Vismannheia og Vøsmankletten

Ein høg hump mellom Storskard- og Tverrlivorda i skilet mellom Folldal og Alvdal i Hedmark er kalla Vissmann-kletten. Folldølane seier Vess­mannkletten, medan folk i Alvdal seier Vøssmannkletten. Under ligg Vissmannlia vendt mot Vissmannttjønna i søraust, og frå sistnemnde renn Vissmannbekken til Haustsjøen. Vissmann- står det på karta.

Vissmannkletten er så snau som han kan få blitt. Derimot finst det noko skog i Vissmannlia. Vissmannkletten sjølv er eigentleg berre minstemann i ei flokk med noko høgare ‘voler’, i eitt og same fjellområde og alle like snaue.

Alvdal har nøkkelen

Alvdal-uttalen er den som gir nøkkel til kva Vessmann- eller rettare sagt Vøssmann– tyder, ettersom ls vuos’ma i Jokkmokk vil seie «ett land som är til hälften skoglöst» (OSLO 252). No blir lydrett form ved innlån til norrønt gjerne Usma, verkar det som, men ein overgang uo > ø i Alvdal etter norrøn tid kan vere forklaringa på at det ikkje skjedde her.

Den samiske diftongen uo blir gjerne til au i norsk, og vi kan sjå for oss slike lydlege overgangar, tilsett eit grann psykologi: vuosman > vausman > vøsman > vesman (ei avrunding ø > e er ordinær). Det siste har gitt skriveform Vissmann– på karta, men assosiasjonen «ein viss mann» er folkeleg lite tiltalande, Vismann– med lang i har så klart betre klang, same kva ein måtte legge i den varianten.

Eigentleg er vøssma-n- genitiv av vuossma og har såleis korkje med mann eller ‘man’ = mòn, mån som fjellterm å gjere.

Vismannheia i Gildeskål, som er også er halvt skoglaus og ligg ovanfor Forrhaugen (furuhaugen). «Norge i bilder».

Vøsmankletten i skilet Alvdal – Folldal kan forståast som namn på ein klett som berre er ein del av eit langt større snaufjellområde, ei vuosma.

Litteratur: Kjell Venås, Norske Innsjønamn III: 546.