Bispen

Bispen er eit ikkje uvanleg stadnamn. Det står for grunnar i sjøen, skjer, holmar, nes og anna som skil seg ut ved å vere farleg. Eller også er det tale om særmerkt form, t.d. fjellet Bispen i Rauma k. i Romsdal.




Vest for Gamvik på Finnmarka står Bispen ruvande på sin himmelhøge bispestol. Han var eit velkjend figur lenge før turistepoken. Mang ein førstereisgut vart narra til å gjere skårungstykke når den karen var i sikte. Same namn hadde eit skjer litt vest for Lindesnes: Der vart dei narra til å «lese for Bispen» eller liknande (Svale Solheim 1940: 144, 156).

Bispen i Hermannsdalen minner om biskopens mitra. Foto Herbjørn Jakobsen.

Mindre kjend er Bispen i Hermannsdalen i Lofoten, endå han slett ikkje er nokon småglunt. Det mest spesielle ved han er to omtrent like store halvdelar. Innlysande er at dei som eingong la namnet, kjente godt til kva form den særprega todelte katolske bispehuva mitra har. 

Bak seg i fjellet like over på Bunes-sida har Bispen Trollhauvet. Her aner vi drabeleg konfrontasjon eller styrkeprøve maktene imellom. På kartet er Bispen dessverre blitt til «bispelua». Det lyder som ei uekte namnelaging, for det heiter ikkje «lue» i lofotmålet.