Særsland og Serstad

Det finst eit par sørnorske gardsnamn med førsteledd Sær-, Ser- der det verkar lite rimeleg å tenke på gno. sær, gen. sævar «sjø», særleg pga. geografi, men òg pga. historiske skriveformer. Det første er Særsland, gnr. 8.9 i Hjartdal, det andre er Serstad, gnr. 152.153 i Østre Toten. Dei eldste skriveformene i første tilfelle lyder «a Særepslande» (to gonger) og «a Særefslande», alle i 1424. Tilsvarande heiter garden på Toten «i Serepstadum» år 1361, «i Serefstadhom» 1392, opplyser NG.

«Sjø-reven» sannsynleg?

Basert på desse gamle skriveformene lanserer Oluf Rygh eit teoretisk mannstilnamn gno. *særefr «Sø-Ræv», el. *særeifr (til reifr «munter»), el. Sigreifr – det siste eit mannsnamn kjent frå ei svensk runeinnskrift. Til det kan seiast at gardsamntol­kingar der namna til enkeltindivid står i fokus høyrer vår tids tankemønster til. I gammal tid var stod familie, ætt og stamme i fokus, men då som seinare bør ein aller først undersøke om bustaden på noko vis kan ha fått namn av landskapet.

Då heller rennande vatn

Nyttigare er nok eit sideblikk til Jan Paul Strids artikkel «Segersäng och andra ortnamn på Seger-, Segel-» frå 1982, der han konkluderer med at fornsvensk må ha hatt verba *sigra og *sigla, begge i tydinga «renne sakte, pipre fram». Desse gav verbalsubstantiva *seger n og *segel n «ställe där vatten sipprar fram, sidländt mark; liten bäck» o.l. Tilhøvet ord-imellom er som buldre v. + bulder n, skramle v. + skrammel n osv.

Her gir kartverket sine ortofoto frå Særland i Hjartdal best god innsikt, for akkurat på høgde med desse gardane fell elva Hjartdøla ganske så ‘breidbeint’ nedetter trappeforma berg-avsatsar, dvs vatnet i elva renn i breidda, med sidevegs avstand to eller tre silder imellom og nedover ei endeløyse av ufser (gno. ups > ufs), så «ställe där vatten sipprar fram» er svært dekkande under normal vassføring, sjå foto.

Serstad– alias Seierstad-gardane på Østre Toten ligg i kupert lende, like ved ein bekk som ikkje kan ha store vassføringa, men fell litt brattare to-tre stader der små knausar kjem i vegen. Det må òg nemnast at gnr. 175 i Lunner, Sesrud alias Sessrud |’séssrú|, ligg likeins til, ved ei å som sistpå fell bratt ned i Sokna, så same tolking har mykje for seg, men her har ein ikkje eldre skriveformer enn Serdsrud 1723.

ufs, ims etc

Norske målføre har nøgda variantar av ordet ups, ufs, med o, u, y, ø og å (NO 10: 47). I tillegg kan nemnast ims om takdrypp (Torp, frå Sogn), men alt blir av underordna interesse i samband med skriveformene frå mellomnorsk tid, som er samandregne former der berre –ps, –fs står att. Det er som forventa at forleddet *seger eller like snart siger, med kort i liksom siger m (det å vinne), med tida er blitt fordanska til «Seier-», noko skrivformene av ei rad gardsnamn o.a. med det usms. Siger– også vitnar om (jf. «Håløygminne» 2014, h. 2).

Skriveformene inneber at kontraksjon av gno. *seger– el. *siger–ups til sereps– o.l. truleg skjedde før mellomnorsk tid. Rygh tenker litt annleis i samband med Særsland og nemner at mannsnamnet Sigvatr i 1443 blir skrive Sevater (DN), men «Overgang af Sig- til Sæ-, Se- kan dog ikke i Norge sees at have udviklet sig saa tidlig som i det 14de Aarh.» Til det er å innvende at skriveformene av Serstad på Toten faktisk er frå 1361 og 1392.

Særepsland alias Særland i Hjartdal, med elva Hjartdøla sildrande nedover ufsene. Kartverket.

Harpa, Horpa

Det går ikkje lenger bilferje mellom Stokmarknes i Hadsel og Straumsnes i Bø, det tok slutt då Bø fekk veg gjennom Ryggedalen tidleg på 1980-talet. Men den tid der endå var bilferje, hendte det ofte nok, når det var for ruskut å legge rett ut på Langøysundet og Vesterålsfjorden, at dei tok over til Eidsfjord-sida, for så å legge kursen mot vest gjennom den såkalla Harparleia, men også der kunne det huske godt nok. Leia går ut på nordaustsida av skjera Litje- og Stor-Harparen. Mange har sikkert undra seg over desse namna. Utom Harparen var ein god fiskeplass, fortalde Ketil Ramberg frå Bø. Rett nok var det òg til tider sild nok i Eidsfjorden, og ein kan drage seg til minnes at det var noko som heitte å harpe eller hekle sild, men lite talar for at akkurat desse lokalitetane har fått namn av slik aktivitet. Har elles høyrt at på Harparen røska dei tungtørka, salt sjøgras til fôr åt krettura.

Harpefossen i Fron. Norsk Folkemuseum – Digitalt museum.

Lett å finne løysing på namnegåta har det ikkje vore, heller ikkje i Norsk Stadnamnleksikon. Der er sagt om stasjonsnamnet Harpefoss i Sør-Fron i Oppland, at det «har namn etter Harpefossen (25 m høg) i Lågen. Førsteleddet er kanskje eit bortkome elvenamn. Det er spor etter eit elvenamn *Harpa i fleire sms. namn på gardar og vatn. Elvenamnet kunne høre til gno. harpa vb ‘spela på harpe’, jf. namn som –> Songa og Kvæda … Ein slik samanheng er i dette høve mykje rimeleg fordi fossegrimen, eit overnaturleg vette i fossane, også brukte å spela harpe». Sitat slutt.

Hm, endå ein elvenamnteori? Då er vel fossegrimen i Harpefossen eit turistmål som får reiselivsfolk til å gni seg i hendene? Kanskje litt for utidig å innvende at Harpefossen har dei også i Eid, medan Ørsta har Harpedalsfossen. Så kva skal vel ein arming tru om den speleglade fossegrimen, trakterte han både fele og harpe og meir til? Det gjer ikkje saka enklare når det viser seg at smådalar som Harpedalen i Audnedal så vel som ein med det same namnet ved Bøgrend i Vinje i Telemark hun er ørsmå dalkrær – utan eit einaste bekkesike, om vi vågar lite på kartet.

Vanskeleg er det òg å sjå noko særskilt i Harpetjennet i Kongsvinger og Lunner, eller Harpetjønn ved Sommarland i Bø i Telemark, likså lite som det i Nome i same fylke: Sistnemnde er beintfram attgrodd og attfinnande berre pga. Harpetjønnåsen tett ved. I slike tilfelle kan vi vel, med O. Rygh, tenke at det var tale om harpr, «Navn paa en Ferskvandsfisk, mulig Harr, Horr (thymallus vulgaris, se Aasen), som dog kan foreligge i Indsønavnene af Stammen Harp-». Lat det vere usagt kor godt den omtalte fiskearten trivst i attgrodde myrtjønner, det er ein vesteråling lite kvalifisert til å uttale seg om, sjølv om vi i nord har fått uventa innvandring frå sør i form av elg og anna i dei seinaste år, men forklaringa i leksikonet etterlet unekteleg tvil.

Saktens og i alle fall har instrumentet harpa eit rom i norsk folklore, det kan vere nok å vise til visa Horpa, også kalla Dei tvo systar, men skal ein spade få vere ein spade, må det vere lov å seie at det som står om Harpefoss-namnet i Norsk Stadnamnleksikon kunne ha vore litt meir – djuptpløyande? No heilgarderer leksikonet rett nok med å avslutte med noko O. Rygh sjølv var inne på: «A. Kjær har tenkt seg samband med islandsk harpa vb. ‘knipe saman’ (NG 12: 147)». På Ryghs tid var karta ikkje gode nok til å etterprøve det framlegget, men Rygh var i alle fall varsam med å gå god for harpespel-teorien.

Dagens kart viser at Harpedalen i Notodden er ovsmal og lang, og aller trongast midt på, og Harpedalen i Ørsta er like trong, nærmast avsnørt i begge endar. Vidare er Horpedalen i Sogndal pine trong, især ytst, i så måte naudlik minidalen Horpegròv i Ullensvang. Særs avsnørt er også Harpskaret i Kristiansand.

Hermansverk i Leikanger i Sogn har ein fjellformasjon som heiter Horpa: Isolert sett eit stup, men det ligg øvst/inst i ein trekanta fjellformasjon, skapt av hammarfall som knip seg alt meir og meir i hop. Horpestad  i Klepp på Jæren ligg ved Horpestadvatnet, som står i samband med Ergavatnet via smal opning i ei land-tunge. Her ligg Nedra Horpestad. Rygh viser til innføringar som «N. Horpestad med Miaasund 1668» og «N. Horpestad 1723» og trur at «Miaasund», neppe mere i Brug, er *Mjá(va)sund, det smale Sund, af Adj. mjár (mjór)» og må ha vore sundet mellom Horpestadvandet og Orrevatnet. Dette kan saktens vere rett – no er der kanal – men Nedra Horpestad ligg tett ved begge opningane, så forsnevring er der kor som er.

Horpestod (-stå) i Bø i Telemark er ein gard som ligg tett ved Skogtjønn, ein gammal og no nesten heilt avsnørt lomme av Bøelva. Namnet Horpestod verkar uforståeleg, men fortel eigentleg om eit vassstøe knytt til ei forsnevring, el. omvendt. Harpvika i Ringsaker ligg tett innafor Framnes, som lagar den såkalla Bot(n)senden ved halvvegs å snøre av Furnesfjorden, ein nordleg arm av Mjøsa. – Tett innom Harpvika i Sagahaugfjorden i Øystre Slidre er det ei blautmyr som er smal ytst, men langt vidare innafor, tydeleg nok ei attgrodd tjønn. I Steinkjer har dei ein bergrygg kalla Harpa, som skyt seg fram og klemmer av faret til Liabekken som fell ut i Moldelva. På Ringerike, få meter før Spålselva fell ut i sjøen Kattnosa, knip elvefaret seg i hop, og akkurat der fører ei bru over. Aust for denne forsnevringa er det ei halvøy som kan ha heitt *Harpeland, for vika som skjer seg inn på austsida og skaper halvøya heiter Harpelandsvika.

I austlandsk vil å herpe seie at ein ting blir øydelagt, og i den tydinga har no ordet breidd seg landet over, men tradisjonelt har det mange stader også tydinga hørpe eller snørpe i hop, i så måte likt med islandsk herpa. Legg vi det til grunn, blir det naturleg at myrtjønner i ferd med å løype i hop blir kalla harpetjønner (-tjern). Så er også tilfelle med Harpentjern på Modum.

Det står att å nemne at ved Harparleia i Hadsel ligg ligg Harpargrunnen, eit overflødd skjer, og når han braut, var visste dei leia ikkje var farande. Trong er den leia, og ikkje det slag vidare er Harpefossen i Eid, resp. Sør-Fron. I flg. Norsk Ordbok b. 5:609 vil å horpa seie å fara ustyrleg, m.a. med vising til J. Hvedings håløygske ordsamling, dessutan finn vi døme som at «elva kjem horpande ned gjennom». Ser vi ikkje for oss den styrlause fossen i eit trongt gjel, eller bårene som trøskar inn gjennom ei trong lei?

Er Harpe-namna si gåte løyst? Det er neppe brennsikkert, for ikkje berre er namnegranskaren i utakt med Norsk Stadnamnleksikon, i tillegg vil folkeminnesamlaren herpe harpa til fossegrimen! Kall det kva du vil, musikalsk er det ikkje.

Sløvra

Gnr. 26 i Hadsel kommune ber namnet Sløvra |»ṣḷøvra|, med tostavings tonem (men ikkje heilt støtt). Namnet har rimelegvis norsk opphav. Rygh seier: «Ligger ved en Aas Udløb i Sløverfjorden. Sandsynlig egentlig et Elve­navn *Slufr, som ogsaa har efterladt sig Spor i nogle sammensatte Steds­navne». Det blir òg vist til Norske Elvenavne s. 234 «hvor det formodes, at Elvenavnet betyder «den slubrende» (NG 16: 359). Spora Rygh er inne på, går i første rekke på Slørdalen i Hemne (Orkland) og på Slørstad i Akershus, med mellomnorske skriveformer af Slafradale, Slauerdal, i Slaufra­staudum: Eit primært elvenamn Slǫfr el. *Slufr er fullt tenkeleg i desse tilfella, men kva er det konkrete innhald i «den slubrende»?

Det er lett å bli tvilande i møte med Ryghs systematiske søk etter elvenamn når han vil tyde gardsnamn i Vesterålen og Lofoten, men i Sløvra sitt tilfelle er nok skepsisen ugrunna: Elva i Sløvra renn ut frå ei urd i fjellsida (eit gammalt ras) og breier seg ut over eit skrånande flog. Ein kan seie at ho «slørrar» utover, eit ord som iblant blir nytta om slike situasjonar. Sikkert er iallfall at ho gir lyd frå seg, eit sterkt sus, så helst var namnet lydhermande (onomatopoetisk). Ein parallell er elvenamnet Sluf’sa, gen. Sluvsa, av Qvigstad registrert som samisk namn på Maken, bruk i Tromsøsund hd (Qv 1935: 69), men òg med norske ånamn-parallellar som Slufsa i Tafjord, Slufsa lik Slufså i Norddal og Slufsedøla i Årdal: Det lydhermande å slufse |»ṣḷofse| «plaske; slurpe» vil mange kjenne att.

I Sløvra sitt tilfelle ymsar skriveformene litt: Sluffrenn (og Shiffrenn1??) 1567, men Slubøen 1610, Sluberøenn(!) 1614, Sloberen 1647 og 1661, Sluboren 1698 (introd.), Slobren 1723, Sløvern 1754 (dåp), Sløvern 1813 (konf.) og 1815-16 (dåp), og så Sløveren 1817 (koppevaks.). Interessant på litt anna vis er også meldingar i «Vesterålens Avis» år 1910 om tvangsauksjon over same gard, som 26. juni er kalla Sløvra, 1. juli Sløvren, men 30. des. atter Sløvra. Vi aner at det så smått veks fram større aksept for målførerett norsk namneform. Meir påfallande er overgangen frå Sluffrenn 1567 til Slub-, Slob– på 1600-talet og så omsnu frå Slobren 1723 til Sløvern 1754. Lydleg er proporsjonen tydeleg lik den vi har i gno. lifr (organet «lever») kontra samisk låneform lib’re, leb’re, for berre å ta eitt døme.

Kunne anna enn elva ha gitt namn til garden Sløvra? Det var sterk straum i Årnøysundet før, der var aldri islagt. På Sløverfjorden lå isen vanlegvis ut til Sløvra, men då vegvesenet bygde Sløvertunnelen, stengte dei mesta heile sundet i det dei bygde brua over til Årnøya. Straumen i sundet er sterkt redusert, fjorden er langt mindre rein, og både Årnøystraumen og Sløverfjorden er no islagt i frost-periodar, ofte heilt ut til Flokt­sundet. Det fortel Oddmund Vilhelm Rasmussen, ca. 80 år gl. fiskar frå Sløvra, som likevel meiner at garden har namn av elva.

Opplysningane om straumen fell det naturleg å samanlikne med ns. šluppar (šlubbar, akkusativ šlubbara) om «sted i elv, hvor strømhvirvler fra forskjellige kanter møtes», i fleirtal «uregelmessige bølgeskvulp som oppstår ved at strømhvirvler fra forskjellige kanter møtes». Såleis etter Konrad Nielsen, «Lappisk (samisk) ordbok» b. 3: 657. Interessant er også verbet šluppardit «boble, putre» (om grautgryte)», men også: det å prate tull (jf. Bø-mål: «det va berre bubbel»). 

Det slår ein, at der NG har ei lauseleg namnetolking framstår den nordsamiske meir presis. Ho kan truleg også vere relevant for elva som sprutar utover floget. Sløvra med tonelag 2 kunne vel vere fornorsking av ei eldre samisk namneform knytt til elva, evt. straumen – jf 1600-talsformene! Det talar neppe imot at sjølve gardsnamnet i nyare tid er notert med samisk uttaleform Slurvē, flt. (Qv 1938: 201), merk at gno. hafr «bukk» fanst i var. habra og habres i ss, hábres i ls og hábris i Tysfjorden og Hamarøy, men i Ofoten og lenger nord også harves (Lehnw. 190). Vi kan også ta med eit anna stadnamnelement, gno. gafl «gavl», i sam. låneform gab’lē, men omkasta i Gal’vē som samisk namn på Gavlen = Andgavlen (Lehnw. 158, Qv 1938: 202).

Rygh sette som nemnt gardsnamnet Sløvra i bås med Slørdalen m.fl., kan hende med rette. Merk at garden er kalla Sluffrenn2 i 1567, det kan innebere at namnet også i dette tilfellet er norsk, men når vi ser på skriveformene av gardsnamnet Sløvra frå 1600-åra (Sluberøen o.l.), får vi samstundes grunn til å nemne dalen eller kløfta Šluppargorsa i Porsanger (i Nielsens ortografi Šlubbar-) tett ved bratte fall i ei lita elv som lenger ned tar opp bekken Saltánjohka.

Når alt kjem til alt, er det germanske språk og ikkje samiske som har ordformer som skrensar innpå dei gamle skriftlege formene av gardsnamnet. Her kan bl.a. nemnast eng. slobber «slevje» (både nomen og verb), nederl. slobberen «sikle» og nederty. slubbern «slurpe i seg, slikke opp». I tillegg finst eit arsenal av ord med liknande tydingar (Torp, slubba). Orda slurpe og slufse har så klart ei lydleg side!

Sam. suolu blir gjerne omsett med «øy», men ofte blir «holme» like dekkande (Qv 829): Tett utom garden Sløvra ligg Sløverholman, éin ganske liten og den andre stor. Gardsnamn-formene Slubøen år 1610 og Sluberøen 1614 kan vere meir enn slump, for i sms. namn med sisteledd –øya skjer iblant uttalereduksjon slik at berre hokjønnsartikkelen –a står att, men lokalt er der ingen tradisjon om busetnad på holmane. Derimot er der på fjordsida av den største noko dei kalla Kavlhella. Der brukte dei å legge åt med båt, men det er neppe relevant for tolkinga av gardsnamnet.

Garden Sløvra og Sløverholman ligg ved Sløverfjorden. Under urdane lengst til høgre ser vi ein gløtt av elva som styrtar utføre.

Nyredigert etter Nytt om namn 2021 s. 48f

Takk til Ragnhild Sandøy og Oddmund Vilhelm Rasmussen for hjelp med denne utgreiinga.
   

Fotnotar:    

  1. Håløygminne      1939 s. 394.     ↩︎
  2. Jf. kanskje også Slufferøya, ein låg holme i Nærøysund med ei trong renne i nordenden.     ↩︎