Taklia
Taklia er eit stadnamn som er å finne over store delar av Sør-Noreg, men er talrikast på Agder og i Telemark. Færre er dei Tak-namna som har anna etterledd enn –lia. Det er på ingen måte opplagt korleis slike namn skal forståast, av di desse lokalitetane slett ikkje liknar hustak, same kva historisk epoke vi vel måtte ha i tankane. At også varianten *tagli er registrert frå den blaude kyststribe gjer ingen skilnad.

Odden Taket på Sjonøya i Lurøy. Norgeskart.
Talefigurar som *fjelltak og *åstak er det uråd å oppspore, men Taket heiter like fullt ein vinkelforma flat odde på Sjonøya i Lurøy og ein framskytande meir avrunda odde i Åfjord – med Takneset litt synnafor. Nærmare etterrøkjing viser at Takli-namna villig vekk er relaterte til meir eller mindre smale, ryggforma akslar og åsar. I Bykle i Setesdal heiter sjølve fjellframspringet derimot Mostøylsfjellet, men attmed er både Takklia(!) og Takkliskar å finne.

Taklia på Høylandet. Norgeskart.
Når stadnamnet *taklia med små variasjonar er så utbreidd, endå tak er eit heilt perifert element i norske stadnamn, er det vanskeleg å unngå den konklusjon at namna snarare har sitt utspring frå sørleg sørsamisk tsaekedh *stikke fram (om fjell-ende). Dette får i sin tur konsekvensar ikkje berre for vår forståing av namn som Taglestaul i Kviteseid og Taklåsen i Sauda, men sjølvsagt òg for gardsnamn som Takla i Voss, Takle i Gulen og Taklo i Stad, jf Taklio i Suldal. Tilsvarande også for Takset i Vanylven og Taksdal i Time.

Takle i Gulen ligg attmed eit markert fjellframspring. Norgeskart.
Kan etterleddet i *takli vere noko anna enn li *fjellside’, norr. hlíð f? Kanskje ikkje utenkeleg, jf norr. hlið som kan tyde både ‘side’ og ‘hol, opning, gap’, men knapt meir enn som unnatak. Ei anna sak er kva det kjem av at sørsam. tsaek– vart til tak– og ikkje sak– i norsk? Årsaka er nok som i fleire andre tilfelle at sørsam. framlyd ts- samsvarte nokså godt med norrøn þ, som seinare vart vanleg t, og då gjekk opphavleg samisk ts- same vegen.