Brudeskjæret

Brudeskjæret i Hvaler. «Norgeskart».

Skjer kalla Brudeskjæret finst nokså mange stader. Det er, for å seie det slik, tale om to avdelingar. Den sørnorske omfattar Brudeskjæret i Larvik, Hvaler og Sarpsborg, som alle er oppsplitta eller ‘sundrøska’ skjer. Det ligg nær å tenke på hokjønnsordet bròte, som m.a. finst i ein variant brutu (vel trøndsk) og bl.a. tyder ‘brotstykke, móle’ så vel som ‘stad der eit gjerde er nedbrote’ (NO 1: 948). Men vel så rimeleg er å jamføre dei austnorske namna med sv. brute som variant av bråte m i den særlege tydinga (SAOB) ‘hög eller hop eller mängd eller samling (i synnerhet af skräp)’.

Brudeskjæret i Larvik. «Norgeskart».

Brudeskjæret på Ørlandet ligg så djupt at det meir er ei flu å kalle, så det er uråd å seie noko sikkert om forma.

I den nordnorske avdelinga har vi Brudeskjæret vestom sørenden av Tromsøya og Brudeskjæret i Kvalsundet nordom Tromsø, og dertil Brudeskjæret i Loppa.

Brudeskjæret i Kvalsundet nordom Tromsø. «Norgeskart».

Dei er nok også litt oppsplitta, men er lågare enn Brudeskjær’a sørpå. Desse to sistnemnde stikk berre opp som ein liten tupp over vassflata, så ein kan undrast om Brude- går på den detaljen og at namnet kan vere eufemistisk å forstå. I få fall må meininga med dei namna vere annleis enn kva tilfellet synest å vere for dei sørnorske

Brudeskjæret i Loppa. «Norgeskart».

Møkkalasset

Møkkalasset

Møkkalasset, variant Møkkalassan, er eit namn som finst meir enn sju stader i landet. Det går gjerne på på grunnar, skjer og holmar og blir naturleg nok oppfatta som møkkalass = lass med frau. Men det finst ei anna, langt meir prosaisk forklaring på namnet, og då må først seiast litt om haplologi, det at den eine av to (nokså) like lydsekvensar blir borte i uttalen av eit ord eller namn: Eit greitt døme er *Mikladalinn «stordalen» > Møkkadalen i Stange på Hedmark,

‘Paradekasus’ er likevel at det norrøne gardsnamnet Miklaland, seinare Myklaland, no er blitt Mykland, men òg Møkland i Froland, Iveland, Gloppen og Øksnes >Bø: Samisk namn på sistnemnde lyder Mukláddé. I tilfelle der samisk overtok norrøne namn med forleddet Mikla– utan at der var ei staving i sisteleddet som likna, oppstod heller samisktilpassa namnevariantar Mikkal(a)-, Mikkel- o.l., oppfatta som mannsnamn.

Sisteleddet –lasset el. –lassan har for sin del ikkje med lass av noko slag å gjere, det er sam. lássis, variantar lásis, lássa ‘helle, svaberg, skjer, holme’, eigentleg same ord som gno. fles, på sørsam. plaassa ‘stor stein som stikk opp av jorda eller vatnet’. Ein holme i Refsbotn i Finnmark heiter Lássá, og Lasset som namn på skjer og holmar finst landet over, men i Bø og framfor alt i Øksnes opptrer namnet i fleirtalsform Lassan. Fredrikstad og Frogn har Møkkalassa. På sjølvaste Dovre ligg det ein fjellformasjon Møkjalasset, medan Øygarden har skjeret Møkalasset: Det første godt utlufta, det andre grundig skylla.

Samansette namn som Lassaneset, Lassatinden o.a. med forledd Lassa-, Lasse- er det naturlegvis nok fort gjort å assosiere med mannsnamnet Lasse = Lars.

Viser at skjer kalla Møkkalasset kan ligge langt til havs med kvit sjøsprøyt omkring og neppe kan ha framkalla assosiasjonar med møkk.

Skjeret Møkalasset i Øygarden.

Skjævsgrunnen

Nordlendingen liksom islendingen har det på den måten at han omtalar naturkreftene respektfullt, ja personleg: «I dag e han grim på sjyen», «i dag e han ufys». Oppfatninga av kva vi legg i dette store HAN skiftar derimot i høg grad, frå dei som reknar med ei styrande hand attom alt, og til dei som nøyer seg med å seie som i fleipen om ein viss meteorolog: «Det bare er sånn». Kan hende det, men i alle fall, har du slutta med å kalle veret for HAN, ja då er du blitt ‘nordlending light’, eller så har du gjort austlending av deg.

Kor fører så denne filosoferinga? Jau nord til Malnesfjorden, til austre landet der vi rundar Jenneset og svingar inn til Jennskarbotn. Der tøyer seg eit grunt område nordaustover i retning Hysjordneset, før det brått dyper der leia til Jennskarbotn går inn. Nettopp der står det på dagens kart avmerkt ei lanterne, på Sjefsgrunnen. Ja, slik lyr namnet faktisk, men forsøk på å finne ut kva som ligg attom har ikkje ført fram.

Ordet sjef (chief om du vil) kjem frå lat. caput «hovud», eller som folk kan seie: «Han som står for vettet». I norsk er ordet ikkje så gammalt, og ingen har høyrt om nokon som har «sjefa» og gjort krav på grunnen for seg sjølv, ei heller at nokon farkost kalla «Sjefen» har gått på grunn der og forlist. Det ville jo vere eit uvanleg namn på ein båt, men dei som rår i halv- og heiloffentleg sektor på tørt land lagar ustanseleg så komplett meiningstomme merke – og institusjonsnamn at eit skipsnamn «Sjefen» ville framstå som djup visdom i samanlikning. Nok om det.

Vårt lokale namneproblem blir ikkje noko enklare ved at det nær Nykfallan vest for Nykvågen stikk opp ein undersjøisk nabb kalla Skjeftgrunnen, men om folk seier |sjeft-| eller ‘sjæft-| i det tilfellet er ikkje kjent. Det første er likevel mest sannsynleg, for grunnen ligg mellom Nykfallan og Malnesskallen, så helst viser namnet til Skiftet mellom Malnes og Hovden i Hovden og kunne skrivast Skift- eller. Skiftegrunnen. Då skal det sjølvsagt ikkje samanliknast med Sjefsgrunnen.

Skjævsgrunnen alias «Sjefsgrunnen» (med markør) ligg mellom Jenneset til venstre og Hysjordneset oppe til høgre.

Vi kan leite i bø- og malnesfjerdingane sitt ordforråd så lenge vi vil, men der finst inga fornuftig forklaring på namnet Sjefsgrunnen. Vi må då utvide søket, og det er faktisk hjelp å finne: eit skjæv eller ei skjæve er ein mørk flekk på eit dyr, eller også ei mørk eller dim stripe, og ein skjæv var rett og slett ein skjævut, i vår uttale sjævåt, sjævat hest og skjæve-garn var garn med ujamne striper. Så i Valdres, Hallingdal, Hemsedal, Voss, Jølster (NO 9: 1952-1593). Det passar uventa godt for det aktuelle området utanfor Jenneset, noko ortofoto frå Kartverket viser: Kartmarkøren står på «Sjefsgrunnen» mellom Jenneset og Hysjordneset.

Sjefsgrunnen er då etter retten Skjævsgrunnen, enkelt nok, og den mysteriøse grunnsjefen eller kva vi vel vil kalle han forduftar som ved eit trylleslag utan å vere oppsagt. Ikkje får han sluttpakke med seg heller. 

Nyredigert etter Bøfjerding 2022