Slyngøyar?
Sløynnemyra |»sløᶇemy:rå| ved Knyk i Sømna var ei diger blautmyr, med pøyler og sumpar, men store delar av ho er tørrlagt og dyrka. Jf ss sluntje (sjlunjdje, sjlünjdje): vassdam, pytt, i anna dialektform slååntje (sjloondje): skikkeleg blaut myr, vidare slïntje: større og mindre vasspyttar her og der – og slïntje–pluevie: blaut, slett starrmyr med få tuver (Bergsland og Magga), også stava sjl’lïndse-bluövie “ebenes, nasses, mit Riedgras [= storr] bewachsenes Moor’, “nasses, wenig höckeriges Moor’ (Hasselbrink).
I tilfellet Sløynnemyra(n) har tydinga ‘myr’ halde seg, men tidt er samanhengen fordunkla: Sløynna som namn på ein ås ved Geiterøyvågen i Rødøy kan vere opphavleg namn på myra attmed. Når Sløynna eller Slønga blir oppfatta som eit anna namn på Rangsundtuva i same kommune, er det kan hende eigentleg namn på alle myrpyttane i området tett aust og nord for tuva.
På vestsida av Meøya i Røst er Sløynnpurka anna namn på Løynkeila, ein tang-grodd fløval så vidt roande på full flo, men tørr med berre enkelte pyttar på stiv fjære; –purka er norsktilpassa frå dialektisk samisk buorka «smalt, kort sund». I Myken i Rødøy har dei det ureine området Nord- og Sør-Sløynna der det no er bygd molo over. Sundet Sløynna i sørkant Oterholmen i Rødøy er også ureint og trongt. «Grumsut» og grunt er det dertiul ved skjera Nord- og Sør-Sløynna ved Moholmen, Skjærvær i Meløy, og Sløynna tett sørom Skjærvær i Vega er ikkje det slag likare, etter det flyfoto viser. Uklart er det evt. sambandet mellom sørsam. sluntje og slïntje og sjlieŋú, sjlienjú «langgrunn, utgrunn, lite djup» (oslo 196, jf. slenjo, Lex Lap), men den siste tydinga er dekkande for både sunda, skjera og holmane som nyss er nemnde.
Uttalen av lokalitetsnamna Nord- og Sør-Slynda i Bolga i Meløy der held på ein uttale med y, i Åsværet i Dønna er det likeins ei øy som heiter Slynda, dativ Slynden (på kartet Slyng-), men uttalen med ø dukkar også opp hos enkelte. Kan hende det berre eit generasjonsspørsmål før denne blir vanlegast. – Innslaget av tangvalar og grunne tjønner er særleg stort for Høgslynda sin del.
Norsk skriveform for fleirtalet av desse namna treffer ikkje så godt enten du skriv Sløynna, Slønda eller Sløngja: Den første fungerer nok best, for så vidt at han gir assosiasjonar med tjøynn (med palatal n) for tjønn, tjørn. Iblant har uttalen blitt til Sløng– med «hard g», som for Slønga på Rangsundøya i Rødøy, Sløngli-tjønna og -heia i Bjugn kan òg nemnast. Inn og sør i landet rår visst forma Sleng- frå slïntje, t.d. Slengslåttlia i Levanger og Slengflolia i Lierne, dertil Slengtjenn og Slengtjenn-myra i Eidskog og myra Slenga i Aurskog-Høland og aller sist Slengfemosen i Oslo kommune – les *Slengfenmosen.