Ei særmerkt lita gruppe sørnorske gardsnamn er Lote |»lōte| i Gloppen (no Stad k.), Lote |»lōte| i Kinsarvik (Ullensvang) og Låte |»låte| i Odda (også Ullensvang no) pluss Lode |»lōde|i Nærbø (no Hå k.) i Rogaland. Lote er òg bruksnamn i Vanylven, medan Låte i Kvinnherad nærmast synest vere ei hyttetomt på ei hylle i brattare lende, kanskje gl buplass. – I tre av tilfella seier NG’ at «Navnet er efter Formen Dat. Ent. af et Hankjønsord eller Intetkjønsord, sandsynlig *Lót-, af uvis Betydning».
Dei historiske skriveformene av dei same tre gardsnamna samsvarar godt med dagens skriveform Lote. For garden i Odda finst det eldre skrivemåtar i Lota ca 1360 (el. litt før), Louttebouw 1614, Lotte 1667 og 1723. Her aner NG samband med «Folkesprogets Lot n., Bøinings-punkt i Kjølen», dvs på enden av båtkjøl, og det lyder ikkje urimeleg. Kartets namnebruk her er elles inkonsekvent, med Låte og Låtefossen, likevel Lotevatnet. Men gjennomgåande er altså grunnordet «af uvis Betydning», ser vi.

Eigentleg stemmer ikkje det, for i sørleg sørsamisk (Herjedalen) tyder låetie «kvelv, gressbevokset dalsenkning mellom høyder eller fjell» (Bergsland), el. med litt andre stavemåtar loate, lootiè (Lagercrantz), loådie (Hasselbrink) på tysk: «ein kleines Tal .. nw. Dial. kvölv’, e-e grasbewachsene Talsenke zwischen Höhen und Bergen, oberen durch einen steilen Abhang abgesperrtes Tälchen im Hochgebirge»: lite dalføre i høgfjellet, avgrensa ovantil av ein bratt skrent.
For Lode i Hå er det sant å seie ikkje tale om høgfjell just, men garden ligg no i eit søkk på nordsida av Lodetjørna, der det er relativt bratt på austsida.
Kor utbreidd dette terrengordet er i andre distrikt, veit vi ikkje sikkert. Det kan lett bli forveksla med uttalereduserte variantar av norr. látr n ‘liggestad’ (for sjødyr helst), med lót, løt og låt som uttalevariantar av lut (part, del), og uvisst er også kva samband der evt er mellom ordet og norsk laut f ‘søkk i lendet, liten dal’ (NO 7 : 216).
Ustekveikja er eit stort vassdrag av samansett karakter som kryssar fylkesgrensa frå vest til aust, i overgangen frå Ulvik til Hol kommunar. Det gir framifrå geografisk orientering å hente eit sitat frå Norsk Stadnamnleksikon, oppslaget
«Ustaoset [»usteo:se] jb.st., po. og tlf. i Hol komm, Busk. U. ligg ved utlaupet (oset) av innsjøen Usta [»usta] eller Ustevatnet [»ustevatne] og har namn etter denne. Same førsteledd har namn som Ustedalen, Ustekveikja (elv) og Ustetinden (fjell) i same stroket». – Her skal leggjast til, at frå Usta alias Ustevatnet renn elva vidare til den langt mindre Ustedalsfjorden, men då under litt anna namn.

Under same oppslag i Norsk Stadnamnelsikon er usagt kva –kveikja som etterledd i vassfar-namnet står for. Der står eit par tolkingsforslag som gjeld forleddet Ust-, men dei er ganske abstrakte, for ikkje å seie luftige. Enklast er derfor å berre la den delen vente og ta –kveikja først: Det er fornorska b.f. form av det som i Lexicon Lapponicum er overført frå quoik til «qweik, torrens, cataracta, fors, strömfall», og qweikats, deminutiv (forminskingsform) «en liten fors».
Normerte former av ordet er ns guoika «stryk», og på ls guojkka «fors». Sørlegare former er umesamisk goaika, goeihka (Qvigstad, app. 346). Mankok har ss guijhke frå Vilhelmina, i tydeleg samsvar med at Qvigstad fører opp ss guihχkɛ frå Vilhelmina og Jemtland (χ = ty. ch) medan Hasselbrink her nyttar stavemåten guojke.

Sambandet dei skiftande formene imellom er lett å få auga på, enaresamisk og skoltesamisk kuošška og Kola-samisk kīšška skil seg meir ut. – I norsk uttale er det kort veg frå kveik– til variantar som kvæk– (Kvæka i Hamar), kvik– (sml det fordanska Kvigstad), Kvekken, Kvekkjen osv. Kort var også vegen frå deminutiv qweikats til meir samandregen form *kveiks, *kvæks, som sjølvsagt førte til misvisande assosiasjoner med insektnamnet kveks = kvefs.

Namnet Kvikne finst fleire stader: I Tynset (Quegnne ca. 1575), i Nord-Fron (a Kuiknom 1432), Hitra, Orkdal og Lærdal. Alle grendene ligg nær ei elv der det er stryk i nærområdet – på Hitra er det tale om Sagaelva. Det finst ei mengd sms stadnamn på Kvikk- og Kvikke-, og like ofte usms namn Kvikken, Kvekkjen o.l. Dei er vel i stor utstrekning ‘kutta’ elvenamn der forleddet stod i samisk genitiv goeihken-, fornorska til Kveiken-.
Årsaka til former som Kvikne, Kviknan er at sørsamisk tyr til inessiv kasus for å uttrykke kor subjektet er eller var: Dette gir goejhke > goejhkesne i inessiv sg., men inessiv pl. goejhkine >Kvikne o.l. – Kvepsendalen med Kvepsendalselva i Rana speglar inessiv sg. goejhkesne. Meir ‘korthogd’ er at fjellet Kvepsen i Bjerkreim er blitt heitande så etter mellomvassfaret tett attmed. Tilsvarande har ein ås i Sunnfjord fått namnet Kvefsen, då neppe etter anna enn elva på staden.

Så litt om forleddet Ust-: Det er sikkert nok ei norrønt tilpassa form av eit lån frå samisk som vi no kjenner att i ss vååste, ls vuostoj og ns vuosstu ‘motbakke, stigning’. Framlydendringa er som i norr. ulfr kontra tysk og eng. wolf, og terrenget både ved Ustekveikvatnet, Ustevatnet og store delar av Ustekveikja talar på ingen måte imot ei slik tolking. Just det same gjeld terrenget kring gardane Ustan i Orkland og Ust med Ustbakkan i Trondheim k.

Norsk Stadnamnleksikon gir flg. orientering om Syvde i Møre og Romsdal i artikkel signert Oddvar Nes: «Syvde [»syvdiᶇ] i gen. [syss-], sokn, po. og tlf. i Vanylven kom. – Prep i, innbyggarnamn syvding. «j sybde» (dat.eint.) ca. 1430. – norr. *Syfðir m, opphavleg fjordnamn med tydinga ‘den krokute, bøygde’ (etymologisk samband med svive vb og sveiv f). … Til S. er laga Syvdsfjorden [syss’fjå:riᶇ]».

Vel har fjorden ein markert bøyg, men det er ikkje tale om noko som rører på seg eller skiftar form. Hypotesen om fjordnamnet *Syfðir nærslekta med svífa v og sveiv f overtyder ikkje utan vidare.
Oluf Rygh nemner i Norske Gaardnavne frå Rovde sokn gnr. 103. Søvdsnes. Udt. s,y´ssnes. – Seuffdesneß 1603. Søffdenes 1606. Søuffdesneß 1617. Søffdenes 1666. Søfsnes 1723. *Sybðisnes sms. med Gen. af Fjordnavnet Sybðir. Se ovf. under Sognenavnet Søvde. Gaarden ligger paa et fremstikkende Nes paa Østsiden af Søvdefjordens Munding».
Det er som kjent så at fjordar tidt har namn enten av ein lokalitet i botnen av fjorden, eller òg ein lokalitet i eller attmed fjordopningen. Neset på austsida av fjordkjeften stikk seg såpass ut, i dobbel mening, at det nok kan vere den primære namneberaren, men i uendra form vart det også namn på sjølve fjorden og garden i botnen? At det seinare kom til presiserande namn på –fjorden, –neset er ei anna sak.

Syvdsneset har særmerkt form. Norgeskart.
Sørsamisk siejbie tyder både «Schwanz, Schweif (jedes Tieres, auch der Vögel und Fische) ‘allg. ‘Schwanzbein», dvs hale, rove, stjert, svans, vél osv, og allment halebein både hos dyr, fugl og fisk (G. Hasselbrink III: 1128f). – Andre skrivemåtar er siejpie og tilmed siipe (OSLO 191).
Særskild interesse i samanhengen har forma i akkusativ og illativ flt., seejb’ide (utt sī’pite), brålik skriveforma ‘j sybde‘ (mlno dat. sg) ca 1430. Jf her ‘a Biridi‘ 1340 for Biri i Oppland og Tessede for innsjøen Tesse – og dertil neste illustrasjon.

Under oppslagsorda innylfi og innyfli (m/ variant -ifli) i Johan Fritzners gl.norske ordbok er oppført andre sms ord som viser likskap med dei ml.norske formene av tre bygdenamn på Sunnmøre (b. 2:213f).
Det meste går att hos Oluf Rygh i NG: «Om dette –ifli lader sig ellers kun sige, at vi sandsynlig ogsaa har det i Fællesordene innifli (Indvolde), dauðyfli (dødt Legeme), vanyfli (Vane) og i Folkesprogets Vardyvle (Fylgje, Følgeaand), der alle er Intetkjønsord. Dets oprindelige Betydning er endnu ikke oplyst.»
All den tid tolking av dei tre bygdenamna frå Sunnmøre var uviss, var det naturleg å få med seg språkstoff som kunne vere til gagn i så måte, men no er det meir på tide med utskiljing.
Til same ordgruppe blir summarisk òg medrekna innifli «innvolar», men gjennomgåinga hos Torp av dette ordet i jf med andre nordiske variantar tyder ikkje på meir enn heilt tilfeldig likskap med etterleddet i bygdenamna. Det same gjeld sjølvsagt for vanyfli n i tydinga «(sed)vane», då også om vanyflasótt.
Norr. dauðyfli «åtsel» skulle det vere mest naturleg å jf med tysk Übel n ‘noko vondt el. ilt’, som adj übel ‘fælt, plagsamt’ o.l. = ubil i gl.høgtysk, gotisk og angelsaksisk. Jf også gl.eng. yfel og nyeng. evil. Her skal heller ikkje gløymast at nederlandsk euvel tyder ‘problem, noko som ikkje er som det skal vere’. Kunne det passe òg for nyno. vardyvle «fylgja»? Det svenske motstykket til vardyvle, vålnad, sette Alf Torp i samband med norr. var(ð)naðr «beskyttelse», men i folketrua hadde kanskje vardyvle lik vardøger meir negative kvalitetar enn som så?
Om gardsnamna Tynnøl i Lesja og Tønnøl i Bjugn seier NG: «Þunnifli, sandsynligvis Intetkjønsord. 1ste Led kan neppe være andet end Adj. þunnr, tynd, og kan tænkes at sigte til tyndt Jordlag». – Lenger enn det går ikkje Rygh, men kan det beintfram vere tenkt på eit norr. *myldi om jordlag? Torp nemner eit norr. mylda «dække med jord» og fær. mylda «jevne akermulden», og Ivar Aasen kjente same verbet i forma milde frå Sunnfjord. Velkjent i nord er òg lausmildt for –myldt. Garden i Bjugn er berglendt og tvillaust *tunnmyldt, og på garden i Lesja viser eldre ortofoto at noko av jordlaget er utsett for bekke-erosjon. I eit opphavleg *Þunnmyldi ville i alle fall skje lydjamning –nn-m– > –nn– så å seie omgåande. Utenkeleg er ikkje at ordflokken på –ifli etterpå ‘drog til seg’ desse to namna.

Gjennomgåinga er er summarisk, men viser likevel at bortsett frå gardsnamnet Þunnifli er desse sms orda på ifli, yfli o.l. til svært lita nytte under evt tolking av dei sunnmørske bygdenamna.
Dei er då også sløyfa i nyare drøftingar av bygdenamna i Norsk Stadnamnleksikon, som presenterer bygdenamna kvar for seg – men som også utan nærmare grunngjeving slår fast at alle er opphavlege fjordnamn.
I oppslag Vanylven |van’ylviᶇ | [dat. |van’ylva] er sagt at ‘andreleddet er –iflir, som i Sunnylven og Sykkylven’ og under Sunnylven |syᶇᶇ’ylven| seiest at ‘andreleddet –iflir er meir uvisst — men rimelegvis er det eit eldre *viflir m lågt, fuktig lende og siktar såleis til området på Hellesylt’.
Oppslag Sykkylven |syᶄ’ylven| seier bl a at ‘førsteleddet er nok gno sik n lite stilt vassfar, lita vik, dam’.
Hovudinnhaldet i desse oppslaga går att i Store norske leksikon, men då utlagt såleis at -norr. iflir, ‘lågt, fuktig lende’ siktar til Sykkylvsfjorden! Som vi ser, det sprikar noko, og forma –iflir som skal konkretisere teorien om fjordnamn er ikkje historisk dokumentert.
Enklast er å sjå på det hypotetiske *viflir ‘lågt, fuktig lende’ presentert som hankjønnsord, utgangspunktet må ikkje vere så hypotetisk: Ei sideform til vaðall ‘vad, vadestad’ var veðill m. Den forma med same ml.norske overgang ð>v mellom vokalar, dukkar opp i namn som Vevle med Vevleelv i Haus (Osterøy) og Vevlen i Halden, attåt Veflen i Vang i Valdres, og det stoppar ikkje der.
Historiske skriveformer av ei rad gardsnamn viser at veðill ikkje sjeldan fanst i ei sideform viðill >vivel, her òg med mlno. overgang ð > v og tilmed i varianten vifl– istf vivel-, vivl-, sml Veflen som nyss er nemnt. Frå Åmot på Hedmark må nemnast gnr 21 Vivelstad |’vīvelsta| skr. Viffuelstad 1593 og Wiffuellsta 1604, Wiuelstad 1616, Wiffuelstad 1667. På Hedmark ligg også Løten gnr 160 Vivelstad |»vīvelsta| skr. Viffuerstad 1669 og Wifverstad 1723! Dertil ein lokalitet kalla Vivelstad i Ringsaker nær Vivelsbekken og Vivelstjernet.

Liknande skriveformer, om enn inkonsistente, oppviser gnr 39 i Lier (Buskerud) Viulstad |»vīułsta|. For Vivestad |»vīvesta| gnr 114-115 i Ramnes >Tønsberg (som òg var soknenamn) var skrivemåten Viuil-, Viuel- tungt inne på 1400- og 1500-talet, men seinare kom skriveformer som tyder på at det epokevis var sagt både Vivi-, Viva-, Vivæ- og Vive-.

Vivlemo gnr 26 i Konsmo (no Lyngdal) har ei forvrengt skriveform Vrefflemo på 1550-talet, så kjem Vefflemo 1594, Vifflemo 1612 og 1619, sist Weblemoe 1668 og 1723. Her er inkonsekvensen i skriveformene størst.
Vivesøl |’’vīvesøl| er gnr 18 i Holt, no Arendal. Skrive-tradisjon går på Viffueßell 1593, Wifuesell 1601 etc, Wiffuesild! 1626, Øvre Wiifuesell 1670, Øvre Wivesøl 1723. Rygh, som konsekvent tyder forleddet i Vive(l)-namna som mannsnamnet Vifill, forstår Vivesøl som ’Vifill sitt sel’ (sæterhus), men lendet er av den art (jf Vivesølmyra) at forleddet eller var viðill > vivel med l-bortfall medan etterleddet er sel ’stillelv’ (jf -sild 1626).
Når vi så i Sunnylven sitt tilfelle får seg presentert eit hypotetisk *viflir ’lågt, fuktig lende’, tør vi korrigere til *vifli, og lydovergang til -yfli ville lett nok skje der. At namnet viser til Hellesylt-området er plausibelt, for val <norr vaðill, veðill, viðill osv tyder tidt ’grunn vik, stad som fell tørr i sjøen, lågt eid’ mm (NoStl). Sjølvsagt vil det i hovudsak gjelde for alle variantar av vaðill > val.

Derimot treng ikkje Sunn- uttala Synn– å gå på retning. Det ligg ikkje fjernt å tenke på ei ord som tilsvarar ns suotnju ’grasmyr, flat blautmyr utan tuver el. bekkar el. ope vatn, men med starrgras’. Termen er lett påviseleg i andre gardsnamn i sør, som Sønju, Sutnøy, Ermesø og Vitterse.

Meir uvisst er vel at forleddet i Sykkylven er sik n ’lite stilt vassfar, lita vik, dam’, då det heiter i Sickifli to ggr. år 1325. Det er langt større grunn til å vektlegge at bak Sykkylvsvadet ligg eit vidt myrområde med bekker og tjønner, så sjølve bygdenamnet synest her å ha fått eit tillegg –vad for å forklare kva som ligg i det historiske ifli. Sykkylvsvadet er ein nokså trong opning i åsrekka tett austom Hovden, men langt vestanfor området som i dag heiter Sykkylven. Merk at forleddet også i si eldste form Sick– høver med ss siegkie ’smal, grann’.
Eit ope spørsmål er om Sykkylven eigtl. var halvøya der Sykkylvsvadet er å finne, eller om det òg finst eit anna Sykkylvsvad? Då blir det ikkje lenger eit spørsmål om namnegransking, men om lokalhistorisk nytenking.
Vanylven har til sisteledd det same –ifli som dei andre bygdene. Det kartet kallar Vanylvsfjorden er ei utgrunn bogeforma strand inst i Vanylvsfjorden med grumsut leire frå osen i Fiskåa (Storelva).
I nordenden av den stranda var den frittliggande Fiskåholmen før skild frå landet innom av ein brei val. Valen og strandstrekka fortener klart merkelappen –ifli, særmerket til Fiskåholmen var den krokute ytterenden.

Forleddet Van– peikar heilt tydeleg mot eit samisk ord særs likt ls vagńa ‘krok att föra undan gryta från elden med’, dvs grytekrok. Ordet er ikkje uvanleg i stadnamn-laging, men i innlån til norsk oppstår mykje formsprik. Lydutviklinga er her er den same som for det endå meir krokforma Vanneset i Etne (neste).

Områdenamnet Kisa får i Norsk Stadnamnleksikon denne omtalen:
«Kisa [»ᶄīsa] bygdelag i Ullensaker komm, Akersh. ‘i Kisa’ 1475. Innb. kisung(e). Norr. Kísi m. Dette finst fem andre stader i landet som gardsnamn. Det har vore sett til tysk Kies ‘grus’ og må i så fall sikte til jordsmonnet».
Kartsøk leier ikkje fram til dette namnet, men Ullensaker kommune seier i såkalla ‘Kulturihistorisk stedsanalyse’ at det tettbygde Nordkisa «ligger i den nordre delen av det gamle Kisi sogn. Navnet Kisa viser egentlig til hele området fra grensen mot Nes og helt ned til Lund ved Borgen».
Det området er gjennomgåande splitta av elvar og bekker. Den relativt store elva Rømua er naturleg avgrensing mot aust, men akkurat i Lund-området renn Rømua tilnærma parallelt med elva Horsla som då nærmar seg ifrå vest, og der blir beltet imellom dei veldig smalt. Denne detaljen i topografien kjem vi tilbake til.
Kisa [»ᶄīsa] heiter òg gnr 29 i Eidskog, Hedmark. Skrive i Kisa (vestre, østre) ca 1400, i 1500-åra skrive Kißing [!], Kiisenn, Kißen, så Kiissenn 1667, og Kiisen 1723. Gardpartane ligg på belte eller tunger mellom bekkar som side om side fell i Kisabekken, som her renn beint sørover.
Kise [»ᶄīse] østre, ml. og nordre gnr 123-124-126 Nes >Ringsaker på Hedmark vart skrive Kisa 1234, i Kisæ (øvste) 1357, i Kiisse (nedste) 1415, a Kise 1425, Kyße 1520, Kisze ca 1530, Kiiße ca 1575, Kiise 1578, Kiisße 1604 osv. Det er tale om litt smale gardpartar, men ut frå kartet ikkje med så tydeleg avgrensing partane imellom som på andre gardar med tilsvarande namn.

Kise [»ᶄīse] nordre og søndre er gnr 159-160 på Østre Toten, Oppland. Skrive Kisa og a Kisæ ca 1400, Kyße 1520, Kiise 1578 og 1595. Kiße 1604 osv. Her ligg gardane på smale landtungar mellom bekkar som fell ut i elva Lena.

Kise [»ᶄīse] gnr 11 i Gjerpen (i dag i Skien) i Telemark: Namnet skrivst i Kisa ca 1400, seinare skriveformer er Kyze 1521, Kiße 1593 og 1604, Kiiße 1665, Kiise 1723. Garden ligg på ei særs smal og bein landtunge; herifrå kjem den vesle Kisebekken som fell ut i Hoppestadelva.
Kise [»ᶄīse] gnr 86 Sauda (no MT). Skrive Kyse 1542 og Kyse, Kyze, Kyße 1521, Kyse 1535, Kiiße 1585, Kiße 1593, Kiiße 1602 osv. Garden ligg primært på tunga ml. Kisebekken i aust og Dyrudbekken i vest, men delvis òg på ei liknande ml. Kisebekken og ein bekk på austsida.
Merknaden knytt til namna har frå og med Rygh lydd så: «Forklaringen er uvis. Ordet har været sat i Forbindelse med tydsk Kies, Grus, og maatte isaafald som Navn sigte til gruset Jordsmon».
Ortofoto av dei same stadene stør ikkje den hypotesen, då kanskje med unnatak for bekken Kise i Vinje, som kjem frå Råkadalsvatnet og fell ut i Fitjevatnet. Det er berre at ein i just det tilfellet òg må ha in mente ns giezzi ‘kort elv mellom to vatn’, no ukjent i ss og ss. Bekkenamnet kjem heller av den langsmale utfallsosen i Råkadalsvatnet som liknar to ovsmale vikar ved Fustvatnet i Vefsn; dei heiter begge Kisen.
Både i desse tilfella og for dei nyss nemnde gardane har det mest for seg å vise til ss giedtsies, pred giedtsi ‘smal’ = ls giettses, gettsa, predikativ form giedtse, jf ns geazzi ‘trong, spinkel, tynn’. At eit predikativt ss giedtsi nytta som nomen vart oppfatta som gisi (norskare sagt kisi) og såleis fekk ei kasusrett norrøn dativform Kisa, slik Rygh poengterer, er nok rett.
Kisa i Ullensaker sitt tilfelle er då i utgangspunktet det smalaste partiet mellom elvane Horsla og Rømua just i Lund-området.
Ein høg hump mellom Storskard- og Tverrlivorda i skilet mellom Folldal og Alvdal i Hedmark er kalla Vissmann-kletten. Folldølane seier Vessmannkletten, medan folk i Alvdal seier Vøssmannkletten. Under ligg Vissmannlia vendt mot Vissmannttjønna i søraust, og frå sistnemnde renn Vissmannbekken til Haustsjøen. Vissmann- står det på karta.
Vissmannkletten er så snau som han kan få blitt. Derimot finst det noko skog i Vissmannlia. Vissmannkletten sjølv er eigentleg berre minstemann i ei flokk med noko høgare ‘voler’, i eitt og same fjellområde og alle like snaue.
Alvdal-uttalen er den som gir nøkkel til kva Vessmann- eller rettare sagt Vøssmann– tyder, ettersom ls vuos’ma i Jokkmokk vil seie «ett land som är til hälften skoglöst» (OSLO 252). No blir lydrett form ved innlån til norrønt gjerne Usma, verkar det som, men ein overgang uo > ø i Alvdal etter norrøn tid kan vere forklaringa på at det ikkje skjedde her.
Den samiske diftongen uo blir gjerne til au i norsk, og vi kan sjå for oss slike lydlege overgangar, tilsett eit grann psykologi: vuosman > vausman > vøsman > vesman (ei avrunding ø > e er ordinær). Det siste har gitt skriveform Vissmann– på karta, men assosiasjonen «ein viss mann» er folkeleg lite tiltalande, Vismann– med lang i har så klart betre klang, same kva ein måtte legge i den varianten.
Eigentleg er vøssma-n- genitiv av vuossma og har såleis korkje med mann eller ‘man’ = mòn, mån som fjellterm å gjere.

Vismannheia i Gildeskål, som er også er halvt skoglaus og ligg ovanfor Forrhaugen (furuhaugen). «Norge i bilder».

Vøsmankletten i skilet Alvdal – Folldal kan forståast som namn på ein klett som berre er ein del av eit langt større snaufjellområde, ei vuosma.
Litteratur: Kjell Venås, Norske Innsjønamn III: 546.
Opplysningar om Vitterse i NG:
Vitterse |»vøttersen|, |-sø| Tjølling gnr 49-50 > Larvik 1049-1050: i Vittrixsyni (to gonger) ca 1400, i Asgauts Vittrissinne 1440, Vittersøn 1512, [Wittersyn 1439, etter avskrift 1703], og [Wettersiø 1320, i omsetjing 1555)], Wittherßønn og Vittherssen ca 1520, Wittherßøenn, Wethersøenn ca 1575, Witterßø 1593 og 1600, Wettersøe 1604, Wittersøe 1664, Wittersøe 1723: «en Sms. med vin. 1ste Led maa være Genitiv af et Han- eller Intetkjønsord. Gaarden ligger i Nærheden af et Tjern, og et gammelt Navn paa dette stikker mulig i det 1ste Led. Om dets Form og Betydning kan man vel neppe danne sig en nogenlunde sikker Mening», meiner Oluf Rygh.

Vitterse alias Vittersø. Norgeskart.
Det fell naturleg å fokusere på Vittersetjønna med tanke på ss vïedtere om «elvemæl», «bratt skråning mot elv», likeins «uthola elvebard», men kartet tyder ikkje på at det har så mykje for seg. Større blikkfang er nok Vittersøåsen med bratte bergfall mot vest, jf ss vietjere «hammar», nær opp til Vittersebekken som renn imellom dei to Vitterse-gardane og skjer seg djupt ned akkurat der.
Skriveforma Vittrixsyni c1400 (2 x) fortener ikkje så stor merksemd, men O. Rygh er inne på det fenomenet fleire stader, så som Bitterstad i Hadsel, af Bitrexstadom AB 99: «Bitreksstaðir er udentvivl ikke en opr. Form; men k maa her ved en meget almindelig Lydforandring være indskudt foran s med efterfølgende Konsonant. Dette synes navnlig at være Tilfælde med mange med –staðir sms Gaardnavne».
Vitterse er neppe eit vin-namn, sisteleddet –syni, –sinne-, –søn(n)– er heller som i gardsnamnet Sønju, Synju på Øvre Eiker, skrive Sønniu c 1575 og Sinyulff 1578 og Synuff 1593, Sønnie 1621, 1626, 1661, og Synie 1723. Liksom Sønju har Vitterse mykje myr, ja endå meir, så det er tale om eit landskapsord tilsvarande ns suotnju eller suonju (Lyngen) «flat blautmyr med starrgras, men utan tuver, bekkar eller ope vatn» (Qv 824). Namnelaginga Vitterse kan då syne fokusering på dei store myrområda – kring hammaren Vitterseåsen –sjå også omtalen av Ermese.
Gardsnamnet presentert av Oluf Rygh:
Lobben |»løbben| Modum gnr 123: Lubben 1578, Lobenn 1593, Lobben 1604, 1617, Luben 1668, Lubben 1723: «Ogsaa paa Ø. Eker GN 183.184, skr. i Loghbø RB 192. Samme Navn er Laaby (udt. lø`bby) i Rakkestad GN 137, skrevet i Loghbø RB 157, og Laaby i Berg Sml. GN 66,1, skrevet i Logby RB 502. Den oprindelige Form synes.. at maatte være *Lϙgbœr (-býr), af lϙgr m ‘rindende Vand’».
Rygh er likevel i tvil, av di vi i Rakkestad sitt tilfelle ser skriveformene Lœbbæ alt i 1368 og Lobbe år 1370: «de anførte Former …. forudsætte, at Navnet allerede da ud-taltes omtrent som nu); nogen rimelig Forklaring er ikke funden».
Ein bekk frå sør renn gjennom garden Lobben og ut i Simoa, og kartet viser at der var ei utviding av bekken like før: ss loebpele tyder ‘lita tjønn’.
Bortfallet av sistestavinga –le her er som i talrike Loppe-tjønner og -tjern <Loebpele– austafjells. Tenkeleg elles er at Lubben, Løbben kunne oppstå av ei sideform *Lubber tillagt bunden artikkel –en (variant *Lubbel, i nord både Luobbal og Luobbar). – Elles kan det ikkje allstad ha vore så at lϙgr var «rindende Vand»», for Laugen i Risøyhamn (Andøy) er ei myrtjønn, Lauen i Bø i V. var det same, òg så er òg Laugen på Trondenes. I samsvar med dette kan nemnast at det litt nord for Låby skole i Halden synest å vere ei tjønn, tørrlagt no. Låby i Rakkestad ligg rett nok ved bekkar, men desse kjem delvis frå Låbytjern i aust.
Oluf Ryghs presentasjon i NG:
Såner |»sånær|,|»så:nær?| er gnr 19 i Vestby: a Husæby 1347, i Husaby 1348, i Husæby 1349, a Husaby 1349, i Husaby 1368, i Husæby 1391, 1399, 1402, a Husaby 1442, Hußeby 1593, Husby 1600, Huusebye 1723.
Rygh: «Medens Gaarden nu kaldes Saaner, skrives den, som man ser, fra 1347-1723 stadigt Huseby. At forklare dette paa den Maade, at Huseby skulde være det oprindelige Navn, og Navnet Saaner siden overført fra Bygden og Sognet paa Gaarden, hvor Kirken stod, synes lidet rimeligt: en saadan Navneforandring kan neppe heller paavises andensteds. Sandsynligvis hænger det saaledes sammen, at Sánar er det gamle Navn, som engang i den tidligere Middelalder af en Eier er blevet ombyttet med Húsabýr …. Som det ofte gaar, har det nye Navn dog ikke helt fortrængt det oprindelige og tilvante, der fremdeles har holdt sig i Brug i Bygden og tilsidst har gjenerobret sin gamle Plads, saa at Navnet Huseby nu kun existerer paa Papiret. – Om Betydningen af det visselig meget gamle Navn Sánar har jeg ingen Mening. Det ligger nær i Stammen Sán her i Vestby at søge et Elvenavn, der da enten maatte tilhøre den lille Elv, der løber forbi Kirken, eller selve Hølens-Elven, hvori den ikke langt nordenfor falder ud. For den sidste Antagelse taler, at ved den sidste Elvs Udløb i Fjorden ligger Ladestedet Son (udtalt med langt, lukt o, skr. Soon 1410 i DN V 331), ogsaa vistnok opr. Gaardnavn, som man vanskelig kan undgaa at sætte i Forbindelse med Sánar, og som vel lydlig ogsaa kan forenes dermed. I samme Form som i Saaner have vi vel denne Stamme i Saanum i Halsaa Sogn ved Mandal; til Formen Son svarer Elvenavnet Són, nu Sona, i Stjørdalen (AB. 40). Ogsaa Sønavnet Soneren i Sigdal hører mulig hid».
Son eller Soon i annan kontekst:
Sam. savō el. savōi el. savōn el. savvun (Gällivare og Jokkmokk) er «sel, lugvatten mellan två forsar i älv el å». I Jokkmokk har savvun den tydinga, men savōi er «jämn, lugn, ganska stark strøm i älv el. större vattendrag i rätt stark lutning; man kan vada och även ro över savōi» (Grundström 943).
Allmenngyldig er ikkje «mellan två forsar»: savú, savún, savúi, savúv, savvun, gen savvuna, likeins ss suvvënë (jf fi suvanto) er utlagt «sel, lugnsträcka i älv eller å»; sv sel er, i Norrland især, «bred, stundom sjöliknande del av älv med lugntflytande vatten» (OSLO 190, SAOB). Forma suvvënë blir på normert ss skrive sovvene, utlagt som «hå, lon, stiltflytande utviding av elv».
Mellom sjølve Soneren i Sigdal og Kråkefjorden er Sundet stiltflytande; Sundet heiter også det eine av 2-3 tronge renner ved Sånum i Halså> Lindesnes. Frå Østre Sonvatnet i Stjørdal (dels Meråker) renn den like stille Silra til Ytre Sonvatnet: Vatna blir vel i røynda sett på som eitt vatn og har ss namn Suvnvahne (Hasselbrink).
Frå Suvnvahne renn elva Sona (kanskje primærnamnet): Mellom bruka Øyster-Sona og Ner-Sona i siste del av elvefaret finst det ei elveutviding kalla Langhølen: Det siste fører oss atter til Vestby, der den markerte utvidinga i vass-faret også heiter Hølen. Elva har fått att sitt gamle namn Såna, og det ser ut til at Soon først var namn på Hølen, men glei over til ladestaden ved sjøen (såkalla denotasjonsendring) – og at Såner el. rettare Sånar? helst var elveutvidingane lenger opp, med Såner kyrkje og garden Fosser.
Omtvista har vore om Son eller eldre form Soon var mest korrekt? Interesserte kan merke seg at sauwon i varianten soon (utt. med lang å) er oppslag i Lexicon Lapponicum (s. 427). Kontraksjon av ss sovvon (Sorsele-variant av ss sovvene) vil pga annan ortografi derimot gje soon, og då uttalt med lang o.
Talrike gardsnamn i Rogaland som ender på –stad i skrift får unikt avkorta uttale, så som auest for Auestad (áu’ju område ved vatn, ‘øy’ i utvida tyding), vidare båddlest for Bollestad (attmed pollen Edlandsvatnet), fjærmest for Fjermestad (vyjreme skred), friest for Fristad (prijrie temmeleg bratt skogli), i eitt høve fåglest for Fuglestad (<vuelege: nedre-), garpest for Garpestad (garhpe: uslett lende), godmest for Gudmestad (jf nordsamisk guohtum ‘beite’ lik sørsam. gåatome?) Vidare er det håbbørst for Hobberstad, åbrøst for Obrestad, alt nemnt, og hågnest for Hognestad, hårpest for Horpestad (ligg nær tronge stader mellom Horpestad-, Erga- og Orrevatnet). Ein finn òg påddlest for Pollestad (nær eit uttørka vatn) og rimest for Rimestad (vel riepme: stryk i Hå-åna), særikst for Serikstad (jf sïerkestahke vidjekratt), Vigre + Vigrestad (av vietjere: hammar), ævest for Ævestad (frå aevjie: fin eng på kåtetomt el. i tidlegare reingjerde),dertil ånest for Ånestad og årrest for Årrestad (årre kanskje <hårro om ei rauka av stein, eller om ein varde).
Kjerneområdet for desse avkorta uttaleformene er Ogna, Nærbø, Varhaug, Klepp og Time, og det kan minne om ei teµmeleg så lik avkorting i bøyinga av ss ord på –stahke, som får kortform –steh, då især som sisteledd i landskap-sord. Der går det faktisk eit hakk lenger av di eit trykklett –steh lyder –sth: snorrestahke ‘område under fjellet med kun bjørkeris’ blir snorresth, og sorrestahke ‘tjukk skog (særleg lauvskog)’ blir sorrest eller sorost. Her kjem òg inn stråmhpoe ‘busk, kjerr’ i smsstromhpestahke ‘busk el. kjerrbeltet (nedanfor snaufjellet’ avkorta strompesth. (Kan her nemnast at dette ordet synest inngå i ei omskapt namnelaging ‘Stompesteinra’ to stader i Bjørnskinn sokn på Andøya der det før var låge kjerrar men ingen steinar). Vidare synest det som om namnet Serikstad i Time går på *sierkesth av sïerkestahke, sierkestahke ‘vidjekjerr’, jf ss sierke ‘vidje’.
Gardsnamna øuest, hærigst, håbberst, vigrest, ævest og åbrøst må visst vere skorne over same lest, endå dei ikkje går på vegetasjonen. Det er heile vegen tale om suffikset –stahke, som i ss bl.a. tyder ‘område med’: dvs. forsynt med det som førsteleddet nemner. – Så vidt kjent er aldri –stahke (pl. –stahkh) nokon gong dregen inn i drøftinga av norrøne gardsnamn på –staðir.
Omvendt er det så at ss heajme, hïejme ‘heim’ så vel som laante om ‘land, jord, område’ er kjente norrøne innlån Ordet er produktivt nok i rogalandske gards-namn som «burde» vere heilt norske, men er ein først merksam på innlån til samisk, kan ein ikkje lenger seie sikkert (i dei høve der gardsnamn på heim, land eller stad har uklart forledd) om namnet vart laga av ei folkegruppe som lånte slike gardsnamn-termar og laga eigne hybrid-namn.
I drøftinga av gardsnamnet Sæveim på Finnøy la Oluf Rygh sjølvsagt norrønt språk til grunn; han gjetta på at der låg norr. sæva– gen pl til grunn, men fleirtalsforma gav ikkje meining, med mindre han peika på to vatn i nærleiken – i staden for havet (sjøen)!
I tillegget bak NG 11 tyr Rygh til plantenamnet sev = siv! Det intrikate er berre at sæv og sæva i ss og ls blir nytta om havet, sjøen, og då kan jo det stemme godt som Rygh fann å måtte forkaste: ‘at Sæveim var den ældste og oprindelig eneste Gaard her sydvestlig på Øen, og at den havde faaet Navn af, at den laa længst ud mod den aabne Hoved-fjord’.
Innanfor det same området der –stad blir forkorta til –st blir pussig nok sisteleddet –heim redusert til –ei, i assei, grødei, kvassei, malmei, njærei, norei, særei, stabnei, særei, tjæssei, tunei, tådnei, unnei. Det er påfallande til norske namn å vere, og ikkje mindre i samisk, der heim er eit utbreidd lånord som ikkje blir traktert på same vis.
Heimnes i Jelsa blir skrive Hebnes og uttala hibnes, trass i sikre skriveformer Heimnes to gonger på 1280-talet, men á Hæifnesi 1303. Hebnes i Skudesnes blir kalla for hibbnes og hivvnes, men blir skrive Hemnes no, endå dei historiske skriveformer er veldig sprikande.
Kva knyter slike lausendar i hop? Under største tvil skal nemnast noko Knut Bergsland har understreka: Det er typisk ‘nordlig‘ med b i staden for m, i slutten av ord og i visse konsonantsamband i innlyd. Dette lyder jo ganske bakvendt ut frå vanleg geografisk tenkemåte.