Forngamme, Fornhus, Fornskog

Dei fleste av oss over ein viss alder har nok Iallfall i skoledagane vore med på å synge om vårt naboland i aust, at «du tronar på minnen från fornstora dar». Vi brukar kan hende med kvart også talemåten ”i forna dar”, utan å reflektere stort over det. – Svenskane nyttar forresten fleire ord på forn– enn vi, då bortsett frå nordiske fellesord som fornminne og fornsaga. Svenskane har også ordet fornlämning i same tyding som islandsk fornleifar: Gløttar vi først i den leia, så har islendingane fleire talande ord, som fornmannahaugur om gammal gravhaug, fornbréf om gamle skinnbrev (diplom), for ikkje å gløyme forngrýti om granitt.

Norrønt fellesgods er også fornskald og fornyrðislag, glosar som fleire av oss har møtt i litteraturhistorisk samanheng; fornkvæði så vel som fornkveðinn ”sagt i gamle dagar” kunne nemnast au, og forngildr ”det som gjaldt, det ein retta seg etter i gammal tid”. Det før nemnde fornsaga kunne også kallast forntíðindi – sml Harstad Tidende og Norsk Tidend!

Ein god del av dette er ord med abstrakt innhald. Meir konkret blir det når vi kjem over til norrøne uttrykk som  fornlendi ”jordstykke som har vore i bruk i lange tider”, som var motstykket til nýlendi, eller Nylen  som det blir forkorta til i gardsnamn i Vefsn og Leirfjord, men nyland er blitt vanlegare i vår tids tale.

Det er når forn blir brukt i slike konkrete samanhengar at vi kan vente at det dukkar opp også i stadnamn, då kanskje der vi minst forventar det: I dag går våre flyreiser via Gardermoen, men vi er mange meir til års som forsnakkar oss og seier Fornebu, då det flyplassnamnet lenge var det fornemste i luftfartsamanheng. Opphavleg var det sjølvsagt gardsnamn, i stort sett same tyding som Fonnebust i Lindås i Hordaland, der Fonnebustsjøen like ved også opptrer i skriveform Fanebustsjøen. Til samanlikning kan nemnast at garden Fanby i Sundsjö i Jemtland finst omtalt som j Fforneby år 1524. Jf. likeins Fonnebø i Vinje.

I Nordland det lett å oversjå liknande namn, for også her har uttalen endra seg ned gjennom tidene. Alt i norrøn tid opptrer fonn som dialektprega skriveform av forn, sml. at horn dukkar opp i uttaleforma honn (håᶇᶇ) i stadnamn frå Valberg og Flakstad, eller at vi seier bonn (båᶇᶇ) for born.

Stadnamn som Fornhusvollen, Fornhuslia og Fornhusmarka (fåᶇᶇhus-) på gnr. 25 i Skjerstad (no i Bodø) går sikkert nok tilbake på mellomalderbusetnad, og noko liknande gjeld vel for Forngamman, ei slette på gnr. 17 i Evenes – i alle fall er uttalen av Forn- den same der. Slitasjen på namneformer av dette slaget kan bli stor nok: Namnet på soknet og no tettstaden Fornåsa i Östergötland er skrive (in) Fornusom så tidleg som 1283. Det skulle vore Fornhusom, namneforståinga spora endå meir av seinare, som vi ser.

Uttalen kan bli meir avbregda enn som dette: Eit nes med litt finsand på gnr. 75 i Øksnes (Klo) ber namnet Fornnaustan (fåᶅᶅnøustan). Det same heiter ei vik med gl. lending på gnr. 102 på Fleines i Eidsfjorden (d.e. i Hadsel kommune). Både uttaleendring og landheving har gjort sitt til at folk flest ikkje utan vidare forstår kva dette i og for seg greie stadnamnet tyder.

Follnaustan alias Fornnaustan, ei utgrunn vik på Fleines i Eidsfjorden s.

Fornskogen (fåᶅᶅ-) heiter ein skogteig på gnr. 92 i Hamarøy. Tradisjonen går ut på at der var gammal skog, så namnet tyder nett det same som forn viðr «gammal skog». Det nærmaste vi her nord kjem namn som fortel noko om ferdsle frå gammalt, bortsett frå fornnausta, er vel Follgøta på  Fauske, i dag eit byggefelt, men i eldre tid ein kjøreveg innover Lemman osv., brukt av Brekke– og Midtigards-folk blant anna når dei var i vedaskog, jfnorrønt forntroðinn götustigr  Altså rettast Forngøta, der og.

Fornnaustan/Follnaustan ved grunnområdet i Klostraumen, Klo i Langenes s. Kartverket.

Saktens er det vere delte meiningar om kor strengt ein bør normalisere eller “rette på» lokale uttaleformer når ein vel skrivemåte, så som når det gjeld bjønn (og bjynn) kontra bjørn, tjønn og tjenn, kontra tjørn og tjern osv. Stort sett har vel folk forstått alle desse namneformene utan problem, litt verre er namneskilting av typen “Kjønna” og “Kjenn”.

Når det gjeld Forn-namna, er det faktisk ikkje så enkelt: Lydrett Fonn- får ein til å tru at namnet har med snø- eller isbre å gjere, mens eit lydrett Foll– tilsvarande får ein til å tenke på Folla eller kan hende folk frå Nordfold eller Sørfold. Heller ikkje er det tale om åkrar som gir så og så mange foll! 

Litt merkeleg er at målføre som skil greitt mellom bjønn og bjølle o.l. lagar floke når forn blir fonn! Men i stadnamn i Lofoten og Vesterålen er fonn (snøfonn) eit ukjent ord – og relativt uvanleg i resten av fylket. Då oppstår det ein situasjon der det på ein måte kan vere hipp som happ med nn eller ll berre uttalen er palatal, noko som på landsbasis kan minne om tull = tunn ‘kvervel, krinsgang’. Alternativt kunne foll– vere ei sterk samandraging av norrønt fornǫld, fornaldar– “den eldste tida”, litt som når øynamnet *Róǫld vart Rolla. Namn som desse er i alle fall språkleg interessante, men realitetane attom finn folk med arkeologisk og lokalhistorisk kunnskap lettast ut av.

Omredigert etter Håløygminne 2008