Beisland


Beisland gnr 37 Landvik >Grimstad 107 har ustøtt tonem. Rygh seier: «dersom den for mig opgivne udtaleform med Enstavelsestonelag er den rigtige, kunde Navnet være et ældre *Beitisland, sms. med *Beitir som Navn på det nærliggende Vand». – Rygh tenkte her på fiske, men i eldre skriveformer er ingen t. Bruka ligg på eit platå, høgare enn vatnet og dei oppdyrka myrane: Her kan ein tenke på ss bæjjese opp (oppover, oppetter), eller evt. det at garden ligg inn mot grensa mot Birkenes og kan ha blitt oppfatta som høgtliggande på den måten.