Barstad
Barstad gnr 412 i Lyngdal og Basskår gnr 151 i Kvinesdal så vel som Barskor i Tokke (Tel.) gnr 148 er gardsnamn der førsteleddet synest vere ss barsje, nytta om den fjellkanten der ein både ser heilt til toppen og ned i dalen medan skòr er både avsats i ei fjellside og ei flate under ei fjellside. Slik forståing synest høve godt for Barstad i Holmestrand så vel som for Barsåk i Nordre Land.