Brudanger

Det historiske områdenamnet Brudanger i Gildeskål har god klang, men kunnskapen om det potensielle fjordnamnet er sparsam, med unnatak for Petter Snekkestads artikkel «Ting og grenser i Gildeskål» og Frode Iversens «Hålogaland blir en rettskrets», begge i tidsskriftet «Heimen» 2015. Hos førstnemnde står fjordnamnet Brudanger sentralt. Formålet med min artikkel er å oppnå sikrare plassering av namnet, og kva det tyder eller iallfall kan tyde.

Omtalen av Brudanger som ‘Gammelt bygdenavn’ er i NG plassert sist i bolken om Beiarn hd. og ikkje Gildeskål. Det er truleg årsaka til at ein for ikkje lenge sidan såg, blant nettfakta om Beiarn kommune, at «Beiarn gikk i tidligere tider under navnet Brudanger». Det framstår ganske forvirrande, så det er all grunn til å prøve å finne ut kva kjeldene eigentleg seier:

«Norske Regnskaber og Jordebøger fra det 16de Aarhundrede» ligg ute på nett (Nasjonalbiblioteket), og vi går til b. 3 s. 205-207, der det er ei namneliste kalla «Aff Gwldskaalenn oc Brudanger: Skat». For oss er det ikkje skattytarnamna, men gardsnamn-rekkeflg. som interesserer, og dagens gardsnummer er føydd til for at det skal vere enklare å få tak i rekkeflg.:

17 Oppsal, 79 Sandvika (i Alsvika), 63 Skjelvika (i Holmsundfjorden), 77 Sæter (i Ravika), 73 Mårnes, 72 Våg, 71 Lekanger, 70 Hustad, 81 Nordarnøya, 82 Sørarnøya, 69 Horsdal, 84 Fleinvær, 90 el. 92 Femris, 27 Sund, 21 Skauvoll, 25 Inndyr, 20 Finnset (Sør-), neppe 57 Finnset v/Telnes, 24 Jelstad, 91 Sandnes = Sør-Sandnes på Femris? (Rygh trur snarare 29 Sandnes austre/midtre nordom Myklebostad), 23 Dal og 88 el. 89 Fugløya.

Vi merker oss at Gildeskål som distriktsnemning er med i overskrifta (Salten er neste distrikt), men blant gardsnamna har ikkje Gildeskål kome med, for presten er ikkje ordinær skattytar. Merk at Sørfjorden er tradisjonelt rekna frå og med Inndyr og sørover, i flg. gildeskålværingen Bjørnar Thoresen1, så gardar som naturleg høyrer til der er kursiverte.

Gardane kjem i heller god orden, sml. med seinare gardsnummerering, men litt pussig er at det isolerte Oppsal er oppført aller først? Det verkar nesten som litt hastverk, dvs at skrivaren kom til å hugse på overskrifta og gjorde seg ferdig med det eigentlege Gildeskål før han hekta seg på Brudanger-tråden?

Litt til om den sak: Eit diplom datert Bergen 6. sept. 1570 fortel om skiftet etter Thrond Benkestok. Blant alt han eig er oppført «thysse effter schreffnne garder liigger wdij Brudtannger y Gylskoll, preste-gield, Wick iij woger oc ɉ pundtt fisk, aff Siellige sether j wog fisk». Den siste garden er 19 Seljeset. Men Wick – er det gnr 2 Mevika i Gildeskål, både kalla Wiigh og Miduigenn i lensrekn. 1567?

Skiftedokumentet fortsetter såleis: «Thiisse effter schreffnne garder liiger wtij Bierenn, aff Killigenn iiɉ pundtt fisk, aff Telnes j wog fisk, aff Ertenuog iiɉ pundtt fisk, aff Røruigenn ij woger fisk»: Trass i det som ordrett står er jo dette 47-48 Kjelling i Gildeskål,der 56 Telnes òg er å finne, så vel som 54 Ertenvåg. – Lengst sør på Sandhornøya aust for Kvarsnes ligg Røyrvika, som synest ha blitt øydegard i seinare tider? At skiftet plasserer desse 4 Gildeskål-gardane i Beiarn må jo innebere at ein tradisjon om Gildeskål som *sørbeiarn var høgst levande.

Det var ikkje Oluf Rygh klar over då han skreiv om områdenamnet Brudanger: «Det synes dog, som om der i det nuv. Beieren vanskelig er Plads for en Fjord og et Landskab af dette Navn». Om Brud(t)anger seier han òg: «Paa det anførte Sted [i skiftet frå 1570] nævnes Seljeset (Gildeskaal NG 19) som liggende her. Hvis dette er rigtigt, maa Brudanger have omfattet den indre Del af Sørfjorden i Gildeskaal. Man kan imidlertid ikke lægge afgjørende Vægt paa Stedsbestem­melserne i dette Brev, da strax efter Kjelling, Ertenvaag og Telnes (Gildeskaal GN. 47, 54 og 56) nævnes som liggende i ‘Bierenn’» (NG b.16). Det fortel at han ikkje kjente til Årrjelij-Bájjdár som pitesamisk namnpå Gildeskål; ei anna sak er om han evt. ville ha brydd seg om det.

Uavhengig av O. Rygh er å seie, at det evt. sambandet mellom namna Nordfjorden i Beiarn og Sørfjorden i Gildeskål kan vere diskutabelt. Ein kan også lure på om *sør-Beiarn var heile Gildeskål eller stoppa ved Sund? Noko haldepunkt for at Brudanger knyter seg beinveges til dagens Beiarn finst slett ikkje, men vi treng å få Brudanger plassert meir presist i det noverande Gildeskål.

Sørfjorden kontra Brudanger:

Den nokså breie Sørfjorden har to armar i inste delen. Den lengste bøyer av mot sørvest, ein kortare og grunnare heiter Alten. Halvøya desse to armane imellom er ikkje så stor. Vi lagar no eit nytt oversyn med vanleg gardsnummerinndeling:

Midt på halvøya ligg gnr. 17 Oppsal, d.e. uppsalir ‘garden som ligg lenger opp’, jf. det forsvunne Høgset i gnr. 12 Høgsetdalen. Nokså langt inn i Sørfjord-arma kjem så gnr. 18 Gjelset, deretter kjem ein numerisk avstikkar til gnr. 19 Seljeset nærmare Alten, før oversynet vender atter til hovudfjorden og gnr. 20 Sørfinnset litt lenger ut enn Gjelset. Halvøya med Oppsal til midstad så vel som vestsida av Sørfjorden med gnr. 11-16 Valle, Høgsetdalen, Grøtset, Ausa, Oterstranda og Laksådalen synest ha hatt nokolunde kontinuitet i busetnad, men ikkje Alten.

Diplomet frå 1570 fortel at Seljeset ligg i Brudtannger, i Gildeskål prestegjeld, medan skrivemåten i rekneskapen frå 1521 er Brudanger to gonger (orig. s. 108 og 117). No har diplomet gjennomført stavemåte pundtt for pund, så kanskje er Brudt– ein skriftleg unote av same art? I skattelista frå 1521 er derimot skrivemåten Brudanger to gonger.

O. Rygh sa som nemnt: «Hvis dette er rigtigt, maa Brudanger have omfattet den indre del af Sørfjorden i Gildeskaal». Han har jo rett i at namnet Sørfjorden kan løyne eit eldre fjordnamn. Med unnatak for Seljeset ligg alle gardar ved den fjordarma som jamt heiter Sørfjorden, men som i teori kan ha heitt Brudanger. Av den g runn kan det ha vore naturleg å sjå stort på saka og nytte Brudanger som eit områdenamn for òg å få Seljeset med, men Brudanger kan like snart ha vore innarbeidd som områdenamn innarbeidd lenge før diplomet vart til.

Bygdebokforfattar Oscar Berg har flg. å seie om den sak: «Jeg har gått gjennom en del kildemateriale fra senmiddelalder og nyere tid som nevner Brudanger. I flere av kildene brukes navnet tydeligvis som bygdenavn mer enn som et rent geografisk navn på fjorden».

Teorien om overgang frå fjord- til område-namn har likevel tvilsame sider, for sjøverts er Seljeset orientert mot aust og ikkje mot Sørfjorden i vest. Det ser vi mellom anna av at den relativt store forliggande øya mot Altensundet som fører inn til fjord­arma Alten heiter Seljesetøya, forlenga i sør av vedhenget Sørøya. Seljesetøya har ei lang og særs bein nordvestside mot Seljeset-landet. Det tronge og grunne sundet imellom heiter Seljesetsundet, og ved den aller grunnaste delen av sundet ligg Nausthågen, medan lendinga Nordsjøen ligg på nordsida av haugen, mot djupare vatn. Vi tenker at båtbruken var knytt til Nordsjøen, men Naustvollskjeret innafor det grunne sundpartiet vitnar visst om båtbruk også i den søre enden. Brudanger = Seljesetsundet (i utvida tyding) går beint nordover ml. neset Rota i vest og Laksbuneset på Skauvolløya i aust. På vestsida av Rota finn vi òg Nordmarksjøen og Nordvågen alias Skutvågen.

I utgangspunktet treng Brudanger ikkje å ha vore stort meir enn sjølve Seljeset, medrekna Skauvoll austafor når ingen alternativ geografisk plassering fanst for dén garden; dette så lenge vi går ut frå diplomet år 1570. Namne-ekspansjonen kan som før nemnt likevel ha starta langt tidlegare.

Brudanger som administrativ eining?

I «Ting og grenser i Gildeskål» nemner P. Snekkestad fleire forfattarar med ulikt syn på kva omfang Brudanger kan ha hatt som administrativt område. Aller enklaste syn er at dagens Beiarn + Gildeskål opphavleg heitte Beiarn, sml. dei samiske namneformene2. Eller òg fanst der eit Brudanger for seg, attåt Beiarn og Gildeskål, eller som han sjølv er inne på: Brudanger høyrde til Gildeskål, men avvik i grensedraginga kontra Meløy, dvs. mellom sokn og fjerding gjorde det komplisert å fatte kva utstrekning Brudanger hadde og kva som låg i namnet.

Her er litt repetisjon på sin plass: Strengt geografisk er det upåfallande at Meløy fjerding også omfatta Grimstad, Mevika (Vik), Storvika, pluss Finnneset , som kunne vore naturleg skil mellom Meløy og Gildeskål. Men deretter kjem det ei nordvend og skyggefull kyststrekning under høge tindar, ugjestmild og svært langt frå Meløy. Trass i dette høyrde òg Novika – Vigdel – Tingvoll – For – Valle med til Meløy fjerding3 så vel som halve Fugløya.

At det fanst eit slikt grenseland mellom fjerdingane er lokalhistorisk spennande, men i namnebruken er liten indre samanheng. Rett nok tolkar NG gardsnamnet Novika som «den nordre Gaard Vik», i motsetnad til Vik lik Mevika + Storvika på sørsida av halvøya, men dette er fælt så langt frå Novika! I lys av at næraste nabogarden i vest heiter Finnes, blir det meir sannsynleg at No– er ei forkorting av sørsam. njoeje ‘lang slak bakke, veg oppover; unnabakke’ (tenkt frå toppen). Det høver! Å plassere Novika på ein akse nord/sør verkar langt mindre naturleg.

Høyrde Brudanger til Meløy noka tid?

Også Snekkestad reknar i første omgang med at Brudanger er eit tidlegare namn på Sørfjorden, men seinare tar han – av respekt for Ryghs vurdering? – eit anna standpunkt og held det for sannsynleg at Brudanger er eit eldre namn på garden Øysund ved Kunnvalen i Meløy, på den måten at Brud– går på landbrua mellom fastlandet og halvøya Kunna, eller òg at Øysund i eldre tid heitte *Brú og at eit sekundært Brudanger var vika eller vikane som landbrua Kunnvalen lagar.

Mot dette er å innvende at –angr som fjordnamn brukar gå på fjordformasjonar som er tronge inst, slik som ved Seljeset, men ikkje i sjølve Sørfjorden. I dette tilfellet fortel Kunnsundet – så heiter stadig vika på nordaustsida av landtunga Kunnvalen – at før i tida var der ein opning igjennom til Støttfjorden i sørvest. Samankopla blir Kunnsundet og Støttfjorden like vel ikkje ein så overtydande angr som fjordområdet ved Seljeset.

Namnet Øysund vitnar om at Kunnvalen eingong hadde ein opning, det vil seie at Kunnsundet nettopp var eit sund. Så gryntest sundet opp og vart berre ein vâl med ei landtunge på begge sider som sistpå møttest. I lys av dette heilt normale resultatet av landheving kan ikkje *Brú vere det gamle namnet og Øysundet det nye, slik Snekkestad synest meine, det måtte eventuelt bli omvendt.

I det ’vanskelege’ grenselandet mellom Meløy og Gildeskål er det heilt legitimt å tenke seg Brudanger som eige tinglag, ut frå eit elles ukjent gardsnamn *Brú, men det finst innvendingar som veg tungt:

At Brudanger var eige tinglag er lite sannsynleg når namnet ikkje kjem opp før i 1521. Det finst ikkje i Aslak Bolts jordbok, som plasserer Øysund «jn af Stutto» (Støtt) og Vigdel «j Gildaskala sokn»; så kjem Horsdal og Inndyr utan tilføying.

Hovudsaka i Snekkestad sin artikkel synest vere kor området Brudanger truleg kan plasserast og korleis avgrensinga var i høve til Gildeskål og Beiarn, mindre kva namnet tyder, men hans avrunding viser at han også legg noko vekt på det: «Like fullt er det fortsatt usikkerheter knyttet til tolkningen av Brudanger som et eget tinglag. Nytolkningen av Brudanger som et opprinnelig gårdsnavn ved Kunna er avgjørende i diskusjonen ovenfor».

Kva tyder forleddet Brud-?

Diplomet frå 1570 stadfestar garden Seljeset presist: «Brudtannger y Gyllskoll, prestegield». Seljeset ligg tett ved ein særprega bein og trong sundopning eller vâl, men ligg på ingen måte i nærleiken av Sørfjordens hovudarm i vest.

Om norrønt angr i stadnamn opplyser Norsk Stadnamnleksikon «at opphavleg tyding er ‘trong bukt, arm av sjøen’ og stundom ‘(trongt) sund’». Det høver ikkje for inste del av Sørfjorden, derimot veldig bra for Seljesetsundet, som godt kan vere yngre namn på det opprinnelege Brudanger. Som sagt har Seljesetøya lang og rett kant mot sundet. Det minner jo om norr. brúða ’karm, ryggstø på stol = stól(s)brúð, utan at det gir meining! Heller ikkje er skrivemåten Brudtannger i 1570 lett å tolke. Det kunne formelt passe med terrengordet braut, som er særs utbreidd som gardsnamn og får forvrenging i hytt og pine bl.a. pga. endring av au til u: Brøstad i Eidsvoll (Brustad 1666, Brudstad 1723), Brøstad i Nannestad (Bruttestad ca 1575, Brustad 1666 +1723), Farbrot i Farsund (Farbrudt 1612), Holtbrauta i Midtre Gauldal (Haselbrut 1664), Rambraut i Melhus (Rambrut i 1664), dertil òg Sør-Braut i Klepp (Bruud, Brudt 1563), Ytstebraut i Eigersund (Østbruud 1567).

Forskriving av eit evt. Braut-namn i Gildeskål kan òg i meir utvida samanheng samanliknast med Fusch, Fuusche og Fuske for Fauske, Gupin og Guppen for Gaupa i Bindal og Huxnes og Uvog for Haugsnes og Auvåg i Bø. Meir vanleg var likevel at diftongen au vart stava ou, eller i staden vart forenkla til ø.

No blir braut om veg, stig eller far i ei meir opprinneleg forståing definert som veg broten gjennom berg (de Vries), i norsk ordbruk oftast ein veg brøyta i snø, men òg om side av terrasse, bakke, bakkekant (Torp). Islandsk har òg ordet, og færøysk og svensk har variantar. I nordnorske stadnamn blir det lite nytta, men gardsnamnet Brøstad i Dyrøy kan temmeleg sikkert forståast på line med dei to likelydande gardsnamna frå Akershus, nemnt før. – Eit sjøens namneelement er braut likevel ikkje, så i Brud- eller Brutanger sitt tilfelle er det knapt tenkeleg at Seljesetsundet var samanlikna med eit brøytefar i overgang mellom land og sjø!

Namne-elementet Brud- er kjent mange stader, men det som liknar Brudanger mest er nok ferskvasspassasjen Brudesund i Enebakk, som i partiet Trangene er både smal og bein, men dette er frå eit heilt anna dialektområde.

Brud(t)anger er kun ei skriveform frå 1500-talet. Å ta den skrivemåten ’for god fisk’ er litt risikabelt, det ser vi klart når vi samanliknar med det samtidige og geografisk nære Nordskwd (les *nordskud), det vil seie Nordskot i Steigen, nytta i same skattelista. Noko større blir avstanden til Skuttenes for Skotnes i Bindal.

Desse jamføringane gir oss ein mistanke om at Brud- er ei fordansking av brot. men kva med Brudt-? På 1500-talet var Austlandet forlengst etablert som makt-sentrum, med ein administrativ språkbruk i mangt og mykje prega av folk med dansk og svensk bakgrunn, og blandingsspråk oppstod: Alt på 1400-talet ser vi i ymse skriftstykke at brot «brotsverk, forbrytelse» er stava brut og brwt, så vel som brøta sculd), eit austnorsk målmerke i ferd med å breie seg4.

Kva slags brot i Brudanger?

Nettsøk på Brudanger fortel at det både er båtnamn, firmanamn og varemerke, og at det i liten grad er tale om sjølve fjorden – evt. sundet eller grendenamnet. Namnet er unikt, men kun kjent frå historiske dokument. Ved å samanlikne med andre namn kjem vi likevel på sporet av ei truverdig tolking. Terrengordet brot får i stadnamn frå Salten bunden form Brøtet |brȫt| med artikkelbortfall.

Det kan for det første vere tale om (avbrotne) kvistar til fôr eller om krattskog i seg sjølv, jf. Brøthøgget ved Skjeftmoen i Hemnes. Brukt om terrenget kan det stå for (lang) bratt bakkekant, eller også brekke som gongstig: Bakkebrøtet på Ljønesøya i Skjerstad, Brøtan i Sørfold, Brøtet nær Agnesli i Beiarn, Brøtlia i Vefsn, Dalbrøtet ved Alvnes i Steigen og Kvalvikbrøtet i Bodø. Det kan òg stå for ufser eller hamrar så som Brøtdalen i Hemnes og Brøthamran ved Hysvika i Sørfold, men òg ’mildare’ (rundare) formasjonar som Brøtet ved Kvilarmoen i Beiarn og Brøtlia ved Sørfjordvika i Rødøy (jf fær. brot tolka som ‘ombøjning’).

Eit brot kan òg vere ein stad i ei elv der botnen hallar så vassflata vert broten, jf. Brøtet nedom Strokhøla i Saltdalselva, eller vere eit vanleg vad (NO 1: 945ff).

Meir primær definisjon: brot «del, flate som kjem fram der noko er broti». I så måte særs interessant å sml. Brudanger som ’sjøside-landskap’ med Bråtøya i Kragerø, Brødøya i Lindesnes og Brottøya i Hadsel – merk dialektvariantane.

Å vise likskapen med Brødøya og Brottøya.,

Bråtøya i Kragerø.

Eit kjennemerke for dei tre brot-øyane er tronge sund, så oppgrynte at dei ikkje lenger er sund i ordets rette tyding, berre vâlar. Eller formulert annleis, den eingong samanhengande vassflata i desse tidlegare sunda er på fleire stader broten på ein måte som liknar brot i ei stiltflytande elv. Meininga er neppe den den at fjorden og øyane med vedheng og skjer er sundbrotne.

Å vise likskap med Bråtøya og Brottøya.

Brødøya i Lindesnes.

Å vise likskap med Brødøya og Bråtøya.

Brottøya i Hadsel.

Som flg. foto av Seljesetsundet og Seljesetøya viser, er også dette sundet veldig oppgrynt, det framstår ikkje som eit sund i vanleg meining, men meir som ein val. Landskaps-typen eller -situasjonen har mykje til felles med dei tre *brot-øyane: sund som ikkje i det heile, eller slike som berre delvis er sund i vanleg meining.

Å vise at Brudanger, no Seljesetsundet, viser stor likskap med dei tre brot-øyane.

Seljesetsundet alias Brudanger, med Seljeset til venstre og Seljesetøya. Norgeskart.




1Takk også til Inge Strand

2 pitesam. Bajddár = Beiarn, men Oarjjelij Bájddár «sør-Beiarn» om Gildeskål

3«Håløygminne» 1936 s. 448 og 453

4Per Nyquist Grøtvedt, «Skriftspråktradisjon ved Hallvardskirken i Oslo 1350-1450» s. 175 og 141 – og «Skrift og tale i mellomnorske diplomer fra Folden-området 1350-1450» av same forfattar.