Ustekveikja

Ustekveikja er eit stort vassdrag av samansett karakter som kryssar fylkesgrensa frå vest til aust, i overgangen frå Ulvik til Hol kommunar. Det gir framifrå geografisk orientering å hente eit sitat frå Norsk Stadnamnleksikon, oppslaget

«Ustaoset [»usteo:se] jb.st., po. og tlf. i Hol komm, Busk. U. ligg ved utlaupet (oset) av innsjøen Usta [»usta] eller Ustevatnet [»ustevatne] og har namn etter denne. Same førsteledd har namn som Ustedalen, Ustekveikja (elv) og Uste­tinden (fjell) i same stroket». – Her skal leggjast til, at frå Usta alias Ustevatnet renn elva vidare til den langt mindre Ustedalsfjorden, men då under litt anna namn.

Ustekveikja, nedre del. Norge i bilder.

Under same oppslag i Norsk Stadnamnelsikon er usagt kva –kveikja som etterledd i vassfar-namnet står for. Der står eit par tolkingsforslag som gjeld forleddet Ust-, men dei er ganske abstrakte, for ikkje å seie luftige. Enklast er derfor å berre la den delen vente og ta –kveikja først: Det er fornorska b.f. form av det som i Lexicon Lapponicum er overført frå quoik til «qweik, torrens, cataracta, fors, strömfall», og qweikats, deminutiv (forminskingsform) «en liten fors».

Normerte former av ordet er ns guoika «stryk», og på ls guojkka «fors». Sørlegare former er umesamisk goaika, goeihka (Qvigstad, app. 346). Mankok har ss guijhke frå Vilhelmina, i tydeleg samsvar med at Qvigstad fører opp ss guihχkɛ frå Vilhelmina og Jemtland (χ = ty. ch) medan Hasselbrink her nyttar stavemåten guojke.

Kviknan i Orkdal 1977 (no Orkland k.) Straumfaret visest godt nok. Norge i bilder.

Sambandet dei skiftande formene imellom er lett å få auga på, enaresamisk og skoltesamisk kuošška og Kola-samisk kīšška skil seg meir ut. – I norsk uttale er det kort veg frå kveik– til variantar som kvæk– (Kvæka i Hamar), kvik– (sml det fordanska Kvigstad), Kvekken, Kvekkjen osv. Kort var også vegen frå deminutiv qweikats til meir samandregen form *kveiks, *kvæks, som sjølvsagt førte til misvisande assosiasjoner med insektnamnet kveks = kvefs.

Kvikshaughølen i Fjære (no Grimstad k.) under flom 2015. Kvikshaug for *kveiks-hovud = «qweiken åiwe» i Lexicon Lapponicum. Norge i bilder.

Namnet Kvikne finst fleire stader: I Tynset (Quegnne ca. 1575), i Nord-Fron (a Kuiknom 1432), Hitra, Orkdal og Lærdal. Alle grendene ligg nær ei elv der det er stryk i nærområdet – på Hitra er det tale om Sagaelva. Det finst ei mengd sms stadnamn på Kvikk- og Kvikke-, og like ofte usms namn Kvikken, Kvekkjen o.l. Dei er vel i stor utstrekning ‘kutta’ elvenamn der forleddet stod i samisk genitiv goeihken-, fornorska til Kveiken-.

Årsaka til former som Kvikne, Kviknan er at sørsamisk tyr til inessiv kasus for å uttrykke kor subjektet er eller var: Dette gir goejhke > goejhkesne i inessiv sg., men inessiv pl. goejhkine >Kvikne o.l. – Kvepsendalen med Kvepsendalselva i Rana speglar inessiv sg. goejhkesne. Meir ‘korthogd’ er at fjellet Kvepsen i Bjerkreim er blitt heitande så etter mellomvassfaret tett attmed. Tilsvarande har ein ås i Sunnfjord fått namnet Kvefsen, då neppe etter anna enn elva på staden.

Kvig i Bodin (no Bodø k.) Bekkefaret er særmerket for den garden. Norgeskart.

Så litt om forleddet Ust-: Det er sikkert nok ei norrønt tilpassa form av eit lån frå samisk som vi no kjenner att i ss vååste, ls vuostoj og ns vuosstu ‘motbakke, stigning’. Framlydendringa er som i norr. ulfr kontra tysk og eng. wolf, og terrenget både ved Ustekveikvatnet, Ustevatnet og store delar av Ustekveikja talar på ingen måte imot ei slik tolking. Just det same gjeld terrenget kring gardane Ustan i Orkland og Ust med Ustbakkan i Trondheim k.

Ust med Ustbakkan i Leinstrand (no Trondheim k.)