Biri
Gards- og bygdenamnet Biri i Gjøvik k. er ikkje sikkert tolka. Den som har gått grundigast inn på den sak er Sophus Bugge i Arkiv for Nordisk Filologi (1904, s. 339-342). Alle med interesse for emnet treng å kjenne til namnefakta samla i den artikkelen. I det flg. samandraget er Sophus Bugge forkorta til SB:
Historiske skriveformer
Pga den eldste forma Biridi (1340) går SB ut frå at namnet er sms, men «da en Stamme, som har begyndt med bir-, ikke kan spores i vort gamle Sprog, er Bir– i Biridi vistnok opstaaet ved Omlyd af Ber-», dvs. bjørn. SB viser til skaldemålsorda berfjall ‘bjørnefell, bjørnehud’ og berharðr ‘hard som ein bjørn’ – «dannet af det i Sproget tabte Hankjønsord *beri Bjørn» … og dertil svarer Hunkjønsordet bera ‘Hunbjørn’».
SB er usikker på om i i 2. staving var lang eller kort. Merkverdig er at han legg mindre vekt på skrivemåten a Biridde 1403 enn på skriveform a Birijdh 1466, begge i DN: «Derfor synes Skrivemaaden at tale for, at den tostavelses Form Birið har havt, ialfald tildels, lang Vokal i anden Stavelse». Kva etterleddet i eit sms bygdenamn var, er han usikker på, men han landar på *Ber-híð ‘bjørnehi’, med regelrett bortfall av h.
Men av di 2. staving hadde lang í, skulle ikkje det føre til omlyd Ber- > Bir-, så SB går ut frå at den forhistoriske dativen *Berhíðe først vart til *Berĭðe med kort i, så omlydd til Biriðe! Vidare òg at dei uttaleformene (bøyingsformene?) der det enno var lang í (pga leddet híð), dei òg fekk no omlydd forstaving Ber- > Bir- pga analogi med former som alt hadde kort i, i 2. staving. – Resonnementet er ikkje enkelt og blir kort og godt kalla ‘usikkert’ i Norsk Stadnamnleksikon.
Biri var ei bjørnebygd
SB nemner sjølv ein annan stor vanske: «Fra Betydningens Side er der ved den givne Forklaring den Betænkelighed, at en Bygd skulde synes ikke passende at kunne kaldes ét Bjørnehi». Bygd på teorien Ber- > Bir- (med språklege parallellar innlagt) meiner han like fullt at slik «skulde altsaa Bygden Biri have faaet sit Navn deraf, at mange Bjørne holdt til der».
SB avsluttar med, at då han i eit møte i Christiania Videnskabsselskab «havde meddelt denne Forklaring, fik jeg fra flere Sider Oplysninger, som viser, at Forklaringen i fortrinlig Grad passer til Stedsforholdene». Lokalkjent folk sa nemleg etter møtet at Biri framfor alle andre delar av Kristians Amt (Oppland) var bjørnedistrikt, då især Saksumdalen, men òg Snertingdalen, som var anneks til Biri. – Som SB’s ordbruk tydeleg nok syner, han ser ikkje på Biri som gardsnamn, men som bygdenamn (områdenamn).
Fokus flytta pga ein fotonote?
SBj nemner berre som ein fotnote at bygdenamnet Biri «i Dipl. Norv. II Nr. 678 (udstedt i Biri Aar 1424) skrives a Byridh (ligesom hos Aslak Bolt S. 103 a Byride)». Han finn i same dokumentet fleire andre døme på bruk av y i staden for forventa i. Det er relevant, men skriveforma a Byride i Aslak Bolts jordbok tyder jo på at det kan ligge litt meir i den lokale skrivemåten a Byridh 1424 enn det SB såg for seg:
Sørsamisk bïjre er både preposisjon og postposisjon med tyding ‘rundt, omkring’, som prep. t.d. ‘rundt i’, som postposisjon ‘om’, ‘med omsyn til’. I Knut Bergslands «Sydsamisk Grammatikk» s. 17 blir det i omtalen av korte vokalar skjelna mellom ‘lys’ og ‘mørk’ i og sagt at sistnemnde kan skrivast som ï. Vidare på s. 18: «gijre ’vår’ blir av noen uttalt som y». I Bergslands ordbok finn ein derimot brukt skriveform gïjre akkurat som i bïjre. Ordboka har òg nokså mange ord der oppslagsformer med ï og y står side om side.
Ikkje bjørnehi, men sentral gard
Der er tydelegvis hårfin skilnad på Bïride og Byride. Men kan det nyss nemnde bïjre ‘rundt, omkring’ også vere nomen? Ordklasse-skilnadene i samisk er mindre skarpe enn i norsk, og tilmed vi har mange tilfelle av Rundtom som namn på berg, haug, ås, hei og topp, likså vel som sæter, bruk og gard. – Kva sørsamisk gjeld, er Biri også namn på eit sæter- og utmarkområde med haugar og humpar i Sel i Oppland.
Endinga –ede i Bïride alias Byride kan ha med opphav (elativ kasus) å gjere, jf daebpede ’herfra, fra denne trakten’ og gubpede ’hvorfra, fra hvilken kant’ (Bergslands gramm. § 36).
Garden Biri (prestegard) og Biri kyrkje ligg på eit vidt elvenes der elva Vismunda gjer ein diger sving, like før sitt (gamle) delta, like før møtet med Mjøsa. Tenker ein seg det norske namnet Rundtom i same stoda, er det lett å forstå at det ikkje berre var tale om busetnaden på Biri si side av elva, men at namnet ekspanderte, særleg av di det var tale om kyrkje og prestegard.

Kartutsnittet viser at garden Biri (prestegard) ligg sentralt plassert midt på eit stort elvenes.