Ånnfjorden, Ånnvika og Ånnstad

Åne er etter folketeljinga 1801 eit ikkje utbreidd, men heller ikkje eit uvanleg mannsnamn i Nordland og Troms. Namneberarar var visst både samar og nordmenn; av sistnemnde trong ikkje alle å vere fødde i landsdelen. Det ligg nær å oppfatte Åne som ein variant av det namnet som i dette manntalet står som Ånet og Åneth (norsk Anund, gno. Ǫnundr), heilt frå Vefsn i sør til Lebesby i nord og der samisk tilknyting som regel var klar. Uvisst er om det historisk seine Åne har å gjere med det gno. mannsnamnet Áni, men det vart iallfall rekna som meir ‘stuereint’ norsk enn Ånet(h).

Vil med overlegg skrive gardsnamnet Ånnstad for å framheve poenget kort å, men er merksam på tradisjonell skrivemåte Ånstad. No er det gale kva finger du så skjer deg i, for Ånnstad er i strid med vanlege rettskrivingsreglar: Skulle uttalen og skriveforma harmonere, er jo *onnstad skriveforma som kjem nærast, men då har vi hamna på jordet i dobbel meining, og dessutan er overleverte skriveformer av Ånnstad-namnet, i alle fall for Nordland sitt vedkommande, iblant så avvikande at det er usannsynleg at mannsnamnet Árni, eitt mindre Arni,  kan vere opphavet: Ånnstad-gardane i Hadsel er – med store sprik – kalla for Aanistaid, Ondistad og Vndistad 1567, Unnestad, noch aff Unnestade 1611, Vnnestad og Aunstad 1614.

Garden i Sortland og i Ibestad har visstnok færre skriveformer å vise til, men for Ibestad sin del kan iallfall fleirtalet av former i NG tolkast i retning mannsnamnet Arni. Dei refererte formene frå Hadsel og især for Moskenes (sjå seinare), peikar like klart i retning av ein uttale med diftong au, som i desse og andre liknande tilfelle i røynda vart skriven ou, u, ov, v, ow, wo, eller også eu-, ev-, effue-, alt etter tidbolk, kjeldetype etc.

Langt sørvest i Øksnes kommune ligg Ånnfjorden, |»åᶇᶇ-l, kjend for folk som fer langs stranda på tur til og frå Bø, sjølv om langtfrå alle bryr seg om kva namn fjorden har, eitt mindre lurar på kva namn han har! Elles går fjorden i lang tid for Auenfjord, men den diftongerte skriveforma dukkar opp først på 1800-talet og er dermed langt, langt yngre enn skriveformene for Ånnstad i Hadsel og i Moskenes.

På Melchior Ramus’ kartskisser frå 1689 manglar både Ånnfjorden og småfjordane på motsett side. Der er eit sprang frå eidet Ryggefjorden – Jørnfjorden i vest og til eidet mellom «Eidsfiord» (les Bjørndalsfjorden) og Skjærfjorden i aust. Det var jo ikkje det aller enklaste stykket geografi å lage kartskisse over! Men dei to eida Melchior Ramus tok med, var alltid viktigare farvegar enn Ånnfjorden, endå den òg – i og for seg – har vore ein kjend passasje.

Ånnvika i Sømna (gnr 28 i gl. Brønnøy) har, ulikt Ånnstad-gardane, temmeleg stø skrivemåte på And- frå 1567 av, vel å merke etter NG å dømme, men kva tolking gjeld har vi her berre Rygh å vise til: «vel *Arnavík, sms. med Mandsnavnet Arni».

Som nemnt, dei avvikande skriveformene for Ånnstad i Hadsel etterlet tvil. Her skal nemnast eit uttalefenomen som før var utbreidd i Bø, nemleg diftongert uttale av kort o og ǫ, så som i odd(e), skodda, lodda (fisk), så vel som i dogg, vogga, varmlauen for varme-logen, gås-bauen for -bogen ( = fuglen spoe), Lauen for Logen (eit i dag tørrlagt vassfar), osv. Fenomenet er drøfta av Hallfrid Christiansen (hf III: 157 flg), som presiserer at slik diftongering inntreffer framfor palatal n, d og l, men også i andre stillingar (jf. B. Martinussen: 9).

Især interessant i vår samanheng er dømet bøuᶇᶇ for boᶇᶇ = born, som Christiansen hentar frå Ragnvald Iversen (Senjen-maalet: 39). Ei svale gjer ingen sommar, men i ein større samanheng er detaljen viktig jf med former som bødn frå Valdres, Hallingdal og bunn frå Setesdal (NO b. 1).

På Dønna finst eit elvenamn Gonna |’gåᶇᶇȧ|, gno. gǫrn f «tarm»: Merk at same ord i Breim i Sogn og Fjordane var uttalt gaunne (palatal n) i ein-og fleirtalsform. Ikkje mindre interessant er at fonn, gno. fǫnn f «skavl, snø» på lands-basis viser seg i dialektformer fødn og føynn og føydn, så vel som faunn og faudn. Mi oppfatning er at nettopp ein eldre uttale faunn for fonn må vere grunnen til at Fonn- i gardsnamna Fonndalen og Fonnøyra gnr 18 og 19 i Meløy er på 1600-talet og til dels seinare skrive Fun -, Funn- og Funnd-. Vel var problemet dei skrivekunnige las og skreiv av etter kvarandre, men ein eldre uttale Faunn– med au forklarer dei fordanska formene med u: skrivaren takla ikkje det udanske au.

Overgang rn> ᶇᶇ utan diftong finst i stadnamn sms med gno forn «gammal», t.d. Forngammen i Evenes og Fornhusvollen i Skjerstad,ikkje å gløyme det avspora Fornnaustan (fåᶅᶅnøustan) i Hadsel og Øksnes: Der går (palatal) ᶇᶇ + vanleg n i -naustan ikkje i hop i det heile. Det ville vere rett å normalisere desse namna til Forn- for få fram kva for ord det er tale om, jf Fornebu, fornminne o.l. Vi aner at diftongeringsfenomenet må ha ovra seg i mange ord, på mange stader og over lang tid, for så å tape seg pga. innverknader frå nyare skriveformer.

På grunn av dei nemnde diftongeringane reknar eg med at namna på Ånn- i lange tider au fanst med parallelle uttaleformer på  Aunn– (Øunn-, Eunn-), på den tid òg med palatal nn. Det kan òg forklare skriveforma Auenfjord for Ånnfjorden, då diftongeringa som sagt kom i kort vokal (o og ǫ) framfor palatal.

Ein kunne tenke seg at gardsnamna (og fjord-namnet) kom av fuglenamnet ørn, det vil seie at gno. ǫrn kanskje også fanst med ein uttale *øuᶇᶇ . Men stoda er den at ørn i stadnamn så vel som i vanleg tale overalt held oppe lydsambandet rn, motsett bjørn, tjørn og fleire andre ord som har fått uttale med palatal nn og tendens til diftong.

Kva så med Ǫrn nytta som mannsnamn, som ei sideform til Arni? Her har i namnelitteraturen svar ferdig: «Disse to Mandsnavne kunne ikke adskilles i Sammensætninger; Ǫrn forekommer forøvrigt forholdsvis sjeldnere og kan i den senere Middel-alder nep­pe sikkert paavises i Norge» (Rygh 1901: 10). Vi får då la den floken ligge og prøve eit anna grep: Finst det ein topografisk samnemnar for lokalitetane som heiter noko på Ånn– (åᶇᶇ-)?

Slåande er at vi alle desse stadene finn markerte dalsenkningar eller passasjar ved vedkommande gard, motsett fjellgarden elles i same område. For Ånnstad i Hadsel og Sortland og Ibestad er dette tilhøvet udiskutabelt, for Ånnstad i Hadsel ligg i ei amfiliknande utviding av landskapet med relativt vid dalopning ovanfor, i kontrast til nabogarden Ongstad. Ånnstad i Sortland ligg nær det skardet som skaper overgang til Holmstaddalen frå sør, og karakteristisk for botnen av Ånnfjorden er to overgangar til fjordane på hi sida. –Ånnvika i Sømna utgjer ein naturleg vegpassasje vestover til Vik.

Kor fører så dette oss? Truleg har vi å gjere med gno. ǫnd f, då ikkje i tydinga and (fugl) eller ande (pust), men om «forstove, gang», i tyding liksom i anddyri «Forstue, Forgaard, det foran Indgangen til Huset værende Rum, = fordyri» (Fritzner).

Stadnamn på Ǫnd-går i så fall på den plassering garden har i forkant av ein dalformasjon, tenkt på som eit ope rom med inngangen der garden ligg.

Dette kan vere alderdommelege namnelagingar der meininga tidleg vart fordunkla, jf. lat. antae «freistehende tempelwände, die einen vorbau bilden» og gl.irsk átá «rahmen einer tür» (de Vries o.a.). Diftongering/palatalisering av konsonant-sam­banda rn, nd heng vel nøye i hop.

Lydovergangane gjorde det vanskeleg å forstå kva som opphavleg låg i namna. Ordet har gno. eintalsform lik ǫnd f «and» (fugl) og ǫnd f «ande, pust; ånd, sjel». Systemrett skulle ein vente genitiv eintal andar, i mlno. redusert til anda– (samanfall med gno gen fleirtal), jf det geografisk tvilsamt plasserte ‘af Andastader’ i i Aslak Bolts jordbok frå Moskenes eller Hadsel. Nær Skotnes i Buksnes ligg Annstadheia, ein fjellformasjon med passasjar og skard på alle kantar, så garden kan like snart ha lege i det området.

Eit anna gardsnamn interessant i samanhengen er Åndervåg nord på Andørja (Rygh har òg ein uttale øuᶇᶇer-: At dette namnet og øy-namnet Andørja heng i hop på noko vis er opplagt, jf. NG, samtidig som det fell naturleg å tenke seg eit samband med det førnemnte gno anddyri. Nettopp det er det Rygh gjer, etter å ha drøfta fleire andre, lite tilfredsstillande tolkingar: «Jeg er derfor tilbøielig til at søge en ganske anden Forklaring af Navnet, idet jeg formoder, at And­yrja er en mindre korrekt Skrivemaade for *Anddyrja, og sætter dette i Forbindelse med anddyrr f. Flt., Forstue, det foran Indgangen til Huset værende Rum. For dem, som seilede ind fra Havet eller efter Leden nordenom Øen, kunde det være naturligt at betegne Vaagen (Aandervaag) foran den trange Strøm, som fører ind til den store Strøm-botn, som anddyrr. Og da denne Lokalitet i For-tiden vel har været den vigtigste paa Øen, er det forklarligt, at denne har faaet Navn [:Anddyrja] derefter. Siden har Vaagen og med den Gaarden igjen efter Øen faaet Navnet *Anddyrjuvágr».

Ganske uventa er det at han då vil tolke Åndervåg i Lødingen tradisjonelt, som ei sms. med ǫrn «ørn» eller også med Ǫrn nytta som mannsnamn. Den Åndervågen fungerer også som ei fordør eller passasje, vestfrå og inn til Saltvassosen.

Åndervåg i Andørja minner på eit vis om Ånnstad i Moskenes: Begge ligg på ei landstripe framfor eit vatn, men i Moskenes finst det ikkje teikn til at der noka tid har vore passasje inn til vatnet. Så er då også skriveformene av dette vårt siste Ånnstad-namn merkverdige: Oudinnstad og Oudenstad 1567 (ulikt Onndestad 1610), dessutan Euestad 1647, Effuenstad 1667 og Evenstad 1723. Som Rygh seier: «I senere Tid sees det at være misforstaaet, som om det var sammensat enten med Auðun eller med Øyvindr». Han tenker på skriveformene vi kunne lese som Auen-, jf. også Auenfjord for Ånnfjorden.

«Løft dit øie du raske gut», sa Bjørnsson. I tilfellet frå Moskenes skal vi primært neppe fokusere på buplassen på eidet framfor Ånnstadvatnet, meir sannsynleg går det på gammal ferdsel over den låge Ånnstadheia ned Ånnstadlia til Refsvika: Det var einaste fjellovergang på langan lei. I dei tider fekk ikkje dei vere umaksredde som ville vitje folk på vestersida – eller omvendt.

Ånnstad (Ånstad) i Moskenes – legg merke til Ånstadheia og især Ånstadlia på Refsvik-sida. Kartverket.

Litteratur:
Jan de Vries, Altnordisches Etymologisches Wörterbuch. Leiden 1977.
Hallfrid Christiansen, Norske Dialekter III. De viktigste målmerker og deres råderom.
Ragnvald Iversen, Senjen-maalet. Lydverket i hoveddrag. Kra. 1913.
Birger Martinussen, Målet i Bø, auka utgåve 1973.
Kart: 1332 I ANDØRJA, 1232 III SORTLAND, 1132 II STOKMARKNES, LOFOTODDEN 1:100 000. Jfr Håløygminne 4-2004

 

Sunnylven, Sykkylven og Vanylven.

Under oppslagsorda innylfi og innyfli (m/ variant -ifli) i Johan Fritzners gl.norske ordbok er oppført andre sms ord som viser likskap med dei ml.norske formene av tre bygdenamn på Sunnmøre (b. 2:213f).

Det meste går att hos Oluf Rygh i NG: «Om dette –ifli lader sig ellers kun sige, at vi sandsynlig ogsaa har det i Fællesordene innifli (Indvolde), dauðyfli (dødt Legeme), vanyfli (Vane) og i Folkesprogets Vardyvle (Fylgje, Følgeaand), der alle er Intetkjønsord. Dets oprinde­lige Betydning er endnu ikke oplyst.»

All den tid tolking av dei tre bygdenamna frå Sunnmøre var uviss, var det naturleg å få med seg språkstoff som kunne vere til gagn i så måte, men no er det meir på tide med utskiljing.

Irrelevant?

Til same ordgruppe blir summarisk òg medrekna innifli «innvolar», men gjennomgåinga hos Torp av dette ordet i jf med andre nordiske variantar tyder ikkje på meir enn heilt tilfeldig likskap med etterleddet i bygdenamna. Det same gjeld sjølvsagt for vanyfli n i tydinga «(sed)vane», då også om vanyflasótt.

Norr. dauðyfli «åtsel» skulle det vere mest naturleg å jf med tysk Übel n ‘noko vondt el. ilt’, som adj übel ‘fælt, plagsamt’ o.l. = ubil i gl.høgtysk, gotisk og angelsaksisk. Jf også gl.eng. yfel og nyeng. evil. Her skal heller ikkje gløymast at nederlandsk euvel tyder ‘problem, noko som ikkje er som det skal vere’. Kunne det passe òg for nyno. vardyvle «fylgja»? Det svenske motstykket til vardyvle, vålnad, sette Alf Torp i samband med norr. var(ð)naðr «beskyttelse», men i folketrua hadde kanskje vardyvle lik vardøger meir negative kvalitetar enn som så?

Kva med Þunnifli??

Om gardsnamna Tynnøl i Lesja og Tønnøl i Bjugn seier NG: «Þunnifli, sandsynligvis Intetkjønsord. 1ste Led kan neppe være andet end Adj. þunnr, tynd, og kan tænkes at sigte til tyndt Jordlag». – Lenger enn det går ikkje Rygh, men kan det beintfram vere tenkt på eit norr. *myldi om jordlag? Torp nemner eit norr. mylda «dække med jord» og fær. mylda «jevne akermulden», og Ivar Aasen kjente same verbet i forma milde frå Sunnfjord. Velkjent i nord er òg lausmildt for –myldt. Garden i Bjugn er berglendt og tvillaust *tunnmyldt, og på garden i Lesja viser eldre ortofoto at noko av jordlaget er utsett for bekke-erosjon. I eit opphavleg *Þunnmyldi ville i alle fall skje lydjamning –nn-m– > –nn– så å seie omgåande. Utenkeleg er ikkje at ordflokken på –ifli etterpå ‘drog til seg’ desse to namna.

Tynnøl i Lesja 1971, detalj. Norge i blder.

Gjennomgåinga er er summarisk, men viser likevel at bortsett frå gardsnamnet Þunnifli er desse sms orda på ifli, yfli o.l. til svært lita nytte under evt tolking av dei sunnmørske bygdenamna.

Nyare omtale

Dei er då også sløyfa i nyare drøftingar av bygdenamna i Norsk Stadnamnleksikon, som presenterer bygdenamna kvar for seg – men som også utan nærmare grunngjeving slår fast at alle er opphavlege fjordnamn.

I oppslag Vanylven |van’ylviᶇ | [dat. |van’ylva] er sagt at ‘andreleddet er –iflir, som i Sunnylven og Sykkylven’ og under Sunnylven |syᶇᶇ’ylven| seiest at ‘andreleddet –iflir er meir uvisst — men rimelegvis er det eit eldre *viflir m lågt, fuktig lende og siktar såleis til området på Hellesylt’.

Oppslag Sykkylven |syᶄ’ylven| seier bl a at ‘førsteleddet er nok gno sik n lite stilt vassfar, lita vik, dam’.

Hovudinnhaldet i desse oppslaga går att i Store norske leksikon, men då utlagt såleis at -norr. iflir, ‘lågt, fuktig lende’ siktar til Sykkylvsfjorden! Som vi ser, det sprikar noko, og forma –iflir som skal konkretisere teorien om fjordnamn er ikkje historisk dokumentert.

Nye namnefakta

Enklast er å sjå på det hypotetiske *viflir ‘lågt, fuktig lende’ presentert som hankjønnsord, utgangspunktet må ikkje vere så hypotetisk: Ei sideform til vaðall ‘vad, vadestad’ var veðill m. Den forma med same ml.norske overgang ð>v mellom vokalar, dukkar opp i namn som Vevle med Vevleelv i Haus (Osterøy) og Vevlen i Halden, attåt Veflen i Vang i Valdres, og det stoppar ikkje der.

Historiske skriveformer av ei rad gardsnamn viser at veðill ikkje sjeldan fanst i ei sideform viðill >vivel, her òg med mlno. overgang ð > v og tilmed i varianten vifl– istf vivel-, vivl-, sml Veflen som nyss er nemnt. Frå Åmot på Hedmark må nemnast gnr 21 Vivelstad |’vīvelsta| skr. Viffuelstad 1593 og Wiffuellsta 1604, Wiuelstad 1616, Wiffuelstad 1667. På Hedmark ligg også Løten gnr 160 Vivelstad |»vīvelsta| skr. Viffuerstad 1669 og Wifverstad 1723! Dertil ein lokalitet kalla Vivelstad i Ringsaker nær Vivelsbekken og Vivelstjernet.

Vivelstad i Ringsaker. Norgeskart.

Liknande skriveformer, om enn inkonsistente, oppviser gnr 39 i Lier (Buskerud) Viulstad |»vīułsta|. For Vivestad |»vīvesta| gnr 114-115 i Ramnes >Tønsberg (som òg var soknenamn) var skrivemåten Viuil-, Viuel- tungt inne på 1400- og 1500-talet, men seinare kom skriveformer som tyder på at det epokevis var sagt både Vivi-, Viva-, Vivæ- og Vive-.

Viveli i Etne kan forståast som vivel-li, legg merke til vadet.

Vivlemo gnr 26 i Konsmo (no Lyngdal) har ei forvrengt skriveform Vrefflemo på 1550-talet, så kjem Vefflemo 1594, Vifflemo 1612 og 1619, sist Weblemoe 1668 og 1723. Her er inkonsekvensen i skriveformene størst.

Vivesøl |’’vīvesøl| er gnr 18 i Holt, no Arendal. Skrive-tradisjon går på Viffueßell 1593, Wifuesell 1601 etc, Wiffuesild! 1626, Øvre Wiifuesell 1670, Øvre Wivesøl 1723. Rygh, som konsekvent tyder forleddet i Vive(l)-namna som mannsnamnet Vifill, forstår Vivesøl som ’Vifill sitt sel’ (sæterhus), men lendet er av den art (jf Vivesølmyra) at forleddet eller var viðill > vivel med l-bortfall medan etterleddet er sel ’stillelv’ (jf -sild 1626).

Kva så med bygdenamna?

Når vi så i Sunnylven sitt tilfelle får seg presentert eit hypotetisk *viflir ’lågt, fuktig lende’, tør vi korrigere til *vifli, og lydovergang til -yfli ville lett nok skje der. At namnet viser til Hellesylt-området er plausibelt, for val <norr vaðill, veðill, viðill osv tyder tidt ’grunn vik, stad som fell tørr i sjøen, lågt eid’ mm (NoStl). Sjølvsagt vil det i hovudsak gjelde for alle variantar av vaðill > val.

Hellesylt 2024. Norge i bilder.

Derimot treng ikkje Sunn- uttala Synn– å gå på retning. Det ligg ikkje fjernt å tenke på ei ord som tilsvarar ns suotnju ’grasmyr, flat blautmyr utan tuver el. bekkar el. ope vatn, men med starrgras’. Termen er lett påviseleg i andre gardsnamn i sør, som Sønju, Sutnøy, Ermesø og Vitterse.

Sykkylvsvadet ligg uventa langt vest for dagens Sykkylven.

Meir uvisst er vel at forleddet i Sykkylven er sik n ’lite stilt vassfar, lita vik, dam’, då det heiter i Sickifli to ggr. år 1325. Det er langt større grunn til å vektlegge at bak Sykkylvsvadet ligg eit vidt myrområde med bekker og tjønner, så sjølve bygdenamnet synest her å ha fått eit tillegg –vad for å forklare kva som ligg i det historiske ifli. Sykkylvsvadet er ein nokså trong opning i åsrekka tett austom Hovden, men langt vestanfor området som i dag heiter Sykkylven. Merk at forleddet også i si eldste form Sick– høver med ss siegkie ’smal, grann’.

Eit ope spørsmål er om Sykkylven eigtl. var halvøya der Sykkylvsvadet er å finne, eller om det òg finst eit anna Sykkylvsvad? Då blir det ikkje lenger eit spørsmål om namnegransking, men om lokalhistorisk nytenking.

Vanylven har til sisteledd det same –ifli som dei andre bygdene. Det kartet kallar Vanylvsfjorden er ei utgrunn bogeforma strand inst i Vanylvsfjorden med grumsut leire frå osen i Fiskåa (Storelva).

I nordenden av den stranda var den frittliggande Fiskåholmen før skild frå landet innom av ein brei val. Valen og strandstrekka fortener klart merkelappen –ifli, særmerket til Fiskåholmen var den krokute ytterenden.

Vanylvsfjorden og Fiskåholmen 1965. Norge i bilder.

Forleddet Van– peikar heilt tydeleg mot eit samisk ord særs likt ls vagńa ‘krok att föra undan gryta från elden med’, dvs grytekrok. Ordet er ikkje uvanleg i stadnamn-laging, men i innlån til norsk oppstår mykje formsprik. Lydutviklinga er her er den same som for det endå meir krokforma Vanneset i Etne (neste).

Vanneset i Etne. Norgeskart.

augor, augur – norrønt ǫgr

Den stor bergodden Auaren i Loppa (ikkje «Auraren») har eigentleg namn av kløftene (i høgre del av biletet): norrønt ǫgr, islandsk ögur. Dette ordet for kløft finst ikkje lenger i norsk talemål, berre i stadnamn.

Overskrifta viser til ein namnekategori som er veldig utsett for å bli mistolka. I Loppa fins det eit stort nes som på kartet går under to namn, nemleg ‘Nordre Ueren‘ alias «Auraren«. Lenger sørvest ligg ‘Uerbukta‘. Bukta er ikkje nærdjup, så der er visst liten grunn til å tenke på fiske av uer alias augor – og det at neset heiter som det gjer, lyder meiningslaust. Men på nordaustsida av neset er det fullt av djupe bergkliver, sjå foto, så her er det tale om eit ord som er skuffande likt fiskenamnet, nemleg norrønt ǫgr n vik mellom berg, sml. islandsk ögur,-s bergvik, bergkløft utmed havet.

Augorshøla i Beiarfjorden. «Norgeskart».

Ytst i Beiarfjorden i Nordland er det ei bergkløft kalla Augorshøla. Det lyder som namn på ein fiskeplass, men er i flg. Norgeskart kun eit søkk.

Skjeret Augoren i Rombaken i Narvik k.

Augoren heiter eit skjer i Rombaken, med ei brei kløft tvers over. Kor mykje augor det er i området skal vere usagt, men merkeleg må det i alle fall vere å kalle sjølve skjeret for ein augor. Terrengordet augor er mykje meir sannsynleg her og.

Augorshatten på Sandan i Langenes, Øksnes k.

Innafor denne spesielle namneflokken er det likevel eitt som merker seg ut, og det er Augorshatten i Langenes s. i Vesterålen. Merkeleg ville det visst vere å få høyre om *seihatten, *kveitehatten og *steinbithatten – skulle ein tru? Frå sjøsida framstår Augorshatten som ein særskilt rund berghump med ei kløft på kvar side.

Nemneverdig er også eit par namn til, nemleg ei høgd i Risør som går under namn av Øygrane, utan at det er lett å forstå kva som ligg i det. Kan det vere tale om omlyd aug- > øyg- ?

Til sist skal nemnast boka Färdvägar och sjömärken vid Nordens kusterav Ivar Modéer (Uppsala 1936), der det heiter på s. 3: «På samma sätt föreligger pluralen av ett maskulint substantiv i Lövögrene — , Löfwögrena 1719 .. namn på den södra delen av Lövö ö, Ålems socken. Ön utstrålar här i ett flertal uddar, förgreningar – därav namnet».

Ålem er i Småland, og Modér setter tydelegvis namnet i samband med sv. gren ‘grein’. Det er kan hende rett, men grein er iallfall ikkje på norsk side nokon vanleg term for odde. Men Löfögrene alias Löfögrena er ikkje gjenfunne på kartsidene til Lantmäteriet, så spørsmålet får stå ope.

Steira og Rolf

Skulle temaet vere særprega gardsnamn, er det vanskeleg å peike på noko meir rotekte nordlandsk enn gardsnamnet Steiro, kjent frå både Alstahaug og Nesna, Borge (Vestvågøy) og Sortland. Uttalerett heiter det Steira alle stadene, og søk på ‘Gule sider’ avslører, for desse som ikkje alt veit det, at både Steiro og Steira er firmanamn ei rekke stader i og utanfor desse bygdelaga. Men enten namnet blir stava slik eller slik – i Nesna og Borge uttalerett Steira – har det fått ei velklingande norsk form. I marknadsføring er det ikkje noko minus at ingen forstår namnet du lanserer! Ei sak for seg er, at dersom du aldri har vore borti namnet Steira brukt om gardar, kunne du like gjerne tru at det var eit eksotisk kvinnenamn frå eit anna land eller kontinent.

Ein austnorsk berar av same namnet som ingen vil drage kjensel på utan vidare i vår samanheng er Sterud gard i Balleshol i Nes, Hedmark, men dei historiske skriveformene er svært eintydige også der: Garden heiter a Stæinærofue i eit diplom år 1425, svært likt af Steinrofue for Steira i Borge i den ganske samtidige Aslak Bolts jordbok, og i Hedmark sitt tilfelle finn ein skriveformer Stensrof, Sthenrof, Steinroff, Steenroff, Steenrof heile 1400-talet utetter, ja endå lenger. På denne garden var det kyrkje, difor heitte det òg Steinærofs, Stæinrofs og Steinerof sokn. Det er først på 1500-talet at skriveformene av dette namnet austpå sporar av, for å bli Sterud til slutt.

Oluf Ryghs tyding av namnet lyder: «Steinarof eller Steinrof, sms. af steinn m., Sten, og rof n., Brud, af rjúfa, bryde. Efter den Maade, hvor-paa dette Verbum brugtes i Oldnorsk, er det ikke rimeligt i denne Sms. at lægge samme Betydning som i vort »Stenbrud» (Sted, hvor man udbryder Sten); i denne Mening vilde man have brugt et Ord, dannet af brjóta. Derimod kan Navnet betyde en Aabning i Sten eller mellem Stene; det kan f. Ex. sigte til en Revne eller Kløft i Fjeldgrund. Navnet findes oftere i Nordland (Alstahaug, Nesne, Borge, Sortland), skrevet Steiro, men nu paa de fleste Steder udt. Steira (Gaarden i Borge skrives af Steinrofue AB. 96). ― Her [dvs i Nes] er rof i senere Tids Udtale forvexlet med det paa Østlandet saa almindelige ruð«.

Ein opning i stein eller mellom steinar? Det rimar veldig godt med den kløfta med gammal gardsveg som kartet viser, mellom knausane tett nordom Sterud-gardane så vel som på Steira i Borge, der faret over land til Limstranden lenger aust først går gjennom ei lita kløft i raet heim-i garden og så over Halsan med bergknattar på sidene. På begge desse gardane var det tale om opningar i lite format.

Annleis er det med dei tre andre Steiro-gardane: I Sortland sitt tilfelle er det lett å sjå at Elvenesdalen lagar ein fullskalaopning i fjellgrunnen bak garden, og i Nesna sitt tilfelle gjeld plent det same for Steiragrøva rett ovanfor garden, og i Steiro i Alstahaug sitt tilfelle er det bokstavleg tala openbert kva namnet går på, med 5-6 slike ‘råff’ i fjellgrunnen langsetter føtene til «De syv Søstre».

Å syne dei mange rof langs foten av "De syv søstre".

Attom Steiro (Steinarof) i Alstahaug er det talrike rof mellom «De syv Søstre».

Mykje tyder på at også gardsnamnet Rofstad gnr. 55 i Melhus lar seg forklare på same vis, men skriveformene frå 1500-talet og seinare er mildt sagt forvirrande. Det er iallfall sikkert at forklaringa stemmer for åsryggen Rofsnutan i Kviteseid.

Glosen rof skal få nærmare omtale om litt, men først er å seie at ordet eigentleg kjem av norr. rjúfa v. (rýf, rauf, rofinn) «saaledes opbryde noget, at derpaa frembringes et Hul, en Aabning (rauf), en Splittelse eller Adspredelse, Opløsning» (Fritzner). Jamfør korleis vi stadig bøyer verba flyge, lyge og syge.

Ordet rof har forsvunne frå norsk talemål, men hadde sikkert ein uttale lik den i uttrykk som «det va berre så gåffe(t) stod», «måillgåff» o.l. Der har jo den norrøne forma gof overlevd lydrett, endå normert skriveform lyder gov.

Det same rjúfa er kjent frå ei mengd norrøne uttrykk (Fritzner), særleg knytte til vinden, veret og navigasjonen: rýfr / rauf i (veðrit): det klårnar / klårna opp. Dertil òg rýfr upp veðr, rýfr þokuna: skodda letnar, þá var rofit veðrit ok komit jarðfjúk: då klårna det og vart jordfokk (snøfokk langsmed marka i motsetning til himmelkov).Til slutt eit sitat som kan gje assosiasjonar med oppdaginga av Island, Grønland og Vinland og landkjenning i det heile: er [då]nokkut lítit rauf i veðrit, sá þeir fyrir sér bratta hamra.

Dette er uttrykk med avleggarar heilt fram mot vår eiga tid: På Andøya var det vanleg at når himmelen hadde vore overskya og det så oppstod hol i skydekket, snakka dei om klårhol, at «han slo hol», «slo eit glăn» (el. sol-glăn), tok eit gløtt eller eit lett oppi taket, og NB: riv han, reiv han, reiv hol eller gløtt o.l. Det er tydeleg at riv / reiv her har kome inn i staden for det opphavlegare rýfr, rauf i presens og preteritum.

Så mykje om bøyinga av det verbet som nomenet (substantivet) rof n var knytt til. Som ein ved nærmare ettertanke kjem på, fanst det også eit anna ord rauf f: ‘opning, rauv’ og ikkje berre i nedre halvdel av kroppen. Det finst eit ordtak om folk med samanfallande interesser som lyder så: «Di va ei rau(v) og ei kaka», altså rauv = mathol, munn. O. Rygh sette gardsnamnet Rauverud med ei lang renne i lendet i Fåberg på Oppland i samband med just rauf, altså opning. Ja, også ei ovtrong vik på Sandøya vest for Rebbenesøya i Troms heiter Rauva.

Ikkje nok med det, verbet å rjúfa har òg gitt opphav til avleiinga Ryvingen, især kjent som namn på ei øy ved Lindesnes som har fleire gjennomgåande og djupe innskjeringar. Også holmane Ryvingen i Grimstad, Kristiansand og Karmøy har lange og djupe skòrer gjennom berggrunnen.

No er det venteleg på tide å klargjere korleis namnet Steinrof kunne bli uttaleredusert til Steiro og dessutan gå over til å lyde Steira: Det første utviklingssteget verkar upåfallande, det andre forklarte gimsøyværingen Hallfrid Christiansen med ein dristig, men i lengda overtydande teori i eit par artiklar (1951, 1962): I målføre som hadde bunden form av linne hokjønnsord som den viså el. den viso skjedde gradvis ein overgang til den visa. Det skjedde så ureflektert eller ‘mekanisk’ at ord og namn som slett ikkje var linne hokjønnsord også gjekk med i dragsuget. Det førte til at Steiro vart Steira, og endå rarare: at Breimo i Nesna og Alstahaug vart til Breima.

Så er det på tide å røpe kva vel mysteriemannen Rolf kan ha med Steira å gjere:

Der er alt sagt at skrivetradisjonen for gardsnamnet Sterud på Hedmark heldt seg ganske stø på 1400-talet, men med eit par unnatak som varsla oppløysingstendensane som var på veg. Vi ser ikkje berre skriveformer Steinærofs og Stæinrofs sokn,men også det lydleg sett lite overraskande Stenrokss fjerding 1506. Hugs at ein overgang –fs > –ks tidt er påvist og kommentert i Norske Gaardnavne. Rarare er Steirolf (!) sokn ved sida av Steinerof sokn i diplom frå 1414. Dette kunne visst i og for seg vere berre ein lapsus, men var visst ikkje det, for same lapsusen andre vegen finst i eit diplom frå Tysnes 1327, der mannsnamnet Hrolfr manifesterer seg i formene Rofr og Ingibjorg Rofsdottor.

Å syne at det er fullt av rof lik opningar til alle kantar i Rolvsfjorden i Lofoten.


Rolvsfjorden i Borge løyser seg opp og lek i alle leier. Norgeskart.

No har ikkje rof n |råff| «opning» og mannsnamnet Hrolfr nemneverdig med kvarandre å gjere, men dei skriftlege avvika viser for det første at uttalen av l i Rolf(r) må ha vore slapp, i og med at forma Rofr oppstod. Uttalen av gardsnamnet Stein(a)rof må på si side alt tidleg på 1400-talet ha vore utydeleg nok til at det fall naturleg å skrive Steirolf, uttalerett. Tanken attom var kanskje at «-råff må jo vere feil for Rolf», jf. Tysnes-diplomet.

Attåt dette bør ein også merke seg udiskutabel genitivs s i notat som Steinærofs og Stæinrofs sokn og Stenrokss fjerding, ganske parallelt med gno. rofsmaðr m, ein som i ettertid gjekk tilbake på avgjerd eller dom og sa at denne ikkje var gyldig, sml. «avtalen ble gradvis uthulet » o.l. uttrykk i bokmål. I dei aktuelle stadnamna er det nettopp snakk om lokalitetar som er uthola på eitt eller anna vis.

Å domonstrere at Rolvsøya i Måsøy er full av innskjeringar og rof.

Rolvsøya i Måsøy. Norgeskart.

Brått er vi komne i den merkelege stoda at vi ikkje veit om stadnamn på Rofs-, Rovs- el. Rolfs-, Rolvs- byr på terreng- eller personinformasjon! Vi nøydest å vurdere kritisk kvart einaste namn av denne typen, og det første er Rolvsfjorden i Borge, der samband med mannsnamnet er særs tvilsamt, for det er jo ikkje eingong tale om eit gardsnamn. Derimot er fjorden særs fragmentert, både i indre og ytre delen. Særs oppsplitta og forriven er også Rolfsøya i Måsøy. Det er også Rolfsøya i Karlsøyvær i Kjerringøy, men då i langt mindre målestokk. Det er knapt annleis langs vestkysten i sør, enten vi skjeglar til Rolvsnes i Bømlo og Ullensvang, eller til Rolfsvågen i Tysnes og Rolsvågen i Samnanger, noko alle kan sjekke.

I tillegg kan det nemnast i fleng, frå dei sørlegare delane av landet, at oppsplitta berggrunn særmerker Rolvslia i Folldal, og variasjonar over same tema pregar både Rolfseidet i Rakkestad, Rolvshei i Flekkefjord, Rolvsmyr i Bygland – og Rolvsdalen fleire stader i sør: Dalar flest har saktens ein opning, det er berre at her kjem oppsplitta dalsider i tillegg.

Til norr. rof i tydinga klive, kløft, opning svarar rofna v. som hadde ei tyding lik rifna, klofna, og det er vel den enkle forklaringa på namn som Romnes i Nome og Seljord, men meir «kortreist» er dømet Romnedalen frå Rolla i Troms, påfallande lik Rummedalen i Vaksdal (-fn-> -vn- > -mn- > -mm-).

Vise at fjellet i Romnedalen på Rolla er full av *romner alias *rovner:  kliver i berggrunnen.

Romnedalen på Rolla i Troms. Norgeskart.

Trykt i Håløygminne 4-2024, nyredigert.



Brudanger

Det historiske områdenamnet Brudanger i Gildeskål har god klang, men kunnskapen om det potensielle fjordnamnet er sparsam, med unnatak for Petter Snekkestads artikkel «Ting og grenser i Gildeskål» og Frode Iversens «Hålogaland blir en rettskrets», begge i tidsskriftet «Heimen» 2015. Hos førstnemnde står fjordnamnet Brudanger sentralt. Formålet med denne artikkelen i tillegg er å oppnå sikrare plassering av namnet, og kva det tyder eller iallfall kan tyde.

Omtalen av Brudanger som ‘Gammelt bygdenavn’ er i NG plassert sist i bolken om Beiarn hd. og ikkje under Gildeskål. Det er truleg årsaka til at ein for ikkje lenge sidan såg, blant nettfakta om Beiarn kommune, at «Beiarn gikk i tidligere tider under navnet Brudanger». Det framstår ganske forvirrande, så det er all grunn til å prøve å finne ut kva kjeldene eigentleg seier:

«Norske Regnskaber og Jordebøger fra det 16de Aarhundrede» ligg ute på nett (Nasjonalbiblioteket), og vi går til b. 3 s. 205-207, der det er ei namneliste kalla «Aff Gwldskaalenn oc Brudanger: Skat». For oss er det ikkje skattytar-namn, men gardsnamn-rekkeflg. som interesserer, og dagens gardsnummer er føydd til for at det skal vere enklare å få tak i det siste.:

17 Oppsal, 79 Sandvika (i Alsvika), 63 Skjelvika (i Holmsundfjorden), 77 Sæter (i Ravika), 73 Mårnes, 72 Våg, 71 Lekanger, 70 Hustad, 81 Nordarnøya, 82 Sørarnøya, 69 Horsdal, 84 Fleinvær, 90 el. 92 Femris, 27 Sund, 21 Skauvoll, 25 Inndyr, 20 Finnset (Sør-), neppe 57 Finnset v/Telnes, 24 Jelstad, 91 Sandnes = Sør-Sandnes på Femris? (Rygh trur snarare 29 Sandnes austre/midtre nordom Myklebostad), 23 Dal og 88 el. 89 Fugløya.

Vi merker oss at Gildeskål som distriktsnemning er med i overskrifta (Salten er neste distrikt), men blant gardsnamna har ikkje Gildeskål kome med, for presten er ikkje ordinær skattytar. Merk òg at Sørfjorden tradisjonelt blir rekna frå Inndyr og sørover, i flg. gildeskålværingen Bjørnar Thoresen1. Gardar som naturleg høyrer til der er kursiverte.

Gardane kjem i heller god orden, sml. med seinare gardsnummerering, men litt pussig er at det isolerte Oppsal er oppført aller først? Det verkar nesten som litt hastverk, dvs at skrivaren kom til å hugse på overskrifta og gjorde seg ferdig med det eigentlege Gildeskål før han hekta seg på Brudanger-tråden?

Litt meir om den sak: Eit diplom datert Bergen 6. sept. 1570 fortel om skiftet etter Thrond Benkestok. Blant alt han som eig er oppført «thysse effter schreffnne garder liigger wdij Brudtannger y Gylskoll prestegield, Wick iij woger oc ɉ pundtt fisk, aff Siellige sether j wog fisk». Den siste garden er 19 Seljeset. Men Wick – er det gnr 2 Mevika i Gildeskål, både kalla Wiigh og Miduigenn i lensrekn. 1567?

Skiftedokumentet fortsetter såleis: «Thiisse effter schreffnne garder liiger wtij Bierenn, aff Killigenn iiɉ pundtt fisk, aff Telnes j wog fisk, aff Ertenuog iiɉ pundtt fisk, aff Røruigenn ij woger fisk»: Trass i det som ordrett står, er jo dette 47-48 Kjelling i Gildeskål,der 56 Telnes òg er å finne, så vel som 54 Ertenvåg. – Lengst sør på Sandhornøya aust for Kvarsnes ligg Røyrvika, som synest ha blitt øydegard i seinare tider? At skiftet plasserer desse 4 Gildeskål-gardane i Beiarn må jo innebere at ein tradisjon om Gildeskål som *sørbeiarn var høgst levande.

Det var ikkje Oluf Rygh klar over då han skreiv om områdenamnet Brudanger: «Det synes dog, som om der i det nuv. Beieren vanskelig er Plads for en Fjord og et Landskab af dette Navn». Om Brud(t)anger seier han òg: «Paa det anførte Sted [i skiftet frå 1570] nævnes Seljeset (Gildeskaal NG 19) som liggende her. Hvis dette er rigtigt, maa Brudanger have omfattet den indre Del af Sørfjorden i Gildeskaal. Man kan imidlertid ikke lægge afgjørende Vægt paa Stedsbestem­melserne i dette Brev, da strax efter Kjelling, Ertenvaag og Telnes (Gildeskaal GN. 47, 54 og 56) nævnes som liggende i ‘Bierenn’» (NG b.16). Det fortel at han ikkje kjente til Årrjelij-Bájjdár som pitesamisk namn på Gildeskål. Ei anna sak er om han ville ha brydd seg om den slags informasjon.

Uavhengig av O. Rygh er å seie, at det evt. sambandet mellom namna Nordfjorden i Beiarn og Sørfjorden i Gildeskål kan vere diskutabelt. Ein kan også lure på om *sør-Beiarn var heile Gildeskål – eller stoppa ved Sund? Noko haldepunkt for at Brudanger knyter seg beinveges til dagens Beiarn finst slett ikkje, men vi treng å få Brudanger plassert meir presist i det noverande Gildeskål.

Sørfjorden kontra Brudanger:

Den nokså breie Sørfjorden har to armar i inste delen. Den lengste bøyer av mot sørvest, ein kortare og grunnare heiter Alten. Halvøya desse to armane imellom er ikkje så stor. Vi lagar no eit nytt oversyn med vanleg gardsnummerinndeling:

Midt på halvøya ligg gnr. 17 Oppsal, d.e. uppsalir ‘garden som ligg lenger opp’, jf. det forsvunne Høgset i gnr. 12 Høgsetdalen. Nokså langt inn i Sørfjord-arma kjem så gnr. 18 Gjelset, deretter kjem ein numerisk avstikkar til gnr. 19 Seljeset nærmare Alten, før oversynet vender atter til hovudfjorden og gnr. 20 Sørfinnset litt lenger ut enn Gjelset. Halvøya med Oppsal til midstad så vel som vestsida av Sørfjorden med gnr. 11-16 Valle, Høgsetdalen, Grøtset, Ausa, Oterstranda og Laksådalen synest ha hatt nokolunde kontinuitet i busetnad, men ikkje Alten.

Diplomet frå 1570 fortel at Seljeset ligg i Brudtannger, i Gildeskål prestegjeld, medan skrivemåten i rekneskapen frå 1521 er Brudanger to gonger (orig. s. 108 og 117). No har diplomet gjennomført stavemåte pundtt for pund, så kanskje er Brudt– ein skriftleg unote av same art? I skattelista frå 1521 finn vi derimot skrivemåten Brudanger to gonger.

O. Rygh sa som nemnt: «Hvis dette er rigtigt, maa Brudanger have omfattet den indre del af Sørfjorden i Gildeskaal». Han har jo rett i at namnet Sørfjorden kan løyne eit eldre fjordnamn. Med unnatak for Seljeset ligg alle gardar ved den fjordarma som jamt heiter Sørfjorden, men som i teori kan ha heitt Brudanger. Då kunne det jo vere naturleg å sjå stort på saka og nytte Brudanger som eit områdenamn for også å få Seljeset med, men Brudanger kan like snart ha vore innarbeidd som områdenamn innarbeidd lenge før diplomet vart til.

Bygdebokforfattar Oscar Berg har flg. å seie om den sak: «Jeg har gått gjennom en del kildemateriale fra senmiddelalder og nyere tid som nevner Brudanger. I flere av kildene brukes navnet tydeligvis som bygdenavn mer enn som et rent geografisk navn på fjorden».

Teorien om overgang frå fjord- til område-namn har likevel tvilsame sider, for sjøverts er Seljeset orientert mot aust og ikkje mot Sørfjorden i vest: De relativt store forliggande øya mot Altensundet som fører inn til fjord­arma Alten heiter Seljesetøya, med vedhenget Sørøya i sør. Seljesetøya har ei lang og særs bein nordvestside mot Seljeset-landet. Det tronge og grunne sundet imellom heiter Seljesetsundet, og ved den aller grunnaste delen av sundet ligg Nausthågen, medan lendinga Nordsjøen ligg på nordsida av haugen, mot djupare vatn. Vi tenker at båtbruken var knytt til Nordsjøen, men Naustvollskjeret innafor det grunne sundpartiet vitnar visst om båtbruk også i den søre enden. Brudanger = Seljesetsundet i utvida meining går beint nordover mellom neset Rota i vest og Laksbuneset på Skauvolløya i aust. På vestsida av Rota finn vi òg Nordmarksjøen og Nordvågen alias Skutvågen.

I utgangspunktet treng Brudanger ikkje å ha vore stort meir enn sjølve Seljeset, medrekna Skauvoll austafor når ingen alternativ geografisk plassering fanst for dén garden; dette så lenge vi går ut frå diplomet år 1570. Namne-ekspansjonen kan som før nemnt likevel ha starta langt tidlegare.

Brudanger som administrativ eining?

I «Ting og grenser i Gildeskål» nemner P. Snekkestad fleire forfattarar med ulikt syn på kva omfang Brudanger kan ha hatt som administrativt område. Aller enklaste syn er at dagens Beiarn + Gildeskål opphavleg heitte Beiarn, sml. dei samiske namneformene2. Eller òg fanst der eit Brudanger for seg, attåt Beiarn og Gildeskål, eller som han sjølv er inne på: Brudanger høyrde til Gildeskål, men avvik i grensedraginga kontra Meløy, dvs. mellom sokn og fjerding gjorde det komplisert å fatte kva utstrekning Brudanger hadde og kva som låg i namnet.

Her er litt repetisjon på sin plass: Strengt geografisk er det upåfallande at Meløy fjerding også omfatta Grimstad, Mevika (Vik), Storvika, pluss Finnneset , som kunne vore naturleg skil mellom Meløy og Gildeskål. Men deretter kjem det ei nordvend og skyggefull kyststrekning under høge tindar, ugjestmild og svært langt frå Meløy. Trass i dette høyrde òg Novika – Vigdel – Tingvoll – For – Valle med til Meløy fjerding3 så vel som halve Fugløya.

At det fanst eit slikt grenseland mellom fjerdingane er lokalhistorisk spennande, men i namnebruken ser ein fint liten indre samanheng. Rett nok tolkar NG gardsnamnet Novika som «den nordre Gaard Vik», i motsetnad til Vik lik Mevika + Storvika på sørsida av halvøya, men dette er fælt så langt frå Novika! Nærmaste nabogard i vest er Finnes. Det er meir sannsynleg at No– er ei forkorting av sørsam. njoeje ‘lang slak bakke, veg oppover; unnabakke’ (tenkt frå toppen). Det høver! Å plassere Novika på ein akse nord/sør verkar langt mindre naturleg.

Høyrde Brudanger til Meløy noka tid?

Også Petter Snekkestad reknar i første omgang med at Brudanger er eit tidlegare namn på Sørfjorden, men seinare tar han – av respekt for Ryghs vurdering? – eit anna standpunkt og held det for sannsynleg at Brudanger er eit eldre namn på garden Øysund ved Kunnvalen i Meløy, på den måten at Brud– går på landbrua mellom fastlandet og halvøya Kunna, eller òg at Øysund i eldre tid heitte *Brú og at eit sekundært Brudanger var vika eller vikane som landbrua Kunnvalen lagar.

Ei innvending er at –angr som fjordnamn brukar gå på fjordformasjonar som er tronge inst, slik som ved Seljeset, men ikkje i sjølve Sørfjorden. I dette tilfellet fortel Kunnsundet – så heiter stadig vika på nordaustsida av landtunga Kunnvalen – at før i tida var der ein opning igjennom til Støttfjorden i sørvest. Samankopla blir Kunnsundet og Støttfjorden like vel ikkje ein så overtydande angr som fjordområdet ved Seljeset.

Namnet Øysund vitnar om at Kunnvalen eingong hadde ein opning, det vil seie at Kunnsundet nettopp var eit sund. Så gryntest sundet opp og vart berre ein vâl med ei landtunge på begge sider som sistpå møttest. I lys av dette heilt normale resultatet av landheving kan ikkje *Brú vere det gamle namnet og Øysundet det nye, det måtte evt. bli omvendt.

I det ’vanskelege’ grenselandet mellom Meløy og Gildeskål er det heilt legitimt å tenke seg Brudanger som eige tinglag, ut frå eit elles ukjent gardsnamn *Brú, men det finst innvendingar som veg tungt:

At Brudanger var eige tinglag er lite sannsynleg når namnet ikkje kjem opp før i 1521. Det finst ikkje i Aslak Bolts jordbok, som plasserer Øysund «jn af Stutto» (Støtt) og Vigdel «j Gildaskala sokn»; så kjem Horsdal og Inndyr utan tilføying.

Hovudsaka i Snekkestad sin artikkel synest vere kor området Brudanger truleg kan plasserast og korleis avgrensinga var i høve til Gildeskål og Beiarn, mindre kva namnet tyder, men avrundinga viser at han tenker på det òg: «Like fullt er det fortsatt usikkerheter knyttet til tolkningen av Brudanger som et eget tinglag. Nytolkningen av Brudanger som et opprinnelig gårdsnavn ved Kunna er avgjørende i diskusjonen ovenfor».

Kva tyder forleddet Brud-?

Diplomet frå 1570 stadfestar garden Seljeset presist: «Brudtannger y Gyllskoll, prestegield». Seljeset ligg tett ved ein særprega bein og trong sundopning eller vâl, men ligg på ingen måte i nærleiken av Sørfjordens hovudarm i vest.

Om norrønt angr i stadnamn opplyser Norsk Stadnamnleksikon «at opphavleg tyding er ‘trong bukt, arm av sjøen’ og stundom ‘(trongt) sund’». Det høver ikkje for inste del av Sørfjorden, derimot veldig bra for Seljesetsundet, som godt kan vere yngre namn på det opprinnelege Brudanger. Som sagt har Seljesetøya lang og rett kant mot sundet. Det minner jo om norr. brúða ’karm, ryggstø på stol = stól(s)brúð, utan at det gir meining! Heller ikkje er skrivemåten Brudtannger i 1570 lett å tolke. Det kunne formelt passe med terrengordet braut, som er særs utbreidd som gardsnamn og får forvrenging i hytt og pine bl.a. pga. endring av au til u: Brøstad i Eidsvoll (Brustad 1666, Brudstad 1723), Brøstad i Nannestad (Bruttestad ca 1575, Brustad 1666 +1723), Farbrot i Farsund (Farbrudt 1612), Holtbrauta i Midtre Gauldal (Haselbrut 1664), Rambraut i Melhus (Rambrut i 1664), dertil òg Sør-Braut i Klepp (Bruud, Brudt 1563), Ytstebraut i Eigersund (Østbruud 1567).

Forskriving av eit evt. Braut-namn her i Gildeskål kan òg i meir utvida samanheng samanliknast med t.d. Fusch, Fuusche og Fuske for Fauske, Gupin og Guppen for Gaupa i Bindal og Huxnes og Uvog for Haugsnes og Auvåg i Bø. Vanlegare var likevel at diftongen au vart stava ou, eller i staden vart forenkla til ø.

No blir braut om veg, stig eller far i opphavleg forståing definert som veg broten gjennom berg (de Vries), i norsk ordbruk oftast om ein veg brøyta i snø, men dertil om side av terrasse, bakke, bakkekant (Torp). Islandsk har òg ordet, og færøysk og svensk har variantar. I nordnorske stadnamn blir ordet lite nytta, men gardsnamnet Brøstad i Dyrøy kan temmeleg sikkert forståast på line med dei to likelydande gardsnamna frå Akershus, nemnt før. Men eit sjøens namneelement er braut likevel ikkje, derfor er det i Brud- eller Brutanger sitt tilfelle knapt tenkeleg at Seljesetsundet kan ha vore samanlikna med eit brøytefar på overgangen mellom land og sjø!

Namne-elementet Brud- er kjent mange stader, men det som liknar Brudanger mest er nok ferskvasspassasjen Brudesund i Enebakk, som i partiet Trangene er både smal og bein, men dette er frå eit heilt anna dialektområde.

Brud(t)anger er kun ei skriveform frå 1500-talet. Å ta den skrivemåten ’for god fisk’ er noko risikabelt, det ser vi klart når vi samanliknar med det samtidige og geografisk nære Nordskwd (les *nordskud), det vil seie Nordskot i Steigen, nytta i same skattelista. Noko større blir avstanden til Skuttenes for Skotnes i Bindal.

Desse jamføringane gir oss ein mistanke om at Brud- er ei fordansking av brot. men kva med Brudt-? På 1500-talet var Austlandet forlengst etablert som makt-sentrum, med ein administrativ språkbruk i mangt og mykje prega av folk med dansk og svensk bakgrunn, og blandingsspråk oppstod: Alt på 1400-talet ser vi i ymse skriftstykke at brot «brotsverk, forbrytelse» er stava brut og brwt så vel som brøta sculd). Eit austnorsk målmerke var i ferd med å breie seg4.

Kva slags brot i Brudanger?

Nettsøk på Brudanger fortel at det no er både båtnamn, firmanamn og varemerke, og at det i liten grad er tale om sjølve fjorden – evt. sundet eller grendenamnet. Namnet er unikt, men er berre kjent frå historiske dokument. Ved å samanlikne med andre namn kjem vi likevel på sporet av ei truverdig tolking: Terrengordet brot får i stadnamn frå Salten bunden form Brøtet |brȫt| med artikkelbortfall.

Det kan for det første vere tale om (avbrotne) kvistar til fôr eller om krattskog i seg sjølv, jf. Brøthøgget ved Skjeftmoen i Hemnes. Brukt om terrenget kan det stå for (lang) bratt bakkekant, eller også brekke som gongstig: Bakkebrøtet på Ljønesøya i Skjerstad, Brøtan i Sørfold, Brøtet nær Agnesli i Beiarn, Brøtlia i Vefsn, Dalbrøtet ved Alvnes i Steigen og Kvalvikbrøtet i Bodø. Det kan òg stå for ufser eller hamrar så som Brøtdalen i Hemnes og Brøthamran ved Hysvika i Sørfold, men òg ’mildare’ (rundare) formasjonar som Brøtet ved Kvilarmoen i Beiarn og Brøtlia ved Sørfjordvika i Rødøy (jf fær. brot tolka som ‘ombøjning’).

Eit brot kan òg vere ein stad i ei elv der botnen hallar så vassflata vert broten, jf. Brøtet nedom Strokhøla i Saltdalselva, eller vere eit vanleg vad (NO 1: 945ff).

Ein primær definisjon lyder brot «del, flate som kjem fram der noko er broti». I så måte er interessant å sml. Brudanger som ’sjøsidelandskap’ med Bråtøya i Kragerø, Brødøya i Lindesnes og Brottøya i Hadsel – legg merke til dialektvariantane.

Å vise likskapen med Brødøya og Brottøya.,

Bråtøya i Kragerø.

Eit kjennemerke for dei tre brot-øyane er tronge sund, så oppgrynte at dei ikkje lenger er sund i ordets rette tyding, berre vâlar. Eller formulert annleis, den eingong samanhengande vassflata i desse tidlegare sunda er på fleire stader broten på ein måte som liknar brot i ei stiltflytande elv? . Vel så overtydande er likevel at det er brot eller vbrekk i sjølve geografien på desse stadene. Sjå eigen omtale av *brudeskjer.

Å vise likskap med Bråtøya og Brottøya.

Brødøya i Lindesnes.

Å vise likskap med Brødøya og Bråtøya.

Brottøya i Hadsel.

Som flg. foto av Seljesetsundet og Seljesetøya viser, er også dette sundet veldig oppgrynt, det framstår ikkje som eit sund i vanleg meining, men meir som ein val. Landskaps-typen eller -situasjonen har mykje til felles med dei tre *brot-øyane: sund som ikkje i det heile, eller slike som berre delvis er sund i vanleg meining.

Å vise at Brudanger, no Seljesetsundet, viser stor likskap med dei tre brot-øyane.

Seljesetsundet alias Brudanger, med Seljeset til venstre og Seljesetøya. Norgeskart.




–

1Takk også til Inge Strand

2 pitesam. Bajddár = Beiarn, men Oarjjelij Bájddár «sør-Beiarn» om Gildeskål

3«Håløygminne» 1936 s. 448 og 453

4Per Nyquist Grøtvedt, «Skriftspråktradisjon ved Hallvardskirken i Oslo 1350-1450» s. 175 og 141 – og «Skrift og tale i mellomnorske diplomer fra Folden-området 1350-1450» av same forfattar.

Gildeskål

I norrøn tid var ordet skáli brukt om hovudbygningen på ein gard, eit lang­hus som kunne fungere både som vånings- og sovehus (svefnskáli), så vel som eldhus eller fjøs, men òg om enkle tilbygg (bislag, budør). Vidare om hus til bruk over kort tid, t.d. fiskiskáli = fiskibúð) «fiskarbu» – eller óg ein laufskáli «lauvhytte»: Tenk på dagar i utmarkslåttene! Ein bygning som kvennaskáli fortel at garden hadde ein viss storleik og status, dess meir då stader der dei hadde drykkju-, gildi- og veizluskáli, gesta- eller leikskáli! I slike sms. nemningar ser ein at –skáli, –stofa og –hús kan vere synonym.

Nord-Noreg hadde saktens sine namngjetne høvdingegardar, men går ein etter namnebruken, må ein forvente det kvardagslege. Det verkar innlysande at namn som Skålvær i Tjøtta og Skåltofta på Opplandet i Nyksund fortel om meir eller mindre forseggjorde hus som må ha hatt samband med fisket og handelsaktivitet knytt til det: På Skåltofta finst tufta til eit langhus på 35 – 40 m. Derimot skulle vi tru at gardsnamn som Skålvoll i Leiranger, Skål­brekka i Malnes og Skålebøl (Skallan) i Øksnes i første rekke går på land- og husdyrbruk, kanskje ikkje knytt til sjølvstendige gardseiningar frå først.

Det er likt til at ordet skåle har fått sitt rom i folketrua med: Eit ruvande og temmeleg frostsprengt berg med ei uryddig hole under i utmarka på Taen på vestsida av Hadseløya blir kalla (i) Trollskåla(n). Det er neppe anna enn –skáli i stiva dativ, «skål» passar ikkje med terrenget.

Andre namn er forvirrande: Ei fjellkrå i Gryteselvdalen i Hattfjelldal ber namnet Adelskål (og Avaldskål er ei sæter i Tinn i Telemark). Det lyder langhenta, men kan visst ikkje vere anna enn gno. aðalskáli «den egentlige Skaale, modsat forskáli, forhús».

Oluf Rygh seier om skáli m at «det kan ofte i Navne ikke sikkert skilles fra skál f, Skaal, der bruges om Fjelde og Tjern, vistnok ogsaa om runde For­dybninger» (NG, «Indl.»: 74). Det skil seg lite frå skål f., målføreregistrert i tydinga «innsøkk eller hole i fjell eller terreng» (NO 10: 353). På islandsk er det også slik at skál ikkje berre tyder skål i eigentleg meining, men også «dam, basseng» så vel som «dokk, søkk, lægd».

Norsk Stadnamnleksikon fortel om fjellet Skåla i Stryn, at «i fjellsida som vender mot Strynsvatnet er det eit markert søkk med eit djupt gjel nedover mot vatnet. Dette søkket har vorte samanlikna med ei skål og har så gjeve namn til fjellet». Her kan vi nemne at Skålene er nokre grunne søkk oppi fjellet austafor Makkvatnet i Hamarøy. Same namnet har dei i Volda og Forsand. Kjeldågskåla er ei lægd ved Sleåga i Rødøy, og eit liknande namn er Leinesskåla i Steigen.

Dette fører beint over til ein liten gruppe gards- og bruksnamn som er meir tvitydige, så som Venneskål i Ås, Reppeskål i Larvik, Fjellskål i Osterøy – og Grønskål i Ulvik. Gjennomgåande var Ryghs meining at sisteleddet i desse er –skáli i avkorta form, men etter det lokale terrenget kunne det også vere tale om –skál som skissert framfor. Det nordlandske Gildeskål blir nokså tvitydig når vi prøver den forklaringa.

Vise korleis Gildeskål kyrkje er plassert i landskapet, så vel som Gildeskålkjelen oppe i fjellet

Gildeskål kyrkjestad midt i biletet. Oppe til høgre ser viHæstfjellet med Høgfjellknubben. Ein kan bli mint om det trøndske skoll ‘skalle, isse’! Under ser vi ei bratt fjellside med urdar som ender innved kløfta Gildeskålkjelen. Norge i bilder 3-D.

Gildeskål som soknenamn dukkar for første gong opp i 1430-åra, i posten «Af Vigdeild, ij spon, j Gildaskala sokn» i Aslak Bolts jordbok. Seinare er soknenamnet skrive på temmeleg skiftande måte:

Gwldskaalenn 1521 men Gilleskaalen ca. 1533, Gylleskaal sogn ca. 1540 og Giildeskoll 1548, Gille Schol 1567, Gyllskoll 1570, Gilliskols s. 1590 (NG 16: 182). – Petter Dass kallar prestegjeldet både Gillischaal og Gillesskaal. Skriveformer som går på sjølve prestegarden kjem først opp tidleg på 1600-talet og skil seg lite frå vår tids stavemåte.

I 2014 kom «Gildeskål gamle kirke. Marmorkirka ved nord­vegen» ut, ei samling fagartiklar frå eit ‘grublarseminar’ kort tid før. Boka gir ei mengd kunnskap om kyrkjebygget så vel som som inventaret, mellom­alderens gildeskipnad m.m.m. Petter Snekkestad er den som drøftar sjølve gardsnamnet aller mest mest grundig: «Hva angår naturnavn, har enkelte hevdet at forstavelsen gilde– peker mot et gjel, altså en revne eller innsnev­ring mellom to berg, som i huset ved «gillet» eller «gjelet». I forlen­gelsen av dette er det foreslått at gården har samisk opp­hav, der formen gulle– el. golle– betyr det samme som et gjel, og der –skål forstås som en grop eller et søkk … Vi finner imid­lertid ikke noe gjel eller søkk i nærheten av tunet eller noe sted innenfor den moderne gårds­grensen. Dermed blir det også vanskelig å feste lit til den samiske tolknin­gen, som viser til noe lignende: en grop eller et søkk…»

I Gildeskål var tala pitesamisk. I nordenden av Gildeskålmyra ligg ein rundvoren knaus, så her kunne nok forleddet tilsvare sørsam. gïlle, gylle «gressbevokst, skogløs bakke­knaus», eller også sørsam. jilles– <jillehtje «vester-, vestside». Det er relevant, for Gildeskål ligg på vestsida av ei stor halvøy: Ein svensk kapellkyrkjestad i Sorsele heiter Jilliesnållie, skrive Gillesnöle 1789 (nållie ‘lita steinrøys’). – Her kunne tenke seg at ’-kål-’ er pitesam. gållo ‘grotte’ o.l., tett opp til lulesam. gållo ‘spricka (i stenblock, berg, is)'» og sørsam. golle ‘snevring mellom to berg, liten kløft som man van­skelig kan komme opp og ned etter’.

Men kan etterleddet like snart vere norsk ‘skål’ brukt om ein eller annan landskapsvariant? Det kunne jo høve for den inneklemte Gildeskålmyra tett nordaust av prestegarden, jf. ‘myr-skåla’ tett ved Fjellskål i Osterøy.

Skulle både første- og sisteleddet vere norsk, er eine tolkingsalternativet norr. gil n (gen pl gilja-) ‘gjel, kløft’ i eit sms. terrengord *giljaskál > Gilleskål, sml. lydovergangen i gardsnamnet Seljeset |»sælliset| (gnr 19). Elles er no genitiv gilja- av grunnordet gil i somme bygder blitt til ei sjølvstendig form gilja f, jf. jilju (Tinn), og gilja f «holveg, fjellpass» (i svenske målføre), i Sør-Noreg om bergkløft eller gjel (Tinn) eller om lita elv eller li-gròv som renn gjennom eit gjel (Balestrand). Dette i flg. NO 4: 15.

Interessant er eit bekkegjel i sørkant av Gildeskålmyra, men særleg smale strimlar av myr mellom haugane i sørleg og sørvestleg retning, heilt inn på sjølve prestegarden. Her er nemleg det å merke at gjel, norr. gil ikkje alltid er ei trong bergkløft, i Rauland og Beiarn1 (NO 4: 51) kan det også vere ei langvoren glenne i skogen. Det høver altså godt nok i Gildeskål sitt tilfelle.

I Lofoten er sms. namn på –gjela pluss usms. Gjela |»jĕla| (om kløfter o.l.) talrike; ei flt.form Gjelan |»jĕlan| finst og. Det synest vere ei form av gile f (gjele) om «trong, grasgrodd liten dal som stig bratt opp», dessutan «smal, langtøygd teig», snauhoggen eller skoglaus (NO 4: 15).

Vise at Gjelset ligg tett ved eit gjel.

Gjelset ligg, som kartet veldig tydeleg viser, opptil ei markert lang kløft mellom to åsryggar. Norgeskart.

No er tilfellet dessverre så at korkje gjel n el. gjele f i tyding «langvoren glenne i skogen» let seg påvise lenger, i Beiarn i alle fall, men vi skal likevel få med oss at garden Gilset |»jeᶅᶅset| gnr. 18 i Gildeskål blir kalla Gilusætre i Aslak Bolts jordbok, men Giilesetter og Gillesetther 1567. Tett ved garden er det faktisk ei lang glenne – ho er del av ei lang kløft! Rygh meiner at forma i AB neppe kan vere rett, men som vi ser, her er ei lang gile, det samsvarar greitt med forma i AB. Dagens uttale med palatal l kan då ikkje komme av ein skrivefeil i AB.

I Gildeskål sitt tilfelle ville ein lettare tenke seg *Giljaskál som opphavleg form, men skrivemåten Gildaskala sokn i AB peikar i heilt anna lei og blir ein bøyg, av di gildaskáli lik gildisskáli så tydeleg indikerer samband med gildi m = gild(is)brœðr: lagsmenn i eit gilde. No var gildi også drikkelag, selskap eller broderskap der dei skulle hjelpe kvarandre. Ein kjenner også nemningar slike som krossgildi ‘Gilde som er indviet til det hellige Kors’, ólafsgildi ‘Gilde som var ind­stiftet og holdtes til Olaf den hellig­es ære’ o.a. Gildeskipnaden er drøfta inngåande i boka om Gildeskålkyrkja, men med resignert konklusjon:

«Den eneste informasjon vi har om gildet i Gildeskålsokn, er navnet Gilde­skålsokn. Det er ikke mulig, dessverre, å koke mye suppe på den spikeren. Men dersom vi aksepterer at navnet vitner om et gilde og at dette gildet har hatt mye til felles med de øvrige bondegildene i landet og gildeorganisas­jonen i Europa for øvrig, kan det hevdes at gildet i Gilde­skålsokn i hoved­sak hadde de trekkene vi har drøftet i dette kapitlet» (J. V. Sigurðsson: 71).

Årsaka til frustrasjonen eller resignasjonen er at det blir altfor stor avstand frå eit grisgrendt Gildeskål til norske mellomalderbyar i sør, med gilde for geistlege, kjøpmenn og handverkarar av alle dei slag! – Mellomalderkyrkja av marmor ligg på prestegarden, og Gildeskål-namnet gir ein god grunn til å spekulere, men ingen skriftstykke fortel noko som helst konkret om gilde eller gildbrœðralag knytt til denne kyrkja i utkanten av sameland, for alt at Munkdya som namn på våtmarka nordom kyrkja legg visse føringar. Kan det vere noko vi overser?

I boka om Gildeskål-kyrkja er det ogsp frmkasta den tanken at garden bør ha hatt eit anna namn før ein gildeskåle kom til; det skjedde neppe før på siste halvdel av 1200-talet eller endå seinare. Argumentet kan ha litt for seg, men Gildeskål-soknet har to andre gardsnamn som heller ikkje går på landskapet, men fortel om sjølve oppføringa av bygningar: Husstad, og så Oppsal (innafor Gjelset), og vi kunne dessutan sml. med gnr 101 Lånan i Alstahaug > Vega) og mange andre norske gardsnamn på Hus- o.l. Det er då rett nok tale om hus av uspesifisert type.

Ordet gilde var ikkje eintydig, og vi må vere opne for at ein gildeskåle iblant var noko meir kvardagsleg enn den festlege samlingsstaden som ein lett tenker på. Like sørvest for Gildeskålkyrkja, ned av Korsvollen, ligg Tiendbuvika. Ho er lita og grunn no, men staden var ei brukande hamn i historisk tid. Korsvollen får ein òg til å tenke på gno. krosshús: bedehus merkt med kross. Ordet tiend (norr. tíund) var velkjent nok i kyrkjeleg samanheng, og mange andre kyrkjelege avgifter var å nemne. Er det såleis at tiendbua frå først av vart kalla gildiskáli med tanke på innkreving av avgifter, og at det fortel korleis steinkyrkje-bygginga vart finansiert?

Eller kan det vere slik at det til eit opphavleg krosshus på Korsvollen også høyrde ein gildeskåle litt lenger nord, oppsett for innvartering av soknefolk i dei tilfelle dette var naudsynt, og at namnet *gildeskål(en) festa seg i god tid før steinkyrkja vart bygd på den staden? Vi må då sjå dette som ein variant av det som historieforskarar har kalla bygde– eller soknegilde, men derifrå og til å gå ut frå at Gildeskål eingong hadde gildisskáli der «praktiserande» gildebrør møttest til gildastefna slik som i byane i sør blir eit altfor stort sprang. Det ter seg like tvilsamt som at Skjøt(n)ingberg i Lebesby, òg nemnt i drøftinga av Gildeskål-namnet, heng saman med gno. skytningr «samanskotslag, gilde» (jf. Hm. 2018: 153,158).

Boka frå 2014 nemner, blant mange liknande namn, også Gildeskål-åkeren2 nær Ibestad-kyrkja, som óg er ei stein­kyrkje frå mellomalderen. Kva er vel mest truleg i det tilfellet, å sjå for seg ein gildeskåle for festlege samkomer eller eit hus til innkvartering, eller berre ei tiendbu? Å svare ut frå synsing utan feste i historiske fakta kastar lite av seg.

Brysamt på det vis er òg Gildeskålstø |«jyᶅᶅe-| som namn på ein augurs- og seiplass utom Snarset i Bø, i retning vesterenden av Hadseløya, med ukjente méder. Usannsynleg er at namnet fortel om nokon gildeskåle knytt til Bø kyrkje, det vere seg brukt som méd eller på anna vis. Den meir sentrale Hadselkyrkja er usynleg frå den kanten. Mest «matnært» burde det vere å tyde tilrorsnamnet i lys av nemningar som gildfiskr (gildr fiskr) «fullgod fisk», nemnd i kyrkjelege kjelder, så vel som gildingr: torsk som i flekt tilstand var ei alen brei nærast hovudet. Det heitte som kjent, folkeleg, at «prestsekken bi aller full», og korkje fut eller prest ville ha dårleg vare.

Tilrorsnamnet må vere temmeleg gammalt, men kva leika i hovudet på han som gav namnet? Førestilling om eit slags sjøens skattkammer, voner om ei fengd som ville gje utslag på vektskåla eller ønske om ei staut baldusjka til eigen ’gildeskåle’? No tyder norr. gildi óg ’betaling, vederlag’, medan skulda-gildi var betaling av skuld. Fanst det også eit sms. ord *gildi-skuld om uoppgjort gjeld til bygde- eller soknegilde? Jamfør kvardagslege verdi-termar som ígildi (lik verdi), halfgildi (halv erstatning), kúgildi (eit ku-verde) m.m.

Veldig ulikt er eit namn frå gnr. 138 Brekka i Vefsn: «Johan Brækken har hørt ei segn om at det har stade eit avgudstempel på dei gamle hustoftene på Brekka. Han veit ikkje kva han skal tru om det. Men det er merke­leg, seier han, vi hadde to runde hòler attom fjøsen som hadde namnet Gill(e)­skål’n. Det gjekk den segna om desse «skålene» (denne skålen?) at når dei hadde gilde, sette dei øltynna midt i hòla, og så sat dei rundt tynna og drakk. No er desse holene attfylte med jord. Dei var like store, og det var omlag ein meter i mellom dei. Dei var omlag 4 meter i tvermål, og vel ein halv meter djupe». Om dette fortel Reidar Svare, og legg til at det er uvisst kor mykje ein skal legge i slike segner (Hm. 1965 s. 396). Som sant er.

Brekka ligg inst i Fustvatnet, å tenke på mellomalderske gildbrœðralag gir lita meining der. Segna ymtar då heller ikkje om det, ho går på gilde og øldrikking. Då er det sanneleg eit merkeleg treff at norr. gil-ker el. –kerald var «Kar, hvori man lader Øl gjære», og at bua der dette gjekk føre seg vart kalla ei gilbúð. Rett nok er det tale om gil i ei anna tyding, nemleg (øl som er i) gjæring (NO 4: 5), men når vi så tar med i rekninga at ein gildis- eller gilda-skáli òg heitte gilda- eller gildisstofa og at det siste ordet er skrif­tleg overlevert i forma gilstofa au(!), forstår vi at folk tidt tok uttale-snarvegar så meiningsinnhaldet vart fordunkla, som når gildisbróðir vart gildbróðir, ja det kvinnelege motstykket heitte faktisk gildsystir. At ordet gil knytt til ølbrygging òg fekk ein uttale med palatal ᶅ med tida, er som når silstø (stad der sil = tobis held seg) vart til «sildstø». Gløym heller ikkje å sml. Gilset!

Som før nemnt, hustufta frå Skåltofta tyder på at ein ikkje skal tenke smått om økonomien i nordnorske fiskevær, det vere seg Nyksund, Skålvær el.a. Frå Nyksund er kort veg til Langenes der erkebiskopen hadde setesvein, så pekuniære interesser tør ha vore langt viktigare enn selskapelege.

Frå ei anna side sett var det no eingong slik at på været var at fiskarane nøydde til å innrette seg og jenke seg etter andre, ja det fanst eit eige ord for dette, lag-gild: i stand til å vere i lag med og samarbeide med andre, ordbokført frå Gimsøy og Borge, men òg kjent frå Hovden i Malnes. Samarbeid måtte til for å berge bruk og båt, ja livet om så var. Ordet fiskarkameratar er nok frå organisasjonsarbeid i nyare tider, men kravet om evne til samarbeid var gammalt. Hadde bu- og båtlag ordet gilde oftare i tankane enn vi trur?

Ein tanke heilt for seg: Var det iblant med Gildeskål-namn som med stader som heitte eitkvart på Badstu-, at gjeremål som var typiske for ei Badstu- i vid meining gjekk føre seg på staden, utan at der stod ein slik bygning?

Med det har vi vore innom alle nordnorske Gildeskål-namn vi kjenner, og slik sett burde emnet vere utdebattert, men eit lite ess er gøymt i ermet når det gjeld Gildeskål som gardsnamn:

Som før nemnt kan namnet Korsvollen, i alle fall «ideelt», forståast slik at der stod eit krosshús den aller første tid. I fjellsida berre 800 m søraust for Korsvollen har vi den særmerkte Gildeskålkjelen, eit langt og brattkanta gjel som er ei lang «flerra» i landskapet meir enn ein rundvoren kjel (heller ikkje andre landskapskjelar landet ikring er alltid runde). Lulesam. skállo tyder «stor kittel» (Korhonen, jf. NL 290 og oslo 290), = sørsam. skaaloe, skaaloe-giebnie messingkjel (eigtl. «kjel-kjel)». Litt lenger sør ligg Inndyr­kjelen, som vel å merke gjer mindre av seg enn Gildeskålkjelen.

Viser korleis Gildeskålkjelen ser ut.

Gildeskålkjelen. Norge i bilder, 3-D.

Då er førsteleddet i Gildeskål |»jiᶅᶅ(e)skål| vel identisk med det vi har i Gällivare i Lappland, kalla «monte Gillewara» i 1673, på lulesamisk Jiellevárre, med jielle– = «spalte; mellomrom» (der visstnok pga. ein formasjon i Malmberget), jf óg jiello «sprekk, reva, revne» (Grundström 110, Svenskt Ortnamns­lexicon 101, oslo 66-67). Gildeskålkjelen blir då eit namn med slåande meining!

Den norske tolkinga av Gildeskål som namn på prestegard og kommune er innarbeidd, men har tvilsam historisk gehalt, som drøftinga framfor syner. Vel er norr. gildisskáli og gildaskáli ord som sannsynlegvis er førsteledd i mange smånamn landet rundt, men stussleg er at i Gildeskål prestegard sitt tilfelle er vi ute av stand til å finne ut kor bygningen kan ha stått, ja om han i det heile har vore til.

Den som festar lit til den pitesamiske tolkinga kan la all grubling over vår ufunne gildeskåle fare; eit pitesamisk *Jielleskálo fortel då kva som er det fremste særmerket i landskapet nær garden Gildeskål, slik det brukar vere elles. Då blir der ikkje lenger kronologisk binding mellom gardsnamnet og oppføringa av steinkyrkja i mellomalderen. Kva tid kyrkja vart bygd, og av kven, det er vi derimot ikkje ferdige med å gruble over.

Litteratur:

Björn Collinder, Ordbok till Sveriges lapska ortnamn (forkorta oslo).

Johan Fritzner, Ordbok over det gamle norske Sprog.

Harald Grundström, Lulelapsk ordbok.

Håkon Haugland, «Felleskap og brorskap. En komparativ undersøkelse av gildenes sosiale, religiøse og rettslige rolle i et utvalg nordiske byer fra midten av 1200-tallet til reformasjonen». Bergen 2012.

Olavi Korhonen, Lulesamisk-svensk / svensk lulesamisk ordbok.

Norsk Ordbok b. 1-12.

Trykt i «Håløygminne» 2 og 4-2019, nyredigert.

1Markert i Norsk Ordbok som opplysning berre.

2 Jf Gildeskålsåkeren nær kyrkja på Vang i Oppdal (J. Sandnes i «Festskrift til Nils Hallan»: 389)

Harpa, Horpa

Det går ikkje lenger bilferje mellom Stokmarknes i Hadsel og Straumsnes i Bø, det tok slutt då Bø fekk veg gjennom Ryggedalen tidleg på 1980-talet. Men den tid der endå var bilferje, hendte det ofte nok, når det var for ruskut å legge rett ut på Langøysundet og Vesterålsfjorden, at dei tok over til Eidsfjord-sida, for så å legge kursen mot vest gjennom den såkalla Harparleia, men også der kunne det huske godt nok. Leia går ut på nordaustsida av skjera Litje- og Stor-Harparen. Mange har sikkert undra seg over desse namna. Utom Harparen var ein god fiskeplass, fortalde Ketil Ramberg frå Bø. Rett nok var det òg til tider sild nok i Eidsfjorden, og ein kan drage seg til minnes at det var noko som heitte å harpe eller hekle sild, men lite talar for at akkurat desse lokalitetane har fått namn av slik aktivitet. Har elles høyrt at på Harparen røska dei tungtørka, salt sjøgras til fôr åt krettura.

Harpefossen i Fron. Norsk Folkemuseum – Digitalt museum.

Lett å finne løysing på namnegåta har det ikkje vore, heller ikkje i Norsk Stadnamnleksikon. Der er sagt om stasjonsnamnet Harpefoss i Sør-Fron i Oppland, at det «har namn etter Harpefossen (25 m høg) i Lågen. Førsteleddet er kanskje eit bortkome elvenamn. Det er spor etter eit elvenamn *Harpa i fleire sms. namn på gardar og vatn. Elvenamnet kunne høre til gno. harpa vb ‘spela på harpe’, jf. namn som –> Songa og Kvæda … Ein slik samanheng er i dette høve mykje rimeleg fordi fossegrimen, eit overnaturleg vette i fossane, også brukte å spela harpe». Sitat slutt.

Hm, endå ein elvenamnteori? Då er vel fossegrimen i Harpefossen eit turistmål som får reiselivsfolk til å gni seg i hendene? Kanskje litt for utidig å innvende at Harpefossen har dei også i Eid, medan Ørsta har Harpedalsfossen. Så kva skal vel ein arming tru om den speleglade fossegrimen, trakterte han både fele og harpe og meir til? Det gjer ikkje saka enklare når det viser seg at smådalar som Harpedalen i Audnedal så vel som ein med det same namnet ved Bøgrend i Vinje i Telemark hun er ørsmå dalkrær – utan eit einaste bekkesike, om vi vågar lite på kartet.

Vanskeleg er det òg å sjå noko særskilt i Harpetjennet i Kongsvinger og Lunner, eller Harpetjønn ved Sommarland i Bø i Telemark, likså lite som det i Nome i same fylke: Sistnemnde er beintfram attgrodd og attfinnande berre pga. Harpetjønnåsen tett ved. I slike tilfelle kan vi vel, med O. Rygh, tenke at det var tale om harpr, «Navn paa en Ferskvandsfisk, mulig Harr, Horr (thymallus vulgaris, se Aasen), som dog kan foreligge i Indsønavnene af Stammen Harp-». Lat det vere usagt kor godt den omtalte fiskearten trivst i attgrodde myrtjønner, det er ein vesteråling lite kvalifisert til å uttale seg om, sjølv om vi i nord har fått uventa innvandring frå sør i form av elg og anna i dei seinaste år, men forklaringa i leksikonet etterlet unekteleg tvil.

Saktens og i alle fall har instrumentet harpa eit rom i norsk folklore, det kan vere nok å vise til visa Horpa, også kalla Dei tvo systar, men skal ein spade få vere ein spade, må det vere lov å seie at det som står om Harpefoss-namnet i Norsk Stadnamnleksikon kunne ha vore litt meir – djuptpløyande? No heilgarderer leksikonet rett nok med å avslutte med noko O. Rygh sjølv var inne på: «A. Kjær har tenkt seg samband med islandsk harpa vb. ‘knipe saman’ (NG 12: 147)». På Ryghs tid var karta ikkje gode nok til å etterprøve det framlegget, men Rygh var i alle fall varsam med å gå god for harpespel-teorien.

Dagens kart viser at Harpedalen i Notodden er ovsmal og lang, og aller trongast midt på, og Harpedalen i Ørsta er like trong, nærmast avsnørt i begge endar. Vidare er Horpedalen i Sogndal pine trong, især ytst, i så måte naudlik minidalen Horpegròv i Ullensvang. Særs avsnørt er også Harpskaret i Kristiansand.

Hermansverk i Leikanger i Sogn har ein fjellformasjon som heiter Horpa: Isolert sett eit stup, men det ligg øvst/inst i ein trekanta fjellformasjon, skapt av hammarfall som knip seg alt meir og meir i hop. Horpestad  i Klepp på Jæren ligg ved Horpestadvatnet, som står i samband med Ergavatnet via smal opning i ei land-tunge. Her ligg Nedra Horpestad. Rygh viser til innføringar som «N. Horpestad med Miaasund 1668» og «N. Horpestad 1723» og trur at «Miaasund», neppe mere i Brug, er *Mjá(va)sund, det smale Sund, af Adj. mjár (mjór)» og må ha vore sundet mellom Horpestadvandet og Orrevatnet. Dette kan saktens vere rett – no er der kanal – men Nedra Horpestad ligg tett ved begge opningane, så forsnevring er der kor som er.

Horpestod (-stå) i Bø i Telemark er ein gard som ligg tett ved Skogtjønn, ein gammal og no nesten heilt avsnørt lomme av Bøelva. Namnet Horpestod verkar uforståeleg, men fortel eigentleg om eit vassstøe knytt til ei forsnevring, el. omvendt. Harpvika i Ringsaker ligg tett innafor Framnes, som lagar den såkalla Bot(n)senden ved halvvegs å snøre av Furnesfjorden, ein nordleg arm av Mjøsa. – Tett innom Harpvika i Sagahaugfjorden i Øystre Slidre er det ei blautmyr som er smal ytst, men langt vidare innafor, tydeleg nok ei attgrodd tjønn. I Steinkjer har dei ein bergrygg kalla Harpa, som skyt seg fram og klemmer av faret til Liabekken som fell ut i Moldelva. På Ringerike, få meter før Spålselva fell ut i sjøen Kattnosa, knip elvefaret seg i hop, og akkurat der fører ei bru over. Aust for denne forsnevringa er det ei halvøy som kan ha heitt *Harpeland, for vika som skjer seg inn på austsida og skaper halvøya heiter Harpelandsvika.

I austlandsk vil å herpe seie at ein ting blir øydelagt, og i den tydinga har no ordet breidd seg landet over, men tradisjonelt har det mange stader også tydinga hørpe eller snørpe i hop, i så måte likt med islandsk herpa. Legg vi det til grunn, blir det naturleg at myrtjønner i ferd med å løype i hop blir kalla harpetjønner (-tjern). Så er også tilfelle med Harpentjern på Modum.

Det står att å nemne at ved Harparleia i Hadsel ligg ligg Harpargrunnen, eit overflødd skjer, og når han braut, var visste dei leia ikkje var farande. Trong er den leia, og ikkje det slag vidare er Harpefossen i Eid, resp. Sør-Fron. I flg. Norsk Ordbok b. 5:609 vil å horpa seie å fara ustyrleg, m.a. med vising til J. Hvedings håløygske ordsamling, dessutan finn vi døme som at «elva kjem horpande ned gjennom». Ser vi ikkje for oss den styrlause fossen i eit trongt gjel, eller bårene som trøskar inn gjennom ei trong lei?

Er Harpe-namna si gåte løyst? Det er neppe brennsikkert, for ikkje berre er namnegranskaren i utakt med Norsk Stadnamnleksikon, i tillegg vil folkeminnesamlaren herpe harpa til fossegrimen! Kall det kva du vil, musikalsk er det ikkje.

Opnan

Både turisme og naturvern har gjort utkantar som Makkaur, Omgang, Opnan, Stappen m.fl. eksotiske. Sistnemnde står på karta til J. Ziegler 1532 og O. Magnus 1539, i 1540 har S. Münster med både Stappen og ‘Matkur‘. A. Ortelius noterer ‘Bomgang‘ i 1570. År 1595 har G. Mercator ‘Omega‘ aust for Nordkapp og utom ‘Bociseuoort‘ (Båtsfjord) og ‘Bongan‘ utom Suyeruer (Sørvær); van Linschoten har Ommega på sitt kart i 1601! Avskrift og ny avskrift var nok medverkande til slike resultat. – I alle fall, alle desse væra er avfolka i dag, men dei var viktige nok den tid «nærfiske» var viktig og alle reiste med båt. Det er like vel slik at over tid har Opnan vore langt mindre i fokus enn dei andre tre.

Om kyrkjeordninga i nord etter reformasjonen «meddelt ved J(ørgen) K(arlsen) heiter det at «Finnmark skulde i 1589 ha 17 kirker med tils. 12 prester», og kyrkje nr. 9-10-11 var då «Kjelvik, Opnan, Hellesnes med 3 kirker og 1 prest», som vil seie at Kjelvik var hovudkyrkja (Hm. 1933-52). Kort etter må endringar ha skjedd, for 1594 har Opnan og Helnes anneks kome under Tunes prestegjeld (J. Qvigstad, Hm. 1926-161). Etter 1601 blir kyrkja i Opnan ikkje nemnt meir, og den på Helnes var borte før 1694. Omskifte skjedde før og omskifte kom til seinare, då Kjelvik vart skilt ut frå Kistrand kommune i 1861 og vart eige prestegjeld i 1911. År 1924 er Opnan gnr. 91 i Kjelvik hd. (NG 18-168f) – som etter 1951 heiter Nordkapp kommune. 

Opnan (med markør) framfor Opnanvatnet.

Vi vil gå nærmare inn på det uvanlege namnet Opnan |åppnan| med gamle skriveformer som Opnæ vorj 1519 (NRJ. I 377), Opnø 1520 (NRJ. II 249), Opnenn 1563 og 1567, Opne 1668 (øde), Opnan 1744, *Ofne 1787, *Aappen 1788, Aabnen 1826. Vi ser at namnet er skrive uttalerett Opnan i 1744, men at dansken slår tilbake i 1826. Aappen 1788 speglar derimot den samiske forma Ohppan.

Lat oss sjå kva omtale Opnan får i NG b. 18: «Umiddelbart ovenfor ligger Opnevandet. Det kan saaledes i Opnan (som Bostedsnavn i best. Flt.) mulig foreligge et oprindelig usammensat Sjønavn *Opni m., hvilket i Tilfælde synes at maatte Forklares i Lighed med Aapenvik, Nesseby I, 6: af opinn, aaben (som ikke fryser til). Dette Adjektiv kan imidlertid ogsaa bruges om aaben, ubeskyttet, veirhaard Beliggenhed, og det var nok ligesaavel tænkeligt, at Navnet skulde forklares som en Dannelse til Adjektivet i denne Betydning (jfr. Opn n. = Op n.,  Aabning, Hul)».

Opplagt er at namnet har noko å gjere med open, gno. opinn adj. Litt artig er det då at ei opna både i færøysk og islandsk er dei to sidene som ligg opne framfor deg når du slår opp ei bok! Vel har dette fint lite med landskap å gjere, men ordet kan i islandsk òg tyde «op, eyða», dvs. opning, tomrom, gap, og i tillegg stor tjønn, begge delar høgst relevant for landskapet på Ohppan–njárga (Opnan-halvøya), der det finst to djupe og vidopne innskjeringar frå nordaust med ein ovsmal fjellrygg som bolkeskil imellom dei (Ohppan-néreg, Fuglenæringen): Nordre dalbotnen heiter Bærvika, den søre er det verkelege Opnan, i hovudsak fylt av Opnanvatnet (korrekt form?), skilt frå havet med ei landstripe. Landskapet er særmerkt, og dei to nemnde djupe innskjeringane med bratte fjellkantar fell aller mest i auga og gjer det sannsynleg at Opnan kan vere fleirtal av det nemnte opn n, jf dialektisk våpen n, flt. våpnan (gno. vápn n.). Lesemåten *Opnaden er heller ikkje utenkeleg, jf Skjelnan for Skilnaden (Tromsøsund). 

Den eldste skriveforma er som før nemnt Opnæ vorj 1519, og NG skyt inn ei gjetting (? = Vær). Ein kunne òg knyte det til nordsam. vuorji = vuorjjes adj. «glissen, uttynnet», merk òg sørsam. vuerjies grovmaska (om garn). Her fortel namnet korleis landskapet ter seg frå havet? Til stønad for slik tolking kan nemnast at kart over Porsanger har Vuorji som namn på eit frittliggande fjell i ope landskap (minner litt om fjellet Einleten på Andøya, jf gno einlæti n det å vere for seg sjølv). Det peikar i same lei at grensefjellområdet Vuorječearru i Sør-Varanger har eit minst like ope og «grisse» preg. Det spørst då om «Opnæ vorj» 1519 var ei faktisk namneform el. om «vorj» var eit forklarande samisk tillegg.

Det kan verke irrelevant, men bør nemnast at i færøysk er ordet opna f også brukt om sel-hoa, hosel. Her er nok samband med det usikre nynorske ordet openkobbe men i alle fall med norr. opnuselr «russekobbe, grønlands-sel, svartside». Openkobbe er i flg. samlingane til Norsk Ordbok «sel som sym på ryggen og er open for åtak». Havforskningsinstituttet ved Tore Haug er samd i det: «Det er helt riktig at grønlandsselen veldig ofte svømmer på rygg. Særlig når den skal forflytte seg over større avstander, da opptrer den gjerne i store flokker, eller vøer som vi sier i Vesterålen … Jeg har lagt ved bilde av en grøn­ landsselvøe på flyttefot, fotografert i Barentshavet. Av bildet fremgår det tydelig at alle dyrene svømmer på rygg, bare den svarte snuten stikker opp av vannet.. Arten kan også svømme med ryggen opp, særlig når den er på matjakt og bare skal forflytte seg over kortere avstander».

Uvisst er om openkobben har sett spor etter seg i våre nordnorske stadnamn. Tradisjonelt seier vi visst berre russekobbe, som svarar til samisk ruošša-njuorju, eller omvendt. Derimot er det truleg at namna Åbneskjeran i Sokndal og Opnarfluene i Bremanger fortel eitkvart om sellåter eller -fangst.

Gno. opinn adj. tyder primært «som vender opp, som ligg på ryggen». Det gir god meining i samband med russekobben, som vi ser, men normalt tenker vi på tydinga «open, ikkje lukt eller stengt», og at det siste høver i Opnan sitt tilfelle er sikkert nok.

Nyredigert etter Håløygminne  2017 h. 4

Skjøre dalar?

På Moldjord i Beiarn har dei eit område som heiter Skjørdalen |»sjørr-| eller eigentleg Skjørdalan: Før snakka dei om å «gang’ Skjørdalan», det var i tida før der kom veg. Det er eit utprega erodert strekning der små bekkefar har etterlate seg dalkrokar over eit relativt stort lokalområde. Skjørdal heiter også ein gard i Sande, Vestfold, likeins med erodert terreng. Det same gjeld for Skjørdalen i Verdal, då ikkje å forveksle med Stjørdal(en).

Ser vi nærmare etter, finn vi at erosjon òg pregar terrenget kring Skjøråsen i Dønna, så vel som området inst i Skjøråsvika i Leirfjorden, for ikkje å snakke om Skjørlian i Rekdalen i Vestvågøy og den mest like eroderte Skjørlia nordom Skar i Skjerstad.

Kva fortel så namneleddet Skjør(r)-? I våre dagar har folk på grunn av masseturismen tatt til å diskutere slitasje på landskapet, men ‘skjøre’ dalar og lier og åsar lyder nokså uvant.

Skjørlian i Rekdalen, Vestvågøy. Kartverket.

Frå strøket Jæren – Agder har Norsk Ordbok fleire glosar som kjem oss til hjelp her: ei skjøre er ei ripe, eit langt sår, vi kunne og seie langt klor, lang rift, skråme, og det å skjøra er å lage ei slik. Ein stad der dei grev eller skrapar etter grus eller sand kan òg bli kalla eit skjør.
Dette får brikkar til å falle på plass, for erosjon pregar òg lendet på gardane Skjørberg i Eidskog og Skjørlia i Nordre Land og endå tydelegare Skjørtorp i Rakkestad. – Namnet Skjørbekken finst fleire stader frå Trøndelag og sørover, og nemnde forklaring høver framifrå og er særskilt treffande for det «såret» i landskapet Skjørbekken i Surnadal lagar. I Trøndelag finst ein fjord Skjørin: Fjellet på tverrlandet inst i fjorden, mellom armane Nord- og Sunnskjørin, er fullt av sår eller «kutt». Stort sett det same gjeld for berggrunnen på mesteparten av Skjørøya i Bjugn.

Bygda Skjøra i Åfjord (med markør)- legg merke til sørsida av fjordarmen.

I Nordland med har vi fleire Skjør-lokalitetar enn dei vi hittil har vore innom. I Vefsn har dei ein nedlagd buplass Skjørlægda attmed ei smal innskjering i berggrunnen, og til Skjørpallen i Rana sluttar det seg ein djupt nedskoren bekkedal. På Hadseløya har dei Ongstadskjørdalen som er liten og trong (lokalkartet er lite detaljert) og går over i Ånnstadskjørdalen på hi sida, berre med ei lita høgd imellom. Dessutan burde fleire andre lokalitetar i Nordland med namn på Skjør- få ein liten omtale, men kartfestinga  manglar både for Skjørbostmyra i Nordfold, Skjørlihågen i Fauske, og Skjørhuken el. -buken som skal vere eit bratt platå i Melfjorden i Rødøy.

Kartfesta er derimot Skjørsteinen i Borge, brukt til méd. Han ligg på undlenda nedst i fjellfoten nord i Steirapollen: Frå Setesdal er opplyst at ei skjøre også kan vere flekk eller lys stripe i stein, så kanskje er vi på rett spor, i dette tilfellet med.

Kor dei språklege slektningane til skjøre (med kort vokal) finst, er uvisst, men vi kan nok komme i tankar om bl.a. skòr (skårr). Lågtysk schore, schöre «sprekk, rivne» har vore nemnt, men kan iallfall ikkje beinveges vere opphav til Skjør-namna. Lat det også vere nemnt at gardane med namnet Sky(r)rud fleire stader på Austlandet ligg i erodert landskap.

Navarsbora

Mang ein matrikkelgard i øyriket Lofoten-Vesterålen har hatt meir enn eitt namn over tid. Vi kan nemne Neset lik Været i Bø, Godvika lik Kussevika i Malnes, og Godvika i Øksnes som iblant gjekk for Strand! Legg så til Skallan lik Skålebø i Øksnes og Bunes alias Skjelvan i Moskenes. Endå fleire blir det om vi føyer til kortformer som Gavlen for Andegavlen, Rota for Svinrota, dertil kortforma Neset for Ingelsfjordneset og Stokmarknes, likeins Dalen for både Svindalen, Saltbergdalen, Teigan­dalen, Vatndalen. – Øydeperiodar har gjort sitt til at namnetradisjonen er blitt svekka, dvs. namnebruken kan ta ei ny retning eller i alle fall ein forkortande innersving i slike tilfelle.

På haugen til venstre husa i Navarsbora, og til høgre Strandhaugen med Tjuppen. 

Fråflytta er også ein matrikkelgard i Øksnes der namnehistoria i ordets rette meining er makalaus, og det er Navarsbora (-bårra). Her er ein ‘grøde’ skriveformer å ty til: Naffuensboe 1610, Nafferbor, Naffersbordt 1611, Naffuisbord 1613, Naffuersbord 1614, Naffersbor, Naffuersborr, Naffrsskor 1623, Naffuerbor 1628, 1638, Naffrsboer 1639, Naffrsbor 1646, Naffuersbord 1661. Naffuensboe 1610, Naffuersbøe, Naffuersbøll 1612, Nauensbøell 1615 og Naffuersboe (for -bøe?) 1622 ser meir ut som raritetar.

Gno. bora f var eitt av fleire ord for hol («hull»), så *nafars-bora gir meining. Skrivemåtane -bor, -borr (og «-bord») kjem derimot i klasse med brutal avkorting av typen «Brobreck» og «Scholbreck», «Findkierch» for Brubrekka, Skålbrekka og Finnkjerka. Utlyd –a var ein uting for ein danske, og dessutan, har du noka tid høyrt ein ekte bergensar seie at han var «på hytta på heia i helga»?

Like kvikt skal ein ikkje avvise formene Naffuershold 1614 og Naffuersholl 1618. Her kan –hol tolka «hull» gje ei aha-oppleving, i samanlikning med formene på –bora på ei side og på hi sida dei på -rouff, -røff lik -reff, -reeff. Den siste varianten blir skrive Naffersreff, Naffuersrøff 1617, Naffuers- og Naffrsreeff 1618 – 1619- 620, Neffu­ersreeb 1626, Naffuersreb 1630 og Neffuersreff 1647, og etter dette Naffuers Røff 1661, Naffuersreff 1664 og 1688, Naffuer Rouff 1666 (Prestenes Mandtal), Nauersræf 1701 (Fogdenes Mandtal), men i 1723 Næversnæf!

Formene på -røff og -rouff, dei minner klart om gno. nafars-rauf ‘navarshol’. Merk at gno. rauf tyder «hol, reva, spalte» generelt, det var ikkje avgrensa til den anatomiske endestasjon. Varianten –ræva veit ein om frå ei mengd nordlandske namn der det enten er tale om særs tronge passasjar eller om formasjonar som minner om den avrunda gumpen på menneske eller dyr.

Når det endeleg ser ut til at samanhengen klårnar, dukkar det opp eit tilleggs-moment som vi ikkje godt kan underslå: I Senja og i Suldal er det å «sitte i eit navars-hol» det same som å leve eller bu avsides, eller som det heiter på vesterålsk: i eit øyrbeinshol. Namneformene er både gåtefulle og snodige. 

Tradisjonen er at Navarsbora var ei samebygd, og det samiske namnet var i flg. Qvigstad Nábar-sporró (les -spårro): nábar er lånt frå norsk, og sporró minner om master-spora, eit hol det òg. Likevel er heller ikkje det eit opphavleg samisk ord.

Vi ventar at grenda hadde eit reinspika samisk namn, og rart er at minst to av dei overleverte namna gir oss assosiasjonar i ei heilt anna lei enn boring med navar! Vi kan gå ut frå at folk syntest Navarsbora var eit greitt namn, og Navarsholet kunne vi då oppfatte som ei modernisering. 

Kva med variantane –rauv og –ræv  – var det «ondsindede naboer» elles i fjorden som brukte dei for å mobbe, eller var folket i Navarsbora og på nabobruket Strandhaugen ikkje samde om namnet (nabo-opposisjon)? Spørsmåla, som kanskje er forfeila, får vi neppe svar på noka tid.

I sesjonslista frå 1821 dukkar forma «Naversborg» opp. I lys av Finvåg og anna fint er det rart at ikkje den varianten danka ut alle dei andre. Men trass i alle desse krumspring i skrift er det klart at gardsnamnet av lokalkjente folk vart forstått som ei sms. av navar med regulær genitiv navars– + eit ord for «opning», hol. Problemet er berre at vi leitar fåfengt i lendet etter denne same navarsrauva eller -bora. Fortel namnet at garden låg avsides, er det noko anna vi overser, eller botnar det i gammal feiltolking?

Navarsborelva har eit stryk kalla Storforsen, men renn visst stri eit par stader lenger ned òg. Eitt av fleire samiske ord for (elve)stryk er njavvi, forminskingsform njavaš, (kjent frå Pasvikelva). Men mange stader vil njavvi berre seie spak straum, og då må njavaš bli noko endå mindre.

Merkelappen ‘borri’ passar for ein rund knaus inst i Navarsbordalen. Kommunekart.com.

Samisk borri tyder «ås med halling til begge sider» (Ofoten, Ibestad) og er same  ordet som vi har i heilt fornorska form Børra både i Øksnes, Andøya og Vågan? Godt ned i Navarsbordalen ligg ein avrunda ås på 204 m der namnet kunne passe; han er  namnlaus på kartet. Han heng likevel litt på skrå i fjellsida og er ikkje så langsmal som Børra ved Børrvågen i Øksnes.

Nordsam. borri blir kortast forklart som «ås» «eller «bakke», i lulesamisk form bårre  vil det seie «högsta punkten (på berg, kulle»; ei attåttyding kant kjem i tillegg: borri ville norrønttalande traktere som eit hankjønnsord, dvs. dativ i –borra, utsett for samanfall med hokjønnsordet ei bora! Når vi granskar karta, blir vi ikkje klokare, men Navarsbora + Strandhaugen framstår frå sjøsida unekteleg som ein grasgrodd bakkekant og då med Strandhaugen som «högsta punkten». Men akkurat det punktet har alt eit anna samisk namn, Tjuppen, så her er vi på tynn is.

Nærmast oss den avrunda knausen inst i Navarsbordalen i forstørring. Kommunekart.com. 

Buplassen Navarsborra ligg der han ligg, men om vi ser bort det unge namnet Strandhaugen – er Tjuppen og haugen framfor å likne med spissen på ein navar? Då framstår jo tilføyinga -bora = ‘hol’ overflødig og uforståeleg.

Navarshol kan lyde kummerleg, det minner om Silas Henriksen Hullet i boka «Vett og Uvett» som budde på plassen Holla: «Mannen på gården var halvt lapp. I hans egne øyne et minus som han med alle midler søkte å utslette. Derfor hadde han også utvirket at skolen skulle holdes i «Hullet» – naturligvis «Hullet» i stedenfor Holla». Kan det vere slik her òg, at Navarshola var det tradisjonsrette, men vart amputert liksom –brekka, -kjerka o.l.? Omvendt kan ein jo tenke at når Navarsrauv var alternativt namn på Navarsbora og begge dei namneformene hadde med hol å gjere, var eit nyare Navarshol vel så presist som *navarshola.

No kunne eit samisk *Njavašoalli «njavasj-ålen» teoretisk slumpe til å bli omtolka til «Navarshol(et)», og eit *Njavašravvi «njavasj-straumen» til Navarsrauva, -ræva like eins. Det føreset ei ordform litt lik –stravve eller –sravve (Hamarøy, Tysfjord), ei av mange låneformer av gno. straumr. Ei slik forklarande tilføying kan ha kome til etter at det for lengst var gløymt at njavaš «lite stryk» i seg sjølv har med straum å gjere. Her bør nemnast at i sørkant av Tjuppen, frå Gåsebukta, går det ein langsmal myrstrimmel inn, så lågtliggande at han må ha vore ein val eller eit grunt sund i historisk tid. Han har då stått i direkte samband med osen i Navarsborelva, og på flo og fjære må der naturleg nok ha vore ein liten straum, njavaš.

Johan Borgos nemner noko som ser ut som einslags parallell: Ved garden Dalen i Øksnes, nemnd Salte i Aslak Bolts jordbok, gjekk det tidlegare inn ein straum dit Dalvatnet no ligg. Gno.*salpt, *sǫlpt synest å ha vore elvenamn medan det heitte *salpt, *salftr der det var tale om straum i andre former, sml. Salta (om kjend straum), dertil Salten og Saltdalen om distrikta der (ca. 1430 skrive Salftadal). Merk òg Vester– og Nord-Salta mellom Anda og Senja. Øksnesværingane kjenner saktens Saltberget og Saltberghøla, tyngre er å kjenne att Saltbergdalen i nedslitne former som Selberg-, Solberg(s)-, Solbor-, og Salberdall 1611.

Samisk hadde ingen skriftkultur, uvisst er kven av dei hypotetiske namneformene i avsnitta framfor som er korrekte, men ved å «teste» desse på terrenget i Navarsbora og Navarsbordalen får vi litt forståing av kva som treffer og ikkje treffer. Vi skal jo vere skeptiske til forma *Njavašravvi med dobbel kopling til straum, men i så fall må vi ha ei betre forklaring på kva for trong opning som var -rauva eller -ræva alias -hol(et), valen innom Gåsebukta eller ein eller annan trong passasje lenger opp i elva? Eller så må vi slå oss til ro med at Tjuppen er den –borri som gav namnet og at «hol-problematikken» kom opp etter at dei gav seg av med å fornorske namnet og trudde det var tale om ei bora.

For ordens skyld, Navaren om litt spisse fjelltoppar o.l. er velkjent frå stadnamn. Det kunne saktens vere tale om ei slik forklaring i dette tilfellet òg, men det ser ikkje ut til at fjell-terrenget kring Navarsbordalen byr på slike formasjonar – Ressen kan hende? Rart skulle det vere om namnet på ein slik markert tind heilt skulle ha forsvunne eller blitt endra. Men framfor alt gjenstår det å forklare kva «hol»-formasjonar dei til dels blomstrande namneformene fortel om. Kanskje ville problematikken forsvinne i fall *njavaš og borri er grunnord-elementa og alt det andre er sekundære namnelagingar.

Om njavvi «straum» bør seiast litt meir: Det finst ingen fast regel for korleis samiske ord på nja– vil lyde ved innlån i norsk. Merk at ns njálbmi, ls njálmme «munn, munning» er ordet som er opphavet til namnet Njallem el. Jalmaus i Tysfjord­kjeften. Til samanlikning: I Bø seier dei at katta jalma, i Beiarn at ho njalma, men på Andøya at ho jama!

Annleis med ordet njavvi «straum», der legg eit fornorska -javv- seg på tverra medan -navv- eller snarare -nav- gav assosiasjon med gn. nǫf, nafar «nov» (på hus) så vel som hnafa «hogge, skjere» og nafarr «bor». Ved fornorsking av samiske namn og ord var det altså eit spørsmål om kva for norske assosiasjonar som meldte seg og førte eit samisk lån inn på eit tilfeldig spor.

Med eit slikt resonnement verkar det plausibelt at ein variant av njavve må ha ført til namn som Navan og Navahalsen ved vatna og straumane som fører ut til Ursfjorden i Brønnøy – og til Navan ved Sundshopen og Sund i Sømna. På tilsvarande måte kunne *Njavašborri bli Navarsborra. Her kan ein òg undre seg over korleis det har seg med namna Navarselva i Vefsn og i Salangen, for begge har god vassføring og renn i bratt lende.

Så tilbake til Navars- eller Njavašborra: Sisteleddet kunne også vere samisk borra om «kjøttkammer»: urd eller steinrøys der dei hadde mat som kjøtt, ost o.a. Den slags var  i Arjeplog mura av stein, evt. under ein hallar med mur framfor. Med den tilnærminga får vi eit vidare namneperspektiv, for då ser vi bort frå kor busetnaden faktisk ligg og vel alltid har lege – nede på stranda – og knyter i staden namnet tettare til det lange, for­seggjorte veidegjerdet (leidegjerdet) i Navarsbordalen som skaffa kjøttressursar. – Konklusjonen blir visst berre at Navarsbora er ei slags namnesending frå fortida der «utpakkinga» slett ikkje er fullført. 

Øksnes historielags årbok «Leddiken» 2018, nyredigert