Delp, Dolp, Dulp

Delpshammaren (nærmast) og andre detaljar langs stranda på Delp i Hadsel. Norge i bilder.

Dulpa og Dulpen er utbreidd namn på tjern, myrsøkk, pyttar og bekkar især i Hedmark, viser kartsøk, men det finst mange andre stader med, i fleirtalsformer Dulpane og Dulpene au. Det samsvarar med dei tydingar ein finn under oppslag dulp m/f i Norsk Ordbok (b 2: 228). Så finst det òg ein variant med ø: I Trysil er Kudølpen ei tjønn i ei lang, slett myr; det er òg Stordølpen sørom myra Dølpa.

Varianten Dolpa om krær og søkk finst meir spreidd, i Kongsvinger er det eit myrsøkk, i Surnadal ei fjellkrå, i Åfjord ei myrkrå, i Hattfjelldal noko liknande, i Kåfjord ei slett krå på innmark. Dortedolpa i Skjerstad er ei vasskrå.

Like fullt er ‘dulp’ mange stader det motsette av eit søkk: i Lillestrøm er Dulpen ein knatt, i Tønsberg ein delt åsrygg; kring Dulpehøgda i Eidskog ligg knattar spreidd. Runddulpen i Åmot seiest vere eit skard, endå namnet opphavleg må gjelde ein hump eller haug. På Dulpetorpet i Åsnes er mange små knattar, like eins kring Dulpekoia i Grue og Trysil og langs Døl[pe]bekken i Alvdal. I Grue òg er Dølpeberget ein relativt ruvande åshump, med Dølpemyra på nordsida.

Innafor denne kategorien (åshumpar og knattar) er likevel varianten Dolpen den talrikaste, særleg i Trøndelag: Dolpen i Trondheim og i Orkland er krær mellom knattar, Dolpin i Melhus er ein åsknatt, Røros har ein småkupert skogteig og ei li som heiter så. – Dolpan i Selbu og Midtre Gauldal er parallelle åsryggar med humpar på, Dolpan i Holtålen er ein haug mellom søkk. Dolphulu i Orkland er ei myrkrå med knattar omkring, og ved elva Skjula i Midtre Gauldal ligg det ein åshump som klart nok har gitt namn til sætra Dolpvollan tett vestafor.

I lys av innflyttarhistoria i indre Troms kjem det heller ikkje uventa, at nord for Mikkelifjellet i Målselv er Dolpa namn på ein humput åsrygg (ei tjønn like under), og Dolpen i Bardu er ei fjellside under humpar. Nær Fossbakken i Lavangen ligg Dolpberget, to bergknattar med ei krå imellom.

Iblant skjer denotasjonsendring, dette at namn kan flytte på seg, jf. Runddulpen, i andre tilfelle er samanhengen berre litt uviss: Tjønna Dulpen i Kongsberg ligg tett oppunder den bratte, men oppå flate Dulpeknatten. I Siljan(Telemark) ligg Dulpetjern sør for flate høgder, ikkje namnsette, men der er òg ei rundvoren litt kupert halvøy midt i tjernet. Dette er då særtilfelle.

At dolp, dulp og dølp er både konkave og konvekse former i landskapet er ikkje eineståande, men gjeld òg for kvelv om både «rundvoren lægd eller søkk; vid dokk; skålforma dalsøkk» så vel som «rundvoren fjell-formasjon; jorde med kuv opp» (NO 6: 1415).

Samanlikning med det nordnorske

Dølpeberget og Dolpberget, Dulpehøgda og Dulpeknatten er namn som gjer det naturleg å sjå nærare på ein namneflokk nordpå som det heftar ‘mystifiserande’ omtale ved, frå lang tid attende, ettersom Hans Ross i si ordbok har eit oppslag Delp m «(kuppelformigt) Forbjerg som styrter noget brat i Havet? Maaske kun i Stedsnavnet «Delp’n» paa Forbjerge i Vesteraalen og Lofoten. Jf. Dolp f., Stein-dilp (-dolp) m., dulpa v., dylpa v. Sv. Diall.: dälpa, dölpa: hvälfva».

Ross dreg inn fuglenamnet av di –dolp etter gjengs oppfatning kjem av at fuglen bygger reir i hulrom under steinar. Det bør også skytast inn at sv. «hvälfva» med eit meir moderne ord tyder (om)stjälpa, dvs. kvelve, velte o.l., og dette kan i sin tur forklare at å vere delpen vil seie å vere keiveleg, og i Øystre Slidre er ein delp ein delpen person (NO 2: 1343); gno. delpr nytta som klengenamn eller til­namn hadde vel same tyding. For ‘delp’ brukt som stadnamn er dette uvesentleg.

O.Rygh viser til Ross ved gardsnamnet Delp i Gimsøy: «Findes ikke andensteds som Gaardnavn; men Delpen skal være Navn paa et Forbjerg i Langenes Sogn i Øksnes. Det maa være samme Ord som det av Ross fra denne Egn anførte Delp m., Forbjerg, som styrter noget brat i Havet. Gaarden ligger ved Stranden under den temmelig bratte side af Delpaksla» (NG 16: 319). Ikkje nok med det, Ross’ opplysning om ‘delp’ er så å seie uendra oppført også i Norsk Ordbok – men skild frå oppslaga frå Øystre Slidre om delp og delpen i sine særtydingar, alt nemnde.

I bakgrunnen den vinkelforma Gjersvollheia, med Delp(s)aksla til h.: Ned-under sistnemnde ligg Delp, innom det tungeforma Delpneset. Lengst ute til høgre skimtar vi garden Grunnfør og straumrenna langsmed land innafor, til pollen Grunnførfjorden. (Kommunekart.com.)

Det trengst litt meir avklaring av namnebruk knytt til Delp i Gimsøy: Delpshammaren på stranda vest for garden og Delpsmarka om eit stort utmarkområde har stø s-genitiv. Mindre stø komposisjonsfuge finn ein i Delp(s)neset (= Neset) og Delp(s)aksla med den smale Delpheia oppå, ytst på den lange og noko breiare Gjersvollheia. Mykje lenger inn kjem Delpvatnan (Heimer- og Innervatnet), og framunder Delp(s)aksla stikk Høgdelpen opp, litt kuven om ikkje kuppelforma just.

Forvirrande er at humpen Nonstuva fremst på den smale Delp(s)aksla også går under namnet «Delpen», i så fall høgare enn Høgdelpen lenger ned og fram! Det kjem helst av at heile fronten på Delp(s)aksla rett over garden Delp var kalla for Delpen, samnemnt? Gardsnamnet i ubunden form Delp er slik sett uventa.

Delp: Frå v. 1 Kobbsteinan, 2 Godveitterberget, 3 Teljebøen, 4 Delpsneset alias ‘Nesodden’, 5 Nattmålsbergan, 6 Delpshammaren, 7 Glassberget, 8 Høgdelpen, 9 Litldelpen. Tydeleg er at dei to siste er bratte i framkant. (Kommunekart.com.)

Eit særmerke i Delp-garden er klubben Delpshammaren rett under Litldelpen, ved sjøen litt vest for gardshusa, 10-12 m høg og ca 50 m brei, med høg, kliven kant mot sjøen og hallande innover (slik ser no ikkje Dulpe- og Dølpe-høgdene i sør ut). At han heiter Delpshammaren ‘hammaren på Delp’ kjem vel av forma frå Gjersvoll, men at ein annan hammar bortafor heiter Nattmålsbergan (nattmål: kring kl 20) tilseier enten at busetnaden før låg litt nærmare Litldelpen og Delpshammaren, for at solmerket skal høve, eller det òg er frå Gjersvoll. Glassberget er lenger inn. Alle desse lokalitetane ligg vest for ‘Nesodden’, men på motsett side av neset finn vi tre nemneverdige lokalitetar, Godveitter-berget som fortel om trua på huldra og gode underjordiske (nordsam. guhfihtar), og så er det Kobbsteinan på stranda like innafor. På sanden utanfor desse berga ligg Teljebøen, nokså sikkert av samisk dealljá grønlandssel (gno. opnuselr).

Franz Sortland i Svolvær opplyser at det folk frå Delp kallar Delpen er ei grasli, avrunda oppå: Særleg når du ser denne nedfrå garden blir det som eit platå oppå (det kjem fram også på illustrasjonen.) Heia ovom der igjen er tørr og flat, og i kanten av denne ligg ein hengskavl som alltid tinar sommars tid. Like bratt og endå flatare oppå er Litldelpen ovanfor Delpshammaren.

Andre delpar i nord

I midten det båtkjøl-liknande Gáranasbákti. Til v. neset Dealponjárga og til h. det lågare Láhtanjárga = Latnæringen. (Kommunekart.com.)

Ein bergodde i Nesseby heiter Krokneset på norsk, men på samisk Dealpu, eller hos Qvigstad (1938:17) Dæl’po(njar’gâ): Tilføyinga i parentes kan jo innebere at det eigentleg er tale om ‘neset på Dealpu’. Sistnemnte er då aller helst identisk med det frå sjøsida så båtkjøl-liknande Gáranasbákti ‘ramneberget’, bratt mot sjøen og hylleforma oppå. I motsett lei av Dealponjárga stikk det ut ein flatare og lengre odde, Latnæringen = Láhtanjárga, hos Qvigstad Lātt(â)njar’gâ utan merknad: Truleg av sam. làttat ‘lending’, for i så måte er nok Dealpu­njárga mindre tenleg.

Med inntrykket av Delp-namna og Dealpu i bakhovudet vender vi så tilbake til Vesterålen, men no til Delpen under gnr. 70 Nyksund, første garden i det gamle Langenes hd. Formasjonen det der er tale om, kan ein saktens karakterisere som «(kuppelformigt) Forbjerg», skødd frå landsida helst. Den relativt runde humpen er ca 80 m på det høgaste, men fell bratt av mot sjøsida, der det er ein låg, lang bergbrem, vaska av havbåra. Inn Delpen frå sjøsida går den såkalla Tjyvreva1). Vedheng til Delpen er det ei stor, rund berghelle med sprunger i, den delvis frå­skorne Litl-Delpen.

Det flataste eidet innafor Delpen heiter Opplandet, men nærare Delpen og Litl-Delpen ligg eit sørvestvendt og høgare, slett platå Delpjorda, litt skjerma for nordavinden, og der hadde kjøpmann Wallan i Nyksund potetåkeren, fortel Valborg Gamlesæter («Leddiken» 1997:19, 26). Men Delpjorda har nok ei soge eldre enn som så: På kartografen Melchior Ramus’ kartskisse 1689 er avmerkt i tur og orden nordan av: «Langnes» (med kyrkjesymbol), «Husjord» og «Støe», med eit tomrom der garden Enga(r) |»æŋa| eingong låg. Lenger vest er av­sett ein rund hump som representerer for Delpen: Det namnet og Nyksund er plassert tett attmed kvarandre, med fjellet Nyken litt for seg. Lokalhistorikar Johan Borgos peikar på at Melchior Ramus alltid skrå-stilte gardsnamna, med ein liten ring i tillegg, det stemmer for Husjorda, Stø, Delpen og Nyksund, men kyrkjestaden og fjellnamnet har horisontalt plasserte namn. Delpen og Nyksund er avmerkt med berre éin ring, altså ikkje som ulike stader.

Namneforma Delpjorda setter oss på sporet etter tuftene for rorværet Delpen: Der er fleire støer i stranda sør for det slettaste partiet. Nyksund sjølv var den tid just eit sund mellom to øyar, utan tverrmolo imellom til verje mot storbåra frå havet, og utan vegfylling innover til Opplandet slik som i dag (fyllinga sperrar det som før var Nordleia).

Til v. den kjøl- eller baugforma Delpen med ei brødskive-liknande hylle i framkant og den litt meir rundstykke-liknande Litldelpen til h. Imellom dei Tjuvreva. I bakgr. den pyramideforma Nyken (trekanta skygge), og så vegfyllinga over til Nyksundøya. Derifrå molo over til Ungsmaløya. (Kommunekart.com.)

Delp, Delpen og Dealpu kunne vi personifisert kalle namnebrør, med Delp som storebroren. Vel ruvar ikkje desse tre like mykje, i høgd eller omfang, men alle er bergnakkar eller strandhamrar; dei to siste stikk ut i sjøen. Ross sin parentes-karakteristikk «(kuppelformigt)» kan i Delpen sitt tilfelle la seg høyre. Det kan òg seiast om sjølve Nyksundøya, men det alderdommelege ‘Forbjerg’ utan eit utfyllande tillegg seier svært lite

Den flate haugen Delpen på Møkland i Bø (før Øksnes), sedd frå Jennskaret i Bø.

om form, omfang eller høgd. Eit kompliserande moment er også at på garden Møkland i Bø (før Øksnes) finst der ein ‘attpåklatt’ Delpen som vanslektar på sine namnebrør. Han er 32 m høg, men har temmeleg flat skolt og ligg liksom ‘delpane’ på Delp ikkje nedpå stranda. På nordaust-sida er eit vedheng, ein brattare 28 m høg bergknatt utan eige namn. At Delpen fekk namn av denne er ikkje sannsynleg.

Momentet ‘flat

Litt har det for seg å sml. ‘delp’ med fiskeplassnamnet Duolbagierggi-made |’dølpagæṣki ‘māde| «flatstein-méda» frå Tysfjord (Th. Storjord 1951: 99): Den aktuelle steinen eller hallaren har ganske stor flate, ca 12 x 17 m, opplyser Svein Roar Sommerset. – Uttalt utan lepperunding blir ø meir lik æ, så fonetisk kunne delp (dælp) vere avrunda form av sørleg dølp, men gode informantar har i ettertid opplyst at uttalen var |’dålpa-|, så momentet duolba– ‘flat-‘ er heva over tvil, men isolert sett kunne det verke rimeleg om Delpaksla var halvt samisk for Duolb’oalgi ‘flataksla’, fjellnamn i Bardu, Måls­elv og Nordreisa. Ordinært i samisk er i alle fall at vokaltreff (hiatus) som i duolba + oalgi gir forkorting til duolb’oalgi. Det same duolba– ‘flat-‘ finst i fjellnamna Duolbbavárdo i Salt­dal, Duolbavárdu i Tjeldsund, Duolbbaš i Lødingen og Duolbai i Gratangen.

I sør får vi ikkje oversjå at det flate Dølpeberget i Grue er synbert i høgare grad enn Dølpemyra nordom; flat er likeins Dølbuhaugen i Nordre Land, enn vidare Dølperhåmmåren (Dølpberg-?) og Dølbu-kammen på Tynset. Kanskje skimtar ein i desse tilfella ein lydovergang -uo- > -au- > -ø- frå samisk til norsk.

Dei nordnorske delp-lokalitetane ligg – med unnatak for Møkland – ute mot ope hav. Er dei frå ei tid då slike var viktige orienteringsmerke ved ei isfri kyststripe, med isbaksen tett innafor? Er dei alderdommelege nok til at samisk identitet kontra norsk berre var i eiminga? Spørsmåla kan lyde som namnefagleg ‘tåketale’, all den stund det er i nordiske ordbøker ein finn dei mest relevante orda medan samiske har mindre å by. Her kan namneforma Dealpu frå Nesseby vel kallast unnataket som stadfestar hovudregelen, ser det ut som, men i det tilfellet er det like snart tale om ei nordisk form med lett samisk tilpassing.

Dolpi-namna

Troms har 2-3 fjellnamn som synest å flytte fokus tilbake til den sørlege forma ‘dolp’ men samstundes er umiskjenneleg nordnorske når det kjem til dimensjon. Først to frå Nordreisa: «Mellem Fawres- og Čilla-jokka ligger fjellet Dol’pe og S derfor Dol’pe-gai’sa», seier Qvigstad (1935: 30). Det synest vere Dol’pe som på dagens kart er kalla Dolpenjunni, ein avsmalnande låg ‘snute’ som sluttar i ein rund hump, og at det er Dolpi (1083 m) han kallar Dol’pe-gai’sa. Den lange og bratte austre kanten av Dolpi mot Favrresvággi er innskoren av djupe kløfter, sjå foto. Derimot nemner visst Qvigstad ikkje Dolpi på sørsida av Pilteri-dalen i Nordreisa, ei vid grop med breie kantar laga av ein isbre; denne formasjonen har noko blokkforma over seg. Det lyt stå usagt om Dolpi blir sagt med open eller trong o, men rimeleg er å tru at namnet kjem av nordsam. dulpi ‘stump eller butt gjenstand’: Ordet lagar sms. på dulpe– men òg dulpo-. Ordboka har dulpo-njunni ‘stumpnese’, identisk med fjellnamna Dolpe-njunni og Dolpe-junni, alt nemnde.Det nyss nemnte dulp– kan også tyde ‘ru, grov, uslett’, som kan vere god karakteristikk av fjellet Dulpuk i Gullesfjorden, men òg av Dolpenjunni i Favrresvággi.

Dolpi med fjellenden Dolpenjunni til høgre. Norge i bilder.

Dolpi alias Mikkelifjellet i Målselv. Jf. islandsk dólpungur m ‘stór alda’ = stor båre, men også: stor bakkekam! (Kommunekart.com.)

Dolpi i Rostadalen Målselv (norsk Mikkelfjellet) er mindre ruvande, men kallar på interesse av andre grunnar: Det er platåforma og vidt oppå, men fell bratt ned mot Ruollavággi i nordaust og minner om båra som haugar og går til falls, merk isl. dólpungur m ‘stór alda’ = stor båre, men også: stor bakkekam!

Brinken på dette Dolpi har dobbelkontur framheva av lange snøskavlar, noko vi kan assosiere med det dialektale sv. dälpa f (= dulpa, dolpa) «hålighet eller grop i snötäckt väg» (SAOB, frå Värmland etc, då med vising til just dolp, dulp ‘håla’ i norsk). Den koplinga verkar ugrei når vi hittil har halde delp skild frå formene dolp, dulp, dølp, men saka er den at her viser SAOB til oppslag dolp f «hulning i jorden» etc. i Nynorsk etymologisk ordbok, som òg nemner ml.nedertysk delf ‘grav, grøft’ = ml.nederlandsk delft og reknar med nordisk *delp og germ.*delb som opphavsformer. Gl.eng. delf ‘(ut)­graving’ og gl.eng. dælf ‘det som er grave ut, grøft etc’ kjem òg til. Det skulle tilseie at både Delp, Delpen og helst Dealpu med, er trygt røtte i germansk og i nordisk, men berre Torp har dei hypotetiske formene *delp og *delb. Dessutan passar ikkje momentet ‘graving’ særleg godt: Straumfaret inn til Grunnførfjorden kan nemnast, men det går langs austsida av fjorden slik det pga. jordrotasjonen alltid må ha gått, og Delp ligg på vestsida.

Dolpi på hjørnet mellom Pilteridalen til h. og Trongdalen langs nedre fotokant er rettvinkla nok at ein kunne tenke på eldre nyhøgtysk Dolbe ‘kloss’, men meir nærliggande er ns dulpi.

Like utrygt er eit anna moment vi kan nemne: Vestafor Dolpi ligg eit søkk med ein pytt i, Lågdolpa (Dolpa lenger mot nordaust ligg høgare), med overgang i ein låg åsrygg med hump i enden, Rundingen. Kanskje var det den Qvigstad kalla ‘Dol’pejunne’, fornorska «Stolpenasen» (sml. Dolpenjunni i Nord­reisa), og åsryggen for Dol’pevarre, i fornorska form «Langfjellet» (Qv 1935: 90)? At Qvigstad viste til dei norske kart­namna måtte til, men han garanterte på ingen måte for at dei var tradisjonsrette. Det fornorska «Stolpenasen» er absolutt ikkje å lite på, men like ugreitt er tilhøvet mellom namna Dolpa og Dolpi: Det første får vi tru er same namnet som Dolpa etc. i sør, og det siste er som før nemnt truleg lik sam. dulpi ‘stump gjenstand, noko som er butt’, men òg: ‘som er uslett el. grovt’. Det første passar for Dolpi i Pilteridalen, det andre for Dolpi i Favrresvággi, og slett ikkje dårleg for fjellsida under bårekammen i Ruollavággi i Målselv heller.

Eit alternativ til samisk dulpi kunne vere fi. tolppi ‘stong’, og då i ei tyding som norske stadnamn har mange døme på, nemleg Stong– om naturlege hinder eller stenge i ei ei farlei som elles ville ha vore strake vegen: Det kan høve for dei to fjella i Nordreisa, men kanskje også for Ruollavágg i Målselv: Kjem det namnet av at der var eit «trollhol»? I etymologiske ord­bøker er fi. tolppi ikkje ført opp blant ord-slektningar av gno. stolpi, men Thor Frette nemner det i Norsk Stadnamnleksikon under oppslag Dolpi frå Nordreisa, likevel berre med «tyding ukjend».

Greier vi å samle trådane?

Men kva ligg så i ordet ‘delp’? Frå Sør-Odal er dælp registrert som ein uttalevariant av dolp m, både om «lita kule eller knapp som heng ned» og om «kolv i bjølle» (Sør-Odal), om «tapp eller klump som klissar seg fast», og tilmed om «drøpel» (NO 2: 5), men i vår samanheng er ordet neppe relevant. Dealpu og Delpjorda har saktens knattar som den eine på Mykland, og fjellsida på garden Delp endå fleire, men det er i alle fall lite truleg at ein lokalitet med fleire knattar skulle få namn med singulær form Delp eller Delpen.

No er det i innleinga sagt at det sørlege dulp, men òg dolp, tidt går på myrsøkk, pyttar, tjønner osv. At eit stryk i Trysil er kalla Stordulpen synest sprenge rammene, men det er viktig å få med seg at sv. dälpa, dulpa, dölpa, dylpa ikkje berre er å kvelve, velte, men også å sveive, svinge, plaske, dukke eller plumpe (uti). og det gir vide assosiasjonar knytte til vassfar og alt levande der, så vel som i salt vatn. Det kan ikkje vere tilfeldig at likskapen er så stor med isl. dálpa v. (frå 1600-tal) ‘blaka, damla, bærast’ (Blöndal Magnússon), dvs. daske, plaske, demle, røre rundt, flytte på (seg). Dette kan òg peike mot ulike rørsler i sjøen:

«Kraftig, men ikkje særleg stor skavl med skumkant på heiter brimhest. Det er ei tvibåra med frøsande bårekammar og skumfrøda, alle vegar, på grunn av det kvasse bakslaget båra får mot skjer og grunnar eller mot bratte berg i sund og leier: Brimhesten vil nærsagt springe inn i båten når han skvett tilbake såleis. Men det heile skjer så fort at båra rekk ikkje å bli så stor før ho går til falls …. Ein stad der det var mykje brimhest var med Børhella [ml. Nordmela og Nøss], og likeins i Fleskeleia med Delpen nordom Nyksund… Det er elles mange som nemner Fleskeleia som ein vanskeleg plass der det var mykje brimhest, opplett og poppel (popl)… Eit anna ord som liknar popl (pupl), er skvaplsjø» (Myrvang 1981: 14).

Folk snakka om Delpen med ageii: «Dei fortel om ein tilflytta saltværing som var los for lokalbåtar og andre på yttersida av Vesterålen: Ein dag dei skulle om Delpen var der så mykje brimhest at kapteinen ikkje såg det likt – han gav ordre om stans i maskinen. Men då fekk losen vóren for seg! Han brølte og gav ordre om full fart, og meinte på at «det mått’ då vær’ ber’ å komm’ gangan om Dælpen enn drivan» (op.sit.) Pussig nok blir det nyss nemnde isl. dálpa også nytta i nokre illevarslande talemåtar, t.d. dálpa á = bjáta á ‘komme i vegen, komme ut for uhell (sml. Sigfús Blöndal s. 4 og 81).

Ei tolking av namnet Delpen litt farga av ‘det elementære’ (vind og båre) passar kanskje òg for den skrå hella ytst på Dealponjárga, som tungsjø inn Varangeren vaskar over, men her ligg ikkje nærmare opplysningar føre. – Vi kunne prøve ei liknande tilnærming for Delpen på Møkland, som ligg ope til, slik at snyen legg seg i skavlar på nye stader, alt etter vindretninga, men der finst det ei alternativ forståing av namnet: I 1661 er sagt at «jorda av sandblanda mold fikk (…) god karakter, den blei regna som lettdrevet og passe tørr med god solgang (…), men den vurderinga gjelder helst den nordligste delen, omkring Delpen, der felles­tunet lå» (Elvik b. 3: 470-471). Fanst der, før folk busette seg på denne Delpen, opne sandfelt som ver og vind arbeidde med?

Delpneset med markør, og sandbankane i sig innover Grunnførfjorden. Vi er her på Austvågøya, heilt i utkanten av Hadsel kommune (Norge i bilder.)

Er slik tenkemåte relevant også for gardsnamnet Delp? Brimhest kan vi sjå bort frå, for der er ekstremt utgrunt i vid omkrins og framfor alt på nord- og aust­sida (fjordsida) pga. dei umåtelege sandmengdene som uavlateleg blir skubba på ved flo og fjære, i bogeforma breie belte tvers over fjorden. Aldri eins å sjå, like så lite som brimhestane kring Delpen i Øksnes i havsens grimd, men sandbankane flytter seg uendeleg tregt, jf. isl. dálpa i ei av fleire tydingar, nemleg det å «røre seg seint att og fram».

Ein delp er udiskutabelt ei flatt avrunda høgd med bratt fall fremst, og ved ordet heftar verbale konnotasjonar knytte til ver og vind, flo og fjære og andre rørsler i vatn, men det kastar lite av seg å gå nærmare inn på det når ikkje kunnskapen om sørlege lokalitetar med namn på dolp og dulp etc. er meir detaljerte enn kva ordbøkene tyder på.

i Det er ei aksel med flat topp ved Foldvika. Duolbaš om Erikstad-fjordfjellet i Lødingen er vel deminutiv av same namneform? I samiske ordbøker finn vi ikkje eit nomen *duolba i allmenn tyding «noko flatt», men Konrad Nielssens ordbok har duol’ba: «rein (især simle) med låge, flate horn». Nordsamisk har dessutan eit avleidd ord duolbbár ‘flating’, usagt kor gammalt det ordet kan vere.

iiTil namnet er knytt ei segn om at tjuvar eingong heldt til der. Meir truleg er at Tjyv- her svarar til sørsam. tjovve (trong o) «matstrupe, spiserør», men også overført om opning, munning, jf. også tjåvve om «bekkefar» (Arjeplog), pluss skoltesam. čuv «strömfåra» (Qv nr 190). Jf. her den lange kløfta Tjyvaren i sjøkanten nord for Stave på Andøya.

Litteratur

Sigfús Blöndal og Björg Thorláksson, Íslensk – Dönsk Orðabók. 1920-1924.

Arve Elvik, Gårdshistorie i Bø. Sortland 2007-2010.

Leddiken. Øksnes historielag. Sortland 1997.

Norsk Ordbok 1-12. 1966-2016. Oslo.

Olaus M. Nicolaissen, «Sagn og eventyr fra Nordland» Kristiania 1879.

Just Qvigstad, «De lappiske appellative stedsnavn». Oslo 1944.

Just Qvigstad, «De lappiske stedsnavn i Troms fylke». Oslo 1935.

Just Qvigstad, «De lappiske stedsnavn i Finnmark og Nordland fylker». Oslo 1938.

Oluf Rygh, Norske Gaardnavne b. XVI. Nordlands Amt. Kristiania 1905.

SAOB = Svenska Akademins Ordbok, nettutg.