Agder og det samiske
Den som har interesse for evt. samiske innslag i stadnamn-tradisjonen på Agder vil naturleg nok konsentrere seg om fjellområda, pga. det tradisjonelle synet at samar ikkje var bufaste. Dei går då etter lettfattelege norske forledd som Finn-, Gamme-, Rein- o.a. Det er i og for seg ikkje bortkasta, for det er interessant nok at Agder har ca 10 Finndal’ar, men slik norskspråkleg tilnærming gjer òg at det oppstår blindsoner der ekte samisk språkstoff blir oversett medan norske tilslag er med på å «sementere» det synet at samane levde av og med reinen og at dei etnisk norske var gardbrukarar. Det er ein statisk tenkemåte som glatt overser at samar og etnisk norske samhandla med og lærte av kvarandre.
Ein annan framgangsmåte som krev meir, men samtidig kastar meir av seg, er å å fokusere på gardsnamna i regionen. Den som kjenner til norrønt ordtilfang og til målføra på Agder, vil lett nok finne ut kva gardsnamn som er truverdig tolka eller ikkje. Norske Gaardnavne 8-9 utgjer for så vidt ei godt utgangspunkt ved å påpeike det usikre, men framfor alt ved å dokumentere korleis gardsnamna har vore skrivne tidlegare, så langt attover slike kjelder når (diplom, jordbøker o.a). Uttaleslitasje og tendens til bortfall av stavingar er moment som alltid må vere i tankane. Alle tilgjengelege historiske skriveformer burde vere med i vurderinga av kva tolkingar som er å lite på, men namneoversynet som her blir lagt fram er berre basert på opplysningane i NG, som er og blir dei lettast tilgjengelege.
At gardsnamna på Agder vitnar om samisk påverknad er det ikkje lenger nokon tvil om, men graden av aksept for dette vil variere, avhengig av kor lett det er å frigjere seg frå hittil rådande oppfatningar. Det er for tidleg å slå fast kor gamle dei samiske innslaga er i kvart einskilt tilfelle, her må det både meir innsamling og kritisk saumfaring til, likeins jamføring med arkeologiske og klimatologiske data etc.
a
Namneoversynet startar med ein gardsnamn-gruppe som sprikar veldig , både m.o.t. historiske og noverande skriveformer, nemleg Apesland alias Åbåsland i Laudal gnr 46 > Lindesnes gnr 646, vidare Abusland alias Åpåsland i Evje og Hornnes gnr. 31, pluss Åpåsdal alias Abusdal gnr 32. Dertil kjem Abåsland = Apåsland Finsland 27 > Kristiansand 527, og så utmarknamna Abuslandslia Lindesnes 719,4 pluss Abuslandsheia 718,1.
Dei eldste skrivemåtane frå tida kring 1600 er mykje meir einsarta, med former på Abidtz-, Abitz-, Abiz-, Abiß- og Abis-, attåt Aabids- og Aabitz, seinare kjem Abus- inn. Det kan likne ‘avbygd’ brukt om utkant, men *avbygds– som forledd i eit gardsnamn er av innlysande grunnar usannsynleg.
Rygh er viss på at gno. apaldr m «epletre» ligg til grunn og tenker på «et enkelt, iøinefaldende Exemplar» i slike tilfelle. Han viser til at dette ordet finst i lokale former som apål og åpål. For han var tidlege former på Abidtz- o.l. tydelegvis prov på at uttalevariantar av no. apall vart fordanska til abild i skrift. Ikkje heilt sannsynleg, dansk hadde inga rettskriving på den tid, dei skrivande hadde berre «hørelsen» å rette seg etter. Dessutan ser vi ingen skriveformer med l, som var å vente dersom dei hadde det klart for seg at no. apal og da. abild var det same – men om det no likevel var klart for dei, korleis oppstod då avsporinga Abus-?
Apald-, Apalds- som tenkt forledd skiftar Rygh ut med hypotetisk fleirtalsform i drøftinga av gnr 36 Apeland i Gjerstad: «Kan være *Apaland, af api m., Abe, og overført taabeligt Menneske. I sidstnævnte Betydning kunde det forekomme som Tilnavn og i den Egenskab give Foranledning til Gaardnavne. Dog kunde det vistnok ogsaa være *Apaldaland, af apaldr m., Æbletræ, ligesom Apeland i Tysvær». Første del av tolkinga har sant å seie ein dåm av «Vett og Uvett», det setter unekteleg også det alternative framlegget i eit uheldig lys.
Skriveformene på Abis- speglar ei langt eldre og uforståeleg namneform: Sørleg ss aapije, også aepie) er «stor myr, sumpiga felt», «myr som genomflytes av en bäck» men også «stor vattensamling som bildas vid snösmältningen (särskilt på myrar)» Til alle gardane ligg store myrområde, så det er godt realitetsforankra å tolke såleis, berre at det kan ha vore tale om ei adjektivisk form *aapijes, lett å mistyde som abis, abys og abus. M.o.t. Abusdal og Abusland i Evje og Hornnes, så synest det vere tale om eit vidt *abusland som når heilt sør til Abuslandsheia og Abuslandslia i Lindesnes.
Allestad gnr 48 Hitterø >Flekkefjord ligg innved ein bratt bergvegg, forleddet er klart nok ss aallije «heller, hellar». Den lange aa kunne lett nok få ein uttale å, det forklarer at Ollestad i Heskestad i Rogaland vart skrive Alle- før. Like eins blir nordre Ådland i Åkra på Karmøy skrive Alland på 1520-talet.
Amtedal gnr 24 i Eide > Grimstad gnr 175: «1ste Led er rimeligvis ambátt f., Trælkvinde», meinte Magnus Olsen, men vel så mykje har det kanskje for seg å oppfatte Amte- som forkorta form av ss almetje (primært: menneske), men her i den særlege tydinga «same». Amtedal omfattar eit vidt dalsøkk der bnr 1 og 2 ligg frammed utstikket Ormåsen, sannsynlegvis ss årrom-aesie «buplass-åsen» medan Amtedal kan vere uttaleredusert form av *almetje-daelie «samedalen».

Anobiel alias Andabeløya 1967. «Norge i bilder».
Andabeløyna gnr 109 i Nes > Flekkefjord heitte i lange tider berre Aanobell.
Det lyder lite norsk og er det heller ikkje. Skogen dekker no øya meir og meir, men synleg er framleis den beine bratte fjellkanten på nordaustsida med snaue berg opp i dagen langsetter. Det samsvarar med det antikverte ns adno «stor flat sten, som man ikke kan rokke» (app. 3), og sisteleddet er bealli, ss bielie «side, kant» mm.
Angelstad (uttalerett Ongelstad) gnr 55 i Holt >Tvedestrand ligg øvst på eit skrånande platå ved ei elv. Rygh legg her til grunn at forleddet er Ǫngull brukt som mannsnamn, som også for Angelset i Veldre i Ringsaker, Hedmark, men meir for seg har det å vise til aŋkal(e) el. aŋkalȧmmie el. aŋkalnimmie (Vefsn), lite høgdedrag i flatt lende, høgt nok til å gje utsikt, med litt andre lydnoteringar ȧŋkȧlɛ eller ȧŋkȧlnȧmɛ. Det høver godt for Angelstad, og vel så det for Angelshaug i Kinn k. i Sogn og Fjordane. I ganske mange nordnorske namn er aŋkale blitt omtolka til «Handkle-», men lydnoteringa ȧŋkȧlɛ viser ein ȧ omtrent som den i engelsk man: Den slags uttale har resultert i skriveformer som Enkelåsen (Kviteseid), Enkeløyan (Selbu) og Enkeltjønna (Skjåk).
Apeland gnr 36 i Gjerstad utgjer i lag med Apeland i Tysvær og i Vindafjord i Rogaland ein lita gruppe for seg. Her er nok førsteleddet ss abpere «kant eller skråning ned mot elv». Kva så sisteleddet gjeld, er å merke at laante er eit kjent lånord i ss, om «jord, område, distrikt».– Apelandsvollen bnr 472,9 i Lyngdal skal derimot haldast saman med Apeland alias Abeland i Bjerkreim i Rogaland og med Apeland i Sveio i Hordland: Her er førsteleddet det nyleg omtalte áhpe «stor myr, sumpiga felt», rett fram.
Assæ gnr 46-47 Arendal ligg ved Assævannet. Rygh konstaterer at sisteleddet –sæ kjem frå gno. sær m «sjø» (som innsjønamn). Han ordlegg seg vagare om førsteleddet As-, men det er sikkert nok gno. áss i ss låneform aesie «skogkledd ås». Særleg på austsida av vatnet ligg skogåsane på rekke og rad.
b
Barbulia |»bărbulīa| bnr 5,4 i Gjerstad er i flg. O. Rygh «formodentlig opkaldt efter Gaarden Barbu nær»; han tenker på Barbu |»bārbū|, |bǣrbū| gnr 5 i gamle Barbu hd, lagt inn i Arendal i 1900. Særleg gamle skriveformer ligg ikkje føre i dei to tilfella, men Barbu-namna når vide, så teorien om oppkalling har lite for seg. Ei anna forklaring har meir for seg, av di sørsamisk har eit nordisk lånord baarmoe, lenger sør baarma «kanten av eit fjell som går bratt ned» (deminutiv baarmudje): Topografisk stemmer det òg for stader som Barbudalen i Vegårshei, Barbuslåtta i Drangedal og sørsida av Barbuvatnet i Bjerkreim m.fl. – Barbui som namn på ein bratt fjellkant i Bygland har også interesse, der synest det nyss nemnte lånordet å ha fått tillagt eit tolkande tillegg, ss byjje «dalskråning». Her har stavinga ma ha falle ut så baarma+byjje vart til barbu-, usagt kor tidleg.
Barstad gnr 412 i Lyngdal og Basskår gnr 151 i Kvinesdal så vel som Barskor i Tokke (Tel.) gnr 148 er gardsnamn der førsteleddet synest vere ss barsje, nytta om den fjellkanten der ein både ser heilt til toppen og ned i dalen medan skòr er både avsats i ei fjellside og ei flate under ei fjellside. Slik forståing synest høve godt for Barstad i Holmestrand så vel som for Barsåk i Nordre Land.
Beinestveit gnr 76 i Hægeland >Vennesla 97 og Beinestveitlia (ikkje buplass) i Iveland ligg høgt oppunder fjell. Rimeleg er å tenke seg at namnelaginga utgår frå ss bæjjanidh «løfte seg».

Beiske gard i Farsund ligg nær Beiskefjell. «Norgeskart».
Beiske gnr 122,17 i Farsund ligg på nordvestre sida av den ruvande hammaren Beiskefjell, som på oversida er er ganske friskoren frå det nærmaste fjellpartiet. Ruvande er òg Beiskedalsfjellet på austsida av Beiskedalen (ikkje buplass der) i aust mot Veisævatnet i Flekkefjord. –Vi har har å gjere med eit namneelement godt kjent i Finnmark og Troms, ns beaski, som både kan stå for «(berg)klubb» så vel som «smal passasje på fjellet», men relevant nok er også «eid innafor ein klubb», vidare «det smalaste på eit nes» (skoltesamisk) etc. Faktisk er *beisken i Farsund og Flekkefjord dei mest ruvande, men den framskotne djupt fråskorne Pesken i Nordreisa (også kalla Avløysa) er truleg meir representativ i nordnorsk kontekst.
Beisland gnr 37 Landvik >Grimstad 107 har ustøtt tonem: «dersom den for mig opgivne udtaleform med Enstavelsestonelag er den rigtige, kunde Navnet være et ældre *Beitisland, sms. med *Beitir som Navn på det nærliggende Vand». – Rygh tenkte her på fiske, men i eldre skriveformer er ingen t. Bruka ligg på eit platå, høgare enn vatnet og dei oppdyrka myrane, så ein kan både tenke seg ss bæjjese opp (oppover, oppetter), eller evt. det at garden ligg inn mot grensa mot Birkenes og kan ha blitt oppfatta som høgtliggande på det vis.
Belland Birkenes gnr 163 har ei naturleg tvidelt innmark. Belland Lyngdal gnr 21 ligg i ei dalkrå som «splittar» to nokså like åsar, og Belland i Froland gnr 90 har på vestsida av garden ein lang, bein og bratt fjellkant. – Belleviga i Tveit glt. bnr 21,4 har på si vestside ein bein og bratt strandkant, mot Gjernes i Tveit glt. gnr 20. Det siste namnet blir no heldigvis skrive Jærnes < gno. jaðarr «kant».
Kva så med Bell-? Det ns bealli- tyder halv- (helvt); del; side, ganske så likt ls bielle og ss bielie, i siste tilfelle likevel primært «side, kant». Her fell brikkane på plass: I noverande Midt-Telemark har dei eit naturleg delt ås-område som vel med rette heiter *bielere, men på kart ber namnet Beller-ås, plassert på eine ås-halva. Også Bellholmen i Lesja og Belleberg i Kragerø har fleire ‘avdelingar’.
Besteland gnr 71 Hylestad i Valle er skrive Bestaland år 1437. Gardsnamn med same forledd er Bessjord gnr 51 i Moland Fyresdal og Besstul gnr 42 i Gjerpen > Skien 23 (Bestestøell i 1665). Besteli og Bestelihei som naturnamn er å finne både i Kvinesdal og Vegårshei, og i sistnemnde bygd finn ein i næraste omland både Almedalen, Askekjerr, Barlindbakkan, Bjørkesteene osv. Liten grunn er då til å tvile på at det her er tale om treet furu, ss bietsie, tilsvarande ls biehtse.
Biktjønn/Biktjørn gnr 147 i Liknes >Kvinesdal + Biktjørn Lyngdal gnr 178 + naturnamna Bigtjønn bnr 42,12 i Evje-Hornnes og Biktjønn Lindesnes 722,2 høyrer saman: Forleddet Big-, Bik- er avkorta form av ss bïekere (også skrive biekërë), i sms. som bïekere-pluevie mosemyr, bïekere-laante mosegrodd sump = piekar.
Biland gnr 14 i Vanse >Farsund ligg nær Bilandsbukta, men likevel nokså høgt.
Bi- er sannsynlegvis ei understreking av just det, ss bijjie– «over-, øver-». Same sak med Bines gnr 53 i Herred >Farsund gnr 178.
Bjelland som gardsnamn er sterkt repr. på Agder (især Lindesnes, pga. saman-slåing av kommunar), dvs. gnr 709 og 742 attåt Bjeddan 654, jf her Bjelle gnr gnr 123,4 i Kristiansand og Birkenes gnr 121 Bjelland, likeins Bjelland under Skårdal, gnr 109 i Lyngdal. Det sms. Bjellar– el. Bjelleråsen Grimstad gnr 153 må òg reknast med.
Eit par avvikande namneformer i lista framfor gir grunn til å nemne at Bjelland |»bjælland| gnr 48 i Sem > Tønsberg blir skrive Biellenn 1593, Bielden 1604, så Biellan 1668 og Bielland 1723. Rygh kommenterer: «Dette Navn forekommer denne ene Gang i dette Amt og ligeledes en Gang i Bratsberg Amt [Telemark], men er hyppigt i Amterne fra og med Lister og Mandals Amt til og med Søndre Bergenhus Amt. Navnet findes dog intetsteds i en saa gammel skriftlig Overlevering, at den sikkert viser Navnets Oprindelse. Bjelland i Holt Nedenes skrives i 15de Aarh. Bialland, og dette er efter al Rimelighed opstaaet af oldn. *Bjárland, hvori 1ste Led er bjár, Gen. af bœr m., Gaard. Denne Lydudvikling er sikker i Gaardnavnet Bjella i Aal Hall., opr. Bjárlár, skr. a Biarlaam DN II 88,1310. I Bratsberg Amt er *Bjárland i flere Tilfælde i Nutidsform blevet til Bjaaland». Like fullt er han i tvil, av di namnet på Bjelland hd. er skrive Bjall- fleire gonger i MA, medan Bjelland i Holme hd. gnr 4 (>Lindesnes) er skrive Byølland kring 1500. Dette er blitt lagt merke til: «I en Notis til Gaardnavnet Bjelland i Gjesdal Stav[anger] antager O.R. Forklaring af bœr for sandsynlig. ‘Tanken i Navnet bliver det rigtignok lidt vanskelig at definere’» (NG 9: 352).
Det siste er lett å slutte seg til. Verd å merke seg er det i alle fall at Froland har namnet Bjellåsen fleire stader, ein gong som bruksnamn og ein gong kombinert med ei Bjellemyr: Det siste namnet finst også i Arendal og Froland (alt nemnt), i Gjerstad, Sigdal, Tvedestrand og dertil Bjellmyra i skilet Drangedal/ Gjerstad.
Uvisst er om ein skal fokusere på Bjellemyr’ane eller Bjelleås’ane, men visst er at ss bïevle = byövle vil seie «snøberr flekk» eller beintfram avbera, berr mark (= ls bievlla), medan ss bïevlen tyder «det er bert», jf også ls bievllan «på berr mark». Fleire av desse formene ligg tett opp til dei eldste og avvikande formene av gardsnamna. Eit ss *bïevle-laante framstår som eit naturleg motstykke til ns bievla-eana(n) «berr mark».
Blakstad øvre og nedre gnr 14-15 i Froland har utan tvil til forledd ss plaahkoe «låg slette», i dette tilfellet elveslette. Garden ligg frammed Nidelva.
Blørstad gnr 327 i Lindesnes har til avkorta forledd ss bliehrehke = plierehke, dvs. småtjønner mellom større vatn. Det må visst her vere Blørstadtjønna m.fl. mellom Møglandsvatnet og Grundelandsvatnet etc.
Blågestad gnr 56 i Arendal har på si eine side Vålandstjern, og til motsett kant Blågestadvannet, med ‘anneks’ som Kattehølen og Leirholtjern. Skriveformene frå eldre tid er ustøe og minner om Blakstad, men lendet er ulikt. Fokusering på Blågestadvannet peikar snarare i retning av landskaps-termen pluovestahke, til pluovve (oslo 159) om sjø, vatn (gno. flói) men òg «kärr, sumpigt ställe» (Lex. Lap.), normert ss pluevie. Norsk språkkjensle medførte truleg overgang v > g på line med da. vove, skov, lov > no. våge, skog, log o.fl.
Blåke gnr 62-63 i Hægebostad, blir no rett(?) nok utt. |»blǡka|, men med g i alle skriveformer frå 1500-talet av. På denne garden syner kartet tydelege spor etter fleire tjønner på innmarka, sjå Blågestad.
Bonevoll |»bōnevåll| Austad gnr 30 >Lyngdal lyder Bonnevold 1668. Forleddet er eit samisk ord for ‘tuve’, nemleg ns bovdna, ls båvnnå, på ss meir spesifisert om «åsrygg, trelaus på toppen», men òg om «lågt, snautt fjell med skog ikring». Det stemmer upåklageleg, bortsett frå at det i våre dagar gror over med skog på stadig fleire stader der det før var snautt.
Borrviga gnr 53-54 i Austad >Lyngdal, Borrøya gnr 12-13 Dybvåg >Tvedestrand, Borrås gnr 7 i Flosta >Arendal gnr 72 og Borrås gnr 77 Østre Moland >Arendal er gardsnamn som alle har uttalen bårr-, men sistnemnde også børr-. Pga lendet alle stadene er inga tolking meir nærliggande enn at forleddet er ein variant av ss burrie «bergrygg», «stor skoglaus knaus», ls bårre, jf ns borri om «ås», «bakke» og «kant». Alle er ikkje skoglause no. Borrdalen i Søndeled gnr 6,23 >Risør ligg mellom to slike ryggar, den eine kalla Borrdalsheia. Borhaug gnr 36 i Vanse >Farsund «ligger paa en isoleret Høide ved Kysten». Der er det sprik både mellom skrive- og uttaleformene. Tradisjon om gammal bygdeborg er kjend, men om denne er arkeologisk verifisert skal vere usagt.
Bukkstad gnr 31 Hitra >Flekkefjord merker seg ut ved at det attom garden går tre tronge kløfter, to av dei tydelegvis gamle farvegar. Bukk- er sannsynleg nok same ord som ls båkke, ns bohki «smal passasje, trong stad» (ukjent i sørsamisk no). Her som elles er det samiske ordet blitt assosiert med dyrenemnet bukk og har av den grunn fått uttale med trong o.
Bykle: I førreformatorisk tid «omtales Gaardene Tveiten og Gjerdene som liggende i Byklabœr; dette maa saaledes have været Grændenavn for Gaardene nærmest omkring Kirken» (NG 8: 215), merk i den samanhengen sjølvsagt også gnr 14 Byklum |»bykklåmm|, |»bykklomm|. – Det som er sagt om Byklabœr, kan takast til inntekt for ei særskild predikativ form *byögkele av eit ss adjektiv ein finn i attributiv form i sms. som byögkeles dajve = byögkeles sijje «sentral stad, stad som alltid blir passert» (jf Bergslands gramm. s. 113, adjektiv gruppe 2 b). Forklaringa synest òg å passe godt for Bøylestad gnr 64 i Froland, der forleddet alltid vart skrive Bøgle- o.l. frå 1553 av. Det same gjeld for Bøkkelstad gnr. 39 i Trøgstad, In. Østfold, skrive Byckel-, Bikul- og Bickell- kring 1600, Bøchel- 1723: «Da Gaarden ei nævnes i MA., lader den opr. Form sig ikke bestemme; udentvivl er 1ste Led et Mandsnavn eller Tilnavn. Bikkjulfr (Bikkje-Ulv) vilde lydlig passe» (NG 1:6). Nå ja, Bikkjulfr lar vi passere ukommentert, men lendet på Bøkkelstad var slettare enn omlandet, så ferdselen tok helst det faret. – Elles kan nok Telemark-namn som Bikkjeli og Bikkjestøyl vere likeins å forstå.
Bås gnr 66 i Åmli (med Båsmonen) attåt namnetrioen Båsland Tvedestrand gnr 35, Froland gnr 39 og Vennesla gnr 95 har det sams at det synest å vere tale om «båsar» i landskapet, men å finne formasjonane der den merkelappen passar er vanskeleg. Derimot er lendet på alle gardane i samsvar med ls boadtje (boadz’e, poaddse) «naturligt hinder såsom vattendrag, berg, branta klippor) som hindrar renen från at vandra i en viss riktning» (oslo 160 o.a.)
d
Dåreid |»dǡri| gnr 71 Spind >Farsund 196 er skr Daarø og Dorø på 1500-talet, Daar- 1612, Dor- 1619, Daar- 1668, 1723. Rygh samanliknar her med Dørrem i Oppdal, skr af Dodreime, og Dorraas på Namdalseidet, skr Døderasom (i Aslak Bolts jordbok begge), og med Dørum i Vang på Hedmark skr Dodhreym 1472.
Han nemner det no-sv. plantenamnet dodra. da. dodder, dudder, men jamføring desse gardane imellom og med Dørum i Fjelberg >Dørum i Vindafjord tyder på at ein i ingen av desse tilfella kan sjå bort frå ss doedtere alias duoddar, tuoddar gjerne omsett med høgfjell, meir nyansert «ett högt och skoglöst berg, et fjäll», «ett vidsträckt, mera platt, ej så högt fjellparti» (app 219). Det kunne tale imot, men er neppe avgjerande at berre Dåreid blir uttalt med lang å. Udiskutabelt er at det går eit eid frå Dåreidvannet nordvestover til Dåreidstranda – Dåreidneset der fjellet er bratt mot Lyngdalfjorden og toppane høgare (145-180 m) enn elles. No går eidet gjennom eit lite skard, så alternativt kunne Dår- vere ei sms av ss dorretje «lite skard» og norsk eid = ss aejri, men det låter redundant. Snarare er det tale om ei heilsamisk og ekstremt kontrahert sms doedter-aejri. Jf Dåtland.
Dorga |»dårga| gnr 13 i Sirdal ligg oppunder høgfjell, men har likevel litt jord. Rygh tenkte seg at namnet går på fiske under Dorgefossen, og svaret på det må overlatast til dei som har lokalkunnskap. Tvitydig er at ss dåarhkedh v vil seie «nappe lett» (om fisk), medan ss dåarhka derimot tyder «grasbeite» (for rein).
Dunsæd |»dūnsē| gnr 53 i Gyland >154 Flekkefjord ligg inn og nord i botnen av Dunsædvatnet. Dun- kan (ulikt neste namn) forståast som ei samandregen form duun- av ss duvvene «langt ute», for dette er ein utkantsnipp av Flekkefjord mot Kvinesdal, på sørsida. Dunsædvatnet ligg i skilet, –sæd er gno setr n «buplass».
Duvoll gnr 64 i Vanse >Farsund ligg i botnen av Indre Pollen, ei grunn arm av Eidsfjorden. Her merkar vi oss ss dwwie «botn» (Mankok), normert duvvie.
Dåstøl gnr 1 Finsland >Kristiansand 501 og Dåstøl gnr 52 Hitterø >Flekkefjord
er identiske gardsnamn, men har ulikt tonem. Rygh nemner at sistnemnte har ei rad truverdige eldre skriveformer på Daar- og Dor-, og at bakgrunnen for dei to namna må vere ulik. Så treng det ikkje vere, begge stader går til- og fråførande stigar over små skard, jf ss dorretje «lite skard», demin. av durrie «skard».
Dåtland |»dǡtlann| gnr 43 i Hitterø >Flekkefjord blir frå 1594 skrive skiftesvis Daatland, Dottland og Dotland. Garden ligg liksom fleire andre i eit mildt sagt magert fjellparti, og førsteleddet er nok avkorta frå ss doedtere «høgfjell», merk også doedtere-vaerie «forblåst fjell». Sml gardsnamnet Dotterud på Austlandet.
e
Eikså Øyslebø gnr 65 >Lindesnes 665 blir uttalt |»ǣgså|, heiter det, men rettare heller |»ǣkså|, då g (stemt) + s (ustemt) naturleg gir ks i spontan tale. Til garden ligg Eiksåtjønna + Eiksåvannet + Eksåvannet(!) med noko myr ikring. Namnet er skrive Exsaa og Exaa på 1600-talet, men Eigsaa 1668 og Ejgsaa 1723. Også
Egså |»ǣkså| gnr 42 Åseral (med Egsåvatn) har ganske mykje udyrka og dyrka myr. Uttalen viser at ulike skrivemåtar må vere tilfeldig. Særleg interessant, når det gjeld Egså, er den den aller eldste overleverte skrivemåten i Æxa ca 1398, men så Exaa 1595, Exßaa 1610-1611-1612 og Exaa 1668.
Det er ikkje dokumentert at der fanst eikeskog. Ordet eik ville no heller ikke ta genitivs s. Det må snarare vere tale om ss jiegkie «myr», brukt adjektivisk som i jeagkijes-pluevie «blautmyr», men her i staden jeagkijes-aaha, dvs.’aaha’ om «lita vik med trong opning» eller også «stillelv(parti)». Ægjestøyl i Vinje (Tel.) er myrlendt, så ei oppdeling ægjes+støyl harmonerer med fortolkinga framfor – men just i Telemark er namnet Eggestaul og Egg(j)estøyl i mange andre tilfelle knytt til stader der det må kan vere tale om egger (skarpe fjellkantar).
Andre fakta kompliserer likevel også dette resonnementet: Egsåheia i Åseral i overgangen til Evje og Hornnes ser breskura ut, liksom lendet kring Ækstjønn i Åmli og i Vinje (Tel.), der fjellkanten Ækslein er eit endå sterkare vitnemål om
tidlegare breaktivitet, ss jiehkie. ns jiehkki. Slåande er det også at Eggjestøylen i Gloppen (Sogn og Fjordane) skjer seg inn mellom brefjell.
Eivindstad heiter tre gardar i Froland og i Lindesnes, eigtl. stava både Evenstad og Eivenstad, i dansketida med tendensar i retning Evend og Evind. Det skulle ikkje rå tvil om at forleddet er mannsnamnet Eivind alias Øyvind, men tvilen er der likevel, for Agder og ‘omland’ har ei rekke Eivind(s)dal’ar og Eivindmyr’ar, attåt to Eivindsholm’ar (Lillesand), og Valle har Eivindstøylfjellet og Eivindsås.
Eit særtilfelle er dalen Eivindstona i Flekkefjord langsetter austsida av det lange Husefjellet med sine knattar (kanskje *húsi m = hauss). – Topografisk sams for alle desse er runde knollar og knausar, eller skallar og skoltar om ein vil: hovud heiter på ss åejjie eller lengst sør åajja, og «issen» er oåjjie-n-tjåkke el. oåjja-n-tjakke el. oåjjaa-n–gïereh, medan hovudskallen eller -skåla er åejjie-n-skuvhrie (genitivs -n-). Når ein så samanliknar den lydrette sørsamiske ortografien med gno ey-, som hadde ein lydverdi nokså lik den i tysk eu, forstår ein at utbreidd bruk av Eivind alias Øyvind som forledd i stadnamn kan vere litt intrikat, av di der i ursamisk deminutiv av ordet for «hovud» truleg var halden nasal, slik som t.d. i austsamisk joginjč «lita elv».
Eivorsland kan vi tenke oss som meir opphavleg form for både Eiersland gnr 187 i Lyngdal og Eiesland m/Øygarden gnr 38 i Fjotland >gnr 208 i Kvinesdal; den siste garden går for Easland 1591 og 1600 og Eytzland 1612. Bygland har for sin del eit utmarknamn Øyvarsdalen: Iallfall dette siste minner sterkt om ls oajvor, oajvvur– m.a. i tydinga «krönet av en backe», bakketopp, men i Bygland sitt tilfelle er heller tale om «toppen» på eit vassfar, dvs. området der vassfaret har sine ulike tilrenn. I sak passar det godt for Eie(r)sland-gardane med, men vi har ikkje gamle nok skriveformer til at det kan slåast fast.

Ekill i Åseral
Ekill |»eᶄill| er gnr 19 i Åseral. Eldre skriveformer går jamt ut på Eig- og Eick-, i 1612 ein gong Eydtkiell. Eyekill 1610 kunne ein ta for opphavleg gno. *eyar–kíll, utan at det overtyder. Rygh har ei anna forståing: «Maa være et sms. Navn. 1ste Led er vistnok eiki n, Sted, bevoxet med Egetræer; her er det nordligste Sted i Bygden, hvor Eg findes. Sidste Led er sandsynligvis gil n, Kløft … hvad der passer til Stedsforholdene».
Det siste er tvilsamt, og fråsegna om eikeskog treng truleg kontroll. Ved garden fell ei lita elv ut i den større Logna, men eit lite stykke renn dei parallelt: Dette lagar eit langt nes, nærmast ei avbolking. Men like nedanfor og på hi sida elva ligg Ekilløygard. Her viser kartet restar av ei elvegrein, som på den sida og for lenge sidan skar ifrå ein lang elveholme i Logna, landfast no. Der er å merke at ss aagkele tyder «mellomgolv, midgard, diaphragma». I norsk ville nok endinga –ele gje omlyd av aa-. Vi noterer oss dessutan at aagkele eller nordleg ákkal vart nytta som namn på elvegreiner òg (oslo 47-48).
Aagkele har gitt opphav til gardsnamnet Agle nokre stader i Trøndelag, men vel også Ekle: Tanken bak namna er ikkje tydeleg allstad, men på Ekle i Trondheim og på Nørdre Ekle i Lom synest langvorne haugar el. ryggar å ha blitt oppfatta som bolkar i lendet.
Elgjestraum gnr 34 Sokndal og Eljestrøm Liknes gnr 104 >Kvinesdal har det sams at dei ligg ved bratte bergfall: i Kvinesdal er det Helleråsen. Førsteledd er ss. aallije, låneform av gno. hellir m «heller, hellar». Nokså mange Helge-namn uttalt hælje– landet rundt har tydelegvis gjennomgått den same omforminga.
Eppeland |»æpplann| er gnr 65 i Åmli og heiter just så heilt frå 1524, berre éin gong Eppellanndt: «Rimeligvis opr. *Eplaland, jfr. GN 37, Epletveit. Den 2den Stavelse -la- er bortfalden ved Dissimilation foran -land», seier Rygh, m.a. ord haplologi. Dersom dette var ein epledyrkar-gard, er det plausibelt. Topografien på staden med bratte bergfall er likevel slik at ss abpere «kant», også om bratt halling, gir framifrå meining. Dette abpere er eit sannsynleg forledd i namnet Eppeland, liksom i Ebbestad i Drammen. I namn som Eppesberg, Ebbesås og Ebbesvika andre stader er det heller tale om adjektivet abperes «bratt».
Efte-, Epte– er forledd i ei rad gard- og buplassnamn: «Eftefjell» i Hægebostad gnr 50, rettare Eptefita, og Eftestad med Kalvehagen gnr 509 Kristiansand, og Eftestøl |»æpte-| Fjotland gnr 194 >Kvinesdal, Eftevåg (-vå, -vår) i Randøsund gnr 74 >Kristiansand, ved ein særs utgrunn fjordarm. Buplasslista er kan hende ikkje komplett, men sikkert er i alle fall at Agder har meir enn ei tylft vatn som heiter Eptevatn(et), men kun ei Eptetjønn, i det tilfellet sekundært til Eptestøl.
Gjennomgåande tolkar NG alle slike namn kort, om ikkje akkurat så godt, med gno. elptr (han)svane. Er det t.d. slik at svaner likar store vatn som habitat betre enn tjønner? Derimot nemner NG ikkje det faktum at så mange av desse vatna ligg på eller like ved skilet mot nabobygder, og det gir mistanke om at ei meir nøktern tolking er å tenke på, nemleg ss evtie– = övtie– «(lenger) fram-»? Dette krev kunnskap om lokalgeografisk orientering og uttrykksmåte, i kvart tilfelle.
I gards- og buplassnamna er forleddet snarare sørleg ss aevtie «frodig eng på gl. reinhage eller gammetuft, dss. aevjie.
f
Farestad |»făresta| gnr 23 Halså og Hartmark >Lindesnes ligg ved eit trongt sund. Eldre skriveformer har som regel éin r, som no, men 1610 og 1630 er det også Farre-. Sundet er veldig grunt fleire stader, og aller enklaste forklaringa på forleddet Far- er ss feavroe «fjære»

Fasseland i Lindesnes
Fasseland i Søndre Undal gnr 36 >Lindesnes 336 ligg i ein dal som skrår litt av mot vest frå det langsmale Fasselandsvatnet; to oddar akkurat der dalen mynner ut i vatnet gjer at «sjøfarande» får eit lite gløtt innover dalen berre ei lita stund før innsynet forsvinn. Også små haugar i sjølve dalen stenger delvis for innsyn. Fasse- synest vere dss vás’se, kan hende presens partisipp av ls vásset «fara, gå förbi, passera (ej stanna eller titta in och hälsa på); svinna hän, förlöpa, ta slut» (oslo 244, jf Korhonen).
Faudemyra alias Fogdemyra, eit bruk under Øyestad gnr 24 Arendal gnr 424,
har ei attgrodd tjønn som ein sentral del av innmarka. Faude- kjem helst av eit forledd tilsvarande ns vuoddu = ls vuodo «botn, grunn». Futeskogen heiter eit utmarkområde under gnr 773 i Lindesnes, det er eitt av ganske mange døme på eit fornorska Fut(e)- av ls vuovdde = ns vuovdi «skog», med norsk «forklaring» –skogen føydd til.
Fedjesdal gnr 193,6 i Flekkefjord har skrånande og litt kupert innmark, liksom Fedjedalen bnr 3,75 i Haugesund (Rog.) Hallande og særs slett er òg innmarka på Fedje 168,228 i Fedje k. (Hord.) og på Fedjane 159,14 i Vik (Sogn og Fj.).
Det finst fleire teoriar om Fedje-namn (Norsk Stadnamnleks.), men blant desse finn ein ikkje ns veadji [før skrive vædje] skråning, lett og jamn halling, iblant skråning ved elvedal eller beinfram bekk eller lita elv (app. 935), og det er nok dette ordet som gir best meining i desse tilfella.
Finnøya 431,21 i Lindesnes er ikkje buplass, men bør nemnast, for innafor går Finnøysundet, det historiske Finnasund som Rygh tok med blant «Forsvundne Navne». Det ville han primært forklare med mannsnamnet Finni (berre kjent frå Island), men deretter kjem flg: «Da Sagn om tryllekyndige ‘Finner’ ogsaa findes paa disse kanter af Landet … kan det dog være muligt, at Navnet kan … maaske skrive sig fra et saadant Sagn» (NG 9: 181). Hm ……..Endå meir umogleg er det for han å ha noka formeining om Høyland med Finnstein, på gnr 260 i Lyngdal. På fastlandet like innom Finnøya ligg Lussevika: Forleddet minner om det ss lyvve-sijjie «kvileplass for rein», men òg om det vanlege samiske ordet for laks.

Finnøya med Finnøysundet innafor, og Lussevika (grøn pil). Kartverket.
Fintland |»finntlann| Tonstad gnr 36 >Sirdal er skr Ffinslandt c 1520. Finslan c 1520, Findtzland 1563, Findland 1610, Findeland 1616, Findtland 1668, 1723.
Skriveformene er ikkje eintydige, men særmerkt for garden er kvitsandfelta, jf kolasamisk vïnts, halden nasal også i kildinsamisk vūntas sand og jogk vūntas elvesand. I utgangspunktet verkar det meiningslaust å rekne med slike former så langt sør, men dei mest alderdommelege formene overlever i ytterkantane av eit språkområde. Sml i alle tilfelle med ns vuodas, sks vuoddas osv (app 913).
Fiveland 75,2 i Lyngdal: Rygh tolkar namnet med gno. fífa «fivel, myrull» og viser då òg til Fiveland i Sauda og Fevang i Sandefjord (í Fifanghrom ca 1400). Myrull er ingen nytteplante, og eit myrområde med berre myrull kunne nok bli kalla *fiveland, men kor attraktivt som gardsnamn? Landskapet alle tre stadene innbyr til ei anna forklaring, nemleg ss viel’ve «grässluttning nedanför ett fjäll» også notert vel’veɛ (oslo 246): Her vart første l i sms. *fielveland = *vielveland skoten ut pga påverknad frå l i siste ledd, og ie markerer lang i.
Fjellmann– er eit forledd som lyder lite samisk og som ikkje utan vidare er det heller: Fjellmannsvegen i Åmli ganske visst fortel om fjellmenn i farten. Uvisst er førebels opphavet til namnet Fjellmannsbukta ved Gismerøya i Lindesnes og Fjellmannshalsen midt på ein holme i innsjøen Vegår på Vegårshei.
Det har seg klart annleis med Fjellmannsmyra i Arendal som var buplass, attåt stader som Fjellmanns-heia ved Songelva i Froland og –hola i Kristiansand: Alt i hop stader der Fjellmann- nok er omtydd frå fjell-man– <fjallmǫn om fjellkant.
Men nemnast må òg ns fielbmá lita stilflytande elv el. ein djup høl i ei slik, vsa. fielmmis,-lbmá djup lita elv, jamfør ss vealma djupt og stilt elveparti. Her kjem Fjellmannsdalen i Froland tett ved Vaulene og Tjønnene så klart inn, og likeins Fjellmannsdalen ved Lonene ein heilt annan stad i Froland. Fjellmannsholet i Kragerø ligg mot Krokvann med sine smale sund. Desse namna er nok i klasse med Fjellmannsskorfossen i Aurland og Fjellmannsøyane i Vaksdal.
Fjermedal heiter gnr 74 i Birkenes, attåt Øvre Fjermedal gnr 149 (som var gnr 25 i Vegusdal). Nedre Fjermedal er derimot gnr 62 i Iveland, men begge dei to siste ligg i dalføret Fjermedalen, som kryssar kommunegrensen. I tillegg er det Fjermeros gnr 63 i Iveland, før skr Fjermerås. Også Bjerkreim i Rogaland har ein gard som heiter Fjermedal. Det er nokså brattlendt på desse stadene. Kart og ortofoto tyder på at Fjerme- svarar til viërëmë «bergbrant (der ett jordskred har gått fram)» tilsvarande ns fierram elvesandbanke som går bratt ned (oslo 246). Normert form er ss vyreme, eller med fullare form vyjre-hemmie.
Flanestad |»flānsta| var gnr 55 Hegeland >Vennesla 76. Rygh seier at på Agder er å flana i flg. Ross dss å «klavre» (klive og klatre), men også at ein flan resp. ei flana vil seie «taabelig, nysgjerrig Person»(!) – Det første har interesse, men Flanestad er ikkje overmåte brattlendt. Meir interessant er nok termen pláhnëkë: «Lidberg uppger efter Bånta: «liten sjö mellan två større» (sitert etter oslo 158). Flanestadvann i lag med to-tre andre småvatn ligg mellom Storvann i nord og Eikelandsvatnet i sør, og dei to siste er klart større.
Flikka |»flikka| Nes gnr 79 >Flekkefjord gnr 79 ligg ved ein elvemunning, men lendet der samsvarar upåklageleg med ss pliehkie (var. plaehkie) «skoglaus lita slette, men også tørt flatt landskap, eigtl. berre ‘flat’», jf pliehtjë, plehtjë, plähtje (oslo 159).
Fokvelland er gnr 183 i Lyngdal. – Samanlagt har Agder og Rogaland ei rekke gardar som heiter Kvelland, eit namn som ikkje synest vere endeleg tolka, men
det er ingen tvil om kva utmerkinga fo– eller rettare fok– står for i dette tilfellet: På austsida av garden oppetter Langfjellet fører ein gammal stig, ein fuopke, frå Jemtland vél kjent om «kleines, kurzes Tal, das zwischen zwei Bergen aufwärts führt» (app 245). Fullare form av ordet er foekehke «liten kort dal som fører opp mellom to fjell»: Radikal forkorting til *fok’kvelland måtte skje – og skjedde.
Fondal |»fonndal| alias Fondal gnr 117 i Liknes >Kvinesdal har stø tradisjon for skrivemåte Fun- frå 1500-talet av. Garden ligg ved den lange sjøen Holmevatn, men kort o i gardsnamnet talar imot at forleddet er ss vuodn(a) «fjord». Garden ligg midt i eit rundvore, naturleg avgrensa fjellparti, sjå derfor neste.
Fone |»fōne| Gjerstad gnr 6 >Arendal 222 ligg ved Gjerstadvatnet. Skrivemåten er Funne 1593, Fugnne 1691, Fugne 1610-1611, seinare Fune, og Fougne 1670.
På bnr 4 heilt vest i garden, mellom jernbaneline og gardsveg, viser kartet spor etter ei tørrlagt tjønn. Det verkar uvesentleg, men er neppe så, då wuogna-jaure vil seie «lacus minor, qui freto aut flumine cum aliquo majore junctus non est» [lite vatn, ikkje knytt til eit større med straum eller sund], «en liten insjö, en sjö för sig sjelf» (Lex. Lap.) Dette wuogna-jaure blir sett i samband med nordleg vuokŋa, gen. vuoŋa, om «kräva (på fåglar)», dvs. krås, men ss form av det ordet er vuoŋë. Ut frå slike formskifte er det ikkje lenger uforståeleg at namn med det opphavet kan ende i former på enten Fogn-, Fon-, Fong- eller Fonk-.
Frestad Vanse gnr 70 >Farsund er skrive Fridestade 1485. Same gardsnamnet er Fristad gnr 22 i Ogna >Hå 125 og Friestad gnr 24 i Klepp, merk òg Fristad i Askvoll. Frivoll alias Frievoll gnr 51 (under 52) Hægeland >Vennesla 72 kjem også inn her. Rygh er fullt merksam på at namnetypen er utbreidd og leitar som vanleg etter tenkelege personnamn, men ei heilt anna tilnærming er nyttig: Det
ns riidi «bratt grasli» har mange former unormert, så som riita og riida, jf òg ls rijdda. Ordet blir knytt i hop med no. skreda ‘skred’. Viktig er at det tilsvarande ss prijrie «temmeleg bratt skogli» også finst notert briirie (app. 707): I samisk fører det ikkje til mistyding når ekte samiske ord blir skrivne med framlyd br– i staden for –pr (el. omvendt). Derimot er det tydeleg at norsktalande som høyrte samiske namn og ord på pr– hadde ein sterk tendens til å oppfatte desse som fr-. At lokalitetane – også gardane på Jæren – faktisk er brattlendte, er viktig nok.
Frydnes |»frȳdnes| bnr 13,3 Halså og Hartmark >Lindesnes, eit småbruk på ein høg holme, er landfast ved ei naturbru mot aust. Skr Frige- 1601, Frijgge- 1604, Frøge- 1610, Fryge- 1630, Frygd- 1668, Fryde- 1723. Rygh les *Frygð(ar)nes; af oldn. frygð f., Herlighed, hvad der vækker Glæde, nu i Folkesproget Frygd, Livlighed, Livslyst» og viser til namn på Fager-. Eit meir jordnært alternativ er (tilbake)fornorsking av priggo = ss briggo (Lex. Lap.) ‘bringe’, gno bringa, for holmen er «breibrysta» på vestsida. Realt passar også gno bryggja f, jf brüggo (Hamarøy), brüǯǯo (Folda), brǫččo = prådtjoe (Hattfjelldal), sjå Lehnw. s 117, brugga. På framsida av holmen (halvøya) går det ei smal renne, og attmed ligg Kanelsholmen, jf ns goannel «bakevje».
Fugletveit gnr 471 oppunder åsen Kleivan i Lyngdal synest ha heilnorsk namn, men ss vuelie– «nedre-, neder-» gir også meining. Fyglestveit gnr 87 Øyslebø >Lindesnes 762 ligg på ei lågslette ved elv, og Fygles– ser ut som norsktilpassa, omkasta form av vuelehks «lågtliggande». Der slik omkasting eller lydsnu(ing) ikkje inntreffer, blir resultatet av fornorskinga gjerne Fylkes-.
Følsvann gnr 19 Birkenes ligg ved Følsvannet tett oppunder ein lang åskant, og her ligg det nær å tenke på ss vuelehts «låg; noko lågt».
Fåland gnr 37-38 Hægebostad har som særmerke ein jamhøg, bratt brink langs heile garden, på austsida, jf ss fååhper «brattheng». Endå meir slåande er dette når det gjeld naturnamnet Fåtjønnmyra i Vegusdal >Birkenes, som har uvanleg høge og bratte kantar. Ei regelfast avkorting til Få– i sms. namn som desse kjem vel av at norrøntalande tok fååhper for å vere eit hankjønnsord i nominativ.
Fåsdal |’fåsdal| er gnr 63-64 Gyland >Flekkefjord 165. Elva som renn gjennom garden og ut i Fåsdalsvatnet gjer umåteleg breie svingar og hindrar ferdsel nede i dalføret, så i sak ligg det nær å vise til omtalen av Fasseland. Skriveformer frå 1565 må lesast som Fosse-, men Fasedall 1619 er eit interessant unnatak.
g
Gakkestad gnr 21 Bygland: Forleddet kunne vere som i ss gahtje-stahke «fallstokk, felle», <gahtjedh v «falle», men den stupbratte Gakkås gjer det naturleg å skifte fokus, jf gahtjehth-baektie «veldig bratt berg»: ss gahtje– oppfatta som no. gakkje- fekk naturleg nok med tida ein ‘moderne’ uttale gakke-. Alternativt kan ein tenke på ss gaavestahke «område der ein bekk gjer store svingar», i flt. gaavestahkh «bekk med svingar» (det gav tungeforma nes, brukt til reingjerde)

Gakkestad i Bygland ligg oppunder Gakkås.
Galdal gnr 47 Fjotland Galdal >Kvinesdal 216. Nedanfor garden ligg Galdalsvatnet som har vegpassasje i begge endar. Naturleg er på tenke på ss gaaloeve = gaaloe «vad».
Galteland Evje gnr 14 > Evje og Hornnes 50; eldre skriveformer viser få avvik. Ein kan òg jf med Galteland Hosanger gnr 26 >Osterøy 95. Rygh var m.a. inne på Galten som fjellnamn, jf ss galte «stor tjukk (avhogd) trestamme (til ved el. til å hogge spon av)», det kan vere ein god karakteristikk av nuten Hudeberget på garden i Evje. Men sikrare er at ss gaaltije «kjelde, oppkomme» går igjen i mange gardsnamn, og det stemmer godt for begge Galteland-gardane. Som det òg gjer for naturnamn som Galtelandsmyrane under gnr 56 i bygda, vidare for Galthom i Gjesdal og for Galthomstøl i Sirdal.
Garta gnr 63 i Holt >Arendal: Garden dekker eit stort område av ei «tilnærma» halvøy, med Gartatjenn midt på og Gartafjorden i søraust – medan Gartastranda snur mot Åbelvikfjorden på hi sida, som er pine trong fleire stader, jf derfor ss ss gaertjie «trong». Gartesundet inn til Gartekilen ved garden Garte i Risør er òg snevert, for ikkje å tale om framhaldet vidare inn til Indre Avreidkilen. Sml også at i Sør-Aurdal ligg Garthus ved eit svært trongt parti i elva Begna.
Gaupedalen |»gøubedalen| gnr 70 i Søndre Undal >Lindesnes 508, skriveform Gubedall 1668 og Gubbedall 1723. – Rygh tenker på dyrenamnet. men talet på Gaupedal’ar, Gaupetjern o.l. over eit vidt geografisk område er så stort at der er gode grunnar til tvil, merk ns gohpi s «søkk, dalsøkk, grop», ls gåhpe, medan ss form guhpie har mindre bruksområde (app 324). Diftong au i namn som desse er elles vanleg nok i ymse skriftlege kjelder. Qvigstad valde særskild oppføring av guop’pe (app. 349) «gressbevokset grop» <fi. kuoppa.
Gauperå |»gøuperå| (altså ikkje ikkje |»gøube|) gnr 58 i Froland er skr Guberaa 1630, Gubberaae 1670, Guberaa 1723. Rygh tolkar namnet som sms. av gaupe– (dyret) og rá f «vrå» (krå). Gauperå med Gauperåmyra ligg litt lenger opp enn bruket Muserå og Museråfjellet på hi sida av Songeelva (med elve-»knekken» Gauperåklova imellom). Ved Gauperå stikk den magre åsryggen Gauperåfjellet
opp, så mager at snauberget skin igjennom langsetter, men ikkje så utprega som langs Museråfjellet. Oppå Gauperåfjellet stikk ein 294,6 m avrunda, langstrekt hump i veret, og i namneforma Gubberaa skimtar vi eit terrengord tilsvarande ls gåbbå, brukt om slike humpar, normert ss form gabpe, òg skrive gappë, goppë (oslo 93). Sisteleddet –rå tilsvarar ns roavvi , ls roavve fjellstrekning der det har vore skogbrann eller ser ut som ei brenna (norsk kortform rå er vanleg).
Gaus– og iblant Gauks– kjem opp som forledd i ikkje reint få Agder-namn, og i fleirtalet av tilfelle har vi nok å gjere med sørleg ss geavtse, også skrive geavtje eller giëvdje, «låg kam mellom to fjell (slett oppå, bratt på sida)». Ganske andre stavemåtar er keutje, keu’tse eller käu’tse «långsträckt sänka i fjällets rygg ..som sålunda synes på långt håll och där det är lättast att gå över» (oslo 84). Qvigstad noterte frå Tysfjord giew’cē «passovergang mellem to fjell» (app. 295). Ordet vi er inne på har vi nok i Gausi bnr 31,3 i Bygland, der Storestølsvegen går over ein slik formasjon i Gauseåsen høgt over garden. Vidare Gausdal (skrive Gox- og Goux- i eldre tid) gnr 34 i Bakke >Flekkefjord gnr 143, der det også er slike gamle stigar på begge sider av dalen. Så er det òg Gauslå Birkenes gnr 124 der Gauslåvegen går over eit tilsvarande pass, og sistpå Gauksdal alias Gausdal, eigentleg sagt Gausta, d.e. gnr 57 i Liknes >Kvinesdal. Der er passasjar av same slaget både i aust, nordaust og nord.
Gautestad gnr 64 i Evje og Hornnes og Gautestad gnr 36 i Iveland, så vel som gardsnamn mange andre stader, markerer at buplassen ligg naturleg «midstilt» i landskapet, blant fjell og åsar eller anna, slik tydinga er for ls guovdda– (i nokså ulik skriveform kuou’ta-). Ordet har ikkje stort rom i dagens sørsamisk, men ein ser vel med ein gong noko kjent i ss goevte–geajnoe «midvegs»?
Gauvika Lyngdal gnr 123 kunne ut frå terrengsituasjonen godt vere «midvika», men hist. former som Gobevig 1594, Gobbeuig 1600 og seinare både Gube- og Gubbe- pensar oss inn på eit anna spor, sjå omtalen av Gaupedalen framfor.
Gitlestad |»jeittlesta| gnr 249 i Kvås >Lyngdal ligg på det høge Veggefjellet. Vi vil derfor notere oss ss jillähtjë (jillëtjë, jillëhtjë), som står for både ‘vester-‘ og for (det) ‘høgaste-‘. I dette tilfellet er det siste aktuelt.
Gitlestein |»jittlestein| gnr 179 Spangereid 179 >Lyngdal 282.33 – med alle sine bergknutar ikring – er det derimot naturleg å oppfatte som vester- sml med alle dei ein finn kring garden Steinsland lenger aust. Gitlevåg |»jittlevåg| gnr 177 og 179 i Spangereid > Lyngdal 280 ligg for sin del også lenger vest enn Åsevågen og Fladstadbukta, men Rygh har nok rett i at namnet er sekundært til Gitlestein, men hans hypotese om eit ukjent elvenamn *Geisla har lite for seg.
Gjerustad i Åmli ligg nær ein rund haus på 282 m i skilet mellom Vegårshei og Åmli; garden ligg då også på vasskilet. Gjerustad Vegusdal >Birkenes 144,14 ligg attmed ein haus på 386,6 m og samtidig ved starten på eit vassfar frå Vestre myrane og nordover. – Geirusdalsbekken har si øvste kjelde ved ein rund haus på 481 m; bekken renn nedetter Gjeruvsdalen = Geirusdalen på gnr 10 i Åmli.
Geirustjørna i Evje og Hornnes ligg på eit glt. bygdeskil, her startar eit vassfar som går til Hålandslonane. – Geirustjønn ein annan stad i kommunen skil seg ut i sak, for ho er innfallsosen (med ein rund hump) for Hisåna, frå Hisvatnet i Bygland; sjølv har tjønna avrenn til Høvringsvatnet. – Vanskelegare å forstå i vassfarkontekst er at eit skard i Åseral heiter Gjerulvsstad, men det lange vatnet attmed er oppdemt. I alle desse namna inngår eit Gjer- som tilsvarar ls giera om både «topp; øvre ändan av något; källan till ett vattendrag» etc (oslo 85), merk at forleddet Gjeru– er ei sms gier’uje-, der –uje er -åajja, -åejjie «-hovud(et)».
Gjervoll-namn er eit drygt kompleks: Gjervoll gnr 87 i Kviteseid ligg midt i eit område der det frå alle kantar kjem tillaup til Ordalsåi, som mynner i Vigdesjå og fortsetter derifrå til Seljord som Bygdaråni, med os i Seljordvatnet. Gjervoll gnr 15 Tromøy >Arendal gnr 215 ligg tett attmed staen der vassfaret kalla (lille og store) Gjerstadvannet mynner i Sandumkilen. Gjervollstad gnr 32 i Herred >Farsund 157 ligg ved Gjervollstadvatnet som har avrenn til Sævelandsvatnet. Gjervollstad gnr 110 Lindesnes ligg ved Storebekken frå Møglandsvatnet; han går til Ommundsvatnet og vidare. Gjervollstad (Gjærelstad) gnr 101 i Søgne > Kristiansand gnr 601 ligg der ei å frå Krokevann på Gjervollstadheia renn inn i Songdalselva. Det trengst «finsmidde nøklar» for å opne det namnekomplekset, men desse er å finne utanfor Agder:
Trysil har iallfall to bekkar kalla Gjervolla, den eine kjem frå Gjervollbotninga høgt opp og langt inn, og den andre frå Gjervolldammen. Jervolltjern i Flå ligg høgt til fjells innimot vasskilet mot Sigdal – det er den aller øvste delen av eit nedslagsfelt med ei mengd bekkar som blir til Fjellelvi: Ho renn til Bjørnetjern, så til Fyrisjøen og vidare. Det har lite for seg å setje namna frå Flå og Trysil i samband med grasmark-termen «voll», meir for seg har ns giera nytta bl.a. om øvre enden av ei elv, tilsvarande ls giera alias kiera bl.a. sagt om «källan til ett vattendrag», «källan till en bäck, älv» (Grundström). Etterleddet –voll tilsvarar helst ls –vuolle «platsen under eller nära intill något» (Korhonen), eller også er det mislykka «tilbakefornorsking» av oalle (app. 669), den samiske låneform av norrønt áll brukt bl.a. om djupålen i elv.
Gjessøya gnr 30 Dybvåg >Tvedestrand bnr 93,11 likså lite som Gjessøya gnr 8 i Tromøy >Arendal treng gå på fuglelivet, for ss giesie tyder «sommar». I så fall er det vel tale om eldgammal beitebruk, og begge stader verkar det enkelt å føre reinflokkar over.
Gjevdeli heiter bnr 15,6 Åmli. Forleddet er som i Gjevdestøyl og Gjevdenuten og meir primært som i fjell- og innsjønamnet Gjevden |»jævvden| , som er delt i to av ei halvøy som på austsida (mot hovuddelen av sjøen) framstår bogeforma innskoren: Jf ss geevedh v «klippe eller skjere slik til at kanten bogar innover». Det gir eit avleidd nomen ss geevedahke som får kortform geevedh i nominativ, og med etterhengd norsk artikkel blir dette til Gjevden.

Innsjøen Gjevden. Legg merke til profilen! Kartverket.
Gjeving gnr 21 Dybvåg >Tvedestrand 84 har ei ganske stor myr som framstår som eit attgrodd vatn. Ein kan samanlikne med Stormyra på Gjeving gnr 161 i Stjørdal og likeins med sambandet mellom Stormyra og Gjeving-åsen, -haugen og -dalen i Høylandet, alt i Nord-Trøndelag. Men Gjævekåra i Lindesnes skal òg nemnast, eit skard eller ei kløft, på ss govre, som ender i Timmeråsemyra. Vi skimtar her ss gïeve «gjørme, dynn» el. like snart kortform gïeveh «søkkemyr», med full form gïevege i same tyding, sannsynlegvis med ursamisk ending –nge.
Gjøseid |’jøssei| Dybvåg bnr 22,3 >Tvedestrand. Rygh: «Gaardens Beliggenhed mellem to Vande [d.e Gjøseidvannet og Løvdalsvannet] giver Grund til at tro, at det ene eller begge har havt et Navn, hvoraf det herværendes 1ste Led er en Form». Rygs tvitenking har noko for seg, men samanhengen er at på vestsida av det litt tvidelte Gjøseidvatnet går ei kort elv til vatn og tjern vestafor, i tillegg til Lona sørom garden, frå Løvdalsvannet til Størdalsvannet, og det peikar mot ns gieӡ’ӡe «kort elv mellom to innsjøar», jf kieddse, käddse «smal, trong»:ss form av det siste ordet er gyödtsehke, svært så likt forleddet Gjøs- (app 283, oslo 84).
Gladstad Høvåg gnr 2 >Lillesand gnr 49 ligg ved det langsmale Gladstavannet som også har ei innsnevring i nordenden, nær garden, så ss sørsamisk klavva = klåvva i tydinga «sund; innsnevring av sjø» råkar godt. Det er vel lånt frå norsk, men der blir det som regel berre brukt om skard som har form av ei brattkanta utsparing i fjell og berg; det er til dei grader tilfelle for eit skard på nordsida av fjellhøgda Glaven i Kvinesdal.
Glaværn bnr 47,2 Øyestad >Arendal bnr 447,2 ligg nær to jamstore småtjønner med bekk imellom, og med ei langvoren brattkanta utsparing mellom berga ved den vestre. Ein slik formasjon går tidt for «klave» i norsk nemningsbruk, men i sørsamisk låneform klåvva, klavva står det også for «land mellom to vatn», som òg skulle høve for land mellom to tjønner slik som her. Endinga –ærn kan ein ta for norsk bunden form -eren av –ere = –jaevrie dersom ein ser på dei to tjønnene tett ved einannan som éi.
Glamsland gnr 20 iVestre Moland >Lillesand ligg ved den breie nordenden av det elles smale Glamslandsvatnet. Studert på ortofoto er det slåande at innmarka på gnr 20 i lag med nabogarden gnr 19 Songe er fint avrunda mot ytterkantane, der fjellgrunnen kjem. Jf ss klåemsie «rund bøyg inn i fjellet», verbalt klåams-.
Gletne gnr 64 Hægebostad gnr 64 ligg ved søre halvdelen av Gletnesvatnet på austsida, med langstrekte teigar i vasskanten og husa liggande på noko høgare avsatsar. Namnet minner tydeleg nok om klitnjie- i ss klitnjiedidh «glinse, kaste lys tilbake» (om vatn) og klitnjiestidh «skine, vere blank». Delvis kunne dette gå på sandbankane kring øya i sørenden av vatnet og langs stranda like innafor.
Glidbjørg, Gliddbjøri bnr 16,11 Bykle ligg i ein kvelv på sørvestsida av Vestre og Øystre Glidbjørgnuten, som klart nok er klettar (jf gno. klettr berghaus, koll, knaus, men som begge òg har fullt av benkar el. terrassar. Det samsvarar med ss klihte, klihtie «avsats». Det siste høver òg framifrå for Gliddi |»gliddi|, |»gliddei| Holt gnr 29 >Tvedestrand, der sisteleddet kunne vere både gno. eið og ss dajve «område, strekning».
Godderstad eller Goddorstad |»gåddår-|, |»gådder-|, |»gåddr-|, gnr 25-26 i Holt >Tvedestrand har kanskje til midtledd dorr eller dorre f «en liden kratbevoxet,
ikke meget fugtig Sump» (Rygh etter Ross, då i samband med Dorra i Biri), for garden har fleire pyttar. Etter den eldste skriveforma, Gottrigstad 1539, ville òg gådd’raejkie «gyte-holl» (i Strengselva?) vere tenkeleg.
Gunnilsbu |»gonnilsbu| gnr 38 Østre Moland >Arendal. Garden ligg ved Katthølen mellom Longumvannet og det som no heiter Rånakanalen, og forleddet er her som i så mange andre tilfelle nok ikkje kvinnenamnet, men ein terrengterm som svarar til ns goatnil «elveparti med lite straum», eller også «bakevje».
Gonsholt gnr 26 Siljan (Telemark) ligg ved sjøen Gorningen og har nok namn av han, for både i nord, aust og sør går det stigar til fjells frå sjøkanten. Sml ls kår’ñot = goarññot ‘klatre’, ns goarßut ‘stige opp’. Kårengåsen Sande i Vestfold og Kåringen i Lødingen er ‘namnebrør’. Frå Kornbrekke |»kånnbrækk| gnr 1 i Høyvåg > Lillesand gnr 601går stigar rett opp fjellsida, som også frå Øygarden like vestafor. Her må dessutan nemnast Konnestad Fjære gnr 46 >Grimstad, for dit opp går det i dag to-tre vegar opp frå vatnet Temse.
Greibesland, (Gribesland) gnr 23 Øvrebø >Vennesla gnr 44, Greipsland gnr 43 Holme >Lindesnes gnr 125 og Greppestøl gnr 36 Oddernes >Kristiansand er tre gardsnamn der forleddet ikkje utan vidare treng vere det same, men merk at ss kraejhpie er «kupert terreng, fullt av berg og skorter», og det tilhøyrande adj kraejhpies, sørleg form kraajhpijs vil seie «kupert og utilgjengeleg». Dette stemmer til dei grader for desse gardane, og forledd med tre- eller to stavingar er mest eit spørsmål om kor uttaleslitasjen har vore sterkast.
Grosvoll er daglegnamn på gnr 64 Ådnerød i Fjære >Grimstad, medan Grosås er gnr 3 i Iveland. I omtalen av sistnemnde ytrar Rygh tvil om den idéen at gros har med gras å gjere, av di Grossås jo ligg ved Grosvatn. Nyttigare er temmeleg sikkert opplysningane knytte til Grosvoll |’gråssvåll| gnr 128 Sandsvær>Kongsberg med ei rekke gamle skriveformer: Gratzuallum, Grazuallum 1392, i Gratzuallum 1445, i Graswallom 1453, Grazwaldh1456 osv., der kommmentaren er: «De de ældste Skriftformer henpeger paa en Grundform Grátsvellir. Til Grund synes at ligge et oldn. Substantiv *grátr».
Eit slikt terrengord finst faktisk, nemleg ss gråhtjoe, kråhtjoe, krahtjoe «smal liten dalgang, lita kløft». Ordet blir også brukt om område som har fullt av slike fòrer (renner), jf grǫhčō og rǫhčō (app. 717) samt ns rohči «innsnevring», d.e. samantrengt parti av elv eller dal, ls råhtje ‘avsmalna, trong dal’ (iblant steinut). Grosvoll i Kongsberg har litt ut av kvart av det som nyss er nemnt, Grosvoll i Grimstad like eins – ganske uryddig. Det gjeld no også Grosås i Iveland, men der er den den lange og renneforma Grosmyr nord for garden som fell i i auga. Grosdalen 113,4 i Birkenes er djup og framkommeleg, og halvøya Grossøyi i Tinn har fleire tversgåande renner. Vanleg er at stader der ss gråhtjoe er «ute og går» blir fornorska til Gråten, i sms. namn Gråt– eller Gråtar-.
Gullestad |»gollesta| gnr 130 Liknes>Kvinesdal skrivst Gullastaða (gen.) 1292, Gullestedh 1529, Gullista 1568, seinare nesten berre Gullestad. Ein kan tvile på kva som ligg i namnet, for halvøya Gullestadneset i Storåni pensar tanken inn på fiske, jf ss guelie, ls guolle, ns guolli «fisk». Det kan også namnet Gullurda ovanfor elva litt lenger sør gjere, men der er også kløfter og høgg i bratthenget som passar med ss golle (trong o) «lita kløft der det er vanskeleg å klatre opp eller ta seg ned», «snevring mellom berg». Best er det å la spørsmålet vente av di samanhengen er like tvitydig for Gullsletta |»gullslætta| Lyngdal gnr 201 og for Gullknuten |»gullknuden| gnr 202, sør for respektive nord for Gulltjørn.
Første og siste namn kunne ein naturleg assosiere med fiske, medan Gullknuten (Knuten) ligg litt langt ifrå, men det framstår som ugreitt å ta seg opp i hamrane mellom Fore- og Slettefjellet. – Gullsletta Lyngdal 242,3 ligg ved ein bekk som fell ut i Lygna like nedøm, men samtidig sør og ned av ei djup kløft i Skaptåsen. Ei djup kløft er det også i sørkant av heia(?) Gullknuten bnr 157,14 i Kvinesdal, for ikkje å nemne snevringane i fjellpartiet Gullknuten i Sokndal (Rog.)
Gullsmedmoen bnr 1,9 i Evje og Hornnes bnr 1,9 er kanskje så enkelt eit namn som det lyder – og bruket er del av eit likelydande områdenamn. Forunderleg er det likevel at ein unna for unna finn Gullsmedheia i Grimstad, Gullsmedkollen i Lillesand, Gullsmedodden i Åmli, Gullsmedåsen i Iveland og Gullsmedberget i Lyngdal. Variantar av kløfter og smotthol alt i hop, og ikkje nok med det, desse pussige Gullsmed-namna finst heilt nord til Gullsmedvika i Sør-Varanger. Mest sannsynleg er –smed berre ei omtolking av –smett-, for også –smettet er utbreidd sisteledd i mange stadnamn, så vel som Smettet i usms form. – Stadnamn med Smøy– som forledd er det også ein del av, attåt smog og smau. – Gullsmedmoen nemnd først er ikkje fjellendt, men temmeleg kupert, med rare smotthol mellom holmane ut til Senumskilen.
Gunnilsbu |»gonnilsbu| Østre Moland gnr 38 >Arendal, ligg nær Dybmyr o.fl. attgrodde myrhol, men ligg også nær lommane i søre enden av Longumvannet. Er skr Gundelß- 1593, Gunnilß- 1601, 1610, 1611, Gundils- osv. Rygh sluttar – pga genitivs –s – at forleddet er mannsnamnet Gunnulfr. Same forledd ligg føre i Gunnilsbumoen bnr 20,5 Åmli, som ligg ved Gunnilsbuevja. I desse to namna ser vi eit sms forledd Gunnilsbu-, sjå seinare. Tilsynelatande variantar av same kvinne- eller mannsnamn, truleg desse òg med u uttalt o, har ein i Gunnulfshei v/ Dyblemyr (Birkenes), Gunnildsmyr (Lyngdal), Gonilstjønn (Kristiansand), Gunhildtjørn (Bygland), Gunnhildtjørnane (både Bygland og Valle), og endeleg Gunnulfsvann (Kragerø). – Liknande forledd finn ein i ei mengd stadnamn frå andre fylke, og det er jamt tale om stiltrennande vassfar eller òg vassamlingar i myr, både store og små. Ved å ignorere dei inntolka personnamna ser ein fort at dette er sørlege variantar av ns goatnil «bakevje», men òg «still, straumfri stad i elv eller bekk». Finnmark-former er goadnel, goannel, goadnjel, i Enare har dei koannjel koadnnil, koannjel, koaŋŋil (app. 306). Så Gunnilsbu er neppe Gunnil sin buplass, –bu– er snarare ss byjje «dalskråning, li».
Gunstveit |»gunnstveid| gnr 66 Hægeland >Vennesla 87 synest vere øydegard no, men namnet er tett knytt til Gunstveitåsen, som har eit «overflatisk» skard i nordkant og eit djupare og meir avrunda mot vest; skardet tett sørom dette igjen ser likeins ut og heiter Tolleknivdalen. Litt spesielt er at ein i skilet Lindesnes – Vennesla har Gunstveitfjellan. med eit liknande skard kalla Knipen, litt lenger
nord att fleire lange smale kløfter, «skår» som går tilnærma parallelt. Tvilsamt er at Guns– er eit avkorta personnamn, då ss govre (trong o) «skor, hakk; skard» er vanleg nok som stadnamn-term, også i genitiv govren (sjå oslo 106, guuren). Kom namnet inn i norsk så tidleg at det fekk ordinær lydovergang kontinental u > vår norske u? Vanskelegare er å forklare det som synest vere genitivs s, men i begge Gunstveit-namna kan ekstrem kontraksjon av ei ss sms guvren+aesie– > gurn’+-s– ha skjedd.
Gurebu alias Gurrebu gnr 71 i Landvig >Grimstad gnr 141 ligg på eidet innom ei halvøy, og eidet er djupt nedskore. Her er det iallfall ingen tvil om at ss govre alias ns gurra «sprekk, kløft, smal dal» er relevant.
Gusa |»gūsa| er gnr 232 Kvåse >Lyngdal, same namnet er Gusa (Guse) |»gūsa| gnr 41 Liknes > Kvinesdal gnr 41. Treet gran heiter i ss goese (=koese), og den tilsynelatande hokjønnsforma kan vere ei «brutal» fornorsking av ss goes’aesie «gran-ås» (sjå ss ordbøker). Gusdal gnr 42 Landvig >Grimstad bnr 112,12 ligg tett ved Granemyrfjell, med Granemyra langsetter.
Gyland |’jȳlann| gnr 99 i Gyland > Flekkefjord gnr 200 blir skrive heilt som no både i 1594, 1612, 1619, kun med Gylland 1668 som avvik. Skrivemåte og utt. er den same for Gyland gnr 89 i Gyland >Sokndal i Rogaland, men her sprikar dei historiske skriftformene noko meir: Gylland 1606, Gyland 1610, Gyølland 1616, Gydland 1668 og Gyeland 1723. Trass i det er det, pga. Landskapet, heva over tvil at forleddet er ss gïlle, gylle «gressbevokst, skogløs bakkeknaus», for begge stadene er det nøgda av store og små knausar, men skoglause er dei knapt alle, jf biedsie-g’ïlle «kleiner Kiefernwald» (Hass.)
Gåseflå |»gåseflå| gnr 73 Hægeland >94 Vennesla 94: jf holmen Gåsefjellet i vatnet tett austafor. Skr Gaaßeflaa 1595, 1601, 1610, 1611, 1668 og Gaaseflaae 1723. Rygh: «Gásaflá f. Af Fuglenavnet gás, Gaas, og et Subst. *flá f. Med den af Ross anførte Betydning af Folkesprogets Flaan f.: Udvidning af Flod, Bredning, vidt Søbassin. Egentlig Navn paa en stor Udvidelse af Otra strax søndenfor Kilefjorden. Et andet Ord er det oldn. flá f., som har Betydningen: liden Afsats i en Fjeldside» (Falk & Torp). Gåseflå ligg slik til i ei åsside at det siste er høgst relevant, og då er forleddet heller ss goese ‘gran’. Her må samanliknast med Gåsefra ved Gåsefratjernet nær Gåsevatnet i Sigdal. – Rygh: «Gå-sig-fra? Navnet skulde da have lignende Betydning som Fraagot, Fraagaat… Imidlertid synes en Forbindelse som den her antagne ikke at forekomme i Folkesproget. Rimeligvis er Navnet forvansket, f. Ex. af Gaaseflaa, der forekommer et par Gange (flaa n. Vandpyt), eller snarere af Gaasefla(e), til flae m. «jevn Flade af dyrkbar Mark» (Ross). Alt dette lyder relevant nok, men eitt alternativ manglar: Gåsefra kan enkelt nok vere redusert form av ss goes-framhte «grankjerr». Det får òg innverknad på kva tolkingar som er tenkelege for namnet Gåseflå med.
h
Hagestad gnr 24 Holt |»haggesta|, |»hākesta| er skr Hackestad 1611. Hagestad gnr 58 Birkenes |»haggesta| er oftast skr Hage-, men Haggesta 1601. Hageland gnr 29 Holme |»hăgelann| er også som regel stava Hage-, men Haggeland 1604; ei slette i Åseral heiter òg Hageland. Det siste kan vere no. hageland, hagland (NO 4: 1227), men elles tyder forledd med kort a på tilpassing el. tilbakelån av ss akke-land el. –ædnam «gräsrika betesmarker», jf akke «ymnig gräsväxt» med sørleg ss –hagke «stad der det veks tett og frodig» (app 16) og ikkje minst med Hakkeslåtta i Finndokkje i Sirdal og Hakketeigen ved Finnstøyl i Bykle.
Handeland gnr 11 Sirdal er skrive Hanndeland o.l. frå 1563 av, kan hende heilt uttalerett? Same forledd synest ein ha i Hannemyr gnr 46 Søndeled >Risør og i
Hanto gnr 6 Holt >Tvedestrand, dertil i Hanøya gnr 20 Søndeled >Risør, og så Hannås gnr 22 Evje og Hornnes. Dette må vere eit terrengord som tilsvarar ns
adno «stor flat sten, som man ikke kan rokke» (app. 3). Ortofoto tyder på at det òg er tale om avrunda, flate knausar som heilt snaue, men også snau berggrunn generelt. Dersom Handeland med d var uttalerett, kunne ein òg tenke på ei sms. med ss –dajve «område, strekning» i avkorta form.
Heredøl 48,31 Sirdal har platåforma innmark, delt av ein ådal, så også Hervoll gnr 85 Vanse >Farsund 85.2 + 85,3. Hersel heiter gnr 65 i Froland: Herselneset deler vatnet med opphavleg namn *Hersel i to parallelle delar, men den vestre heiter i dag Bøylestadvatnet. – Herestøl |»hærre’| gnr 81 Liknes >Kvinesdal er namn på både bnr 81,1 i norde enden av Herestølstjønn og bnr 81,3 i søre enden av Herestølsvannet; tjønna og vatnet er samhøyrande og kan opphavleg ha heitt *Here.
Forleddet i slike namn er ss haerie, som går på posisjonering, «(kvar sin) kant», «i same retning, men ikkje i lag» (Bergsland), på tysk: «nach zwei Richtungen, entzwei, in zwei/mehreren Teile» (Hasselbrink II: 714). Forståinga aukar når ein studerer Here-lokalitatane ein for ein. På Herdal gnr 200 i Lyngdal er innmarka delt av ein av bekk, men poenget «sit langt inne» i det tilfellet. Slik er det ikkje når det gjeld Herøya to stader i Kristiansand; og Herøya i Grimstad liknar meir på Herestølsvannet i «formspråk».
Det nyss nemnte haerie opptrer også i fornorska form Heir-, Heire-. Her òg har Agder fleire døme som det er lett å finne ut av sjølv, berre ein er merksam på at der forleddet i samisk form omfatta heile lokaliteten, har ‘grepet’ blitt borte ved fornorskinga slik at eine helvta no er namnlaus eller har fått eit anna namn.
Herveland |»hærveland| Østre Moland gnr 16 >Arendal 16,4 er på dagens kart skrive Harveland. Garden ligg inne på eit spisst nes; utanfor dette tøyer halvøya Hervelandsneset seg langt utover. Mellom enden på det siste og ein motståande odde fører det korte Ligomsundet ut frå pollen som Hervelandskilen + Løkilen samanlagt skaper. Forleddet Herve- er helst oppstått av ei mellomform *Hjerve-tilsvarande ls jier’fa alias jierffe «mycket kort ström mellan två sjöar» (oslo 57, Spiik).
Hogganvig |»hågganvīg| gnr 71 Halså og Hartmark >Lindesnes er skr Hugen-, Hogen-, Hoggen- rundt 1600, Huggen- 1668, 1723. Same uttale og skriveform har gnr 69 i Vikedal >Vindafjord (Rog.), der går det i Hogguande-, Hoggvande- 1311, Huguna- og Huoge- ca 1521, Hogen- 1563 og 1567, Hogne-, Huggen- ca 1600, Haagen- ca 1626 og 1661, 1723. Til desse to gardsnamna sluttar seg også Hogganfeta bnr 93,5 i Vennesla. I siste tilfelle kunne det passe med oaggē «en ganske liten innbøining i strandbredden, ‘avhald’ for båt» (Tysfjord, app 674), men samanlagt er det meir truleg er at namna heng saman med ss håagke, gen. håagken– «fiskekrok», jf håagkodh v (= sørleg ss åagkijh) v «angle, fiske med krok». Med mindre verbalabstraktet –an finst i Agder-mål må då Hoggan- vere pres. part. –ande.
Håmokkland gnr 52 Hægebostad var både utt. |»håmmikk-| og |’hǡmok|; Rygh festa mest lit til det siste. Uttalespriket er gammalt, sml Hommickland 1612 og Hommuckeland 1619. (Haamunke- 1668 og Haamunche 1723 syner progressiv fjernassimilasjon: nasalen m har endra k i neste staving til nk. Lydfenomenet er velkjent, men gir inga hjelp til å forstå namnet.) Garden Håmokland, på dagens kart Håmmek-, ligg ved Storemyra, den norde av to myrar, men størst er likevel den søre, Håkomoklandsmyra, og gjennom begge renn Steinslandsåna, men det er uvisst om namnet er rett, for ei elv i Kiruna heiter på ns Opmojohka medan
det forsvenska namnet på eit grendelag der og i Gällivare er Håmojåkk, og då trengst litt oppklaring: Sisteledd der er ns johka «elv, bekk», og ns opmu tyder i gjengs kontekst «(stort) gjørmehol, gorrdike», men som regional stadnamnterm er det av skiftande informantar òg forklart som «liten bäck», «bäck med branta stränder», «ett av tät buskmark och sumpigt land omgivet sel [stillelv] som man ej kan komma över», meir dramatisk også «svag plats på is, där man faller ned och drunknar». Kva som stemmer best for Håmokland er eit ope spørsmål, men i primærnamnet, som vi med noko ustø rettskriving kan kalle *håmojåhklaante, er tydelegvis stavinga –jå– blitt skoten ut (haplologi) så det vart håmohk’laante.
Håvårstad (med litt variasjon i skriveform) heiter gnr 46 i Iveland og gnr 38 i Vegusdal, pluss gnr 33 i Åseral. Rygh er viss på at førsteleddet er Hávarð, gno. mannsnamn. Det er diskutabelt, ettersom Håverstad i Vegusdal ligg under den avrunda, men bratte Håverstadknuten, og Håvarstad i Iverland ligg under ein liknande, Knapen kalla. Håvorstad i Åseral ligg under Husefjellet (jf gno húsi «huse, haus»?) – medan Høverstad Vang i Valdres ligg under det avrunda fjellet Haus. Forleddet Håvår- ligg det nær å sml med ls oaivúr (el. oaivura) i tydinga «krön» (topp, krune, isse).
i
Iddeland gnr 121 i Lyngdal ligg på sørsida av det lange Iddelandsvatnet, og år 1668 skrivst namnet Ideland, men Iddeland 1723. Garden ligg under ei fjellside som heiter Slåttene, altså kan ein tenke på ns ihtit v «spire, gro», finsk itää.
j
Jegersberg gnr 34 Oddernes >Kristiansand: Forleddet truleg jeagkijes- som ei understreking av at der er myrlendt, våtlendt (Lex. Lap.: jeggajes). Tett sør for Jegersberg i Tjeldsund ligg Stormyra. Jegersbergsnuten i Bykle ligg derimot i eit snaufjellområde og har vel namn av ss jiehkie isbre, også snøfonn.
Jendal |»jænndal| gnr 8 og 10 i Bakke >Flekkefjord 117 . Forleddet kan vere ss jïenge «is». Garden ligg ved Jendalsvatnet, der det i nordbotnen renn inn ei lita elv frå dalføret Jendalsslåttene, som må vere den eigentlege Jendalen. Ho kjem frå Iglundstjørn som ligg mykje høgare, heilt i vasskilet mot Sirdal.
Jeppestøl bnr 18,4 i Vennesla og Jeppestrand under gnr 53 i Risør har forledd ss jeppe « höjd som lutar åt två håll» eller «liten ojämn höjning», «skålformig konvex upphöjning», i Herjedalen brukt om eit lite, heilt snautt berg (oslo 678).
Jokeli |»jǡkeli| gnr 59 i Iveland skrivest Joeckelidd 16611, Jochellidt 1612, og Jockelie 1668. Rygh har berre usikre forslag til tolking, men det aller enklaste er nok flg.: Garden ligg einsleg til, nær kommunegrensen mot Birkeland, og ns juohku, ls juohko, ss juekeme tyder «deling» eller også «vattendelare». Jokeli er òg namnet på gnr 55 i Evje og Hornnes, men der er det eit bekkefar som deler.
Jotjønnheia og Libuteigen utgjer bnr 27,4 i Bygland. I sms jo+tjønn kunne vel forleddet har fleire tydingar, men i dette tilfellet, så vel som i Åmli og Fyresdal (Tel.) synest det å ha skjedd avkorting av same forledd som i Jokeli.
Jonsøya bnr 15,12 Vestre Moland >Lillesand bnr 15,58: Slike namn kan gå på mannsnamnet Jon, men er også ofte fornorsking av eit forledd som tilsvarar ns njuones «nase» om berg- og fjellformasjonar (app 644), enten dei er tilnærma «snabelforma» (Jonsøya i Vega) eller skyt meir til vers (Jonsøya i Rødøy). Det siste gjeld for øya i Lillesand, der nasen har eit så artig namn som Skottland og peikar innover Vallesverdfjorden. Legg elles merke til at nærmaste motståande odde heiter Kvar[v]snes-nòsa.
Jortveit gnr 23 Evje >Grimstad gnr 172 og Jortveit gnr 7 Hornnes > Evje og Hornnes attåt Joreid gnr 28 Vegusdal >Birkenes gnr 152 utgjer ein særmerkt gruppe namn der forleddet tradisjonelt, men meiningslaust vart skriftfesta som «Jord-», for kva gard var fri for jord?. Det meiningslause blir endå tydelegare når vi legg til naturnamn som «Jordsmyr» fleire stader på Agder, Jorholmyr og Joråskjerret (Lyngdal), pytten Jortjønn på Solås i Kristiansand og bruksnamnet Jordtjern gnr 21 Holt >Tvedestrand. Alt dette minner om ns jorri «innhegning (for rein) og vel derfor seinare også om «lita eng», men òg om «bakevje» (app 449 og 448) – alt i hop knytt til ns jorrat v ‘gå rundt’ (brukt i mange tydingar).
Justnes, Justvika og Justøya i Kristiansand er både lokalitets- og gardsnamn:
Garden Justnes ligg ved det smale straumfaret Justnessundet innom Justnesøya, utanfor Justvika er det oppgrynte gamle straumfar, og kring den litt «frynsute» Justøya er det fleire slike, Blindleia kanskje den viktigaste, og «smånamn» som Krakksøya og Ullerøya har truleg også med straum å gjere. På landsbasis er det kring ti namn som peikar i same lei.
Straum i elv eller bekk er på ss njuvvie, og område med straum kan regelrett bli heitande*njuvviestahke, i kortform *njuvviest(e)h, på norsk berre just, kort men uforståeleg no: Ein skogteig ved eit elvestryk i Vang i Valdres heiter Just, og ca 1626 er Mebø på Justøya omtalt som «Mælbø på Jost». Årdal i Sogn har Justeskreda, eit namn som illustrerer korleis det har seg at folk nordpå kunne seie at «no går det justan» når dei meinte strykande.
Jølle gnr 45 Vanse > Farsund 75: Konsekvent historisk skriveform er Jølle, men 1594 både Jølle og Jolle. Vi tør her sjå bort frå ss jïlle = jalle = jolle adj «høg», som i usms form neppe ville bli gardsnamn. – Det som særpregar Jølle er lendet ved Jølletjønna med talrike bergknattar, jf ss gïlle, gylle «gressbevokst, skogløs bakkeknaus» (likevel biedsie-g’ïlle «kleiner Kiefernwald», Hasselbrink). Uvisst er om det same gïlle, gylle også er forklaringa på gardsnamnet Jødestøl gnr 50 Bakke > Sirdal gnr 59,12, skrive Høllestøl 1668, men Jøllestøl 1723.

Jørundsdal i Bygland. Kartverket.
Jørenstad Lindesnes ligg ved Jørenstadvatnet, forleddet kanskje gen jaevrie-n-. Jørenstad 169-171 ytre + indre i Spangereid >Lindesnes 471,5 har gardsvald med både store og små vatn (tjønner), der er forleddet Jøren- like snart kopla til suffikset –und, forklart «som har mykje av» (det som førsteleddet nemner). Det passar iallfall godt for fjellområdet Jørundsdal i Bygland med tallause tjønner og pyttar, Jorundabotnane i Voss like eins. – I mange andre tilfelle kan ein tolke Jørunds- som deminutiv: I myra Jorundskjerr i Vegårshei er ein ørliten pytt, jf Jorundspytt i Tokke og Jørundpyttene i Gran på Oppland. Andre stader ligg der eit knippe tjønner, t.d. Jorundstølen i Bjerkreim, Jorundtjønnene i Eigersund og Jorundskår-stedane i Drangedal. – Jorundsstø i Åmli er utmark og synest vere ei myr liksom Jørundsstøa i Rennebu (kalla ‘li’): Begge var nok eingong tjønner, eller i det minste vass-støde delar av året.
Jorundshølen i Sirdal liksom Jorundsholmen i Nissedal og Jorundsund i Tokke pluss Jorunvollen i Nissedal og tilmed Jørstad i Lillehammer med Rundtomevja kan til forledd ha ei avleiing til ns jorri «bakevje»; eller evt ls jorre djup grop i sjø eller å, jf at Jørundsmyr Gjerstad ligg ved eit bergdrag som lagar tersklar i elva attmed og dermed kulpar, men jorre kan òg vere «liten kitteldal» (oslo 70): Det siste høver godt for Jorundskjerr i Vegårshei og for Jorundstjørni attmed Grimdalsvatnet i Bygland. Alternativ kan vere ss njuor(a) steinut strand – eller grunt vatn i ein innsjø med småstein eller grus (Lex Lap), noko som høver for Jorundtjønn i Åmli.
Jørundland 17,1 Åmli ligg under eit høgt snaufjell og Jorundsstad |»jorann-|, |»joronn-| gnr 12 Holt >Arendal 59 er i same stode, med Husefjell og Bjørnefjell tett innpå. Tilsvarande med Bergåsen på Jørstad i Vanse >Farsund, skr Jøren– 1612 og 1626, sml Jørundstad i Sel med Jørundstadhammaren, Jørundsdalen i Sokndal og Jørstad i Sarpsborg. Jørundsholan i Åmli har ei lita tjønn med kun berg omkring, Jørundskjerrane i Iveland er ei myrremse i same ‘situasjon’, og Jorundslåtta 9,5 i Sirdal er òg meir steinmark enn slåtteland. Jørundstjønn i Birkenes er ein pytt, i eit ulende der berga ligg rad i rad. Jørundsåsen 94,20 i Hægebostad er òg temmeleg steinrik.
Jørundsmyr i Froland er lita og ligg i enden av ei tjønn med smal opning til eit større vatn, Jorundstjørn i Lindesnes er knytt til ei mykje mindre tjønn tett ved via smalt sund: To namn gir lite å bygge på, men ns nuorri «sund, hav» finst òg registrert i sørlegare form njuorrē frå Jokkmokk (app 660); ordet er ikkje brukt i ss lenger.
Den raske sortering av gardsnamn med forledd Jorund(s)-, Jørund(s)- , Jøren- tyder altså på at utangspunktet for namnelagingane kunne vere både jaevrie ‘sjø, vatn’ likså vel som jorri, jorre «grop» el. «bakevje», juora «steinhop» (oslo 72) og njuora «steinut strand el. botn», då kanskje også i variantar som nærmar seg Kola-samisk njurr «klippe» (app. 648).
Jåbekk gnr 37 Halse og Hartmark skrivst konskvent Ja– frå 1413 av (i diplom) og ligg ved ein bein bekk som er skil mot Øvre Ime. Jorda på begge gardane er særs låglendt mot Jåbekkvatnet, så ss jabpedh v «flyte over» (om sjø og myr) er relevant.
Jåddan |»jåddann| gnr 3 Hægebostad er skr Jaadland, Jaadland på 1500-talet, Jadt- 1612, Ja- 1619, Jod- 1668 og Jaadland 1723. Garden ligg liksom Jåbekk lågt og er våtlendt, med spor etter ei større tjønn. Gammal og ny veg går over innmarka, merk også Pråmstø ved elva. Ein stig går til fjells forbi Saurkleiv og Saurmyr. – Til Jåddan høyrer ei strandslette Lokkland litt lenger sør ved elva Lygna, jf ns luohkká bakke, li, ss luokka (Lex. Lap.). Der går spor etter gammal og ny ferdsel i alle retningar, jf ss jåhtalokke «flytteveg», og johttóm, johttám «uppbrott till boflyttning» (oslo 68) og dertil sms på ss johte– «flytt-». Eit namn som tyder *flytte-land lyder meir sannsynleg enn ei sms med ss og ls jåddo = ns joddu «posegarn i laksestengsel». Å lese omtalen av Jåttå i Stavanger = Jaatten gnr 16 i Hetland i NG b. 11: s. 197 kan også gje høve til refleksjonar.
Jåmenausen (knaus) ligg nær Hjåmestøyl bnr 65,5 Valle. På Jåmås el. Jomås gnr 52 Froland er det fleire berghumpar heime i garden, den mest ruvande kalla Drivåsen. Dei to gardsnamna liknar ei rad buplass- og naturnamn på Tjåm-, sjå bolk T. – Iveland bnr 34,2 Tjomstøl |»ᶄåmmstøl| ligg i framkanten av ein åsrygg med avrunda topp, og Jåmyr bnr 5,4 i Hornnes har ein markert knaus nær husa, på stranda mot Bukkekilen.
Namna Hjåmestøyl, Tjomstøl og Jåmenausen i Valle kan samanliknast med ns čobmá, «langstrakt forhøining, rabb», men også «rundaktig hump, egl. dynge, ophopet haug» (app. 172). Fekk čobmá i somme bygdelag dialekt-uttale på line med prep. hjå? Samtidig må ein vere merksam på flg.: jopmo «uppges betyda: upphöjning, höjd» (oslo 69).
k
Kalland |‘kallann| Høvåg gnr 14 >Lillesand 61 er skrive Kalde- 1670 og 1723. På innmarka er det ein høg og markert «friskoren» knaus, så forleddet tilsvarar snarare ns gál’li, ls gál’lo «steinblokk, klippe». Forklaringa er ds for Kallhovd gnr 8 Evje og Hornnes. Annleis med Kalland |»kaddan| gnr 30 i same bygd, for tett austafor garden finst der ei mengd kjeldepytter og småvatn, med avrenn via Kallandsbekken tett ved garden, jf ss gaaltije «kjelde, oppkomme», ls gál’do, ns gáldu.Vasskilet mot Lindesnes er litt sør for garden, og Kallandstjørni ligg på hi sida med avrenn den vegen, men får noko tilrenn frå begge sider. – Kaldalen el. Kalddalen gnr 5 Vegårshei har nok heller, slik Rygh meiner, eit forledd kald-, då garden ligg ved ei renneforma lang myr.
Karterød gnr 15 Østre Moland >Arendal og nærliggande gardar har nøgda med steingjerde og ligg ved stigar som fører søretter til Blåfjell etc. Nærliggande er å tenke på ss gaertie «reingjerde», ls kár’te «gärdesgård, stängsel; inhägnad, rengärde, ringgärde» (NL 164, app. 268, oslo 80), låneform av gno. garðr m. Men
det ligg mange store og små berg og steinar spreidd utover innmarka på garden,
så like gjerne er forleddet no. kart m brukt om om steinut lende (NO 6: 162), og då er dette eit heilnorsk(?) namn. I alle fall, Karterud som gards- og bruksnamn er utbreidd over minst tre fylke og synest ha med rydningar i skog å gjere.
Katterås er gnr 19 Vegusdal >Birkenes gnr 143, og bnr 1 er Øygarden, der det går utmarkvegar i boge oppetter fjellet, og frå Katterås gnr 33 i Åmli strålar ei rekke gamle og nye stigar og vegar ut, «navforma» om ein vil; Katterås gnr 95 viser litt av det same.
Naturnamn på Katter- og Katte- er langt fleire. Her òg synest «stig» og «veg» å vere nøkkelord: Opp Katteråsbakken på Birkeland gnr 52 i Iveland fører ein stig til fjells, likeins frå Kattemyr i Birkenes. Utanfor Agder er ferdsels-momentet til stades på Katterås og Katteråsmyrane i Nissedal og på Kattemyr i Siljan (begge Telemark), og plent det same gjeld for Kattemyr i Nordre Follo (Akershus) og for Kattemyra i Gloppen.
Eit anna moment viser seg på stader som Kattemyr i Vennesla: Lang og med ein bratt åskant mot vest, likeins Kattemyr på bnr 605,5 i Lindesnes, ei dobbel-myr der det tøyer seg ein bratt kant heile vegen på vestsida. Så eit geografisk sprang: Kattemyra på Bessebostad (Harstad) ligg oppå ein bratt kant mot ein bekkedal.
Eit tredje momenter at Katteråsen i Grimstad inngår i ei lang åsrekke, har to like høge toppar, det har også Katteråsen i Levanger. ‘Dobbelsnuta’ er òg Katteråsen i Åseral, Kattemyra i Marker (Østfold) er to myrflekkar i lag, medan Kattemyr i Evje og Hornnes og Kattemyrene i Froland er myrgrupper.
Inndelinga framfor har gode grunnar: ss gattere kan tyde «make, par», merk det adverbiale gattesne «attmed, ved sida av». I andre høve tyder gattere «gruppe», medan gatteres og gatterejes er «gruppevis», «klasevis» (Mankok) – her nemnt med tanke på namna i tredje avsnitt.
Forleddet i Kattemyr’ane nemnt i andre avsnitt synest svare best til ls gádde i ei utvida tyding (ikkje berre om strand, bredd slik som i ns), men også om «kant, rand» av myr, berg etc. (Korhonen).
Meir uvisse er knytt til Katterås’ane i første avsnitt, der kan nemnast ls kahttár «(ren)vaktare» (Grundstrõm) = gáhttár (Spiik), vidare ls kahtto, gáhtto «tilsyn» – men også med heilt anna utgangspunkt lånordet gáhtú «vinterveg» (oslo 74).
Kige |»ᶄīge| Halså gnr 30 >Lindesnes, skr Kijge 1601, Kiegge 1604, Kige 1610 ligg i ei myrkrå mellom åsane i austerenden av Kigevatnet. Næraste namnet å jf med er Kikja |»ᶄīᶄa| Sauda gnr 26 >Midt-Telemark 126, skr. i Kikini ca 1400, Kiiken 1585, Kicken 1665. Ligg på ei høgd, men med djupe bekkedal-krær på nord- og sørsida. Kike |»ᶄēka| Fjelberg gnr 29 >Kvinnherad 207 blir skr Kyken ca 1521, Kigge 1563, Kyckenn 1567, Kige 1612, Kiche 1668 og har nøgda med små dalkrær, Åfjord-bruka Kikvika og Kikan er nokså like i det. – Vokalismen er annleis når det gjeld Kyken |ᶄȳᶄi| Ullensaker (Akerhus) gnr 51, skr. i Kykini 1362, i Kykin, a Kykini, i Kykene fl ggr i åra 1400-1413, Kykren 1510. Likeins Kykken i Gjerdrum. – Kjeka |»ᶄēka| el. |»ᶄēkaᶇᶇ| i Skjåk gnr 76 er skr. Kieche 1668. Kiekke 1723. Denne Kjeka og nabobruket Hågå er ekstremt «velforsynt» med stor og lange dalkrær. Den rake motsatsen til dette er etter kartet å dømme den hellar-liknande bergkråa på Kiken 171 Ullensvang i skilet mellom bnr 1 og 9. Naturlokalitetar av liknande art er Kikjevatnet og Kikjetjønn i Bygland, og så Kikjafossen i Telemark og Kykjeholmen i Bjørnafjorden.
Skiftet mellom i og y i skriveformene er slåande. Interessant er og skriveformer som Kigge, Kieche og Kiekke jamført med uttaleform |»ᶄīge og |»ᶄīᶄa| kontra |»ᶄēka| (i Skjåk også skriveform). Den siste minner tydeleg om ns čiehka «krå, hjørne» = ls tjiehka; ei litt meir utrygg form er tjiahka «vinkel» (Malå). Her er i alle tilfelle samband med ns čiehkat v «gøyme, halde i skjul» = ls tjiehkat. Det er forvirrande med innslag av y i skriveformene, men verbet nyss nemnt svarar til ss tjïehked «gøyme, skjule», og spesielt for sørsamisk ï, såkalt ‘mørkere i’, er at ord med slik innlyd tidt har parallellform på y, så Kyk- istf Kik- kan stemme.
Kimestad el. Kimmestad |» ᶄimmesta| Søgne 61 >Kristiansand 461,10 blir skr Kimmestadt og Kiemmestad fl. ggr. frå og med 1601. Garden ligg ved ein rund poll knytt til Kimestadvatnet. Forleddet Kime-, Kimme- er ss giepmie, giemnie «kjel(e)». Det er eit samanlikningnamn av velkjent type nytta om myr og tjønn, sjå også Kjeme og Kjempe.
Kisland |»ᶄisslann| Lyngdal gnr 485 (delvis skr Kitland) blir skrive Kit-, Kitt-, Kidt-, Kidtz og Kids- frå ca 1550 og frametter til 1723. Garden ligg i utkant av Lyngdal, mot Lindesnes, og ss gietjie, kiehtje tyder «ende», men også «spiss», og garden ligg tett ved eit spissvinkla bekkemot (åmot).
Kidjastad |»ᶄiddjastā| gnr 36 Åseral er tradisjonelt skr. Kittelsdal, og der finst ein rund formasjon som kan ha vore sml med ein kjel(e), gn. Ketill, ikkje heilt ulik Ketilstad gnr 40 i Suldal. Litt annleis med Kittelsdalen oppfor Kittelsmyr i Lyngdal: Midt i myra er eit rundt søkk. – Når det gjeld Kidjastad, så er det også ein gl buplass Tuften på garden, så ls kiedja, giedja (ss giejë) «spor etter dårleg veg» bør også nemnast.
Kjekstad gnr 20 Eide >Grimstad 169 er ein gard der lendet samsvarar med ss tjaavds(e), tjaavtese «motbakke»; det gjeld også Kjeksedalen gnr 21 i Lyngdal. Brattlendte er også gardar som Kjekse i Sveio og Kjekshus i Gran, og rundt i landet finst naturnamn der Kjeks- tydelegvis går på det same.
Kjemestad gnr 44 Finsland >Lindesnes 740 er tradisjonelt skrive Kimme-, og Rygh meiner at det ikkje kan vere same forleddet som i Kimestad/Kimmestad, men garden ligg ved den runde og oppå flate Apeslandsåsen med den temmeleg runde Maurtjønna under, til motsett kant, for ikkje å oversjå fleire runde knattar tett ved garden. Merk at det samiske ordet for «kjel(e)» finst i mange variantar, så som kiepme og gievdni.

Garden Kjempa alias Kjempe i Lyngdal ligg langt sør for Kjempesteinheia og Kjempefjellet, ved eit rundt myrsøkk som slett ikkje er så kjempemessig, oppfor Kjempestranda. Kartverket
Kjempa gnr 90 Lyngdal ligg ved eit ovalt myrsøkk på heia over Kjempestranda – namnet skrivst konsekvent Kiempe frå 1594 av. Ganske lik form har søkket i Kjempekleiv i Kristiansand. Kjempetjønn i Froland er rund og Kjempedøkki i Kviteseid (Telemark) liknar ein halv kjel: fint runda i nordkant og brattkanta.
I alle desse namna synest det ligge føre ein metatese (lydsnu) kiepm– > kjemp-.
Kjepsøy |»kjøpsi| Austad gnr 2 >Lyngdal er same namn som Kjefsøya |’kjæfs-| bnr 24,3-4 i Vågan: Blir skr Kiesszøen [Kiefsz-?] 1567, Kiepsøen 1612, Kiepsø 1647, Kiepsøen 1667. Begge øyane har langsmale gjennomskjeringar, og øya i Vågan er mesta avskoren fleire stader. Gjengs i norsk er å kalle slike senkningar for «hals», i samisk tilsvarande, berre at der har ordet mange former, utgått frå ns čeabi , ls tjiehpe, ss tjiepie. Kjeps- har oppstått gjennom rang oppløysing av primære namneformer tjeapesååle, tjeahpesuolu der -s- i etterleddet følgte med forleddet då det samiske sisteleddet vart fornorska til –ey >-øy.
Annleis med gardsnamnet Kjepso gnr 79 i Kvam (Hordaland). Garden er ikkje heilt «halslaus», men over garden har ein det skyggefulle Kjepsofjellet – kalla Svartafjellet òg – her må ein tenke på ls tjáhppis, ss tjeehpes [tjææ-] «svart». Slik synest samanhengen òg å vere for dalsøkknamnet *Kjepshom som gir seg til kjenne i Kjepshomtjønn på Kjepshomfjellet i Sirdal.
Ein tredje tolking ligg open for namnet Kjeppshei i Valle, for der er det ingen halsar i lendet, ei heller synest det vere skyggefult. Kjeppshei var sæter, så her dukkar visa «Eg gjætte Tulla» opp i minnet pga den resignerte, siste strofa «no kjem eg aldri til Fagerli, om der er gras nok og groe», av di ss tjaebpies vil seie vakker, eller meir meir presist fager i den valøren ordet har i namnet Fager-li.
Kleggetveit |»klægge-| Evje gnr 10 >Evje og Hornnes gnr 46 har som forledd ss klahtja «trong dal eller kløft der reinflokken ikkje sprer seg» (skuffande likt ss klahtje «klegg»). Tett nord for gardshusa er det ein minidal der dette passar bra. – Mindre truleg ss klihtie, klihte «avsats, berghhylle», sml no. klett og da. klint.
Kloster |’klåster| gnr 105 Liknes >Kvinesdal: «Man har ingensomhelst historisk Underretning om, at der har været noget Kloster paa dette sted», seier Rygh, og då kan ein fokusere litt meir på dei bratte stigane oppetter fjellsida i sørkant av Timtreheia, forbi gnr 106 Liland vidare opp til Motland gnr 107 og endå lenger. Lat. claustrum «kloster» om avstengd stad tyder pussig nok også gjennomgang, pass – ss klöösterdidh v tyder derimot å klatre!
Konsmo |’kånnsmo|, |’kånismo| gnr 28 Konsmo >Lyngdal 428 blir skr Konasmo 1390, Konongxmo 1435, Konassmo 1488, Konaacsmo 1507, Konnaxsmo 1626. Pga dei andre formene kan ein nok sjå bort frå innlyden –ng– i 1435 og i staden vektlegge kor enkel og lite «påpynta» den eldste forma er: Lengst aust på moen, som tydelegvis hadde mange tjønner, må ein (for å komme opp i fjellet) passere to gonger ei elvegrein som går i skarp vinkel, og her er det på kvar side av elva ein hump som begge er startpunkt for gamle fjellstigar, så Kon- 1390 var nok ei uttaleforenkla form av koar’gŋ- (til goar’gŋot: stige opp) + aesie ås (jf Lex. Lap. ase, deminutiv asats «smärre berg, backar»).
Momentet «oppstigning» (til fjells) er akkurat det same på Kongerud i Aurskog-Høland gnr 27,7. På Kongerud Trøgstad gnr 617 (In.Øf.) er samanhengen noko annleis, der må ein gå opp ein bratt bakke for å komme til gards.

Dei som passerer Koksnes, kan gløtte nesten tvers over neset før dei når odden. Kartverket.
Koksnes |’kåkksnes| Eide gnr 34 >Grimstad 183 er skr Koxnes 1670 og 1723. Garden ligg eit lite stykke inn på eit breitt nes der det går ein opning el. eit eid tvers over, så ns goavkkas «rivna, på gløtt» laga til goavki «gløtt, liten opning» (ls goavvke) gir meining. Så og for Koksund i Larvik og åsen Koksfjell i Risør.
Kollungtveit |»kållom-|, |»kåddom-| Grindum gnr 25 >Lyngdal 473 har berre gl. skriveformer på -ung-. Garden ligg ved ein krok av Mandalselva og kort veg frå Kollungtveitfossen og får truleg også sno også frå myrane austafor, så det er vel ein «sval» stad å bu. Skrivemåten Kollung- er ei slags fornorsking, men uttalen –kållom– peikar beinveges mot ls koallúm, nomen actionis av koallú «frysa (om levande varelser och om kroppsdelar)».
Kollåsen som naturnamn er veldig utbreidd, også på Agder. Namnet framstår som ein enkel komb. av kolle + ås, men tidt er det tale om to jamhøge åstoppar med kløft imellom, medan namnet berre er plassert på den eine av toppane, og ofte er ikkje toppen ein typisk kolle heller. Opphavleg vart nok dei to toppane oppfatta som éin ås (evt. eitt berg), men med koll(o) snevring (app 321) midt på. Som forledd i gardsnamn finst det fleire stader, og på Agder er det Kollstad gnr 107 i Lindesnes og bnr 65,38 Kolstad i Åmli.
Koveland |»kǡvelann| Herefoss gnr 3 >Froland 100 er skr Kouland 1601,1612, Kobelandt ca 1626, Koffueland 1668, Kaaveland 1723. Er eit forgreina renneforma dalføre med lita tjønn på eine sida og ei lengre tørrlagd på hi sida. Rygh: «Maaske af kofi m, Kammer; vel her overført paa Situationen: «indestængt, af Fjeld eller Vand indsnevret Jord». Formelt ser det jo ut til å vere så, med unna-tak for skriveforma Kobeland, jf også kove m II (NO 6: 990), men landskapet er i dette tilfellet ikkje ulikt Kåbuland |»kåbulann| Iveland gnr 51 >Lyngdal, skr. Kaabuland 1668 og 1723.51. Ein bekk gjennom garden vestfrå har erodert det vesle som no er innmark. – Større er likskapen mellom Koveland i Froland og myra Kåbuland under Iveland gnr 31, med klaveforma, smale myrar på begge sider av Troåsen. Tydeleg nok fanst det ein landskapsterm ss *gåhpo’laante laga til gåhpodh = ss gohpedh v «hule ut» (i andre samanhengar ss goeveldidh).
Formvekslinga b – f/v – p er påfallande, men er velkjend, jf gǫppe, gen. gǫbe el. gǫve «hulning, fordypning, søkk, rundaktig dalsenkning, hola», i sørlege former gǫhpē, kǫhpē o.l. sagt om både «hulning .. tæret op av en bekk» og «en holla på land, som stiger op fra en innsjø» (app. 324).
Koveland |»kåvelann| Austad 24 >Lyngdal vart skr både Kalue– og Koue-lannd 1557, Kalffue- 1561, Koffue- 1594, 1600, 1612 og 1619 og Koffue- 1668. Rygh: «*Kalfaland; af Dyrenavnet kalfr, Kalv. Jfr. Konsmo GN. 8, som godt kan være samme Navn». Garden ligg på ei hylle mellom ei ‘havnær’ åsrad på sørsida men med høgt fjell i bakkant mot nord, eigentleg eit stort myrplatå med tjønn. Myra var neppe lett å passere all tid, mest truleg er forleddet gaaloe = gaalove «vad, vadestad».
Koveland |»kǡvelann| Konsmo gnr 8, Lyngdal gnr 408 er skr Koffueland 1668, Kaaveland 1723. Ligg i eit søkk (no. kove el. s gove?) på vestsida av Kalvåsen, som er ein kobbo (app. 315). Mellom garden og åsen er òg ein eroderande bekk som osar i Koltjørn, som har Kåvelandsmyra på sørsida og Kalvåsmyra i nord: Der er det teikn til ein gaalove. Samanhengen namneformene imellom er uklar.
Krakstad gnr 34 Østre Moland > Arendal. Forleddet er helst ss krahtjoe «trong stad, trengsel, bergkløft»: Dette kan gjelde kløfta rett ovanfor garden, men meir truleg den tronge passasjen i Krakstadvatnet akkurat ved garden. Kraksøya gnr 4 Vestre Moland >Lillesand gnr 4 er for sin del full av passasjar. Eitt eldre sms ss namn *krahtj’sååle el.l. kan ved rang oppløysing ha gitt *krahtj’s-øy.
Krossbekk gnr 34 Åmli har som forledd gorsa, korsa «større kløft eller djup og trong ulendt dal med eller utan bekk» (app 332), merk her Krossbekken i Bykle og Froland. Krossli gnr 189 i Flekkefjord har også djup kløft, men er utan bekk, merk dertil Krosshei i Iveland. Fornorskinga Kross- er frå ei tid då det samiske ordet korsa var unaturleg for norsktalande som berre hadde kross i vokabularet.
Krømpe gnr 29 Eide >Grimstad 178: Det finst eit bratt parti like ved husa, men ‘dramatisk’ brattare er ei dalkrå like nordafor. Eit utgreiing knytt til eit namn frå Arjeplog er opplysande: krum’pa «en djup grop med branta sluttningar omkring, vanligen en tjärn i bottnen» (oslo 98). I dette tilfellet manglar tjernet.
Krågeland Fjotland gnr 11>Kvinesdal 180. Skr Krage-1668 og1723. Forleddet er ss krogke grop, søkk, (gryteaktig) senkning. Som i talrike andre tilfelle der vi innser at eit gardsnamn på –land kan stå i samisk kontekst, er det også her meir tale om ein landskapsterm *krogkelaante enn om eit primært bustadnamn.
Kumlevoll (Komle-, Konge-) Gyland gnr 93 >Flekkefjord gnr 194. Namnet har få avvik i eldre kjelder. Rygh viser til gno kuml n «Gravminde fra hedensk Tid», men meiner ordet kan ha hatt ei utvida tyding. Ein ting er kuml på stader i leia, men det er òg slik at det nær Kumlevoll finst bråbratte nutar, det har òg garden Kumle i Askvoll og sætra Kumle i Ullensvang, legg så til fjellet Kumleknuten i Strand og Kumleåsen i Vinje (Tel.): Ein kan jo få tankar om ns gomo «stup» og gomu– «svært bratt», men aller størst er likskapen med ss goebleme, gåebleme ‘hengefonn, snøskavl’. Merk at eit sisteledd –skavlen i namn på fjellformasjonar ikkje alltid føresetter opphoping av snø og is, poenget er med kvart fasongen. –Kontraksjonen ss goebleme->kombele->komle– i norsk uttale er som forventa.
Kvikshaug Fjære gnr 63 >Grimstad ligg ved Kvikshaughølen, ein sidelomme i Nidelva som renn kvervlande og stri forbi. Til grunn ligg eit ss ord med diftong som Lex. Lap. skriv qweik «fors, strömfall», normert ss goejhke «stryk». Kjend er Ustekveika, og overgang ei >æ har Kvæka i Vang, Hamar og Kveken i Luster, ei sæter ved Kinsedalselvi. Ein austlandsvariant er Væka el. Vèka. I Kvikshaug sitt tilfelle er likskapen stor med Kviksvann i Lillesand og Kvigstad-gardane på Østre Toten, i Sør-Fron og Skjerstad (no Bodø).
Kvinesdal har sjølvsagt samband med elvenamnet Kvina, også kalla Storåni. Ho er på sitt største (breiaste) mellom Klosterøyna og osen i Fedafjorden, og i same området er elvekanten bråbratt på sørsida medan der er brei strandflate på hi sida, før fjellsida endeleg løftar seg slakt oppover. Dette gir eit «ubalansert» inntrykk. Ein nærliggande tanke er at gno. Hvínir som namn på Fedafjorden er tilpassing av eit ord som svarar til ns čuidnut «v. stå skakt, stå i skakk stilling»; Det overtyder, ikkje minst av di åsen Kvina i Lyngdal (i skilet mot Farsund) er skakk på same måten. Kanskje bør ls čui’not ‘stå kraftigt framåtlutad’ (normert tjujnnot) også nemnast.
Kåbeholt |»kǡbehålt| under Vattland gnr 135 Lyngdal er ei grunn, slak senkning i lia el. fjellsida mot vassfaret Åtlandslona – Møska. Forleddet synest å svare til gåbe el. gåve, genitiv av gǫppe (normert ns gohpi, ls gåhpe) «sänka i marken», rundaktig lita senkning (app 324).
Kåda |»kǡda| Hiterø gnr 15 >Flekkefjord: skr i Kotum (påteikna vm Kottor), i Kootem 1444 (påteikna firi Kothom), Kodde 1594, 1600, 1612, 1619, Kahtte(!) ca 1626, Kodde 1668, 1723. Til grunn for alle formene, slår NG fast, ligg gno. kot n ‘kott, lite hus’, unemnelege er orda gåetie – goahte – goahti «gamme».
Kåde |»kåde| i Vanse er i dag Farsund gnr 28,14 og Vesthassel tett ved er 28,10. NG har berre Vesthassel som gnr 28: «Ifølge M. Ø. Ore kaldes denne Gaard af ældre folk altid kå`de». Uttalen er vel å merke ikkje notert |»kǡde|, men heller ikkje |»kådde|. – Dagens kartplassering av Vesthassel jamført med rekkeflg. av Nord-, Midt- og Øst-Hassel ikkje er så lett å forstå, ei heller «Østhasselstrand» side om side med Kådesanden rett nedom Vesthassel. Viktigare er at dette er eit lågtliggande, utgrunt strandområde: «strand» heiter på normert ss gaedtie, men frå Røros og Jemtland etc er også notert former som kāttiɛ, gāttie, dvs. med ein lang a som ved tidleg norsk overtaking av namna kan ha følgt med i overgangen til å etter ca 1150.
Kårikstad |»kåri-| Spind gnr 109 >Farsund gnr 234. Skr Kaare- 1594 og Korre- 1600, atter Kaare- 1612 og 1619, men Kaarig– 1668, ei form som temmeleg lik Kåringen gnr 28,5 i Lødingen, som kan heite både Goregak og Gurega (pl.) på samisk og som ein liksom Konsmo o.a. kan sette i samband med koar’gŋ-, her om far frå Spindsfjorden – Egelandsfjord og innetter heiane i retning Lyngdal.
l
Landsverk |»lannsværk| er gardsnamn både i Gjerstad, Iveland og Åmli, men er òg namn på ei tuft i Evje og Hornnes. For Landsverk gnr 84 Vanylven er uttalen spesiell: «Udt. lannsy´rᶄiᶇᶇ, Dat. -ᶄa. Lanndtzwig (!) 1603. Landtzuerck 1606. Landsvierche 1617. Landtzwerck 1666. Landsverche 1723. – *Landsverk n., formodentlig betydende: Arbeide, lagt paa Land, Jord … Navnet findes nogle Gange i Numedal og i Nedenes og overordentlig hyppig i Telemarken, men ellers kun her. I Jemteland har man det i Formen Landverk i Åre og i Alsen (Landuerke ..1443, i Landhwerkom ..1457)».
I Vanylven ser vi korleis namnet er oppfatta: Der har det tonem 1, som naturleg er ved ei sms på Lands-, dei andre stadene tonem 2; dette nemner ikkje Rygh. –Hans «formodentlig betydende» er ulogisk, for all nyrydding fordrar jo arbeid?
Det samiske terrengordet vierra (app 904), ss vïere «langstrekt ås» finst òg i ei avleidd form vierak (Arjeplog), ss vierëkë (Sorsele) «kuperad mark med långa backar» (oslo 246). Særleg den sørsamiske forma innbyr til ei norsk mistolking –verk. Forleddet lands- går på ss lanjes, lánjas «småskog» (ns látnjá, ss laenjie «ungbjørk», «fint bjørkeris»), et terleddet er –vierek oppfatta som -verk. Flt. av det før nemnte vierak er vierakah, fornorsking av det synest ha ført til Verkane som namn på bakkelandskap mange stader på Vestlandet.
Lausland gnr 19 Finsland >Lauvsland Kristiansand 519,5. Skr Løusland 1630, Løfsland 1668, Løvesland 1723. Rygh: «1ste Led er Adj. lauss, Betydningen maaske ‘ikke optaget, herreløst Land’; jfr. Udtrykke liggja lauss fyrir. Navnet vides ikkje kjendt andensteds». – I staden kan ein vektlegge at garden ligg høgt og fritt mot myrane i nord og aust og til ein viss grad òg er friskoren frå åsane i vest og sør. Løusland i 1630 lyder norsk, slik Rygh er inne på, men alternativet er ss luevsies, lievsies (attributivt) «laus», i tyding nokså lik den norske.
Lavstøl |»lăvstøl| gnr 73 Gyland >Flekkefjord 174,2 har i flg. Rygh som forledd plantenamnet lav (furu-, gran-). Ikkje utenkeleg, men lite sannsynleg: Stølen el. garden ligg nedi eit dalsøkk med god grasvekst, så forleddet med halvkort ă er vel så sannsynleg knytt til ss lavvedh v (= låvvedh, lovvedh) «gjennombløytes».
Leesland |»lēeslann| gnr 16 Iveland: skr Liøffuiß-,Løffuiß- 1595, Løffuis- 1601, Leiß- 1610, 1611, 1612, Lees- 1668, 1723. Dagens uttale jf med skriveformene er jo merkeleg, men Leesland er ein isolert utkantgard i skil mot Vennesla. Kan hende tilsvarar forleddet ns luovus, ls luovas, ss loeves «laus, fri, ubunden», frå Lycksele lappmark også i tyding «einsam» (oslo 122). Sml også ns luovos-várri «isolert fjell» og omtalen av Lausland.
Leipsland |»leips-| gnr 7 Finsland >Kristiansand 507: skr skiftesvis løffs-, leffs-, lebs- utetter 1600-talet, i 1723 Leijbs-. Rygh nemner mannsnamnet gno Leifr –men forleddet er heller ns lei’pe (läi’pe), normert ls liejbbe «older, or», avleidd form leipes, lieipes (oslo 115). Evt. alternativ kan vere ls lai’pa «överskjutande stenblock», for i nordkant av heimehusa er der eit bratt hammarfall, mot bruket Heivollen.
Leksbø |’lækksbø| gnr 288 Lyngdal er skr Lex- og Legs- på 1600-talet. Lite myr ved heimehusa, men talrike små blautmyrar i Leksbøskogane og på Leksbøheia, så ns leakši el. leakšá passar: både kjeldemyr, søkkemyr og myrhol (app 567).
Liknes og Jonsmyra Liknes 131-132 >Kvinesdal: Neset er tungeforma og stort, men pga. elveforgreiningar på hi sida oppstår det «ekstra -nes», jf lii’ke– «något som är til övers eller som man har vid sidan av något annat, reserv, påfyllnad» (app 515, lii’ge). Også liikas– (Arjeplog) og liks– (Lycksele, Åsele) har tydingar som «tätt invid» og dertil «ensam(t), för sig själv» (oslo 117).
Lindland og Lindeland er eit utbreidd gardsnamn på Agder, ja så mange at ein kan gå seg vill: Lindeland gnr 86 Nes >Flekkefjord og Lindeland gnr 25 Sirdal, så Lindland gnr 110 Farsund og dertil gnr 110 Vanse >Farsund, Lindland gnr 13 Kvinesdal, Lindland gnr 45 Holme>Lindesnes 127, Lindland gnr 148 Spangereid >Lindesnes 448, og Lindland gnr 100 Tvedestrand. Dertil er det Lindefjell |»linnefjædd| gnr 15 Fjotland >Kvinesdal og Lindhommen |»linnåmmen| gnr 14 >Kvinesdal 183.
Rygh er heile vegen sikker på at det er tale om trenamnet lind. Kan hende syner det seg til sist å vere rett, men påfallande er kor godt ss lïtnje «liten lem», «hylle i fjellsida» stemmer med landskapet på ei rekke av desse stadene. Det er i så fall som ofte elles tale om metatese (lydsnu) litn– el. lidn– > lint– el. lind– > linn-.
Log |lōg| gnr 14 Herred >Farsund 139 har stiltrennande bekkefar i myrane tett ved. Loga |»lōga| gnr 71 Nes >Flekkefjord ligg derimot attmed elveutvidingane Øvre, Midtre og Ytre Hølen. Lóken som namn på myr(søkk), pyttar, tjønner og hølar er vanleg i bygder med samisk influens i namnebruken, og frå Herjedalen er notert lók(ë)h flt «sumpmarker» (oslo 119).

Det er visst ikkje så utrygt å bu i Luntevika som namnet kan få folk til å tru. Kartverket.
Lunteviga 33,66 Lillesand: lunte– lyder ikkje samisk, heller ikkje sæternamnet Luntebu 107,2 Nord-Aurdal, men at ein knaus i Bømlo heiter Lunteren får ein til å tenke nytt: Han er både høg og bratt, særleg mot vest. Luntebu ligg på ein åskant som er stupbratt mot aust, og likeins er ein lang og bratt skrent det mest særmerkte for Lunteviga. Forleddet Lunte- er metatese nt < tn for stammeforma i ss lutnjedh v «heve, løfte».
Løddesøl |»løddesøl| Øyestad gnr 12 -14 >Arendal 412-414: Bnr 12 Løddesøl øvre skr Liødeßøll, Liødeßell 1593, Løddesøll 1601, Lødeßell 1610,1611,1630 osv. Løddesølmyrene er bnr 412,44; skriveformene for bnr 13-14 yter lite nytt. Froland har to naturnamn med same forledd, Løddesølmyra og Løddeshølheia bnr 30,2: Der er landskapet såleis at sel (om vassfar som flyt stilt) ikkje passar, derimot høl (hyl) om isolerte tjønner, og forleddet liødes– høver med ss lïedtes i tydinga lunken, lunka, t.d. lïedtes tjaetsie «solvarmt vatn». Førstekandidat til eit slikt namn er helst ein eller annan del av Løddesølmyrene slik dei eingong var, men alle sike frå Sandvad og Snipptjern til Nesevja må takast med i vurderinga.
m
Madland |»maddan| er gardsnamn tre stader på Agder: ‘Madland ytre’ gnr 177 i Lyngdal, og ‘Madland øvre’ gnr 221 i Lyngdal, pluss Madland gnr 28 i Åseral: Namnet på sistnemnte er skr Malland 1413, Madlanndt 1595, Maadeland 1601, Madelland 1612, Madeland 1668, Madland 1723. Formene for Lyngdal gnr 177 skil seg lite frå desse for gnr 221, skr Madt- 1591, 1600, 1612, og seinare Mad-.
Rygh går ut frå at Madland er målførerett for gno. matland, henta frå negative uttrykk som «illt matland», «lítit matland», men for han med positivt forteikn. Det kan ein ikkje avvise, men i vurderinga må ein også drage inn ss maadtege, nominativ eintal også maadth (i flt maadtegh) «nedste delen av noko, rot-ende (av vekstar, horn etc), foten av eit fjell, låg fjellovergang, fjell-pass, bergpass»; ss vaerie-maadtege er «fjellfoten» – og alle Madland-gardane ligg nettopp der. Særmerkt for Madland i Åseral er likevel at garden ligg eit godt stykke inne på eit breitt nes, det samsvarar med njar’ga-mādda el. –mātta i tyding «det inste av eit nes, nesrota» (app. 572).
Marstad |»mārsta| bnr 20,3 Flekkefjord er skr Merre- 1594, 1600, 1619, Mere-1612, Mære- 1626, Merre- 1668, Meere- 1723. Mellom dei formene og dagens uttale er spriket stort, men landskapet tyder på at det er det tale om marás, gen. marrasa (også marasta) lang og vidstrekt fjell- eller ås-høgd, med småskog og innslag av myrar og småvatn (app 581). Lett nok er å sjå at det er relevant også for Mæresland, Mersland gnr 9 Valle > Lindesnes 309, så vel som for Marstad i Seljord og i Selbu og for Marstadegga i Orkland.
Moskedalen (unemnd i NG) er eit bruk under gnr 6 Vennesla i Vennesla k. Det er eit avrunda dalsøkk med myr i botnen som tjønn har vore. Sannsynlegvis er uttalen |»måsske-|, i så fall eit døme på gamle samiske dialektskilnader, jf neste.
Møskedal |»møsske-| gnr 144 Lyngdal blir skr Mysckedall 1619, seinare med ø. Like opp og nordaust for garden ser ein ei ukjøm dalkrå, avgrensa av bråbratte hamrar, ein meskie (med Galtetjønn attom, merk ss gaaltije kjelde, oppkomme). Men innafor same gardsvaldet, berre litt lenger opp langs elva, er det ein annan og mektigare meskie. Elva har nok fått namn av denne: Møske- for meske- blir ikkje stor skilnad, jf at mësjke med lett runda uttale er tilvisingsform (oslo 128) for ls måsske alias moski i same tyding. Møskeland |»møsskelann| gnr 164 ligg lenger ned ved elva, og der har ho gitt namn til garden. – Elles er ns moski især brukt om skrånande, ukjøme bukter ved elv og vatn, det høver på ein prikk for Møskevik i Elingårskilen i Fredrikstad.
Muserå |»mūserå| bnr 52,3 Froland ligg under Museråfjellet, ein veldig lang og smal og jambrei åskant der skogen ikkje får nok feste, slik at berget skin lysbert igjennom. Sisteledd som i gardsnamnet Gauperå, s.d., men Muse– går på form: sml mutsa, måttso adv og mutses, måttsos adj, om den kortaste vegen (Lex Lap) = moccos (Friis), ls måzo «direkt, en genväg, tvärs över». Det har òg interesse i den samanheng at elva Musa på Dovre renn veldig beint over ei lang strekning.
Mushom bnr 33,2 Vennesla er eit utolka namn, vel også Mushomvika i Åseral, men på sistnemnde stad er det fullt av tjønner med misfarga mørk masse ikring, helst dss ss muuse (alias moasoe) «jäslera, svämlera, kvicklera» (Mankok). Ein kan stusse meir på kva substansen er på Musemyr i Hægebostad og i Musetjønn i Valle, tvilen er mindre ved Musemyra i Jevnaker og Musetjennet i Stange.
Mørkesdalen gnr 54 Søndre Undal 54 >Lindesnes 354 (skr Mørchedall 1668, Mørckes- 1723). Rygh tenker seg lydleg overgang frå gno. Merki, utan konkret forklaring, heller ikkje for Mørkestøl nr 66,10 Hægeland >Vennesla 87,2, som konsekvent går for Merche- (og Mærche-) frå 1601: Det kunne jo komme av at den stølen ligg ved merket (skilet) mot Kristiansand i vest, sml Merkedalen der. Mørkeli under gnr 19 Landekil i Iveland var vel ikkje buplass, men for alle tre stadene er det lett å oppdage råker og stigar som vitnar om ferdsel. Rygh kjem veldig tett på det i sitt resonnement om merki, men utanfor hans synsfelt låg ss muerhkie (ls muorkke), nytta ikkje berre om «eid» mellom vatn og fjordar, men også om farvegar langsmed tjønner og vatn og myrar etc., slik som her.
n
Narvika |»narrvīk| bnr 45,12 Risør er akkurat same namn som Ankenes gnr 41 >Narvik by, men der nord herma utanbys folk lenge ein lokal uttale |»nȧrvīk| òg. Narvik i Risør ligg ved den grunne Narvikbukta, skjerma av ein langt nes, same funksjon har Framnes i Narvik by. Småbåthamna Narviga i Kristiansand er litt meir skjerma; der òg stikk ein kvass odde ut – plent som på halvøya Narholmen i Porsgrunn i Telemark. Forleddet Nar- tilsvarar ns njárga «nes, odde; halvøy», ls njárgga og ss njaarke (om halvøy).
Narvestad gnr 170 Fjotland >Kvinesdal 170 har nokså avgrensa innmark, med mykje stein i overgangen til fjellsida bak. Her er det all grunn til å minne om ns
njárbes «tynn, glissen, grissen» (om skog og grasvekst etc.), ls njárbbe, njárbes etc, ss njaerpies. – Austlandet har fem gardar med same namnet, og iallfall i ein del tilfelle snest det vere tale om same tilstand.
Natveit |»nātveid| gnr 41 Birkenes skr både Natetvuedt og Nattetuedt 1593 og så 4 ggr. Natte- t.o.m 1670, men vokalen har likevel neppe kort noka tid. Elva (stryka) i brattlendet nedanfor Natveitvannet stilnar i Vrangefosslona: På vegen passerer dei ei still elveutviding kalla Save-kjerr, med forledd som tilsvarar ns savu o.l. om slike stillelvparti, ein term kjend i ovmange variantar (app. 761). –
Natveit gnr 20 Modum i Buskerud ligg der Tyrifjorden smalnar ved Vikersund før avrennet til Bergsjøen. – Ordet for «lite stryk» er ns njavvi, ls njavve, i ss no berre indirekte kjent via njavvagidh v (Hasselbrink: njävvaagidh v) «bli tatt av straumen», medan straum i elv og bekk heiter njuvvie. At Na- i Natveit primært har med straum å gjere er det liten grunn til å tvile på.
Nekkland |»nekkland| gnr 74 Liknes >Kvinesdal. Skr Nøkk- 1668, Nech- 1723.
Garden ligg i foten av eit fjellframspring som går over i ei smalare landbru som bolkar av Saurtjønn frå det større Nekklandsvatnet. Dette minner om ns njáika el. njáiku «framspring, snipp, stump», og der er fleire andre utstikk på austsida av vatnet. Men dalsøkket Nekklandskvæven – Kvednhushommen – Saurtjønn er samtidig på ein måte omslutta av smale fjellarmar som «tar garden i famn», og sett på fråstand fell kanskje desse framspringa aller mest i auga.
Nenningsland |»nænneklann| gnr 70 Lyngdal. Skr Nening– 1594 og 1600, etter det alltid Nenning-, så skrivemåten Nennings– saknar heimel. – Garden ligg like nordom gnr 71 Helleråsen, og samanlagt har dei eit gardsvald frå Bordalskniben og austetter langs Helleråsvatnet med hamrar og knausar tett i tett. Nenningland kan då godt vere eit opphavleg områdenamn, avleidd frå ss njuenie «nase, mule, muleparti; nebb; snute», også «fjellframspring, fjellnase», men uttalen nænnek– samsvarar formelt med njuenehke «dei fremste reinane i flokken, fremste del av hjorden»: Ingen ting er i vegen for at ordet kan ha ha hatt topografisk tyding òg. Alternativet er njuanetje (Hasselbrink: njuänedje) «liten nase», eigentleg spiss på ein pulk. – Nenningsland |»nænneklann| («Store Nenningsland») gnr 220 i Lyngdal er skr Nening– 1594, seinare Nenningland. Det er ein gard på ein annan kant av Lyngdal. Husa ligg både attmed, på og mellom hamrar og knausar, slik sett er det liten tvil om korleis terrenget er på eit *nenningland.
Nistesvåg |»nistesvå| [«også ni`ste, ne`ste, ne`st-»] Søndeled gnr 27 >Risør. Skr Nistings- Nestingsuogh 1593, Gnistis- 1601, 1611, Geistens-, Nistis-, Nestes-, i 1723 Næstiswaag. Er ingen våg, berre ei grunn og elveliknande renne innover i berggrunnen. 1593-formene og nyare kortformer minner om ss njïetsege (nom. sg. også njïetsh) «buksebein» etc, men det lyder søkt. Formene med framlyd G- og især Geistens– viser heller at her har skjedd forvansking av ss giedsies ‘smal, trong’. Så sant som det kan få blitt, men ordet legg seg tvertfor på norsk tunge.
Njerve |»jærve| Spangereid gnr 151 >Lindesnes 451. Skr Nervig 1594 og 1612, Nerwiig 1619, Nerwig 1668, Nierve 1723. Rygh påpeikar at ein kan samanlikne med Norva- = Njorvasund = Nørvasund som gno. namn på Gibraltar, og likeins med øynamnet Nørve og Nørvasundet i Borgund (gno. Nyrvi, Nyrfi), avleidd av «*njǫrr, Sideform af *nǫrr, et i Oldnorsk tabt Adj., som har havt Betydningen ‘smal, trang’»; han nemner sjølvsagt ikkje samisk nuorri «sund». Slik Rygh ser det. må Njerve ha vore anna namn på faret over Spangereid, men Njerve ligg attmed. Då heller ss njeeruve «grasbewachsene Tiefebene, natürliche Wiese», «tørrlendt og gressbevokst, noe hellende voll eller lysning i bjørkeskog (ligger i alm. ved en elv, oversvømmes i flomtiden» (Bergsland). Njerve ligg ved sjøen, er eit låglendt og utgrunt område.

Nistesvåg, Nestingsvåg, Næstisvåg, Gnistisvåg, Geistensvåg …
Njåland på gnr 24 i Sirdal er ikkje eigen gard men ei brei li, bratt i øvste delen, men slakare etter kvart, i beste samsvar med ss praare-njoeje «bratt skråning». Gardsnamn med same opphav er Njå gnr 24 Time (Rog.), Njåstad 22,9 Osterøy og Njåtveit gnr 305 Voss.
Nodeland |»nǡdelann| er gardsnamn to ulike stader: Halså og Hartmark gnr 78 >Lindesnes – og gnr 110-111Søgne >610 Kristiansand. Gnr 78 går for Nøde- i 1630 og 1668, seinare Node-. Gnr 610 er skr Nøde- først på 1600-talet, Nødde- 1630 og seinare Node-. Forleddet er ss njååjte «langslut bakke eller skråning», «leiser, kurzer Abhang», skr njååjde, njoojde, njåjtå, njåjta òg (app 641). Plent same terrenget har Nådedalen på Finnøy i Stavanger og i Nådestø i Lund k.
Nome og då framfor alt Nomeland er eit overraskande vanleg namn, på Agder:
Nome el. uttalerett Nåme gnr 80 Øyslebø >680 Lindesnes ligg ved utfallsosen
frå Nomevatnet til Mandalsåni. Lenger sør enn Nomevatn ligg gnr 56 Nomedal >138 Lindesnes, det er sekundærnamn. – Nome i Kristiansand er dalen mellom Donevannet og Bersvannet som «leverer» til Søgnelva; dalen utvidar seg nedst.
Nomeland |»nōmelann| gnr 47 Valle ligg øvst i ei utviding av Otra tett nedanfor Prestefossen. Nomeland |»nōmelann|gnr 64 Valle ligg ved eit oppgrynt elvefar innafor halvøya Neset, som eingong – fullstendig eller nesten – var ei øy midt i ei stor utviding av elva. Nomeland el. utalerett Nåmeland gnr 78 Hægeland>99 Vennesla ligg der elva Otra (no oppdemt) fell ut i Breiungen – Røyknesfjorden.
Nome og dermed òg uttalevarianten Nåme blir tradisjonelt fortolka som namne-lagingar utgått frå eit teoretisk *numi «Beholder, poseformet Udvidelse» (Hans Ross), men ein kan berre ikkje ignorere ns njálbmi «munning, opning; parti av elv el. fjord nær munningen», eitt mindre njåålme– i ss njåålmedahke, njåålmedh «elveos, bekkeos; starten på ein dal», òg med bortfall av l i lydsambandet lm, eit kjent målføremerke på Agder, og med samisk framlyd nj– forenkla til n-. Totalt får ei ei utvikling njå(l)me– > nåme– > nome– av di –m– fører til trongare uttale av å, sml. her diskusjonen om fjell- og øynamnet Hestmåna > Hestmona i Nordland.
Det samiske ordet (app. 622) for elvemunning er å finne i fleire variantar i nord: njálmut (Ofoten), johko-njalmo, gen. –njɛlbmuha, eller –njalbmug, gen. –uha (Arjeplog). Interessant er å samanlikne forma njalbmug med ei opplysning om Nomelands kyrkje: «Den var Sognekirke, og Sognet indbefattede den vest for Elven liggende Del af Valle Sogn». Ho er nemnt fleire ggr. i Dipl. Norv. i 1400-åra, ein stad som ecclesia de Nomuglant» (NG 8: 226).
Normannvik |»nærmannvīka| gnr 21 Dybvåg >86,12 Tvedestrand: Nordmanduigen 1611, Normanduigen 1630 og Nordmandwiigen 1670. Rygh: «Den stærkt afvigende Vokal i Daglignavnets 1ste Stavelse synes at vise, at den almindelige Skriftform er urigtig». Han gjettar på gno. *Knarramannavík, men topografiske tilhøve skaper tvil: Vika mellom Seltangen i vest og Bogenes i aust er brei, men så utgrunn at der knapt er brukande hamn i det heile, og *knarramannavík istf. *knarravík blir òg påfallande. På Bogenes er ein høg hump, bratt mot det smale eidet innafor, det minner granngiveleg om ns buoðga «lyske» – her er det òg eit merkverdig samsvar med sørleg ss njaareme «lyske, svange, røyr» (mellom lår og underliv) og gno. nári. Nesformasjonane kring bnr 163,26 Nordmannsviga i Grimstad har også nøgda av forsnevringar. Heller ikkje norske stadnamn med forledd på Nåre- og Svange er sjeldne; viktigare når det gjeld namnet frå Tvedestrand er at sørsamisk aa ikkje så sjeldan har uttale ææ, og når det gjeld framlyd nj > n el. j må seiast at ein knaus i Aukra går for både Njæranburet og Jærmannburet. Gno. mann attraherer ei mengd uforståelege samiske ord- og namneledd frå samisk: Den store «sekken» med Fjellmann-namn er eitt døme, frå Hadsel i Nordland kan nemnast at luoddanam (actioform av ns luoddanit «klivne») blir omlagt til Luttmann-, det er berre eitt døme.
Nuland |’nūlann| Gyland gnr 78 >Flekkefjord 179 og Nuland |»nūlann gnr 101 Nes >Flekkefjord er, som Rygh seier, «formodentlig trods den forskjellige Betoning samme Navn». Eldre skriveformer viser liten skilnad. Her har Rygh i strid med eigen sedvane ikkje noko forslag til elvenamn, som er litt ironisk ettersom ss njuvvie tyder «straum» (i elv, bekk). I Gyland sitt tilfelle fell ein stor bekk ut i nordenden av Nulandsvatnet frå aust, i Nes kjem elva frå Skogevatnet og fell frå søraust ut i innsjøen Sellura (ss –ure = jaevrie ‘sjø, vatn’).
Nærestad |»nǣresta| gnr 32 Vegårshei er skr Nerrestadt 1595, Neerestad 1601, Neerustad 1610, Nerristad 1611, Nederstad 1612, Nærestad 1668, 1723. Rygh:
«..dette Navn findes ogsaa i andre Dele af Landet, f. Ex. Nærstorp i Rakkestad, Neringsrud i Eidsberg, Nærstad i Norderhov og Nærsnes i Røken». Innafor den lista kan vi fokusere på forma Neerustad år 1610, den nest eldste, der forleddet klart minner om ss njeeruve, jf omtalen av Njerve nettopp. Ortofoto av gardane Næringsrud i Eidsberg IØ, Nærstad i Norderhov på Ringerike og Næristorp i Rakkestad gjer det klart at definisjonen av njeeruve høver, likeins for Nærestad på Vegårshei, endå den garden og Nærsnes i Asker har mindre samanhengande gardsvald. Sistnemnde gard har elles utgrunne område, som Njerve i Lindesnes. – At framlyd J- har vunne fram i Njerve, men framlyd N- i desse andre namna, det er ein inkonsekvens akkurat som når samiske namn på njuon- og njunes o.l. om fjellnasar skiftesvis både blir til Non(s)- og Jons- i norsk uttale.
Næve– som namneforledd har fleire Agder-gardar, men vi startar i ‘utkant’ med
Nævedal |»nǣvedal| gnr 71 Gulen (Sogn og Fj.), utetter 1500-talet skr i Næfur-dolum, Neffue-dall, Neffune-dall, frå 1567 til 1667 Neffue-dall 5 gonger. Den garden er på ein måte innramma av bekkar på begge sider. – Nævdal |»nævdal| Myking gnr 35 >Alver (Hord) er skr Neffuedall 1611, 1620 og 1667, Nefvedal 1723. Gjennom den garden renn ein heller stor bekk. No er det så Agder sin tur:
Nævdalen er gnr 38,6 i Åseral, og ned der renn Nævdalsåni, som har kjeldene langt nordi heiane, Næverdalsheia o.a. Namnefugen i desse namna er Næve– og det avkorta Næv-, men det gjeld ikkje for heile denne namnegruppen:
Nævesdal, Nævisdal (øvre) gnr 5 Øyestad >Arendal 405, skr Øvre Neffuißdall 1593, Neffuisdal 1601, 1610, Øvre Neffuisdahl 1670, Øvre Nævisdal 1723. Då
må også nemnast offisielt Nævisdal (nedre, ytre) med daglegnamn Nævestad »nǣvesta|, gnr 1 Øyestad >Arendal 401, skr [Næ]fisdal 1320, Neffuißdall 1593, Neffuisdall 1611, 1626,Ytre Neffuisdahl 1670, Ytre Nævisdal 1723. Merkeleg nok ser det ut til at elva som renn gjennom desse gardane ikkje har noko namn.
Nævestad |»nævestad|| gnr 63 Holt >Tvedestrand er skr Neffuestad 1601, 1610, 1611 og 1670, men Nævistal 1723. Liksom i ein del andre tilfelle har garden ei slags avgrensing eller det ein kan kalle «innramming» av mindre bekkefar. Det gjeld òg Nevestveit gnr 85, 2 Tokke (Tel.), men Nevesjordet |»néves-|, |»nĕvis-| gnr 61 Bygland ligg i lia ovanfor Nevesfossen i Søråni.
Utgangsforma Næve- i første parti av namneflokken tilsvarar tydeleg ns njavvi «mindre stryk», ls njavve «stråka, ström, vattnet strömmar fort men forsar inte» (Korhonen). Her stikk ss njuvvie «straum (i elv og bekk)» seg noko ut, men ei eldre form er niauwe «dragström, spak ström», deminutiv niawats (Lex. Lap.): Les *njævets – og jf her formene frå Bygland etc. Ein kan òg jf ss njuvvie med var. njiwwiɛ (Vefsn), njivvie (Sorsele), sks njevv(e), og i ein slik samanheng er det udristig å føye til det «bekkerike» Nyvefjellet i Kvam (Hord.).
Forleddforma Næver-, Never- skil seg også ut. Nævertjønn i Evje og Hornnes synest vere hovudkjelde for Nævertjønnbekken, og det finst påfallande mange Nevertjern og –tjønner og dertil Neverbekkar på landsbasis. Meir moderat er talet på Neverelvar og Nevervatn, men merk i alle tilfelle at –ere er utbreidd ss redusert form av –jaevrie «vatn, tjønn», til dels også av –vaerie «fjell».
Nånes |»nånes| også |’nǡnes| gnr 50 Bygland er skr Naanes 1559, Naannes 1595, Nannes 1601, Naanes 1610 og 1668, Naanæs 1723. Neset som garden har namn av er kalla Nånesodden, men Nåneset heiter oddar i Tysvær og i Sunnfjord òg. Sams er at dei er utstikk frå eit høgare fjellparti. Det treng likevel ikkje vere tale om –nes, like snart er det ei norsk tilpassing av ss njuones alias njunjás, njónnás «längre, smalare utlöpare från ett fjäll eller berg» (oslo 140-141).
o
Ofta |»åfta| gnr 34 Herred >Farsund Åfta blir skr med –pt– før 1600, seinare –ft-.
Åfta med Åftøya har ein framskoten posisjon mot Åfte-bukta og -fjorden, Åfte-fossen, Ofteheia og Oftelia er sekundærnamn.
Oftedal Bakke gnr 44 > Sirdal 53 er skr –pt– t.o.m. 1619, –ft– etter det. Garden ligg fremst mot vatnet, i sitt dalføre. – Oftedal, Optedal Lyngdal 203,15 ligg òg fremst i sin ‘eigen’ dal, nærmare botnen ligg Nedre Eikeland.
Oftenes ‘lille’ Lyngdal 214,3 Lyngdal er skr –pt– t.o.m. 1619, –ft– seinare. Neset det eigentleg er tale om, stikk fram mot Holman i Ho[l]msvatnet. Store Oftenes gnr 215 har ein langt mindre odde, så her er det garden som er større. – Oftenes Søgne 31 >Kristiansand 431 skyt seg fram mot den opne Torvefjorden. Oppofta Feda gnr 37>Kvinesdal er skr med –pt– 1594, seinare –ft-. Garden ligg i øverenden av det lange Oppoftsvannet, opplendt jf med Åfta i Farsund lenger ut. Forleddet eller utmerkinga i alle desse gardsnamna er ss åvte– «fram-, fram-del, frampart», jf ns ovda– og ls åvddå– i same tyding.
Oland |’olann| gnr 24 Gjevedal >Åmli er skr Onnelanndt 1595, Oindland 1601, Oelland 1611, Wnnelland 1612, Onneland 1668, Oenland 1723. Skriveformene frå 1595, 1612 og 1668 peikar eintydig mot ss onne ‘liten’, altså *Onnelaante = gno *lítlaland. Rygh nemner òg Oland |»olann| gnr 45 Froland der skrivemåten er mindre grei: Oellanndt 1595, Orland 1601, Oendeland 1610, Oennland 1612, Oelland 1611, Ouland 1668 og Oeland 1723, men der 1595-forma + dei 3 siste vel tyder på ei opphavlegare form *ole-, *olle-. Garden ligg i foten av ei høgd, og iallfall for bnr 2 Negard gir ss vuelielaante «lågland» god meining.
Olimstad |»ołemsta| gnr 38 Vegårshei, skr Olim- 1723, Ollim- 1668, Oim- 1611 (bortfall av l i –lm-?) Garden ligg framved Olimstadkilen. Innmarka på garden er delt i to, og den vestre delen er lang og jambrei med eit beint bekkefar midt i, så her ligg det føre ei sml med ss olleme (= olle) «fòr, fure» midt på undersida av ei ski. Ordet kan elles og så gjelde utsparingar (fals, not) i treverk elles, og Olemannsøyna i Gulen må ha fått sitt namn pga. liknande ‘betraktninger’, for der har naturens eigen randhøvel vore i arbeid.
Omestad |»ǡmesta| Iveland gnr 18 er skr Oenn-, Oim- 1595, Oim- 1601, 1610, Øim- 1611, Oenn- 1626, Oum- 1668, Ojum- 1723, noko sprikande som ein ser. «De ældre Skriftformer har tilsyneladende for en Del været under en uberettiget Paavirkning af de samtidige Skriftformer for Gaardene Oland, Aamli GN. 24 og Froland GN. 45». Enklaste tolking av forleddet Åme– (uttalerett) er at det svarar til ns obmu «gjørmehol, dike», og innmarka har spor etter små myrar har vore.
Omre |»omre| gnr 27 Eide >Grimstad er skr Vmbre 1593, Ombre 1601, 1610 og 1611, 1670, mot Ømbre 1668, Ombre 1723. Rygh: «Navnet Omre forekommer ikke ellers, og heller ikke kjender jeg beslægtede Navne. Efter Helland II S. 369 gaar der en Bæk fra to Tjern i Omres Skov, som tilsidst falder ud i Engekilen».
Teoretisk kunne Omre vere uttaleredusert form av gno. *umbrigð, men konkret seier det null. Forma Ømbre røper heller norrønt v-bortfall pluss kontraksjon av ss vuemie-raedtie, området frå der skoglia (boelte) byrjar og ned til eit vassdrag.
Ormestad o.fl. gards- og bustad namn på Orm(e)- kan ein sannsynlegvis dele i tre grupper. Den eine svarar ganske enkelt til ss årrome-sijjie (med fl. variantar) «bustad, buplass». Kan også hende at dette opptrer i avkorta form årrom’s– som forledd i nye sms., men sikkert er det ikkje. I somme tilfelle høyrest Orme- i ei uttaleform Ørme-, og her kan nemnast Ormestad i Søgne gnr 34 >Kristiansand 434, på line med Ormestad i Sandefjord gnr 114 og Ormestad i Vestre Slidre gnr 38: Då er Ørme- fornorsking av ss vyjreme (vyjrhaemie o.l) «skred; stad der der det har gått ras». Truleg kan også Vormvik gnr 51 i Vegårshei reknast med?
Den tredje Orme-gruppa er nok tilfeldige fornorskingar av ss voarmoe, vorrmoe «vattenområde, tillopp» [Mankok, Wiinka: 28]. Døme på stadnamn med halden ss form er bakken Vormebrokka i Vennesla ned frå Vormebrokkstjønn, som er kjelda til ein bekk som renn motsett veg og kryssar grensa til Lindesnes. Vidare stader som Vormelien Åseral bnr 39,5, som utgjer ein god del av nedslagsfeltet til elva frå Handelandsvatnet, og Vormlia og Vormvika på gnr 39 i Drangedal tilsvarande. Overgang til fornorska form Orm- i same kategori viser elva Orma i Ringebu med sitt forgreina nedslagsfelt, akkurat slik som på Ormestad i Våle gnr 43 >Tønsberg 343. Ormehomman i Hægebostad og Ormehommen eit par stader i Åseral er naturnamn som truleg høyrer til same kategori.
Orta |»ōrta| trad. Orte gnr 98 >201 Hægebostad er skr Orte 1619, 1668, Oerte 1723. På sørvestsida garden tøyer seg ein lang bergrygg der knausane har eigne namn, men den som er høgast og lengst unna heiter Ørteknappknuten, jf urtie, urt (Arjeplog, Pite lappmark, Kola) «fjell- eller landrygg» (app. 868).
Ovedal |»ǡvedal| gnr 51 Bakke >Sirdal 60 er skr Offuedall 1619, Ofuedal 1668, Aavedal 1723. Garden ligg i ei dalkrå der bekkar møtest og fell ut i Ovedalsåna, også kalla Føråna, som kjem frå Nedre Førvatn og renn ut i Ovedalsvatn sørom garden Ovedal og blir ei av kjeldene til Øksendalsåna lenger ut. Forleddet åve– svarar vel til ls oajvve og ns oaivi «hovud» (om starten på vassdraget), men kan her like snart gå på det ruvande 744 m høge Stakkhomfjellet rett over garden.
r
Ramlet |»ramłett| Holt gnr 60>Tvedestrand: Ramledt,-lidt,-liødt 1593, Ramblidt 1601,1610,1611, Ramliidt 1626, Ramblied 1670, Rambledt 1723. Rygh held eit sisteledd –leite for å vere mest truleg, men finn sml med Ormelet gnr 53 Tjømø >Færder 259 problematisk. Det er der neppe grunn til, då leite-formasjonen der er tydeleg. Forleddet i det tilfellet er nok ss årrome– (sjå Ormestad), og forledd i Ramlet sitt tilfelle er ss raame «lite flog (på 1-2 m), skråning»: Også i Orkland (Trl.) finn ein to stader naturformasjonar kalla Ramlet.
Rams– er eit gjengs forledd i gardsnamn på Agder, så som Ramsdalen i Risør, Ramsjord i Lyngdal, Ramsland i Kristiansand og Lindesnes, Ramsli i Froland, Flekkefjord og Birkenes (attåt naturnamnet Ramselia fl. st.). Ryghs standard- forklaring er plantenamnet rams = «Skovløg» rettare sagt liljekonvall, men det lyder veldig usannsynleg når ein kjem til Ramsen som namn på ein skogteig i Lindesnes (og ein knaus i Tysnes). Forleddet tilsvarar truleg ns rámšú (variant rámškú) om veldig ujamt terreng, med humpar og groper (nordno. holebunkar, holebunkut lende).
Rappestad Eide 28 >Grimstad gnr 177 høyrer til ei gruppe gardsnamn som til vanleg skrivst Roppestad, nemleg Nøtterøy gnr 42 >Færder, Hedrum gnr 105 > Larvik gnr 2105, og Borge 95-96 >Fredrikstad gnr 695-696. – Rapstad gnr 61 Eigersund og Rappstadneset bnr 13,239 Eigersund tilhøyrer same kategori, og historiske skriveformer av desse gardsnamna vimsar med Rapp- kontra Ropp-; sjølve namnetolkingane sprikar òg. Sams for alle gardane er svært uslett lende. Formvariasjonen ropp-, roppa-, roppe– attåt rappe– er det enklast å forstå via ss ruobba (Hattfjelldal) dss roabba (Vefsn) «ujamt landskap med bergknausar og dalar», normert ss råabpe, råape «rygg eller knaus i ujamt landskap; stygt land med berg og dalar». Det stemmer heile vegen. Rappstadneset i Eigersund er rett nok heller flatt, men det frontar eit åsområde som slett ikkje er det. Forleddet i namnet Rappestad kunne isolert sett også tilsvare ns ráhpis adj «ulendt».
Raumsland |»raumtlann|, |»røumt-?| indre og ytre gnr 184 og 185 i Lyngdal har begge åer med avrenn vestover til Åveslandsvannet. Er skr Rams- 1594, Ramß- 1612, 1619, Rams- 1668, 1723. Rygh: «De anførte ældre Former maa være feilagtige og bero paa Forvexling med det paa fl. St. forekommende Ramsland». Så er nok tilfelle, og på kartet står framleis Ramslandstjønna (på indre Raumsland). Norske stadnamn viser at også små vassfar kan bli kalla straum, og låneformer av ordet med halden m er ss straimie, sträjmie, strouma o.fl. Finsk låneform av straumr er rauma, samisk må nok òg ha hatt forma (jf kommunenamnet Rauma og historiske namn som Raumarike og Raumelv (NoStadnamnl.)
Regevig |»rǣgevīg| i Flekkefjord 126,4 har eit par tronge skard. I Regevik i Nes gnr 75 >Flekkefjord gnr 75 ser ein djupe hogg ned i fjellet nordom garden, og i Regevik Tonstad gnr 37 >Sirdal 37,12 går det eit trongt skard inn til garden frå «Rekeviks-vika» i elva Sira; der går Sirdalsvegen igjennom no. Forleddet Rege- i dei tre namna vart før skrive Ræge– uttalerett, og det tilsvarar ss raejkie «hol» (gjennom noko), ns ráigi «hol, opning» og «dalføre». Reiskard |»reiskār| Spind gnr 101 >Farsund 226,3 høyrer nok også til her, sjølv om skriveform Røischaar 1668 og Røyschaar 1723 etterlet tvil. Jf Reisvåg.
Reinsfjell i Dybvåg gnr 24 >Tvedestrand 87 ligg på ei nesten-øy mellom fleire vatn, og store utmarkområde synest høyre til. Reinsfjellet som naturnamn finst fleire stader i sør, nordafjells er Reinfjellet det vanlege. Kor som er, går namna på reinhald og reindrift, det spesielle i dette tilfellet er at namnet er matrikulert. Reinstøyl er sæternamn i Hjelmeland og Nissedal og er dessutan oppført blant «forsvundne Navne» i NG i skriveform «Redenstøl» 1611, i dag kartfesta som bruksnamn Renstøl gnr 3.27> 3,123 nær Sundebru i Gjerstad: Uttalen rèn– eller ræn– speglar kan hende gl. samisk uttale, jf ss reajnodh v. «gjete rein».
Reisvoll |»reisvåll| Vanse gnr 75 >Farsund er skr Reidhas- 1299, i 1306 Reidars- og Reidhars-, det siste kjem att 1316 (liksom i avskrifter frå 1400-åra), men òg redusert til Redhis- 1427 og avkorta til Reis- 1668. Dei eldste formene tyder på at forleddet går på ss ræjda «gran-, furu- og bjørkeli» eller ganske enkelt «gran-skog» som del av eit sms *rædj’aesie (ss aesie ‘skogkledd ås’), sml Reiåsdalen gnr. 17 i Åseral. Det skulle innebere at Reiersdal gnr 33 Øvrebø >Vennesla 54 og Reiersdalen gnr 1 Drangedal kan gå tilbake på tidlege namneformer ganske like dei eldste ein kjenner i Reisvoll sitt tilfelle.
Reisvåg |»reisvåg| Spind gnr 81 >Farsund 206,2 blir skr Reis-, Reiß-, Reys- frå 1500-talet av. Gardsvaldet har ei rad lange bergryggar mellom tronge skard, og liksom i tilfellet Reiskard kunne forleddet tilsvare ls ráigagis (attributivt adj) ‘som har hol’ med haplologisk bortfall av ei staving, til ráigis > reis-, men dette gir dei overleverte skriveformene inga dekning for. Namna Reiskard og Reisvåg kan då også like snart ha same forklaring som namnet Reisvoll.
Reppen |’ræppen| Nes gnr 89 >Flekkefjord ligg på vestersida av den brattkanta Låvedalen. Repstad |»reppsta| Søgne 67 >Kristiansand 467 ligg ved ei elv: Tett austafor ligg ein avgrensa liten dal. Ribe |»rĭbe?| gnr 45 Fjære >Grimstad er skr Ribpe 1593, Ribbe 1601, 1611 og 1670, men òg Ribe 1610 og Riibe 1723: Der òg finst ei klart avgrensa dalkrå like austom garden. – Ribe |»rĭbe?| Høyvåg gnr 30 >Lillesand gnr 77 er skr Ribpe 1593, Ribbe 1601, 1611 og 1670, mot Riibe 1610 og 1668, Ribe 1630 og 1723: Ligg ved Ytreviga (ikkje Ribeviga) ved ei avrunda krå, litt mindre typisk enn på dei andre gardane. Ripe |»rīpe| gnr 8 på Vegårshei er skr Ribber 1612, Røbe(!) 1668, Riibe 1723. – Ribbåsen i Froland (naturnamn) strekker seg innover på austsida av to myrsøkk: Det inste blir kalla Stormyra og har bratte kantar.
Uttale-infoen er til å stusse over, med open e i det første tilfellet, trong i nr 2 og |»ríbe| dei to neste. Altså ikkje |»rībe| og ei heller |»ribbe|. Ein merknad knytt til gardsnamnet i Høyvåg kan gje eit peik: «Se Vegårsheien GN. 8. Ligesom der er man for at forklare, hvad Navnet betyder, henvist til det at der går en Ryg midt efter Jordet». Her er truleg tenkt på ordet ribbe, som i ribbevegg, men lendet og eldre skriveformer minner meir om ns riehppi «botndal, vanskelig tilgjengelig dal med utvidet, nisjeformet dalbotn eller selve denne botn». Ordet finst òg i ls, men ikkje i ss lenger. Var Vegårshei-namnet opphavleg ei sms med gn bœr?
Rike |»ríᶄi|, dat. |-ᶄe|,|-ᶄæ| gnr 45 Valle er skr i Rikino i Vallarbøø 1437, Rykeno 1490, a Pykeno(!) 1504, i Rykene 1531, Ryghen 1541, Rigenn 1595, Ryggen 1601, 1611, Rigen, Rygna 1610, Rigen 1612, Rigett 1626, Riige 1668 og 1723!
For Rygh er namnet «bestemt Form af ríki n., Høihed, Herredømme, Rige .. vel et «rosende Navn», betegner Gaarden som en værdifuld Eiendom». Heilt annleis tenkt kan Rike vere kortform av ss rihhehke = rihrehke = rihrie = riffie, *ruffie «vinterflytteveg». Ein skråveg fører til fjells opp frå Rike, og tankevekkande er å sml formasjonar som fjellryggen Rikeloftet i Bremanger og Rikeåsen i Nordre Follo (Akersh.). Rike i Eidskog er ein skogteig kort veg frå Kontraskjæret. Om Rikebottjønni i Vinje er å fortelje at ho ligg vestom Drifteskard, sml drifteveg «stig, råk der ein driv fe frå og til fjellbeite» (NO 2: 116).
Romedal heiter bnr 328,6 Lindesnes, men Romedalen er òg naturnamn rundt om, på Agder i Evje og Hornnes, Hægebostad, Åmli og Åseral. Romstøl gnr 76 Randøsund >Kristiansand og Romstølen bnr 38,120 i Arendal. Desse stadene er lite særmerkte, samfaktoren er visst noko så enkelt som lita skråning, alternativt lite flog. Til grunn ligg ss raama i den tyding, då med aa i overgang til o under påverknad av innlyd -m-. Jf ns rápma fjellbrun, ls rábma «mini-li».
Romundstad heiter gnr 70 i Tvedestrand og likeins bnr 21,7 Vegårshei (same namnet har gnr 11 i Rindal). Det er tydelegvis tale om ei avleiing med suffikset –und til raama eller tilsvarande, sml avsnittet framfor. Av ukjent grunn har ikkje nasalomlyd slått inn i (tilsynelande) naturnamn som Råmundsmyra i Froland – ho har bratt skråning i sørkant – eller i Råmundtjønnene i Kviteseid i Telemark.
Rosevall |»rosevadd| gnr 24 Bygland blir skr Roßuoldt 1595, Roeßwold 1601, Røßeuold 1610, 1611, Roseuold 1612, Rossevold 1668, Rosevold 1723. Rygh: «Synes at være opkaldelsesnavn efter det franske Stedsnavn Roncesvalles i Rolandsvisen». – Det siste er fullt tenkeleg, isolert sett, om det ikkje var for at same namnet også er namn på ei slette på bnr 13,3 i Åmli. Rygh viser derimot til ein lokalitet Rosi, no skrive Råsi (på bnr 66,30). Det er eit uslett område med fleire parallelle ryggar: Øvste del av innmarka på gmr 24 i Bygland er i staden éin langsmal rygg med veg langsetter og bekk på eine sida. Rosevall i Åmli er ei ganske så uslett slette, men ligg tett på nordsida av to bekkar som segimellom har ein rygg som minner om den i Bygland.
I sin argumentasjon for oppkalling etter Roncesvalles peikar Rygh på den sterke tendensen i målføret i Valle til bortfall av nasal i lydsambandet ns, noko som gir t.d. Staisland for Steinsland. Dette kan ha gjort seg gjeldande på ein måte Rygh ikkje tenkte seg: ss rontje kan tyde «fjellrygg, sandrevel, høg fjellnase», då òg i sms som ronhtje– el. runhtjie-bahke = ronhtje-, runhtjie-deava «kupert bakke» (i annan ortografi app. 741 runča, runče, runčoe også om skarp rygg i terrenget, likeins uslett, snau fjellrygg). Rosevadd kan då vere målførerett utvikla frå ei ss form, el. evt. stå i samband med ei form som alt hadde tapt nasalen (jf ns ruvža om haug som er smal oppå).
Rovedal |»rǡvedal| gnr 83 Lyngdal er skr Raage- 1594 og Roge- 1612, 1619, så kjem Roffuedal 1668 og Rovedal 1723. Årsaka til det formskiftet er uviss, men sikkert er at fjellsida på austsida av garden er ekstremt snau. Relevant er derfor ss råevie = ns roavvi: område der det har vore skogbrann eller iallfall ser slik ut.
Rukkedalen bnr 15,5 Åmli er skr Røchedalen 1723. Der renn Rukkeåna, i Nes (Buskerud) heiter ho Rukkedøla. Forledd ss ruhtjie «trong djup dal».
Rygnestad gnr 23-24 Valle |»rýggnesta|, skr Røgnæstad 1512, Rønnestadt 1595, Røgnestad 1601,1610,1611. Ronnestad 1626, Røgnestad 1668. Rognestad 1723. Garden har namn av stryka i Rygnestadåni, sml ns rivdnji – riu’tnje «smalt sund der straumen skiftar med flo og fjære» (oslo 179, app 711). Liten grunn til å tru at ordet kun har med saltvatn å gjere, for ved elva frå Hommevatnet til Årekilen i Kvinesdal ligg Rygnemonen, for ikkje å gløyme Rygnestad som namn på ein gl bupl i Stor-Elvdal (Hedmark).
Rymteland |»rymtelann| gnr 117 S. Undal >Lindesnes 417 er skr Rymte- 1557, Rompte- 1594, Rømbte- 1512 og 1668, Rømpte 1619 og Rømte- 1723. Garden ligg ved Stortjønna, der fleire bergnasar skyt litt inn. Her kan forleddet Rymte- vere ei sms for seg: forledd rymb m «lang, låg halvvalseforma jord- el. grusrygg (Torp) + –tjønn. I dette norske *rymb-tjønn-land ville innlyden –nn– vere utsett for bortfall pga neste –nn< nd i -land, resultat rømtjø- >rømtje- >rømteland, men rart er at uttalen med y står ved lag? Dersom denne forklaringa må falle, kan det heller bli tale om ss rïmtje «reinflokk» (skrytande eller nedsettande), og uttalen med y er eit argument i den lei.
Røkkinga gnr 71 Øyslebø >Lindesnes 671 kan samanliknast med Røkking bnr 144,5 i Stavanger. «Forklaringen usikker», seier Rygh om Røkkinga, og nemner under tvil rykkjing = ry(n)kning brukt om «Indsnøring». Det språklege utgangs-punktet hans er tvilsamt, men forklaringa kan likevel ha blitt rett, for ss ruhtjie «liten smal dalgång, sammanträngt parti av dalgång» (oslo 180) passar på begge stadene, og i ein ruhtjie renn ikkje alltid ein bekk: ruhtjie oppfatta som rykkje + bunden artikkel –n kan ha gitt namnet Rykkinn (fl. st.), medan eit like vilkårleg tilføydd –ing gav Rykking > Røkking andre stader.
s
Saksedalen på gnr 417 Lindesnes har ein trong passasje midt i, og Saksemyra (Saxemyr) står blant «Forsvundne Navne» sist i kapitlet om Hitterø i NG, men i dag er myra kartfesta som bnr 25,2 Flekkefjord. Ho ligg lågt, med høge kantar, og særmerket er tronge og vridne passasjar over det heile, opptil sju dersom ein reknar med alt, jf at ss tsagkedh v bl.a. er å stoppe, ta imot, dertil tsagkestidh v «hindre, ta imot, møte (rein)», med annan ortografi forklart såleis: «Av verbet tsakket, tsakkestit kommer sakkese och sakksea, på svenska ‘hindret, prånget’, med sannolikhet förvanskat til Sax- i Saxvattnet… och til Saxa- i Saxaborga» (Erik Nilsson Mankok 9, særprent). Flekkefjord har Sakseskjeret med ovtronge opningar i, og Saksåna i Bjerkreim er forsnevra fl.st. – Gustav Indrebø nemner frå Haukedalen ein rabb Sakset, sundhogd av ras («Stadnamni i ei fjellbygd»).

Salmelia i Kvinesdal er ein kløfterik stad. Kartverket.
Salmelia |»salmeliæ| Fjotland gnr 50 >Kvinesdal 219 er skr Salmandslie 1668 og 1723. Garden ligg i foten av ei fjellside full av kløfter, både heilt smale og litt breiare. Rygh sml den historiske skriveforma Salmandslie med at Sambøl i Aremark >gnr 78 Marker heiter Sælmundarbøle i 1400, dette samtidig med at Salmonrud i Eidsberg >191,2 i In.Øf. blir kalla Salmundærud. Rygh meiner at forleddet er eit mannsnamn, men leitinga etter mannsnamnet Salomon avslører søk for søk at ein ord for kløfter ovrar seg (då også i namnedrakten Salamon og Solmana-!), frå smale kløfter (Salmelia og dei austom heimegarden på Sambøl) pluss erosjons-bekkefar (Eidsberg) til djupare bekke- og ågil, el. innskjeringar i fjellet med smale tjønner. Men òg temmeleg mektige fjellkløfter skapt av andre krefter. For garden på Agder gjeld at forleddet Salme- er svært så likt ss sālȧmɛ «kløft i sneskavl eller gletscher» notert i ei endå kortare form sālla frå Tysfjord, men vår eldste ordbok Lexicon Laponicum fører opp sal, sala i ei meir allmenn tyding «klyfta, håla» og skil då mellom jægna-sala i is og pakte-sala i berg.
Salverød |»salverø| Fjære 39,2 >Grimstad er nedbygd, men eit oversynsfoto frå 1981 viser eit minidalføre som går inn mellom langstrekte haugar frå aust og så forgreinar seg Y-forma, med ei kort grein mot nordvest og ei lengre mot sørvest.
Forleddet Salve- minner om ns sálvu «fuge, sprekk», ikkje berre i tre, men også i terrenget (i berg, ise og bre), ss former notert både som saalve, sál’vá, sȧlwuo
(ȧ som i eng. man). Er bl.a. utlagt som «fåra mellan två berg; dalsänka, kjusa» (oslo 188), det høver på Salverød, men òg «jordrygg som gjør terrenget uført»,
noko som slår til både for Selva i Agdenes >Orkland og for Bergemellom alias mé |’sałva| i Nord-Fron. Ordet har også med lafteteknikk å gjere, det forklarer kanskje namnet Sølvskardet i Sørfold som har ei rund utsparing.Meir uvisst om det òg gjeld for Sylvskardet gnr 73 Bjelland >Lindesnes 724 og for Sylvskardet i Bygland, då uttalen |syll-| i dei tilfella jo òg kan peike mot norsk syll = svill(e).
Sang-, Sanger-, Sanges og Song-, Songe- utgjer ei ganske «kompakt» gruppe gard- og naturnamn på Agder, det trengst eit oversyn: Det er Songe gnr 8 Barbu >Arendal, Songe gnr 19 Vestre Moland >Lillesand, Songe gnr 13 Froland pluss Songelia gnr 57 Froland, Songøygard bnr 48,2 Vegårshei og elva Songå, dertil Sangereid gnr 18 Vestre Moland >Lillesand, vidare Sangesland gnr 39 Laudal > Lindesnes 639,2, Sangesland gnr 49 Vennesla, og Sangvig (Songvig) 423,37 Kristiansand.
Namna lyder litt poetiske, men samfaktoren er heller eit terrengord tilsvarande ls tsagńa (tsagŋa) om «knöl, ojämnhet», her med eit viss storleik. At det passar alle stadene er lett å kontrollere, og tydelegvis vart det samiske ordet tolka som «sang» og fekk heilnorsk form «song» av den grunn. Samfaktoren stemmer òg for øynamnet Songvår. Forledd i Sanges-land er ei sms tsagń’aesie ‘klumpåsen’, er det likt til. Til gardsnamna er knytt mange sekundærnamn, men uavhengige namn med same forledd finst også.
Savene er reell uttale av to gardsnamn: Sagene 49,9 Austre Moland >Arendal 49,9 (ligg ved det forgreina vassvaret mellom Kjærhølen og Langangsvann) og i tillegg Sagåsen bnr 11,15 Austre Moland >Arendal 401,17 (ligg ved det lange Røynevannet). Sagheia heiter i flg.karta ei høgd på gnr 38 i Iveland, tett attmed ei strekning der elva Langsima har ei rekke utvidingar. – Merk elles Saveneset som uttale av gardsnamnet Sagneset gnr 42 Øyestad >443,27 Arendal (ligg ved det øvste av dei tre Sagvanna). Ein aner òg avvik i namneform for Sagenes gnr 152 i Birkenes ved ein avsnørt lang vasslomme mellom Saueneset og Sagenes.
Reiskapen sag f blir uttalt sav mange stader på Agder («Norsk Ordbok» 9: 744). Rygh er også inne på det, i samband med fleire gards- og bruksnamn på Agder, men merkverdig nok er bunden eintalsform Saga (Rygh skriv berre Sagen) med ein uttale sava ingen stad å finne i Agder-binda av NG. Alt etter distrikt kan høl eller lón heite både savvan, savvun, sevvun og sivvon, men på normert ss er det sovvene. Så Sagen kan vere mistolking av ei Agder-form savvan, *savven eller *saven, men det er så langt ikkje kontrollert.
Sira |»síra| gnr 24 og gnr 28 Sirnes |’sérnes| i Bakke >133.6 Flekkefjord har sitt opphav i elvenamnet Sira. No finst gards- og soknenamnet Sira i nokså einsarta skriveformer frå 1400-talet av, men uventa er eit sterkt innslag av former med y: Syro sokn, 1409, Syro k[kyrkje] og både Syre, Siire, Zire 1610. Tilsvarande for Sira i Eresfjord >Molde; også øya Utsira skrivst Udsyre i 1521. – Ein historisk skrivemåte «Syrredals k[kirkja]» er også overlevert frå Øvre Sirdal.
Rygh nemner at Sira er «Grænseelven mellem de gamle Landskaber Agder og Rogaland», utan å gå nærmare inn på det, men ls sierra adv tyder «särskilt, för sig, avsides» (Korhonen). Det høver i og for seg bra for sjølve garden Sira som ligg heilt for seg i eit trekanta innhogg mellom åsar, men i og med at grenseelv mellom landskap også er tema, høver dette best for det ovlange Sirdalsvatnet. Motstykket til ls sierra er ss sïerre (og sïerres) adj, primært = «framand, ukjend, utanforståande», men òg brukt i uttrykk som sïerre sjïdtedh «skiljast ifrå». Det er tale om lån frå nordisk: gno sér «for seg, skild frå andre» (Lehnw. 286). Dei sørsamiske formene med ï samsvarar godt med dei historiske skriveformene av Sira-namnet med innslag av y (førre avsnitt).
Momenta ‘for seg (sjølv), avsides, skild ifrå’ høver sjølvsagt for øya Utsira, men òg for Sirekilen gnr 27 Birkenes, som både ligg heilt i utkant av Birkenes (mot Iveland) og som einaste gard i ein avlang fjordpoll nær innerenden av det lange, tronge Smalsundet, dvs langt innom Sirekiløya. – Sira i Eresfjord (no Molde) er avgrensa av elva Eira i aust, i vest Husbybekken som skjer ifrå ei innmarkremse som er Sira si, medan resten av elvesletta kjem er lagd til ein annan gard, så der òg kjem momentet «fråskild» inn.
Sjursøya gnr 53 Randøsund >Kristiansand har forleddet ss tjeurë, jf ls tjieu’ra, tjäu’ra «grov grus» (oslo 224): Det stemmer for strendene på nordre del av øya. Ordet kan også stå for småstein som berre er litt grovare enn grus.
Sjustøl |’ṣūstøl| gnr 64 Søgne >Kristiansand 464 ligg i eit område «fullstappa» med åsryggar og knausar. Namnet er skr Siffuiztøll 1601, Siffue- 1604, Syffue- 1610, Siuffue- 1630, Siuf- 1668, Sivers-1723. Overraskande er at dei historiske formene ligg så tett opp til dei som vedkjem Systad i Holme > Lindesnes. Saka er, at til grunn for namnet Sjustøl ligg ss tjuvvelge les tsj- «bergrygg, ås» – men til grunn for namnet Systad ligg visst same terrengordet i ss variant tjivvelke.
Sjævesland |»ᶊǣveslann| gnr 82 Øyslebø er skr Siafvis-1489, Siewess-1522, så Søfvis-, 1601 Sieffues-, Sieffuids-, Siffuiß-, Scheffuis- 1604, Sieffuis-, Seffuis- 1610, Seffuidz- 1630, Sieffuis- 1668, Skjeves- 1723. – «Dette Navns opr. Form og dets Forklaring ere aldeles usikre», skriv Rygh.
Høyeåna frå Ramnåsvatnet i nordaust renn først i litt bratt lende, deretter stilt og beint i Sagemyr, og forgreinar seg breitt i eit delta ved Sjæveslands-garden. Ho liknar i så måte på Skjævelandshølen på Skjæveland gnr 52 i Sandnes (Rog.) Flatt lende og stillelv (men ikkje delta) har òg Skjevestad Østre Moland > 30 i Arendal. Vidare renn det ei still å i flatt og skjerma lende i Skjævestadslåtta på gnr 11 Bråstad i Grimstad. Skjæveland gnr 34 i Bjerkreim har flatt lende, men ikkje stillelv med delta, men det lange og noko smale Skjævelandsvatnet kjem inn der. – Trass i litt inkonsekvente skriveformer er det, når ein først gløttar den vegen, liten tvil om at førsteleddet Sjæves- er ss sjaevehts adj (attr) «taus, stille av seg», då også «rolig, stilla», slik som i det sms sjawotes tjåskem «lugnt och kallt väder» (Lex. Lap.) Det minner klart om bruken av ordet kyrr, kjørr i norsk.
Namneforma Skjeve-, Skjævestad er då sjæves-stad, normert sjaevehts-. Bruken av sjæves-land (sjaevehts-laante) i eine tilfellet mot sjæve-land i dei to andre er at det ikkje er knytt sekundærnamn til Sjævesland i Øyslebø, slik tilfellet er dei to andre stadene, der *sjæveslandshylen og *sjæveslandsvatnet med tre s-lydar vart i meste laget, så den midtre vart skoten ut. I ei to tilfella gjekk det sjølvsagt ikkje lange tida før primærnamnet vart «avretta» på same vis, frå Sjævesland til Sjæveland.
NG knyter flg. merknad til Sjævesland-namnet: «Man kunde maaske gjette paa, at vi i 1ste Led have en Genitivform, som Ross anfører fra flere Steder i Bratsberg samt Lister og Mandal Amter, optrædende i flere Former, deriblant Sjavils, Sjævils. Dette Ord indeholder sikkert sjalfr, selv, men dets Forklaring er forøvrigt usikker. Det bruges om ‘det selvovertagne, det unødige, det overflødige’ , t. Ex. ‘de va Sjavils Skjelingar’ d. e. unødigt udgivne Penge». Her òg får vi hjelp av Lex. Lap.: pednikit sjawetet er å «kasta ut penningar», eigentleg frå sjawet v «rinna ned, flyta ned». Samanhengen i sak er absolutt ikkje til å ta feil av.
Sjølingstad |»ᶊøllomsta| Lindesnes 328.6 er skr Skilling- 1594, Schilling- 1612, 1619. Gjennom garden renn ei elv som kjem frå det noko myrlendte Stuvvatnet. Namn som liknar er Skjølingstad Torvestad >Karmøy 136,2, Skillingstad gnr 21 i Nærøysund, eit jorde Skjelingsstaden i Hitra, og Skillingstad gnr 7 Løten. Det kan minne om *skiljingsstad, men uttalen av Sjølingstad i Lindesnes gjer dette usikkert. I alle fall for nr 2, 3 og 4 er det tale om bekkar som renn «fredeleg» ut i ein os, så snarare kan det bli tale om ss skylledh «klårne» (om grumsut kjelde) og det tilhøyrande ss skyllehke «klår» (om grumsut kjeldevatn som har klårna).
Skaiå |’skăjo| gnr 12 Iveland blir skr Skaiaa 1595, Schayaa 1604, Schaya 1611, Schaiiaa 1612, Sckajjaae 1668. Åssida på nordsida av garden er bratt, forleddet er truleg ss skajja «ekko, bergål, dvergmål». Sml Hasås (Haddingsås) i Andebu og Gjøfjell (*ljóðfjell) i Notodden og Tysnes.
Skeipstad gnr 74 Halså og Hartmark >Lindesnes og likeins Skeipstad gnr 74 i Eigersund er gardsnamn der forleddet er identisk med dette ein har i Skeivstad gnr 4 Nesna, nemleg «hals» om lågpunktet i ein åsrygg som det går farveg over, ls tjiehpe (čiep’pe) = ns čeabi «hals». Meir avvikande form har ss tjeapah.
Skibeli |»ᶊēbelī| gnr 46 Bakke >Sirdal 55,9: Tett vestom garden strekker seg ein lang ås-formasjon som granngiveleg liknar ein underekstremitet med fotbladet Sugga i sør og kneet kalla Høgevollsknuten eit bra stykke lenger nord: ns čib’bi står for «kne», i pite- og lulesamisk står det for «lår», i malåsamisk for «legg» – men tendensen til å sjå stort på det er som for norsk «fot», «bein». Skibedalen i Kvinesdal har ein kortare, meir valseforma ås som minner litt om den i Skibeli, og Skipeheia (Skibe-?) i Lindesnes er ein haug attmed ein langsmal, «legglik» ås. Skjepeli i Sveio ligg òg tett ved ein avgrensa lang rygg, medan Skibeheia i Lyngdal er delt av breitt skard og har tilnærma brokform. Vurderingane av slike namn er likevel vridne pga eit anna ord, ns šibit, šibihat = fe, husdyr, i norsk eit ukjent ord, medan eit tilsvarande ord for «sau» er velkjent i engelsk og tysk.
Skinsnes |»ᶊinnsnes| gnr 39 Halså og Hartmark >Kristiansand: Skriveformene i eldre tid avvik lite, anna enn den eldste, Skynsssnes 1538. Skinsnes er eigentleg ei landremse, skoren laus frå skoghøgdene på sørsida av elvegreina Kvisla som med sine lange og tjønnliknande utvidingar òg kunne kallast ein os. Rett nok er Kvisla stort sett tørrlagd no, men gamle foto viser den naturlegesamanhengen. – Forleddet kan såleis vere ss tsjenne (også tsjånna, tsjunna, tsjonnè, app. 158 b), dvs låneformer av tjern, tjønn. I sms. med –os– gir dette nettopp *tsjynn(o)snes, *tsjinn(o)snes > sjinnsnes.
Skisland |»ᶊisslann|, |»sjīs– | gnr 14 Iveland er skr. Skydtz-1595, Schydtz-1601, Schiudtz 1610, Schietz- 1611, Schied- (!) 1612, Schidtz- 1668. Schitsland 1723: ss skïrtje tyder «liten tange» eller spissen av ein slik, noko Skisland har 2-3 av, og ss ï ««mørk i» kan forklare gl. skriveformer med y også her.
Skjekkeland |»ᶊeᶄᶄelann| gnr 153 Liknes >Kvinesdal 153,15 har ei utstikkande fjellnov (kalla Lundefjellet), så er òg tilfelle med det stupbratte Skjekkefjellet på 54,5 i Lindesnes. På Skjekkeland gnr 75 i Hægebostad stikk derimot ei krå inn i fjellet i nordkant av garden, jf at Skjekkelia på gnr 81 Hægebostad òg ligg i ei fjellkrå, likeins Skjekkemyr på gnr 475 i Lyngdal. – Rygh nemner lauseleg skekill m >skjekel «utkant, hjørne, snipp» med tanke på innmarkteigar. Ikkje så utenkeleg, men iallfall sms med -land blir det vagt. Vel så sannsynleg er ᶊeᶄᶄe ei norsk låneform av ls tjiehka = ns čiehka «hjørne».
Skjulestad |»ᶊulesta| i Østre Moland gnr 29 >Arendal blir skr Skiulle-, Skiul-, Skiulffuel-, 1593, Skiul- 1601, Schiul- 1601,1610,1611, Skiulle 1670, Schiufle- 1723. Forleddet er visst (kontraherte variantar av) ss tjuvvelge «bergrygg, ås», les tj– som tsj– liksom i den tilsvarande varianten ls tjavēlk (Grundström).
Skofteland |»skåpte-| ytre 61 + øvre 62 i Søndre Undal >Lindesnes 361 og 362.
Same namnet er Skopteland |»skåpte-| gnr 11 Konsmo >Lyngdal gnr 411.Også Skofteviga i Lindesnes bør nemnast, skr S[k]optavik år 1436. – Rygh meiner at forleddet er eit mannsnamn gno Skopti, til skopt n «lugg, hovudhår», plent som for Skofterud gnr 55 Eidsberg >In. Øf. Gnr 155, skrive Skoptæ- år 1281, jf òg Skoftestad gnr 8 i Ås. At teorien luggar litt blir meir og meir klart for kvart nytt namn med same forledd som kjem til overflata, framfor alt reinspika naturnamn som Skoptetjønn i Kvinesdal jf med tjernet Skofta i Nordre Land, og Skoftnes i Vinje jf med åsen Skoftin i Rennebu, o.a. Dei to første er grovt trekanta med eit vinkelrett hjørne, Skoftnes i Vinje har eit vinkelrett «hogg», medan åsen Skoftin i Rennebu (og skjeret Skoftin i Inderøy) har litt andre kutt. Meir relevant enn all tale om hårluggen er ss skaavte, bl.a. om «djupt, rettvinkla reinmerkesnitt». Det er truleg tale om lån frå norsk, jf kleplagget skaut og skautet på eit segl, berre at
skaut om kutt eller hakk visstnok er ukjent i norsk.
Skogestad |»skōgesta| gnr 4 Bakke >Sirdal 64. Skr Schou- 1610, Skouff- 1616, Schou- 1668, Skouge- 1723. Tvilsamt er at forleddet er gnr skógr m, for bak og mellom gardshusa er hamrar og berg, og lendet ned mot Skogestadåna er uslett, for så vidt også der ho renn ut i Hunstjødn noko lenger vest. Rimelegare er det å tenke seg ein variant av ns skuw’gi «ujamt sand-landskap ved elvemunning», el. «slette med høge tuver», det gjeld òg nokre nordnorske gards- og buplassnamn på Skau.
Skollenborg |’skållenbørr| gnr 23 Vegårshei er ikkje noko eineståande namn, jf
Skollenborg gnr 120,3 Sandsvær >1008 Kongsberg, Skollingsborg Eidsberg > 279,2 In.Øf. og Skolleborg gnr 59 Aremark: Rygh er under tvil inne på skolla v «vise sig paa Afstand, se stor ud», men meir essensielt er ss skålnjah, skalnjah; pred skålnjan, skalnjan ‘oval’ (om fat el. likn. som er blitt klemt i hop), i sørleg tyding «avlang», og især skolnjegidh «bli skeiv», for alle desse stadene har ein berghump eller knaus som er bratt på eine sida og avgåande på hi. – Etterleddet –borg, som truleg alle stadene blir uttalt utan –g, tilsvarar ns borri = ls bårre fjell (ås, høgd, knaus) som skrånar til begge sidene; jf også ss burrie «snau bergrygg (der snøen blæs av); stor skoglaus knaus (oppe i fjellet)». I avkorta form blir det *Skolnj’- el. *Skålnj’bårri >Skollenborg.
Skomrak |»skåmmra| (ytre) 41,104 i Lyngdal og Skomrag |»skåmmra| (indre) gnr 173 i Lyngdal ligg attmed kvarandre, den siste i nord, skr Indre Schombrach 1668, Schomrach 1723. Førstnemnde er skr Schamerag 1612, Yttre Schomroeg 1668, Yttre Schomroch 1723. På Indre Skomrag er det fleire små dalkrær langs Indre Skomgragbukta. Fleire andre namn på –rag, –rak i landsdelen tyder på at ein har å gjere med ss raejkie alias ls rájgge alias ns ráigi (primært) opning, hol men også «dalføre». Dei minste dalane kan (med ei ordinær gno. bøying) ha fått forma *skamm-rag «stutt-hol» sg, skǫmm-rǫg pl. Det høver for indre Skomrag og kan forståast i kontrast til ytre Skomrak, som har eit litt meir veldefinert og langt dalføre (namnlaust på kartet) på sørvestsida av Berfallåsen. Jf kanskje òg det lange dalføret opp langs Longerakåni på Longerak gnr 600 i Bygland.
Skripeland gnr 42 Iveland og Skripeland gnr 5 Mykland >Froland gnr 72 lar seg neppe forklare norsk, heller ikkje Skripelandsknutten på bnr 4,3 i Iveland. Begge ligg i utkant av bygda eller beintfram i ubygd område, så å assosiere med ss skrijpie «ulv, varg, gråbein» er neppe å ta for hardt i.
Smedsland |»smesslann| gnr 301 Lindesnes og Smedsland gnr 474 Lyngdal har eit forledd som er går ofte att og som svarar til ls smiltjis adj (attrib.) om lende som er uslett, steinut, har groper, er hallande (app 792). Bortfall av glidelyden l
er i dette tilfellet ikkje særmerkt for Agder.
Solbarm gnr 156 Kvinesdal gnr 156 ligg med fjell tett innpå, og på austsida er fjellkanten bratt. Mot sør er der opning, så namnet kunne vere ei sms. av sól f «sol(skin)» og gno. barmr «kant, bard», men nærstudium av nokre andre namn gjer den tanken tvilsam. Godt kjent som lånord i samisk er barm «randen av ett tvärbrant berg», medan sol– som fornorska form av det samiske ordet for «øy, holme» også kan gjelde isolerte lokalitetar. – Namnebruken kan komme på glid: Ei isolert rund myr i Kvinesdal er kalla Solbarmen, men den bratte fjellkanten attmed heiter Solhomrinda: Det uttrykker at myrsøkket på samisk+norsk er ein isolert hom medan «barm» om fjellkanten er blitt utskifta med «rind»! Også ei anna myr i Kvinesdal heiter Solbarmen, og ho ligg like på austsida av ein isolert fjellkant, no kalla Sinnesfjellet. Ein tredje stad i bygda er Solbarmen blitt namn på bakkehallet på austsida av den bratte fjellkanten som eigentleg er «barmen». Ein fjerde stad i Kvinesdal finst det ei isolert myr som ikkje er kalla Solbarmen slik som dei to førre, men Solbarm-myra, seinare mistolka som Solbar-myra, slik at den bratte fjellkanten eller solbarmen tett på vestsida av myra er blitt til Solbar-heia, og litt lenger nord (der åssida er slakare) er det ei li kalla Solbar! – Betre døme på såkalla denotasjonsendringar finn ein neppe.
Sodefet, Sotefet |»sōdefęd| «Sodefjed» gnr 82 i Randøsund >Kristiansand ligg ved Sotefetkilen. Etterleddet er no –fet-, –fed– < gno fit f «flat eng», forleddet er helst ss soedtedh v. bl,a, «rydde, kviste av (greiner) el. hogge ned tre for å bane veg». Meir usikkert er ss sovtedh «gynge» med tanke på evt. leire i Sotefetkilen.
Sodeland gnr 38 i Holme >Lindesnes 120,22 ligg i eit skogområde, jf Sodefed.
Spikkeland |»spikkelann| heiter gnr 5 Finsland >Kristiansand gnr 505, men òg gnr 4 i Fjotland >Kvinesdal 173. Forleddet kan tilsvare ns spihča «en egn med småskog» (ls svihtja), eller like snart vere ss spidtje nybygg, småbruk» = spittjë, pidtja «stuga eller dylikt som håller på att byggas; nybyggd gård» (oslo 208 og 154). Forleddet i Spetteland |»spettelann| gnr 30 Holme >Lindesnes 112 (attåt linamnet Spetteland i Vennesla) tilsvarar heller ns spáitu «opning i skogen; fred, ro».
Sporkland |»spårklann| gnr 42 Bakke >Sirdal 66, skr. Sporcke- 1565, Spurke- 1594, 1600, 1612 og 1619: Rygh meiner det er same namn som Spurkeland i Alversund utt. |»sprukk-|, |»språkk-|, av Sophus Bugge jamført med gl.høgtysk sporah, spurcha, einer (juniperus) og no. sprake om same planten. Forslaget er jordnært, men det må også ss spoerjehke «snau, berr, vegetasjonslaus» seiast å vere. Her som ved så å seie alle gardsnamn på –land må ein ikkje fokusere kun på heimemarka, men på heilskapen: På Sporkland er framleis fjellkanten attom garden snau, på Spurkeland er det ikkje lenger slik, men ortofoto frå 1967 viser at eit halvt hundreår tidlegare var åsane mykje mindre attgrodde med skog.
Stausland gnr 18 Søgne >Kristiansand 418 er skr Støfvis-, Stouffs-, Støfftz- og Støuffs- kring 1600. Sml. med eldre skriveformer for Stautland i Farsund og for Støytland i Flekkefjord er skilnaden stor, så også topografien, for på Stausland gjer Søgneelva bråe tverrsvingar og renn parallelt med seg sjølv ganske lenge. På dette avgrensa «territoriet» ligg Stausland, og forleddet i sine eldste former svarar utan særleg tvil til ss stööves, steeves adj (attrib.) «rolig, stødig (t.d. om rein som roleg beiter eller held til på ein stad)». Just elvetangar var nyttige slik.
Ståby |»ståbī|, |»ståbȳ| gnr 107 Nes – Flekkefjord 107.31. Skr Stoby 1594, 1600, 1619, Stouby 1612, Staabye 1668. Kommentaren i NG: «Det er paafaldende, at 2det Led har Formen –by, da det ellers i denne Del af Landet heder –bø» (NG 9: 322). Forklaringa er heller at ståbi alias ståby er eit usms ord, sml stǫhppi, gen. stǫbi (Tysfjord) og likeins frå Jemtland: stǭapa, stūopie (Lehnwörter: 322). Det tyder at ein gong i grendesoga må ei nybygd stofa ha gitt status-auke.

Subbernes i Lillesand kan ha vore ein viktig overfartsstad. Kartverket.
Subbernes gn 8 Vestre Moland >Lillesand gnr 8: Namnet er tvitydig av di det kan minne om ss suppet «föra över vatten». Kan folk ha vore sett over til hi sida Nesefjorden (Blindleia) herifrå? No har austsida av Nesetangen ein naturskapt overgangsstad, sml ns suohpa «stad der folk el. dyr kan sleppe over el. framom noko; passasje». Slik sett er det enklast å tolke *suppere (-ere <jaevrie) som eit eldre namn på Bergsvannet.
Sudland |»sūdlann| gnr 80 Vanse >Farsund: skr Syr- 1480, Sud-1594, Soude- 1612, Søud- 1668, Sud- 1723. Den eldste skriveforma setter namnet i bås med dei mange i Syrdal’ane, men dei seinare tyder snarare på eit forledd tilsvarande ns sǭwdu «hengemyr» (app. 801).
Supland bnr 44,22 Åmli er også tvitydig, då forleddet kan vere ss suvhpie «asp, osp», men suppet «føra over vatten» gir også meining, pga Nidelva: «Suppe mo mubbe pelai änob: för mig på andra sidan av älven» (Lex. Lap.)
Sutestad gnr 27 Evje og Hornnes ligg omkransa av talrike små myrar som det kjem små bekkar ifrå. Sutestad heiter også eit fjellomåde i Åseral der ei mengd bekkar samlast. Forleddet er enten ss sudties adj «open, isfri» eller òg beinveges ss sudtie «råk, vòk i is», i andre tilfelle også «ope vatn».
Sutnøy |»sutni| gnr 8 Austad >Lyngdal er skr Sud-øen 1619, Sund- 1668, 1723. Midt på øya er det ei myr, med ein låg overgang ned til Sutnevika. Rygh: «Jeg kan ikke forklare dette Navn. Efter de anførte ældre Fomer at dømme, synes Bevidstheden om dets Betydning forlængst at være forsvunden». Det har han saktens rett i, jf ns suotnju flat, tuvefri blautmyr utan bekk eller ope vatn.
Suttevika |»suttevīa| gnr 108 Vanse >Farsund er skr Sutte- 1668 og 1723. Ligg på austsida av den grunne Suttevikpollen, og ein bekk fell ut i sjølve Suttevika. Her passar truleg ss sudtie råk, vòk i is (om våren) der elva renn ut i pollen.
Sveinall |»sveinăl| gnr 20 Laudal >Lindesnes 620 er skr Suinn-ager 1601, Suin-ager 1604, Suin-angell(!) 1610, og seinare Suinaggel, Suinagel. Forledd er vel
ss suejnie «høy», som i Sveindal >Lyngdal 471, etterledd er sikkert ss aagkele
«mellomgolv», kjent frå ikkje få norske gardsnamn, i dette tilfellet kanskje om ein av åsryggane heime i garden.
Svemland, Svemmeland |»svæmmelann| var gnr 59 Søgne >Kristiansand 459. Forleddet synest vere ss suoim, suoima o.l. adj. «slak, langslut» (om bakke), for opp mot heia på sørsida av garden er der ein slik. Alternativet er suoimak jokk «en älv som er spak» (Lex. Lap.), for der er også ei elv.
Syrdalen er 518,1 i Lindesnes, Syrtveit er gnr 21 Evje >Evje og Hornnes 57,2 (pluss Syrålia). Syrdalen finst òg som naturnamn i Bygland, Arendal og Åseral, og særleg botnen Syrdalen i Aurland (Sogn og Fjordane) er nokså diger. Det er derfor ikkje tvil om at Syr– viser til ss syjries «romsleg, vid», og i Bygland ligg Syrdalen og Mjågedalen attmed einannan. Kva som skal til for at ein lokalitet blir oppfatta som «vid», vil sjølvsagt avhenge av lokal terreng-samanlikningar.
Systad |»sȳsta|, |»sȳesta gnr 58 Holme >Lindesnes 140,16 blir skr Siffuij- 1601, Siffui- 1604, Siffue- 1610, Sivffue- 1630, Sye- 1668, Sy- 1723. Skriveformene minner sterkt om dei for Sjustøl i Kristiansand. Garden ligg inst på det høge og nærmast trekanta Neset som stikk ut i Systadvatnet, og Neset er ein tjivvelge = «bergrygg, ås»: Her har uttalen vore ts– (ikkje tsj-), tidleg forkorta tsivvelge > tsivve- > syvve- osv. Forklaringa høver òg for Systad bnr 60,4 i Hyllestad.
Sytinga |»sȳdiŋa| gnr 20 Høyvåg >Lillesand 67 blir skr Sydingen1668 og 1670. Søndingen! 1723. NG heilgarderer ved å seie at syting både er «Ængstelighed, Bekymring, ogsaa Omsorg. Det kunde vel helst være den sidstnævnte Betydning, som kunde faa Anvendelse i et Gaardnavn, dog ogsaa de andre, ligesom der findes Navne som Graaten, Jammeren… Foranledningen kunde nok ligge i, at det er en afsides Heiegaard». – Nja, emosjonelle gardsnamn er truleg unnatak, og dette fortel heller om syting f i tydinga «stell av dyr»; sytingsrein er «rein som fastbuande bønder har til syting hos reindriftssamar» (Helgeland), òg kalla sytar-rein, og den som utførte slikt arbeid var rein-sytar (NO 11:388-389), sml ss sujhtie, og det ss sujhtedh v er å ta seg av og pleie, i vid meining.
Sødal |»sødal| gnr 33 Oddernes >Kristiansand: skr Syfve- og Sauff-, Sau-, Søff- og Søf- utetter 1600-talet. Forledd helst ss såafoe, såafa, såahva: frodig område med lauvskog og gras langs ei elv el. mellom elvar som møtest; frodig område med lauvtre (bjørk) mellom elvar som renn i hop; i sørleg ss dessutan «lysning i bjørkeskog». Der er variasjonsrikdom i skriveformene: suofa, suohwa, suohfo, soafa, soahfa, sohwa (app 825), i usms form også Søve (Nome og Steigen). Det er vel å merke nokså regelfast at samisk suo– får uttalen sau– i norsk, då skr Sø-.
Søysdal |’søisdal| gnr 41 Froland. Skr. Søffuiß- 1593, Søffuis- 1601,1610,1611, Søß- og Søffuis- 1626, Søiffuis- 1670, Søfves-dal 1723. Ei sannsynleg tolking er eit adjektivsk forledd laga med s-suffiks til verbet sivved, suvved «gro til, gro over», sagt om ein stig (Hasselbrink I: 174).
Sådland |»såddan| gnr 137 Lyngdal: skr Saad- 1594, Soudt- 1612, Soud- 1619, Soed- 1668, Sodland 1723. Til garden høyrer ein god del våtmyr, då særleg på vestsida av Vatlandvatnet, så forleddet tilsvarar vel ns sǭwdu «hengemyr» (app. 801), jf Sudland. Dei eldste skriveformene talar for det. Dagens uttale med kort vokal er eit motargument, men er neppe avgjerande.
t
Tarmevika |»tarmevīa| bnr 109,20 Nes >Flekkefjord er grunn langs landet, men omkring er det bråbratt både i framkanten av hammaren Tarmevikknuten så vel som langs sjølve vika på land, men ute ved Tarmevikneset blir det også brådjupt i sjøen. Tostavingsforma Tarme– viser at eit spesielt ord er ute og går: Forleddet tilsvarar ns dearbmi, både «elvemæl» og «bratt bakke ved vatn». Det er likeins å forstå at ei vik i Kongsberg heiter Tarmen, men at ei langsmal tjønn i Namsos heiter Tarmen går derimot sikkert på det norske ordet tarm m.

Tarmevika, Tarmevikodden og Tarmeviknuten, Flekkefjord. Kartverket.
Tarvesheia |»tarvesheia| bnr 32,10 Hornnes >no Evje og Hornnes. Forleddet er meir likt ls tarves-, tarvas– darvas– og darvas-muorra ‘tjære(ved)’ enn ss dervie ‘tjære‘ og dervie-moere. Merk likevel at ss darvesjidh er å «kline til med tjære» (oslo 219 o.a.). Venteleg var det furuskog på Tarvesheia.
Tessåk |»tæssåg| gnr 84 Gyland >Flekkefjord 185,4 er skr Teßager 1594, 1600, Tesagger 1619, 1668, Tæsager 1723. Inngår i ei relativt stor gruppe med namn, bl.a. gardsnamnet Tessdal ved Litledalsvatnet i Etne, vidare innsjøen Tesse med utfallsstaden Tessosen for elva Tessa (med Tesskrokan); ho fell ut i Vågåvatnet på Tessand. I Tinn har dei vatnet Tessungsjå.
Rygh påpeikar at Tessåg ligg nær eitt av fleire tilrenn til Kumlevollvatnet; også Fedåkvatnet er nær nok. Skriveformer på –ager, –agger garanterer slett ikkje at etterleddet er –ákr, endå det er tolka slik, det kan «efter Situationen» like snart tilsvare ls oagge «liten innbøyg i strandkanten», dessutan «høl, stillelv», vidare «Wirbel über einem Steine in Strömen» (app 674): Noko av det er relevant for Fedåk med. Forleddet Tess- er ss tjaetsie «vatn» der framlyden tj– må ha hatt så trong uttale at det likna måten mange austlendingar seier ordet «tjeneste» på.
Timenes (øvre og nedre) gnr 64 og 66 i Randøysund >Kristiansand framstår på kart meir som eit lågland avbolka av store bergknausar enn som eit nes, men her må ein ta atterhald for landheving. Forledd er sørleg ss tjiemie «komme der det er lægst så dei ikkje blir sett (om rovdyr), lure el. åle seg fram i lægdene», eller òg: «stikke seg attom ein bakke for ikke å bli sett». Forleddet er nokså utbreidd, på Agder er det Timdalen i Lindesnes, Valle og Åseral, i Telemark er det Timdal i Hjartdal og Timdalane i Tokke, på Jæren er det Time, i Stryn Timehaug, osv.
Titland |tītlann| gnr 24 Fede >Kvinesdal, gl buplass ved Titlandsvann, har våt-myrar mot NV. Også Titland |»tittlann| Kvås gnr 239 >Lyngdal har mykje myr, og spesielt Titlandsmyra 240,4 i nord. Vidare Tisland |» tislann| eller |»tītlann| Laudal gnr 17 >Lindesnes 617: Skr Tit-, Thiedt-, Thidt- kring 1600, Tis- 1668, Tids- 1723. Tit– er ein uttalevariant av ss diedtjie «vassjukt område, dike».
Tjaldal |»ᶄall-| gnr 6 i Åseral er skr Tiel– i 1668 og 1723: På Tjalldalsfjellet på austsida av Tjaldalsvanet er det ein 707,5 m rund topp, isolert frå fleire mindre i nærleiken. Det leier tanken i retning tjaalle alias tjálle, tjällie, tjellie «fristående bergklint el. stor rund kulle» (oslo 221 o.a.) så vel som Tjallingklumpen i Åre i Jemtland (ss parallellnamn Tjalnge), som kan vere ei –ing-avleiing utan omlyd, jf ss tjallinge «hjørnetann», i kontrast til Tjelikruet, eit fjellområde med kollar i Strömsund i Jemtland og Tjällie = Gunnarsstöten i Herjedalen. Det er tvilsamt at tjaale eller tjaalinge er i bruk som norsk gardsnamn, men i det minste har ein lov å tru at namnet Tjalebakken på bnr 704,7 Lindesnes blir uttalt med lang a. Fasongen på lokaliteten er iallfall godt innafor ‘spesifikasjonane’ som er nemnt.
Tjaum |ᶄøm|, |ᶄeum| heiter ein gard i Lindesnes, tradisjonelt skr Tjøm: Berre éi av formene som «Norske Gaardnavne» (b. 9 162) nemner er tostavings, nemleg Tiømme 1612, derimot Thiøm 1619, Tiømb 1668, Tiøm 1723. Avkortinga til éi var å vente, alt låg til rette for falsk analogi med ord som straum og flaum pluss saum, taum, draum! I skrift laga dansken sperre for den slags, men i dagleg tale var det fritt fram for «hypernorvagismen» tjøm >tjaum. Skrivemåten er framleis ustø på kart: Tjaum og Tjaumsfjellet – Tjømshalen, Tjømshavn og Tjømsvågen.
I Tjaum sitt tilfelle nemner Rygh ei hypotetisk opphavsform *Tjómr m og at her kanskje er namne-slektskap med øynamnet Tjøme, og at «Gaarden Tjaum ligger ved Tjaumsfjorden, og Navnet har maaske opr. tilhørt den sidste. Fjorden er ved Mundingen temmelig indelukket, og Indseilingen er ikke ganske let …… Ifølge Kystkartet maa den foregaa gjennem en smal Rende i den ydre Del; mulig kan Navnet sigte til denne». Meir karakteristisk for Tjaum og Tjaumsvågen sett frå havet må likevel vere den langstrekte og lett avrunda fjellrabben Tjømsfjellet: Denne lange og avrunda fjellrabben, noko bratt i fronten, er truleg mest synberr på avstand.
Relevant er ns čopma, som i Polmak og Karasjok tyder «langstrakt forhøining, rabb», i Kautokeino «rundaktig hump», eigtl. «dynge, ophopet haug» (app 172). Det samsvarar òg med čobma «Dynge, Haug, Rabbe, Forhøining» (Friis), så òg sjøsamisk tjomma (utan protetisk stopp): «Hügelchen, Torfhügelchen» (Lagercr. frå Repparfjord). Merk at čomas adj (i sms. form čopme-) er «kupert, med topp på». Også ss tjupmú «trint föremål» er ordbokført, med vising til eit malåsamisk stadnamn Tjupmú-ói’ve (ikkje normalisert skrivemåte) – på svenske kart kalla Tjamstanberget (oslo 230). Skilnaden mellom forma tjupmú og gno. Tjúma, no Tjøme er ikkje stor, for i norrøn tid vart nok *tjupmú forstått som oblik form av eit haugnamn *Tjuma. Dagens uttale av namnet Tjøme med kort ø og dobbel m er vel erstatningsforlenging (jf gno skriveform med lang u).
Tjellås gnr 135 Liknes >Kvinesdal har ein frittliggande knaus. Går for Thielde-, Tiell-, Tield- på 1600-talet. Forledd er ss tjellie, tjällie, parallellform til tjaalle, tjálle sagt om «fristående bergklint eller stor rund kulle», jf Tjelle gnr 134 Etne, som og har fleire slike. Som alt sagt, tjaale eller tjaalinge er neppe å finne som norsk gardsnamn, men derimot kan nemnast gardane Kjelling ytre og indre gnr 47-48 Gildeskål: Førstnemnde har ein frittliggande knaus med dobbel topp, ein jeksel om du vil, no kalla Nakken. Knaus-namnet gjekk over til å gjelde grenda (denotasjonsendring). Det er ein topografisk parallell at ei myr i Kristiansand er kalla Kjellingen, ho har nemleg fleire knattar i sørvest-enden.
I same farta skal nemnast Kjellingdal i Iveland med eit par kollar på vestsida av Krosshei på lag, pluss Kjellingdalen på Vegårshei med knattar på Kjellingmyra lengst ned i dalen. I Kjellingdalen to ulike stader i Åmli ligg dei på sørvestsida resp. nordsida av dalen. Kjellingheia i Lindesnes har mange humpar og knattar, så der er nok Kjellingmyra berre eit sekundært namn.
Gardsnamn med same forledd og likn. lende er Kjellingland gnr 31 Hægebostad og Kjellingland alias Kjerringland gnr 17 Vestre Moland >Lillesand. – Tilfeldig registrerte i NG er bruka Kjellingnes bnr 75,11 på 75 Rosseland >Kristiansand 575,10: Der er ein høg hump på neset. Kjellingøy bnr 19,7 Lindesnes er full av bergknattar, Kjellingås |»ᶄeddiŋǡs| Laudal bnr 21,2 >Lindesnes 621,2 har berre éin markert topp. Også Kjellingbø gnr 138 Farsund har bergåsar og knattar på begge sider, meir unikt i det tilfellet er sms med –bø, pluss det at karta fører opp Kjellingbø, i slåande kontrast til Kjerringdalen og Kjerringdalsfjellan like ved.
Namnebruken involverer gnr 138, 137 og 133.
Tjomsemoen |»ᶄåmsemōnen| gnr 74,5 Søgne >Kristiansand gnr 401 ligg i søre enden av Tjomsevannet. – Rygh: «Hvilket af de to Navne der er det ældste, kan jeg intet oplyse om. Jeg ved ingen anden Forklaring, end at 1ste Led maa være Gen. af hjalmr m., hvorom se under Hægeland GN. 40. Tjomse- maa isaafald staa for Tjoms-; e kan være indskudt for at lette Udtalen». Nja –Tjomsevannet er ganske langt og har eit ovtrongt sund i norddelen, jf omtalen av Tjomsland-gardane i neste avsnitt, medan –se– kan vere gno. –sæ– = -sjø-.
Tjomsland |»ᶄåmslann| Vigmostad gnr 62-63 >Lindesnes 505-506 (namnegard) grensar i aust til det forgreina Tjomslandvatnet, som har eit smalt sund midt på.
Tjomsland |»ᶄåmplann| gnr 114 Lyngdal: Thioms- 1594, Thiømß- 1612, 1619, Tiøms- 1668, Tioms- 1723. Uttalen utan genitivs s kan ha vore einerådande all tid, uavhengig av innarbeidd skriveform. Rygh meiner forleddet er Hjalms– med ordinært l-bortfall, og dei gamle skriveformene for Tjomsland gnr 33 Laudal > Lindesnes 633 overtyder i så måte, men skriveformer tio[l]ms-, tio[l]ms- for dei to andre Tjomsland-gardane er meir forlikelege med ss tjåelmie «sund mellom to vatn», evt «av vattnet skuren kanal i ett deltaland». Bnr 1 på Lyngdal-garden heiter Neset og når heilt ut til det det tronge sundet i Klungelandsvatnet, i skilet mot Farsund. Verd å merke seg er at Lyngdal òg har ei haug kalla Tjålmen like sør og opp av Lonin, ein lang høl i Kvernåni.
Tjore |»ᶄōre| gnr 1 Landvik >Grimstad 71 er skr Thiuræ, Thiurre, Thyrre 1593 (øvre, midtre og nedre), Thiurre 1601, Thiure 1610, 1611 og 1630, Tiorre 1670, Tiore 1723 – pluss Inntjore |»innᶄōre| gnr 23 Landvig >gnr 93 Grimstad, skr Inþiorar 1427. Indtiorre 1670, Indre Thiore 1723. Tjorestranda |»ᶄōrestranna|gnr 2 Landvig >Grimstad 72 heiter er skr Tiorrestrand 1670, Thiorestran 1723.
Tjore- som utmerking går att i ei mengd naturnamn på Agder og i Østfold. Det fører for langt å omtale desse, men gardane Tjora gnr 10 i Sola og Tjoro gnr 480 i Alver i Hordaland må nemnast. På førstnemnde er der små «kvilepausar» humpane imellom, i Alver ikkje så, og topografien Tjore-lokalitetane sett under eitt er mangearta, men forleddet er nok ss tjurrie «åskam, fjellkam, høgd» (føy til: hól, hump, kuv, rabb), også skrive tjorroe (Mankok) «ås, bergås».
Tjortdal |»ᶄoṛṭṭal| gnr 41 Holme > Lindesnes er skr Hiorte fl. ggr. kring 1600, Thiorte 1630, Tiorte- 1668 og 1723 – Tjorteland |»ᶄoṛṭelann| gnr 414 Søndre Undal >Lindesnes, skr Thiorte- 1612, Hiorte- 1619, Thiorte- 1668 og 1723 –
Tjortenes gnr 93 Søndre Undal >Lindesnes 394,6, skr Tiorte- 1668 og 1723: Forleddet i desse gardsnamna er ss tjårhtoe «fjelltopp» = čǫrhtuo (Lagercrantz 655, frå Vefsn) «Berggipfel» (app. 177).
Tjoveneset |»ᶄōvenesi| gnr 68 Bygland, daglegnamn Neset: «Tillægget Tjove- sigter til en Røverbande, som siges engang at have havt Tilhold i en Hule i det bratte Fjeld bag Gaarden». Den folkelege tolkinga av namnet er slik ho brukar vere, men då må langfingra folk ha gått i stimar i gammal tid, for Tjovhellerar, Tjovhol, Tjovlier, Tjovmyrar og Tjovtjønner er det nøgda av, for ikkje å snakke om Tjovedalar. Den sannsynlege tolkinga er meir prosaisk: ss tjovve er rett nok lånord for tjuv, men ss tjovve er òg «spiserør» el. «strupe» så vel som «opning, munning». I stadnamn står det ikkje berre for «strömfåra» alias «Fahrbahn im Bach» (app. 190), men også for pintronge smådalar og passasjar av andre slag, det stemmer visst for Tjuvika bnr 2,13 i Søgne >Kristiansand med. Elles finn ein få gardsnamn på Tjuv-, Tjovve-, men det treng ein neppe grunngje.
Tjurraheia og Tjurrastøa under gnr 26,6 Åseral er ikkje gardsnamn, men bør nok nemnast av di ls čiv’ra les tjuvrra vil seie «villdyr, udyr», og det er avgjort tale om villfjell. Dersom Tjurrastøa var eit område der det støddest (heldt seg) villdyr, ss tjuvrie, tjovre, må det ha hatt konsekvensar for nærliggande gardar.
Tjærsland |»ᶄǣrslann| gnr 141 Lyngdal, skr Tieris-, Thieris- og Thieridz- kring 1600, 1612 også Thierings-, Tiærris- 1626, Tierritz- 1668. – Tjærsland gnr 100 Nes >Flekkefjord 101,2 har same uttale og temmeleg lik historisk skrivemåte. –
Tjørsvåg |’ᶄøssva| gnr 67 i Nes >Flekkefjord, skr Thiers Vog 1594, Tierz- 1600, Thierriß- 1612, Thieris- 1619, Tiørs- 1668 og Tiørsvog 1723. – Alle tre gardane ligg høgt, forleddet tjórris el. tjoar’ris blir sett i samband med ns čoar’rát «vere høgt oppe mot himmelen, stå i silhuett» (oslo 227).
Tjømdalen gnr 35 >Lindesnes ligg midt i eit område rikt på knausar og knutar, som Hoven, Kniben, Stakken etc. Sjå omtalen av Tjaum.
Tjørve gnr 33 Farsund gnr 33 har ganske flatt lende. Ein 22,3 m høg og skarpt avgrensa ‘knott’ Tjørvehaugen oppfor Tjørvebukta synest å vere eit blikkfang.
Kjørvedal gard i Marnardal >6,2 Lindesnes ligg i eit dalføre som heilt i botnen har eit ‘horn’ på 100 m; det er i skilet mot Kristiansand, og her synest grenselina å gå på den range sida! Ein kan samanlikne med at Kjørvedalen bnr 578,243 i Kristiansand òg har to ‘horn’ på 106 og 111 m, heilt i botnen Det er tale om det ss tjåervie, ls tjoarvve, ns čoarvi «horn», tilvisingsformer tjarve, tjärve, tjürve, tjörve (oslo 222).
Tjåmeland |»ᶄǡmelann| er gnr 238 Kvås >Lyngdal. Der stikk ein avrunda, høg haug ut i Tjåmelandsvatnet tett ved. Tjomli |»ᶄǡmli| el. Tjåmli Sirdal bnr 37,16 ligg imellom to slike, Tjomstøl |»ᶄåmstȫl| Iveland bnr 34,2 i Iveland ligg nedom ein. Tjomfet |»ᶄåmfēt| heiter ei slette Birkenes med to avrunda høge humpar tett nordom. Tjomefjell |»ᶄǡmefjell| i gl.Vegusdal hd (som gjekk inn i Birkenes) har ein flatare bergformasjon. I Lindesnes ligg Tjomfjellet (avrunda bergnakke) og Tjomåsen (ruvande og rund) på kvar si side av Mandalselva. – Tjåmetjørn, ho òg i Lindesnes, er omkransa av minst sju runde humpar. Vi har nok også i desse tilfella å gjere med eit ord som tilsvarar ns čopma, i sms. čopme- (sjå Tjaum).
Torborgsdal |»tårbørsdal| er gnr 19,5 Iveland. Forledd er vel ss durrie– «skard» medan ss etterledd –burrie tilsvarar ns borri «ås (med halling til begge sider)»; «skrent» etc., her kan også nemnast Torborg 517,15 Kristiansand, ei høgd like austafor eit skard, jf òg stadnamn som Torborgshei og Torborgskåra (Vennesla), Torborgsmyr (Birkenes, Kristiansand), Torborgtjønna (Kvinesdal): Heile vegen er det tale om markerte skard. Tvilsamt er at desse namna blir uttalt som –borg, og påfallande er at kvinnenamnet Torborg opptrer med genitivs s, men konkrete uttaleopplysningar ligg berre føre for Torborgsdal.
Toskedal |»tåskedal| gnr 62 Landvig > Grimstad 132 blir skr Toßke-, Thorske- 1593, Thorsche- 1611, 1630 og 1670. Vegen mot garden er skilta «Toskardal», då utan heimel i dei gamle skriveformene. Garden ligg ved eit mysøkk med ei tjønn som har fleire tilsig og eit lite avrenn austetter i retning mot Snøløsvannet.
Ei konkret tolking av forleddet Toske- er ss dåedtjie «straumstill, stilt-flytande, med lite vatn», frå Meråker notert tuoččiɛ (Lagercrantz 7943), same ord som ns doaǯ’ǯe «stiltflytande». Dette får både Torskebuhylen i Froland, Torskå i Åmli og Torsketjønn i Lindesnes til å framstå som vettuge namn.
Tregde |»træggde| gnr 32 Halså og Hartmark > Lindesnes: Av historiske former skal nemnast Tregðasund (Formanna sögur), og dei diftongerte Treigde 1630 og Trejgde 1723. Sjøområdet nærast garden er grunt og lite åtkjømt, på begge sider av ei lang øyr ut til Bjørholmen. Tregde er ei ovkort form av ss traegkiedajve el. draaggiedajve [tr-] «trongt område, trongt strøk» (Hasselbrink I: 453).
Tøra |»tȫra| gnr 65 Grimstad er skr Torrendt 1593, Torren 1601, Thorren 1610, Tharren 1611, Tarann 1626, 1630, Tarron 1668, 1670, Tøraae 1723. Garden ligg like framfor foten av Tøraheia, som er ganske bein på den strekninga. Eit skard fører opp på heia åt Tøraplassen: Ein kunne tenke seg ss durrie skard» og «dal mellom fjell», men uttalen med lang vokal og skriveformer som ymsar mellom o, a og ø harmonerer lydleg betre med ss dåara «terskel, tverrfjøl» o.l.
u
Uberg |»ūbørr| gnr 48 Vegårshei skr Vberge 1595, Wberrig 1601, Wberg 1611, 1512, Vberre, og 1668 Wberrig, Uberg. Ligg ved blinde greiner av Storelva og heilt i foten av Ubergsfjell, det opphavlege Uberg. Eit meir sjølvstendig vassfar har ein i Uvdalen i Nissedal (Tel.), med Uvdalsvatn og Uvdalsåna. Det same er å seie om Udalen i Åseral med Udalstjønna og Udalsåna md Fossan – men for oversyns skyld skal òg nemnast Ueland |»ūalann| gnr 17 Heskestad (Rog.) skr V- og W-landt 1521, Ue– 1563, Wue– 1567, V- 1606, W- 1610, Vue– 1616, Wu-, 1668 Vve-, Ufue- 1723. – Unes |’ūnes| på gnr 103,20 Nes >Flekkefjord 203 er ei tungeforma halvøy som stikk ut i den grunne Grisfjorden mellom Gunnastø og Dannvika, og namnet går sannsynleg nok på straumdraget mellom sistnemnde og Byfjorden på søre sida. Uåsen på gnr 35 i Hægebostad har i vest eit vassfar Lauen (stillelv)og i aust Mjåsundet og sundet Tjålmen. Samanlikningsvis skal nemnast Uåa i Nes (Akershus), bielv til Glomma: Kring utfallsosen i Uåa ligg Unes, Uvestad og Uvesund, eit knippe namn frå eit avgrensa område med både reduserte og intakte former av det ss uwe, uwwe «ström, spak ström» (Lex Lap), òg notert uvvē (Arjeplog), uvvie (Hattfjelldal) «spak straum i elv, straum-drag» (app. 869). Jf at Uv |ūv| gnr 35-38 i Rennebu >Oppdal 128,2 er skr i Vfue (AB), W ca 1521, Wff (OE), så Vffue, 1559 Wu(!), Vff 1590, 1624, 1631, Wffue 1626, Vff 1664, Uff 1723. Den garden ligg ved Uvsbekken som fell ut i Driva.
Uldalen |»uldalen|, |»uledalen| gnr 9 Høyvåg >Lillesand 56 Urdalen blir skr Wl– 1670, Ul– 1723. Ligg mellom Urdalstjønnane og Lonene i nordvest og Urevann i søraust og Uldalsheia med Uldalsmyra i sør. – Især med tanke på Urevann kan nemnast at er –ure eit vanleg redukt av ss –jaevrie som sisteledd. Som forledd er det derimot heilt unikt og eigentleg tvilsamt, av di Ul– også gjer seg gjeldande i dette tilfellet. Garden ligg i ein smal liten dal med bratte sider, og lågt i høve til vatnet, og urdar er knapt å sjå. Bra vil det passe med ss *vuelie-daelie «låg dal» på line med vuelie-laante «lågland». Opp frå garden går Finndalen, og Finnheiknuten er like bak husa. – Uldalen og Uldalsmyra bnr 170,2 i Birkenes er ikkje gardsnamn, men har dette til felles med garden i Lillesand at sekundærnamn på Ur– sluttar seg til, som Urdalsknatten og Urdalstjønn, den siste med avrenn til Djupeslått tett nordom: Især det siste viser at *vuelie-daelie er relevant, der òg. Uldal |»ūldal|, |»ūledal| gnr 3 Mykland >Froland 70,4 blir skr Wlle, -Vll- 1594, Wl- 1601, 1611, 1668 og Ul- 1723; også denne garden ligg lågt. – Uldalstjønn bnr 69,2 Froland ligg også lågt og leverer sidevegs til vassfaret frå Berketjønn i vest; vassfaret fortsetter som Langebekk austover.
Ulgjell |»ūjæll|, |»ūdjæll| gnr 67 Vanse>Farsund. Etterledd skr -gil, -giell,- geldt, -gield frå 1500-talet og forledd Ull-, Uldd- o.l., trestavings skr-former ukjente. Etterledd mest truleg avkorta frå app 412 ss jilla, jȧlla «breites, Waldloses Tal», også jalla «stor dal som går inn i fjellet (der kan være skog)». Terrenget opp frå garden og innetter fjellet i nordaustleg retning er karrig snaufjell, med lite skog. Sekundærnamnet Ulgjellskardet indikerer at alt mellomliggande låg eller ligg i Ulgjell sitt vald. Kva som er ‘dal’ (med tanke på definisjonen framfor) er diffust, men Ul- kan her òg lesast vuelie– om lågt lende, for imellom snaufjellflatene er det mange og til dels store myrar innkila.
Utland |»uddan| Søndre Undal 106-107>Lindesnes 407 ligg under Udlandsåsen og nær Udlandsvannet. Skr Vdland 1557 og 1594, Wdland 1668, Udland 1723.
Udland |»ūdann| gnr 148 Lyngdal, er skr Wll-1520, 1523, så Ulle-, 1594 Ull-, men Ud– 1612, 1668, 1723. Er låglendt, ligg ved det myrlendte Utlandsvannet. Så i begge tilfelle passar ss vuelie-laante «lågland»; lydutviklinga steg for steg i dette og liknande tilfelle er visst greitt nok forklart i NG.
Uldalen (naturnamn) bnr 15,5 i Vennesla er renneforma og rett. Kva samband namnet evt. har med Ulsgrenane ein stykke lenger nord er usikkert. – Ulenes |»ūlenes| Fjære gnr 28 >Grimstad, skr Vll- 1593, Ul- 1601, 1610, 1611, Wlle- 1668, Wlffue- 1670, Ulle- 1723 har same preget, tvers over halvøya går ei brei utsparing frå Osterkilen til Vikkilen, med garden på høgaste punkt. Sørspissen av halvøya heiter Ulehauet, det tyder på ho hadde eit særskilt namn? – Ulland |»olann| Hitterø 5-6 >Flekkefjord 6,4 er skr både Vlle-, Ulle- frå 1594. Ned til sjøen frå garden går eit par smale, beine dalrenner. – Ulleland |»ollann| gnr 32 Feda >Kvinesdal er skr Vlle- 1594, 1612, 1619,1668 og Ulle- 1723, og der går eit renneforma skard mellom to jamhøge berghausar. – Ullerøy |»uldri| gnr 92 i Spind >Farsund 217,20 blir skr Ulderø, Vllderø eit par gonger kring 1600, elles Vller-, Wller-. På begge sider er tronge straumsund, men øya er også delt midt på av eit tverrskard. – Ullerøya i Lillesand har fleire minidalar tvers over både i norde og søre halvdel.
Det er uvisst om alle namna høyrer til same kategori: ‘dal-renner’ kan jamførast med gno. áll om ei djup renne i botnen av elv el. sund (ns oalli), jf djupål, men ordet har noko sikrare feste i ss ulle «Furche, die sich auf der unteren Seite der Schneeschuhe befindet», fòr (fure) midt på undersida av skier, dss ulleme «die Rinne unter dem Ski». Her viser Hasselbrink til Røros og Bergslands notat, men sistnemnde seier det meir ordknapt i si ordbok: olle, olleme ‘rand under ski’.
Mankok omset sv ränna, spånt [not, fals] med ss ulle, seeve, men har også ulle som eitt av fleire ss synonym til sv fåra ‘fór, fure’ (men ikkje til rand). Kinkig er at «rennene» midt under skiene nettopp vil etterlate seg «render» i skisporet. Så kan hende er det ikkje tilfeldig at glsv ål også kunne tyde langstrekt åsrygg (de Vries)? Har då Ullerøya bnr 10,10 Flekkefjord fått namn av dei ovtronge sunda på begge sider av øya, eller den langstrekte, litt bratte hammaren midt etter øya? Parallelle høgdedrag er iallfall særmerkt for innmarka på Ulltveit |»ulltveit| gnr 10 Gjerstad, skr Vl- 1593, Vlle 1593, 1601, Wl- 1601, 1611, Wld- 1670 osv.
‘Navnegranskerens kvaler’ er likevel ikkje over med dette: ns ul’li vil også seie «flo» (kontra fjære) og hadde før ei vid tyding «Flom, Oversvømmelse» (Friis). Kor utbreidd det siste er som forledd i stadnamn, er usikkert: Udland gnr 148 Lyngdal ligg ved det svært myrlendte Utlandsvann som truleg blir mykje større i snøsmeltinga. Ulevåg |»ūlevå| gnr 29 Dybvaag >Tvedestrand 92,7 er eigentleg Ulevågkilen, stengd men med sjøkontakt via mjåsundet Stokken. Gardsnamnet er skr Ulle- 1489, Vll- og Vl- 1593, Wl- 1601, 1610, 1611, Wl- 1670, og Rygh er sikker nok: «Utvivlsomt *Urðarvágr, af urð f., Ur, hvad der passer til Stedets Beskaffenhed». Tja, steingrunn er der saktens, men straumen i Stokken ved flo og fjære er vel meir synberr? – Overfløyming er kanskje òg relevant i samband med lsdalstjørnane i Uldalen (nordom Finndalen) Lillesand gnr 56 og like eins Ulsvannet med Ulsholmen, Ulsvassmyrene etc. i same kommune.
Unndal |»unndal| gnr 37 Holme >Lindesnes 119.12 er skr Onne– 1492, Wnnde– 1604, Om-(!) 1630, Wn- 1668, Un- 1723. Interessant er å sml med Unndalen bnr 73,2 Kristiansand, som ligg like oppfor Unnevika og mot sør er avgrensa av Unnevikholmen, i nord av Ådnevikneset med Ådnevikholmen like utom!
Her skimtar vi sørsamisk formveksling: onne (liten, lite), men ånnetje (litt) osv.
Ådne- er dialektrett norsk.
v
Vadrås 49,15 ligg under Trommefjellet i Birkenes. Gardsnamnet er skr Waade Rou 1668, Waadrow 1670, Waadraa 1723, det speglar ss vaadruo, vaadraa dss vaardaa, vaarduo (Bergsland: vaarta, vaartoe) «lågt og til dels skogkledd fjell eller fjell som ligg for seg sjølv i skogen, skild frå høgfjellet» (sjå Hasselbrink III: 1399). Isolert på nettopp den måten er òg Vadråsen i gl. Audnedal hd, no gnr 419 i Lyngdal.
Valborgland |»vallbelann| gnr 46 Landvig >Grimstad gnr 116 blir skr Wolberg- 1593, 1601, Walborg- 1610, 1611, Woldborrig- 1670, Walborg- 1723. Veksling mellom Valberg- og Valborg- ser ein den dag i dag ved nokre tilsvarande namn i Øksnes, og ut over det er å nemne Valborgslåtte i Drangedal, Valborgstranda i Porsgrunn og Valborgtjenn i Marker. Forledd er ss vaellie (app 886) «lågfjell (-framspring) mellom høgfjell og flatland/skogland», etterledd er borri / bårre / burrie «snau bergrygg, (avrunda) åskant» o.l. Dette stemmer alle stadene.
Vanse |»vannse| som soknenamn er uvanleg grundig dokumentert ved formene Vanesyn år 1311, 1339, til Vanesynar 1328, Vanaseims s. 1421, Vansyns s. og a Vanyssyn 1422, Vansynæ 1444, a Vanasyni 1446, a Vansyn 1476 – òg a Vansyne i 7-8 andre tilfelle på 1400-talet; meir avspora Wansyaa 1479 og a Wansio 1523. Det er for øvrig på 1400-talet at forleddsforma Vana– og det avkorta Van– syner seg, på 1300-talet er det Vane– som gjeld.
Vanse som område kan grovt sett synest vere strøket der vassfaret Brynebekken – Løgan med tilrenn frå Brastadvatnet 2.5 m.o.h. og Prestvatnet 3.0 m o.h. fell i Nesheimvatnet (0,3 m o.h.), men Vanse kyrkje ligg i grunnen ved utfallsosen frå Prestvatnet, og Vanse synest etter namnebruken på karta å vere strekninga langs denne elva nedetter, til ho møter elva frå Brastadvatnet, og truleg eit stykke til.
Upåakta men viktig er at gno. vatn er oppført i «Lappischer Wortschatz» med ss låneform vahne frå Meråker – Stjørdal: «See, Wasser (nur in Ortsnamen)», med vising til Suvnvahne = Sonvatnet el. -vatna (Has. III: 1275). Det finst eitt døme til: Vansum |»vannsomm| gnr 78 i Nes (Akershus) er skrive Uatzhæim i latinsk diplom 1312, derimot Vansæime [lille] 1325, Vandtzem 1578, Wandtzhiem 1594, Wandsem 1666. – Rygh sa om skrivemåten Uatzhæim at «den fra DN IV anførte Form er utvivlsomt feilagtig», vidare at «1ste Led kan vel indeholde det samme, med Hensyn til Betydning og Oprindelse usikre Ord, som vi have i Vanesyn …. nu Vanse paa Lister». Det første er vel diskutabelt, det siste kan vise seg å vere rett, jf alt «vannet» i bekkane på sjølve Vansum, attåt Herremyra i sørvest.
Vansum er eitt, men kva med det noverande Vanse og skriveformene Vanesyn og til Vanesynar på 1300-talet? Slåande er at elva frå Prestvatnet renn i ein stor boge til ho møter den frå Brastadvatnet, og så kjem det ny krumning. Ordet for den slags er ss syjje (Hass.: süjje), så Vanse kan vere *Vahne-syjje el. –syjjeh flt «vasskroken» el. «-krokane». Tilføying av bunden norsk artikkel kan ha ført til –syjje-n > –syn, eller like snart er det avkorta form av ss inessiv flt.-syjjine, det kan ein ta skrivemåten til Vanesynar år 1328 til inntekt for. Høgst interessant er at Synet (les syne) står oppført som eit parallellnamn på Elvakrokane i Stad k. Også markerte elvekrokar i Luster og i Kinn heitert Synet, og fleire døme finst.
Vegusdal |»veggusdal|, i nabosokna Mykland |»vĕkusdal|, er gnr 11 i Vegusdal > Birkenes 135. Skrivemåten for gardsnamnet frå slutten av 1500-talet og utetter avvik lite frå dagens, men for soknenamnet når dei attover til mellomnorsk tid: i Veikolfsdale 1348, Veikundals s. 1430, Weykwlsdall 1478, derpå Wegusdall og Ueggusz Dalle kircke 1564.
Rygh resonnerer slik: «Efter de ældste Skriftformer …. er Navnets gamle Form sikkert Veikolfsdalr, sms. med Mandsnavnet Veikolfr, som ikke med Sikkerhed kjendes ellers. Det er maaske ikke et gangbart Mandsnavn, men Navnet Ulfr med det foranstillede Tilnavnsadjektiv veikr, svag». Underleg er resonnementet om «Mandsnavnet Veikolfr, som ikke med Sikkerhed kjendes ellers», like fullt «er Navnets gamle Form sikkert Veikolfsdalr». Isolert sett har har mannsnamn-teorien fonetisk dekning i formene Veikolfs- 1348 og Weykwls- 1478, då det er ordinært at innlyds-nasalen -n- i Veikun– og Veikon– vart Veikul-, Veikol-, men det heng ikkje lenger på greip når forma Veikun– er i bruk så seint som 1430.
I dei mellomnorske skriveformene i Veikolfsdale 1348, Veikundals s. 1430 og Weykwlsdall 1478 «stikker det» heller ein karakteristikk av dalføret der garden ligg: Skriveforma Veikun– peikar rett mot sørsamisk vaajkoen (var. vaajhkan) «lite om, smått om» (sml. vaikoen «enfald» hos Mankok), men også «den el. det einaste», «solo-» eller «den el. det siste». Er også skrive vaajkuon el. vaajkaan, sideformene vaikanes, váihkënës går på det same.
Vegusdal er unikt som gards- og bygdenamn, men Gol i Buskerud har ei sæter Veikulvollen «paa Sydsiden af Veikulnatten, en høi Fjeldnat med Varde. I Nærheden ligger det bugtede Veikultjern» (NG 5: 105). Uttalen av namna blir ikkje nemnd, men vassfar-tenking er i fokus: «Første Led hører vistnok til víkja ‘vige tilside’ og har muligens betegnet ‘bugtet’. Maaske er beslegtet svensk Sjønavn Veckeln (af udpræget Bueform) og andre … Ligesaa hører vistnok hid Veikle i N. Fron GN. 138 ved Elven Veikla … og Veikle paa Ørlandet».
Skriveformene som finst av Veikle-namna viser klart at sambandet med Veikul-namna i Gol er tvilsamt. At Veikulvollen ligg isolert er derimot sikkert, for han må i hovudsak vere identisk med Veikulstølan like sør for Veikulnatten, medan det blir større avstand til Veikultjern i austnordaust: Etter namnebruken på karta synest Veikultjern å vere søre delen av Glitrefjorden. Kor som er, Veikultjern får tilflyt frå tjernet Runda og har dessutan utfallsosen for Veikulåni (Sagåni), som renn nordvestover. Strøket frå Veikulnatten + -stølan i vest til Veikultjern i aust er namnefattig, og det er ikkje opplagt kva som er primærnamnet: Veikulstølan er små og sannsynlegvis karrige, men den vel 1037 m høge Veikulnatten ligg fritt og er relativt ruvande, han synest å vere eit viktig landemerke. – Vi kjenner med dette til to norske Veikun-|Veikul-namn, men rett austanfor Hattfjelldalen i Nordland ligg på svensk side fjellnasen Vaajkenesnjuenie, eit lågt utstikk eller vedheng på fjellmassivet elles, ‘siste slumpen’ så å seie. Dei tre stadnamna viser at der må vere ein topografisk samfaktor, så vi vil no sjå nærmare på Vegusdal-matrikkelen slik han framgår av NG, der gardsnamna har velkjent norrønt preg: 1Vatne (Lislevann), 2 Øydegarden, 3 Myklebostad, 4 Nordre Tveit, 5 Ljosland, 6 Hovland, 7 Skåre, 8 Flateland, 9 Vågsdalen. Alle er knytte til Hovlandsdalen med Skårsåna, og Vegusdal ville jo blitt gnr 10, men Breisåsen (Breiås-åsen?) søraust for Vegusdal ‘snik i køen’ slik at Vegusdal blir nr 11. Matrikkelen gjer så eit hopp sørvestover til 12 Haukum austre og 13 Engesland øvre.
Studium av ortofoto viser tydeleg at Vegusdal-garden har utkantposisjon i høve til busetnaden i Hovlandsdalen. Endå større er avstanden til dei grøne flekkane med innmark knytte til gardane i sør og sørvest. Samstundes er Vegusdal einaste gardsnamnet blant dei ti opplista der forleddet er utan norrøn meining medan vi lett oppdagar ei når vi legg sørsamisk til grunn, merk først at –daelie <gno –dalr er eit kjent lånord i sørsamiske stadnamn. Krystallklart er det likevel ikkje: Kan hende uttrykte veikun = sørsam. vaajkoen (oe = lang o) at garden låg einsamt til, på line med Veikulvollen alias Veikulstølan i Gol. Var begge sïjteh (samebyar) i utkanten av sørsamisk område?
No tyder vaikoen (=siejmes) også samd («endräktig»), i flg. Mankokog og med hans ortografi, medan vaikoe lik siejhme tyder semje. Ein må kunne gå ut frå at samane på Agder vart tidleg kristna, og då var det kanskje ikkje tilfeldig at det vart bygd kyrkje på akkurat denne staden? Namnet kan då forståast på meir enn ein måte, men Veikolf-hypotesen er den tolkinga som har aller minst for seg.
Vegårshei skrivst «a Wighasheidi» 1378, «a Vigahede» ca 1400, «Wigarshedh» 1432 (NoStl). Forleddet er innsjønamnet Vegår, som opptrer med tilsynelatande gentivsform i mellomnorsk Wighas- og Wigars-, men som iallfall ikkje har med gno. garðr «gard, gård» å gjere. Sjøen er har fleire store «lommar», og størst er Nordfjorden, Vestfjorden og Sørfjorden. Der er også mange tronge straumsund, ikkje minst i Sørfjorden der Storelva fell ut frå Høl, eit anna er Rennsunda der straumrenna er godt synleg på ortofoto. Namneformene på Wighas- og Wigars- lar seg derfor tilfredsstillande tolke som sørlege variantar av skoltesam. vēǥǥaš, genitiv vehkaž «strömställe» (les straumstad), og like klart minner forma Viga- om gards- og vassfarnamn på Veka(-), Vika(-), Vikka(-), Vike(-), Vige(-).
Veiråsen |»veirǡsen| Åmli bnr 43,9. Ryghs merknad: «Det 1ste Led er Veir, som i Bygdens Dialekt baade er Udtaleformen for Intetkjønsordet Veir og for Hankjønsordet Vædder. Med det førstnævnte vilde Stedet betegnes som veirhaardt». Her er berre å seie at gno veðr n «ver, uver» er og blir ei ‘trulaus’ namnetolking, og vêr «saubukk» duger heller ikkje ofte. No er Veiråsen veldig bratt på ei side og hallande andre vegen, så ss væjroe «skred» av stein, snø eller anna bør vere med i vurderinga.
Vemestad |»vǣmesta| gnr 246- 247 i Kvås >Lyngdal er frå først skr Veme-, så Vemme- 1594, Wemme- 1600, 1612, 1619, Wæmun- 1626, Wemme- 1668, og Weme 1723. Gardane ligg på elvesletta på begge sider av Lygna, med bratt og avgrensande fjell mot vest, på austsida mykje slakare. Forleddet må vere eit ss vuemie «vid dal med skog», som i sms kan ta genitivs –n-, slik som i vuemie-n–bovtse «skogsrein», jf skriveforma Wæmun- 1626.
Versland |»verslann| gnr 146 Liknes >Kvinesdal, skr Veris- 1594, Weris- 1600, 1612, Werris- 1619, Wæritz- 1626, Werris- 1668, Weresland 1723. Same namn er Værsland |»vǣrslann|, |’vǣrslann| gnr 76 Bjerkreim, skr Weris- 1563, Weris-1610, Verris- 1616, Weris- 1668 og Werritzland 1723. Kort e-lyd i gardsnamnet frå Kvinesdal kan tale imot, men ein stødig skrivetradisjon i begge tilfelle i sml med terrenget gjer det truleg at forleddet er kontrahert form av ss vaaretje «lite fjell», som er deminutiv av vaerie «fjellstrekning, fjellområde».
Vigesaa |»vējeså|, også |»vīj-| og |-åg| gnr 33 Bjerkreim har gamle skriveformer som minner om desse for Vegår, men som er yngre og meir fordanska: Viges-, Wiks- c 1521, Viges- 1563, Wiess- 1567, Vigis- 1606, Wigis- 1610, Wiggis- 1616, osv. Storå fell ut i Svelavatnet på den staden. – Veggesdal |»væggesdæł| gnr 94 Berg >Halden med elva Fisma viser historiske skriveformer med endå klarare likskap: i Vegæirsdale c 1400, Weggells- 1593, Wegis- 1604, Weggis- 1626, Wegges- 1723. Nemnast skal også Veggesrud |»væggestru|, |»væjjestru| gnr 103 i Sigdal (i Busk.): Vegis- 1578, Veggers- 1593, 1617, Weggers- 1604. Wegers- 1668. Weggers- 1723. Langs stranda ved den garden fell det ei mengd med bekkar ut i Soneren.
Rett nok har desse straumane ymis storleik, men ordet vi skimtar kan knapt vere anna enn ei sørleg form av skoltesam. vēǥǥaš, genitiv vehkaž «strömställe» (les straumstad). Verd å merke seg er at den avvikande forma Weggells– frå Halden 1593 kan vere same forledd som i Vikelsundet som namn på det grunne ifaret frå nordvest inn til Ullerøybukta i Farsund.
Vigmostad |»viggmosta| også |»viggmå-| gnr 53 Farsund: først skr Vemestad, så Wemme- 1594, 1600, 1612, 1619, og Wigmo- 1723. Same uttale har Vigmostad gnr 71-73 Vigmostad >514,16 Lindesnes skr Vigmo- 1594, Wigmo- 1612, 1619, 1668, 1723. Men der når namneformene for Vigmostad som sokn mykje lenger attover: Vigmalstada sokn 1369, i Vimmarstadhom, Vimmarstadha s. i 1414, a Vimarstadom, Vimarstadha s. 1422, Vigmarstath s. 1430. Forma Vigmal– 1369 minner i høg grad om ls viepmal adj, attr. viepmalis «tvärdjup, bråddjup», der «[-p-] «låter snarlikt [t]» (Grundström 1403). – Vigmostad i Farsund ligg djup-lendt til, med bråbratt fjellkant langs austsida av lågaste innmarka. Vigmostad pestegard i Lindesnes ligg på ei stor slette på vestsida av Audna, men under ei bratt fjellside også i det tilfellet.
Villing– er eit forledd (utmerkingsledd) som er temmeleg utbreidd på austnorsk
område, men ikkje på Agder, der vi berre finn Villingbakken bnr 57,2 Vennesla
og naturnamnet Villingskjeran i Lindesnes: Bakken har skakk «profil», det har også skjera, især det høgaste av dei. Her tilsvarar forleddet ss vilnje «skråning», mistolka villing(je-). Annleis å forstå er namn som Fillingmyrane 48,2 i Evje – Hornnes og Fillingtveit gnr 40 Landvig >Grimstad 110,8. Om desse er opplyst i NG: «I Bd. IV, 1 S. 75 fremsættes gjetningsvis den Forklaring, at dette Led er *fillingr m., afledet af fjall n., Fjeld, hvilket kunde betyde: lidet Fjeld». Terreng-formene på stader som Filling i Lesja (sæter), Fillingen i Haram og Fillingsnes i Frøya støttar den hypotesen, og då har *filling ikkje noko med samisk å gjere. Meir uventa er at terreng-formasjonane på stader som heiter noko på Villing– er så å seie akkurat dei same! Det gjer at ein må heilgardere og nemne at «Ordbok til Sveriges lapska ortnamn» fører opp ss –fiele, –fĕle, –vĕle, vielë og –viele nytta som sisteledd i sørsamiske stadnamn, alle som låneformer av sv –fjäll.
Uklart er korleis gardsnamnet Villumstad gnr 2 Hisø >Arendal 302 er å forstå, jf Vellumstad gnr 405 Stange, Villumstad bnr 90,3 Vestby Akershus og likeins Villumstad |»vellåmsta| bnr 812,2 Hobøl >In.Øf. Dei tre siste er gardar i skilet mot ein annan kommune – tør ein tenke på ein samisk variant av *fjellheim?
Vilshammar |»villshammar| gnr 93 Lyngdal, skr Vilrægshamar 1312, Willrick- 1619, Wiricks- 1626, Wilds- 1668 og 1723. Rygh seier: «1ste Led er Gen. af et Mandsnavn Vilrekr, hvortil der dog ikke findes andet Spor i Norge; det findes i Gammeltydsk, Willerîch, og i Angelsachsisk, Wilrîc, og kan i Norge være laant fra England». Lar vi terrenget tale, har vi heller å gjere med ss vilsjie (= vilhtie) «skråning» og eit midtledd –raejkie «hol, opning», som gir *vilsj’raejk-, seinare lydsnudd til vil’raejksj-. Tett ved gardshusa er ein kløfta hammar. Alternativt og aller enklast er å forstå Vilrægs- 1312 som ordinær attributiv form *væjrehkes av ss væjrehke (predikativ) «vidstrekt», då heile gardsvaldet er «hammarland».
Vimrevåg |»vimmrevåg| gnr 18 Hitterø >Flekkefjord, skr Wimmer- 1600, 1612, 1619, Wimbre- 1668, 1723. Garden ligg nærmast i ein minidal og i flg. NG inst i Rasvågen. Dette kan nok stemme, for den såkalla Vågen i nordenden er veldig grunn og ubrukande medan Rasvågen i sør er ein relativt djup poll, på det meste 50 m og nærdjup langs heile det austre landet. Han grynner så opp og er kun ei renne mellom Sønnevik og Vaulevika lenger sør. Denne ‘innsjøliknande’ pollen kunne pga det nærdjupe partiet ha heitt *Vim’ere <*Viepm’ere (jf Vigmostad), eller alternativt *Viepm’mær- «djupsjø-» i kontrast til den grunne Vågen i nord.
Vindvand |»vinnvann| gnr 32 Vegusdal går for Windhofften 1668 og Vindvatten 1723. Dei lange, beine skrentane tvers over sørenden av vatnet fell sterkt i auga, jf ss vïernge ( = veargna) øvre skrent av ei halling (ned mot elv o.l.). Den runde kollen på nordaustsida vatnet heitte vel først *Vïerng(e)hovden: Buplassen låg nær både Vinnhovden og Vinnvann alias *Vïerng(e)jaevrie, så det var hipp som happ kva ein sa om den ting. – Assimilasjonen vïerng‘ > vinn– kan samanliknast med den som har skjedd med gno birna > binna «hobjørn».
Vintland vestre |»vīntlann|, |»veint-| gnr 119 Lyngdal blir skr. Vinndtland 1594, Winnt- 1600, Windtz- 1612, 1619, Vintz- 1668, Winds- 1723. – Vintland østre gnr 149 Lyngdal, er skr Windtz- 1668, Vinds- 1723. – Dessutan er «Vintsland», no Visland, nemnt i lag med Gåstjønn gnr 65 Skafså i Mo >Tokke 143 (Tel.): Gaaßekiøn med Windzland 1665. Gaasetiøn med Wintsland og Ton 1723. Dette er helst skrivar-mistak, då Vislandstjønni like ved er ei veisa (blautmyr). Det er også Vislandstjødna på Visland |»vīslann| gnr 1 Bakke >Sirdal 61,4. Til «veisa-gruppen» høyrer òg Visdal gnr 59 Austad >Lyngdal, og Visdalsmyra i Gjerstad som Visdalen i Drangedal har namn av.
For dei to Vintland-gardane i Lyngdal er den mest sannsynlege namnetolkinga
sørleg ss vïtnjedh «skeivt» og ss vïtnjedidh «gå på skrå (evt. i sikksakk) opp ein bakke». Usagt skal vere om dette er eit lån frå gno. vinda v «snu, svinge» etc. I norsk brukar ein forleddet sne– <snid- «skrå-» i stadnamn som Snelia, -lian og Snebakken, -bakkan(e). Garden Sneland i Meløy synest ha fått namn av bekkar som renn på skrå ned fjellsida der.
Vivesøl gnr 18 Holt>Arendal 65 |»vīvesøl|, skr Viffueßell 1593, Wifuesell 1601, 1610, 1611, Wiffuesild 1626, Wiifuesell 1670, Wivesøl 1723. Rygh meiner, slik som for Vivlemo (neste), at forledd er mannsnamnet Vifill; han held etterleddet for å vere sel n, sæterhus. Etter terrenget på staden synest ei sms av ss vaejvies- «plagsam» og –hyl, -høl å ha vel så mykje for seg. Sjå òg omtalen av Løddesøl.
Vivlemo |»v,ivlemå| gnr 26 Konsmo >Lyngdal 426. Først skr Vrefflemo(!) men så Vefflemo 1594, Vifflemo 1612, 1619, 1626, Weblemoe 1668, 1723. Forledd liksom for Viestad gnr 97 Spind >Farsund 225, utt. |»víesta| i Lyngdal |»víasta|. i Viluistodhom 1341, i Viuilstaudum 1348, seinareViuilstadha,Viluistadha, 1463 aff Wiuilstadha, frå 1594 av Vir-, Wie- Vie-, Wii-. – Rygh er viss på at forleddet er mannsnamnet Vifill og påpeikar: «Den samme feilagtige Form Vilui(s)-, som ovenfor er anført fra to Kilder, forekommer ogsaa ved Vevelsæter i Eid i Nordfjord». – På Vivlemo er høgdeskilnadene små, men i Velvika gnr 242 i Færder, på Viulsrud gnr 68 Drammen og på Velve gnr 79 i Selbu ser ein tydeleg at det her er tale om vel’veɛ alias viel’ve «grässluttning nedanför ett fjäll» (oslo 246). På Viestad i Farsund gjer det seg særleg gjeldande frå Viestadtjønn og nedover.
Vilui(s)- er då slett ikkje feilaktig.
Vognsneset |»våŋsnese| gnr 10 Søgne >Kristiansand 410 er «maaske sms. med vagn m., Spækhugger (delphinus orca)», meiner Rygh. Så kan vel vere, men då er rett oppslagsform heller vǫgn f, vagnir pl medan vogn (heste-) heitte vagn f. Ei innvending er at neset har «rundkrøkt» form liksom tangen Vangen i Røst og Vangpollneset i Sortland, merk ls vagńa «krok», mindre likt ss venkie, vienkie. Overgangen Vagn- >Vogn- har i alle tilfelle fall gått parallelt med den ein ser i vagn f >vogn f (hand-, heste-).
Vormeli gnr 53 Søndeled >Risør ligg på eit eid mellom det store Vormelitjenn i sør og eit litt mindre og no tørrlagt i nord (tilrenn frå Hellerdalstjenn);begge har dei avrenn nordaustover til Søndeledfjorden. – Vormebrokka (det er på gnr 88 i Vennesla) er ein dryg bakke oppetter åsen på vestsida av Kalvedalen, og attom åskanten, i den myrute Sløgedalen, ligg Vormebrokktjønn, som har sitt avrenn vestover til Rendlevatna i Lindesnes. Det har også Indre Vormebrokktjønn noko lenger nord, så Sløgedalen er eigentleg vasskil der. I Vormedalen på bnr 44,22 i Åmli ligg Vormedalstjønn, og herifrå renn ein bekk, først nordover, så med brå sving sørover ned gjennom «Den vonde dalen» – heiter sistpå Merkeråsbekken. I botnen er Vormedalen nokså vid. – Vormvik er gnr 51 Vegårshei, og i dalføret ved den garden renn ein bekk ut i Kleivekilen. – På vestsida Byglandsfjorden er like eins Vormevik å finne, nordom elva der Rysefossen fell. Nedslagsfeltet for det vassfaret er ikkje lite.
Forleddet i alle desse namna er venteleg ss vorrmoe (synonym: njollmede), dvs «tillopp» (Mankok), også skr voarmoe «vattenområde» (Wiinka: 28). Dunkelt er
Vormeviki (på bnr 22,6 i Valle), ei krå eller vik i ei lon i Otra, kanskje er sjølve lona oppfatta som eit oppsamlingsområde for vatn.
Værnesane i Birkenes er to nes, det eine attmed ei innkuva og rund bukt; også
Væringsdalen Bykle bnr 1,10 har same skapet, som òg Væringsåsen gnr 123 i Elverum, men særmerket for Væringsvatna i Bykle er ovlange bratte skrentar: ss vearnga = vïernge er opphavleg ein anatomisk term som gjeld partiet under arma, primært armhola med sine smale kantar. Sjå Vånne.
Våland |»vålann| gnr 150 Spangereid >Lindesnes er skr Waaland 1668 og 1723, og Rygh gjer merksam på at enkelte sa |»vórrlann|: «Hvorledes Udtalen vórr er opstaaet, har jeg ingen Forklaring af», og så gir han likevel ei som er plausibel: «Gaarden ligger for sig selv mellem de lavere liggende Gaarde Møgedal og Njerve, og der fører kun Stier op til den». Det inneber at namnet er avkorta frå ss *vaerie-laante = ls várre-lán’da «bergstrakt» (Korhonen), dvs «fjellområde», ls várre-ednam. Njerve er også samisk. Mest truleg kjem uttalemåten –vórr istf. –vòrr av assosiasjonar med orda vor eller vord i andre tydingar (NO b. 12).
Vånne |»vånne| gnr 5 Evje >Evje og Hornnes 41? Er skr Vadne 1611, Waadne 1668 og 1723. Ligg oppfor Vådnetjønn i ein smal og bein minidal, avrunda i botnen. Visseleg same namn som Vådne |»vǡdne| bnr 17,3 Holme >Lindesnes 99, skr Waadne 1668 og 1723. – Rygh: «Maa være samme Navn som Vaanne i Evje …. Medens opr. –arn i Evjes Dialekt bliver –aan, er det her gaaet over til -å:dn (t. Ex. barn nu bå:dn). Begge Navne tør derfor henføres til en Stamme Varn-. Af herhen hørende Stedsnavne kjendes det gamle Bygdenavn Varna i Smaalenene og den forsvundne Gaard i Varnom i Rakkestad samt *Vǫrn, det gamle Navn paa Vannøen i Karlsø og paa Vand, udt. |’vaᶇᶇa|, en Ø i Lofoten».
Rygh har inga trygg tolking av desse namna, men hans kopling av bygdenamnet Varna etc med ei teoretisk utgangsform *Vǫrn viser at det kunne skje (feilaktig) tilbakeslutning frå samisk veargna (app. 936) til ei slik form. Det gir ei rimeleg forklaring på gardsnamna Vånne og Vådne.
ø
Ørteland |»ørtelann|, |»årtelann| gnr 9 Herefoss >Froland 106 blir skr Ørtteland 1595, 1601, 1612, Ortteland 1611, deretter Wrteland og Ørteland 1668 og 1723.
Forleddet tilsvarar utan tvil kildinsamisk urt (urr’t) «fjellmassiv, fjellrekke utan salar», notert urht (el.-est) i fjellnamn i Arjeplog og i Pite lappmark, på Kola òg ur’te «stort flatt fjell, fjellrygg» (app. 868), på russisk kalla kейва. Dette høver brukbart for fjellryggane nær garden, men særs overtydande for Øydegarden litt lenger sør, nær skilet mot Grimstad.
Øyuvstad |»øiūsta| 29,5 Åseral er skr Øiu-, Øiud-1594, Øyu-1601,1610, Øyuf- 1668, Øyuv- 1723. Skriveformene med f/v kjem seint inn, og l er fråverande, så det er tvilsamt å tyde forleddet som mannsnamnet Øyulfr. Garden ligg under ås-toppen Husbakken 322 m (*húsi = hauss?), men meir dominerande er skolten Høgehei på 490 m: Forleddsformene øiu-, øyu– kjem nok av at sørleg ss åajja «hovud» (også «rund fjelltopp») vart oppfatta som *Eyja, slik at det i sms. med –stað fekk oblik gno form *Eyju-, synleg i skriveformer frå 1500- og 1600-talet. Øyuvstad er ein ‘hovud-stad’ også på den måten at vis à vis Høgehei tvers over den nokså smale sjøen ser ein den endå høgare Knodden (= knollen) på 590 m.
Øyulfsåsen gnr 101 i Tokke er ein gl. buplass, og Nissedal har Øyufshaugane, bnr 33,4. Begge stadene er der runde skoltar, men med ‘kantar’ som kan indikere at eit midtledd –ufs– er med i namnelaginga
å
Ånnesland gnr 53 Vegusdal >Birkenes 177 er skr Onnisland 1668, Aanesland 1723. Garden har ikkje store innmarka, jf ss ånnetje «litt», unnanats, unnanatji adv «något litet» (Lex. Lap.)
Åpta |»åpta| gnr 159 Farsund er skr Aaapte, Optte, Opte t.o.m. 1600 og etter det Offte, Aaffte, Ofte. Kanskje primært elvenamn, jf Åptefossen litt innanfor, men helst går det på den framskytande strandflata i Åptefjord-botnen, og Åptøya der utom har i alle tilfelle framskoten posisjon. Gardsnamnet og sekundærnamna er blitt til som fornorska former av ss åvte– «fram- (pt dialektrett for ft).
Åbål, Åpål, Åbås-, Åpås-: Der er tre gardsnamn på Agder som rimelegvis har same forledd, trass i litt ulik uttale: Abåsland [no skr Åpåsland] |»abåslann| gnr 27 Finsland >Kristiansand 527, skr Abis- 1668, Abes- 1723. Så er det Åpåsland |»åpåslann| gnr 31 Hornnes > Evje og Hornnes, skr Abidtz- 1595, Abitz- 1601, Aabitz- 1610, Aabutz- 1611, Abus- 1668,1723. Gardsnamnet er her liksom elles utlagt som *Apaldrsland, «sms. med apaldr m., Æbletræ, nu her Aapaal; i det tilstødende Nabosogn Bjelland, hvor Æbletræ heder Apaal, siges Apaaslann». Det tredje er Abåsland |»ābåslann| gnr 46 Laudal >Lindesnes 646, skr Abidtz- 1601, Abiß-1604, Abus-1610, Abis- 1610,1630,1668,1723. Det «har alm. været skr. Abesland, Apesland», men dei seint tilkomne skriveformene på Abus– for to av gardane har også vore populære.
Med tanke på gjengs fordansking apald– > abild– kan vi saktens knyte forleddet i Abel(s)nes gnr 32 Hitterø > Flekkefjord, Abelset øvre 48? >Bjelland >699,2 Lindesnes og Abelset nedre Bjelland 49 >Lindesnes 700 til apaldr «epletre», på line med Apålbrotet i Lyngdal, Åbålhola i Grimstad og Åbålviga fl.st. Det er òg så at apal trivst best på opne stader i utkant av kulturlandskapet, men er dermed Åpålberga i Åmli, Åbolsknuten i Vennesla, Åbolheia i Lillesand, Åbolsmyr og Åboltjenn i Grimstad og Åpålskjerret i Lyngdal naturlege veksestader? Kanskje er det så, men blant dei historiske skriveformene av gardsnamna leitar vi fåfengt etter dansk abild- eller norsk apald– i full form, så kva med sjølve topografien?

Åbål i Vennesla. Kor sannsynleg er det at bruket har namn etter ein apald som voks der, og ikkje etter det særmerkte berget? Kartverket.
Åbål bnr 3,3 i Vennesla 3,3 ligg kloss inntil ein avrunda, men brattkanta strandhammar, medan Åbål gnr 4 Birkenes har ein rund, bratt bergknute på 155,5 m i bakgrunnen. No kunne ein ta desse to gardsnamna for å vere *åbol ettersom dei ligg ved ei elv, men det gjer ikkje Åbol gnr 38 Sandefjord, og Åpålen gnr 16 i Tinn saknar både elv og å, derimot har parten Nord-Åpålen ein bratt berghump. Noko heilt for seg er gardsnamnet Åpoldo i Ullensvang (Hord.) med eit berg i strandkanten så særmerkt på form at det liknar åburd til båtfeste, men alle desse namna ligg utanfor språkvaldet for rð > tjukk l. Om no ikkje det var døme nok, Apalen både i Kviteseid og Sandnes er avrunda, men brattkanta hamrar i fjell, slik også Aplane i Sogndal er det. Neppe veksestader for epletre?
Eigentleg treng ein ikkje hente døme på den slags andre stader, Agder har ca 10 Åpåldal‘ar (forleddsvariasjonar Åbåls-, Åpås-, Apol-) som er nokså små og lite nemnande, men i botnen eller på sidene av desse finn ein atter og atter smale og avrunda ryggar, skråstilte, men likevel bratte til ein kant. Åpålberga 13,1 i Åmli er alt nemnt, der ligg den eigentlege *åpålen like framfor, utan å vere namngitt.
I Åbålbukta i Lillesand er visst Åbålen eigentleg den langsmale holmen utanfor vika; han har fleire bratte bergknattar. Abåsefidå 704,7 i Lindesnes er ei slette, kloss inntil nordsida av ein bratt knatt, Åpålskjerret 461,2 i Lyngdal har mange slike i nærområdet, og Åbålsknuten i Vennesla er jamhøg med andre toppar tett ved, men skil seg ut ved å ha den forma som alt er skissert.
Åbålviga finst fleire stader: Den i Grimstad har fleire bratte knattar, men ein på nordsida skil seg ut. Vika ved Fløresund i Lillesand ligg mellom høge hammar-søyler, den ved Bliksfjorden i Lillesand ligg på nordsida av ein lang og avrunda, men brattkanta hammar. Ved Åbelviga gard i Arendal er fleire bergknattar, men den «rundbratte» mot Rånehølen på nordsida er mest særmerkt.
For mange vil det vere utenkeleg at namn på Åpål-, Åbål- ikkje har med apal = epletre å gjere, endå Apalen og Aplane som namn på hamrar er «mistenkelege». Siste ord om det er ikkje sagt, men det synest vere slik, at i det forleddet vi talar om, inngår noko som tilsvarar ls bållne «tuva», «liten rund kulle; tuva» (Spiik, Korhonen), ns boldni «haug; nokså høg hump; tuve» = ss balnie, belnie, pelnie, også i sms gergie-balnie «tuve av stein, dekt av torv». Merk òg den omsnudde sms ss belnien-åejjie «gras-art som veks på tuver». – I forleddsvariantane åbål-. åpål-, åpol-, åbel- har det aktuelle ordet for ‘tuve’ fått eiga utmerking (forledd) i form av å– <ss åajja el. åejjie (el. Mankoks oajvie) = hovud, huvud, rund berg- el. fjelltopp, kombinert med –boldni, –bållne el. –belnie, der -ni-,-ne-,-nie- enten vart tolka og brukt som etterhengd norsk artikkel –en, som naturlegvis forsvann når Åpålen, Åbålen, Abålen i sin tur vart forledd i ei ny sms.
Årak– er eit forledd ein finn i fleire variantar, så som Åraksbø alias Åraksbygd gnr 27 Bygland, sml Årak bnr 29,3 Vindafjord med Årikstad gnr 37 Vegusdal >Birkenes 161,4. Årisstad gnr 84 Spind >Farsund 189,17 synest ikkje høyre til, men heiter likevel Aarigstad så seint som 1668. Til grunn ligg árak-, ss aarege «steinut område», både «med småsten täckt mark, moränlager, blockmark (där snön ligger länge kvar på våren); tamligen jämn grustäckt steril mark uppe i fjäll nedanför topparna, där jöklar nyligen delvis har töat bort og där renarna brukar stå när det är varmt om sommaren. Nordiskt lån: fno. hǫrgr stendynge, dob af sammenlagte stene, urn. ack *haruɤa» (oslo 51).
Åvedal gnr 60 Sirdal ligg der Føråna og ei rekke andre åer og bekkar samlast til ei elv som går til Podlen og Ovedalsvatn: Øksendalsåna heiter det vassfaret som då blir til. Åvedal gnr 7 i Lund (Rogaland) ligg ved ein avsnørt vasslomme dit tilrenn kjem især frå vest, men òg få aust. Dette er nordenden av Åvedalsvatnet, der vassfaret startar som via fleire ledd leverer til Sirdalsåna. Forleddet Åve- i dei to namna ter seg som ei sørleg form av ls oajvve «hovud» (Mankok: oajvie), sagt om øvste del av eit vassfar. Eit tvilstilfelle er Åveland gnr 18 Froland, der ein kan sitere NG: «Aavelandsgaardene ligger i to Klynger, temmelig langt fra hinanden, og mellem disse er et Ovelandstjern, som har eget Afløb mod øst til Nidelven. Første Led i Navnet indeholder rimeligvis dette Afløbs Navn». – Det siste er tvilsamt, for gardsvaldet sender fleire andre småbekkar rett til Nidelva, pluss eit sike til Boråstjenn; frå Åvelandsdalen renn og den store Songebekken nordaustetter. Alt dette viser at Åveland med det høgtliggande Åvelandstjenn er eit kjeldeområde for seg.
Åvesland gnr 100 i Hægebostad ligg beint sør og ned av den høge runde hausen Husfjellet og har fleire runde skallar elles. Åvesland gnr 162 Evje og Hornnes har òg låge runde haugar kring sjølve garden og høgare nutar i bakrunnen. Husa på Åvesland gnr 175 i Lyngdal ligg på og mellom runde knausar og langvorne åsryggar med humpar på. Forleddet i desse tilfella synest vere ei sørleg form på –etje, –edje som tilsvarar ls oaivátj «lite hovud» (deminutiv).
Litteratur:
Bergsland, Knut & Magga, Lajla Mattsson 1993: Åarjelsaemien-daaroen baakoegærja / Sydsamisk-norsk ordbok. Oslo – Kautokeino.
Collinder, Björn 1964: Ordbok Till Sveriges Lapska Ortnamn (forkorta oslo) Uppsala.
Fritzner, Johan 1867 (4. utg. 1973): Ordbok over det gamle norske Sprog. Oslo-Bergen-Tromsø.
Grundström, Harald: Lulelappisches Wörterbuch – Lulelapsk Ordbok.Uppsala 1946-1954.
Hasselbrink, Gustav 1981-1985: Südlappisches Wörtebuch. Uppsala.
Grundström, Harald: Lulelappisches Wörterbuch – Lulelapsk Ordbok. Uppsala 1946-1954.
Lindahl, Erik og Örhling, Johan 1780: Lexicon Lapponicum eller Lapsk Ordbok. Skellefteå 2015.
Norsk Ordbok 1966-1914. Oslo. Det Norske Samlaget.
Qvigstad, Just 1893: Nordische Lehnwörter im Lappischen.
Christiania.Qvigstad, Just 1938: De lappiske stedsnavn i Finnmark og Troms fylker. Oslo.
Schmidt, Tom 2009: Nøvn vesta åsen. Oslo.