Særsland og Serstad

Det finst eit par sørnorske gardsnamn med førsteledd Sær-, Ser- der det verkar lite rimeleg å tenke på gno. sær, gen. sævar «sjø», særleg pga. geografi, men òg pga. historiske skriveformer. Det første er Særsland, gnr. 8.9 i Hjartdal, det andre er Serstad, gnr. 152.153 i Østre Toten. Dei eldste skriveformene i første tilfelle lyder «a Særepslande» (to gonger) og «a Særefslande», alle i 1424. Tilsvarande heiter garden på Toten «i Serepstadum» år 1361, «i Serefstadhom» 1392, opplyser NG.

«Sjø-reven» sannsynleg?

Basert på desse gamle skriveformene lanserer Oluf Rygh eit teoretisk mannstilnamn gno. *særefr «Sø-Ræv», el. *særeifr (til reifr «munter»), el. Sigreifr – det siste eit mannsnamn kjent frå ei svensk runeinnskrift. Til det kan seiast at gardsamntol­kingar der namna til enkeltindivid står i fokus høyrer vår tids tankemønster til. I gammal tid var stod familie, ætt og stamme i fokus, men då som seinare bør ein aller først undersøke om bustaden på noko vis kan ha fått namn av landskapet.

Då heller rennande vatn

Nyttigare er nok eit sideblikk til Jan Paul Strids artikkel «Segersäng och andra ortnamn på Seger-, Segel-» frå 1982, der han konkluderer med at fornsvensk må ha hatt verba *sigra og *sigla, begge i tydinga «renne sakte, pipre fram». Desse gav verbalsubstantiva *seger n og *segel n «ställe där vatten sipprar fram, sidländt mark; liten bäck» o.l. Tilhøvet ord-imellom er som buldre v. + bulder n, skramle v. + skrammel n osv.

Her gir kartverket sine ortofoto frå Særland i Hjartdal best god innsikt, for akkurat på høgde med desse gardane fell elva Hjartdøla ganske så ‘breidbeint’ nedetter trappeforma berg-avsatsar, dvs vatnet i elva renn i breidda, med sidevegs avstand to eller tre silder imellom og nedover ei endeløyse av ufser (gno. ups > ufs), så «ställe där vatten sipprar fram» er svært dekkande under normal vassføring, sjå foto.

Serstad– alias Seierstad-gardane på Østre Toten ligg i kupert lende, like ved ein bekk som ikkje kan ha store vassføringa, men fell litt brattare to-tre stader der små knausar kjem i vegen. Det må òg nemnast at gnr. 175 i Lunner, Sesrud alias Sessrud |’séssrú|, ligg likeins til, ved ei å som sistpå fell bratt ned i Sokna, så same tolking har mykje for seg, men her har ein ikkje eldre skriveformer enn Serdsrud 1723.

ufs, ims etc

Norske målføre har nøgda variantar av ordet ups, ufs, med o, u, y, ø og å (NO 10: 47). I tillegg kan nemnast ims om takdrypp (Torp, frå Sogn), men alt blir av underordna interesse i samband med skriveformene frå mellomnorsk tid, som er samandregne former der berre –ps, –fs står att. Det er som forventa at forleddet *seger eller like snart siger, med kort i liksom siger m (det å vinne), med tida er blitt fordanska til «Seier-», noko skrivformene av ei rad gardsnamn o.a. med det usms. Siger– også vitnar om (jf. «Håløygminne» 2014, h. 2).

Skriveformene inneber at kontraksjon av gno. *seger– el. *siger–ups til sereps– o.l. truleg skjedde før mellomnorsk tid. Rygh tenker litt annleis i samband med Særsland og nemner at mannsnamnet Sigvatr i 1443 blir skrive Sevater (DN), men «Overgang af Sig- til Sæ-, Se- kan dog ikke i Norge sees at have udviklet sig saa tidlig som i det 14de Aarh.» Til det er å innvende at skriveformene av Serstad på Toten faktisk er frå 1361 og 1392.

Særepsland alias Særland i Hjartdal, med elva Hjartdøla sildrande nedover ufsene. Kartverket.