Anda, Anden
Fuglen and?
Stadnamn på And- har med kvart og greitt nok med fuglen and å gjere, t.d. Andmyra, ein del av flyplassen på Evenes, likeins eit gammalt torvtak med same namn på Langset gnr. 47 i Nesna – eller også den i si tid oppdyrka Andmyra i Urskarbukta gnr. 30 i Øksnes. I hin enden av namnekomplekset finst tungtolka namn som Anda (Andøya); der på har dei òg Andmyran, her vel å merke sekundært til øynamnet.
Andefuglane har saktens vel til ein viss grad sett spor etter seg i stadnamna, men så lenge vi held oss til det som er sikkert, gjer faktisk anda og især ea (æd) mindre av seg i namnematerialet enn ørn, ramn og kråke o.a. Relativt aggressive eller store fuglar dominerer der anda og ea og lunden er til stades i eit visst omfang – då er òg rovfuglane til stades. Men det er rart at vi har eit fåtal Eholm’ar o.l. medan så mange markerte lokalitetar just i Nordland heiter Andholmen, Andklakken osv. Endå rarare er det at dei to siste namna ser ut til å vere fråverande i Troms og Finnmark. Andklakk’ar er visst heller ikkje registrerte sør for Nordland, ulikt Andholm-namn.
Skjera Andsteinan ved “Anda fyr” i Øksnes har sitt namn av holmen Anden og har derfor berre sekundær interesse. Derimot kan namn som Andedammen eller Anddammen ikkje mistolkast, Andhella nær land på gnr 59 i Vågan kjem vel i same kategori. Andskjæret på gnr 176 i Brønnøy (gl. Velfjord hd) heiter så av di fuglen varp der. Andåkeren var ein gammal åker i Rørlia gnr. 171 i Rana: «Navnet kommer av fuglenavnet and. Den hadde ofte reir i åkerkanten” (Ytre Rana historielag, stadnamnhft. II: 22).
Fuglelivet gav òg namn til Andkjelen el. Andkilen gnr 48 i Sørfold så vel som Andholmen under gnr 84 i Brønnøy og gnr 2 i Vevelstad, og Andholmen under Holandsstranda gnr 40 i Dønna er ein liten vassholme der det verp villender. Andholmen i Skokkelvika gnr 134 i Vestvågøy (Valberg sokn) blir kalla “Andøya” òg, men er ikkje stor og ligg tett innom Torvøya, dekt av sistnemnde, og er så bortgøymd at And- utlagt som “mot-” el.l. blir tvilsamt. Namnet har sannsynlegvis berre med fugleliv å gjere, endå der i seinare tid helst har vore e og måse, jf Kråkøya litt lenger bort. Likevel er det merkeleg at holmen er slåande lik den store Andøya (Anda) på skap!
Meir usikker er forklaringa for mange av dei andre Andholm-namna i Nordland, så som tre stader i Vega, og elles i Meløy, Hamarøy, Røst og Øksnes. Fleire av desse holmane er både snaue, høge og rundvorne og duger knapt som hekkeplass for ender. Mange av dei har dertil det særmerket at dei er todelte eller ligg i “parforhold”.
And-: mot(stilt), overfor, framfor, utom?
Utmerkinga (prefikset) and– i fleire samansette, gno ord blir helst forklart med “mot-”, i Fritzners ordbok grundigare utlagt som “en Modsætning, eller at noget er modvendt, er stillet ligeoverfor noget andet”. Eigentleg er ein god del ord med and– = ‘mot-‘ brukt den dag i dag, t.d. “ligge andføttes”, andror “roing i motvind”, andstraum, det å andøve osv. Sjølve prefikset er greitt, men er like fullt dunkelt i namn som får oss til å forvente topografiske motsetnader i landskapet som viser seg vanskelege å oppdage.
Alf Torp har også ein merknad om at mót- (som eigentleg er nomen = substantiv), alt i gno. kjem opp som forstaving, attåt gamle former gegn– (jfr. tysk gegen) og and-. Sistnemnde svarar til adv. ante i latin: “framme, framanfor, føre” om stad og tid og når ante blir brukt som preposisjon: “framanfor (stundom betre omsett med utanfor), framfor, føre”. Dette vårt sideblikk til latinen er nyttig nok, for fleire lokalitetar med namn på And- har ein slik posisjon (sml. Forøya utom Klæva mellom Bleik og Andenes så vel som fl. st. Nordland). Men ‘framfor’ høver langtfrå i alle tilfellea der And-namn opptrer. I denne namneartikkelen drøftar vi særleg And-namn som har interesse i samband med Anda = Andøya.
Andhólen er ein haug nedst i fjellfoten i Bjørnskinn gnr. 10 i Andøy, utan tvil eit særs gammalt namn. Han er eit motstykke til den lågare Jo-Tommesa-hólen på hi sida Andersåa. Andhólen er rund å sjå til, litt bratt mot Trolldalen i nordaust. Andhólen på Dverberg gnr. 27 i Andøy er ein morene i sør-nordretning (vestom Andhóltjønna). Han vender mot Kjerkeraet; der er myr imellom. Vegetasjonen i Andhóltjønna er rik, ikkje berre ender held til der, men òg hegre og svan og skarv, så merkelappen Fugle– kunne høve betre. Set ein fuglelivet i fokus, er det forresten snålt at det heiter Andhóltjønna, ikkje *andtjønna, dessutajn er der inga tilsvarande tjønn ved Andhólen i Bjørnskinn.
Kanskje er namnet meir i klasse med Andholtan i Lenvik og Andås(en) eit par stader i Nordland. Hovud-temaet tilseier at også Andklakkan (Sømna, Lurøy, Tjeldsund, to stader i Vågan) og dessutan Andklakken i Gildeskål bær nemnast her. Det er i så å seie alle desse tilfelle tale om tvillingholmar eller skjer.
Om ordet “klakk” er elles å seie at det ofte står for store og små bergformasjonar nokså flate oppå, men dei har brattare kantar. Unnatak finst, ikkje alle namn på “klakk” kan vere like gamle, men gjennomgåande finn ein klar formell slektskap med klakk om “brat klippe med vandret overflade, som springer frem av en fjeldskraaning” (Torp, frå Sunnhordland og Ryfylke).
Andklakkan, òg sagt Angklakkan for di uttalen av nd tar farge av k-en som kjem etter, skulle slik sett tyde “klumpane framfor eller attmed einannan”. Kan hende så, men det lyder ikkje heilt konkret og gir rimeleg grunn til tvil, for om Andklakkan i Lurøy er sagt: “Holmene med sine 3 karakteristiske “pukler” ligger i den gamle seilingsleden mellom to åpne havstykker” (Harry Danielsen, “Hestmannøy” s. 458).

Andneset er eit namn som finst i Vefsn og heile tre stader i Øksnes, dvs der er fleirtalsform Andnesan like vanleg. Alle stadene passar gno andnes “framstikkande nes på sida av eller ved munningen på ein fjord”.
Andenes nord på Andøya høyrer ikkje til Andnes-namna, då det er sekundært til øynamnet Anda, merk mellomnorsk form Andanes. Men med tida er tradisjonell lokal form blitt Andnes med tonelag 2, kort a og palatal n (korrekt i NG 16: 402, rangt i 1997-utgåva av NoSt). Men leseuttalen Andenes breier seg, med kort a og nd uttalt utan palatal! Her òg bommar 1997-utgåva av NoSt mens 1976-utgåva refererer rett.
Andvegen er ei rundvoren vik (ein bug) på gnr. 62 Sandnes i Gildeskål. Namnet er ‘grunnordlaust’, for ei vik blir vanlegvis ikkje samanlikna med ein veg: Vi har å gjere med det sms. gno.. andvegi = ondvegi, men ikkje i vanleg litterær tyding “plass i stova der høgsætet var”, eller eigentlegt to slike, husbonden sitt og eit anna midt imot – men meir likt nyn. andveg “inderste Plads” og andveges adv “til den motsatte Side” (Aasen). Observert frå den nærliggande garden Framnes er vika så avgjort plassen midt imot, likeins sedd frå Sørsjøodden på sjølve garden Sandnes.
Andværbøan sørvest for Andbjørga i Øksnes ligg utanfor Klubbskjæret, fremst mot mykje djupare farvatn. Jf gno andverðr, ondverðr adj. “som er vend imot (noko), som høyrer til det første”. Amdværingar er det ikkje tale om, her, men i begge tilfelle sms ord på And- å gjere.

Andøya gnr 2 i Herøy ligg austafor Tenna og er ganske flat. Imellom Tenna og Andøya går Andøysundet. og vi kan godt seie at Andøya og Tenna ligg side om side. Andøya i Brønnøy har ei litt langvoren høgd og ligg parallelt med Lisl-Burøya utom og med Mortenøya innom og er er skild frå Lisl-Burøya ved ein val eller eit grunt sund. Andøya, ei av Feøyan i Dønna, har to humpar, den eine rundvoren, Andøya |»annøyn| nordom og utom Husøya i Vega har fleire: Den høgaste (13 m) ser òg rundvoren ut. Heilt tilfredsstillande opplysningar om eller foto av desse tre siste Andøya’ne ligg ikkje føre. – Så langt er det i alle tilfelle tale om and- i tydinga “mot(-liggande, -ståande)”, “side om side med” eller “framfor”.
And- om avrunda formasjonar?
Andfjellet (lang a, ikkje palatal n) på gnr. 21 i Lurøy er ganske avrunda og 179 m høgt. I nordaust skjer ei kløft av eit lægre parti på 140 m. Bratt mot aust og nordaust men likevel rundvore er òg Andfjellet (1202 m) i Rana.



Andholm-namnet er kjent frå Bø, Hadsel, Steigen, Bodø, Gildeskål, to stader i Herøy, vidare Sømna, Træna og fire stader i Vega. I motsetning til Andklakk-namnet finst det lenger sør i landet òg. Gjennomgåande er det avrunda lokalitetar, iblant karakterisert som ‘ein avflata bolle’. At alle desse gjennomgåande høge og bergfulle holmane har vore naturleg tilhald for ender er tvilsamt.
Andotten (ainndåtten) er fjellnamn på to stader i Hasvik, på samisk sagt både Ánddot og Anddut og med vising til ánddot “gåvmild” (NoSt) Det spørst likevel om hott, hutt “avrunda topp, grastuve, tre-klung” (sjå Torp) med h-bortfall gir ei meir konkret og sannsynleg forklaring på hovudleddet?
Andsteinen som namn på storvorne lokalitetar finst neppe i Nordland, men fl.st. i Trøndelag, og Bjugn har minst 4 tilfelle: Alle desse holmane el. skjæra er runde og høgvorne, det gjeld gjeld også for An(d)steinen i Frøya kommune. I Steinkjer finst den 234 m høge Andsteinen, tett sørom ligg Sneves Andsteinen: Begge er avrunda og litt bratte mot vest.
Andøya |»ānøya| frontar Reine i Moskenes og gir livd for den vide Kjerkfjorden + Vorfjorden i nord. Øya er 73 m høg og rund og har for så vidt eit motstykke i den 56 m høge Olnilsøya austafor, men sistnemnde er av langt mindre regelmessig form enn Andøya. Å seie at dei to øyane ligg side om side vil vere å “presse” dei topografiske fakta. Andøya finst også fleire stader sør i landet som namn på lokalitetar av varierande storleik, men ut frå kartmaterialet og på grunn av naturinngrep på fleire av stadene er det usikkert korleis landskapet på desse stadene eingong var.
Andøya lengst nord i Nordland er av dei største øyane i landet, And- uttalt med lang a og palatal n. Men tradisjonelt heiter øya kun Anda |’āᶇa| med tonelag 1 (som i fuglenamnet), med palatal n og lang a : Det er feil i NG 16: 402, og rett i NoSt, oppslag Andøy(a).
At kortform Anda var brukt offisielt, ser vi av at det står Andens Præstegjeld i reformatsen (ikkje Andenes slik NG seier) og av at Hartvig Bille skreiv Anden 1609. Kartografen Melchior Ramus har òg på si kartskisse frå 1689 kun det namnet på øya pluss nemnemåten Andens land , jf And-landet tradisjonelt. Også Petter Dass brukar berre Anden i Nordlands Trompet. Anda og Andungen heitte forresten eit par skjer i hamna på Andenes, men dei er bortskotne, vi veit ikkje korleis dei såg ut.

Anda (=Andøya) går att i namn som Andfjorden + i Andbø som utmerkings-namn på garden Bø sør på øya, og Aslak Bolts jordbok nemner eign “af Andagaffle”, no Gavlen, lengst sør på øya. – I Bjarkøy og Senja brukte dei namnet Andhovvet |»aᶇhåvve| lik -hovudet for Andhauvet, sjå foto, og Andgrunnen utom Skøyteneset i Berg har fått namn av den eine méda: Okseneset på høgaste Andhovvet.
At Anda alias Andøya har ein framskoten posisjon nordover og utover, sml med naboøyane i Vesterålen, er lett å sjå på vanlege kart. Men til sjøs er det meir slåande at ho på avstand ser ut som tre, når Bømyra og Skogvollmyra “vatnar” og berre fjellpartia visest over havet.
‘Anden’ som gammal skriveform for den store øya Anda skal vi ikkje forveksle med ein lokalitet som med rette heiter Anden |āᶇ˜ᶇ|, ein holme nordom Langenes. Frå Bø på Anda ter han seg udelt, men på nært hald tredelt: høgast i sørvest, med And-kalvan i nordaust. På høgaste Anden står fyret som tradisjonslaust blir skrive “Anda” og uttala med nd og utan palatal. At holmen heiter Anden og at sjølve øya er Anda har vore barnelærdom for andværingane, så det er forunderleg at fyret har drege av med namnet på øya og at folk frå Anda altfor ofte blir kalla “andøyværinger” no!

Oppsummering:
Det litterært overleverte andnes om motståande oddar er kjent frå norrønt, men stadnamna viser at også andholmar, andklakkar og andvågar oa fanst i talemålet. På tørt land var visst andbakke og andås, andhól og andholt så vel som andberg og andbjørg like kurante lendekarakteristikkar. Men vi slepp ikkje unna ei nærmare grensegang mellom and- som prefiks i tyding som omtalt, og dei andre tilfella der vi har å gjere med fuglen and, gno ϙnd (o med kvist). Norrøn genitiv andar– går i enkelte samansettingar på ϙnd “and” (fugl) så vel som “ande, pust” mm: jfr. norr. andarsteggi “andstagge, hanfugl av and”, heilt ulikt andartak “andedrag”. Merk då at anda (a:jna) i andøymål alt etter samanhengen og utan uttaleskilnad kan gjelde både øya, fuglen og pusten (t.d. møsse anda)!
Moderne norsk har and– i samansettingar av alle tre ond-orda. Alt i norrøn tid var det etter ordbøker å dømme den vanlegaste samansettingsmåten, og forenklingstendensar førte til fullt samanfall seinare.
I stadnamn-oversynet framfor er ikkje nemnt at And-namna misser palatal n når du kjem sør til Herøy, Alstahaug, Vega, Vevelstad og Sømna. Det er normalt for målføret, Andøya i Moskenes uttalt på same vis er eit særtilfelle, her har vi snarare å gjere med ein variant av ns ad’no «stor flat sten, som man ikke kan rokke» (Qv app. 3, frå Kautokeino).
Holmenamnet Anden med avleidde namn så vel som øynamnet Anda med avleiingar har lang a i lokal uttale, men i Troms ser det ut til at kort a er vanleg for avleidde namn som Andhovvet. Det er elles uvisst om der finst regelfast uttaleskilnad på namn knytt til fuglenamnet and og andre som inneheld prefikset and-. Norrøn form av Andenes var etter vanleg oppfatning *andarnes, sjølv om vi berre kjenner ei usikker forma Addarnes frå den danske sogeskrivaren Saxo, elles berre mellomnorsk form Andanes (Aslak Bolt).
Prefikset and– er på si side slik det var alt i norrøn tid, men heller ikkje då var det eit sjølvstendig ord. Gammalhøgtysk hadde motstykke på ant-, ent- og int-, og best kjent er kan hende Antwort “svar”. Interessante for oss er orda på ent– i ny tysk: Når vi skal omsette desse til norsk, må vi skiftesvis ty til norske ord på av-, mot-, unn-, ut- osv. og sist men ikkje minst: bort-, frå-. Det er især tale om nomen og verb. Mest talande i vår samanheng er adverbet entzwei “i to (stykke), sund” i fleire tyske verb, dertil i abstraktet Entzweiung “det å gjera usamd, åtskiljing; usemja, tvist, split, trette”.
Som oversynet framfor burde vise, er tradisjonell forklaring and- = “(i)mot-” bra nok for mange av namna på And-, dersom vi vil tolke filologisk korrekt og samstundes kort. Resonnnerer vi tysk i vårt møte med namna, er “(opp)deling, kløyving, (opp)splitting” nyttige tilleggs-aspekt. Då kan vi tillate oss å seie at And- i ofte uttrykker tilhøve som “motståande”, “motvendt”, “todelt” eller “i to motståande delar”, “liggande (ståande) i par”.
Eit ord som ikkje synest å vere i slekt med prefikset and- er norrønt ϙnd “forstove, gang” (det finst dertil i forma anddyri), men genitiv andar– ikkje påvist. Ordet er i slekt med latinsk antae “dørstolpe, tempelvegg (ved inngangen)” og gammalindisk átá “dørkarm”, armensk dr-and “dørstolpe”.
Eksistensen av det nyss nemnde ond er *brysam’ på grunn av at Anda (Andøya) også heitte Qnd o.l. i norrønt (forma Qmð, sjå Håløygminne 1996-4, “Noko meir om Åmd og Tjøtta”). Øya er som sagt delt i tre, av store myrar som ser ut som havflater på avstand, og ein kan ikkje utan vidare avvise ei tolking som går på opning eller dør. Men vektlegg ein aspektet “stolpe”, må eit slikt forklaringsforsøk falle.
Problematisk er også Anden: som holmenamn: Hankjønnsforma kan i og for seg komme av at Anden er ein holme, medan øy- og elvenamn oftast er hokjønnsord. Ut frå holmenamnet uttalt |āᶇ˜ᶇ| berre med stavingsberande forlenging av n–lyden kan vi ikkje avgjere om norrønt andi m eller andr m ligg til grunn. Liknande uvisse om opphavsform og tonelag er målborne også for Anda som namn på eit nes, no med ferjestad, i Gloppen i Sogn og Fjordane (No St). Ferjestaden ligg under den markerte Andåsen, som er ganske avrunda, om enn bratt mot vest, og er svært lik ei rad lokalitetar i Nordland med liknande namn.
Her skal vi sjå på ein detalj som tilsynelatande ikkje har med temaet i denne artikkelen å gjere, nemleg norrønt enni, som primært tyder “skalle”, men òg “panne” – i Landnáma også brukt som namn på eit fjell. I nyisl. tyder det “panne”, reint anatomisk, men også “hjalla- eða hlíðarbrekka”, og i vår samanheng vel så interessant: “fjallsmúli” (Blöndal Magnússon), nokså likt færøysk enni n “pande; skarpt fremspring i en stejl bjergskrænt” (Jacobsen og Matras). Det er med norskare ord “panne; bergsnev, framskot i bergsida” (E. Lehmann). Også i shetlandsk var enni ein term for bratt bergside el. bakke. Ordet er ein ia-stamme, jf. germansk anþja– som går att i glhøgty. andi, endi ‘skalle’, merk også lat. antiae ‘pannelokk’ (hårlokk) så vel som anterior ‘fremre’ (de Vries).
Mennesket underlegg seg naturen og skildrar då lendet med ord som høyrer menneskekroppen til: rygg og hals er gode døme. Men stadnamna er konservative, dei minner oss om ord som i si tid etter tur vart fortrengde av nye: aksel er på umerkande vis blitt erstatta av skulder, og orda bringe og barm oppfattar vi i beste fall arkaisk og poetisk. At barm eigentleg er innkuvinga midt på brystet fortonar seg fjernt, men Vestlandet har fleire vikar og øyar som heiter Barmen. Øy- og fjellnamnet Sula finst fleire stader, og eldre folk kan vel enno spontant seie om ein person at han er lang i sula, men vi oppfattar det knapt som eit anatomisk uttrykk lenger. Mjømna heiter ei øy i Gulen mens ei anna i Austevoll blir kalla Hufto, kven ville tru at det er det same? Einar Tambarskjelve har enkelte høyrt om, færre veit at ein kan utlegge tilnamnet hans som dissevom, at det har sidestykke i øynamnet Tomma på Helgeland.
Skallen som namn assosierer vi med hovud-rundingen og Kruna meir får oss til å tenke på hovudtoppen (issen, hjessen). Det glhøgty. andi jamført med norrønt enni fortel såleis om ei glidande tydingsutvikling frå skalle til panne. Så finst det då heller ikkje noka skarp grense mellom dei to delane av kraniet, og i dei And-namna som høyrer til denne tydingssfæren kan det sjå ut til at begge aspekt er på plass og at namna står for hovudforma lokalitetar som er panne-bratte på eine sida. Her er ikkje enten – eller, begge delar er med i denotasjonen når vi ser namnegruppen under eitt.
Senjaværingane kallar fjellet Andhauvet lengst nordaust på Anda for Andhovvet (attåt Litl-Andhovvet), dvs Stor-Andhovvet er det høge, avrunda fjellet som andværingane kallar Røyken: I Berg og Bjarkøy var Andhovvet ei velkjend méd. – Her blir det for alvor interessant, for alle kan sjå at Røyken på avstand liknar ein skalle, sml glhøgty. andi og Anda i Gloppen, det eigentlege Andhauvet er eit lågare fjellframspring, bratt som ei panne mot vest-nordvest.
At øyar får namn av ein markert fjellformasjon er gjengs, t.d. Alden i Askvoll i Sogn og Fjordane, Rolla i Troms og Skrova i Vågan. For øy- og elvenamn er hokjønnsform det vanlege. Anda lik norrønt Qnd fekk tydelegvis sitt namn på grunn av skallen evt. panna på nordenden av øya?
Mange And-namn går som sagt på avrunda formasjonar. På eit yngre språkstadium fekk slike ofte namnet Hovden, laga av hovud = hauv. Så Andhovvet eller Andhauvet er slik sett “smør på flesk”: Etter kvart som ordet and om skalle eller panne gjekk i gløymsle, vart eit forklarande tillegg meir og meir naturleg.
