m. «ogsaa brugt om Fjordmundinger, Indløb fra Havet og lignende Situationer» (Rygh 1898: 69) og vidare å = o f. i den særlege tydinga «en lang, smal og grund Vig, som gaar ind fra en Flod eller, sjeldnere Indsø» (Ross 1895 frå Østfold).
Klart figurleg er at samisk nyttar t.d. oai’ve ‘hovud’ som hydronymikon, i Lyngen vil såleis àja-oai’ve seie «et opkommes utspring» (Qvigstad 1944:7, nr. 15). Venteleg fell det ingen inn at kjelda liknar hovudet på eit dyr eller menneske ? Dette er jo spissformulert, men i utgangspunktet må vi vere like nøkterne og ikkje forvente anatomisk likskap der vi har å gjere med –fot(en) som sisteledd i namn på tjørner og vatn el. vikar og fjordar, øyar og skjer, ikkje eingong når namnet beintfram er eit ord nytta om levande skapningar eller delar av kroppen på desse (Lofot, Vargfot).
M.o.t. det salte element, kunne ein saktens også tenke seg fjordar, sund og havstykke med ein figurleg ‘anatomi’ som svara nokolunde til den ein kjenner til frå vassdrag: Vi har i det minste ‘fjordarm’, og gno. ‘utarmar úthafsins’ (Fritzner), men fjordar er knapt oppfatta som ‘føter’ av havet. Blant Vesteråls-fiskarane var det andre uttrykk som gjaldt, som ‘oppmed land’ (‘opp-med’ adv.) og ‘nedpå havet’ (‘ned-på’ adv. = ut-på).
Olfoten
Det er no på tide å sjå nærmare på gardsnamnet (i) Olfoten |»ołfōD˜n| på Dønna – rettare sagt (på) |dȫn~n|. På 1500-talet heiter det ‘Vlffoden’ (NRJ III: 181) og ‘Vlfott’ (1567), men frå 1610 og utetter får vi det kompliserande førsteleddet ‘Vgel(l)-‘, ‘Ugel-‘. Ei saumfaring av leidangslister, skattemanntal o.l. på mikrofilm har etter kvart overtydd meg om at dette er ‘fantom-former’: Skrivarane rotar nemleg støtt i hop Ugelfor(en) i Vefsn og Olfoten i Herøy (no Dønna) Uttalerett heiter Vefsn-garden Ukkelfora |»ukełfå:ṇ~ṇ|, dat. (i) |»ukkełfå:rä|. Merk at garden i Vefsn heiter «Ugelfod» i 1/2-pundsleidang 1624-1625, likeins i leidangs- og leiglendingslista 1626, ja i leidangen 1626-1627 er namneformene for Vefsn og Herøy bytta mesta fullstendig om! For Vefsn sin del heiter det i endå, i leiglendingslista 1644 – 1645, ‘Ugel-‘, ‘Uggelfotten’. Liknande former går igjen heilt fram til 1650. For Herøy – no Dønna – fanst det omvendt ‘Ugelford’ (]eigl.) og ‘Ugelfuor’ (full-lønsdrengar) året 1624. Året etter var det framleis ‘Ugelford’ (leigl.), men ‘Ugelfoed’ (full-lønsdr.) 1626 derimot ‘Ugelfod’ for leiglendingane, mot ‘Ugelforen’ for husmennene! Etter mine notat held dette virvaret for garden på Dønna fram til 1633 – 1634.
Skriveformene for Olfoten og Ukkelfora illustrerer avskriftmekanikken i rekneskapslistene på ein framifrå måte. Sml med 1500-talsformene og notidsuttalen er dei derimot uinteressante.
Eit elvenamn *Ugla har sannsynlegvis vore til (NE 283), og det ville nok lett misse g i nyare uttale, t.d. som førsteledd i eit kompositum *Uglufótr, Aasen 1873 har faktisk oppslagsform ula f. Men på Dønna heiter det stadig |»uglæ|, så vi vil våge å «lata den fuglen fljuga». Vil vi plent ha førsteleddet til å vere eit ord for ein levande skapning, verkar det gno. *ulf-fótr meir sannsynleg, ut frå 1500-talsformene og notidsuttalen (sjå likevel lenger fram).

Temmeleg interessante er desse opplysningane (utan forfattarnamn) saksa frå «Vesterålens Avis» 14. sept. 1926: «Olfotvandet, eller rettere sagt -vandene (der er nemlig 3 vand av dette navn indenfor hverandre) strækker sig fra yttersiden av Dønna antagelig ca. 5 à 6 km indover øen. Alle vandene ligger lavt, så lavt at sjøen ialfald på springflo går op i det inderste vand. Jeg har for endel år siden fisket flere gange i del inderste Olfotvand og blev ikke lidet forundret da jeg på min første tur fik en flyndre på stang, samtidig som etpar av mine venner stod på et nes længere nede i vandet og hadde sin fulde hyre med at dra ind sei på størrelse som middelsei. – Avvekslende fik vi desuten ørret, røer og ål, m.a.o. et indholdsrikt vand. Næste gang jeg var i det samme vand rodde jeg med sluk, da der efter sigende skulde være stor ørret i vandet. Jeg fik et voldsomt nap, håven var parat og jeg glædet mig til å ta ind en pen ørret, men skjønte straks der var ugler i mosen. Fisken fulgte villig med og lignet forsåvidt ingen ørret, og efter en stunds haling stod snøret ret tilbunds. Op av vandet kom omsider hodet på en torsk på størrelse som en veritabel lofotskrei. Antaglig var overraskelsen like stor på begge sider av båtripen, for med det samme torsken så min overraskelse gik den sin vei, og glad var jeg, for det var ikke egentlig torsk jeg fisket efter. Vandet er ialfald i overflaten ikke brakt (vi drak av det og brukte det til kaffevand), men rimeligvis står der sjøvand på bunden, siden både torsk, sei og flyndre lever der».
Berre ei av opplysningane er ikkje heilt korrekt: Det øvste av tre vatn, kalla Hillsetvatnet etter garden attmed, inneheld berre ferskvatn og dei fiskeslag som ein forventar å finne der. I det 15-16 m djupe Mellomvatnet er det derimot brakt vatn, endå der ‘legg seg’ (is) tidleg på hausten. Største innslaget av saltvatn har Nervatnet, som er 56 famner på det djupaste og fell ut i Høla |’hø:łä|.
Garden Olfoten ligg i øvste enden eller skal vi seie botnen av Nervatnet, så å seie på eidet mellom dei to nedste vatna, eit område visstnok kalla Duken og venteleg flatt. Attmed garden renn Olfotbekken. som tidlegare var ein god gytebekk, men no er øydelagd av vegvesenet, etter det ein heimelsmann opplyser.
Olfot-vassdraget skal etter munnlege utsegner ha vore høgt verdsett og skattlagt frå gammalt. Parallelt med hovudvassdraget og bak åsdraget Gylta nordaust for Olfoen gard renn elva ‘Gaanga’ (skrive så på gradteigskarta). Ho var eingong rik på sjø-aure. Elva fell ut i Øyvågen, berre skild frå Høla med eit nes. – Ho buktar i tallause svingar, og etter uttalen l’gåᶇᶇä| å dømme har det meir for seg å skrive namnet som Gonna (dialektisk) eller Gorna (normalisert), til gno. *gǫrn f. ‘tarm’. Altså eit samanlikningsnamn.
Som før nemnt har dei brukt å ta mange slags sjøfisk i vassdraget, deriblant ål. – Men gardsnamnet har likevel eit anna opphav: Her går ei utprega renne, eit lågt smalt dalføre om ein vil, tvers over Dønna frå Dalsvågen til Skagafjorden. Førsteleddet kan då vere gno. áll m. ‘djup renne; straumrenne’ (i ordbruken til nordlandsfiskarar er straumrenna også sjølve rørsla), men áll er òg ‘havstraum, hav’, dessutan også ‘rand, stripe’ (Heggstad 1963 o.fl.). Det siste minner om noko O. Rygh nemner om nettopp áll: « I Stedsnavne ofte ikke til at skille fra det vistnok beslægtede Ord ål, ól f, der nu betyder en Rem af Læder (1898:41). Så vi kan nok samanlikne gardsnamnet Olfoten ikkje berre med gardsnamnet Ol i Stod, men også med Olåa i Tolga og Olvatnet i Bjørnør (NE 178).
Av det som er sagt, vil framgå at det er vanskeleg å skilje skarpt mellom ‘dalføret’ og vassfaret der (med den havstraumen som må ha gått langt oppigjennom frå gammalt av), men slik garden Olfoten ligg, er det rimelegast å tolke sisteleddet som ei nemning for den nedste del av vassfaret eller *óla, *ålen.
Ofoten
Oluf Rygh er inne på spørsmålet om sterk eller linn form av namnet Ofoten: «Paa disse ældre Steder, hvor Navnet forekommer, er der en Vaklen mellem to Former, Ofóti og Ofótr. Ganske det samme er Tilfælde med de gamle Former af det beslægtede Navn Lofoten. l Sn. Edda opføres Ofoti blandt Fjordnavne, og dette er vel Navnets opr. Betydning, medens det senere er gaaet over til Landskabsnavn, idet Fjorden har faaet et med -fjǫrðr sms. Navn» (1905:296). Kategorisk i det formelle er Sophus Bugge som tenkjer seg at «den rette Form af Fjordnavnet er Ofóti, som de ældste og bedste Kilder har. Ogsaa det andet Fjordnavn, hvis sidste Led er analogt med dette, Aalfoten i Nordfjord har svag Form, i Olmfóta» (Rygh 1905: 410).
Aslak Bolt nemner gardane Balsnes, Arnes, Råna, Djupvika, Kjelde, Liland, Barøya og Vidrek – litt på slump. Sistnemnde ligg inst mot sidefjorden Skjomen – merk Skjomgrunnen like utom garden – mens Berøy = Barøya er ytst i Ofotfjorden, som dei no reknar derifrå og til Narvik. Kanskje var alt innom Vidrek finne-fjordar på 1400-talet, stort sett? Alle dei gardar som står under samanfatninga ‘i Ofot’, ‘i Oofot’ i margen hos AB, ligg (med unnatak for Barøya og Liland) kring sidefjorden Ballangen, rettare Balangen |’ballaᶇen| slik S. Bugge skreiv (Rygh 1905:410). Jf «Bal-» som variant i 1567, vidare slik i 1610, 1612, 1647 og J723. Jf dessutan Malangen, Salangen, Gratangen, Lavangen, alle med kort a i førsteleddet.
I AB står «af Bagangersnese» for Balsnes |balsnes|. Sophus Bugge tenkte seg ein dissimilasjon Bagangr > *Baðangr >Balangr, det første som avlydd form til bågr adj. «hinderlig, vanskelig» (loc. cit.), og her gjekk så E. Vågslid vidare, med *Baga-angr > Baganger«til eit eldre fjordnamn *Bagi … bægin fjord … av di han er svært landgrunn på båe sidor og særleg i inste enden» (Vågslid 1960:28).
Fjorden er like farande som mange andre, så eit slikt pejorativt namn er lite sannsynleg. Derimot er det mange sandryggar langs Ballangen, særleg på Balsnes, og namn og nemningsbruk kring i landet viser at *baðr m., *bað n tidt har vore nytta om slike formasjonar (Hoel 1985:18, Myrvang 1982: 95). Ein kjenner frå Borge i Lofoten ein lydvokster *baðr m > bag m, jf slað n > slag n, likeins slóð > slog. Ei utvikling *Baðangr > Bagangr> Balangr er av slike grunnar meir sannsynleg.
No er Balsnes skiftesvis skrive «Bals-» og «Balles-», «Ballis-» på 1500- og 1600-talet, endå notidsuttalen Bals- med tonem 1 lite høver med eit fjordnamn *Balir: Jfr. likevel samisk Bàllag eller Bàlak (Qvigstad 1893 : 100 og 1938: 206) med gno. bali m. ‘jamn bakke frammed stranda’ – likeins med Balangen, eit fjellvatn i Hedenstad i Buskerud (lndrebø 1924) – der óg sett saman med bali m. Balangen heiter også ei sandbukt ute på Tjeldøya i Ofoten, fortel bygdebokforfattar Magnus Pettersen.
Tonelaget kan derimot gå saman med *balr m. = bali, eller med *baðall > *Baðalsnes, jfr. *beðill m. (Hoel 1985: 22). Merk at dei to siste formene kunne gje *Baðla-angr> Balangen. Valet mellom *baðr, *baðr eller *baðall | beðill er derfor ikkje så enkelt.
Skriveforma ‘i O(o)fot’ i AB viser (liksom elles der vi har eit samanfatningsteikn) kva område gardane låg i. Enten er brukt fjordungsnamn «i Myndo» f., «i Herøy» f., «i Nesna» f. Eller i staden sokne-namn: «i Vika» s., «i Brunøy» s., «i Bodina» s., «i Steiga» s., «i Lodengia» s. Vidare også fjordnamn og: «i Vefsne», «j Harme». «i Salta», «i Bedianom», «i Tieldasundom», «i O(o)fot». – Litt for seg sjølv står namneformene «i Salftadal» og «i Hamarøy», ettersom dei visst er nytta reint geografisk, ikkje administrativt.
Systematikken i AB er klar nok: Der bygdelaget er omtalt administrativt, er fjerdings- eller sokne-namnet nytta – alternativt eit ikkje-administrativt områdenamn, oftast eit fjordnamn som ein stort sett brukar like eins den dag i dag. Når Ofot i AB femner om Barøya og Liland, som no, må Ofoten alt den gongen ha vore fjord- og bygdenamn. Det heiter forresten ‘på Ofoten’ sjøverts den dag i dag, alternativt ‘på Fjorden’.
Eit eige bygdenamn ófót f. slik Vågslid opererer med (op.cit.) er hypotetisk (den grammatiske sida av saka er drøfta i samband med Lofoten, seinare). Andre kjelder enn AB har berre linne variantar av fjordnamnet, «um Ofota», «Ofotafiörðr», «Ófóti» og «ur Ofotans firði» (Rygh 1905:296), og det er svært tvilsamt å tale om avleiingar, slik Vågslid gjer. Det skin òg linn gno. form igjennom i sam. Ofüohttà, Ofuot’ta (Qvigstad 1893:250, 1935:7).
E. Vågslids grunnlag for ei særskild hokjønnsform -*fót er avlydsrekka til det sterke gno. verbet feta- fet- fat/fátum ‘finne fram, finne veg, el. lei’. Vågslid vil ha pp *fotinn, men *fetinn vel er det regelrette? Her er det ikkje lett å godta resonnementet hans. På hi sida trur eg nok han har rett i at førsteleddet i Ofoten er gno. ó = a f. ‘å, elv’, og her kan fjorden ha fått namn av dei mange vassdraga der han er på det trongaste, nemleg mellom Kjelde i sør (med bl.a. Kjeldeelva), og i nord Tårstad, der sjøen på store flør enno går langt opp i Tårstadosen mot Lavangsvatnet, og i sistnemnde fell den fiskerike Nautåa ut (vel til gno. naut f. = nautn f. ‘nøyting, bruk’). Men tenker vi såleis, kan andre vassdrag òg ha verka med til namnelaginga, som Storelva ved Myklebostad på Tjeldøya, Kjerkevatnet med Stunesosen nær Evenes kyrkjestad, vassdraget i Råna | ‘rå:na| og kanskje endå fleire. AB er her òg den beste heimel, med vendingar som «af Ranafisket er b(ygt) landzlut», «af Keldo …….. er til fiske a», «af Lidalande liger til selueide oc fiske».

Likevel, eitt topografisk utgangspunkt for fjord- og bygdenamnet er så klart meir tilfredsstillande enn ein ‘multippel’ forklaringsmodell, så E. Vågslid gjer rett i å konsentrere seg om det store vassdraget som fell ut mellom gardane Balsnes og Bø, innafor det området der vi finn fleirtalet av gardane som AB plasserer «i Ofot»: 3-4 bekkar samlast i Mørkhola like innom botnen av Ballangen, nemleg Mørkholelva, Botnelva, Kvanntoelva og Nøkkelelva (tvillaust <*Mikil- slik Vågslid meiner), og dette skjer i Suorra, samisk suorri ‘forgreining’. Så renn Djupåa vidare gjennom myrstrekningane ut i Alfavatnet, før kalla Svanvatnet og. På kartet står «Alfan-»; no står denne forma sterkt i talemålet med, etter regressiv fjern-assimilasjon? I Alfavatnet fell også Stria |’stri:a| og Tørstarbrynnen ut, merk også vassdraget eller blautmyra Langeblå i sml med isl. blå f. ‘blautmyr’ og blå v. ‘fløyme utover’.
Frå Alfavatnet fell Åa ut i Saltvatnet, ved Balsnes. Det har avlaup til fjorden gjennom Storelva, som var fiskerik før. Vassdraget har høg nok alder: I Mørkhola er funnen beingrinda av ein kval, med radiologisk fastsett alder til 9000 år ± 100.
Mellom den nedste delen av hovudvassdraget og fjorden Ballangen finst òg eit litt mindre vassdrag, på gamle kart kalla Husvatnet, langvore, men no for det meste attgrodd. Sjøen har gått opp der no og då i manns minne, og fram til 1920-åra fiska dei kjøe der. – Kartet viser tydeleg nok (sjå myrdraget på kartet) at dette litle vassdraget ein gong var mykje lengre; også Saltvatnet og Alfavatnet må har vore ein god del større i gammal tid. Vågslid meiner at det store vassdraget, som startar med *Miklaá og ender i Storelva, ikkje kan ha hatt noko samlande namn. Likevel hevdar han ut frå sine eigne føresetnader at ferdsla følgte vassdraget, ikkje fjorden *Bage, og at «Ofot tyder ordrett fotstig eller gangleid langs med ei å» (loc. cit.).
Førsteleddet Ó– = Á– må ein kunne kalle ganske eintydig, jf Nøkkelelva – Djupåa – Åa – Storelva. Men i motsetning til Vågslid meiner eg at sisteleddet –foten er det same som i Olfoten, Revåfoten o.a. – altså tilsvarande gleng. fot «land at the mouth of a stream». I den samanhengen synest Sletta = Elvesletta ved Storelva å ha stor interesse, likeins gardsnamnet Bø eit lite stykke lenger ut.

Vi kan då vi sml namnet Ofoten ikkje berre med Odalen i Hedmark, men også med gardsnamnet O i Aker, i Vang (Hedmark), i Gran og i Ramnes (NE 177). Så blir då også bygdenamnet Ofoten skrive Åffotten i ei svensk skatteliste frå 1586 og Aafougden i ei lokal sakefallsliste frå 1646-47, opplyser Magnus Pettersen [her ligg stavemåten -fougden tett opp til vanlege fornorskingar av sam. vuovdi ‘skog’].
O. Rygh har så vidt nemnt ei anna forklaring på førsteleddet ó- : «Efter den sproglige Form synes Ofóti som Iste Led at indeholde det nægtende Præfix ó-» (Rygh 1905:410). Han følgjer ikkje sporet vidare, men vi kunne vel samanlikne med Ofjord i Hasvik i Finnmark, jamfør «Udfiorbotten» 1689 og så ei opplysning frå 1776: «Ufiorden er ubeboelig» – altså ein tenkeleg parallell til gno. úbygd (Rygh 1924:120). Det er like vel urimeleg å stille Ofjorden og Ofoten saman såleis, både klimatisk, topografisk osv. Dessutan krev evt bruk av nektingsprefikset ó- = ú– at -fótr eller -fóti må ha hatt ein allmenn denotasjon «fjord». – Endeleg kan det også hende at Ofjorden i Hasvik berre er ein adapsjon til norsk av samisk Uffir-vuodna (Qvigstad 1938:68).
O. Rygh slår elles frampå om ei anna tolking og: «Eller skulde Iste Led i Ofoti være en Sideform af oldn. úfr, Bjergugle?» Han underbygger heller ikkje dette, og fleire døme på tilsvarande lydovergang finn ein neppe.
Lofoten
O. Rygh er som før nemnt inne på spørsmålet om sterk eller linn form av namnet Ofoten: «Paa disse ældre Steder, hvor Navnet forekommer, er der en Vaklen mellem to Former, Ofóti og Ofótr. Ganske det samme er Tilfælde med de gamle Former af det beslægtede Navn Lofoten….»
Sophus Bugge meinte derimot, m.o.t. Lofoten, «at Navnet i det gamle Sprog tidligst har været Brugt som Hunkjønsord, og at den Hankjønsform, som senere træder frem, ikke er oprindelig. Derfor taler baade Nominativformen Lófót og Dativformen í Lófót. At Navnet er Hunkjønsord, uagtet det er dannet af fótr m, maa forklares af, at det er Ø- navn … Det er let forklarligt, at det senere gik over til Hankjønsord ved lndflydelse af Appellativet fótr (Rygh 1905:342).
Her er ikkje resonnementet heilt klart: La gå at ein fekk Lófót og ikkje *Lófotr, av di dette var namn på ei øy. Men når eit kompositum som dette først var glidd inn i språket og vart sedvane, ville då nokon på ny ta omsyn til at sisteleddet eigentleg var eit hankjønnsord? (Det tør vere kjent at eit grunnord i usms. form og som sisteledd i ei sms ikkje alltid utviklar seg eins). Kor som er, veit ein ikkje sikkert om Bugge tenkte på munnleg eller skriftleg bruk av namnet, eller på begge delar.
At Lófót var rekna som øynamn veit vi iflg. Vågslid (1960: 26) frå eit handskrift til Landnáma, Melabók frå 1300-talet, som opplyser at «ólafr tvennumbruni for til Islands af eyju þeiri er Lofót heitir: hun liggr fyrir Finnmǫrk». – Likeins står det «i ey þa er Lofot het» i eit handskrift til Fóstbrœðrasaga.
Vågslid har òg ei opplysande liste med gamle skriveformer: «Elles finst namnet skrivi j Lofot og dilikt tre gonger 1324 – 1472 og i eigeform Loofota skipreidha 1425, Lofote skipreida og J Lofota syslo 1430 -1440 (AB 95). Dessutan er det i tiden 1417 -1521 seks gonger skrivi Lofoten eller dilikt i bundi hankyn. (Jf. NG XVl 341).
Nemnde skriftskap syner at namnet upphavleg hev vori hokyn, og dei nemnde eigef. svarar tydeleg til gn. *Lófótar med bortfallin -r. Hankynsskapet Lofoten er truleg bundi skap til* Lófóti hankyn, som vist er nylaga til eigeform Lófóta av eldre *Lófótar i hokyn, kann hende med påverknad frå fjordnamnet Ofóti og ordet fótr hankyn» (loc.cit.).
Her er Vågslid på leit etter sterk hokjønnsbøying, av di Lofot som sagt er omtalt som øy i eit par islandske kjelder. Ein kan no innvende at g. sg. -ar like snart kan komme av ei opphavleg form* Lófótr m., om så skal vere. Viktigare er at så mange av formene framfor utan vidare føyer seg etter bøyinga av eit lint *Lófóti m. Sant nok blir gno. -ar g. rett som det er redusert til -a i mellomnorsk, men det er berre at overskriftene i AB nyttar ‘klassisk’ gno.: ‘l Herøyia halffylke oc Alastarhaugx syslo’ (merk g. pl. pga av den geografiske todelinga Nord- og Sørherøy), ‘i Raudhøyiar halffylke’, ‘i Bodiniar syslo’, ‘i Steigar Syslo’, ‘i Lofota syslo’, ‘i Trumpsar sokn’. (Annleis når det er ‘dekt’ genitiv i forleddet i namnet sjølv, slik som ‘i Andanes syslo’, ‘i Throndaness fylke’.)
Å bortforklare ub. linn form Lofote, underf. Lofota er då lite lønt. I tydeleg kontrast til overskriftene i AB står den mellomnorske ‘samtidsteksten’, der det ganske enkelt heiter «i Herøy fiordung», «i Vika sokn», «i Bodina sokn» (to gonger), «i Steiga sokn». Derimot må vi vel lese «i Flogxstadha sokn» som gen. pl.
Teksten i AB er som hovudregel ført etter ein slags ‘sjablong’ med gardsnamnet såleis: af + dativ, t.d. af … nese: Somme namn med dette sisteleddet har i dag bunden form, andre ubunden, og det er neppe nyutvikla etter 1400-talet. Men i AB finn vi einsretting her. Det er også tydeleg at eldre førelegg er følgt temmeleg slavisk; Skrivaren legg seg på ubunden dat. sg./pl. og har samtidsformer berre som unnatak. Dette skjer t.d. i tilfellet Tjøtta, der han nøydest å gje nærmare forklaring, med fritt ordval, som ikkje gir forma vi ville vente, *«af thiotto», men andre i paradigmaet: ub. og bf. «thiotta» – «all thiottan»/ «thiottan all» – ubunden akk. «thiotto». Dessutan har ei seinare hand føydd til bunden dat. (af) «Thiottone».
Andre bundne former er den unike overskrifta «a Sømpnenne», og likeins i sjølve teksten: «i Sionen», «i Thridnom af Husøyin». På line med tilfellet Tjøtta er at øynamnet Bolga |’ båłja|, dativ (i) |’båłjen| står som «Bolg» i hovudteksten, men er skrive «af Bolghene» med ei seinare hand.
Velkjent i offisiell norsk stadnamnbruk er at komposita med sisteledd i bunden form (især hokjønnsformer som t.d. -vika) for alt i verda ikkje må skrivast i anna enn ubunden form: Det spørst om ikkje det kan vere ein skrivartradisjon med ‘røter’ eit godt stykke attom dansketida. Både evt førelegg med ubundne namne-former og ein slik generell tradisjon kan ha gjort det utenkeleg for (hovud)handa i AB skriftfeste anna enn ub. form, same kor gjengs formene Ofoten og Lofoten kan ha vore i samtida. Det heiter «Lofothen» alt i 1417 (DN II: 479) og faktisk i tillegg til AB sjølv (129). Når dei likevel prøvde å nytte ubunden form, spørst det kor lett det var å halde orden på sterkt og lint.
No er alle som har drøfta namnet Lofoten samde om at det opphavlege grunnordet er fótr m: Saman med nokre få andre (fingr, vetr, nagl og maðr) utgjer det ei særgruppe hankjønnsord – einstavings stammer på konsonant – der pl har dei eldste endingane medan sg er sterkt påverka av andre stammer ved analogi (Iversen 1961:93). Då får gno. sg fótr, fotar, fæti, fót avgrensa verdi når vi vil gå inn på dei skriveformene vi har av eit (truleg) svært alderdommeleg kompositum som *Lofót(r). Vi kan t.d. oppfatte (i) «Lofotenom» frå 1423 (DN II: 502), 1430 (DN V: 418) og 1436 (DN V: 467) som sein, redusert linn dat. *Lófótanum. Men det må like gjerne vere sterk form *Lófótinum, sjå seinare.
Som nemnt hadde fótr ei anna bøying i førlitterær tid. Den kjenner vi ikkje beinveges, men sml med t. d. ghty. fuoz gir oss haldepunkt: Det òg fekk med tida ny deklinasjon, men hadde opprinneleg same bøying som man ‘menneske’: dat. sg av man var nettopp man – ikkje berre i ght., men i mhty. og i gsaks. Merk likeins got. manna nom. sg, dat. sg mann. Gno fótr m vart i pl bøygd liksom bót, nót og rót f; (i) lofot dat. sg gjer samsvaret endå større. Der er viktig for å forstå øynamnteorien. – Men når ‘i Lofot’ like gjerne kan vere m dat. frå eit eldre språksteg enn litterær gno, kan vi truleg slå ein strek over det grammatiske i øy-resonnementet?
Hovudoverskrifta i AB i bolken det gjeld, er som sagt ‘i Lofota syslo’ med linn hankjønnsform. Derimot er avsnittsoverskriftene «i wederøyjom», «i wargfot», «i knutzfiorde i wargfot», «i lofot», «or gimisto», «i wage sokn» (med anna hand) og «a foxstrandh» (om Hadsel-delen av Austvågøya), men før «ylfe syslo» (Vesterålen) kjem faktisk «andanes syslo».
Det kan av overskriftene sjå ut som om skrivaren har prøvd å skilje mellom nordsida av Flakstad sokn (det eigentlege Vargfot?) og søraustsida, og mellom nord- og søraustsida av Austvågøya på same vis, men utan at det er heilt gjennomført.
Blant avsnitts-overskriftene er det einast Værøya og Gimsøya vi kjenner att som sikre øynamn: Rett nok kan ein merke at «i Lofot» er eit distriktsnamn som omfattar nettopp Vestvågøya – men når ein veit kor tvilsamt det er at Vargfot var namn berre på Flakstadøya,, må det og bli uvisst om Lófót frå først av var namn på Vestvågøya.
Geografiske namn med sisteledd -fot(en) kan like lite på 1400-talet som seinare ha fått folk til å tenke på kategorien ‘øy’ primært: Han som laga oppsettet i AB eller eingong sette opp dei førelegg som AB nytta kan like gjerne ha tenkt t.d. på ‘bygd’ eller ‘sokn’, der han tydde til Lofot og Vargfot som inndelingsnamn, og margtilvisinga «i O(o)fot» kan som nemnt stå for både ‘fjord’ og ‘bygd(elag)’ plent som i namnebruk i notida.
Ein veit ikkje om eventuelle førelegg for AB faktisk hadde ubunden sterk form –fot i desse tilfella eller om skrivaren skapte dei av bunden samtidsform hankjønn ved å «subtrahere» artikkelen. Men ein bør vel gå ut frå at det første var tilfelle, så lenge ikkje anna er påvist, endå det skaper tvil at andre kjelder oftast har linne eller bundne former.
Kva var Lofot(r) opphavleg?
Hovudsokn på Vestvågøya kan ha vore Buksnes. Denne delen av Vestvågøya er samanhengande lågland, dvs. frå botnen av Buksnesfjorden og heilt opp til Bøstad i Borge. Arkeologiske granskingar i ny tid viser at jordbruket i desse områda er langt eldre enn det ein før har trudd. – I tillegg er tufta etter det største leidangskipsnaustet i Noreg no funnen på Leknes, har lokalarkeologen Kåre Ringstad opplyst – pluss eit stort tunanlegg attmed Haldsvågen.
Interessant er òg namnet (Himmelstein-)Borga; jamfør seinare omtale av den i Borge. Så langt synest altså Buksnes å vere eit «kjerneområde» for den som vil forske ut frå eit teoretisk fjordnamn *Lófóti el. l. Fullt så enkelt er tilhøvet likevel ikkje, for det er også funne tufter etter eit høvdingsæte frå folkevandringsttida på garden Borg i Borge nord på øya, og dessutan ein veldig konsentrasjon av nausttufter kring den inste Borgpollen (i vikingtid stod havet ca l m høgare enn no). Enn vidare er det funne mange nausttufter kring Alstad- og Steiro-pollen, så det lokalhistoriske tyngdepunktet flyttar seg då nordover Vestvågøya.
Gardsnamna Hól og Berg på austsida Buksnes-fjorden og Ballstad, Jærstad, Skottnes, Buksnes, Leknes og Storeid på vestsida er vel interessante, men i området kring Borgpollan nord på øya er det, særleg på vestsida, ein konsentrasjon av alderdommelege gardsnamn: Eggum, Jellevoll |’jeᶅᶅvåᶅᶅ|, Straume |strøum~|, Nesje |»næssi|, Evjen og lenger inn Bøstad |»bȫsta|, Borg(e) |bårg~|, Rystad og Liland – og meir for seg sjølv Li aust for Handberget.
Ved fjordpollane lenger aust, men nord på øya også dei, ligg Val, Haukland, Sande, Bø, Steiro, Garnes, Ellstad, Alstad, Knutstad, Lyngedal og Grundstad.

Her finst to ‘sett’ med fjordpollar. Først Borgpollan: Der er dysjebotn og gjørme som luktar «akk o ve!» (ordrett sitat), især i den inste, og utan tvil daudt vatn underst. Like fullt støest der sild, og Borg-silda har vore ettertrakta, ho som i flg. havforskaren Eggvin har færre ryggkvervlar i gjennomsnitt enn havsilda. Det er tale om høg kvalitet, men småe kvanta, og då især i den ytste Borgpollen. Der tar dei også gjedd på opptil 25 kg, til og med på isen vinters tid.
Det andre pollsystemet er Limstrandpollen med vanleg sjøvatn, Alstadpollen med brakkvatn, og Pollen (òg kalla Steiro-, Garnes- og Ellstadpollen, etter det nærmaste lokale ‘hav’). Alstadpollen, han munnar ut gjennom Limstrandstraumen – og det heiter at folk bur ‘med Straumen’. Til Ellstadpollen kjem dessutan elveløken Eidelva frå Hauklands-vatnet, som òg har utlaup til Urvatnet på hi sida.
I dag er fisket ikkje lenger godt på Steiropollen, for å nytte gjengs kartnamn, men framleis er det vanleg å fiske gjedd og hekle sild på Alstadpollen. Tradisjonelt var fiska både hyse, flyndre, kveite, laks, sjøbørting og kan hende endå fleire sortar i dette vassdraget, om no det er eit dekkande ord.
Ut frå skjernamnet Limtåga |»lemmtå:ga| – i dag også «Limtåa» blant dei unge – gjettar Rygh seg til at fjorden el. pollsystemet ved Limstranden bar namnet *Limir eller *Limi ‘den forgrenede’ (1905: 326), jf både gno. limr m. og lim f., n. ‘grein, kvist’, men her bør no også nemnast kva Oddvar Nes har skrive om vassdragsnamn-stamma *Lim- i jf med gr. limēn ‘hamn, vik’ og limnē ‘ståande vatn, dike, sjø, sump’, mm. (1985: 22 ff.). Desse strandsjøane nordnordaust på Vestvågøya er særmerkte, med sitt brakkvass-system og sin innlandsfangst av fiskeartar som elles for ein stor del høyrer havet til, jf også Olfoten.
Skildringa av den illeluktande dysja i Borgollan passar på si side unekteleg med nordsam. vuođđu «botn» (i bekk, elv og dal), parallelt med lulesam. vuodo «botn», særskilt vuodos, vuodus- «botnfall».
I ytste Borgpollen ligg garden Ytter-Borgfjorden, i den inste pollen Borgfjorden: Gardsnamna viser til eit eldre namn på fjorden el. ‘sjøen’, men både dei og fjordnamnet er naturlegvis sekundære til storgarden Borg. – Ved Skjelstraumen mellom dei to Borgpollane har arkeologar funne bru-kar av noko så uvanleg på våre kantar som ei stokkebru frå sein vikingtid (år 1000-1100).
Ved utfallsosen frå ytste pollen ligg Evjeberget og garden Straum(e), for ikkje å gløyme Jellevoll, skrive «af Jallauelle» i AB, venteleg eller kan hende gno. *Jarlavelli. : Eit litt oppsiktsvekkande namn når ein jf det med tuftene på Borg. Dersom ein jarl budde på eller åtte denne garden, hadde han vel òg sitt jarlsríki el. -dæmi ein stad i nærleiken?

For gardsnamnet Lovika |’‘lōvīka| nordst i Andøy-delen av Hinnøya høver det framifrå med ló f. i ei tyding som svarar til fær. ló = lógv f «den nederste del af en sandet strandbred, som beskylles af havets bølger», jf isl. ló «sjø innmed stranda», men merk også fær. lón f «engslette ved havet», nærmare i NoSt, *lo f. Fleire atterhald må takast m.o.t. Lofoten, som saktens har mykje slette- og eng-land kring strandsjøane og endå meir innafor, sørvestetter frå Borg, men kva viser vel sisteleddet –foten til?
Eit greitt, konkret utgangspunkt er gardsnamnet (i) Slettenga, før sagt |»ṣḷæteᶇa|, no |’ṣḷætæŋa|: Dette er like austafor Skjelstraumen, så her er sms ló– ‘slette’ + –fotr ‘munning’ fullt tenkeleg, om enn eineståande (om ein då ikkje skulle peike på den omvendte komposisjonsrekkeflg. i namnet på hovudstaden vår – der førsteleddet Os– rett nok lar seg tolke på andre måtar og).
Noter elles at namnet Lofoten er skrive La– (‘Lafot, Lafun’) i eitpar isl. handskrifter (Vågslid, 1960), og det kan ein sml. med formene «Laafodhen» (fire gonger), «Laafoden» og «Laaffoden» 1518-1519, vekslande med «Lo-», «Loo-», «Lof-» og «Lock(!)-» om lag samstundes (NRJ).
Klart det må ha vore like store interesser knytte til ‘innlandshava’ i området som til slettene ikring. Oddvar Nes, som drøfta grunnorda lá og ló attåt gno. *sló (truleg) ‘sump, myrområde’, ser tilhøvet orda imellom som problematisk, og seier at dei eldste stadnamna sms med ló synest å vere halvanna tusenår gamle. Det blir sjølvsagt interessant også i jf med det arkeologane har å fortelje om tuftene på Borg. Brubygget mellom pollane må òg ha vore ei bisn:
‘Når det gjelder anleggets dimensjoner, om en går ut fra en meter høyere vannstand, må broen ha hatt en lengde på ca. femti meter om en skulle ha kommet tørrskodd over. Brokarene ser ut til å være ca. 3 x 3 meter i grunnplan, og det midterste må ha vært minst tre meter høyt for å nå opp i vannskorpa. Bortsett fra å fungere som bro må anlegget ha hatt en annen, ikke uvesentlig funksjon. Det må ha vært en effektiv sperring av leden inn til Borgepollen og bygda innenfor’ (Nævestad 1981:45).
Dette gir neppe grunn til å tenke at namnet Lófótr har eitkvart med brufundamentet å gjere, trass i gno. brúar- og bryggju-fótr, men staden for brubygget er viktig på fleire vis: Den tid havet stod 1 m høgare, bør den ytste Borgpollen ha hatt eit innlaup som var djupare enn no, og saltare vatn. – Skjelstraumen har då ikkje berre vore eit viktig strategisk punkt å forsvare (det poll-eidet han skjer igjennom ligg dessutan på den før omtalte ferdselsaksen nordaust – sørvest), men han var òg utfallsos for den eigentlege fersk-vasssjøen på den tid, den inste Borgpollen. Var dermed ein *lá- el. *lǭfótr i ei tyding som alt er gjort greie for (Vassdrag har og sin ‘anatomi‘).
Det kan sjå merkeleg ut at fot i tyding ‘(land kring) elvemunning’ er eit etter måten vanleg grunnord i norske likesom i engelske og skotske stadnamn, men er bortimot ukjent i andre germanske språk. Men utanfor Storbritannia er det truleg få eller ingen som har vore på utkik etter ordet brukt i akkurat den tydinga, så det er for tidleg å slutte noko ut frå geografisk distribusjon: Om så berre nokre få slike namn kjem for dagen i tillegg, frå tysk eller dansk område (så som Vildfod i Sydslesvig), vil fordelingsmønsteret fortone seg mindre gåtefullt. Truleg finst det også på norsk område namn av same type som ikkje enno er komne fram i lyset.
Få eller ingen norske stadnamn er internasjonalt meir kjende enn «The Lofoten Islands», og det skulle då overraske lite om det viste seg at Lofoten er påviseleg som oppkalling i USA, Canada eller Australia, men i staden kjem det første nappet frå gammalt norsk område: Kåre Hoel, Institutt for namnegransking i Oslo, viste til at eit lite skjer i Singlefjorden så vidt over på svensk side av riksgrensen Østfold/Bohus län heiter Lofot el. Lofotskäret: «Skäret har kanske på grund av den långsträckta formen skämtsamt uppkallats efter Lofoten i Norge … Märk at lodjuret i Bohus län kallas göpa, fvn. gaupa!» (SOGB 20:2:159). På svenske kart blir namnet skrive Lofod no. Skjeret er lite og ligg langt ut – liksom Lofoten! – eller kanskje var fisket godt akkurat der? Det blir berre gjetting, så vi får heller halde oss nordpå:
I dag heiter dei å ‘ro i Lofoten’, ‘lofotfisket’ osv, men namneforma Vågan synest i seinmellomalderen og i reformasjonstida å ha stått sterkt i alle samanhengar, det ser vi av gno. Vágabók (ei lovbok), Vágastefna og Vágafloti. Så også etter den tid, jf Nordlands Trompet : «I Vogen at findes, i Vogen at roe, I Vogen at fiske var alle mand froe, om Vaagen lod alle Mand raabe».
Nordsamisk Vagek var beintfram synonymt med Lofoten (Friis 1887). Det er altså heilt på sin plass at den nye storkommunen på Austvågøya fekk namnet Vågan, men meir ironisk at det historiske Lofot må ta til takke med Vestvågøy. Men «det er så mange hendingar i bygdom komne til, me sjå så mange vendingar alt på eit lite bìl», og 2025 er året då Vestvågøy og Moskenes (men ikkje Flakstad!) vedtok å slå seg i hop til ein kommune kalla Lofoten. Korleis den namnefloken blir løyst, er eit ope spørsmål, men i og med at Flakstad eigentleg har sitt eige historiske namn, bør også dette få nærmare omtale.
Vargfót
Av Aslak Bolts jordbok går det tydeleg fram at «i Lofota syslo» kring 1430 svarar nøye nok til det området vi i dag òg kallar Lofoten, berre med frådrag av Strandlandet som i dag kjem Hadsel i Vesterålen til. Eivind Vågslid (loc. cit.) peikar òg på, at «Stoolsens jordher i Lofothen» i erkebisp Gautes tid (1475 -1511) omfatta gardar på Moskenesøya, Flakstadøya og Vestvågøya.
Vågslid seier også dette: «Vargfot høyrde med til Lofotsysla, og alt under overbisp Olav Trondson i tiden 1459 -1474 hev Vargfot høyrt beinveges med til umkvervet Lofot. For då er det i fyrrnemnde jordbok AB tilskrivi etter bolken J lofot og under J lofota syslo: ‘af yzta sandhe j flogxstade sokn a wallastrand’ (AB 97). Det gjeld garden Ytre Sand og Vallastrand på Moskenesøy, som då hev høyrt til Flakstad sokn.»
Her har nok Vågslid pressa den seinare tilføyinga for mykje. Systemet i overskriftene elles viser greitt nok at garden Yttersand skulle ha vore ført opp under området Vargfot og ikkje området Lofot, sjølv om alt i hop kom Lofota sysla til (sjølve tilføyinga bryt systemet). Dessutan er ikkje Vallastrand ein gard, men eit område. Dette forstod Rygh: «Da det paa de anførte Steder i AB siges, at baade Hovden og Sand ligger her, maa Vallestrand have omfattet hele det flade Kystland nordlig paa Moskenesøen til begge Sider af Valle» (1905:350). Den dag i dag er Stranda namn på strekninga frå Yttersand og innover til Torsfjord og folket blir kalla strandværingar.
Gustav Indrebø kjem òg inn på at Vargfot som distrikt i AB grip over på Moskenesøya: «Jordeboki nemner under yverskrifti Vargfót 7 gardar på Flakstadøy. Ho nemner dertil Selfjord og Hovdan på Moskenesøy. Kann henda skal me skyna dette soleis, at Vargfót forutan å vera øy-namn hev vore inndeilingsnamn (soknenamn el. fjordungsnamn) og hev vore brukt soleis um Flakstadøy og Moskenesøy til saman. – Flakstad og Moskenes var ei sókn i 1589 (med 1 kyrkje og 1 krosshus). Eller og er det berre tale um ei gåløyse av jordebokskrivaren» (1935:60, fn. 25).
Her er vel Indrebø litt gålaus sjølv: Jordboka har nemleg med heile 6 gardar på Moskenesøya, Selfjorden, Moberget, «af Hynna», Hovdan, Innersand (i eit tillegg) og Yttersand (ei nyare tilføying sist «i lofot», nyss omtalt). På Flakstadøya er rekna opp 5 gardar: Ramberg (med eggværet Soløya som ligg mykje lenger sør, mellom Flakstadøya og Moskenesøya), Knutsfjord, Napp og lengst nord Sandnes, dertil «af Finnafyrde vid Rekeid». At Vargfót var øynamn, slik Indrebø litt sjølvsagt går ut frå, kan nok vise seg å vere tvilsamt, men i det stykket stør han seg vel helst på Rygh.
Endå stadfestinga av Rekeid blir uviss (kan vere eidet nordom Skjelfjorden) så er her vel samband mellom Finnafjǫrðr og den noverande Finnbyen ved Geitøya på Flakstadøya? Hynna <*Hyrna var tydelegvis ein stad på den halvøya der Moberget er den dominerande formasjonen.
Når ein held seg til AB, får ein biletet av samanhengande busetnad langs vestsida av fjorden mellom dei to øyane, og i tillegg ei meir spreidd på hi sida (Flakstadøya). For ein fjord er her, frå Selfjorden og utover til Jussholmen utom Ramberg, om enn med mange ‘lommar’ i. Men dei som bur her, synest ikkje å rekne det som éin samanhengande fjord og har heller ikkje noko samlande namn. (Tomrommet i namnebruken oppstod kanskje då Vargfót som områdenamn gjekk i gløymeboka?)
Folk reknar Selfjorden ut til Øra vis à vis Sundsstraumen: så er det Krystadvika vidare. Lenger ut kjem så Hovdavika, med Torsfjorden innafor, og Rambergvika meir for seg lenger ut og aust. – Finnafjǫrðr kunne ein søke ein stad mellom Krystad- og Hovdavika, på austsida av Moberget. Eller var «af finnafyrde» berre ei områdenemning innafor ein fjord der det elles budde nordmenn? At austre landet i det same området blir skore i to av den ovtronge Sundsstraumen mellom dei to øyane er ein geografisk detalj som knapt er nemnt i ‘tradisjonelle’ drøftingar av Vargfot-namnet. Straumen er i høg grad eit strøype, ei avsnøring. Han var lite båtfarande på fjæra sjø, men kunne dei nokon stad komme over til fots? To gonger på 1900-talet vart straumen mudra.

Som distriktsnamn kan Vargfot også ha omfatta Moskenesøya, slår Indrebø frampå om, medan Vågslid konstaterer at «det hev ei tid vori nytta til samnamn på dei tvo øyane». Tenkemåten kan vere rett, vi skal komme tilbake til det, men stemmer neppe i alle ting. Ein annan relevant, men tvilsam detalj er at under gnr 8 Aanstad i Moskenes s. (i NG 16: 344) spør Rygh om dette er «af Andastader AB 96?» [A]ndastader er nok nemnd i AB, men under Lofota sysla, og i Buksnes har dei framleis Annstadheia og Annstadsjøen, så Ånnstad i Moskenes kan vi her sjå bort frå..
Meir slåande er at dei gardane AB (med tillegg) nemner – unnatak for Sandnes, Napp og (K)nutsfjorden – alle ligg ved den nyss omtalte ‘fjorden’ mellom Valle og Ramberg: Var då Vargfot namnet på fjorden? Det nærmar seg jo Indrebø sitt forslag og er ikkje urimeleg, men som før er påpeika, -fótr eller evt -fóti som primært fjord-nemne står neppe til truande. Ei heller kan Vargfot vere primært namn på Flakstadøya, likså lite som Lofot er primærnamn på Vestvågøya. Derimot kunne Vargfot vere namn på ein fjellformasjon på Flakstadøya, men då burde det vere råd å spore opp denne, i bruken av fiskeméder el.l. I så måte er stoda den same som når det gjeld namnet Lofot(en). Rimelegare er det å sjå etter ein elvemunning eller ei anna vassføring som liknar den som går ut frå Borgpollan, slik sett er den «elvelike» Sundsstraumen ein opplagt førstekandidat.
Ryghs teori om eit eldre namn på Flakstadøya er knytt til omtalen av gnr 33 Vareid |»vāri| som blir skrive Varg, Wargh 1567, Warriæ 1610, Varrie 1614, Waræid 1667 og Warejde 1723. Hans ordlyd er: «*Vargeið? Sidste Led, eið, har sin Grund i, at Gaarden ligger ved den vestlige Ende af en meget lav Overgang mellem høie Fjelde tvert over en Halvø til Napp ved Nappsundet. 1ste Led er sandsynlig Varg-, som maaske paa en eller anden Maade kan staa i Forbindelse med Flakstadøens gamle Navn Vargfót. Det kan dog neppe antages at være en elliptisk Sammensætning for *Vargfótareið, især da det kun overskjærer en Del af Øens flere Halvøer. Da der gjennem Eidet gaar en Elv med et Par Vande, som udmunder her, og da der findes et Elvenavn Varga, kan der ogsaa være Grund til at formode, at denne Elv har havt dette Navn, og at det er dette, som nærmest er indgaaet i Gaardnavnet».
Nyare former av gardsnamnet spriker: «Warriæ» 1610, «Wariæ» 1611 – 1612, «Varrie» 1614, «Vaar-» og «Vaardeid» 1647 (frå eldre førelegg?) og «Waræid» 1667. Det er mesta ut som der kring 1600 fanst ein uttalevariant -Varjæ, halvvegs lik t.d. mannsnamnet Torgeir > «tårrjær»? Men ein kan òg resonnere slik, om forma ‘Varg(h)’ for Var(g)eid 1567: Liksom Finneid |»fiᶇᶇi| i Hemnes og Oldereid |»åᶅᶅri| og Finneid |»fiᶇᶇi| i Skjerstad fekk også *Vargeid monoftongert sisteledd etter palatal, og dermed vart uttaleforma ‘varji’ rettare ‘vardji’ halvhogd og mistydd som ‘varj’ = varg? Erstatningsforlenging av a i første staving førte til dagens uttale, men uttalereduksjon av -ei(d)– som midtledd i lokalnamn som Var(g)eidskardet, Var(g)eidhalsen og Var(g)eidsundet må ha vore medverkande.
Kåre Elstad meinte skriveformene frå 1567 og seinare speglar eit genuint gardsnamn Varg, dativ Vargi, og at Vareid(e) kan ha vore eit lokalitetsnamn som seinare vart overført til heile garden (1982:35). Då blir jo 1647-formene interessante i sml med notidsuttalen, og som parallell til formene for Vardø kring 1520: Ein palatal, men framleis tydeleg gj som nærma seg palatal d førte til omtolking av namnet og gjorde at rgj sistpå vart oppfatta som –rd-?
Vareidsundet blir rekna frå Vareid og innover til Prestneset på austsida – Silsandneset (vestsida): Imellom smyg det ein trong djupål (på fjære sjø), som utvidar seg sunnafor til ein fjordpoll med noko makkeleire, men og mykje søle- og rottbotn og bratte marbakkar mot djuppollen i midten. Han heiter Kilpollen (laga til gardsnamnet Kilan), med Bøosen el. Bøpollen som ei grein for seg. «Flakstadpollen» er ukjent i dagleg tale. Kåre Elstad rekna med at Flakstadpollen er den opphavlege Vargfótr (1982:35), og av dei fjordføtene som då måtte komme på tale liknar ingen meir bokstavleg på ein (dyre)fot enn Flakstadpollen, enten ein ser han på kartet eller in natura, dvs ovanifrå, men samstundes er varg «dynd, søle, snavs» frå Shetlands-norn passande til dei grader! Det er berre at same kva tilnærming ser vi då heilt bort frå at dette området ingen Varg-namn har og at Kilpollen er det tradisjonsrette namnet (kan så vere at poll synest vere eit ungt grunnord kva stadnamn gjeld).
No må namnet Midtsundstad tett utanfor Silsandneset innebere at Var(g)eidsundet frå først av vart rekna inn til Kilan og Bø, men det er òg frå Midtsundstad og vestover der er ei markert strandflate, d.e. på sjølve Flakstad. Flata kring Bø og Kilan gjer langt mindre av seg, og kontrasten mellom Flakstad og Ramberg er stor i så måte.


Kva tyder førsteleddet i Varg-fot? Namnet Vargfot innbyr unekteleg til bokstavleg fortolking: likskap med ein ulvefot? På same vis har forleddet i Lofot vore jamført med sv. lo ‘gaupe’ (Rygh 1905: 342), da. los. Det er neppe noko avgjerande motargument at ei slik dyrenemning er ukjend i nynorsk, slik ho òg er i litterær gammalnorsk, men kor er dei «ståstadene» der det fall naturleg å gjere slike samanlikningar? Det er jo tale om ovstore, sundskorne øyar. Om ein så nøyer seg med noko mindre, t.d. korleis kystlinja artar seg på ein eller annan kant av Flakstad- eller Moskenesøya, forblir teorien lite truverdig: Folk la no eingong namn på strand og fjord, nes og øyar ut frå sin vanlege ferdsel, dei klevja ikkje opp på dei aller høgaste toppane for å oppnå ovstort panorama! Kåre Elstad har spissformulert det ganske slåande: «Jamvel dei argaste Lofot-patriotane ville aldri våge seg til å hevde at forfedrane deira hadde komme dalande ned frå himmelen» (Elstad 1982:35).
Litt meir tenkelege kunne Lofot og Vargfot vere som opphavlege fjellnamn, men haldepunkt for noko slikt har vi ikkje. Derimot har J. Sahlgren (1918: 11) peika på at gno. vargr ‘illgjerningsmann, røvar, fredlaus’ frå først av må ha vore berre eit noa-ord når det vart nytta om ulv (ulfr). Godtar vi det, må vi også rekne med at talrike eldgamle stadnamn med førsteledd Varg- har mindre med ulv å gjere enn vi trur. Uttrykket «varg i veum» (‘illgjerningsmann i heilagdomen’) kan samanliknast med gotisk gawargjan og gl.engelsk wiergan ‘forbanne, fordømme’ og førast tilbake til ei indogerm. rot *ṷer- med *ṷergh- ‘dreie, snøre’, jf også glfris. wergia og mlhty. erwergen ‘strøype, kjøve’. Vidare ml.tysk og nederl. worgen, gl.eng. wyrgan, gl.høgtysk wurgen og nyhøgtysk würgen ‘strøype, kjøve», som lydrett svarar til gno yrgja v. i same tyding, attåt gno. urga v. ‘klemme, presse’, jf isl urga ‘reim, lykkje’ og kanskje gno *urga f ‘tauende, reip’, endeleg også gno virgill, virgull m ‘reip å henge folk etter’. Stadnamnbruken rundt om kastar lys over noko av dette:
Her kan nemnast Vergedal |»vǣrdæł| med Vergedalselva i Lardal i Vestfold. Det skrivst «Virge-» 1593 og «Wirche-» 1604, «Wærge-» 1668, 1723 (Rygh 1907: 372). Elva renn framom garden og ut i Herlandselva. Ho kjem frå eit høgare platå i vest, men gjer så ein stor sving, samtidig som ho grev seg ned i den såkalla Saghola, som etter kartet synest å vere eit utprega strøype jf med det opne dalføret ovan- og nedanfor. Merk vidare også Virgenes el. Vergenes |’væ:rnes| i Hedrum i Vestfold, skrive «Vyrghunes» ca 1400 (RB 48), «Virgenes» 1593 og 1600, «Wirginis» 1604, «Wirgenes» 1664 og 1723 (Rygh 1907: 359). – Lågen, som renn etter måten beint ovanfor, lagar der ei diger «sløyfe» mot aust etter å ha passert skilet mellom Lardal og Hedrum. Dette neset blir avsnørt endå meir ved at Bergauelva (kalla Virgeneselva i nedste delen) gjer ein kvass sving frå sør og inn mot midten av ‘nesrota’.
Virgenes m/skriveforma «Vyrghunes» ca 1400 ville S. Bugge sette i samband med eit elvenamn Virga; det kan jo i vel så høg grad vere tenkeleg når det gjeld Vergedal. Sistpå kan òg nemnast at Wirjaren (NE 295: Wargaren) i Frostviken i Jemtland er ein sjø: Eit nes skyt seg inn i sjøen frå nordvest og snører han av. Der er stor formvariasjon i desse og fleire stadnamn, men han er til å kjenne att bl a i gno hvarfr m, hvarf og hverfi n (<hverfa v), sml gno varp, verp og verpi n.
Som vi ser, ordet varg (gno vargr) om ein illgjerningsmann tilhøyrer ei stor ordslekt med gjennomgåande negativ valør «strøype, kjøve, klemme av» osv, men norske stadnamn fortel at ein nøytral landskapsterm *varg-, varga-, varge- om ‘trong, avklemd, strøypt stad’ også er utbreidd. Her nokre døme der vi iallfall tør sjå bort frå at varg = ulv er relevant:
Varga i Gamvik synest vere er ei avsnørt sandøyr med skjeret Vargaholmen utanfor. Liknande formasjonar er skjeret Vargesteinen på Instøya i Øksnes så vel som den ovsmale Vargvikholmen i Berlevåg som lagar bolkeskil mellom Vargvika og Lille Vargvika vestafor. I Lebesby er det (utom Hopseidet) derimot Vargvika sjølv som er avsnørt, ja pine smal. Vargavågen sør i Bjørnafjord er ein annan variant av sistnemnde type.
Vargfjorden |’var-| i Ballangen er svært trong ytst, men vidare innafor. Namnet blir tradisjonelt oppfatta som minne om villdyrherjingar i gammal tid, men kartnamnet «Varg(fjord)fjellet» innanfor er det likevel ingen som vil vedkjenne seg, og det gjer den tradisjonelle namnetolkinga noko problematisk.
Varghólen |»varg(h)ōl~n| midt på Andøya er kransa av tjørner og dysjemyr, noko som litt langhenta kan minne om shetl. varg «dynd, søle, snavs» og eit tilsvarande stadnamn Varg (J. Jakobsen 1901: 185). Men samstundes ligg Varghólen på ein smal tange i myrhavet, noko som gjorde at folk jaga sauene frå fjellet Arnipa og sørover Smira framom hólen og ned til Oltervatnet. – Vargholmen litt vestafor Storfjell i Vågan er for sin del såvidt skild frå klubben innafor, på garden Sæter.
Vargeskaret |«varge-|, før sikkert også |’varje-|, er å finne i Bleikskleiva på Andøya, innom Gangskaret som er relativt breitt, medan Vargeskaret er så trongt at fiskarane kalla det Trekta når dei brukte det til méd.
Vargsteinen på Utakleiv i Vestvågøy er eigentleg to steinar med opning mellom, ein klivning. Annleis med Vargesteinen i Øksnes, alt nemnd.
Vargeyjar (1307), gen pl «Varghoeyja» (1340) er det eldste namnet på Vardø(y) i Finnmark, sagt Vårøya før; namnet Vårberget er enno til. Kring 1520 er skrivemåten «Var-», « War-» vanlegast (NRJ), men vi ser også formene «Vaar-», «Vord-», «Vorde-», «Worde-» (labialomlyd). Merk at berre eidet Valen bind dei to delane av øya saman, så den gno. fleirtalsforma kan topografisk sett vere logisk, merk òg fleirtalsforma + halden g i sam. Vargak. Dagens Vardø heitte Vargav, seinare Vargajef (Rygh 1924: 301, 318) på russisk, og dei historiske norske namna på øya minner også om Vargsundet ved Vårøya i Karlsøy.
Det mest markerte eidet på Flakstadøya er nordom Skjelfjorden, om ein ser isolert på saka, men spør ein etter relevante ferdselsårer, går det ein tydeleg ‘innfallsakse’ til Vareid, over lågland og langs straumar og valar sørvestover heilt frå garden Borg langt inn på Vestvågøya. Vareid er den naturlege innfallporten til bygdelaget Flakstad, same korleis ein oppfattar forleddet Var(g)-. Opprekninga av Varg(e)-namn framfor synest vise at varg om avsnørte passasjar er eit temmeleg utbreidd ord, så vanleg at Var(g)eid like gjerne har namn av ein lokalitet innafor gardsvaldet, slik Kåre Elstad tenkte. Storurda, ho som strøyper dalføret mellom Storvatnet og Litlvatnet på Vareid gjer seg i høg grad fortent til merkelappen «varg».
No ymta Rygh også i dette tilfellet om eit elvenamn à la Varga eller Ulva. Fisket etter aure og røyr og kan hende også laks i Vareidvatnan var høgt verdsett, og der har vore tvist om fiskeretten, så teoretisk kunne det passe, men vassdrag av økonomisk interesse fanst mange stader i øyriket utan at primære elvenamn av det slag gjer seg gjeldande. (Sløvra i Hadsel er som eit unnatak.)
Vi kan trygt nok avskrive Vargfot som primært øynamn, like fullt hadde Rygh god grunn til å vere på utkik etter eit eldre namn på øyområdet som Vargfot var ein del av, for «Flakstadøya» og «Moskenesøya» liksom «Hadseløya» og «Øksnesøya» (= Skogsøya) o.a. er sekundærnamn knytte til etableringa av kyrkjestad. Som områdenamn tapte Vargfot tidleg for soknenamnet Flakstad, rettare Flagstad, jf «Flogxstadha sokn» i AB, men også «Flakstadhæ sokn» 1430 (DNV :418). At g blir til k føre (ustemt) s er lydleg endefram. Forleddet er helst det velkjende nordnorske flag n. ‘ope hav-stykke’: Flakstad i Senja ligg ved eit slikt, like utom den tronge Selfjorden, og tilhøva i Lofoten er om lag eins. Vel er *Flaget eit ukjent namn på sjølve Flakstad no, men Flaget er havstykket mellom Vestvågøya og nordenden av Flakstadøya, og ved sørenden av øya , der har dei Sundflaget (ved øya Kunna). Jf Ureflaget lenger inn i Vestfjorden.
At tradisjonsrike bygdenamn tapte for namnet på nyskipa kyrkjesentra har parallellar nok: På Vestvågøya var det Borge og Buksnes som segla opp, men her berga namnet Lofote(en) seg ved namneekspansjon. I Vesterålen vann soknenamnet Hadsel over øynamnet Olvi (Ulvi, Ylfi). Vestafor sette soknenamnet Bø det gamle fjerdingsnamnet Vinje i skuggen, og soknenamnet Øksnes vann over fjerdingsnamnet Barkestad.
Kan ein stirre seg blind på to øyer?

På dette fotoet (Norgeskart) ser vi oppe til høgre den nokså breie Nappstraumen, som skil Flakstadøya på vestsida frå Vestvågøya (Lofót) i aust. Markøren ligg derimot på Sundflaget, som mot nord går over i den smalare Islendingen og den endå smalare Kåkern, og nordom der att kjem den ovtronge Sundsstraumen.
Det melder seg eit presserande spørsmål: Var det naturleg for dei sjøfarande å drage ei skiljeline mellom det vi kjenner som Moskenesøya i vest og Flakstadøya i aust, eller såg dei tradisjonelt på øystrekninga frå Lofotodden (det eigentlege Moskenes) og til Nappstraumen som ei øy, heilt enkelt? Øy-dimensjonane er ikkje heilt dei same, men på øya Vestre Bokn i Rogaland sneier Sunnalandsstraumen gjennom sørenden av øya, men alt blir like fullt rekna med til øya Vestre Bokn.
I fall oppfatninga «berre éi øy» får flest røyster, blir sjølvsagt spørsmålet kva samlande namn den store øya vestom Vestvågøya hadde? Svaret er ikkje opplagt, men det finst eit historisk øynamn som knapt har vore påakta. Det er Urga (med annan lesemåte Varga) nemnd i Fornmanna Sögur, sekundærnamn Urgurǫst og Vagarǫst (feil for Vargarǫst?). «Uppruni óljós», påpeikar Ásgeir Blöndal Magnússon i Íslensk Orðsifjabók, som dette er henta frå. Han gjettar på ei eller anna samanlikning med isl urga «hanki, lykkja». Det er ikkje utenkeleg, sjå neste avsnitt.
Den store og namnlause øya som strekker seg frå Lofotodden til Nappstraumen er avsnørt eller strøypt fl. st.: «Moskenesøya» for sin del av Kjerkefjorden med Bunesfjorden, og «Flakstadøya» især av Skjelfjorden, men og Flakstadpollen (Kilpollen, Bøpollen) og då med (K)nutsfjorden til motsett kant. Derfor har det like mykje for seg å tenke seg øynamnet Urga utgått frå gno urga v «klemme» mm, jf nynorske dialektformer som urja, ørja, yrga «snøre til» (Torp, under orga f), ikkje minst med tanke på orga f «skiband», «grindband», «tauhandtak på stamp» etc, notert frå Vesterålen og Troms (Torp, og NO 8: 928).
Varga, den andre lesemåten, går for så vidt på det same (*verga v ‘klemme saman, strøype’), sml til- eller avklemte område nemnt i avsnittet framfor. Vargfót som namn på den særmerkte Sundsstraumen blir då sekundært til Varga som samlande namn på Flakstadøya og Moskenesøya. – Så var det Urgurǫst eller evt Vagarǫst (feil for *Vargarǫst), jf gno rǫst f ‘kvervelstraum, malstraum’: Det må heilt enkelt vere eldre namn på den namnspurde Moskstraumen (lenge skrive både «Moskenstraumen» og «Moskenesstraumen»). For folket på Helle var namnet Moskstraumen naturleg nok, det var jo sundet mellom dei og fjelløya Mosken, men for folk meir utanifrå kjentest det eit tak i tida naturlegare å namngje straumen etter den langt større Varga alias Urga.
Litteraturliste
Blöndal, S. 1920-24: Íslenzk-donsk orðabók. 1-2. Reykjavíik.
Elstad, K. 1982: Borgfjerdingsmål. l-2. Oslo.
Friis, J. A. 1887: Ordbog over Det lappiske Sprog. Christiania.
Fritzner, J. 1886-96; 1972: Ordbog over Det gamle norske Sprog. l-3; 4; Kristiania; Oslo.
Graham, W. 1978: The Scots Word Bonk. 2nd ed. Edinburgh.
Havnø, E. 1937: Dyr- og plantenavne i vore stedsnavne. HåM 5. 32-40 (1937-40).
Heggstad. L. 1963: Gamalnorsk ordbok. (2. utg., 2. opptr.) Oslo.
Hoel, K. 1985: Studier over bustadnavn fra Østfold. Oslo – Bergen – Stavanger – Tromsø.
Hovda, P. 1961: Norske fiskeméd. Oslo – Bergen.
Hovda, P. 1965: Landskapsnamn. Noreg. KLNM 10. sp. 250-56.
Hovda, P. og 0. Grønvik 1959: Über norwegische Gebirgsnamen. NoB 47.149-70.
lndrebø, G. 1928: Norske elvenamn. NoB 16.131-76.
lndrebø, G. 1935: Fjordung. (Bergen].
Iversen, R. 1961: Norrøn grammatikk. 6. rev. utg. Oslo.
Jacobsen, M. A. og Chr. Matras 1961; 1974: Føroysk-donsk orðabók. 2. utg.; Eykabind ved J. H. W. Poulsen. Tórshavn.
Jacobsen, J. 1901: Shetlandsøernes stednavne. København.
Korhonen, 0. 1979: Lulesamisk-svensk, svensk-lulesamisk ordbok. Uppsala.
Myrvang, F. 1982: l havsauga. Andøya i stadnamn og kysttradisjon. B. l Værøy).
Nes, 0. 1985: Gamle vassførenamn: *Iru, og *Lemuod-. NN 2.7-27.
Nicolaisen. W.F.H. 1976: Scottish Place-Names. London.
Noreen, E. 1919: Studier rörande gränserna mellom Värmland och Dal samt Värmland och Norge i äldre lid. NoB 7 .115-62.
Nævestad, D. 1981: Marinarkeologisk undersøkelse i Borgepollen sommeren 1981. Lófótr 4.
OGB 20:2: Ortnamnen i Göteborgs och Bohus län. 20:2. Lund 1958.
Qvigstad, J. 1893: Nordische Lehnwörter im Lappischen. Christiania.
Qvigstad, J. 1935: De lappiske stedsnavn i Troms fylke. Oslo.
Qvigstad, J. 1938: De lappiske stedsnavn i Finnmark og Nordland fylker. Oslo.
Qvigstad, J. 1944: De lappiske appellative steds-navn. Oslo.
Ross, H. 1895: Norsk Ordbog. Christiania.
Rygh, O. 1896: Norske Fjordnavne. Sproglig-historiske Studier tilegnede Professor C. R. Unger 30-86. Kristiania.
Rygh, O. et al. 1898: 1905: 1907: 1911: 1924: Norske Gaardnavne. Forord og lndledning: 16: 6: 17: 18. Kristiania.
Sahlgren, J. 1918: Förbjudna namn. NoB 6.l-10.
Sandnes, J. og 0. Stemshaug (red.) 1976: Norsk stadnamnleksikon. Oslo.
Schröder, E. 1924: ,,Haupt» als Quelle. NoB 12.110-20.
Schröder, E. 1926: Zu Haupt als Quelle. NoB 14.20-30.
Sedolfsen, K. 1973: Sjø- og strandnavn fra Henningsvær til Skrova. Uprenta hovudoppgåve. Oslo.
Smith, A. H. 1956: English Place-Name Elements. 1-2. Cambridge.
Solheim, S. 1947: Folafoten – Kjølrota. MM 1947.1-14.
Steinnes, A. og E. Vandvik 1975: Latinsk ordbok. 2. utg. Oslo.
Sund, J. 1978: Skjærgårdsnavn fra Vest-Lofoten. Uprenta hovudoppgåve. Trondheim.
Vilmundarson, Þ.1983: Safn til Íslenzkrar Örnefna-bókar 2. Grimnir 2.51-144.
Vries, J. de 1962: Altnordisches etymologisches Wörterbuch. 2. Aufl. Leiden.
Vågslid, E. 1960: Feta og -fot i norske stadnamn. NoB 48.25-33.
Aasen, I. 1873: Norsk Ordbog. (2. udg.) Christiania.
‘Nokre stadnamn med sisteledd -fot(en)’i «Namn og Nemne» 1987, nyredigert.