Makrellrød eller Maktildarud?
«KVINDENAVN SOM MAASKE INGEN DER HAR BAARET, UDEN DEN ENE – «

Makrellrød |»makrelrø| er gnr. 94 i Råde, Østfold. Garden ligg på ein strandrygg med Makrellskjær like utanfor, slik sett er namnet upåfallande. Det flokar seg likevel snart når ein ser på dei tidlegaste skrive-formene: Maktildarud RB 487 og 489 [ca 1400], men i Þughna-rudom DN I 484 [1420], Macklerudt St. 36b [ca 1575], Makrelrudt 1578, 1635 og Mackrillerød 1593 (NG 1: 334).
Merk at Rygh ikkje kommenterer namneforma i Þughna-rudom, men det er nærliggande å sjå det som ei avsporing av gno. *Þúfnaruð med gno. þúfa i gen.pl., for på raet ligg det fleire rundvorne humpar. Dette tilsynelatande parallellnamnet vart tydelegvis ikkje nytta oftare. Der imot er det tydeleg nok at formene Makrellrudt og Mackrillerød frå siste del av 1500-talet og seinare viser lydlege omkastingar av eit forledd som tidlegare vart oppfatta som makle-, før det att som maktild-.
Rygh lanserer her ein finurleg teori: «Maktildarruð, af det fra Tydskland indførte Kvindenavn Maktildr, der neppe ellers kan paavises i Norge i MA. Den Form, hvortil Navnet senere er gaaet over (som det sees, allerede i 16de Aarh.), er ganske eiendommelig og morsom; den bliver forklarlig derved, at Folk i Bygden kjendte meget bedre til Makrelfiskeri, end til det sjeldne Kvindenavn, som maaske ingen der har baaret, uden den ene, efter hvem Gaarden fik sit Navn (før 1400, som man ser)».
Hadde O. Rygh hatt høve til å søke i nasjonale namnebasar av det slag vi no har, ville han venteleg drege noko andre slutningar særleg av namn som Makrellvatnet på Hitra, Makrelltjønna i Namsos og Birkenes, Makrelltjern i Øvre Eiker, og vidare Makrellknatten i Lørenskog, Makrelldalen i Modum, for ikkje å gløyme Makrellbekken i Larvik, Eidsvoll og Oslo, alle i hop «natur-stridige» namn. Det gjeld òg for Makrellbukta i Gjersjøen, Nordre Follo.
Sams for lokalitetane er at det er tale om små dalsøkk, nokre med tjønner og fleire med bekkar. Inga forklaring høver betre enn sørsam. mahkeld «slutten på ein dal eller bekk». I nord lyder avsporingar av same ordet Makkelv-, Matkjel-, Ma(g)keil- ! I Makrellrød sitt tilfelle ser vi at garden ligg på eit strand-ra, som i sørvest glir saman med åsdrag litt innafor stranda, i skarp vinkel så det oppstår ei krå, Makrellrød-kroken. Kråa vidar seg i nordaustleg retning. Ho hallar nedetter slik at det oppstår eit lite, men distinkt avgrensa dalsøkk.
Vi kjem atter til Rygh, for ‘det fra Tydskland indførte Kvindenavn Maktildr, der neppe ellers kan paavises i Norge’ har (for å ty til eit moderne ord) fått all tenkeleg PR. Om Malterud gnr. 32 i Ås blir såleis uttalt, at Sophus Bugge «antager den opr. Form at være Maktildarruð, af det fra Tydskland indførte Kvindenavn Maktildr. Ingen Person med dette Navn kjendes i Norge i MA, men det kan sees at have været brugt, da Makrelrød, GN. 94 i Raade, i RB skrives Maktildarud». Dette er sirkelresonnement av god sort, og som om ikkje det var nok, Maktildr blir også som einslags sanningsvitne i omtalen av eit gardsnamn frå Naustdal i Sunnfjord:
gnr 23 Apnesæter |»appnasæ:t|: Agmagesetter NRJ II 134, paa Agmarsette DV VI 806 1552, Ackmand-setter 1563, Achmandsetther 1567, Atmundtzetter 1603, Attmandtsetter 1608, Attmandsetter 1667, og Apnesetter 1723 (NG b 12: 347).
«Det er vel neppe sandsynligt, at Agmarsette skulde være *Agmarssetr af et ellers i nordiske Sprog ukjendt Mandsnavn *Agmarr, der kunde svare til det oldtydske Agamar (Agomar, Agmar), hvorom se Förstemann, Altdeutsches Namenbuch. B. 1. 2. aufl. Sp. 23. Nogen anden Gjetning ved jeg dog ikke at fremsætte; men dette Navns Udvikling til den nuv. Form synes rigtignok uforklarlig. Mulig kunde man sammenligne med Maktildarud RB. 487. 489, til Grund for hvilket ligger et fra Tydskland laant Kvindenavn Maktildr, hvoraf ellers intet Spor findes i Norge; ogsaa dette Gaardnavn har faaet en helt uregelmæssig Udvikling, da det nu lyder Ma`krelrø(d)».

Ved lendet på Apnaset er dette å merke at garden ligg på ei hylle med bratt kant mot fjorden, men også at ein god del av jordvegen ligg i eit brattkanta breitt innhogg i åssida, vinkelrett i søraustre ende.
Det er på tide å gløtte i nordleg lei og tenke litt på ns ađ’gâ = al’gâ, ar’gâ «flat strekning ovenfor flomålet, bevokset med fint gress», som er kjent frå ei lang rad Finnmark-bygder; merk òg ađ’gâ-rājja, ar’gâ-rājje «øverste flomål» (Qv 1944 nr 4). Så mykje er klart, forleddet Ag- og Ack- frå 1500-talet kan gå attende til forma ađ’gâ. Med tanke på kroken i åssida kan mage i tidleg form Agmagesetter på same vis skriveform av ss mȧhkie alias mehkie «bukt, krok, det inste el. øvste av noko» (Qv 1944: 595), nordsam. mohkki «krok, sving, buktning», lulesam. måhkke.
Her er nord- og sørsamisk blanda saman for å vise det topografiske. Sisteleddet –set er norsk i alle fall. Som når det gjaldt Maktildr fann Rygh det greitt å gå ut frå «et ellers i nordiske Sprog ukjendt Mands-navn *Agmarr».
Usagt kva han tenkte var synet på samisk udelt hatsk i Trøndelag. Markus Bang, bisp i Trondheim frå 1774, avskydde det, han sa at Gud ikkje høyrer bøner på samisk og fekk Seminarium Laponicum nedlagt. Neste bisp omtala 1790 «disse uopdragne Mennesker» og refsa prestar og misjonærar som brukte «det forhadte Sprog». Litt av eit fall frå 1200-talet, då Homilie-boka slo fast at «hverr maðr á att biðja fyrir ser svo gott sem hann kann og hefr numit, þvi at Vor Dróttinn kann allar þungur»! –
Oluf Rygh var fødd i Verdal 1833, utenkeleg er at hans oppvekstmiljø ikkje visste kva veg vinden lenge hadde blåse.
Trykt i Nytt om namn nr 73/74 2022-2023, nyredigert
Finn Myrvang, epost: fmyrvang @gmail.com, el. stadnamnfunn@hotmail.com