Vegusdal

Vegusdalveggusdal|, eller |»vekusdal| som det i flg. Norske Gaardnavne heiter i nabobygda Mykland, ligg i Aust-Agder. Sokna og bygda hadde namn av gnr 11 Vegusdal, som var kyrkjestad til 1867. 

Verdsleg var Vegusdal ein del av Evje hd, men eige herad frå 1877, vart så i 1967 slått i hop med Herefoss og Birkenes til Birkenes kommune. Skriveformene av gardsnamnet er frå slutten av 1500-talet og ut­etter, dei avvik lite frå dagens skrivemåte. Langt meir interessante er skriveformene av soknenamnet attover til mellomnorsk tid: i Veikolfsdale 1348, Veikundals (sokn) 1430, Weykwlsdall 1478, derpå Wegusdall og sist ueggusz Dalle kircke 1564. 

Namnet er tolka slik i NG: «Efter de ældste Skriftformer (se ved Herredsnavnet) er Navnets gamle Form sikkert Veikolfsdalr, sms. med Mandsnavnet Veikolfr, som ikke med Sikkerhed kjendes ellers. Det er maa-ske ikke et gangbart Mandsnavn, men Navnet Ulfr med det foranstillede Tilnavnsadjektiv veikr, svag». Her slår NG fast at det er tale om «Mandsnavnet Veikolfr, som ikke med Sikkerhed kjendes ellers, det er maa-ske ikke et gangbart Mandsnavn, likevel «er Navnets gamle Form sikkert Veikolfsdalr». Kva er eigentleg sikkert i denne argumantasjonen?

Mannsnamn-teorien har sant nok brukande dekning i formene Veikolfs- 1348 og Weykwls- 1478, men forma Veikun– 1430 kan ikkje oversjåast: At nasalen i innlyd som i Veikun-, Veikon– seinare vart til Veikul-, Veikol– er lydleg ordinært. Uforkarleg er derimot at dei sistnemnde formene atter vart Veikun-, Veikon-. 

Attom dei mlno. skriveformene i Veikolfsdale  1348, Veikundals s. 1430, Weykwlsdall 1478 skjuler det seg snarare ein karakteristikk av dalføret der garden ligg, og den eine skriveforma Veikun– (dei andre har fått norsk overgang n > l) peikar beint mot eit fleirtydig ss vaajkoen (variant vaajhkan) ‘lite om, smått om’ (jf. Mankok vaikoen ‘enfald’), men også ‘det/det einaste’, ‘solo-‘, alternativt ‘den/det siste’. Ordet finst også skrive vaajkuon (var. vaajgaan les –kān); andre variantar med same tyding er vaikanes, váihkënës.

Gards- og bygdenamnet Vegusdal er unikt , men Gol i Buskerud har ei sæter Veikulvollen «paa Sydsiden af Veikulnatten, en høi Fjeldnat med Varde. I Nær­heden ligger det bugtede Veikultjern» (NG 5: 105). Om uttalen av dei namna er noko sagt, men framhaldet viser at vassfar nok var i fokus: «Første Led hører vist­nok til víkja ‘vige tilside’ og har muligens betegnet ‘bugtet’. Maaske er beslegtet svensk Sjønavn Veckeln (af udpræget Bueform) og andre af Hellquist ….omhandlede Navne. Lige­saa hører vistnok hid Veikle i N. Fron GN. 138 ved Elven Veikla … og Veikle paa Ørlandet’. 

Først: Dei skriveformene som finst av Veikle-namna tyder ikkje på at sambandet med Veikul-namna i Gol er sikkert. Det er derimot at Veikulvollen, som ligg isolert, i hovudsak må vere identisk med Veikulstølan like sør for Veikulnatten, medan det er større avstand til Veikultjern i aust-nordaust.Etter namnebruken på karta synest Veikultjern å vere søre delen av Glitrefjorden. Veikultjern har iallfall tilflyt frå tjernet Runda i sør, og i tjernet er ut­falls­os for Veikulåni, som renn nordvestover.

Området frå Veikulnatten og -stølan i vest til Veikultjern i aust er både vidt og namnefattig, og det er ikkje avgjort kva som er primærnamnet: Veikulstølan verkar små og er sannsynlegvis litt karrige, men den vel 1037 m høge Veikulnatten er relativt ruvande og frittliggande og kan ha vore eit nokså viktig landemerke. Spørsmålet er om han på noko vis var skilmerke mellom gardar eller grendelag, sml då namna Gol (Gǫrð) og Herad.

Vaikonmyra eller Vaikonsmyra i Trysil ligg midt mellom grenserøys 112 og 113: R. Iversen rekna forleddet for eit finsk person- eller slektsnamn. No kan ss vaajhkoen tyde både ‘smått om’ og ‘den einaste’, ‘einsleg’: Meir relevant i samband med grensegonge er vaikoe = siejhme ‘sämja’ (Mankok), jf vaikoen (= siejmes), svensk ‘endräktig‘, dvs. samd.  

Ein kjenner altså til tre norske Veikun- / Veikul-namn, men rett austafor Hattfjelldalen i Nordland ligg på svensk side Vaajkenes-njuenie, (oslo 241), ein fjellnase som utgjer eit lågare vedheng eller utstikk på fjell-massivet innafor, vedhenget er siste slumpen. Dei fire stadnamna inneheld sikkert ein samfaktor, rett nok dunkel, men klart nok ein annan enn det hypotetiske for ikkje å seie konstruerte mannsnamnet Veikolfr.                                            

Vi vil no sjå nærmare på Vegusdal-matrikkelen slik han framgår av NG, der det kjem ei tylft gardar med namn av velkjent norrøn type: 1 Vatne (Lislevann), 2 Øydegarden, 3 Myklebostad, 4 Tveit (nordre), 5 Ljosland, 6 Hovland, 7 Skåre, 8 Flateland og 9 Vågsdalen – alle dei knytte til Hovlandsdalen med Skårsåna – og no skulle ein vente at det var Vegusdal sin tur, men Breisåsen (Breiåsåsen?) søraust for Vegusdal ‘snik i køen’ såleis at Vegusdal blir nr 11: Matrikkelen gjer deretter eit sprang sørvestover til 12 Haukum (austre) og 13 Engesland (øvre). Orienterer ein seg i tillegg ved hjelp av ortofoto, med raud markør på Vegusdal-garden, blir det heilt tydeleg at han ligg i utkantposisjon i høve til busetnaden i Hovlandsdalen, og endå større er avstanden til dei lysare flekkane med innmark knytte til gardane i sør og sørvest. – Samtidig er Vegusdal einaste gardsnamnet blant dei nyss opprekna der førsteleddet ut frå kjent norrøn ordtilfang har uklårt innhald. Det er derimot lett å komme på sporet når ein legg sørsamisk til grunn, merk at lånordet –daelie <gno –dalr er velkjent frå sørsamiske stadnamn. 

Lett å orientere seg, ja, men ikkje dermed eintydig: veikun = sørsam. vaajkoen (oe = lang o) i tydingar som før er skissert kan ha gått på geografien: at garden låg einsamt til, liksom Veikulvollen alias Veikulstølan i Gol. Var då begge opphavlege sïjteh (samebyar, -grupper) i utkant av sørsamisk område? Det kan vere eit poeng for seg at kyrkja vart bygd på denne staden, av di vaikoen (=siejmes) – i flg. Mankok og og med hans ortografi – som sagt òg tyder samd (‘endräktig’), jf vaikoe = siejhme osv. 

Ei slik tolking av gardsnamnet inneber nok at sørsamane på denne delen av Agder vart tidleg kristna: Stavkyrkja i Vegusdal var i flg. Vegusdal gards- og ættesoge frå ca 1220, og i ein slik kontekst kan det vere sannsynleg nok at namnet har med inngått avtale eller semje å gjere. – Teorien om mannsnamnet Veikolfr er rein tåkelegging. 

Fjellheimen i det gamle Vegusdal hd. med markør på utkantgarden Vegusdal. Kartverket