Brasen

Brasen |’brās˜n| er eit stadnamn som går att fleire stader, langs kysten især: Brasen på Steine i Vestvågøy er såleis ein tuveforma høg holme. Buplassen Brasen Røst gnr. 3 ligg på ein 4-5 m høg haug på ei halvøy; leira Brasvågen attmed er oppgrunna no. Ikkje så ulik er Brasen ytst på eit nes ved Mårnessjøen, Gildeskål. Langt meir usikkert er opphavet til Brasen |»brās˜n| som namn på eit sund mellom Fløttingen og Ærøya i Træna, i dag fylt ut og omgjort til industriområde.

Men også ein plass Braserud under garden Gransbråten i Eidskog bar namnet Brasen før, og det er tett ved svenskegrensen. Naturleg er å sjå etter ein tilsvarande formasjon i landskapet i dette tilfellet med, og då er Braserudknatten den som peikar seg ut, men for å få fullgodt inntrykk av korleis ein av dei mange brasane ser ut kan vi oppsøke Brashamna (kvensk Praashamina) i Kjøfjorden i Sør-Varanger, som har ei utprega kvalbak-form:

Brasholmen midt i Brashamna – kvænsk Praashamina – i Sør-Varanger. Foto: Knut Pettersen.

Brashamna med gamle tufter var også pomorhamn. Rikshistorisk veldig interessant er at i sommartida 1825 møttest norske og russiske militære utsendingar på denne staden og laga utkastet til ein avtale om korleis grensene i fellesterritoriet dei to landa imellom skulle dragast. Avtalen vart traktatfesta i St. Petersburg i mai året etter. 

Korleiser så framtoninga til andre norske brase-lokalitetar? Brasøya i Herøy på Helgeland har ein langvoren og avrunda, låg haug som liknar denne i Brashamna, og like «moderat» avrunding har Braseberget i Eigersund og Braseberg i Valle i Setesdal, endå dei elles er langt meir ruvande enn dei før nemnde lokalitetane. – I Brasdalen i Kvinesdal, omtrent midt mellom Brasdalsenden og Brasdalstjødn, ligg det ein åshump som har tilsvarande form. Korleis namnebakgrunnen for dei umåteleg ville Brasråstindan i Flakstad i Lofoten kan vere, er førebels uukjent, medan Brasfet i Ullensvang og Brasfetåi i Vinje kan forståast sekundært til den slakt runda Bras­fetnuten midt mellom dei to bygdene – primært *Brasen i det tilfellet og, kan hende? 

Så langt om formene til brase-lokalitetane, men kva med det språklege? Merk at brase m «stor hop, mengd» er kjent frå Vinger i Hedmark (NO 1: 876). Ettersom det synonyme «dunge» er eit kjent stadnamn-element, er nok det innfallsporten for ei sannsynleg tolking av desse namna, endå det er lite å finne i andre ordbøker.