Vitterse

Opplysningar om Vitterse i NG:

Vitterse |»vøttersen|, |-sø| Tjølling gnr 49-50 > Larvik 1049-1050: i Vittrixsyni (to gonger) ca 1400, i Asgauts Vittrissinne 1440, Vittersøn 1512, [Wittersyn 1439, etter avskrift 1703], og [Wettersiø 1320, i omsetjing 1555)], Wittherßønn og Vittherssen ca 1520, Wittherßøenn, Wethersøenn ca 1575, Witterßø 1593 og 1600, Wettersøe 1604, Wittersøe 1664, Wittersøe 1723: «en Sms. med vin. 1ste Led maa være Genitiv af et Han- eller Intetkjønsord. Gaarden ligger i Nærheden af et Tjern, og et gammelt Navn paa dette stikker mulig i det 1ste Led. Om dets Form og Betydning kan man vel neppe danne sig en nogenlunde sikker Mening», meiner Oluf Rygh.

Vitterse alias Vittersø. Norgeskart.

Det fell naturleg å fokusere på Vittersetjønna med tanke på ss vïedtere om «elvemæl», «bratt skråning mot elv», likeins «uthola elvebard», men kartet tyder ikkje på at det har så mykje for seg. Større blikkfang er nok Vittersøåsen med bratte bergfall mot vest, jf ss vietjere «hammar», nær opp til Vittersebekken som renn imellom dei to Vitterse-gardane og skjer seg djupt ned akkurat der.

Skriveforma Vittrixsyni c1400 (2 x) fortener ikkje så stor merksemd, men O. Rygh er inne på det fenomenet fleire stader, så som Bitterstad i Hadsel, af Bitrexstadom AB 99: «Bitreksstaðir er udentvivl ikke en opr. Form; men k maa her ved en meget almindelig Lydforandring være indskudt foran s med efterfølgende Konsonant. Dette synes navnlig at være Tilfælde med mange med –staðir sms Gaardnavne». 

Vitterse er neppe eit vin-namn, sisteleddet –syni, –sinne-, –søn(n)– er heller som i gardsnamnet Sønju, Synju på Øvre Eiker, skrive Sønniu c 1575 og Sinyulff 1578 og Synuff 1593, Sønnie 1621, 1626, 1661, og Synie 1723. Liksom Sønju har Vitterse mykje myr, ja endå meir, så det er tale om eit landskapsord tilsvarande ns suotnju eller suonju  (Lyngen) «flat blautmyr med starrgras, men utan tuver, bekkar eller ope vatn» (Qv 824). Namnelaginga Vitterse kan då syne fokusering på dei store myrområda – kring hammaren Vitterseåsen –sjå også omtalen av Ermese.

Sjå meir om samisk i Vestfold