Beiske

Beiske gnr 122,17 i Farsund ligg på nordvestre sida av den ruvande hammaren Beiskefjell, som på oversida er bortimot friskoren frå det nærmaste fjellpartiet. Ruvande er òg Beiskedalsfjellet på austsida av Beiskedalen (ikkje buplass der) i aust mot Veisævatnet i Flekkefjord.

Ein har har her å gjere med eit namneelement godt kjent i Finnmark og Troms, ns beaski, som både kan stå for «(berg)klubb» så vel som «smal passasje på fjellet», men relevant nok er også «eid innafor ein klubb», vidare «det smalaste på eit nes» (skoltesamisk) etc. Faktisk er *beisken i Farsund og Flekkefjord dei mest ruvande, men i nordnorsk kontekst er den framskotne djupt fråskorne Pesken i Nordreisa (òg kalla Avløysa) truleg meir representativ.