Bispen er eit ikkje uvanleg stadnamn. Det står for grunnar i sjøen, skjer, holmar, nes og anna som skil seg ut ved å vere farleg. Eller også er det tale om særmerkt form, t.d. fjellet Bispen i Rauma k. i Romsdal.


Mindre kjend er Bispen i Hermannsdalen i Lofoten, endå han slett ikkje er nokon småglunt. Det mest spesielle ved han er to omtrent like store halvdelar. Innlysande er at dei som eingong la namnet, kjente godt til kva form den særprega todelte katolske bispehuva mitra har.
Bak seg i fjellet like over på Bunes-sida har Bispen Trollhauvet. Her aner vi drabeleg konfrontasjon eller styrkeprøve maktene imellom. På kartet er Bispen dessverre blitt til «bispelua». Det lyder som ei uekte namnelaging, for det heiter ikkje «lue» i lofotmålet.
I barnerim og regler, gåter og ordtak, ja tilmed vermerke dukkar det innimellom opp samiske ord som ingen lenger forstår. Såleis lyder ei gåte frå Bø i Vesterålen nedskriven i to variantar:
Den eine kjerringa gjekk åt den andre kjerringa og bad: «Kjære grannkona mi, lån meg snellaren din, for der er kommen ein urikun i min arekan som et opp alle mine katelanter».
Variant:
Den eine kona gjekk til den andre nabokona og ville låne snellaren. Der var kommen ein urekas i hennes arekas og åt opp all hennes kapelanke. (Bøfjerding -92 s. 57).
Snellaren leitar vi fåfengt etter i norske ordbøker, men i Friis’ gamle samiske finn vi verbet sniellat «kline sig ind paa for at tigge eller faa noget (om Hund eller Fattig), snike, snylte». Så snellaren må truleg vere ein hund eller kan hende like snart ei katte. Urikun eller urekas kan då i flg. Friis stå for uragas (også urodas) «Skadedyr, Rovdyr (Fugl el. firføddede Dyr)», og det er like rimeleg å kople arekan eller arekas med arek ‘Stenrøs, Samling af Stene’. Kva så med «katelanter» alias «kapelanke», er det berre nonsens? Neppe, det minner tydeleg nok om det samiske gappalak (normalisert gáhppálat) ‘stump, stykke av fisk, kjøtt’ osv.
Særprega er også nokre ord i Solsongen frå Beiarn, slike som «Skuri, skuri, skunnan, lys hån opp te’ munnan», kan hende for å mane bort skodde og grisver. Her kan ein vise til sam. skur’ret «forstørre eit hol», samtidig som det finst eit anna verb, skuodnját v «skimtes; lyse svakt igjennom, glimte igjennom». Det siste gir forma skuodnjám (som på norsk tunge kan bli til skunnan), fritt tolka ‘lysning, gløs’.
Skur’ret (gjere eit hol større), kombinert med skuodnjám, minner om norske uttrykk mynta på skydekket, slike som «han reiv gløtt» eller «reiv han», «han slo hol», «slo eit glan», «der kom eit glan oppi taket», «han lyste kovet» osv.
Forunderleg er også eit anna innslag i Solsongen, nemleg den svarte selkjeput’ eller selkjeduk . Vel kjente folk godt til silkedukar og -puter som pynt og statussymbol, men at forfrosne gjetsleborn samanlikna dei tunge uversskyane med svart silkeduk eller -pute er merkeleg ordbruk. Det gammaldagse lulesamiske sielgge eller sälgge ‘fjellrygg’ + duohke ‘atterside, bakside’ kunne vel tyde noko slikt som bakfjells, på skyggesida? Det kunne i så fall tyde at just der sat ‘gjeltbonnan’ dyvåte av fuka og bia på sola. At nordsam. sealgi åleina tyder baksida av eit fjell utan bruk av postposisjon er neppe ei avgjerande innvending mot ei slik tolking.

Eit vermerke frå ytre Senja lyder slik, i flg. Arthur Brox: «Dersom sola går ned i ein sekk, er ho neste dagen vekk». Her ser ein innslag av «nødrim», men i Andøy-varianten er det endå meir hjelpelaust: «Når sola går ned i ein sekk, då står ho opp i ein bekk». Det er forklart slik at dersom ho går ned attom ei skodderand uti havet om kvelden, blir det regn dagen etter. Men det hjelper storveges å peike på sam. ciekke «tyk Luft, fin Regnbyge seet mod Solen» og likeins balvva-ciekke «Skydot» (Friis). Også det snodige rimordet ‘bekk’ er samisk, nemleg biegga «vind».
Kor ofte det vart brukt samisk i gåter, barnerim o.l. for å mystifisere er neppe undersøkt. Det er i seinaste laget å stille spørsmålet, men smaksprøver som desse er likevel spennande.
Trykt i «Håløygminne» 4-2015, nyredigert

Spåmenn med kuven opp («ja») og med kuven ned («nei»). At former som liknar kan vise seg i landskapet er naturleg nok..
Ein allmenn nordnorsk skikk, også kjend frå kystbygder lenger sør, var at øyrbeinet på torsken, spåmannen, var brukt til å spå vinterfisket med: Dei la det frampå skallen og nikka, til det fall ned. Hamna beinet med kuven opp var svaret på spørsmålet «ja» – det omvendte var «nei». Så også blant sjøsamane i Kvænangen, berre at dei kalla spåmannen for krukkuldakte (dákti: bein) 1. Sør i Vefsn var det litt annleis: «Om våren når lofotfolket var ventande heim, så hengde dei opp ein spåmann (øyrbeinet av ein gråfisk) under taket. Denne svinga dei rundt. Vende spåmannen hovudet mot nord, vart det nordanvind og heimfalbør for lofot-folket»2. Lenger nord var det vanlegare å henge opp ein tørka fisk for den slags merketak-ing, det vere seg fiskekonge el.a.
Den sørhelgelandske vrien, med å la øyrbeinet spå vindretninga, fører naturleg over til nærslekta namnebruk: Frå Senja og Vesterålen o.a.st. veit vi at når eit trefløyt var ein stav som stod til vers, eventuelt med ei utskjering som likna på eit mannhauv, heitte det spåmannsdubbel eller berre spåmann – eller også visar, men særleg når det øvst på staven kun var spikra ei pil: I eit stykke om «Lofotreisla» er nemnt vimpelvisarane, og like etter står det: «Sjå der dei sterke og skræmelege dubbelvisarane. Spåmenner kallar sume dei. Er dei ikkje lystelege å sjå? Dei skal nok losa fiskarane greidt til ilen – og halda tjuvane vekk».3
Lose fiskarane til ilen? Fjelltoppar kunne òg lose, på sitt vis: Hårteigen på Hardangervidda er oppfatta som «den gråe leivisaren», med teig i eldgammal tyding «retning, lei», jamfør ty. zeigen og verbet te seg: vise seg slik eller så.4 Fjellnamnet Oahpis frå Nordreisa er like eins forklart som «vegvisar»5, utan at ordet i den tyding lenger er brukeleg i moderne samisk. På norsk heiter det, når det er tale om person, helst kjentmann, los eller «guide». Eit tilsvarande fjellnamn i Kiruna har fått forklarande tillegg, Oahpes-olmmái («vegvisar-mannen»), av di fjellet viser vegen til Tarrakoski fors, som det heiter6.
Også Spåmannen o.l. er stadnamn innimellom. Slike stader vart det vel tatt varsel av kor tidleg eller seint isen eller snøen tina der, kor høgt vatnet stod ei viss tid på året, o.a.. «Store Spåmannsomnen for Nupen» er nedskrive som méd i Moskenes, og under Andstabben er det eit par lange og krumme bergdrag med søkk attmed som truleg er formasjonen det er tale om.
Om bakgrunnen for namnet Spåmannselva i Finnsætervatnet på Senja fortel ein lokalkjend: «Når Spåmannselva har stor vannføring, likner den typisk på et spåmannsbein, derav navnet. Den faller bratt nedover fjellsida. Når det er tørke, er elva nesten borte. Like ved ligger Sørelva, som også lokalt bærer navnet Danserinna. På samme måte likner ett parti av elva på ei danserinne når den er flomstor»7

Vismannen som namn på ein grunne på sørvesthjørnet av Borgvær i Vestvågøy, tett sørom skjergruppa Kvilholmen – kva skal vi tru om det? Vismannen ligg på innersida av været, der det kan hende ikkje er mest sjøburd. Grunnen er ein 2-metring, du ser han oftast lett, er sagt. Ingen veit om særleg gammalt sjømerke der,. Kanskje var han til orientering når dei fór det smale Borgværsundet mellom Borgværet og Kalvværet innafor.
Norrønt vísa v. tyder «vise, syne, peike». Det høvde for peikepinnar ved lei og veg, også på fløyt og seinare på ur. Vi kan sjå bort frå at folk med Vismannen har meint ein «vis mann» (gno. visdómsmaðr), vi aner andre tydingar, som at Vismannen var som ein visar i landskapet, personifisert ved tilføying av eit meir presonifiserande –mann, altså «visarmann» (jfr. Oahpesolmmái). Avkorting til vismann på line med spåmann skjedde nok tidleg.
Men i samband med ei anna forståing av saka kan nemnast at ein 5.4 m djup grunne vest for Eggum i Borge heiter Tørrmannen: Når han bryt, står sjøbrottet høgt til vers, «som ein mann». Her og i Vismannen sitt tilfelle viser sjøkartet ein avrunda rygg på sjøbotnen, derfor er poenget med namnet Tørrmannen heller at han kan vere «tørr» med kvart (vere synleg over vassflata idet han bryt)? I ei rekke namn er det iallfall så at –mannen er ei omforming av –manen, t.d. fjell- og åsryggar som Nordmannen i Lurøy og Tuvlimannen i Vefsn, og det kan truleg passe for Tørrmannen med.
Samtidig er det viktig å understreke at oppstikkande fjellpikar tidt heiter noko på –mannen, utan å ha med man el. mån å gjere, og det same gjeld særmerkte humpar og steinar: Med kvart er den fulle sms. som gir oss meininga, som Skjortmannen (Kvitskjortmannen) om ein lys stein på gnr. 43 i Vega; likeins Kabyssmannen om ein rund hump på gnr 52 i Vestvågøy (kabyss var eit hovudplagg og går att i mange stadnamn på landsbasis). Også eit skjer utom Hadseløya ber namnet Kabussmannen.

Kabbussteinen nordom Straume i Bø kan minne om eit hovudplagg når du ser han frå ein viss vinkel. .
Men «mann» er kan vere eit endå meir lauseleg namneelement, slik som i Krynselmannen i Straumdalen i Rødøy, ein storvoren stein ml. fleire små: Krynsel er identisk med krinsel m «(liten) krins, klung, gruppe9.
Steinmannen heiter ein varde i Straumsbotn i Rana, jfr. det vanlegare «steinkjerring». I skjeringspunktet mellom skjemtsam og meir abstrakt namnebruk kan dessutan nemnast Mannen, også kalla Hinmannen, og dertil Blautmannen ein annan stad, namn på to gamle utmarkslåtter på Skogvollmyran på Andøya. Denne temmeleg frie bruken av «mann» har hatt knoppskytingar fram til vår eiga tid, jfr. Deccamannen heiter ein médhump i myrane på Saura på Andøya10, så her er det sanneleg store spenn i namnelagingsmåten.
Også fleirtalsformer finst av den slags namn: Mannan heiter to ekrer på garden Hongset i Vega, medan Mennene er to tindar på garden Kangerura i Hol i Vestvågøy. Tindar er også Finnkondalsmennene i Dverberg, Mennene i Breivika i same sokn er derimot eit ra midtvegs oppå myrane, med nokre store steinar på. Det har ein parallell ein stad lenger sør i Nordland:
Vismannheia |»vīsmaᶇᶇ-| ligg i utmarka på garden Mevika i Gildeskål, og ho sluttar seg til Forhaugan, ein særs uslett pall eller «fot» i framkant av det brattare Tverrfjellet. På denne pallen ligg hopar av store blokker «sletra» utover. Også på sjølve myrpallen Vismannheia finst restar av foraskog, men elles er det flater og -strimlar av myr og lauvskog som pregar området.
I flg. eit skolebarnnotat 1936 er det eigentleg tale om «navn på noen store steiner som ligger på myra»: Flyfoto viser ein oppsplitta bergrygg, dvs. med opningar mellom jordfaste berg, og dessutan ei oppdelt, større blokk som ligg meir isolert i myra. Tradisjonen kring namnet er mager, så vel som når det gjeld Vismannen i Lofoten, men vegvisar skal det ikkje vere tale om, her må vi heller tolke dette med «vis (klok) mann» bokstavleg: Blant alle steinblokkene i området høvde det venteleg for bamse å leite seg hi: «Lapparna nämnde icke gärna björnen med hans egentliga namn, utan kallade honom på en mängd olika sätt: skogens husbonde, bergsgubben, den vise mannen, det heliga djuret och Guds hund» (Uno Holmberg, «Lapparnas religion»: 41).

Store blokker på Vismannheia i Gildeskål. Kartverket
M.o.t. –mann– skal vi hugse at der er ein landsomfattande tendens til å omskape terrengordet man til «mann». Døme er «Mannheia» oppkalla etter «Vuttudalsmannen» i Orkland k., «Fjellmannheia» i Nærøysund like eins. Skogman i same tyding som skogband (der skogen sluttar og snaufjellet tar over) er nok eit mindre kjent ord, men ikkje reint dårleg dokumentert likevel15.
Trykt i «Håløygminne» 4-2012. Nyredigert.
————————————————————
1Anders Larsen, «Om sjøsamene» s. 42. Krukkul- minner om krykle = krøkle f “krokut tre eller grein”.
2Knut Strompdal, «Gamalt frå Helgeland» II: 79.
3Johan Hveding, «Folketru og folkeliv på Hålogaland» II: 78.
4Per Tylden i «Namn i fjellet»: 99 og Per Hovda i «Stedsnavn/Stadnamn»: 47.
5Just Qvigstad, «De lappiske stedsnavn i Troms fylke»: 20.
6Björn Collinder, «Ordbok till Sveriges lapska ortnamn»: 145.
7Bjørnar Pedersen, Finnsæter, i flg. epost frå Hans Peder Pedersen .
8 Harald Grundström, «Lulelapsk ordbok» s. 1585.
9Norsk Ordbok b. 6: 1093.
10 Pga. ei radiomast som var reist der (navigasjonssystemet Decca rundt 1970).
11Kjell Venås, «Norske Innsjønamn» III: 546.
12Norsk Ordbok 7: spalte 1595.
13Björn Collinder, «Ordbok till Sveriges lapska ortnamn»: 247.
14 Likevel «wistajes ädnam» i Lexicon Lapponicum s. 548.
15 Kjent frå Gausdal, Slidre, Sør-Aurdal og Hardanger (NO 10: 17), merk òg bergryggen Skogman, Valle i Setesdall så vel som Skogamannåsen i Stad og Skogamannhaugen i Gloppen.
År 2000 er nokså skilsettande når det gjeld sjansen til å finne folketradisjon og truer overlevert munnleg og upåverka av litteratur eller media. Folk fødde før 1940 har i så måte meir å fare med enn dei som er yngre. Folketradisjon av interesse knytt til den etter kvart så populære Lucia-feiringa er det i alle høve lite av, i nord som elles i landet. Vi nøydest å gå litterært til verks for å finne haldepunkt.
Først flg frå i «Norsk Allkunnebok», signert Kjell Bondevik: «Lussi (lat. Lucia, ljosgjenta), heilagmenne, leid martyrdauden i Syracusae om lag 304, minnedag 13. desember. (lussimessa, gno. lúciemessa). Legenda fortel at Lussi vart ståande uskadd i eit brennande bål. Ho er symbolisert med ei brennande lampe i handa. Etter folketrua gjekk Lussi rundt i husa julekvelden. Kom ho til ein stad der ikkje alt var i orden, hemnde ho seg. – Lussiferd, daudingar som fer ikring i julehelga, jamfør oskorei».
Norsk Allkunnebok har meir om Lucia-feiringa: «Frå 1927 har det vori vanleg å velja ei Lucia-prinsesse i Stockholm. Ho skal vera kvitkledd, ha brennande lys i ein krans kring hovudet og fleire terner. På Lucia-dagen (13. desember) vert ho førd i triumftog gjennom gatene. Lucia-høgtida breidde seg snart til andre svenske byar og tek no også til å bli vanleg i Danmark, Finnland og Noreg».
Allkunneboka har eit anna oppslag òg, signert Kjell Bondevik: «lussinatta (gno. lúciemessu-aptann), natta mellom 12. og 13. desember, vart i folketrua rekna for lengste natta i året. Då kunne dyra tale. Kua beit tre gonger i bandet av svolt og sa: «Lussinatta lange». «Ho er som to», svara veren, og geita banna. Truene om skrømt, trolldom o.a. heng saman med solkverven».
Frå Velfjord har Knut Strompdal liknande husdyr-truer i folkeminne-samlinga «Gamalt frå Helgeland I»: «Løssilangnatta er lengste natta i året. Då snur oksen seg to gonger på båsen, og kua bit tre gonger i bandet og segjer: «Løssinatte, lange natte!» «Ja, ho er som to!» svarar veren. Den natta er horna lause på kyrne. Det var eingong ei kjerring som skulde til fjøset og bitta ei ku den natta. Ho kom uviljande til å rykka til og fekk hornet i nevane, men ho var snøgg nok i snuinga, ho sette hornet på igjen, og det grodde fast».
I si første samling «Folketru og folkeliv på Hålogaland I» frå 1935 fortel Johan Hveding litt av det same: «Lussinatta vart rekna for den lengste av alle vinternettene. Då kunde alle krøtera tala. «Lussinatta ho e lang!» sa sauen. Kua svara: «Lå-å-ng!» (Nordre Hålogaland)».
Vi finn også dette i E. Vegusdal Eriksens «Atterklang fra gammeltida. Folkeminne fra Beiarn I» fra 1953: «Løssinatta, natta til 13. desember, var horna lause i hodet på kjyrne i fjøset, så de kunne snus hit og dit. Den natta spøkte det, og kjyrne kunne snakke seg imellom, og klaga da over å lang natta var».
I mi eiga folkeminnesamling «Huh-tetta. Folkeminne frå Andøya» (1974) fekk eg med ein rest av den same tradisjonen, slik farmor mi kjente han: «Lussi Langnatt er så lang at då kryp tipa (lusa) 7 seng-lengder. Den natta beit kua tre gongar i bandet og sukka, sa de gamle, og veren svarte ho: «Lussi-natti lange, ho e som to!»» Som vi ser, her smett også lusa inn i folketradisjonen, takk vere tilfeldig likskap orda imellom.
Om så var at slik tradisjon først og fremst var nordnorsk, ville nok Kjell Bondevik ha nemnt det. Vi kan nok gå ut frå at vi finn att det meste i andre landsdelar, men i vår nordnorske tradisjon synest den trua å vere fråverande at det fanst ei Lussi som for rundt i husa hos folk ved juletider for å hemne seg i fall ho fann noko ho ikkje likte. Ei merkeleg åtferd, forresten, for den som helgen skulle vere! Kjell Bondevik har sikkert rett i at dette er tradisjon som opphavleg var knytt til solsnu-feiringa. For å få fullgod forståing burde ein nok også ha kunnskap om farne tiders årsdeling (juliansk + gregoriansk kalender mm).
At nemninga Lussi langnatt har sitt utspring i feiringa av Luciemessa er det liten tvil om. Kvinnenamnet var ikkje lite brukt. Her seier Norsk Personnamnleksikon m.a.: «Kjent i Noreg sidan 1300-talet. Ganske vanleg på Nordvestlandet, i Trøndelag og Nord-Noreg på 1700-talet, dels skrive i dei norske formene Lussi og Løssi (Møre og Romsdal)».
Det er å føye til at namnet også var i bruk i samiske miljø, t.d. i dagens Andøy. I Hasselbrinks sørsamiske ordbok er òg kvinnenamnet Lussjije heimla til Røros (etter Knut Bergsland), mens Lussi så vel som Marsja og Pirkit (Birgit) er ført opp blant slektsnamn i Grundstrøms lulesamiske ordbok.
Litt merkeleg er at ho Lussi sjølv glimrar ved sitt fråvær mens det er «obligatorisk» i tradisjonen at husdyra kan tale denne natta, men likevel ikkje har meir å seie enn at natta er lang! Like påfallande, om ikkje meir, er fenomenet med horna som sit lause i skallen. Det er vel så enkelt at Lucia-tradisjonen er blitt språkleg kopla i hop med det dialektiske løsse (på), losne, løyse osv. Det ligg iallfall snublande nær som forklaring på fenomenet med dei lause horna! Uvisst er om den spesielle tradisjonen også var kjend i samiske miljø og om det slik sett er grunn til å gjette på parallell «fortolking» ut frå det tilsvarande luovos, luovas, luoves «laus».
Det finst iallfall noko anna i vår nordnorske tradisjon som tydeleg peikar i samisk lei, og det er den sterke poengteringa av at Lussinatta er så lang. I Leems samiske ordbok finst nemleg «lus-igj, Vinter-Soelhverve, den længste Nat, solstitium brumale», noko Friis seinare tar med i si ordbok med skrivematen «lus-igja, lus-ija, med akkurat same forklaring. Nord- og lulesamisk idja (sørsamisk jijje) tyder rett og slett «natt». Vi ser at lus-idja (evt. lus-jijje) er snublande likt kvinnenamnet Lucia, Lucie, Lussjije. Korleis er samanhengen?
At eit samisk innlån *lussi-idja «lussinatta» kunne bli til lusidja er rimeleg. Men det kan ha blitt omtolka med tida, for i (nordleg) sørsamisk tyder lossede «tung»: Hasselbrinks ordbok har det både i forma lussede (uttalt lossete) og lussejes, nokså likt formene i Nilsson-Mankoks sørsamiske ordliste. I sistnemnde er det sms. lussnatur «tungsinne; svårmod» interessant, sml. nordsam. lossalunddot «treig, langsom» og lulesam. lås(s)ålussjat «anse, tycka att något är for tungt»(Grundström). I nordnorsk tradisjon er hovudpoenget at Lussi langnatt er lang og tung.
Så mykje om ein nokså utviska og vag nordnorsk Lucia-tradisjon. For å hindre mistyding skal leggast til at nordlandske stadnamn har eit utmerkingsledd Lussi– som ingenting har med Lussi langnatt å gjere, neppe med kvinnenamnet Lussi heller, jf her Lussidalen i Leirfjord – og i Bjerkreim! Vidare Lussiholmen i Hól i Lofoten, Lussihagen eit par stader i Evenes, truleg også Lossihagen eit par stader i Narvik kommune. Saka er at nordsam. livvasadji «kvilestad (for dyr), nattelæger» tilsvarar sørsam. lovvesijjie, lyvvesijjie, eller endå kortare: lusjijje (Qvigstad).
Spor i ord av den art som er drøfta framfor får ingen konsekvens for nyare tiders misseprega Lucia-feiring, der visst sus i serken har meir appell enn lus i serken.
Nyredigert etter Håløygminne 1-2001

Det høgaste fjellet i Vesterålen er Møysalen på Hinnøya (1266 m). Namnet på fjellet har det vore delte meiningar om, og ikkje alt kan vere like rett. Enkelte har hevda at den nærmast sâlforma breen på toppen er opphav til namnet, og prost Sigvard Nielsen gir i «Eventyr og legender» (1935) ein lyrisk og inspirert omtale av Møysalen «med salkledet som flommer i sol og vind og om natten med en himmelens stjerne på salknappen». Det er tydeleg at han ser på Møysalen som «dame-sadelen»1.
Forklaringa verkar ikkje urimeleg, men ho overser at dei spisse toppane like sørom ber namnet Møyan frå gammal tid. Tar vi det med i reknestykket, er det lett å merke at her er noko som ikkje stemmer. Dessutan har vi då sett bort ifrå at «møysal» i tydinga «ridesal for damer» er eit ukjent ord i norsk folketradisjon. – Ivar Aasen har derimot ordet møysal el. møyesal i ei anna tyding, nemleg «Kvinnestue, Fruerstue», henta frå folkevisene (Landstad). «Gamle Norske Folkeviser» (Sophus Bugge) har det same ordet i ordlista, med vising til «moyar-» eller «moysalur» i færøyske kvæde, normert moyggjarsalur. I islandsk er ordet ukjent.
Dette er ei sms av norrønt mey (opphavlegare mær) og salr «hus med eitt rom, stort rom». «Mey» kunne tyde både gjentebarn, dotter; møy, ugift kvinne; også kone; møy, rein jomfru. Truleg har då gammalnorsk hatt ordet *meyjarsalr eller *meysalr i ei tyding nær opp til den Aasen fører opp. Eit ord med nærslekta tyding er i alle tilfelle gno. meyjarstofa «jomfrubur, møysal». I den nest eldste folkevise-oppskrifta her til lands, frå amtmann Hans Lillienskiolds «Speculum Boreale eller den Finmarchiske Beschriffuelse 1698», heiter det i vers 4 og 5 om kongsdottera frå Kjølnes:
«Hør du, Røsten Bendixen, saa taler ieg til dig:
Du sofver saa lenge i møsalen, at det vil koste dit lif».
Det vaar Røsten Bendixen, saa tog hand oppaa:
«Ieg skal sofve i møsalen, oc du skal see derpaa!»
Men «Røsten Bendixen», det er jo raustan Bendik[son]. Dette er visa om Bendik og Årolilja, det norske opphavet er ikkje til å ta feil av, trass i sterkt fordanska språkform. Så heiter det då også i visa om Bendik og Årolilja, slik vi kjenner ho frå ei seinare oppskrift:
«Han var ‘kje i konungs garde meir hell ei liti stund, han vitja i møyesalen – så brå er belelund» [friarlyndet].
Den same møysalen eller kvinnestova er dessutan nemnd i folkevisa «Hugaball», i vers 5:
«Ho sat att’e på møyesalen vel i månane nie, til ho åtte sonen den, han va’ både stor og fri’e»2.
Fjellet Møysalen er kjenneleg og kjært for hadselværingane især, men òg for folk kring Vesteråls-fjorden. Du ser fjellet svært godt frå Sortland òg, men det er meir avbregda frå den kanten. Kvar vesteråling med interesse for det heimlege må iallfall gle seg over det fagre fjellet med så vakkert eit namn: Både blidt og romantisk – vesterålsk og heilnorsk. I eit storsamfunn der det ekte heimlege ofte har tronge kår er det dess større grunn til å gle seg over at Hadsel gjer ære på fjellet med det særmerkte namnet: Ei ferje fekk namnet «Møysalen», det same ein ikkje ukjend samlingsstad på Melbu.
Møysalen er eit eineståande namn – nesten. Nesset kommune i Møre og Romsdal har nemleg ein gard som offisielt heiter Meisal, men i flg. Norske Gaardnavne er tradisjonell uttale Mesalen. I Aslak Bolts jordbok står «af Møyiasall», men seinare går det mykje på Meisal (1723 Meisalen). Rygh er ikkje i tvil om at dette er same namn som Møysalen i Vesterålen, som han då også viser til. Det kan hende at namnet i det tilfellet òg har med ein formasjon i Meisalfjellet å gjere: Innafor garden ligg Salfjellet med Jutulvatnet under, noko som viser at det trolske òg i tankane då det namnet oppstod, men det er slett ikkje alltid så, andre assosiasjonar er også ute og går: Møyhamn litt lenger nord enn Hamnholmen, som er tett sør for Torghatten, får i Den Norske Los karakteristikken «trang, men god havn». Frå same assosiasjonsfelt er fjellnamnet Jǫmfruv’va (jomfrua) ved Kåfjordbotn, «så kalt fordi fjellet er ubestigelig fra forsiden» (Qv 1935: 39). Den oppfatninga gjaldt ganske sikkert også for Jomfrutindan litt nord for Svolvær.
Så spørst det då kva det ekte samiske namnet på Møyan og Møysalen kan ha vore? Frå Sørøya i Finnmark er i alle fall opplyst at Nieidat «pikene» (jentene) er «to store stener på Møineset, gamle offerstener» (Qv 1938: 67).
Jf. Hofdasegl 1971
Frå Johan Hveding skriv seg ei segn om den gamle mannen som kom seglande frå Utrøst og spurde om ikkje Utrøst no kunne få komme inn under Bodin sokn? Presten svara at han måtte få tenke seg om. «Ja, tenk deg om og tenk i tóm1, Utrøst skal ikkje bli oppdaga før dom!» Med så sagt gjekk kallen, etter å ha trøska dreggen i kjerkemuren og laga eit merke til minne om at han hadde vore der og spurt.
Segna har enkelte røringspunkt med Håvard Dahl Bratreins stykke om Fila og Langsve (Håløygminne 1980), men der fortel segna at namnet oppstod då den (dei) som åtte ein tilror (fiskeplass) åleina, mislika at andre òg kom dit, så dei heiv ei fil(!) i havet og sa at det skulle vere like vanskeleg å finne att grunnen som å finne fila. Det får oss halvt til å tenke at fila ein dag dukkar opp i magen på ei fisk, slik det skjer i andre liknande segner, men ikkje slik i dette tilfellet. Kor som er: At fila vart kasta i havet, er sjølvsagt ei namnesegn laga for å liksom å forklare eit uforståeleg namn.
Historiske fakta ut over det som Dahl Bratrein fortel om namna Fila og Vola ligg ikkje føre, men det kan vere grunn til å gå litt inn på dei to namneformene likevel. Om den siste har han den merknad, at dette er mykje likt den samiske varianten av mannsnamnet Ola, som rett er. Eigentleg eksisterer det namnet i endå fleire variantar, som Ovllá, Uvllá og Vuol’lá, men er vi dermed på rett spor?
«Bumannsfila fiskevær som Vola vil ha alene, kom ikke dit, Vola ber, det volder kun sorg og pine», fortel eitt av versa. Det vart sagt av ein underjordisk, heiter det, som ville skremme andre frå å fiske der. Her er det grunn til å nemne at sam. vuolá– og især vuolle– tyder ner-, under- i ei rad sms. Merk –vuolle, –vuolli ‘underdel’ mm., men framfor alt atnan–vuoláš eller –vūloš ‘underjordisk’. At Vola vil ha Fila åleine og ber for fiskeplassen sin, synest få god meining med tanke på dei underjordiske, især når vi høyrer at i fall høvedsmannen Morten Persa ville den ukjende mannen noko, skulle han banke fem gonger på ein stein på holmen og seie «Vola».
Alt i alt er nok den fortolkinga rimelegast, at det var dei underjordiske som ville ha tilroren for seg sjølv og kom med åtvaring. På hi sida er det ein av dei som i god vilje let Morten Persa få vite om tilroren. Det minner om segner der marmelen gjer det same.
«Når Vola er borte, da Fila er en rikdom for alle og enhver», heiter det òg, ikkje heilt ulikt endetids-spådommen til den underjordiske som kom til Bodin: «Utrøst skal ikkje bli oppdaga før dom!» Det må vi vel forstå slik at på dommedag skal alt komme for dagen, dei underjordiske og? Håvard Dahl Bratrein seier sjølv: «Kan hende er da Fila og Langsve ikke anna enn Karlsøy-væringenes Utrøst».
Kva så med namnet Fila? Blant Andøy-fiskarar og især på Andenes-havet var det relativt vanleg å lage médnamn til intern bruk, som når tilroren «Bakkefjellet» seiest å vere oppkalla etter eit fjell innmed Sifjorden på Senja, men det namnet finst ikkje på lokalkart over området; médfjellet har nok fått sitt namn frå bakken på havbotnen og ikkje omvendt. Likeins blir ein del av Ytterbakkan eller «vestrast i egga» kalla «Fjellbakkan» eller «på Fjellan», men det skriv seg frå «Fjellan» som samnamn for médfjella på strekninga Hesten – Tikja – Stryen innpå Senja. Tilroren «Fjellet» (på Andenes) heiter derimot så etter «Skinkefjellet» (unemnt på lokalkart over Senja). Meir slikt kunne nemnast, og rart skulle det vere om det ikkje fanst liknande kryptiske innslag i namnebruken i Karlsøy.
Her kjem vi til poenget: Gno. fjall og fell går igjen i ei mengd variantar i norske målføre, m.a. er fjiᶅᶅ kjent frå store delar av Nordland, men sørlegare område har også fill, fell, fel, og fil er kjend frå Stjørdal (Norsk Ordbok 2: 1344). Det overraskar knapt at sørsamisk har ordet i låneformer fiele, vielë, fĕlë, vĕlë, då vanlegvis som sisteledd (her er ĕ kort, men ie-lyden lang). Vi har visst ingen kunnskap om slike variantar av ordet frå Troms og Finnmark, men Fila tolka som *Fjellet eller *Fjella har likevel mykje for seg, ut frå det vi hittil veit, endå vi ikkje kjenner grunnen til at det òg heitte Bumannsfila.
Håløygminne 3-2017.
Fotnote:
I nordlandsbåttida var forlis alvorlege, om ikkje katastrofale. Meir uventa då at det i kjølvatnet flyt snodige namnesegner. Ei slik finn vi hos Olaus M. Nicolaissen, i «Sagn og Eventyr fra Nordland»: «I gamle dage skal i den inderste Saltenfjord gaaet for sig et stort fiske af allehaande og til bevis paa, at mange baade søgte til udenfor Evenseth, hvor en gruelig storm engang har omkastet saa mange baade, at man fandt 50 vanter eller votter, skal der endnu en vig, liggende mellem Evenseth og Koddevaag, kaldes Vottevigen» (b.2: 71). Dette fann Nicolaissen i Skjerstad kallsbok, som burde vere å lite på, men på det landet finst berre Vedvika – Vottvika det må vere tale om ligg på austsida av Godøya, i det gamle Bodin. Dei som har hjelpt meg å oppspore rette staden på kartet, peikar elles på at plasseringa gir meining i samanhengen, av di det er austavind som er uver på Skjerstadfjorden, og då stenger Godøya mot vest1. Her fell også ein nyare variant av segna på plass, heimfesta til just Vottvika i Bodin: «Der koll-sigla ein åttring med 6 mann tett utføre landet. Folk fann etterpå 6 votter, alle til høgrehanda» (Hans Eidnes, Hm. b.11: 60).
Seinare er Ole T. Olsen inn på same overleveringa i «Norske Folkeeventyr og Sagn», frå eit uver i Lofoten: «Saa braat kom uveiret, at fiskerne kun fik tid at trække av sig votten paa venstre haand. Dagen etter fandt man 50 venstrehaandsvotter, dreven i land i den samme bugt, og til minde her-om og om den sørgelige begivenhed blev bugten kaldt Votviken, hvilket navn stedet har den dag i dag». Dette kan vere Vottvika vestom Brettesnes, sjå seinare, men av di at annan tradisjon knyter forliset til Skrova, er Vottvika på Litlmola litt meir nærliggande. Segna har historisk kjerne for så vidt at uveret skal ha vore 11. februar 1849, berre at ingen veit kor mange fiskarar som faktisk miste livet den gongen.
Det fanst ei liknande segn om Vottvika i Lovunden, at der var funne sju sjøvottar som berre passa på ei hand, og for snart 60 år sidan fortalde Josef Pedersen i Skipnes i Øksnes flg.: «For mange år sidan, eg kan ikkje seie årstalet, var det ein manndrapardag. Då gjekk det mykje folk klar. Sagnet sei at dei fann 18 sjyvotta’ for ei og same hand på Børrøymola, og det vart mange enker». I det siste tilfellet er namnetolkinga fråverande, ser vi, men vi aner at det er variant av ei segn Edvard Ruud har vore inne på: «I gammal tid stod det fleire rorbuer på Gåsøykalven i Øksnes. Men ein-gong kom det ein forfælande sudvestkuling og feidde alt med seg. Mange båtar som låg heilt utpå Drågjen såg dei aldri noko til. Berre her og der på strendene fann dei restar av båtane. Og på ein stad dreiv det i land 35 vottar som høvde på ei hand. Denne staden vart kalla Vottestad» (Hm. b.4: 8).

At sjøvott-motivet er kjent både frå Nordland og Finnmark i lag med tradisjonselement av anna slag var klart i starten. Det undrar lite at Troms òg er med, men at det i Flatanger i Nord-Trøndelag kjem ein hekseprosess til, er uvental: På Hasfjord i Vikna levde Barbro. Ho fekk skylda for den store Gjæsling-ulykka i 1625, då det etter segna berga seg tre båtar medan ca 700 båtar forliste for Namdalen. Etter den manndrepardagen vart det i Vottvika i Flatanger funne 99 sjøvottar som passa ei hand, sa dei. Barbro vart brent på bålet for dette i 1648, derimot synest sjølve Vottvika i Flatanger å vere ukjend.
Votte-segnene var berre tenkt som ei innleiing til hovudemnet stadnamnelementet «vott», men det tulla på seg! No er det elementet vott = vante i og for seg er vanleg nok: Sjøvotten heiter ein fjellknøl på grensa mellom Hadsel og Vågan, berre at det namnet er i ferd med å gå av minne. Tilsvarande var Ramsviktinden i Vestvågøy som médfjell kalla Storvotten, eller også berre Vottan. Sortland gard i same kommune har Fingervotthella på stranda og Fingervottlia ovanfor.

Innafor Slåttnes i Hadsel finst det ein flogbratt hammar Votten som liknar på ein vottetommol. Skjeret Votten sør i Askvoll minner òg klart om ein vott, på flyfoto. Vassvika Lovotten i Bygland kan òg nemnast. – På hi sida er det rart at ikkje berre fjellformasjonar og skjer, men òg heilt overflødde grunnar (der ingen ser form) går under namn av namnet Votten – men framfor alt har det særs vanlege namnet Vottvika fått folk til å undrast.
At Vottvikane ikkje har namn av sjøvottar er klart, men namnegranskarane har leita forgjeves etter ei meir tilfredsstillande forklaring, vere seg norsk eller samisk. Ein kan ikkje godt ignorere austsam. (Kola-samisk) vuot, utlagt «прибрeжная otmeль; otmeль, идущая от берега». I flg engelsk translatør-tolking er det «coastal shallow; the shallow going from the coast», tysk «die küstennahe Sandbank; die Sandbank, die von der Küste geht». Ettersom russisk otmeль i seg sjølv tyder grunne el. banke, er vel den engelske forklaringa den mest nøytrale, bankar og grunnar inneheld som kjent ikkje berre kvitsand, iallfall.
Vi kan byrje med strandgrynne el. strandsokkel – altså ikkje kontinentalsokkel – og etter det då over til punktuelle eller breiare grunnar nær land eller lenger ut:
Utgrunn er Vottvika i Vevelstad, dvs. sør for vika er det nærdjupt, men frå og med Vottvika går eit grunnområde nord til Lauknes. Namnet kjem kan hende av det, men det er like tydeleg at vegen langs vika kviler på ein sandbanke med innslag av stein, då særleg i nordre halvdel. Vottvika i Melfjorden i Rødøy, skrive «Våtvika» i strid med uttalen, har òg ei ganske lang fjære full av stein, både over og under flomålet. Oppover langs bekkefaret i vika ligg òg mykje stein i dagen. Interessant nok er det mykje mindre synleg stein og langt meir sand i Molvika på hi sida fjorden!
Vottvika på Stormola i Vågan er aust for Kjefsøya. Inst er ho relativt langgrunn med ein kort, skrå strandbanke, har eit par endå grunnare ‘greiner’ til begge sider og ligg godt skjerma på sørsida av eit nes. – Der var gardsbruk før, og fiskemottak lenge etter 1945. Uvisst er om det er den vika Ole Tobias Olsen fortel om i «Norske Folkeeventyr og sagn» (s. 110-111), overskrift Votviken i Lofoten, sjå tidlegare. Den austvendte Vottvika på Litlmola var i alle fall ikkje rorvær for fremmendfiskarar.
Somme kart viser elles at Vottvika på Storemola i vid meining er heile vika mellom Kjepsøyholman i vest og Salttynneset i aust. Akkurat det kan vere viktig å få med seg, skal vi finne ut av namnet.
Leif Pareli frå Haversand har også opplysningar å gje frå området, m.a. om skjeret Tugga i nordkant av Vottvika: «Selve skjæret (holmen) er jo lett synlig, alltid over vannet, og der er ikke noen skumle undervannsskjær i nærheten. Derimot er der et par-tre farlige undervannsskjær lenger ut i Vottvika / Molldøra … Jeg var ofte med min far i båten hans på turer til og fra Svolvær, og da gikk han mellom Kjepsøya og det store og tydelige skjæret Munkan (som nesten alltid er synlig over vannskorpa), men rett etterpå var der et farlig undervannsskjær som vi måtte være obs på. Der er også et par slike skjær lenger ut i vika (eller Molldøra ville jeg si), det ene har en stake på seg, og de har sikkert navn». Brukar vi namnet Vottvika i vid tyding, om vika som svingar rundvoren inn i nordkant av sjølve sundet Moldøra, ligg då desse grunnane og skjera om lag midt inni vika.
Vottvika lengst aust på halvøya Bjønnerøya på Litlmola er lita. Der var ikkje eigentleg hamn, berre ein skjerma strandbanke med grus og stein. Dern var husmannsplass, og i myrane vestafor var det torva, så folk førte torvet derifrå med båt, derfor også båtoppsett. Denne Vottvika er òg «rein» å sjå til, men på søre landet ligg det eit par grunnar som det er best å unngå. Det same synest gjelde for Vottvika i Kvannkjosen i Lødingen i overgangen til Øksfjorden: Austafor er det eit snag, med ein grunne som iflg. landkartet heiter Kalvskankan, men manglar på sjøkartet. Samtidig ligg det store steinar i skogkanten vika rundt.
Vottebøen i Grøtavær på Gryta er langvoren og ligg rett austafor Nordstøya, nær land, men likevel fritt. Han er særs grunn (5.7 m), så ved fjæra sjø og mykje sjøburd bryt han mesta: «Førr i tia sa di at Vottebøen haua, og mange sei det einnu»2.
Ytst på snaget utom halvøya Vottneset 3langt ut i Eidsfjorden ligg Votten eller Vottskjeret, godt nok synleg med mindre det er stor-oppgang, men heile området innafor er grunt og stranda der er steinut. Vottskjeret i Rødøy har skumle grunnar i endane, men er eigentleg sjølv ein fender eller bårebrytar som ligg på tverra framfor nordenden av Lamøya, d.e. vest for Gjessøya. Ved Vottvika i Leka er kystsokkelen med skjer og grunnar brei, men lite utstikkande. Vottvika synst på Lovunden i Lurøy har ei kampesteinurd der sjøen ralar opp. Utom er det ein bergholme med litt sand i valen imellom, men ingen banke. Vottvika lengst vest på Risøya austom Teksmona i Meløy har ein liten strandvoll, men òg ein kort sandbanke som bitt ho i hop med Grytøya vestafor.

Vottholmen ved Årsteinen i Vågan skil seg ut frå andre holmar i området ved at det i berget midt på er skore ut eit «lågland» som er attfylt av ein banke, med digre blokker.
Votthola ytst i Gryllefjorden er ure lita, utan større særpreg, men med ein liten grunne på 4.4 m rett ut (sør). Lokalkjent folk visste at der òg er eit grunt område like synnafor og eit smalare snag i vest, men aller helst går namnet på at det litt lenger vest kjem ei lang strandstrekning full av stein. Til Votthola er knytt ei segn om det i og for seg historiske forliset på Torskeråsa 3. mars 1726 då 90 mann miste livet: «Det låg ein dag ein tremannsbåt utfor Torsken. Med eitt kom det ei hand opp av havet. Dei to mennene framme i båten blei redde, men høvedsmannen kasta ein vott i havet, og då votten sokk, kom handa bort, og det blei stilt. Morgonen etter var det rorver, og høvedsmannen gjekk tidleg ned i fjæra og tok til å ordne båten. Då hørte han at det ropte ute frå sjøen: ‘Opp du mann som votten meg gav, løys i sør og bett i nord. Huff, huff for eit ver uti havet’. Då mannen hørte det, surra han båten og gjekk opp i bua og sa at det nok blei landlege i dag.
Rorskarane tok til å murre då dei såg alle dei andre fór på sjøen, og dei tok så smått til å finne åt høvedsmannen. Men han gjorde som han verken hørte eller såg. Som kasta av sekken kom nordauststormen så sterk som han ikkje hadde vore i manns minne, og det blei stor manndaue den dagen. Det seies at dei fann 50 vottar i Votthola, som alle høvde til ei hand». (A. Brox, Folkeminne frå Ytre Senja: 18).
Dette er eigentleg ei marmelsegn. Til slike høyrer med at fiskaren forærer marmelen ein vott, og at marmelen viser takksemd ved å varsle når uver er i kjømda. Namnesegna er meir eit vedheng. På vestsida Ørja lenger sør i Torsken ligg Votthågen, ytst på ein krokut bergtange. I nordnordvest er farlege fluer, og litt stein i vika ca 300 m innom haugen, men ingen eigentleg banke. Snarare er sjølve tangen årsaka til namnet, jf. Vottskjeret i Rødøy. Heller ikkje her manglar vottesegna: «Etter legenden som er knyttet til navnet skal man etter en overhendig uværsnatt ha funnet en haug av 60? (venstrehånds!) sjyvotter her». Så i flg. Inge A. Arnesen i «Årbok for Senja» 2015.
Her bør òg nemnast «En gudsdom», segna om ein fiskegrunn nesten 3 mil frå land på yttersida av Senja der det var godt fiske året rundt, men «da blev folk så ugudelige og sloss innbyrdes på havet; de drepte og kastet hverandre i sjøen og laget horn som de ropte i». Ein juksakall med to gutungar i båten høyrer ein dag i blikkstilla ei røyst frå himmelen: «Våkn opp!» Han tar varslet, og dei ror for livet. Dei blir innhenta av uver og kasta på land, men bergar seg og ror heimover. På turen kjem dei til ei keile full av vrakdelar og vottar: «Den gamle kallen tok vottene og begynte å telle. Da fant han at det var femti votter, og de var bare til venstre hånd» (Lappiske eventyr og sagn b. 4: 461).
Her er då hendinga korkje knytt til Gryllefjorden og Votthola eller til Ørja og Votthågen, og keila på sistnemnde stad heiter dessutan ikkje Vottvika, men Russevika: Det namnet fører oss likevel på eit vis over til austlegare og like dramatiske votte-segnvariantar, særeg ein som gjeld Vottholman i Karlsøy – på dagens kart står «Våtholman»:

«Engang kom der en flok russere ud til Fladvær i Karlsø prestegjeld for at røve. En gammel mand fra en af øerne var bleven tvungen til at være lods for dem. Da de havde hjemsøgt flere steder, kom de til nogle holmer, hvor de lagde til, og hvor alle russerne gik iland for at hvile sig. Losen blev ladt tilbage i båden; men anføreren, som ikke troede ham helt, tog bådfæstet med sig og bandt enden fast om sit ene ben, før han lagde sig. Da røverne var sovnet ind, tog gammelkalden, som var i båden, en sabel, skar bådfæstet over og lagde fra land. Anføreren vågnede ved lyden af åre-slagene og russerne kastede sig i sjøen for at svømme ud til båden. Men gamlingen stod færdig med en sabel og hug fingre og hænder af enhver, som greb fat i bådsripen, og fik på den måde taget hele røverflokken afdage. Da man siden kom ud til holmen, hvor russerne havde ligget, fandt man der femti votter eller vanter, som alle høvede på samme hånd. Derefter fik holmerne siden sit navn». Såleis i flg. Olaus M. Nicolaissen («Fra Nordlands fortid» I: 69). Han skriv «Votteholmerne», men J. Qvigstad (1935:72) – som viser til Nicolaissen – har «Vottholmen».
Fleirtalsforma Vottholman er rettast, det er tale om to holmar bundne i hop med ein smal stein- og sandbanke med litt lysbotn på nordsida (det samiske namnet kjem vi tilbake til). Sjøområdet vestom er grunt, men tett aust for Vottholman går ei djupare lei i retning nord-sør, sså namnet er slik sett «rettleiande». Liknande refleksjonar kan elles høve også for Vottholmen i Frøya og i Vikna.
Kor som er, det finst ein endå austlegare variant av vottesegna, knytt til «Stuorab og Ucceb Fac’ca-gǫp’pe (store og lille vottebukt). Her fantes efter sagnet votter efter druknede tsjuder» (Qv 1938:9)4. Denne Vottbukta (sjøkartet: Vøtbukta) ligg lengst sør på Kjelmøya i Sør-Varanger, og flyfoto viser at ho er utgrunn og har ein lang strandbanke utover på sørsida, medan Vottholmen tett sørom er ein bergklubb, mesta landfast med odden innafor via ein kortare banke.
Det normert samiske namnet på vika vsv holmen er Fáhccagohppi og Fáhccasuolu, til fáhcca ‘vott, vante’, kvensk Vantumukka + Vantussaari. Begge namneformene synest borge for at norsk Vottvika og -holmen må ha med kleplagget vottar å gjere, så vel som Fáhccasuolu = Vottholman i Karlsøy, men det finst grunn til tvil: Lokalitetane liknar like lite på ein vott som ein annan Qvigstad nemner, Fáhccagohppi mellom Stangnes og Kargenes sør på Kvaløya i Finnmark. Kartfesting manglar, men namnet er dekkande for mest heile strandstrekka med grus og sand i norde delen og innblanding av stein lenger sør.
Alt i alt synest desse samiske Fáhca-namna berre å rette seg etter norsk fortolking av Vott-namna, korkje meir eller mindre. Det hindrar ikkje andre Fáhcca-namn finst der det kan ha vore tenkt på vott = vante i utgangspunktet, jf. tilsvarande for dei norske namna Sjøvotten, Storvotten m.fl.
No er på tide å sjå på lokalitetar som ikkje er fullt så strand-nære, og fleire av dei er relativt smale snag (undersjøiske nes) med mykje ureinske om: Utpå enden av eit slikt ligg skjeret Votten sørvest for Nykvågen i Bø, og på omtrent same måte ligg Votten og Yttervotten i Måsøy, Vottebøen nord-vest for Vengsøya og Vottflua utanfor Myrland i Flakstad. Utafor sistnemnde er der fall, men ikkje fleire fluer eller skjer. Vottbøan sørom Skomvær ligg inn mot ei rein lei.
Noko for seg er det klart tvitydige5 gardsnamnet Vottestad |»våssta| i Øksnes: Heile farvatnet frå Kråknes i sør og til Nyksund(et) i nord er ekstremt ureint, og heim-i garden er steinute strender meir enn dei fleste andre stader, og i fjellfoten ovanfor den smale jordvegen ligg blokkene tett. Synberr er også den smale steinbanken som svingar ut midt i garden og gjer den helleflate Vottestadøya like utanfor landfast på fjæra sjø. Vottestad fyller slik sett alle kriteria for terrengordet vuot, rettare: den varianten av ordet som i ei fjern fortid må ha vore i bruk på våre kantar.
Vott- som namneelement er i hovudsak kjent frå nordnorsk område, men finst også lenger sør: Ved Vottholmen i Vikna er det meir ureinske enn ved holmane innafor, og meir og mindre overflødde sjøsteinar utgjer midten av Vottholmen i Frøya, jf Vottholmen i Lødingen. Det har seg såleis med både Vottvika i Hemne, Leka, Rødøy, Bodin og på Litl- og Storemola, og med Vottholmen i Årsteinen og Vottbukta i Sør-Varanger, at dei på sidene er skarpt avgrensa av låge bergkantar. Nokre er òg ganske korte utsparingar i berget.
Vottvika i Lødingen kan vere feilplassert på kartet: Berre 60 m lenger vest er det ei lita bergvik med ein steinbanke inst, slåande lik dei nyss omtalte. Annleis utforma er Votthola i Torsken, det ligg no elles i namnet.
Jf med dei før omtalte lokalitetane ligg grunnane Votten (17 m) og Yttervotten (51 m) i Hammerfest og især Votten (102 m) og Vestervotten (91 m) i Skjervøy uventa djupt og uventa langt ut; i begge dimensjonar står dei for aller det mest ekstreme i bruken av ordet vott.
Votthaustaren (22 m) ml. Hestråsa og Sørøyråsa i Vikna er av same art. Lite tyder på at namna er knytte til médtaking i fjell innpå land, vi nærmar oss heller nordsam. vuoddu i tydingar som ‘botn’ (i bekk, elv el. dal), meir allment ‘grunn, underlag’, hos Qvigstad appellativ 915 vuođđu (jf. lulesam. vuodu i same tyding). I tillegg kjem at Lagercrantz frå Karesuanto noterte juovva-vuođđuo om stor-steinut grunn eller botn, jf. her Vottvika i Lovunden og Vottholmen i Årsteinen og og Vottestad ikkje minst.

Så er vel vuot og vuođđu eitt og same ord, men berre førstnemnte er definert slik at sambandet med havet er over tvil. I Qvigstad sine samlingar er det visst berre eitt tilfelle der ordet med full visse har med saltvatn å gjere, nemleg (Stuora) Vuođđovuotna, ein lang og særs smal fjord som skjer seg inn i øya Seiland frå sør. Inst er fjorden ei pinetrong keile utan særmerkt botn, men endå hovudleia innover er rein, er det på begge sider av djupålen i ytre halvdel av fjorden temmeleg mange grunnar, så det gir meining å tolke også dette namnet som ei påminning eller åtvaring.
Vuođđojávri,-johka og –várri i Porsanger synest derimot å gå på «botn» i den meir vanlege tyding søkk innimellom fjell.
Nokre av Vott-namna nemnde her har forvirrande skriveformer på Vot-, Våt(t)-, og i eitt tilfelle Vøt-. Sjeldnare treng vi lure på tradisjonell norsk uttale. Kor som er, å gje holmar eller skjer ut mot havet merkelappen «våt» lyder meiningslaust. Derimot kunne vel ein våtlendt stad utan bankar eller utgrynne bli heitande Våtvika med rimeleg grunn, såleis i Gildeskål og Meløy.
Meir tvitydig er gardsnamnet Våtvoll i Kvæfjord, som har ustø uttale og skrifttradisjon, for på den staden finst det ei kort utleire som skil seg klart ut i strandlandskapet.
Finn vi òg vott i tydinga banke el.l. innpå tørt land? Eit overgangstilfelle er Votthammaren tett innom Rapelva i Lunkfjorden, Hadsel: Under hammaren ligg ei urd6 med blokker så store at dei skil seg ut frå bjørkeskogen på flyfoto; nokre få har rausa eller sklidd heilt ned til strandkanten. Her synest det vere ein viss likskap med Vottvika i Lødingen.
Helge Stangnes har skrive si hovudoppgåve om stadnamn på Stonglandet, og eitt interesserer i vår samanheng: «Vottora er ei relativt bratt urd, ein brink mellom ei myr og flatare område under. Likevel ikkje brattare enn at ein kan sjå det har vore prøvd rydda og jamna for hest og vedlass …. Der fins óg ein omveg i snillare terreng for å unn-gå urda», som nærmast er ein steinbanke langt frå garden, 6-10 m brei, seier han.
Hans Eidnes har i sin namneserie (Hm.11: 60) både «Våttora» og «Votterae» med frå Stonglandet, det siste ukjent for Stangnes, men namna heng nok i hop. Vi skal òg merke oss Votteskarvatna vestom Domen i Vardø, for framfor dei er eit stort sandtak. Vi kan då slutte at Vott-namna finst inne på tørt land òg, for alt at det er sjøsida vi har hatt i fokus.
Kor langt sør kan vi spore ordet? Vi veit ikkje, men merkeleg er at Våtbekken(!) renn ut i Våten(!), ei vik tett ved det store deltaet til Dokka-Etna i Randsfjorden. Likeins at kvitvorne små steinheller gir Våtvatnet(!) i Flesberg ei lysande strand. Det nordlege namne-materialet viser tydeleg at folk tolka namneleddet som ‘våt’ og ‘vott’, skiftesvis, den forhistoriske uttalen låg vel ein stad midt imellom.
Votte-segner står sjølvsagt ikkje til truande, men vitnar paradoksalt nok om at Vott-namn har vore uforståelege og ei utfordring for folkefantasien i hundrevis av år.
Fotnotar:

Ordet geit får oss helst til å tenke på mekring, på horn eller stanging: Geita heiter ei farleg flu tett vestom Fesundhaugen, Vågen i Bø-Værøya, ei på Skorpa blike eins. Eit namn som Kjerringa skulle òg vere enkelt, men det kan komplisere at det finst eit ss gïerege „toppende, øverenden av noko» (om dalformasjonar, vassfar, kløfter eller bratte kleivar), og i ls og ns er eit kortare giera, gierrag– brukt om til tretoppar o.l. På hi sida har samisk fleire variantar av ordet kjerring frå norsk, så lån har der vore begge vegar.
I ei lita utgreiing om ei rekke kvinnelege ord som vi møter i namnebruken for Svolværgeita og fleire andre fjell skriv Hans Eidnes i Håløygminne 1955: “Frå gamalt har vi også andre namn, såleis Svolvær-Gygra og Svolvær-Juret. Søstrene har og vore nemnt”. Han peikar på at geit har vore eit gjengs ord for kvinnebryst i Troms, Vesterålen og Lofoten, då særleg i uttrykket «få seg geit» om å die; han meiner at fjellet har bryst-form frå ein viss vinkel. Den forma var nok endå tydelegare for Geitberget på Langenes, før der kom installasjonar oppå som forkludra profilen.
Eidnes var òg inne på Juret andre stader, såleis ein fjelltopp på Svartisen i Meløy, “og ved Leirvåg i Bjarkøy har vi Juret og Jurøya. Der er Juret ein liten holme, mesta halvkuleforma, som ved ein smal tange er skilt frå sjølve Jurøya”. Eidnes resonnerte geit – bryst – jur, men var òg inne på forveksling av gyger og (g)jur.
Mest slåande for landskapet på Jurøya er likevel ei litt uryddig slette midt på, kransa av 3-4 flate, men svært uslette bergparti, med strandkløfter især i vest og sørvest. Gjuret i Meløy er på liknande måte eit snaufjell med djupe kløfter på vestsida. Gjura ved Løp i Bodø er ein spiss knatt, med hakk mot nord og ei trong krå på sørsida. Merk òg at Landegokjerringa alias Landegogjura alias ho Lainngo–Besta er skoren laus frå fjellet attom av to kløfter, og Gjura ved Græna i Lofoten, Ballstadgjura kalla, har i alle fall éi djup kliva. Gjura i Våge i Lødingen er eit strandområde med bergriver og eit par djupe kløfter, og Gjura på Værøya i Lofoten er eit overflødd, stygt bergnes – med ei diger flytteblokk på mòla tett innafor.

Så lenge vi held oss til Landegogjura, Ballstadgjura og Svolværgjura verkar det naturleg å assosiere –gjura med –gygra. Det må understrekast at gyger «trollkjerring» har ei rekke ulike uttaleformer landet over, som gjyvra, jyr(a), gjugra, jura. Når trollkjerring(a) på sine stader heiter jyvr(i), må vi notere oss at Landegogjura òg har vore kalla Landegojuri, og at Kautokeino har eit fjell kalla Juvri med ein trong botn i nordkant. – Jurirabben på Kvalnes i Lofoten er kvass, og Jurislåka attmed er eit rapfar med flog på begge sider. Men i fleirtalet av tilfelle er det berre så vanskeleg å forstå kor sjølve trollkjerringa er å finne!

Mange andre nordnorske namn av same art kan fortene nærmare omtale, td denne: «Gjursteinen var navnet på en høg stein nede ved sjøen vest for Langneset ved Tangstad. Det opprinnelige navnet har trulig vært Gjura, altså Trollkjerringa. I sjøen nedenfor henne ligger avkommet hennes i form av noen steiner. Det er Gjurbornan (utt. jurbåinnan). Disse er nå morlause, for i 1977 blei Gjursteinen sprengt i stykker», fortel Jan Sund (Lofotboka -86: 8). Det hang saman med bygging av molo på staden, opplyser andre.
Her passar det å nemne dei frittliggande Gjursteinan (Jøtulsteinan) på Åsemyran på Andøya, og ved Pollåsen i Bø Gjurglunten lenger ned enn Gjurmannen, som det skal seiast meir om. – Gjura (Juvåggjura) nordvest av Fjellgrimstad i Øksnes er ein frittståande, delt tind mellom to djupe botnar med grov urd; den søre toppen er særleg spiss. Namnet kan vi forstå i «gygre-kontekst», men det er no litt merkeleg at ein i same område også finn Gjurtinden sørvest for Fjellgrimstad. Han er stupbratt og full av urdar i sør, har ei trong kløft i vest og ei litt vidare i aust. Ikkje uventa har òg Gjurtinden ved Slåttnes i Eidsfjorden ei mektig kløft i nordkant. Gjuraheia ved Stø i Øksnes har djupe gjel på nordaustsida: Ein topp kalla Gjurakjerringa sluttar seg til, medan Gjurmannen ved Pollåsen i Bø i dag er namnet på ein fjellpik midt i eit djupt og vilt skard, men her er det knapt tvil om at det eigentleg var den lange fjellkanten som var manen – i ettertid mistydd som «mannen». Her nord er nemleg regelen den at fjellnamn på –manen går over til «-mannen», sml. Bergens-uttalen av ordet mannen.
Den opprivne, «hamråte» Gjurdalen i Flakstad liknar mykje på den nyss nemnde Gjuraheia i Øksnes, og om nokre formasjonar i sørkant av fjellet Elgen som i flg. Tore Ruud på Elgsnes heiter Elgejuren i ei skifteforretning frå 1842. Samanlikningsvis har åsen Gjura både i Rødøy (Telnes) og i Gloppen kløfter, Gjuratinden i Bremanger det same, og dess fleire er det i Gjuratinden i Rauma og Gjuratindane i Ørsta. – Gjuråsen ved Tiltvika i Hamarøy har ei djup kløft på austsida. På åsen stod det to steinar før: Den eine skulle vere ei gyger, den andre ein rise. Folk sa det var runeteikn på dei, no er dei forvitra. Over Gjuråsen på Nordlenangsneset i Lyngen går ei lang kløft på skrå frå sørvest.
Gjursteinan i ei fjellside i Ersfjorden i Berg er etter kartet å dømme trollstore: Dei står frå ei side sett i klart tematisk samband med Huldersteinen og Kjerkesteinen i næraste grannelag, men ligg også i ei umåteleg steinut fjellside, jf gno gljúfróttr ‘bratt og urdut, steinut’, og det er ikkje likare kring Gjurhaugkjerringa på Gjurhaugen, som ligg tett vestom ei lang fjellkløft utom Falkfjorden i Hadsel.
Landskapet på veldig mange av desse gjur-stadene er i det heile av den art at forklaringa gjur = gyger skurrar. Betre meining gir gno gljúfr ‘fjellkløft, bratt sundrive berg eller gjel’ eller iallfall ‘uslett berggrunn’. Vi kunne skrive Gjuvret/Gjuvra for å understreke nettopp dette, sjå litt seinare, men på karta går det heller i ei regellaus blanding av Gjur- og Jur-, det er også viktig å vere klar over for den som utfører kartsøk.
Samanhengen orda imellom er innfløkt, då eit isskura landskap sjølvsagt har både urdbotnar og kløfter, så vel som pikar og tindar som er trolske, for den som brukar fantasien! Vi kan godt seie, at i fall du i di eiga bygd har ein gjurdal eller gjurås, ei gjurahei eller ein gjuratind men ikkje ser noko til sjølve gygra (gjugra) – då bør du undersøke om det i området finst eitt eller fleire „juv» og kva særmerke desse i så fall har. Om sambandet mellom gljúfr og juv og gyger er det elles meir å seie, med fokus på lydutviklinga.
Forgreiningar av gammalnorsk gljúfr.
Det finst visse lyd- eller bokstavpar som vi opplever som litt uvanlege i dag, og som er blitt forenkla i dei fleste målføre. Gno njóta v. lydde nýt i presens, no har det blitt nyte i infinitiv med. Velkjent var uttrykket «å få nysen om» el. «i»: bli klar over, få kjennskap til, og det kjem beintfram frå gno njósn «underretning, tidend», og det tilsvarande njósna v. finst i nordnorske former nysne og nosne, men også (n)jøsn’ (NO 8: 437). Slike observasjonar har også interesse i møte med samisk, for ved fornorsking av ord som njal(b)mi «munning, kjeft», njunis «fjellnase» o.a. vart resultatet tidt ein forenkla framlyd j, jf her namn som Jalmaus i Tysfjord og Jonsåsen på Snarset.
Noko liknande gjeld òg for framlyd lj i norske ord: gno. ljóð, ljós og ljúga er blitt til lyd, lys og lyge, men gammalt hos oss var at det jøa (ljoda, gav gjenlyd), andre stader seier dei juge og til dels jøs, og ljá (å slå med) er gjennomgåande blitt til jå, ljóm (klang) til jom, medan ljóri (lysopning i taket) på våre kantar før heitte jøre eller jore. I det heile lærar vi tidleg å lese framlyd lj som j.
Med så mykje sagt om framlydane nj og lj med tendens til lydleg forenkling går vi tilbake til terrengorda: Nynorskordboka seier juv er «djupt søkk i jord eller berg; rivne i berg, djupt gjel (ofte med elv i botnen)», men at ordet elles har uklart opphav. Norsk Ordbok b. 5 seier det same og nemner mogleg slektskap med fleire andre ord, men meiner eit samband med gno. gljúfr n „fjellkløft, juv, bratt sundrive berg eller gjel“ er minst truleg.
Dette siste kan det vere delte meiningar om, med tanke på forenklingstendensen som lj viser i ord som ljóð, ljóss, ljúga osv. Når tendensen til forenkling av framlyden var så stor i desse enkle orda, kor mykje sterkare var han då ikkje i gno. gljúfr n „fjellkløft, juv, bratt sundrive berg eller gjel»? Jfr. gljúfróttr, som på Andøy-mål blir ur(d)åt, steinåt.
Framlyden lj blir i nokre tilfelle l, i andre til j – beste dømet er ljúga «lyge, juge». Tydelegvis har gått likeins med gno gljúfr n, resultat gluv(er), glyv(er), gløv(er), i b.f. gluvret, glyvret, gløvret. Slike uttalevariantar på Gl– har vi i stadnamn frå området Agder – Rogaland – Hordaland, Sogn og Fjordane. Her har det stort sett gått slik at Glj– vart Gl-, som i Gløv eller b.f. Gløva el. Gløvret – vidare Glyvra, Gluvra, Glovra (jf gluvre NO 4: 438). Den siste varianten finst i Johan Hvedings «Håløygsk ordsamling» (1968): gluvra f (gluvra, glovra) «stor klypa, stor bratt grop. Og om ein for stor (vid) munn». Hveding heimlar ordet ikkje berre til Målselv, som har innflyttarmål, men til Senja og Salta med. I Norsk Ordbok er han likevel den einaste informanten for ei slik nordnorsk ordform.
Dei sørlege uttalevariantane på Gl-, kva terrengformer representerer dei? Gjennomgåande er det tale om kløfter og djupe minidalar, nærmast noko skakke skard, dvs. innskjeringar i berg og fjell der den eine sida er nokså bratt, medan hi sida er slakare og med kvart så avflata at denne blir som ei hylle eller ein lengre benk. Dette medfører at lokaliteten i enkelte tilfelle kan te seg „einsidig“, dvs. framstå som ein enkelt bratt og ulendt bergvegg, utan at dermed momentet kløft eller gjel er heilt fråverande. Gno. gljúfr n er av Falk og Torp forklart som just «steiler abhang» = bratt hall (om bakke, li el. fjellside), nyn. gluver o.l. tilsvarande som «scharfkantige unebenheit an einem felsabhang». Variantar av halling er det for så vidt ofte tale om: Jfr. bratta på begge sider av Gjurmannen, lendet på begge sider av Gjurhalsen og brinken mot sjøen på Gjurvollen, men samnemnar for Gjur-lokalitetar er berggrunn med små eller større kløfter, eller variantar av urd med blokkstein, eller rettare kombinasjonar av alt dette. Terrenget er alltid uslett, men treng ikkje alltid vere så bratt, det kan til og med vere bortimot horisontalt.

Namnevariantane med framlyd Gl– får ikkje bortfall av G-, slik dei nordlege på Gj– får. Det er berre desse siste som blir forveksla med gno. gýgr „trollkjerring“, rettare „jotunkvinne“ – eller òg med gno. jú(v)r jur(e), på ku. Avstikkande er ordføyinga Gjura– i mange namn, som truleg kjem frå gno. genitiv fleirtal Gljúfra-, ulikt overgangen Gljúfr-> Gjuvr- > Gjur-, Jur- i eintal. I sør kan som før nemnt utlyd –r falle bort så ein får t.d. Gløv i staden for Gløver, i nordlegare område ser vi tilsvarande ei utvikling Gljúfr->Gjuvr- >Gjuv-, Juv-. Vi kan nok i tillegg gå ut frå at framlyden gj– i periodar tenderte mot ein uttale dj– på sine stader, iallfall ser vi av og til ein avstikkande skrivemåte djuv – langt meir uvanleg er «djur« for gjur!
Fleirtal vart til eintal. Bunden form fleirtal av gno. gljúfr n var gljúfrin – og likeins*gjúfrin av det forenkla *gjúfr. Men –in var også artikkelen for bunden form eintal av hokjønnsord, og i begge funksjonane gjekk –in med tida over til –a over det meste av landet, men som kjent er det framleis i-mål mange stader. Målet i Vega i Nordland står på mellomstadiet –e.
Bunden fleirtalsartikkel inkjekjønn –a vart seinare til –an i nordnorsk, likt hankjønnsord, dvs. både fjellan og fjordan(e): Terrengord og stadnamn i stivna inkjekjønnsform fleirtal –a vart etter kvart oppfatta som hokjønnsord i bunden form eintal. Iblant er der vakling mellom gammal og ny fleirtalsform, t.d. støa og støan i tyding „fiskeklakkane“. Gjura, som vi oppfattar som eit hokjønnsord i bunden form eintal, er nok ofte den gamle fleirtalsform gjuvr-a < gljúfr-in, som terrengord. Ei litt yngre fleirtalsform har vi i Gjuran (gjuvran) som namn på ein bergvegg under gnr. 46 Værnesosen i Rødøy. I skolebarnoppskrift 1936 fortel: «I et flåg som kalles Juran finnes to berghomper som begge har ansiktsform. Den ene kalles Ressajura og den andre Ressen. Et gammelt sagn forteller at ressen bodde på Rødøy. Han skulde på nattbesøk til Ressajura. Han var sent ute og tok benveien gjennom Ressmålskalet, men da han nådde Juraberget steg solen op over Værnestinden, og han blev til stein». Den namnesegna illustrerer godt korleis terrengordet er blitt omtolka til gjur = gyger.
Stadnamna vitnar om at terrengordet gljúfr eingong var veldig vanleg – likevel gjekk det av bruk. Samrøre med orda júgr = júr på eine sida og gýgr på hi fekk folk til å gløyme kva det eigentleg stod for. Der i-mål vart til a-mål synest det iblant å ha gått slik til at gjuvr-i (uttalt „jur-i“) som terrengord for steingrunn med forventa overgang til ny artikkel –a som andre i staden spora av og vart omtolka til eit personifiserande namn «ho juri», om ein særmerkt bergformasjon i det same steinområdet. Dermed hamna det i same ord-kategori som ho kari (kråka), ho kliksi (havørna), ho pøni (eit kjent kjælenamn for småjente i Bø) og endå fleire.
Med så mykje sagt er vi tilbake i det trolske: Edvard Ruud har i Håløygminne 1932 fleire namnesegner frå Vesterålen. Den kortaste er om «Ur-mannen på Veafjellet», sjølvsagt feil for Jurmannen = Gjurmannen, ei anna har overskrifta «Trollet i Djurskrævet«:
«Oppe i Djurskrævet budde det eingong ei trollmøy. Eingong ho skulde sende jekta til Bergen, tok ho tidleg heimanfrå for å nå jekta. Då ho kom ned av fjellet, såg ho at dei på jekta hadde rodd trossa i land på Fest-tilen. Best som ho ventar på at jekta skal bli ferdig til seglings, renn sola over dalen, og ho vart til stein. I landvindsstormen dreiv jekta av og ut på Utflæsa. Der ligg ho enno, og heiter Skarholmen. Trollmøya blei til stein, ho står tett attmed Fest-tilen og heiter Steinkjerringa».
Dette er forenkla variant av segna om gjura i Skårvågberget som O. Nicolaissen tok med i Sagn og eventyr fra Nordland, 1879:»Oppe i Skårvågfjeldet på Langøens vestlige kant boede i gamle dage en gygre (gjure), der havde en tjenestepige, som var så sterk, at når hun var ude at ro, kunde hun tage ‘en mil i maget, to i taget, tre, når det rønte på’. Samme gygre ventede engang sit skib hjem fra en reise og begav sig derfor om natten ned fra fjeldet for at tage imod det. Hun løb på ski ned over fjeldsiden, og endnu kan en i fjeldsiden se to dybe furer, som er spor efter hendes ski. I hver hånd havde hun et stort flaskefoder, som hun imidlertid satte fra sig ude på åsen i nærheden af gården Strømsøen. Men da dagslyset overraskede hende, blev hun til en sten og står nu som en uhyre stor sten nede ved fjeldets fod. Skibet, der ligeledes blev til sten, sees nu som en stor holme, Skarholmen; skibsankeret blev til en skjær, der endnu fører navnet Ankeret, men Flaskefoderne er to svære firkantede stenblokke, der fremdeles kaldes Flaskefoderne. Rabben mellem skisporerne går helt ud i søen, og ved rabbens ende står hun den dag i dag, sort og forstenet».
At folk laga namnesegner som liksom skulle forklare kvifor visse landemerke heitte som dei gjorde var vanleg nok, men «hver fugl synger med sitt nebb», så dei to nedskrivarane hadde sikkert nok høyrt kvar sin variant.

I ettertid kjenner alle til Skarholmen, truleg rettare Skarvholmen, ogI ettertid kjenner alle til Skarholmen, vel rettare Skarvholmen, og Festelen, som festra til jekta var lagt om, er synberr for alle som kjenner til området i Bøle og der omkring. Eit ope spørsmål er kor Steinkjerringa attmed Festelen er å finne, men ut frå samanhengen er Gjurskrevet1 skardet eller kløfta ovanfor. Ankeret må vel vere det avlange skjeret like aust for Festelen, rett under Kamsmauan på høgaste Skorvågsberget, og då kan det hende at sjølve Gjura alias Steinkjerringa er den stupbratte knausen tett attmed. Ikkje alt er like godt avfotografert hittil, for området er ikkje lett tilgjengeleg.

Om gygra sa Nicolaissen at «i hver hånd havde hun et stort flaskefoder, som hun imidlertid satte fra sig ude på åsen i nærheden af gården Strømsøen …. to svære firkantede stenblokke». Ordet «imidlertid« er ei indirekte innrømming av at Flaskforan ligg for langt unna til heilt å høve i den geografien segna legg opp til, for dei ligg nedfor Gjurhalsen på hi sida fjorden, i fjæra like sør for fyrlykta. Flaskefor var ei forseggjort lita kiste oppdelt i solide, firkanta rom for flaskene. Blokkene – godt synlege på andre foto – vart venteleg samanlikna med partane av eit noko ramponert flaskefor.
Elles burde namnet Gjurhalsen, spontant oppfatta, vere halsen på ei gyger, og tilsvarande er eller burde Gjurhauvet i Vefsn, Gjurkjeften i Steigen og Gjurryggen i Flakstad vere å forstå, men eigentleg er det berre ein hals (ei senkning) i lendet rett opp for Flaskforan, inga gjur = trollkjerring er å sjå. Derimot er det på begge sider av halsen mykje berg og urd, som òg i Gjurhalsfjæra, ei mòl som rekk sørover til bergsøkket Gjurspranget. Det villaste berglandskapet finn vi likevel nord for Gjurhalsen, der det òg er innskjeringar i stranda som vi med full rett kan kalle gjuv. Også i dette tilfellet står altså Gjur- for norrønt gljúfr „fjellkløft, juv, bratt sundrive berg eller gjel». Det er greitt nok å skrive alle desse stein- og fjellnamna Gjur-, dei har ingen ting å gjere med gno. júgr, júr ‘(ku)-jur’, ei heller med gýgr «trollkjerring».
Fotnotar:

Ein jøtul ville grave fjord frå Eidsfjorden til Vestbygda, men skaftet på reka rauk, og han «klagede meget over sit uheld og sagde, at fjorden blev så smal. at ei en titing kunde slippe igjennom den». Etter den hendinga, heiter det, fleipa folk med at ‘det er som titingen smett inn Eidsfjorden’ når eitt eller anna var altfor romsleg. Denne segna er både velkjend og populær og har også inspirert til flg. rim:
Ein støvelhavsjøtul frå Anda* grov Eidsfjorden nærdjup åt stranda og veita inn hav til skaftet gjekk av, då kasta han reka – forbanna.
Han stura: «Kva skal eg med denna? Kva gagn gjer ei ørlita renna? Eg starta med mot, men sjå for eit rot! og verst er det nordafor Brenna.
Eg kovra for kånna og ungan som ønska seg snoplei til Dungan; eg grov kvar ei natt, men Eidet står att, og båtdraging, det røyne’ lungan!
Det skal vel bli skubbing og biting og nøgda av baksnakk og spiting, for renna er smal: Tross bauking og bal så vart her knapt rom til ein titing!»
Vart Eidsfjorden til på dét viset? Du treng ikkje stå der og glise, kvart ordet er sant, og Reka er pant, ja Reka er sjølve beviset!
*licentia poetica, jøtulen «boede i et av Langøens fjelde» i flg. O.M. Nicolaissen.
«Nu har du fått svar og må aldri meir spørja!»
Tradisjon om marmelen, norrønt marmennil ‘liten havmann’, fanst både på Senja og i Vesterålen, på Møre osv. Ein variant frå Hjellsand ytst mot havet på Skogsøya i Øksnes, ‘Fiskeren og marmelen’, vart nedskriven av Olaus M. Nicolaissen. Ein nylaga visetekst vi kunne kalle for MARMEL-RIMET inneheld essensen i marmeltradisjonen.
Ja, marmelen e rett eit merkelig kre, og gir ikkje feskeran levanes fred. Han hespa’ med knuta’ og bøkter rundt kroken, så sit han og dissa’ midt inni floken – for marmelen, han e ein fuling.
«Vesst’ du ka som fanst nedpå havsens grunn, kom aldri din båt over tridje lunn!» det var di merkelig dunkle ordan marmelen sa, når di nyfikne spurd’ han – for marmelen, han e ein fuling.
Ein kar spurd’ så kjekt: «Blir eg gammel og rik?» «Ja, lev’ du tel mårrås, då skal det gå slik». Det svaret frå marmelen tok han sin død av, han kom utav havet og stumpa i støa – for marmelen, han e ein fuling.
På skap e han fesk, men med hauv som eit ban, forunderlig enkel – og innful som fan: Når håttlause* folk trør på nedgravne skatta’ og knapt nok ser nasen, då flir’ han og skratta’ – for marmelen, han e ein fuling.
Eg krøkte han eingong, men lirka han laus og gav han ein vott, for han hutra og fraus. Så låg han i naustet til mårrånen etter, men det må du tru, han er full utav pretter – for marmelen, han e ein fuling.
Eg gjord’ mine ærend attom ein stein, då haurd’ eg så grant kor han tistra og kvein: «Mannen han sat der og kókka på tuva rett oppå ein skatt – kunn’ha fylt heile huva!» sa marmelen – han e ein fuling.
Vél ute på havet, der dukka han ned, men føst ba eg pænt om å få meg ei mé? «Teisten i Trælen og Salen i Ørja, nu har du fått svar og må aldri meir spørja!» sa marmelen – han e ein fuling.
Men glømme’ eg tida og kann bli for sein, kjem marmelen gjerna og skremme’ meg heim: «Han svartna på lukta, snart bryt det i botn, berg livet, du landmann som lånte meg votten!» sei marmelen – han e ein fuling.
F.M.
*sløve, åndsfråverande, likesæle

«Marmelkroken» som namn på eit gjestehus nær havet på Bø på Andøya har sitt utspring i vesterålsk fiskar-tradisjon.