Barbu
Barbulia |»bărbulīa| bnr 5,4 i Gjerstad er i flg. O. Rygh «formodentlig opkaldt efter Gaarden Barbu nær»; han tenker på Barbu |»bārbū|, |bǣrbū| gnr 5 i gamle Barbu hd, lagt inn i Arendal i 1900. Særleg gamle skriveformer ligg ikkje føre i dei to tilfella, men Barbu-namna når vide, så teorien om oppkalling har lite for seg. Ei anna forklaring har meir for seg, av di sørsamisk har eit nordisk lånord baarmoe, lenger sør baarma «kanten av eit fjell som går bratt ned» (deminutiv baarmudje):
Topografisk stemmer dette også for stader som Barbudalen i Vegårshei, Barbuslåtta i Drangedal og sørsida av Barbuvatnet i Bjerkreim m.fl. – Barbui som namn på ein bratt fjellkant i Bygland har også interesse, der synest det nyss nemnte lånordet å ha fått tillagt eit tolkande tillegg, ss byjje «dalskråning», men ma må ha falle ut så baarm(a)+byjje vart til barbu-, usagt kor tidleg.