Kvæmleida

Bø på Andøya: «Han bryt på Kvæmleia». I bakgrunnen til v. Langenes, i disma til h. Anden med Anda fyr. 

Mange vil kjenne att frå litteraturen det danske uttrykket lede «ulyst», t.d. «fylt av livslede», endå vi elles vil seie «lei av», så som matlei. Ein mann frå Bø på Andøya nemnte ein matrett som var til middags så ofte at han «åt seg leida» på den slags, jamfør gno. matleiði m. Ordet lei(d)a er sjeldhøyrt i dag, endå Aasen og Ross nemner både livleida ‘livslede’, kivleida ‘trættekjær, ubehagelig Person’, likeins kvemleida ‘en besværlig Person, En som gjør Fortræd el. plager Folk’ (Nordhordland, Ryfylke, Sogn etc) – også: ‘plagsomt Arbeide’ (Sunnhordland). 

Tilsvarande tyder adjektivet kvemleid i flg. Ivar Aasen «kjedsommelig, ubehagelig, især om en tvær og vrangvillig Person», og på Stavanger-kanten har attesten «di kvemleida!» vore veldig kjendPå Island lyder hveimleiður, hvimleiður ikkje det slag likare, like så lite som som norr.. hvimleiðr «mislikt, hata», eigentleg hveimleiðr: lei, til bry, plagsam, trøyttande.. Av ordbruken i mange bygder (NO:6) framgår ovklart at ei kvemleia (i fl. variantar) er ein tilstand eller ein arbeidsoperasjon som er brysam, meinbåg, jf ord som meinbægje og meinsperre

Kvæmleidakvæmmleia| heiter eit farleg grunnområde like sør og ut for den smale småbåtleia opp til Bø på Andøya. Det var om å gjere å ikkje ro seg på Kvæmleida, hamne bortpå Kvæmleida, og elles sa dei: «I dag bryt han på Kvæmleida» (sjå foto). Det var òg slik at folk frå Klo på hi sida Gavlfjorden sa på ert: «Dei har berre ei lei på Bø, og det er Bekvemleia». Ordbruken er morosam, men det er likevel tvilsamt at ein skal forstå namnet som ei sms. med norr. kvæmr adj ‘som kan komme’.

Kvæmleida er eit deskriptivt namn på line med Bægjandi som norrønt namn på Beiarn, i det tilfellet mynta på isen på Beiarfjorden, til bágr adj ’til heft, hindrande, brysam’. Om namnet Bohus alias Båhus som er skrive Baghahus i 1319 seier Svenskt Ortnamnslexikon:»‘Förleden i det senare namnet har sammanställts med fvn. bágr ‘besvärlig’, syftande på den besvärliga farleden i Nordre älv».