Lote, Låte
Ei særmerkt lita gruppe sørnorske gardsnamn er Lote |»lōte| i Gloppen (no Stad k.), Lote |»lōte| i Kinsarvik (Ullensvang) og Låte |»låte| i Odda (også Ullensvang no) pluss Lode |»lōde|i Nærbø (no Hå k.) i Rogaland. Lote er òg bruksnamn i Vanylven, medan Låte i Kvinnherad nærmast synest vere ei hyttetomt på ei hylle i brattare lende, kanskje gl buplass. – I tre av tilfella seier NG’ at «Navnet er efter Formen Dat. Ent. af et Hankjønsord eller Intetkjønsord, sandsynlig *Lót-, af uvis Betydning».
Dei historiske skriveformene av dei same tre gardsnamna samsvarar godt med dagens skriveform Lote. For garden i Odda finst det eldre skrivemåtar i Lota ca 1360 (el. litt før), Louttebouw 1614, Lotte 1667 og 1723. Her aner NG samband med «Folkesprogets Lot n., Bøinings-punkt i Kjølen», dvs på enden av båtkjøl, og det lyder ikkje urimeleg. Kartets namnebruk her er elles inkonsekvent, med Låte og Låtefossen, likevel Lotevatnet. Men gjennomgåande er altså grunnordet «af uvis Betydning», ser vi.

Låte i Odda: lett er å sjå at det er tale om ein liten dal bak haugen, men husa framom.
Eigentleg stemmer ikkje det, for i sørleg sørsamisk (Herjedalen) tyder låetie «kvelv, gressbevokset dalsenkning mellom høyder eller fjell» (Bergsland), el. med litt andre stavemåtar loate, lootiè (Lagercrantz), loådie (Hasselbrink) på tysk: «ein kleines Tal .. nw. Dial. kvölv’, e-e grasbewachsene Talsenke zwischen Höhen und Bergen, oberen durch einen steilen Abhang abgesperrtes Tälchen im Hochgebirge»: lite dalføre i høgfjellet, avgrensa ovantil av ein bratt skrent.
For Lode i Hå er det sant å seie ikkje tale om høgfjell just, men garden ligg no i eit søkk på nordsida av Lodetjørna, der det er relativt bratt på austsida.
Kor utbreidd dette terrengordet er i andre distrikt, veit vi ikkje sikkert. Det kan lett bli forveksla med uttalereduserte variantar av norr. látr n ‘liggestad’ (for sjødyr helst), med lót, løt og låt som uttalevariantar av lut (part, del), og uvisst er også kva samband der evt er mellom ordet og norsk laut f ‘søkk i lendet, liten dal’ (NO 7 : 216).