Bone, ikkje bonde

Når norsktalande overtar samiske stadnamn, skjer iblant falsk gjenkjenning. Det går ut på at samiske terregord blir «vridd» i retning av norske ord som slumpar til å likne, men ikkje har noko med terrenget å gjere. Det samiske elementet overlever då i forvanska form. Eitt døme er nordsamisk bovdna (open o) «tuve; liten haug i myr» m.m. Sørlegare former bovna, bovne står for «lågt, snautt berg», evt.'liten fjäll-klimp, som en kägla» (Qv nr. 103). Det er treffande for Bonhammaren i Bø i Nordland, foto ovanfor. Eigentleg finst formasjonar landet over som liknar. Skrivemåten blir ofte eit lydrett Bon-, men altfor ofte ser ein det «retta» til Bond(e)-.

Bonen er ein gammal tilror for Andenes, då tydelegvis kalla så etter eine medfjellet, det tuveforma ca. 500 m høge Litlehornet, samisk Unnačoarvaš, innom Inner-Aun i Harstad k. Bonen heiter òg ein rundvoren fløholme på Vindstad i Moskenes, medan Bonen ved Tverrsundet i Gildeskål er ei dryg fjelltuve. I Lurøyfjellet finst ein åshump Bonen, og Bonen i Kongsberg og i Kristiansand er litt ruvande åsar, likeins Bondåsen,Tynset. Bondehaugen ved Bondevika i Kvinnherad er særs rund, medan den ved Bondevika i Gloppen er meir avsniska pga. vegbygging.

I nordsamiske stadnamn tyder bovdna tuve, hump el. haug, både som for- og sisteledd. Ganske ruvande er Stuorabovdna = Stortuva i Ullsfjorden, jf. vidare Stoerreåbåvne i Hattfjelldal, Laedtiebåvne i Meråker og Liejpiebåvne i Tydal; også som namn på nokså store åsar er sørsam. -båvne vanleg nok.Termen boune (les båone, båvne) er òg definert slik: «lägre, begränsade, torra, delvis skoglösa bergspartier, i regel vid trädgränsen» (Bertil Wiinka 1986). Såleis i Storfjell-området i Södra Lappland.

Nordsamiske er namna Bovdnagieddi «tuve-eng» og Bovdnajeaggi, jf.jeaggebovna 'myr-tuve' frå Ofoten. Denslags namn blir andre stader fornorska til Bonjorda og Bonmyra, og namneforma Bondalen finn vi over heile landet, så å seie.

Som usms. øynamn er nok Bov(d)na ukjent i samisk, men Bonøya i Lebesby, Hammerfest, Bjarkøy og Vikna har iallfall ordet som forledd. Alle har fleire humpar.

Samanlikningsvis kjenner vi heller ikkje noko norsk øynamn Tuva, derimot Tuvøya tre stader i Vega. Lebesby har ein ås kalla Miekta «grastuve», men i Karlsøy er dette namn på ein holmegruppe der den største holmen er tuveforma. I sørsamisk kan åsar og fjell kalla Båvne vere ei rund «tuve», men i Vilhelmina, Røyrvik og Jämtland kan det nok også vere tale om lokalitetar med fleire humpar.

Unik er omlaginga av namnet på ein myrrabb på Straumnes i Gimsøy, Vågan: Sam. njáhce-bovdna tyder «høg grasgrodd myrtuve», men vart til Jarsponen for di norsktalande tok førsteleddet Njáhc- for å vere Jar-s- og oppfatta -s- som framlyd i sisteleddet, då vart også s/b- til -sp-. Vel var Jarsponen tolka som 'jar[n]sponen' "jarnskeia" eit rart namn på ein hump, men det gav i alle fall ei slags meining, det minte iallfall om sasponen som kjøkkenreiskap. I Bliksvær utanfor Bodø har dei forresten eit skjer som heiter nettopp det.

Variantar av det nemnte samiske ordet for «tuve» (uviktig er at b- iblant blir p-) gir med tilnærma lydrett skrivemåte flg. liste: nordsam, båvdna, lulesam. båvna, båvnå, pítesam.1 båvdnå, malåsam. bavdna, i sørsamisk elles bavna (Jemtland) og for øvrig båvnè (i nordlege område) og bavnè (i sørlege). I Vilhelmina er begge dei to siste formene registrerte.

At former som desse har vid utbreiing i samiske stadnamn er ein ting. Innslag i det som skulle vere norske stadnamn er noko anna. Dei som held samisk påverknad utanfor i forsøka på å finne ei truverdig forklaring på Bon(de)-namna får det ikkje enkelt!

Eingong hadde visse matrettar fantasifulle namn som arme riddere, forloren hare og tilslørede bondepiker. Her er det snarare tale om "tilsløret bondeknold"?

Trykt i Håløygminne 2019-4, nyredigert.



























brult, bult og sjolt

Brulten |’bruhᶅƫ’ᶇ| heiter gnr 34 i Hamarøy; det er eit særmerkt, dunkelt namn. Dei eldste skriveformene, frå 1600-talet, går ut på Bruttle og Brutle. Seinare blir dete til Brutlie(n). Rygh sette namnet i samband med brutla v «larme, rasle» og brutl n «svag Larm», eller alternativt brutl m = brutull «sterk og uvorren Arbeider». Det er ei gardsnamntolking som er lite opplysande, som lite seier. Brulten ligg på ein haug med noko myr omkring, eller rettare sagt er ein haug, temmeleg bratt i sørenden, men slakare mot nord, der gardsvegen kryssar bekken som utgjer skilet mot nabogarden Kulen (Kulvedslett). Ferdsla har rimelegvis frå gammal tid følgt dette vegfaret som går over sletta i nordenden av haugen. Det er neppe for dristig å tolke Brulten som ei samandregen (kontrahert) form av *Bruholten. Kan hende kjem 1600-talsformene av ein eldre ubunden dativ *Brúholti.

Dette er ikkje eit eineståande namnetilfelle: Bulthågen på Meløya i Meløy kommune er nok resultatet av ei tilsvarande samandraging av *Buholthågen. Eitt av same slag er Sjøholt i Ørskog på Sunnmøre – skrive af Sjǫltum alt i gammalnorsk. Tradisjonelt uttale i bygdemålet er både Sjølt og Sjålt. Bruksnamnet Eskilt (<*eskiholt) i Drangedal er eit liknande døme. Gl.svensk Stenhulta og Tolghhulta har på same måten (stavings-bortfall) utvikla seg til Stenta og Tålta1. Brøholt i Hobøl i Østfold, hist­orisk *Breið- el. *Breiða-holt, lyder i dag brø:hølt2, men her fekk ein ikkje *brølt.

Ordet holt m i tydinga “steinut bakke, trelaus høgd” finst i stadnamn dei fleste stader i Nordland. Forma holter m er avgrensa til Andøya medan fleirtalsforma Holtran med tonelag 2 er noko meir utbreidd. Vanlegast er likevel Holtan med same tonelag, i spontan uttale. Folk kan likevel kjenne seg usikre på tonelaget i den fleirtalsforma, for i normalspråk er holt inkjekjønnsord, det skulle i samsvar med vanleg uttalemønster tilseie tonelag 1.

1Opplyst av Thorsten Anderson, jf. Svante Strandberg, «Namn och Bygd» b.60 (1972) s. 142.

2Kåre Hoel, «Bustadnavn i Østfold» b. 1 s. 18.seie få tonelag 1.

1Opplyst av Thorsten Anderson, jf. Svante Strandberg, «Namn och Bygd» b.60 (1972) s. 142.

2Kåre Hoel, «Bustadnavn i Østfold» b. 1 s. 18.

Delp, Dolp, Dulp

Delpshammaren (nærmast) og andre detaljar langs stranda på Delp i Hadsel. Norge i bilder.

Dulpa og Dulpen er utbreidd namn på tjern, myrsøkk, pyttar og bekkar især i Hedmark, viser kartsøk, men det finst mange andre stader med, i fleirtalsformer Dulpane og Dulpene au. Det samsvarar med dei tydingar ein finn under oppslag dulp m/f i Norsk Ordbok (b 2: 228). Så finst det òg ein variant med ø: I Trysil er Kudølpen ei tjønn i ei lang, slett myr; det er òg Stordølpen sørom myra Dølpa.

Varianten Dolpa om krær og søkk finst meir spreidd, i Kongsvinger er det eit myrsøkk, i Surnadal ei fjellkrå, i Åfjord ei myrkrå, i Hattfjelldal noko liknande, i Kåfjord ei slett krå på innmark. Dortedolpa i Skjerstad er ei vasskrå.

Like fullt er ‘dulp’ mange stader det motsette av eit søkk: i Lillestrøm er Dulpen ein knatt, i Tønsberg ein delt åsrygg; kring Dulpehøgda i Eidskog ligg knattar spreidd. Runddulpen i Åmot seiest vere eit skard, endå namnet opphavleg må gjelde ein hump eller haug. På Dulpetorpet i Åsnes er mange små knattar, like eins kring Dulpekoia i Grue og Trysil og langs Døl[pe]bekken i Alvdal. I Grue òg er Dølpeberget ein relativt ruvande åshump, med Dølpemyra på nordsida.

Innafor denne kategorien (åshumpar og knattar) er likevel varianten Dolpen den talrikaste, særleg i Trøndelag: Dolpen i Trondheim og i Orkland er krær mellom knattar, Dolpin i Melhus er ein åsknatt, Røros har ein småkupert skogteig og ei li som heiter så. – Dolpan i Selbu og Midtre Gauldal er parallelle åsryggar med humpar på, Dolpan i Holtålen er ein haug mellom søkk. Dolphulu i Orkland er ei myrkrå med knattar omkring, og ved elva Skjula i Midtre Gauldal ligg det ein åshump som klart nok har gitt namn til sætra Dolpvollan tett vestafor.

I lys av innflyttarhistoria i indre Troms kjem det heller ikkje uventa, at nord for Mikkelifjellet i Målselv er Dolpa namn på ein humput åsrygg (ei tjønn like under), og Dolpen i Bardu er ei fjellside under humpar. Nær Fossbakken i Lavangen ligg Dolpberget, to bergknattar med ei krå imellom.

Iblant skjer denotasjonsendring, dette at namn kan flytte på seg, jf. Runddulpen, i andre tilfelle er samanhengen berre litt uviss: Tjønna Dulpen i Kongsberg ligg tett oppunder den bratte, men oppå flate Dulpeknatten. I Siljan(Telemark) ligg Dulpetjern sør for flate høgder, ikkje namnsette, men der er òg ei rundvoren litt kupert halvøy midt i tjernet. Dette er då særtilfelle.

At dolp, dulp og dølp er både konkave og konvekse former i landskapet er ikkje eineståande, men gjeld òg for kvelv om både «rundvoren lægd eller søkk; vid dokk; skålforma dalsøkk» så vel som «rundvoren fjell-formasjon; jorde med kuv opp» (NO 6: 1415).

Samanlikning med det nordnorske

Dølpeberget og Dolpberget, Dulpehøgda og Dulpeknatten er namn som gjer det naturleg å sjå nærare på ein namneflokk nordpå som det heftar ‘mystifiserande’ omtale ved, frå lang tid attende, ettersom Hans Ross i si ordbok har eit oppslag Delp m «(kuppelformigt) Forbjerg som styrter noget brat i Havet? Maaske kun i Stedsnavnet «Delp’n» paa Forbjerge i Vesteraalen og Lofoten. Jf. Dolp f., Stein-dilp (-dolp) m., dulpa v., dylpa v. Sv. Diall.: dälpa, dölpa: hvälfva».

Ross dreg inn fuglenamnet av di –dolp etter gjengs oppfatning kjem av at fuglen bygger reir i hulrom under steinar. Det bør også skytast inn at sv. «hvälfva» med eit meir moderne ord tyder (om)stjälpa, dvs. kvelve, velte o.l., og dette kan i sin tur forklare at å vere delpen vil seie å vere keiveleg, og i Øystre Slidre er ein delp ein delpen person (NO 2: 1343); gno. delpr nytta som klengenamn eller til­namn hadde vel same tyding. For ‘delp’ brukt som stadnamn er dette uvesentleg.

O.Rygh viser til Ross ved gardsnamnet Delp i Gimsøy: «Findes ikke andensteds som Gaardnavn; men Delpen skal være Navn paa et Forbjerg i Langenes Sogn i Øksnes. Det maa være samme Ord som det av Ross fra denne Egn anførte Delp m., Forbjerg, som styrter noget brat i Havet. Gaarden ligger ved Stranden under den temmelig bratte side af Delpaksla» (NG 16: 319). Ikkje nok med det, Ross’ opplysning om ‘delp’ er så å seie uendra oppført også i Norsk Ordbok – men skild frå oppslaga frå Øystre Slidre om delp og delpen i sine særtydingar, alt nemnde.

I bakgrunnen den vinkelforma Gjersvollheia, med Delp(s)aksla til h.: Ned-under sistnemnde ligg Delp, innom det tungeforma Delpneset. Lengst ute til høgre skimtar vi garden Grunnfør og straumrenna langsmed land innafor, til pollen Grunnførfjorden. (Kommunekart.com.)

Det trengst litt meir avklaring av namnebruk knytt til Delp i Gimsøy: Delpshammaren på stranda vest for garden og Delpsmarka om eit stort utmarkområde har stø s-genitiv. Mindre stø komposisjonsfuge finn ein i Delp(s)neset (= Neset) og Delp(s)aksla med den smale Delpheia oppå, ytst på den lange og noko breiare Gjersvollheia. Mykje lenger inn kjem Delpvatnan (Heimer- og Innervatnet), og framunder Delp(s)aksla stikk Høgdelpen opp, litt kuven om ikkje kuppelforma just.

Forvirrande er at humpen Nonstuva fremst på den smale Delp(s)aksla også går under namnet «Delpen», i så fall høgare enn Høgdelpen lenger ned og fram! Det kjem helst av at heile fronten på Delp(s)aksla rett over garden Delp var kalla for Delpen, samnemnt? Gardsnamnet i ubunden form Delp er slik sett uventa.

Delp: Frå v. 1 Kobbsteinan, 2 Godveitterberget, 3 Teljebøen, 4 Delpsneset alias ‘Nesodden’, 5 Nattmålsbergan, 6 Delpshammaren, 7 Glassberget, 8 Høgdelpen, 9 Litldelpen. Tydeleg er at dei to siste er bratte i framkant. (Kommunekart.com.)

Eit særmerke i Delp-garden er klubben Delpshammaren rett under Litldelpen, ved sjøen litt vest for gardshusa, 10-12 m høg og ca 50 m brei, med høg, kliven kant mot sjøen og hallande innover (slik ser no ikkje Dulpe- og Dølpe-høgdene i sør ut). At han heiter Delpshammaren ‘hammaren på Delp’ kjem vel av forma frå Gjersvoll, men at ein annan hammar bortafor heiter Nattmålsbergan (nattmål: kring kl 20) tilseier enten at busetnaden før låg litt nærmare Litldelpen og Delpshammaren, for at solmerket skal høve, eller det òg er frå Gjersvoll. Glassberget er lenger inn. Alle desse lokalitetane ligg vest for ‘Nesodden’, men på motsett side av neset finn vi tre nemneverdige lokalitetar, Godveitter-berget som fortel om trua på huldra og gode underjordiske (nordsam. guhfihtar), og så er det Kobbsteinan på stranda like innafor. På sanden utanfor desse berga ligg Teljebøen, nokså sikkert av samisk dealljá grønlandssel (gno. opnuselr).

Franz Sortland i Svolvær opplyser at det folk frå Delp kallar Delpen er ei grasli, avrunda oppå: Særleg når du ser denne nedfrå garden blir det som eit platå oppå (det kjem fram også på illustrasjonen.) Heia ovom der igjen er tørr og flat, og i kanten av denne ligg ein hengskavl som alltid tinar sommars tid. Like bratt og endå flatare oppå er Litldelpen ovanfor Delpshammaren.

Andre delpar i nord

I midten det båtkjøl-liknande Gáranasbákti. Til v. neset Dealponjárga og til h. det lågare Láhtanjárga = Latnæringen. (Kommunekart.com.)

Ein bergodde i Nesseby heiter Krokneset på norsk, men på samisk Dealpu, eller hos Qvigstad (1938:17) Dæl’po(njar’gâ): Tilføyinga i parentes kan jo innebere at det eigentleg er tale om ‘neset på Dealpu’. Sistnemnte er då aller helst identisk med det frå sjøsida så båtkjøl-liknande Gáranasbákti ‘ramneberget’, bratt mot sjøen og hylleforma oppå. I motsett lei av Dealponjárga stikk det ut ein flatare og lengre odde, Latnæringen = Láhtanjárga, hos Qvigstad Lātt(â)njar’gâ utan merknad: Truleg av sam. làttat ‘lending’, for i så måte er nok Dealpu­njárga mindre tenleg.

Med inntrykket av Delp-namna og Dealpu i bakhovudet vender vi så tilbake til Vesterålen, men no til Delpen under gnr. 70 Nyksund, første garden i det gamle Langenes hd. Formasjonen det der er tale om, kan ein saktens karakterisere som «(kuppelformigt) Forbjerg», skødd frå landsida helst. Den relativt runde humpen er ca 80 m på det høgaste, men fell bratt av mot sjøsida, der det er ein låg, lang bergbrem, vaska av havbåra. Inn Delpen frå sjøsida går den såkalla Tjyvreva1). Vedheng til Delpen er det ei stor, rund berghelle med sprunger i, den delvis frå­skorne Litl-Delpen.

Det flataste eidet innafor Delpen heiter Opplandet, men nærare Delpen og Litl-Delpen ligg eit sørvestvendt og høgare, slett platå Delpjorda, litt skjerma for nordavinden, og der hadde kjøpmann Wallan i Nyksund potetåkeren, fortel Valborg Gamlesæter («Leddiken» 1997:19, 26). Men Delpjorda har nok ei soge eldre enn som så: På kartografen Melchior Ramus’ kartskisse 1689 er avmerkt i tur og orden nordan av: «Langnes» (med kyrkjesymbol), «Husjord» og «Støe», med eit tomrom der garden Enga(r) |»æŋa| eingong låg. Lenger vest er av­sett ein rund hump som representerer for Delpen: Det namnet og Nyksund er plassert tett attmed kvarandre, med fjellet Nyken litt for seg. Lokalhistorikar Johan Borgos peikar på at Melchior Ramus alltid skrå-stilte gardsnamna, med ein liten ring i tillegg, det stemmer for Husjorda, Stø, Delpen og Nyksund, men kyrkjestaden og fjellnamnet har horisontalt plasserte namn. Delpen og Nyksund er avmerkt med berre éin ring, altså ikkje som ulike stader.

Namneforma Delpjorda setter oss på sporet etter tuftene for rorværet Delpen: Der er fleire støer i stranda sør for det slettaste partiet. Nyksund sjølv var den tid just eit sund mellom to øyar, utan tverrmolo imellom til verje mot storbåra frå havet, og utan vegfylling innover til Opplandet slik som i dag (fyllinga sperrar det som før var Nordleia).

Til v. den kjøl- eller baugforma Delpen med ei brødskive-liknande hylle i framkant og den litt meir rundstykke-liknande Litldelpen til h. Imellom dei Tjuvreva. I bakgr. den pyramideforma Nyken (trekanta skygge), og så vegfyllinga over til Nyksundøya. Derifrå molo over til Ungsmaløya. (Kommunekart.com.)

Delp, Delpen og Dealpu kunne vi personifisert kalle namnebrør, med Delp som storebroren. Vel ruvar ikkje desse tre like mykje, i høgd eller omfang, men alle er bergnakkar eller strandhamrar; dei to siste stikk ut i sjøen. Ross sin parentes-karakteristikk «(kuppelformigt)» kan i Delpen sitt tilfelle la seg høyre. Det kan òg seiast om sjølve Nyksundøya, men det alderdommelege ‘Forbjerg’ utan eit utfyllande tillegg seier svært lite

Den flate haugen Delpen på Møkland i Bø (før Øksnes), sedd frå Jennskaret i Bø.

om form, omfang eller høgd. Eit kompliserande moment er også at på garden Møkland i Bø (før Øksnes) finst der ein ‘attpåklatt’ Delpen som vanslektar på sine namnebrør. Han er 32 m høg, men har temmeleg flat skolt og ligg liksom ‘delpane’ på Delp ikkje nedpå stranda. På nordaust-sida er eit vedheng, ein brattare 28 m høg bergknatt utan eige namn. At Delpen fekk namn av denne er ikkje sannsynleg.

Momentet ‘flat

Litt har det for seg å sml. ‘delp’ med fiskeplassnamnet Duolbagierggi-made |’dølpagæṣki ‘māde| «flatstein-méda» frå Tysfjord (Th. Storjord 1951: 99): Den aktuelle steinen eller hallaren har ganske stor flate, ca 12 x 17 m, opplyser Svein Roar Sommerset. – Uttalt utan lepperunding blir ø meir lik æ, så fonetisk kunne delp (dælp) vere avrunda form av sørleg dølp, men gode informantar har i ettertid opplyst at uttalen var |’dålpa-|, så momentet duolba– ‘flat-‘ er heva over tvil, men isolert sett kunne det verke rimeleg om Delpaksla var halvt samisk for Duolb’oalgi ‘flataksla’, fjellnamn i Bardu, Måls­elv og Nordreisa. Ordinært i samisk er i alle fall at vokaltreff (hiatus) som i duolba + oalgi gir forkorting til duolb’oalgi. Det same duolba– ‘flat-‘ finst i fjellnamna Duolbbavárdo i Salt­dal, Duolbavárdu i Tjeldsund, Duolbbaš i Lødingen og Duolba‘i i Gratangen.

I sør får vi ikkje oversjå at det flate Dølpeberget i Grue er synbert i høgare grad enn Dølpemyra nordom; flat er likeins Dølbuhaugen i Nordre Land, enn vidare Dølperhåmmåren (Dølpberg-?) og Dølbu-kammen på Tynset. Kanskje skimtar ein i desse tilfella ein lydovergang -uo- > -au- > -ø- frå samisk til norsk.

Dei nordnorske delp-lokalitetane ligg – med unnatak for Møkland – ute mot ope hav. Er dei frå ei tid då slike var viktige orienteringsmerke ved ei isfri kyststripe, med isbaksen tett innafor? Er dei alderdommelege nok til at samisk identitet kontra norsk berre var i eiminga? Spørsmåla kan lyde som namnefagleg ‘tåketale’, all den stund det er i nordiske ordbøker ein finn dei mest relevante orda medan samiske har mindre å by. Her kan namneforma Dealpu frå Nesseby vel kallast unnataket som stadfestar hovudregelen, ser det ut som, men i det tilfellet er det like snart tale om ei nordisk form med lett samisk tilpassing.

Dolpi-namna

Troms har 2-3 fjellnamn som synest å flytte fokus tilbake til den sørlege forma ‘dolp’ men samstundes er umiskjenneleg nordnorske når det kjem til dimensjon. Først to frå Nordreisa: «Mellem Fawres- og Čilla-jokka ligger fjellet Dol’pe og S derfor Dol’pe-gai’sa», seier Qvigstad (1935: 30). Det synest vere Dol’pe som på dagens kart er kalla Dolpenjunni, ein avsmalnande låg ‘snute’ som sluttar i ein rund hump, og at det er Dolpi (1083 m) han kallar Dol’pe-gai’sa. Den lange og bratte austre kanten av Dolpi mot Favrresvággi er innskoren av djupe kløfter, sjå foto. Derimot nemner visst Qvigstad ikkje Dolpi på sørsida av Pilteri-dalen i Nordreisa, ei vid grop med breie kantar laga av ein isbre; denne formasjonen har noko blokkforma over seg. Det lyt stå usagt om Dolpi blir sagt med open eller trong o, men rimeleg er å tru at namnet kjem av nordsam. dulpi ‘stump eller butt gjenstand’: Ordet lagar sms. på dulpe– men òg dulpo-. Ordboka har dulpo-njunni ‘stumpnese’, identisk med fjellnamna Dolpe-njunni og Dolpe-junni, alt nemnde.Det nyss nemnte dulp– kan også tyde ‘ru, grov, uslett’, som kan vere god karakteristikk av fjellet Dulpuk i Gullesfjorden, men òg av Dolpenjunni i Favrresvággi.

Dolpi med fjellenden Dolpenjunni til høgre. Norge i bilder.

Dolpi alias Mikkelifjellet i Målselv. Jf. islandsk dólpungur m ‘stór alda’ = stor båre, men også: stor bakkekam! (Kommunekart.com.)

Dolpi i Rostadalen Målselv (norsk Mikkelfjellet) er mindre ruvande, men kallar på interesse av andre grunnar: Det er platåforma og vidt oppå, men fell bratt ned mot Ruollavággi i nordaust og minner om båra som haugar og går til falls, merk isl. dólpungur m ‘stór alda’ = stor båre, men også: stor bakkekam!

Brinken på dette Dolpi har dobbelkontur framheva av lange snøskavlar, noko vi kan assosiere med det dialektale sv. dälpa f (= dulpa, dolpa) «hålighet eller grop i snötäckt väg» (SAOB, frå Värmland etc, då med vising til just dolp, dulp ‘håla’ i norsk). Den koplinga verkar ugrei når vi hittil har halde delp skild frå formene dolp, dulp, dølp, men saka er den at her viser SAOB til oppslag dolp f «hulning i jorden» etc. i Nynorsk etymologisk ordbok, som òg nemner ml.nedertysk delf ‘grav, grøft’ = ml.nederlandsk delft og reknar med nordisk *delp og germ.*delb som opphavsformer. Gl.eng. delf ‘(ut)­graving’ og gl.eng. dælf ‘det som er grave ut, grøft etc’ kjem òg til. Det skulle tilseie at både Delp, Delpen og helst Dealpu med, er trygt røtte i germansk og i nordisk, men berre Torp har dei hypotetiske formene *delp og *delb. Dessutan passar ikkje momentet ‘graving’ særleg godt: Straumfaret inn til Grunnførfjorden kan nemnast, men det går langs austsida av fjorden slik det pga. jordrotasjonen alltid må ha gått, og Delp ligg på vestsida.

Dolpi på hjørnet mellom Pilteridalen til h. og Trongdalen langs nedre fotokant er rettvinkla nok at ein kunne tenke på eldre nyhøgtysk Dolbe ‘kloss’, men meir nærliggande er ns dulpi.

Like utrygt er eit anna moment vi kan nemne: Vestafor Dolpi ligg eit søkk med ein pytt i, Lågdolpa (Dolpa lenger mot nordaust ligg høgare), med overgang i ein låg åsrygg med hump i enden, Rundingen. Kanskje var det den Qvigstad kalla ‘Dol’pe–junne’, fornorska «Stolpenasen» (sml. Dolpenjunni i Nord­reisa), og åsryggen for Dol’pevarre, i fornorska form «Langfjellet» (Qv 1935: 90)? At Qvigstad viste til dei norske kart­namna måtte til, men han garanterte på ingen måte for at dei var tradisjonsrette. Det fornorska «Stolpenasen» er absolutt ikkje å lite på, men like ugreitt er tilhøvet mellom namna Dolpa og Dolpi: Det første får vi tru er same namnet som Dolpa etc. i sør, og det siste er som før nemnt truleg lik sam. dulpi ‘stump gjenstand, noko som er butt’, men òg: ‘som er uslett el. grovt’. Det første passar for Dolpi i Pilteridalen, det andre for Dolpi i Favrresvággi, og slett ikkje dårleg for fjellsida under bårekammen i Ruollavággi i Målselv heller.

Eit alternativ til samisk dulpi kunne vere fi. tolppi ‘stong’, og då i ei tyding som norske stadnamn har mange døme på, nemleg Stong– om naturlege hinder eller stenge i ei ei farlei som elles ville ha vore strake vegen: Det kan høve for dei to fjella i Nordreisa, men kanskje også for Ruollavágg i Målselv: Kjem det namnet av at der var eit «trollhol»? I etymologiske ord­bøker er fi. tolppi ikkje ført opp blant ord-slektningar av gno. stolpi, men Thor Frette nemner det i Norsk Stadnamnleksikon under oppslag Dolpi frå Nordreisa, likevel berre med «tyding ukjend».

Greier vi å samle trådane?

Men kva ligg så i ordet ‘delp’? Frå Sør-Odal er dælp registrert som ein uttalevariant av dolp m, både om «lita kule eller knapp som heng ned» og om «kolv i bjølle» (Sør-Odal), om «tapp eller klump som klissar seg fast», og tilmed om «drøpel» (NO 2: 5), men i vår samanheng er ordet neppe relevant. Dealpu og Delpjorda har saktens knattar som den eine på Mykland, og fjellsida på garden Delp endå fleire, men det er i alle fall lite truleg at ein lokalitet med fleire knattar skulle få namn med singulær form Delp eller Delpen.

No er det i innleinga sagt at det sørlege dulp, men òg dolp, tidt går på myrsøkk, pyttar, tjønner osv. At eit stryk i Trysil er kalla Stordulpen synest sprenge rammene, men det er viktig å få med seg at sv. dälpa, dulpa, dölpa, dylpa ikkje berre er å kvelve, velte, men også å sveive, svinge, plaske, dukke eller plumpe (uti). og det gir vide assosiasjonar knytte til vassfar og alt levande der, så vel som i salt vatn. Det kan ikkje vere tilfeldig at likskapen er så stor med isl. dálpa v. (frå 1600-tal) ‘blaka, damla, bærast’ (Blöndal Magnússon), dvs. daske, plaske, demle, røre rundt, flytte på (seg). Dette kan òg peike mot ulike rørsler i sjøen:

«Kraftig, men ikkje særleg stor skavl med skumkant på heiter brimhest. Det er ei tvibåra med frøsande bårekammar og skumfrøda, alle vegar, på grunn av det kvasse bakslaget båra får mot skjer og grunnar eller mot bratte berg i sund og leier: Brimhesten vil nærsagt springe inn i båten når han skvett tilbake såleis. Men det heile skjer så fort at båra rekk ikkje å bli så stor før ho går til falls …. Ein stad der det var mykje brimhest var med Børhella [ml. Nordmela og Nøss], og likeins i Fleskeleia med Delpen nordom Nyksund… Det er elles mange som nemner Fleskeleia som ein vanskeleg plass der det var mykje brimhest, opplett og poppel (popl)… Eit anna ord som liknar popl (pupl), er skvaplsjø» (Myrvang 1981: 14).

Folk snakka om Delpen med ageii: «Dei fortel om ein tilflytta saltværing som var los for lokalbåtar og andre på yttersida av Vesterålen: Ein dag dei skulle om Delpen var der så mykje brimhest at kapteinen ikkje såg det likt – han gav ordre om stans i maskinen. Men då fekk losen vóren for seg! Han brølte og gav ordre om full fart, og meinte på at «det mått’ då vær’ ber’ å komm’ gangan om Dælpen enn drivan» (op.sit.) Pussig nok blir det nyss nemnde isl. dálpa også nytta i nokre illevarslande talemåtar, t.d. dálpa á = bjáta á ‘komme i vegen, komme ut for uhell (sml. Sigfús Blöndal s. 4 og 81).

Ei tolking av namnet Delpen litt farga av ‘det elementære’ (vind og båre) passar kanskje òg for den skrå hella ytst på Dealponjárga, som tungsjø inn Varangeren vaskar over, men her ligg ikkje nærmare opplysningar føre. – Vi kunne prøve ei liknande tilnærming for Delpen på Møkland, som ligg ope til, slik at snyen legg seg i skavlar på nye stader, alt etter vindretninga, men der finst det ei alternativ forståing av namnet: I 1661 er sagt at «jorda av sandblanda mold fikk (…) god karakter, den blei regna som lettdrevet og passe tørr med god solgang (…), men den vurderinga gjelder helst den nordligste delen, omkring Delpen, der felles­tunet lå» (Elvik b. 3: 470-471). Fanst der, før folk busette seg på denne Delpen, opne sandfelt som ver og vind arbeidde med?

Delpneset med markør, og sandbankane i sig innover Grunnførfjorden. Vi er her på Austvågøya, heilt i utkanten av Hadsel kommune (Norge i bilder.)

Er slik tenkemåte relevant også for gardsnamnet Delp? Brimhest kan vi sjå bort frå, for der er ekstremt utgrunt i vid omkrins og framfor alt på nord- og aust­sida (fjordsida) pga. dei umåtelege sandmengdene som uavlateleg blir skubba på ved flo og fjære, i bogeforma breie belte tvers over fjorden. Aldri eins å sjå, like så lite som brimhestane kring Delpen i Øksnes i havsens grimd, men sandbankane flytter seg uendeleg tregt, jf. isl. dálpa i ei av fleire tydingar, nemleg det å «røre seg seint att og fram».

Ein delp er udiskutabelt ei flatt avrunda høgd med bratt fall fremst, og ved ordet heftar verbale konnotasjonar knytte til ver og vind, flo og fjære og andre rørsler i vatn, men det kastar lite av seg å gå nærmare inn på det når ikkje kunnskapen om sørlege lokalitetar med namn på dolp og dulp etc. er meir detaljerte enn kva ordbøkene tyder på.

i Det er ei aksel med flat topp ved Foldvika. Duolbaš om Erikstad-fjordfjellet i Lødingen er vel deminutiv av same namneform? I samiske ordbøker finn vi ikkje eit nomen *duolba i allmenn tyding «noko flatt», men Konrad Nielssens ordbok har duol’ba: «rein (især simle) med låge, flate horn». Nordsamisk har dessutan eit avleidd ord duolbbár ‘flating’, usagt kor gammalt det ordet kan vere.

iiTil namnet er knytt ei segn om at tjuvar eingong heldt til der. Meir truleg er at Tjyv- her svarar til sørsam. tjovve (trong o) «matstrupe, spiserør», men også overført om opning, munning, jf. også tjåvve om «bekkefar» (Arjeplog), pluss skoltesam. čuv «strömfåra» (Qv nr 190). Jf. her den lange kløfta Tjyvaren i sjøkanten nord for Stave på Andøya.

Litteratur

Sigfús Blöndal og Björg Thorláksson, Íslensk – Dönsk Orðabók. 1920-1924.

Arve Elvik, Gårdshistorie i Bø. Sortland 2007-2010.

Leddiken. Øksnes historielag. Sortland 1997.

Norsk Ordbok 1-12. 1966-2016. Oslo.

Olaus M. Nicolaissen, «Sagn og eventyr fra Nordland» Kristiania 1879.

Just Qvigstad, «De lappiske appellative stedsnavn». Oslo 1944.

Just Qvigstad, «De lappiske stedsnavn i Troms fylke». Oslo 1935.

Just Qvigstad, «De lappiske stedsnavn i Finnmark og Nordland fylker». Oslo 1938.

Oluf Rygh, Norske Gaardnavne b. XVI. Nordlands Amt. Kristiania 1905.

SAOB = Svenska Akademins Ordbok, nettutg.

Brasen

Brasen |’brās˜n| er eit stadnamn som går att fleire stader, langs kysten især: Brasen på Steine i Vestvågøy er såleis ein tuveforma høg holme. Buplassen Brasen Røst gnr. 3 ligg på ein 4-5 m høg haug på ei halvøy; leira Brasvågen attmed er oppgrunna no. Ikkje så ulik er Brasen ytst på eit nes ved Mårnessjøen, Gildeskål. Langt meir usikkert er opphavet til Brasen |»brās˜n| som namn på eit sund mellom Fløttingen og Ærøya i Træna, i dag fylt ut og omgjort til industriområde.

Men også ein plass Braserud under garden Gransbråten i Eidskog bar namnet Brasen før, og det er tett ved svenskegrensen. Naturleg er å sjå etter ein tilsvarande formasjon i landskapet i dette tilfellet med, og då er Braserudknatten den som peikar seg ut, men for å få fullgodt inntrykk av korleis ein av dei mange brasane ser ut kan vi oppsøke Brashamna (kvensk Praashamina) i Kjøfjorden i Sør-Varanger, som har ei utprega kvalbak-form:

Brasholmen midt i Brashamna – kvænsk Praashamina – i Sør-Varanger. Foto: Knut Pettersen.

Brashamna med gamle tufter var også pomorhamn. Rikshistorisk veldig interessant er at i sommartida 1825 møttest norske og russiske militære utsendingar på denne staden og laga utkastet til ein avtale om korleis grensene i fellesterritoriet dei to landa imellom skulle dragast. Avtalen vart traktatfesta i St. Petersburg i mai året etter. 

Korleiser så framtoninga til andre norske brase-lokalitetar? Brasøya i Herøy på Helgeland har ein langvoren og avrunda, låg haug som liknar denne i Brashamna, og like «moderat» avrunding har Braseberget i Eigersund og Braseberg i Valle i Setesdal, endå dei elles er langt meir ruvande enn dei før nemnde lokalitetane. – I Brasdalen i Kvinesdal, omtrent midt mellom Brasdalsenden og Brasdalstjødn, ligg det ein åshump som har tilsvarande form. Korleis namnebakgrunnen for dei umåteleg ville Brasråstindan i Flakstad i Lofoten kan vere, er førebels uukjent, medan Brasfet i Ullensvang og Brasfetåi i Vinje kan forståast sekundært til den slakt runda Bras­fetnuten midt mellom dei to bygdene – primært *Brasen i det tilfellet og, kan hende? 

Så langt om formene til brase-lokalitetane, men kva med det språklege? Merk at brase m «stor hop, mengd» er kjent frå Vinger i Hedmark (NO 1: 876). Ettersom det synonyme «dunge» er eit kjent stadnamn-element, er nok det innfallsporten for ei sannsynleg tolking av desse namna, endå det er lite å finne i andre ordbøker.   

Tunstad eller Tunnstad?

På 1970-talet vart dei store øyane i Vesterålen bundne saman med bruer. Før var kvar øy eit «rike» for seg. Vel er det er ikkje lenger såleis i Vesterålen at folk tenker båt når dei skal reise til ein nabokommune, men eit unnatak er alle dei mange små, men før i tida ganske så folkerike øyane i Barkestad fjerding (= Øksnes sokn): Kommunen og soknet har namn av kyrkjestaden Øksnes, som etter gammal tenkemåte ligg sentralt plassert i sundet på sørsida av Skogsøya, den suverent største blant mange små øyar, men heller ikkje dit kom brubygging på tale, til det var avfolkinga for langt komen.

På sørvestsnippen av Skogøya og ved overgangen frå sund til opnare farvatn, ligg garden Tunstad. Ut frå uttalen |»tuᶇᶇsta| (Norske Gaardnavne 16: 386) skulle det vere rettare å skrive Tunnstad, som vi då og til dels vil finne på nyare kart.

Kven var uttale-informantane? 

K. Rygh, som redigerte Nordlands-bindet av NG, seier i forordet: «Paa Grund av de geografiske Forhold har O. Rygh ikke her kunnet komme til hver enkelt Bygd, og der manglede ogsaa her Adgang til, saaledes som længere sydpaa, paa Exercer­pladse at indhente Opgaver af indfødte Mænd fra alle Bygder. Derfor er Opplysning­erne ofte erhvervede hos Folk, som hørte hjemme i Nabobygder». For Nordland sin del er då heller ikkje nokon av hjelparane nemnde ved namn.

Same framgangsmåte var brukt for Rødøy, men her har Rygh tydelegvis etterpå fått hjelp av multitalentet Edvard Havnø frå sjølve Rødøya, for vi finn tilleggs-opplysning­ar om dativformer m.m. tekne med i skarp klammer. Heller ikkje han er namngjeven.

Kven som gav uttaleopplysningar om gardsnamn frå Lofoten og Vesterålen kjenner vi ikkje til, men seks år seinare kom Troms-bindet av NG, og her takkar K. Rygh i forordet for hjelp især frå statsråd Qvigstad, så vel som fleire andre, blant dei konservator Olaus Nicolaissen i Tromsø. Han voks opp i Nærøya i Øksnes; vi kan lite på at han var stø i uttalen av gardsnamn i Vesterålen, langt på veg Lofoten med. Mobiliteten knytt til lofotfisketar viktig, i tillegg kom hans eigen reiseaktivitet som konservator.

Hallfrid Christiansens notat om stadnamn i Øksnes er frå 1930-åra: Hovudinformant var Edmund Pedersen i Skipnes, frå Tindsøya som ligg tett nordom Nærøya. Uttalen av Tunstad-namnet er den same der som i NG. Merk at ho i motsetning til NG har rett tonem (tostavings) i gardsnamna Vottestad, Smines, Frivågen, Nordsand,  Breistrand, men ho fanga ikkje opp at det siste namnet eigentleg har uttalen |»breᶊᶊtraᶇᶇ|, ei heller at Sørsand, Navarsbora og Øvergarden (i dag –gården) òg har tostavings tonelag. 

Elles viser forordet til Nordlands-bindet av NG at Oluf og Karl Rygh visste at søringar har vanskar med å meistre tonemskilnadene i nordnorsk. Det gjeld sannsynlegvis også motsett veg. 

Vurdering av uttalesprik 

Men så litt meir om, gardsnamnet Tunstad. Har sjølv trudd at uttale-opplysninga i NG var korrekt: Det butta imot då bygdebokforfattar Johan Borgos, som voks opp på nabogarden Hjellsand, peika på at genuin lokal uttale er |»tunnsta|. Først gjekk eg ut frå at Tunstad som postadresse måtte ha slått inn for fullt i ny tid og påverka tradisjonell uttale, men at dette ikkje kunne stemme, vart klart når også Bergljot Kristensen, 4. generasjons tunstadværing, slutta seg til den same uttalen |»tunnsta|. NB: ikkje |»tūnsta| som var å forvente, i fall påverknad frå postadressa låg bak.

Uttalesprik av same slag er kjent frå ein annan kant av Vesterålen, nemleg frå gnr. 4 i Hadsel, Kaljorda, i flg. NG sagt kaᶅᶅ´jóra – då med feil tonelag. Bortsett frå det siste er slik uttale velkjent blant vesterålingar flest, men av folk frå garden langt yngre enn eg sjølv er høyrt |»kaḷḷjōra| med kakuminal eller vel rettare lett retrofleks l. 

Historiske skriveformer sprikar: Kaldiordt 1611 (leiglendingar), Koliordt 1620 (leigl.), Kalb Jord 1633 (leigl.), Kaal­jord 1647, Kaljord, Kaldjord 1647-1648 (husm., leigl., fullottesdr.), og Kaaljord 1649-50 (skattemannt.)

Enten no namnet var *Kalvjorda1 (jf. 1633-forma) eller ikkje, er det neppe tvil om at  genuin lokal uttale vart «omringa» av ein meir uniform. Frå Bø kommune kjenner vi tre tilfelle med v-bortfall i namnet Kal(v)dalen, og likeins Kal(v)bakken og –garden a.st.. Slike smånamn er vanlegvis berre brukte inna­for grenda og blir der haldne oppe i tradisjonell form, men betre kjent er jo Kaljorda som grend og som trafikknutepunkt har vore. Hos folk med overflatisk kjennskap til namnet har «kaᶅᶅ» med palatal l sklidd inn etter at skiftet Kalv- >Kall- var eit faktum.

Eit namn med uttale som avvik frå ein hovudtendens kan halde seg uendra i eit lokalmiljø der namnet er brukt tilstrekkeleg ofte, men utanfor den indre sirkelen får dei «uniformerande» kreftene overtak. Såleis må det også ha seg med tunn- kontra tuᶇᶇ-: Ord som gruᶇᶇ, huᶇᶇ, luᶇᶇ, muᶇᶇ osv. lagar føring for at u + palatal n er det som gjeld. Vi skal leite lenge for å finne unnatak, for bokmålsordet «bunn» for botn får òg palatal uttale!  Om slike uniformerande fenomen er omtala i stadnamn-litteraturen er uvisst.

Ryghs tolking av namnet 

Til grunn for si tyding av namnet legg Oluf  Rygh den palatale uttalen |»tuᶇᶇsta| pluss nokre få skriveformer på Thund- og Tundstad tidleg i 1600-åra, endå liknande former er overveldande talrike i den tid, bl.a. Tunnstadt og Thunnstad (Thondstad, Thonnstadt 1611), eller også ganske enkelt Tunn- og Tundstad 1618. Seinare blir rett nok skrivemåten meir «vaklevoren»: Tunstad 1621, Tunnestad 1623, Thunestad 1624-25, Thunstad 1626(?). Likevel Tundstad 1661, men atter Tunstad 1723.

Rygh fokuserte tydeleg nok på formene med –nn-, –nd– frå første del av 1600-talet og sa: «1ste Led er maaaske et Elve­navn, enten Tunna eller det gamle *Þund; se Elve­n. S 278».  Til dette er berre å seie at gardsnamntolkingar baserte på elvenamn kan vi sjå bort frå, dei aller fleste stader i øyriket Lofoten – Vesterålen. Det gjeld òg for bekken Tunstadelva. Rygh kan ikkje ha kjent innføringa «af Thuna­stadhom i Skosøy» i Aslak Bolts jordbok, av di ho manglar i Munchs utg. av AB2. I Troms-bindet av NG er namne­former frå lensrekneskapen 1567 sett i hakeparentes for å vise at dei ikkje høyrer til det namnematerialet som aller først var med. 

I Nordlands-bindet er det ikkje markert så, men må vere likeins å forstå, for elles blir det gåtefullt at ingen ting blir sagt om formene Thunistad, Tunistad, Thiustad [rettare Thiunstad?] frå lensrekneskapen 1567 (trykt først 1940). For oss er det klart at dei kan oppfattast som skrive­variantar av eit uttalesvekt Tune-, jf. atter mellomnorsk Thuna– hos AB.

Aller først, kor sannsynleg er at den i dag vanlege skrivemåten Tunstad gir meining? Interessant her er O. Ryghs merknad om Tonnerud (no Tonerud) i Hovin i Spydeberg, sagt tó`nneru el. tónru, skrive Tunaruð ca 1400 (seinare Thunerødt 1600, Tune­rød 1640, Thunnerøed 1667, Tunderud 1723). Han seier, med tanke på tún n «heime­mark, gardsplass»: «Formen Tuna- …… synes ikke at kunne være rigtig. Om end den nuværende Form kan forklares af opr. Túnaruð (som Tún­eimr nu paa fl. St. udtales Tønnøm o. lign.), vilde en Sammensætning som denne være lidet rimelig fra Menin­gens Side» (NG 1: 64). Det siste kan langt på veg seiast om tún+staðir med.

Ikkje vassdrag, men rundvorne høgder? 

Vi vil prøve ei anna vinkling og gå inn på eit sms. ord mange vil kjenne, igeltuve f «tust med stritt gras», «sylvbunketuve» (NO 5: 1081). Det slaget kallar andværingar. langenes- og øksnesfjerdingar til lengst sør på Skogsøya ei iltua, men eit hakk lenger vest, i Hovden i Malnes, blir uttalen iggeltuv‘ (sml.. gno. igull m: kari­bolle, sjøpigg­svin). Ein frapperande skilnad i og for seg, men tilsvarande gjeld for sisteleddet tuve isolert: ei tuv‘ i Malnes og Bø, men ei tua nord- og austafor: Det gjeld for Andøya, Langenes og Sortland, men òg for Øksnes, der uttalen tua er godt kontrollert3. Johan Borgos nemner også «han Abel på Tua», stamfar til Abelsen-slekta i Øksnes: Her kan det kallast merkeleg at NG har «gnr. 56.3 Tuen» i Øksnes med uttalen tú`va. Hallfrid Christiansen har for sin del både Tua og Tuva men kun Tuaelva. Stadnamnprosjektet sine notat viser konsekvent Tua, Tua-bukta, Tua-elva. Sms. Tua- har uviss alder, men slik juxta-posisjon(?) finst òg i nokre namn frå Vågan, Ballangen og Hamarøy.

Vi tør derimot, pga. det humpute landskapet så typisk for Tunstad, gå ut frå at dette gardsnamnet i si opphavlege form kan ha vore *þúfnastaðir, dvs. þúfna– som gen. flt.  av ordet þúfa. Det dialektrette bortfallet av v i tua f (og iltua) må då vere gammalt. Namnet Tunstad tolka så blir då ein parallell til at grannegarden Hjellsand gjekk for Hjelte-, Jeltesand men òg delvis Gieldtesand store delar av 1600-talet, parallelt med tostavings-former Hiellsand (1610), Hielsand (1614) osv. Dette temmeleg sikkert frå eit opphavleg *Hjelltuvsand, av di det då var tale om berre éi «tuve», no kalla Storhaugen (sjå i Øksnes historielags årbok «Leddiken» 2018).

Namnet Tunstad i vidare samanheng. 

Kor gjengs slik gen. pl. av linne hokjønnord er i stadnamn veit vi lite om. Nordnorske namnelagingar på Tretten– (-bergan, -dalen, -enget, -slåtta, -skjeran) kan vi tolke som gen. pl.  *þrætna-, til þræta «trette, krangel». Namnet Tekndalen midt på Andøya ser eg som sms. med gen.pl. av gno. tekja f «innkome, inntekt, -tak». 

Stadnamnrelevant er iallfall gno. gatna-mót n «gatekryss», kjent også som stadnamn frå Ytre Li i Aurland –  jamlikt Gatneskil i Sirdal. Botolv Helleland4 har peika på at Helnaberg i Ullensvang vel inneheld gen.pl. av hella f. Sml. også gno. dúfna­saurr m dueskit, og isl. dúfnabúr og –hús og det svært så moderne isl. þúfna-bani m «tuvedrepar», dvs. jordfresar!  – At ú-en i *þúfnastaðir etter kvart vart forkorta er som venta, det gav uttalen Tunstad med kort u.

Gustav Indrebø seier at perioden 1350-1390 kan kallast overgangstida frå gammalnorsk til mellomnorsk. Overgangen frå gno. þ til mno. t kom nokså tidleg: «I den tid då þ og t heldt på å glida saman, misbruka dei ikkje sjeldan skriftteikni, so at dei sette þ i ord som hadde t frå gamalt, t.d. þil for til.  þ stod i framljod, og det var mange ord som soleis fekk ein annan framljod med overgangen þ til t«. Vidare: «Skriftteiknet þ gjekk for ålvor ut or bruk frå ikr. 1420, er sjeldsynt etter 1450, men finst i einstaka høve til ned ikr. 1490. Det vart bytt med th – som alt tidleg hadde teke til å tevla med þ og t – » (Målsoga s. 229-230).»

Det Indrebø her påpeikar, inneber at i fall Tunstad skulle ha med tún «heimemark» å gjere (eit uvanleg ord i nordnorske stadnamn), er «af Thunastadhom» med Th- urett skrivemåte, medan ein lesemåte «af Þúfnastadom» (til þúfa) med Th- og bortfallen f > v ) viser aller beste samsvar med topografien. Tallause inkonsekvensar frå perioden gammal->mellomnorsk viser som tidlegare nemnt at slumpen rådde m.o.t. þ og t. Så kan det ha vore også her.

Ein mellomnorsk overgang *Þúfna– > Tuna– er upåfallande jamført med anna som er skriftfesta i den same overgangsperioden, m.a. i eit brev frå erkebiskop Aslak Bolt (Målsoga 216-217). Som Indrebø sa det: «Sjølve sansen for ei fylgjerett og fyre-seg-gjord skriftform, sjølve skriftkulturen, hadde kome lågt ned. Det er eit djupt fall i det stykket frå kongs­kanselliet og erkebis­kop­kanselliet ikr. 1350 til skrivarstov­one ikr. 1450». 

Samanlikningsvis kan nemnast at anno 2019 varslar enkelte verdamer på TV «sjølig vær», og kropps­kroppsfikserte tenåringar kan t.d. skrive: «Synest ikke du at jeg er litt for skjukk?» Språkleg forfall høyrer ikkje berre fortida til.

Eit påfallande namn er derimot «Skosøy» alias Skogsøya, når øya er full av snaue, høge fjell, mange så bratte at det nærmar seg hamrar i hav. Derimot skal vi leite lenge etter skog verd å nemne, men akkurat kring Tunstad og Hjellsand strekker seg eit lågland med haugar, humpar og rabbar, rett nok skoglause no, men i torvmyra fann folk rikelege restar av eldgammal fòraskog: Eingong heitte låglandet med god grunn Skogsøya, ulikt fjellandet elles. 

Her høver det godt å vise til kva Oluf Rygh seier om øy i innleiinga til «Norske Gaardnavne», side 88: «Har i det gamle Sprog, ligesom endnu i enkelte Bygdemaal, været brugt om flade Strækninger med frodig Plantevæxt, som ligge langs Vand uden at være omflydte; til denne betyd­ning er en stor Del af de fra Ordet stammende Steds­navne at henføre».

Tunstad: Fleire lokale humpar og høgder er nummererte, men identifikasjon er berre oppnådd for 1. Godbonhaugen, 6. Rabben, 7. Holten, 9. Skredtinden og 10. Steindalstinden. Foto: Johan Borgos. 

   

Fotnotar:

Nyredigert etter Namn og Nemne 2019 s. 59f.        

  1. Kalvjorda som namn på små lokalitetar i Skjerstad og Nord-Rana er i Stadnamnprosjektet registrerte med full forstaving Kalv-.  ↩︎
  2. Takk til Johan Borgos for denne påvisinga og for anna hjelp. ↩︎
  3. På Senja derimot hūva og tūva (R. Iversen, «Senjen-maalet» s. 77). Kor langt inn på Hinnøya dei v-lause formene hua og tua rekk er eit ope spørsmål, men også i Tysfjord heiter det ei iggeltua, ei (topp)hua osv., då med unnatak for huva i Grunnfjorden. ↩︎
  4. Botolv Helleland: Helnaberg, Vivheller og Salthella. To stølsnamn og eit plassnamn. I: Spår av odling. Festskrift til Hugo Karlsson. På uppdrag av Meijerbergs institut för svensk etymologisk forskning vid Göteborgs universitet. Sammanställd av Birgitta Ernby. Ingår som del 19 i Meijerbergs arkiv för svensk ordforskning. Göteborg 1994, s. 116–125.  ↩︎

Har, Hor

På Ytter-Anda, dvs nordre Andøya, finst eit fjell som heiter Sverigetinden (512 m). Folk har tolka namnet slik at derifrå skal du kunne sjå heilt inn til fjella i Sverige. Det er beintfram usannsynleg, det har mykje meir for seg at Sverige- eigentleg sagt Sværge- er tillempa norsk form av ns suorge- «forgreining-» eller «gaffel-«, eit namn som fortel korleis fjellet ter seg frå aust, som her. 

På vestsida av Andøya snakka ingen om Sverigetinden, der heitte det Harrålen, Arrålen, Ærrålen og meir til. Gamle skriveformer finst ikkje, så det er vanskeleg å vurdere uttaleformene. Harrålen kan vere ei nyare uttaleform av Harrånen – eller kva slags «ål» er det evt tale om? Sisteleddet –ålen i fjellnamnet kunne vere gno áll «rand, stripe», eit ord som har vore lagt til grunn for tolking av bygdenamnet Ål(en). Det er dristig i Harrålen sitt tilfelle der den einaste randa eller stripa er det menneskeskapte fang-gjerdet nedover fjellet mot vest. Andre ål-namn på våre kantar brukar gå på áll = «djupål» (i elv eller fjord).

Harrålen (Arrålen, Ærrålen), ei steinut fjellside i Stavadalen med eit eldgammalt fanggjerde som visest nokså tydeleg på fotoet.

I samband med den lydlege utvikling som kan ha skjedd med fjellnamnet på Ytter-Anda nemnast at gno jǫtunn «rise» vart til jøtul, jøtel i norske målføre (Jotunheimen er nylaga namn), og det opphavlege himinn til himmel. Og ettersom fjellnamnet bl.a. lyder Arrålen og Ærrålen, må vi også merke oss at arinn «eldstad» i gammalsvensk heitte arin, men også omlydd ærin, seinare äril.

Elles har det seg slik i Andøy-mål at suffikset –ål syner samanfall av norrønt –ill, -all, -ull, jf skåttål < skutill, tåmmål (tommel)< þumall, tennål < þinull. Det kan i samband med jǫtunn > jøtul nemnast at forma jøtul held seg i stadnamn i Sømna, ulikt jøttel på Anda, jyttel i Bjarkøy og jyttål i Sandtorg (Hm. 1960: 436 o.a.). 

I lokal folketradisjon vart namneforma Harrånen assosiert med gno. hǫrund n (f) «lekam /legeme, kropp/kjød», her især i tydinga mannslem. Parallellnamnet Karen og méda «Karen i Reva» (Håløygminne 1962:38 og 80, 1963:198) burde fjerne fjerne all tvil, men det viser seg i ettertid at det er nærmare Andenes at ein fallosforma formasjon er å finne. Denne og Sverigetinden alias Keipen Harrålen og Harrånen vsa Arrålen og Ærrålen må haldast frå einannan, er det likt til.

Denne fjellformasjonen på Andenes-sida av Klæva blir kalla Pipekjerringa, men det er svært liten tvil om at det må vere denne som blant gamle fiskarar vart kalla Karen i Reva |»revva|.

Namneleddet Har- (kort a) i tyding «stein(grunn), berg(grunn)» er utbreidd her nord, sjå litt seinare. Med tanke på at fjellet er snautt og steinfullt kan Harrån utvikla frå *harron(d)<*harund få meining, sjå døme på det lenger fram, men mistenkeleg er at namnet ikkje har fått palatal –n(d) i utlyd. Det kan vere på sin plass å spandere eit par sider på nokre namn som høyrer til lenger sør i landet og etter nordnorske namn inn i vidare samanheng. Her har Eva Nymans arbeid ‘Nordiska ortnamn på -und’ (Uppsala 2000) vore særs nyttig:

Harunda(n) er ei elv i den historisk norske bygda Idre i Dalarna. Ho kjem frå Harundsjön (= Hurusjöarna, Hörundsjöarna): «Trakten kring såväl sjön som älven er stenig … på somliga håll finns stora ansamlingar av lösa stenbumlingar. I sjön finns enligt uppgift på platsen en hel del stenar och hällar. Ån Harundan forsar over stenrammel och hällar och är särskilt i början av sitt lopp omgi­ven av veritabla stenfält» (Nyman 307 ff).

Hurunda |hurruᶇᶇa| i Trøndelag kjem med bratt fall frå Hurundsjøen i nordaust, renn forbi Horstad gnr 13 i Rennebu (af Horundzstadhum ca. 1430) og fell ut i Orkla. Nyman seier «Horunda har ett ganska snabbt, forsande lopp; ån kommer från fjällen ovanför Rennebu och rinner djupt nedskuren när den passerar in i den odlade bygden kring Orkla. Nere i ravinen forsar Horunda genom trånga klyftor och över väldiga «trappsteg» av hällar». Ho konkluderer at namnet går tilbake på gno. *Hǫrund f «den som kännetecknas av sten, stengrund» (325f), sml det svenske eller stort sett nokså samnordiske har «stein(grunn)».

I Hurunda sitt tilfelle kan òg seiast litt av det same som når det gjeld Harunda, nemleg at «trakten kring såväl sjön som älven er stenig». Der er talrike fjellknattar, Ner- og Øverknappen og Skrufjellet ter seg som markante, og Skru(v)fjellet med Skruvtjørna noko lenger sør er namn knytte til skruv m «topp, det øvste», jf no. skrúfr «hårtopp». Der er endå fleire knattar, trass i myrdrag er lendet kring Hurundsjøen kupert.

Horenda, Hårrenna |hårreᶇᶇa| kjem frå Harsjøen og osar ved Hornset i Øvre Ren­dalen (NE 108+89). Det heftar av ymse årsaker meir uvisse ved dette elvenamnet, men siste delen av elvefaret liknar Hurunda: «Hårrenna går under den senare delen av sitt lopp djupt nedskuren i en trång, otillgänglig dal mellan bergvägger.. [kan] vid snösmältning och regn växa kraftigt och föra ned sig en myckenhet sten». Eva Nyman hallar mot same forklaring her (s. 334) som for Hurunda.

Vi ser m.o.t. Harunda og Hurunda at det blir fokusert på stein i elvefaret, men at berglandskap samtidig karakteriserer kjeldesjøområdet. Her skal ein merke seg, attåt den nordiske etymologien *hǫrund <*har «stein(grunn)», at ls horro (hårrå), genitiv horo tyder ‘steinvarde, rauk’, eigtl. ‘hop’ (Qvigstad 1944: nr 394). Jf horre, gen. hore: «hop (av föremål)» (oslo 60). 

Dei samiske termane minner i form og tyding så sterkt om gno hǫrgr «oppkasta el. oppmura stein-haug» at det ikkje kan vere slump, og eit samisk *horunč om eit lende som det ved Hurrunda gir god meining. Aspektet «lende med stein og berg og knausar» kjem i alle tilfelle fram der Nyman o.a. drøftar språkleg nærslekta namn som ikkje har med vassfar å gjere:

Harestad i Båhuslen går i ei mellomnorsk kjelde 1354 for Harundstada sokn, medan det i 1388 der imot heiter j Harondastaf og i Harundastad samt Harundarstafs k(ir)kia, firir Harundstaf, Harundastafs kirkia 1399, vidare i Harundastaf og j Har­undastafs sokn (Nyman: 199f). Namnet har vore mykje diskutert, og om terrenget på sjølve kyrkjestaden (i dag kalla Kyrkeby) blir det sagt: «Upp mot nordost sträcker sig flera långdragna bergsformationer, som riktar sina rundade ändar mot det slätare området vid byn och kyrkan. Det är alltså inte fråga om endast en sådan terräng­formation utan om flera» (Nyman: 212).

Det har rådd tvil om hovudleddet i Harund(a)staf var stafr eller staðir, men namnegranskarar flest hallar til det første. I dei mlno kjeldene er gen sg Harundar– unnatak, vanleg ordføying er gen pl Harunda-, og ein kan då i samsvar med topografien legge *harunda- «område med knausar» til grunn for namnetolkinga. 

Kartskisse over strandkonturen på staden viser at ved 5 meter høgare vasstand blir Nordre älv ein fjord med ei smal vik (ein os) på nordvestsida – opp mot området nordaust for kyrkjestaden som rime­leg nok er ei gammal båtlending, det kan òg forklare kjeldevaklinga staf/stad: (båt)stø blir i svenske dialektar til stad (de Vries) medan ordet i samiske former staðfo, starfo, staffo går tilbake på urnordisk *staþwó. Då er Harundastaf truleg ei «sementert» alderdommeleg namnelaging, isolert frå språkutviklinga elles.

Eit heimlegare namn skal i denne samanhengen nemnast, Harodalen i Saltdal: I flg. Qvigstad er det samiske namnet Hārō eller Hǽrō (lang æ). Inner-enden av dalen mot sør, oppunder det mektige  Steinfjellet (Gierggetjåhkkå), heiter Hārōgiera. Der er Hārōjåhkå = Haronelva som ein bekk kun, lenger nord er dalen vidare og elva større, med humpar i rad: Harodalshågan (nær dalen), Kvassteinhågan, Kvassteinheian med Harontjønna tett vestom (Qv nemner ikkje tjønna),  Kvassteinryggen  lenger aust, m.m.fl. Haronelva skaper eit særmerkt delta der ho fell ut i Kvitbergvatnet, men det er vanskeleg å finne noko ord for delta (øyr) som går naturleg saman med Haro.

Hārō, Hǽrō minner om har, hær «steinmark», slik sett høver namnet for heile snaufjellområdet (dalen òg), men det ville også eit nordisk *haron(d) < *harund gjere. Kartnamn-formene Haronelva og Harontjønna er helst ss gen Haron-. 

På svensk side har dei eit problematisk fjellnamn Árran-oajvve i Jokkmokk (oajvve: hovud). Björn Collinder nemner her árran «eld­staden i kåtan», men òg ein variant Áran- og gir då som samisk tilleggs­forklaring at «ätna ára lä tanně»: marka er steinut der. Han seier òg, om árran (nordisk arinn, árinn «eldstad, gruve»), at dette folkeetymologisk synest å vere knytt saman med ára «stenör, med småsten täckt mark, moränlager, blockmark …. tämligen jämn grustäckt steril mark uppe i fjäll nedanför topparna, där jöklar nyligen delvis har töat bort och där renarna brukar stå när det är varmt om sommaren» (oslo 1964: 51). Collinder har tilmed aron som eiga tilvisingsform av det same áran (istf. árran). Ikkje nok med det, ára «steinmark», gen árraka kan førast attende til urnord. akkusativ *haruɤa av ordet som i norrønt lydde hǫrgr m: stabla eller oppkasta steindunge. Sjølvsagt interessant i samband Harrånen og då især fangstgjerdet der.

Nemnast bør at arinn «eldstad» i glsv lydde arin, men òg med omlyd ærin, seinare äril. Påfallande blir då at fjellet på Ytter-Anda heiter både Arrålen og Ærrålen. Det ser då ut til at det gamle arinn (árinn), árann ved ‘folkeetymologi’ ovrar seg i to fjellnamn frå Jokkmokk og Andøya som begge går på steinmark?

Uttalerett namneform Harrålen, Harrån(en) må i alle tilfelle vurderast for seg. Det har truleg underordna interesse at folk assosierte ho med det omtalte «populære» hǫrund. Elles har visst Nordland ikkje reint få stadnamn som kjem av gno. hǫrgr, der g-en forsvann i uttalen kom iblant såkalla «erstatningsforlenging» av vokalen, slik at hor(g) blir til hår- med lang å.

Om fjellet på Andøya heiter det i alle tilfelle aldri *hårrånen, *hårrålen, vi må nok tenke beinveges på har (steinhar) «steingrunn»: Nordland har så å seie ein grøde lokalitetar Harhågen og Harvollen (alltid kort a) som er stein- eller bergrike, det gjeld også for stader som heiter Harbakkan, Harvegen, Haråkeren. (Ein evt. uttale med lang a og tjukk l måtte derimot peike i retning adjektivet hard.) Det ser såleis ut til at vi for Harrålen tør rekne med ei opphavsform *har-all med har i den tyding som nyss er nemnt: Js shetlandsk harel «»knudret og ujevn klippegrund».

Fjæra på Bø på Andøya med knausen Harhågen på strandflata til v. og ute i sjøen til h. Harhågklubben.

Alternativt kunne Harrålen vere samansett av har + gno. áll «rand, stripe»; det siste ordet har vore lagt til grunn for tolkinga av bygdenamnet Ål(en) i enkelte tilfelle. Men det blir langt dristigare, for den einaste overtydande randa eller stripa er i så fall det menneskeskapte steingjerdet, og andre ål-namn på våre kantar går på áll = «djupål» (i elv eller fjord), noko som sjølvsagt er uaktuelt her.

Det er alt nemnt at namneleddet Har- (kort a) i tydinga «berg(grunn)» o.l. er utbreidd her nord. Det bør òg nemnast at ei sideform Her- (oftast med kort æ) i same tyding òg er vél kjend. Gode døme er Herøya i Steigen + Tysfjord og i Narvik Hergòt, språkleg og historisk rett Hergòta (hærrgåtta): Ein eldgammal stig fører frå Hergot- gardane og til fjells, i sørkant berglendet ovanfor. Det er ein klar parallell til den steinute Harvegen på Hadseløya (der dei også har Sandgòta). Hernes i Bodø har no fått urban leseuttale med lang æ, men oppført kort æ i NG er truleg det historisk rette.

Hestad el. Hæstad gnr 51 i Dønna er hos Aslak Bolt skrive Herstadom, seinare forsvinn r-en i kjeldene. Tradisjonell uttale lyder nærmast som «hæstæ, jf då skriveforma «Hesta» og «Hestha» så tidleg som 1567 og «Hestan» 1647. Området er særs bergrikt, men det gjeld eigentleg for mange stader på Dønna.  

Herstad gnr. 10 i Meløy er nok eit nærslekta namn: Uttalen er «hærstæ, men med tydeleg rs. Gamle skriveformer er Harestaid, Harestaad 1567, Hare-stad 1610, Harrestad 1614, 1647, 1661, Harestad 1723. Samanlikn gnr. 3 i Meløy, Harfjell (kort a?) skrive Hareffieldt NRJ III 166, Harrdfield, Haerdfielld og Herdefielld 1567, Hardfelltt 1614, Harrefield 1647, Harefield 1723. (Garden har namn av Harfjellet el. Tinden).

Jf vi dei to gardsnamna frå Meløy, særmerker Herstad seg ved å ha heitt Harestad før (etter alt å dømme med kort a). I tilfellet Harfjell er skrive-formene meir sprikande, men Rygh tvilar med all grunn på tolkinga «hardfjell»: Ikkje berre uteblir då forventa «tjukk l» for rð, men i tillegg er her kort a (lang a opplyst i NG er ikkje korrekt).

Langt grundigare vurdering av her vsa. har kunne nok gjreast, men med eit større namnemateriale. For dei fleste er det meir interessant om Herstad i Meløy (historisk Har(e)stad) eigentleg er dss by-namnet Harstad? For dette finst skriveformer som Harrestaa 1567, Harrestad 1614, i bra samsvar med dagens uttale med kort a. Heller ikkje Harstadom DN VI 228 eller Harstad hos Olav Engelbrektsson taler imot ein historisk kort a. Det store unnataket er vid Hardstada, af Hardstadom i AB 100: Rygh held seg til det og les Harstad som *Harðarstaðir, til mannsnamnet Hǫrðr. Vi har ikkje fasitsvar, men etter dagens kunnskap er det rett å vere skeptisk til personnamn-funderte stadnamntolkingar når terrengbaserte forklaringar er passar betre.

Dei eldste skriveformene vi har av gardsnamnet Harfjell i Meløy, Hareffieldt 1521-22, og Harrdfield, Haerdfielld, Herdefielld 1567 og Hardfelltt 1614, er så sprikande at vi kjem i eit uføre dersom vi ser bort frå den tradisjonelle uttalen og ved hjelp av dei prøver å finne ei anna og meir opphavsrett skriveform enn Harfjell(et). Naturnamnet Harfjellet i Rana seiest heller ikkje med tjukk l, så vidt kjent.

Harstad-namnet vedkjem 3-5 matrikkelgardar, alt etter korleis ein vinklar og vektlegg saka (NG 17: 21). Vi kan altså mykje vel ha med eit ekte staðir-namn å gjere, men sg stað i tyding stø, lending, båtplass melder seg sterkare for tanken dersom gnr 61 Harstadhamn er det primære.

Namneleddet Har- (kort a) i tyding  «stein(grunn), berg(grunn)» er utbreidd i nord. Med tanke på at fjellet på Ytter-Anda er snautt og steinfullt kunne Harrån utvikla frå *harron(d) <*harund gje god meining, men påfallande er det at namnet ikkje har fått palatal –n(d) i utlyd då.

Naturlegvis veldig interessant i samband med fangstgjerdet på Harrån(en), men i første rekke ventar vi ein slektskap mellom *haruγa, aron og Haro(n): «Gerade bei den ältesten Lehnwörtern wird das anlautende nord. h bei der Übernahme ins Lappische oft weggelassen», nemner Tryggve Sköld (1960:50), med vising til J. Qvigstad. Men i tilfellet Haro(n) har altså h-en halde seg i uttalen, medan uttalevariantane av fjell-namnet på Ytteranda både lyder Harrån(en), Harrålen, Arrålen og Ærrålen.

Den mest? tradisjonerette namneforma Harrålen, Harrån(en) må vurderast for seg, kor som er, og det er av underordna interesse at namnet vart assosiert med det omtalte «populære» hǫrund. No har Nordland ikkje reint få stadnamn som kjem av gno. hǫrgr som det fører for langt å omtale her, men g-en har falle bort i uttalen, då inntrer iblant såkalla «erstatningsforlenging» av vokalen, slik at hor(g) blir til hår- med lang å. Men om fjellet på Andøya heiter det i alle tilfelle aldri *hårrånen, *hårrålen, så vi bør nok heller tenke beinveges på har (steinhar) «steingrunn», især av di Nordland nesten kan seiast å ha ein vrimmel av lokalitetar som inneheld det førsteleddet. 

Nyredigert etter Håløygminne 2008

Vikran

Namnet Vikran har ein eigen nordnorsk klang. Bø har uvanleg mange lokalitetar som heiter så, og Sømna har Småvikran som liknande «varemerke», men forstår vi desse namna?

På Auvåg i Bø er områdenamnet Vikran nokså uklart definert. Dei har Gullvikrberget (vel 40 m høgt) og så Vikrvågen, med Vikrholmen  nedom. På austsida av den vågen, framfor ein haug kalla Aspan (vel 40 m høg) stikk Vikrhaugan med Vikrodden ut, og austafor odden ligg Sørvågen, ei vik for seg. – Held vi Sørvågen utanfor av di han står i klar motsetning til Nordvågen, er det nokså uklart kva fleirtalsforma Vikran viser til. Gullvikran er mindre kjent enn Gullvikrberget. Lokalitetane typisk for området er ikkje vikar, men hamrane og humpane Gullvikrberget, Aspan og Vikrhaugan, og Lynghaugen attåt.

Vikran på Snarset er heller ikkje eit klart definert område, men tett på nordsida av Sjøvegen ned til Sjølandet ligg Vikrvollen, med små bergknattar, og på nordsida av Vikrvollen og på sørsida av Sjølandet er det ei grunn vik. Området Vikran omfattar venteleg alt i hop. Der er eit par grunne vikar.

Lokkøyvikran er formelt gnr. 13 bnr. 23 + 29 i Lokkøya, tett inntil bruket Merket på Snarset. Nedom hovudvegen er eit kupert område med ein del bratte haugar, mange med hus på, og langs stranda i den utgrunne fjæra vest for Snarsetvågen ser ein fleire ørsmå vikar som fell tørre.

Vikran i Litløya er ei bergrik lita halvøy tett sørom Finnvika, kan det sjå ut som, men i retning aust-vest går ein bein strandskråning med lyst berg, og til den sluttar seg det som tradisjonelt heiter Vikrvågen |»vekkervå:gen|. Lendinga som kjem fyret til, fekk i nyare tid namnet Fyrvika. Austafor Fyrvika kjem Håkjerringvika med sine bergkliper  og oddar, før Purkholmvalen. Meir samnemnt går baiet nordom Tennholman – Purkholmen under namn av Purkholmvika.

Under omtalen av hovudpartar på Fjærvoll skriv Arve Elvik: «Den nordvestre delen, mot grensa til Føre og ned mot sjøen, har alltid gått under navnet Vikran. Da det også er en part i Føre som kalles Vikran, er Fjærvoll-vikran og Førevikran blitt brukt som navn. Det er vanskelig å si når det blei fast bosetting her, men vi veit at like etter jord­skiftet i 1883-86 slo husmannen Johan Ellingsen seg ned her. Oluf Sakariassen satte opp stua si her i 1888, men hadde da en stund bodd i en båtgamme. En part av Vikran gikk under navnet Gjerdet. Her var det satt opp et steingjerde på det smaleste ut mot Klubben. Dette var i gammel tid beitemarka for grisene, kanskje sambeite for alle bruk» («Gårdshistorie Bø» b. 2 s. 220).

Her får vi godt inntrykk av knausane neri Vikran i overgangen Fjærvoll – Føre i Bø.

I dagleg tale på Fjærvoll og i Føre er «neri Vekran» fast seiemåte. Det gjeld området frå og med Gammelgården ved Langskaga i nord og sør til Melvollvegen forbi Gaza i sør, men vikar er det dårleg med, anna enn ei utgrunn og urein bukt attmed Langskaga. For mange år sidan grov dei ut ei lita småbåthole utafor der, dei hadde inga eigentleg vik å ta i bruk. 

Det største særpreget for Fjærvoll- og Førvikran er knausane og knattane nede ved Gammelgården, og Melkarhågen, Litl-Jarberget og Jarberget, ein lang og bratt hammar, Tiphågen og Rophågen. Aller ytst og litt langt unna ligg Fjærvolllubben.

Vardvikran i Hovden i Bø er eit område med flis-berg med enkelte små kliper imellom, i sjøkanten tett sørom Grindvika og nedom Varden, og på grasmarka ovanfor finst låge lange bergrabbar. Å kalle Vardvikran vikar høver ikkje, Grindvika er den einaste vika.

Vikran el. Vekran rundt i Bø er altså ei namneform som gjer ganske seig motstand mot sikker tolking. Terrengordet vik f, flt. vikar, bunden form vikan(e) kjenner bøfjerdingane godt pga. gardsnamnet Vikan og eit seint tilkome namn «Vikanfjorden» = Straumfjorden, sml. også Vikan og Vikabukta på Andenes kontra gardsnamn som Vik i Hadsel og Sortland.

Gammalnorsk hadde også ei fleirtalsform víkr. Ho høyrer målsoga til, ikkje eingong Ivar Aasen fann spor etter ho i nynorsk talemål, men i stadnamna blir saka noko annleis: Faktisk finst det i Gisløya i Langenes nokre grunne små vikar som heiter Vikern. Same forma er kjend frå Borge, Flakstad, Moskenes, Værøy og fleire stader på Helgeland og på Trøndelags-kysten. Noka eintalsform *vikr  er ikkje påvist.

Dialektal tenkepause. 

Her er tida inne for ein tenkepause: I vår daglege tale held vi – når vi ikkje slepper inn bokmålet – utan store vanskar orden på ord som rendern’, sengern’, tengern’, like eins glørn’, klørn’, tern’ (tærne) osv. Vanskelegare blir det når eit ord av ein eller annan grunn har forsvunne frå dagleg tale: Tradisjonsrett bøying av t.d. ei spong (plate, bru, beslag) er spenger i flt., og steinradene frå Forøya til Søberg kalla dei Spengern‘ før, men så vart det «Spengran», som dei også seier om tilsvarande naturbruer i Skagan, i Lokkøya og på Ramberg. På siste staden kan dei òg seie «Spengerten»! Spenger om slike formasjonar er vanleg også i Lofoten, så som Spengern inst på Spengerleira på Ramberg i Flakstad, «Spengeren» på Storeid i Buksnes og normalisert Spengene på Sand i Borge, men ein annan stad i sistnemnde bygd i forma «Spengran», heilt som i Bø.

Også eintalsform Sponga blir nytta som namn i Lofoten og Hadsel, men då sjeldnare. Det ser til at bruken av spong, i flt. spenger som terrengord er geografisk knytt til Lofoten og dei to nærliggande Vesteråls-bygdene Hadsel og Bø. På Helgeland er det forsvinnande få stadnamn der ordet inngår.

I Borge kan fleirtalsform av tronga (= trong stad) lyde både Trengern‘ og «Trengerten», forvansking til *trengran finn ein ingen stad der, likså lite som t.d. *sengran for sengern.  Då annleis med tåg, flt. tæger: Grunnane Fakstægern‘ i Hovden har namn av leia Faksen i Hovden, men dei figurerte lenge som «Fakstegen» på karta, jf. at ved Ytterholmen i Vega finst Tægern‘ som skjernamn og Herøy har Tægerskjeran. På Dyrøy fastland i Troms finst eit linamn «Tægran». Vestvågøy har for sin del både «Rød-» og «Røyrtægran», derimot er *tægerten så vidt ein veit ikkje påvist nokon stad.

Vi held orden på henkern‘ som flt. av honk, langt meir ugreitt har det blitt med det utgamle dronk «stor stong, lita sperre»: på Andenes og i Brønnøy er skjernamnet Drenkern‘ flt. blitt til «Drenkan», og ein stad i Nærøysund «Drenken»  – til dels så på Andenes med – men ein annan stad i Nærøysund er namnet skrive «Drenkeren», og sanneleg hadde andenesværingane uttaleforma «Drenkerten» òg!

Vikran nordom Nøss, Andøya. Kartverket.

Ukjent i vår daglege tale men ikkje i namnebruken er drægern‘, flt. av ei dròg «tange med sjødrag», iblant skrive Drægern uttalerett (som på kart over Lurøy), men *Drægerten er ikkje påvist. Det siste i kontrast til Grøpern, flt. av grop f., som er blitt  til «Grøpperten» to stader på Andøya – i Sørfjorden i Sortland derimot Grøppern, litt meir normalisert Grøpern i Brønnøy og Åfjord, jf òg Mosegrøpern i Værøy i Lofoten. Vi veit no at formene Drenkerten, Grøpperten, Spengerten og Trengerten alle finst, fleire av same slaget er tenkelege (sml. «Gimsøy-målet» s.177). Vi kan slå fast at formene *drenkran, *drægran , *grøpran og *trengran er ukjende i flt. medan «spengran» og «tægran» finst. 

Lydleg liknar den nye fleirtalsforma «Spengran» flt. av finger, lekter og spiker (uvedkommande ord for øvrig), og det målførerette spengern‘ skulle vi tru hadde halde på same bøying som sengern‘, eit ord som ikkje er blitt omskapt. For «tægran» gjeld at flt.-forma er lydleg lik flt. av uvedkommande) ord som beger, jeger og læger. Ettersom mykje av dette er langstrekte, smale formasjonar kan visst assosiasjonar med det kjende terrengordet ra ha hatt noko å seie i tillegg.

Konklusjon: Generelt vil flt.-eirtalsendinga –ern(e) i talemålet, som er utan stønad i skrift, for lett bli mistydd som bunden hankjønnform eintal –eren: Då dukkar fort nye, men akk o ve så hjelpelause fleirtalsformer opp: Fjellpikane Søstern‘ på Bleik er blitt «Søstran» på kart i nyaste tid, Søstrene er det rette, skulle ein absolutt normalisere. Terrengorda Grefstern’, Kliftern’ og Klimbern’ kan òg få ny flt.-form på «-ran» istf. systemrett -ern’,  normalisert  -ene.

Spesielle refleksjonar knytt til Vikran. Ubunden fleirtalsform av gno. víkr var som nemnt både víkr og víkar, i b.f. víkrnar, víkarnar.  Dialektisk nyno. flt. Víkern’ og Vikan’ er altså regelrett, og det var vel den første (eldste) forma Vikern som ureflektert vart oppfatta som ei eintalsform på –eren, så ny fleirtalsform Vikran oppstod? Temmeleg gåtefullt er det likevel, for den tid vikern‘ var «modent for utskifting» skulle vel den yngre forma vikan ha sklidd inn, når ho alt var i vanleg bruk. Kva har gjort at formene vikran |»vekkran|  vekran «beit seg fast» ved sida av?

I nokre tilfelle viser det seg tydelege innskjeringar i strendene dersom vi med tanke på landheving fokuserer på 5- eller 10-meterskoten, men det er å flytte Vikran-namn attover i tid. Då i motsetning til Oluf Rygh som seier bl.a. om Vikran i Brønnøy (skrive Wicherne endå i 1723) at namnet «synes at maatte være Víkr, Flt. af vík f., Vik, hvori den gamle Flertalsform har holdt sig med senere Tillæg af den best. Artikel»: Her peikar han fram i tid. 

Lokalitetar kalla Vikran er vanlegvis perifere, har sparsam jordveg og er sjeldan er matrikkelgardar – i klar motsetnad til gardar som heiter Vik.

Nokre lokalitetar kalla Vikran kan ha relativt store innskjeringar, jf Vikran på Inga i Måsøy og Vikran aust for Ryøya i Troms, og Vikran i Sandsøysundet sørom Fenes (Harstad), vidare i Hamarøy, Lurøy, ved Mosseim i Brønnøy, og i Steinkjer. Det er i den gruppa vi har Vikran som namn på buplass, bruk (sjeldan gard). Bruket Røyrvikran i Brønnøy er ei lita vik, men fleire spisse bergoddar. Vi nemnte òg Vikran ved Fenes i gl. Bjarkøy: Nordom desse kjem Offervikran der det er flust av bergoddar, mindre av vikar, og Tennevikran nordafor desse igjen er berre ei bergrik strandstrekning.

I det heile får ein kjensla av at Vikran tidt er namn på små vikar, som Vikran i Hamnvåg (Balsfjord), i Lokkøya, vestom Lappvika i Hadsel og på Kalsnes – småtteri alt i hop! Vikran på austsida Lundøya i Steigen er ei ubroten strandstrekning, temmeleg lik austsida av Godøya i Salten. 

Murvikran i Helligvær er små vikar mellom oddar, mykje til vik er heller ikkje Vassvikran i den same øygruppa. Aller mest «vikfattig» er nok Vikran på ein tange i Saltdal. Vikran på sørsida av øya Løkta i Dønna er små, Hestvikran i Dalsvågen er mest berre ei bergfull strandstrekning, så også Vikran i Nesna og Rødøy og Elsfjord, endeleg også Vikran lik Torgvikran i Brønnøy.

Andre «vikrar» er ekstremt utgrunne, som Vikran i Vega, Hamarøy og eit par stader i Tjeldsund, lite likare er Vikran på Snarset og i Lokkøya i Bø, heller ikkje Forrvikran på Ålstad i Steigen, Hamnvikran i Bliksvær, Midtgjerdvikran i Brønnøy el. Rotvikran i Vega:  berghumpar, kliper og hamrar er bortimot regelen. Med små avvvik høver merkelappen òg for Kråkvikran i Bindal, Merravikran i Brønnøy, og for Hestvikran Rødøy (Rangsundøya) og Evikran  nord på Sandsøya i Troms.

Det «overtydelege» namnet Småvikran om slike stader (bergfulle strandstrekningar med kliper innimellom) er ovgjengs frå Inga i nord til Brønnøy i sør. Det er aldri tale om *storvikran. Derimot kan Småvikran og Vikran iblant forståast i motsetnad til Storvika eller Vika som namn på nærliggande lokalitetar, men namn av just den typen er altfor vanlege til at ein kan legge mykje i kontrasten.

«Sortering» av vikar og vikrar fører altaså ikkje til mykje oppsiktsvekkande i og for seg, anna enn at der kjem fram kjensgjerningar som fortonar seg uforklarlege og litt plagsame: Vikran i Hasvik er berre tronge kliper mellom trauste bergoddar, og Vikran på Edøya og Håja og Sandøya i Troms har også nøgda av bergkliper og tronge småvikar, mellom framskotne hammarnes. Vikran tett vest for Straumen i Kvæfjorden har òg meir berg enn vikar, knausane i Vikran i Føre-Fjærvoll og i Litløya i Bø så vel som Vardvikran er alt nemnde. Vikran på Kalsnes i Hadsel er ein svært uslett haug med ein hammar i søre enden med sjølve den grunne Vikrbukta (Vikker-) ligg sørom hammaren igjen. Strætvikran på vestsida av Barøya i Ofoten er berre skjer og ureinske, kliper og hamrar. Vikran i Leirfjord er bergkliper mellom solide hammarnes (men små i høve til Sundhammaren tett nordom). Vikran to stader i Vevelstad er meir bergoddar og hamrar enn vikar, og hammar-oddane i enden av Vikrfjellet ved Torgvikran i Brønnøy er mektige, medan vikane er små. Finnvikran i Rødøy har ei bukt, men på landet tett innafor ligg parallelle, smale bergryggar tett. At sprik mellom landskap og namn viser seg på så mange stader, fører til det ein kunne kalle «kategorisk» kattepine.

Kjem der inn eit samisk ord? 

I ein slik samanheng kan det knapt vere slump at det sørsamisk ordet for hammar er vietjere (ie er lang i), med litt anna rettskriving viedjere: Norsk-talande kan nok ha oppfatta ordet som identisk med gno. víkr flt. «vikar». Ganske merkverdig blir det då at ein bakke i Kamøyvær i Nordkapp heiter Vikran. – Vikran på bein strand i Sørreisa synest vere eit berg, medan Vikran i Hillesøy er hamrar, i skarp kontrast til vikane aust- og vestafor. Merk at Vikran på Myrlandsstranda i Hadsel òg er hamrar i fjellsida, medan Hammaren og Vikran i Saltdal ligg på kvar si side av ein smal tange. Vikran på Holkestad og på Myklebostad i Steigen har lite av vikar, men flust av bergryggar – Heilt utan vikar er Kjerringvikran på Sperstad, Rødøy, eit vidt område med lange bergryggar. 

I Herøy ligg Vikranhammaren ut mot hav, Vikran i Brønnøy har Vikrhammaren mot Tilrem. Merk at på Helgeland er regelen at Vikran har ein uttale med lang i, liksom Vikern og Vikan. Frå Salten og nordover blir det gradvis meir vanleg med uttale Vekran, kan hende av di vīkr– var ei overlang staving som i vårt dialektområde vart forkorta? Det er likevel påfallande at dette kunne skje i fall meininga vik låg klårt i dagen, for som nemnt finst namneforma Vikern’ òg i Lofoten og Vesterålen, med halden lang i.

Kjem Vekran snarare av regionale former av det samiske terrengordet, lydleg tilpassa norsk? Kan nemne variantane sørsam. vietjere (også  –are),   umesam. vähtjèra(?),  pitesam.+lulesam.  vähtjer, nordsam. veahčir eller sjeldnare. veažir (det siste oftast om reiskapen hammar).  

I nordsamisk finst det talrike døme på veahčir lik «berghammar», i Sverige har dei både namn som kjem frå sørsam. vietjere så vel som nordlegare viehtjer og vähtjer. 

Om skoltesam. veäččer, inarisam. veeččir eller kildinsam. veežar finst i stadnamn er ukjent, men det nokså avvikande Veašenjàrga for Hammares i Nesseby er jo interessant, og endå meir at gnr. 25.12 Hammaren = Veahčir i Talvik er registrert 1778 i såpass påliteleg samisk uttaleform som Vædkier: 

Terrengordet må på eit stort nordnorsk målføre-område ha blitt vekjer, av di «enhver gammel æ eller åpen e er gått over til lukket e foran palatal», t.d. dreggjen, sekkjen, kleggjen («Gimsøy-målet» s. 145f). Dette gjeld også for vækje «jente», når vi seier vētkja, veikj(e), men i Salten vētkj‘ el. veitkj’. Innlånet «vekjer» for væččer «hammar» (i nyare rettskriving veahčir) har dessutan vore utsett for påverknad frå norske ord som veke (gn. vika) og vekkja v. 

Om regionale former av den samiske terreng-termen også fanst i eintalsformer i norsk tale er uvisst, når veahčir, vähtjer, vietjere om hamrar nesten «inviterte» til å bli forstått som ubundne fleirtalsformer, på line med norrønt fingr, spengr og víkr (alle ub. flt.)

Vi skal gå nærmare inn på ein del stadnamn, frå Trøndelag av: Vekkerøya i Nærøysund er berre hamrar, i Kjerringøy har dei Vekkarskardet  med bratte hammarfall. I Kaldfjorden i Troms finn ein bruksnamnet Vikkernes (også Vikkarsnes), kalla så etter den 365 m høge åsen Vikkaren  austafor, ein hammar som smalkar av i nord. 

For Vikran aust for Ryøya gjeld at samiske namn i flg. Qvigstad er Vik’karak: Hammarformasjonane er i det tilfelle synberre ved Vikran småbåthamn (Holmen). Om vi skal oppfatte Vik’kar– som heil- eller halvsamisk form skal vere usagt, men –ak er iallfall fleirtalsending.

Vekkar- i dei første namna skil seg lite frå uttale-varianten Vekran, men Vikkaren avvik meir frå det forventa nordsamiske veahčir. Sistnemnde står gjerne for meir ruvande formasjonar enn hamrar, sml. Veahčer om Årbostadtinden i Ibestad, og Veahčerčohkka = Veahčer nær Løksetinden i Salangen, attåt ei dryg tylft Veahčer-lokalitetar vidare nordover heilt til Sør-Varanger. Ikkje få har norske parallellnamn på Hammar-, enten det er tale om ruvande fjell eller av og til meir smålåtne formasjonar.

Den utbreidde namneforma Småvikran, er nemnt før, dei på Inga i Finnmark lengst nord. Alle stader er det hamrar og berg, ingen imponerande store, men vikane er endå mindre, så Småvikran kunne vere endefram omsett av sørsamisk vietjieradtje «liten hammar» (= «wettjerats», Lex. Lap.) med suffikset –adtje = –ats. At eit tilsvarande nordsam. *Veahčeraš el.l. kan påvisast er eit ope spørsmål, men eit evt. *vekkjerasj kunne ganske sikkert også bli fornorska til Vekran utan mykje om og men.

Liknande namnebruk lenger sør?  Under ei snau berghei i Fyresdal i Telemark ligg Vidkjærliane. Namnet minner om ss vietjere, mesta som ei omkasting av det før nemnte ns Vædkier. I Nissedal kan Vitjaråsen som namn på ein ås med bratt nordkant kallast «heilnorsk».

Sparbu i Steinkjer har garden Vekre |»vækre|, skr. af Veikrene på 1400-talet, men i 1626 Weckerre og Wecker! Oluf Rygh tolkar det som eit -vin-namn Veikrin. Tvilsamt er at det har stort med veik adj. «svak» å gjere, slik han meiner, men interessant er at Øvre Vekre, d.e. øvste delen av namnegarden Vekre, ligg på ein knaus: Rygh samanliknar sjølv namnet Vekre med Vækkerø i Aker (no i Oslo), og med Vækkeren i Hole i Buskerud. Gamle maleri o.l. frå Vækkerø syner at der fanst ein stor hammar; enga i Hole ligg tett ved den bratte Hurumsåsen. Berre så også det er nemnt, i Kosterhavet utanfor Tanum i Båhuslän ligg Väcker, ein hammar i opne havet.

Vekkje |»væᶄᶄe| i Lom ligg under Marsteinhåmårn: Ei rad førreformatoriske skriveformer av gardsnamnet gjer at Rygh ser på Vekkje som vin-namn, utan ei sikker tyding. Merkeleg og problematisk er skrivemåten Vekrinn 1520, den einaste som har r. Kan desse namna ha anna forklaring enn at dei er fornorskingar av eldre variantar av dei omtalte samiske orda for «hammar»?

Hammaren til å tromme på runebomma med heitte på lulesamisk viehtjer, ganske likt sørsam. vietjere – men det vanlege lulesamiske ordet for hammar er like fullt miehtjer: At ein rund haug eller berghump nær Skarmunken i Troms heiter ‘Mekkeren’ og ligg på Meahkirnjárga er eit enkeltilfelle, det er mykje rarare at vi langt sør oppdagar ei rad liknande, relaterte til hamrar: Mekjeretjønna ligg mellom lange bergryggar på Bømlo. Rike på hamrar er òg Mekjervågen (Flekkefjord), Mekjerøya (Bokn), Mekjesholmen (Kvinnherad). Namna kan òg ha norskare svip: Mekkjarevik (Haugesund), Mekjarvik (Randaberg) og Mekjavika (Suldal). Bør òg «Mekjerringbakken» på Leka takast med?

Fleire forgreiningar? Namneveven er intrikat nok som er, men han er ikkje fullendt. Lat oss iallfall forenkle stavemåten vietjere og skrive vitjer «hammar», som nok langs nordlandskysten vart oppfatta som «vikjer» og assosiert med norrønt vikr f. Som vi så smått har fått aning om, kan vetjer (samisk. væhtjer) tilsvarande ha blitt lydleg oppfatta som «vekjer», så i analogi med no. finger / fenger o.l. oppstod det nylaga norske fleirtalsformer vikran / vekran.

Lærerik er kanskje ei samanlikning med namnet Bitterstad i Hadsel er lærerik: På Bitterstad har dei Tægan med Bekkdalen, og attom det rare «af Bitrexstadom» i Aslak Bolts jordbok ca. 1430 aner vi sannsynlegvis *Bekkjertægsstad. Forvanska er «Botilstad» 1567, derimot ikkje Bechestad og Beckestad fleire gonger i tiåret 1610-1620, attåt Bete-, Bette- og Bethestad. Frå 1661 rår skrivemåten Bitterstad, utt. |»betterstā|. Den sannsynlege opphavsforma, pga. lendet, er gno. *Bekkjarstaðr, seinare bekkja- > betkje- > bette- > Bitterstad; det minner halvt om at saltværingar seier vetkj‘ eller veitkj‘ for jente. At r-en kom inn att er «reparasjon», jf *Arnsteinset > Asteset > Asterset i Bø.

Kva som ville skje under fornorskinga av formene vetjer og vitjer etc., på stader langt frå havkanten der det ikkje var sjølvsagt å assosiere med vik? Gjennom norsk uttale kunne vetjer– bli vekkjer– og sistpå vetter-, slik bekkjar– > bekkjer– vart better– i namnet Bitterstad.

Fjellet Vetran mellom Strandby og Bø i Senja har synbert lange hamrar, det har òg bruket Veitran i Vassbygda, Brønnøy. Tilnærminga gir òg meining for lendet på Vetreeidet i Nissedal og Vedremark  i Farsund (skrive Vetter– år 1612, 1619), vidare for Vetrehovden i Osterøy. – Så er halvøya Vetterøy i Kviteseid ein knaus, det minner om Vetterøya i Helligvær, Bodø: Saktens har mange av øyane der ute hamrar og knausar, men namnet Hamran  er berre å finne i sjølve Vetterøy-garden.

Matrikkelgarden Vettre i Asker (Wetternn 1617) ligg på ein knaus på flatland, og der er ein endå større knaus nær Vettre-bukta nedanfor. Områdnamnet Væteren ved Væterkollen i Flå i Buskerud gir også grunn til ettertanke, bl.a. fordi det samiske lende-ordet synest manifestere seg i sikker eintalsform her, til skilnad frå det vi kan påvise nordpå. Jf i alle tilfelle dei før omtalte namna Väcker, Vækkeren og Vekre.

Andre samiske innslag i lokal namnevev

Eit opphavleg samisk? Vekran i Bø sviv ikkje i eit språkleg vakuum: Vekran på Auvåg kan koplast til det samiske gardsnamnet, og til Gullvikran (gull- <sørsam. golle «snevring eller lita kløft mellom berg»). Snarset-vikran ligg utom Finnhamnen, og dei i Lokkøya ligg nedom Hundhaugen (sam. unna– «litl-»). Fjærvoll har Gullberget, jf. Gullvikran. Vekran i Litløya ligg nær Finnvika og Purkholmen (Vesteråls-samisk bor’kanet: slite av), og frå Vardvikran i Hovden er det kort veg til Finnbugsanden.

Stadnamn- eller språkkonteksten er den same fleire stader: Vekran på Hadseløya ligg vest for Lappvika (labbak, lappa– «sump»), dei i Saltdal ligg utom Finnvika. Vikran i Hillesøy ligg sør for Hundhaugen, austafor Vikran ved Ryøya har dei Finnekeila. Det er neppe vanskeleg å finne fleire språklege merkepinnar eller røringspunkt.

Väcker i Kosterhavet i Båhuslen. Lantmäteriet.

Litteratur:

Knut Bergsland og Lajla Mattsson Magga, «Åarlelsaemien-daaroen baakoegærja». 

Hallfrid Christiansen, «Gimsøy-målet». 

Arve Elvik, «Gårdshistorie Bø». 

Gustav Hasselbrink, «Südlappisches Wörterbuch». 

Р.Д. Куруч, «Саамско-русский словарь». 

Just Qvigstads lappiske ordbok fra Kaldfjorden og Vesterålen. 

Oluf Rygh, «Norske Gaardnavne». 

Wolfgang Schlachter, «Wörterbuch des Waldlappendialekts von Malå». 

Alf Torp, «Nynorsk etymologisk ordbok». 

Lexicon Lapponicum. 

Nyredigert etter Bøfjerding 2021