Svinvik og Svinøy

Det finst eit par dusin Svinøy-ar langs norskekysten, og like talrike er alle Svin- og Svinevik-ane samanlagt. Norsk Stadnamnleksikon har éi oppføring for kvart av dei to namna: Om Svinvika i Surnadal heiter at namnet er «sms av dyrenamnet svin m [?] og vik f ‘fjordbukt’», og om Svinøy er likeins sagt at «somme stader kan namnet S. fortelje at det har vore brukeleg å ha svin (grisar) gåande på øya om sommaren».

Villsvin. Foto nationen.no

Den siste opplysninga er sjølvsagt, i ordets eigentlege meining. I slike tilfelle er det gjerne snakk om Svingjerdet og Svingarden, Svinhagen, Svintræet, Svintrøa, til dels òg Svin(e)bol-, jf td garden Svinbøl alias Svimbil (*svínbýli?) i Tinn i Telemark. Men det er likevel rett at mange Svin-namn kan ha med eldre tiders svinehald å gjere, vi veit berre ikkje. Like fullt har vi klare oppfatningar av kva som er naturlege åtferd for svin, dvs korleis det ser ut der dei held til, så gjørme og gorr på stader kalla Svinmyra o.l. assosierer vi med griseri, men ikkje utan vidare med svinehald.

Svinesund i norsk-svensk grenseland. Norgeskart.

No kan Svin- iblant gå på ei konkret samanlikning med ein formasjon som var spiss eller plogforma, ei eldgammal fylking, jf dette litterære sitatet: «Högt upp ifrån luften hördes kacklet av en flock vildgäss, som i svinfylking drogo mot norden» (SAOB). Landskapsformasjonar som er plogforma eller beintfram kile-forma er talrike. Det kan vere odde eller nes, kvasse fjellnover, bråe elve-svingar, kileforma lange øyar o.a.

Svinyggen på Grøtøya, Karlsøy i Troms. Norgeskart.

Vanleg langs kysten er dessutan Svinryggen som namn på langsmale og ‘opphakka’ fjellryggar og åsar med grissen skog. Slike namn kan ein jo forstå bokstavleg. Det gjeld nok også lokalitetar med spisse eller iallfall mykje sundsprengt berg, td Svinlia på Andørja og i Øksnes. Ei litt anna sak er at svineryggen på farkostar (seglskuter) var det forsterka og høge partiet nærmast baugen, laga for å tåle vekta og slitasjen frå tunge anker og for å ta av for sjøsprøyt. – Men ordet var òg brukt om eit tau med ei rekke knutar på, som òg kunne minne om ryggen på ein gris.

Svinvika og Svinvikodden, Dyrøya i Troms. Norgeskart.

Så spørst det òg om det velkjente ordet svin kan ha tatt opp i seg norr. svigna v ‘bogne, bøye seg’ eller det tilhøyrande nomenet *svign? Det ligg i alle fall nær å tru det, av di ein del fint avrunda vikar og bukter og nes ber namn med forledd Svin(e)-.

Men ‘svin’ kan også ha tatt opp i seg eit anna ord, nemleg svinn adj, frå norrønt einast kjent i tydingar som ‘svint, rask, snøgg’ og ‘klok, vitug, forstandig’, men då i forma svinnr (= sviðr). I nynorsk står ordet også for ‘smal, slank, spe, mager’ (Torp, NO 11: 284)

Svinali i Tysvær 1960. Norge i bilder.

Merk at isl svinnur dessutan kan tyde ‘karrig, knapp, knipen, nidsk’, noko som med tanke på avgrensa innmark-ressursar gjer det lett å fatte korleis gardsnamn som Svinland (med kort i), Svinnset og Svinstad er å forstå. Det same gjeld mange Svinøya’r og andre lokalitetar som ikkje er knappe i omfang, men der innmarka er grasgrodde strimlar mellom snaue berg, og lite meir. Isl. svinnur har dessutan ei anna tyding som vi ikkje kjenner frå norsk, nemleg ‘straumhard’ (Orðsifjabók), og ho gjer det lettare å fatte Svina |’svīna| som namn på utskjer to stader i Solund på same vis som namnet Svinskjeran ytst mot havet utanfor Fugløya i Gildeskål.

Svina heiter to skjer-grupper utanfor Solund. Norge i bilder.

Nokre av desse forklaringane heng tilsynelatande ikkje på greip, men eldre dansk svind tyder ‘sterk, rask’, og tilsvarande er kjent frå ei rekke nærslekta språk.

Muddværet

Øygruppa Muddværet sørvest for øya Vega i Nordland blir i Norske Gaardnavne presentert som gnr 18 i Vega k., med desse opplysningane knytte til:

«Mudvær. Udt. mú`ᶁᶁvære (næsten mú`ƫƫ-). – Muggeveer OE. 15 (under Vika). Mutvehr 1723 (anføres før at have ligget under Vika). Er et af en Mængde Smaaøer bestaaende Vær sydvestlig for Vega. Den oprindelige Form er udentvivl Mugg-, og med Hensyn til Overgangen til Nutidsformen kan da sammenlignes det nordenfjeldske Sagmod = Sagmugg (se Ross). 1ste Led er maaske beslægtet med mugga f., meget fint Regn, Taageregn».

Opplysninga om sagmott for sagflis er korrekt nok men underbygger så visst ikkje at forleddet i namnet på øy- eller holmegruppa har noko som helst med yr å gjere, det er som elles der Rygh brukar ordet ‘udentvivl’ at ei varsellampe blinkar og ber om full skepsis. Namnetolking tufta på meteorologi er risikosport, og det same gjeld Norsk Stadnamnleksikon som kunngjer den same vermeldinga frå 1905.

Langt meir konkret er at dei høgaste humpane ligg på søraustsida av øyværet, slike som Måsøya (24 m), Brennøya (30 m), Horsøya (31 m), Trælvikøya (34 m), Ørnøya (35 m) og Segløya (39 m). Det er likevel uråd å finne eit terrengord som fangar opp dette.

Eit anna og truleg det mest synberre kjennemerket for været er at der er så grunt. Det synest som om det i stor utstrekning er gåande frå holme til holme på fjæra sjø, især på nordvestsida (havsida). Då i motsetning td til Myken i Rødøy, der mylderet av holmar og småøyar også er stort, men der det er meir ‘veldefinerte’ sund imellom.Det ser mesta ut til at forleddet Mudd- alias Mutt- må vere muotkke eller like rett muodkke, eit kjent samisk terrengnemne for smal landstrimle mellom to lokalitetar, dvs eid, men her med bortfall av 2. staving. Dette forliker også dei to historiske skriveformene som i utgangspunktet syntest så uforlikelege.

Løkta

Presentasjon av øya Løkta

Løkta ligg innafor dei større øyane Dønna og Tomma. Anders Frøholm ( 1922-2006) gjorde i ‘Håløygninne’ 1961 god greie for dei geografiske detaljane så vel som måtar å oppfatte øynamnet på. Han påpeikte at øy-namnet Løkta i form kan minne om dei andre i nærleiken, som Dønna, Tornma og Hugla, alle med einstavings tonelag. Han nemner også dei tilhøyrande dativformene, men fører ikkje opp noka dativform i Løkta sitt tilfelle, og nemner heller ikkje andre infornantar som kjenner til ei slik.

Dobbel namnebruk Løkta – Løktøya

Frøholm kjem også inn på ei veldig kvardagsleg side av namnebruken: “Somme tider seier folk Løktøya, Dønnøya og Hugløya; særleg det siste er mykje brukt, av di det og er ein gard med namnet Hugla på den øya. (Tommøya er visst ikkje så mykje brukt”).

Her kan ein forstå Frøholm slik at det er Hugla som gardsnamn som har ført til ei ny og ureflektert namnelaging “Hugløya”. Det fenomenet kan ein og merke seg nokre stader i Vesterålen, slikt som “Øksnesøya” for Skogsøya, “Skipnesøya” for Tindsøya, og ikkje å gløyme “Hadseløya” om ei øy som tradisjonelt heitte Ulvøya – og før det Olvi, Ylfi. Kyrkje-staden heitte nemleg Hadsel, derfor Hadsel sokn, mot Ulvøy fjerding til langt ut på 1800-talet. Vi kunne nok finne fleire døme på at ei sekundær namneform vinn over det tradisjonelle øynamnet slik som her, men det er likevel unnataka. Øynamna er gjennomgåande slitesterke, Skogsøya og Tindsøya har iallfall overlevd.

Som Frøholm sine øvrige døme viser, kan usamansette øynamn også få «-øy» hekta på utan at eit dominerande gardsnamn på vedkommande øy har lagt seg imellom. Eit talande døme i så måte er Als(t)nøya = Alsta, dativ Alsten.

Dobbelformer i samiske øynamn òg

Det er verd å merke seg at denne ureflekterte påhektinga har parallellar også i samisk namneskikk. Her kan frå Tromsnemnast at Brynilen eller Brynnålan heiter både Brunjal og Brunjal­suolu, Karlsøy både Gal’sa og Galsasuolu, Sandøya både Sad’da og Saddasuolu. Vengsøya heiter både Vik’sa og Vieksasuolu, og Grytøya gjekk for Rivtek alias Riivtiidsuolu. På overgangen til Nordland må ikkje gløymast Ii’na alias Iinasuolu for Hinnøya, og Anda lik Ándasuolu for Anda = Andøya. I Steigen er det Ákkal = Ákkalsuoloi = Engeløya, i Ofoten likeins Barka = Barkasuolu = Barøya, ja så menn også Báræddjó, som berre er ei samisk tilpassing av norsk Barøya.

Er mange vikar eit poeng?

Etter å ha nemnt dei næraste helgelandske døma på norsk namneskikk peikar Frøholm på samisk luokta1 vik, bukt- «som godt kunne høve i samband med Løkta, for så vidt som det er mange vikar og bukter her, og då først og fremst den lange Sunds­straumen».

Den måten å tolke øynamnet på problematisk, for rett nok er det talrike vikar og vågar langs Løktalandet – her kan i fleng nemnast Sundsvågen, Munkvika, Båtnes­vågen, Sandåkervågen, Sandvika, Breivika, Sørvågen og Hovsvågen. Men om så var at mange vikar og vågar er poenget, blir det vanskeleg å finne øynamn laga på denne måten andre stader: Vikøya i Sortland og i Notodden kan nemnast, men desse er berre holmar som kvar på sin stad har namn av ein gard kalla Vik. Vikøya i Bømlo har rett nok fleire vikar, men sannsynlegast også der sør er at namnet går tilbake på gardsnamna Nordvik og Sørvik og ikkje mange vikar.

Ein kjenner heller ikkje andre døme på saman­sette samiske øynamn der poenget er mange vikar. Det var heller ikkje interessant for sjøfarande at ei øy hadde rikeleg med vikar, med mindre dei var brukande hamner, slik namna på –vågen sannsynlegvis fortel i Løkta sitt tilfelle. Ein skulle då heller vente øynamn som *vågsøya el. *hamnøya el. evt. tilsvarande sjøsamiske variantar.

Ligge på løkt?

Frøholm vinklar også namneproblemet frå ei anna side og kjem inn på dei få Løktås-ane og -haugane som finst rundt om i landet. Oluf Rygh hadde vanskar med desse namna, og Frøholm føyer til: «Heller ikkje øya Løkta er så høg at ein kan tale om ”noen Høide af Betydning”, då både fastlandet og dei leste øyane ikring er mykje høgare og då alle gardane ligg om lag like nær sjøen som gardar flest i dette stroket».

Mot slutten kjem han inn på ein annan måte å sjå saka på: “Ein kunne og tenke på uttrykket “å ligge på løkt“, t.d. om ein stein, og lykta v. løfte seg opp på eine sida, vere skild frå underlaget på eine sida eller i eine enden. Både Ross og Falk og Torp nemner dette frå Helgeland. Dette kunne høve, for så vidt som øya er høgare i sørkanten­2, så ein kunne seie at “ho ligg på løkt’. Frå Helgeland er og notert “på lyktr, løktr‘ i tydinga ligge løfta opp frå grunnen”. Frøholms avsluttar likevel med at det ikkje er lett å avgjere korleis øynanmet Løkta skal forståast, “men det kan vel endå kome inn meir dialekt- og stadnamntilfang frå Helgeland, slik at ein kan kome nærmare løysinga av problemet”.

At namnet Løkta har samisk opphav er tvilsamt, som alt sagt, men det er neppe noka usemje om at straumen og pollen som nesten deler øya er det geografiske særmerket: Frå Sundsvågen fører eit innsmett mellom Klubben i sør og ei øyr i nord inn til Eida­bukta, ein liten poll, men så smalnar farvatnet til ein grunn og trong straum før du når ei tversgåande bru, Sundsbrua, som berre var ei stokkebru fram til 1930-åra. Dette er mellom Straumsnes i vest og Mikkjelhågen på austsida.

Sør for brua utvidar straumen seg litt, men så er inntrer ei ny forsnevring mellom oddane Krongelvikhågen i vest og Kalvhagen i aust, før ein kjem til dei nokså vide Botnan (botn n, tonem 1), ein hop el. liten poll – ord som også sjøsamane lånte og brukte. Det er opplagt at dei små pollane som er så vanskelege å oppdage frå sjøsida må ha vore framifrå gøymestader for løktværingane i ufredstider. Ein treng ikkje kjenne til gardsnamnet Hov eller dei mange arkeologiske funna i nærområdet for å forstå det.

Stenger – på kva måte?

I samband med eit namn frå Sogn snertar Frøholm innpå det gno. verbet lúka ‘slutte, ende, stenge’, og seier så om Løkta: “Det kan og vere at dei har sett …. øya ligge og stenge når dei kom fram gjennom leia, sønnafrå gjennom Ulvangen eller nordafrå mellom Tomma og Handnesøya”.

Ettersom han berre nemner det lauseleg, er det liten grunn til å tenke at han heilt trudde på ei slik forklaring. Går vi etter kartet, er det nemleg ikkje innlysande at at den låge Løkta fortonar seg som eit stengsel i leia, jamført med granneøyane Hugla, Tomma og Dønna, som alle er høgare. Heller ikkje verkar passasjen austafor eller vestfor Løkta særleg trong. Likevel meiner løktværingar flest at denne forklaringa står sterkt, ut frå den plassering øya har, i Ranfjorden især, og kjentmannskompetanse er det uklokt å ignorere. Det finst likevel fleire tilnærmingsmåtar.

Gøymestaden Sundsstraumen er å finne midt i øya Løkta.

Knapt noko var meir karakteristisk for Løkta i fortida enn gøymestaden Sundsstraumen. Kartverket.

Øynamnet med norrøne auge

Gno. lúka (også ljúka) kunne både tyde late opp el. att, opne el. lukke, stenge inne, så vel som kringsette, omringe ein med noko, legge noko omkring ein, stenge inne. Og liknande tydingar hadde gno. lykja (pret. lukta), i uttrykk som lykja inni, lykja um og lykja út «stenge ute». Det kunne tilmed heite lykta med same meining, men elles var lykta brukt i heilt andre tydingar, nemleg «slutte, ende, fullføre», og til verbet i siste tyding svara lykt f. «ende, slutt, utfall, ordning, endelykt» (da. endeligt). Det er berre ikkje lett å tenke seg øynamn eller andre stadnamn med ei såpass abstrakt tyding.

Annleis med dei første verba, men vi veit ikkje om noko gno.*lykt f som samsvarar der. Det finst likevel eit nyno. lykt (løkt) f “hol, opning, holrom t.d. i ei urd”, merk lykturd (glopurd) og lyktost “ost med mange store hol i” (NO 7: sp 818).

Det siste tar til å likne noko, for vel kan det vere at øya på fråstand ter seg som eit stenge i leia, men på nærmare vil truleg minifjorden Sunds­straumen + Botnan både opne seg og stenge, eller med noko andre ord: At øya Løkta er karakterisert av denne opningen inn til minifjorden, at det å ligge der inne er å vere innestengt/kringsett/omringa (jf. lúka v.) Namnet Sundsstraumen er alderdommeleg nok, men formelt er Løkta eit øy-namn og ikkje eit fjordnamn.

Lykta i Alver k. er derimot ikkje ei øy som omringar eller stenger inne, det er snarare ho sjølv som er omringa eller kringsett – med mindre det er tale om den runde litle pollen mellom ho og Vardøyna? Kartverket

Sjå elles artiklane om Tjøtta og Silda og Rinda (foto av Følsvåg)..

Trykt i «Håløygminne» 4-2013, nyredigert.

———————————-

1Skilnaden på nord- og lulesamisk luokta og sørsamisk loekte (lang o) er vel større i skrivemåten enn i uttalen.

2”Høgast i sørkanten» er mest eintydig, for det 238 m høge Sandåker-fjellet er relativt mykje høgare enn alle dei andre toppane på Løkta. På Norgeskart er fjellet kalla ås og gitt namnet Løkta, noko ingen av mine informantar kjennest ved. Namneform-status er datert 1. jan. 1908, og Frøholm døydde 2006.

Eipholmen

Eipholmen er ein av dei talrike holmane og småøyane kring den større Blomsøya i Alstahaug. Namnet er eineståande og gjer effektiv motstand mot forsøk på rimeleg tolking. Eipholmen i sør og Slåtterøya i nord heng strukturelt i hop. Ei grunn vik med ein trong val kilar seg inn imellom: Vika er ikkje namnsett på sjø- eller landkart. Ankerplassen er avsett i sundet mellom Slåtterøya og Hestøya litt nordafor. Vi må gå ut frå at også vika mellom Eipholmen og Slåtterøya var brukande for små farkostar.

Korleis kan namnet vere å forstå? Det norrøne ey hadde ein litt annan lydkvalitet enn ordet “øy” har i dag. Både i Alstahaug og i nabokommunen Herøy redusrerer ein gjerne –øy– til berre –i- eller –y– i ny sms. Brasi-straumen, Halty-våjen. Den smale vika i søre del av Slåtterøya er ein hop (gno. hópr m): Han stod for tanken som ein *eyhópr. Sørenden av øya kom i neste omgang til å heite *Eyhópholminn, med tida samandrege til Eipholmen. Ved eit tradisjonens lune vart sjølve *øyhopen skubba ut av minnet.

Avløysa og Brokløysa

Avløysa som namn på oddar og landnære holmar finst mange stader, bl.a. på Hornøya i Vardø. Særskilt vanleg, kan det sjå ut til, er det i Vesterålen og Lofoten. Avløysinga eller også Avløysingen er ein velkjend variant i andre distrikt. Sjeldnare ser ein drøfta kva namnet tyder. Å sml med meir eller mindre negative husmannsplass-namn som Gardløysa, Grasløysa, Matløysa, Mjølløysa osv. er helst meir villeiande enn rettleiande. Oluf Rygh var likevel på rett spor i si drøfting av gardsnamnet Avløs i Bærum: «Gaarden Afløisa paa Frøien er maaske ogsaa benævnt efter en udenfor liggende Hol­me; om Avlesbugen, Gaard i Hevne, er at opfatte paa samme Maade, tør jeg ikke sige. Man kunde tænke sig, at ved de sidst anførte Navne Forestillingen om Holmen som noget, der løser sig fra Hoved-landet, laa til Grund».

Utgangspunktet er jo at Avløysa fortel om noko(n)  som blir løyst av, slik Rolv Straume gjer i Bø bygde-bok: 

«Ved Rambergneset er Avløysa. Hi Avløysa er ved Farveisa, så kan ein vite kor langt dei måtte sitte med årane den tid dei var i bruk». Ved sistnemnde loka­litet blir dette tatt oppatt: «Ute ved Farveisodden er Avløysa, der dei løyste av ved årane. Hi Avløysa er inne ved Ramberg» (b.1:21, b.2:38). 

Problemet med forklaringa er at ho berre fortel det som synest å ligge i namnet sjølv utan å  seie kvifor det skjedde rorskifte just dei stadene, som ligg såpass nær einannan at rorsetappen blir merkeleg kort. Går vi så nærmare inn på avløysene andre stader, finn vi der òg dårleg rim med høvelege rorsetappar i dei tider då skyssplikt fanst.

Skal vise at denne Avløysa er landfast ved fjæra sjø, men blir ein liten holme på full flo.
Til venstre skjeret Avløysa i Farveisa i Bø. Kartverket.

Rygh er også inne på den uttalereduserte varianten Avles– ikkje berre i Hemne (Avlesflua) og Hitra (Avlesa), men også i Harstad (Avlesholmen i Brokvika). Annleis med skjeret Avlusa ved Avlusbukta i Steinsfjorden i Vestvågøy, der må heller ei form *Avlausa ha lege til grunn.  

Brokløysa er ein gard i Sortland. Det namnet har mange undra seg over, og Rygh oppfatta det såleis: «Dannet av brók f, Buxe, Buxeben, og løysa f, af Adj. lauss, som forekommer som 2det Led i mange Stedsnavne med Betydning af en Mangel paa det, som lste Led betegner. Denne Sammensætning, som kun forekommer her, kan nærm­est sammenlignes med Klædløysa, forsvundent Gaardnavn i Varteig». Som ein ser, meir ei drøfting av namnestrukturen enn ei eigentleg tolking av namnet.

Folkeleg, for ikkje å seie fargerik er den tolkinga Per Hovda lanserer i «Norske Fisk­eméd» 1961: «Mange stader på kysten møter ein namn på små vikar og attlatne sund med namn som Skjortelaus(hamn) i Tysvær, Broklaus hamn i Fitjar og Lusahamn i Åkra. Dette var namn på gode hamner. Dei kunne klæ av seg både skjorta og broka og ‘pela lus’ i kleda sine» (s. 302). 

Den forståinga har visst få eller ingen andre gjort seg til talsmann for, så namnet har halde fram med å vere ei utfordring. Ein vanske for seg er at lokalitetane Skjortelaus(hamn) og Broklaus Hovda nemner ikkje er til å finne ved kartsøk. Der imot finn vi Lusa- eller Lusehamn i Årdal.

Robert Skaug frå Sigerfjord skreiv 1966 i eit brev om Brokløysa i Sort­land: «Under reise til Lofot-fisket kunne der ligge fullt av farkoster som søkte ly for stormen i denne gode hamna. Der var så trygt å ligge i Brokløysa at fiskerne kunne ta av seg buksa, løyse buksa. Noen har også ment at båtene der kunne ligge uten brok, ei slags bakfortøyning».

Kåre Glad, sjømann og fiskar, tok opp den konkrete forklaringsmåten mange år sein­are: «For båtfarende folk/fiskere er det viktig med gode havneforhold, og det er svært god havn både i indre og ytre Brokløys. I gammel tid, før motordrevne båter, var det viktig at havneinn-løpet var mest mulig rent (ingen skjær) og rett, sånn at båten kunne seiles direkte inn til en ankerplass. Aller helst burde en slippe å sette ut anker for å fortøye. I Brokløys kunne en seile direkte inn på havna, der var full dybde for den tids båter helt inntil land. Det var å sette fast et tau, for så å falle tvers over Vågen til andre landet, og så sette fast der. Så var det å hale seg til midten av tauet og legge båt­en i såkalt brok – et ord som enda brukes, og som har vært brukt så lenge vi har skrift­lige kilder. Når de sjøfarende forlot havna, var det bare å kaste løs broka, og de var seilklare» («Vesterålen» 8.1 .l983).  

Biletet viser at også ei li kan ha form av ei brok, dvs. vere delt i to.
Broklia i Skorvågen i Bø i Nordland

Dette er ei likanes tolking, her kan vi droppe meir fantasifulle teoriar, og vi kunne saktens gå nærmare inn på det maritime ordet brok. Men det finst inn­vendingar som veg tungt: Stadnamn er ofte langt eldre enn mange vil tru. Var sjømannsgogna brok alt i bruk den tid namnet Brokløysa oppstod? Om så var, burde ikkje staden heller ha blitt heitande *Brokhamn eller *Brokvåg, jfr. namn som Djupfest og Hammarfest? Poenget var vel dette var ein stad der det var greitt å ligge for brok (eller aller helst utan). – At dei måtte løyse den same broka når dei fór sin veg, burde då vere for sjølvsagt til at hamna fekk namn av det?

Då er det meir tiltalande med Rygh å forstå –løysa i dette tilfellet som eit uttrykk for «Mangel paa det, som lste Led betegner», men same kva slag brok vi prøver med, får vi store vanskar med å meisle ut ei tolking som blir konkret/truverdig nok. Rygh har rett i at Brokløysa er eineståande, då vel å merke som gardsnamn, men som namn på vik-formasjonar finst det også i Gulen og Radøy, merk dertil Broklösen i Västerås i Västmanlands län i Sverige, i det tilfellet namn på eit nes. 

Brok = bukse er, ulikt det maritime «brok», velkjent frå garnmalnorsk, men då helst om eine bukselåret. Stadnamn på Brok- fortel i alle fall greitt om lokalitetar som er delte i to: Broka i Fitjar er ein delt holme medan Broke i Nome i Telemark er eit vatn med ein rundvoren hovuddel og to lange armar: den eine av dei stikk inn i Drangedal k. ‘Eksemplarisk’ todelte er også Broklia i Skorvågen i Bø, like eins Brokvika i Harstad, ei temmeleg stor vik der det i midten er ein odde med eit grunn­snag utanfor. 

Brokvika i Steigen er ein mykje mindre lokalitet enn vika i Harstad, men er nærmare studium verd i det som har med høg- og lågvatn å gjere: På kvar side av vika er det eit nes, det eine breitt, det andre meir oddeforma. Men i rota av neset går det i begge tilfelle ein val langsmed land, og ved full flo blir dei to nesa til holmar. Opningen mellom nesa, som var ei vik, blir no eit kort sund. 

Dette er relevant også for dei eigentlege Brokløysene: Brokløysa i Gulen er ein lang holme med eit smalt midtparti, med ein val som flør over. 

Brokeløysa i Radøy er ei lang og trong og delvis delt saltvasstjønn på fjære, men fjordsida av tjønna er ein tangemed same namn, som helvta flør over. Saltvassbassenget innom ligg då meir ope for ferdsel, ser det ut til.

Kartutsnittet viser at for ikkje lenge sidan var Brokløysklubben  landfast ved fjæra sjø, slik at vika på kvar side utgjorde ei brok (var todelt), men ved full flo vart vikane ei viki, og Klubben utanfor vart ein holme, løyst frå land.
Brokløysa i Sortland. Kartverket.

Brokløysa i Sortland er frå naturen si side utforma på liknande vis: Her er to vikar, Ytter- og Innerbrokløysa el. Ytter- og Innerhamnen, med Brokløysholmen som bolk imellom. Men ved rota på sistnemnde går det ein tidlegare val tvers over: Landheving må ha tørrlagt valen i relativt sein historisk tid. Før den tid vart dei to vikane på full flo til éi stor vik eller strandstrekning, med ein stor holme tett utanfor. Ved fjæra sjø vart dei to vikane med neset imellom ei naturleg «brok» i landskapet, men broka løyste seg opp når det flødde, så neset vart ein holme.

Heilt eineståande er ikkje namne-typen Avløysa og Brokløysa. Smøla har holmen Steinløysa, som har ein steinodde i austerenden, dvs. det skjeret er skilt frå holmen ved flo, men blir landfast når sjøen fell. I Hol i Vestvågøy har dei attmed Foldværingsøya (Foldværsøya) ei mindre øy kalla Værløysa, som tilsvarande er øy ved flo og halvøy ved fjære. 

Noko for seg er Landlausa i inn-sjøen Feren i Meråker, ei øyr eller ein banke som skild frå stranda ved ei grunn renne. Reknar med at det kun er i tørrår at øyra har kontakt med moderlandet. Samanlikningsvis skal nemnast at i Bø er Avløysa i Kråkhaugvatnet eit særtilfelle, eit permanent vedheng til ein litt større holmeformasjon.

At det er knytt mange og sprikande tolkingsforsøk til namnet Brokløysa er nemnt. Grunnen er sjølvsagt at alle naturleg legg brok = bukse til grunn for sitt resonnement. Det å «løyse broka» låser assosiasjonane endå meir! Stadnamn landet over – vi har berre omtalt nokre av dei – viser heller at vi må tenke på brok i ei meir grunnleggande tyding: tvidelt tilstand, eller lokalitetar som er naturleg delt i jamstore halvdelar. Kva hovudleddet –løysa gjeld, er det som før sagt nyttig å vere klar over at det norrøne «leysir» også kan vere intransitivt og ganske enkelt tyde «går sund», «rivnar», «fell frå einannan» o.l.

Nyredigert i høve til Håløygminne 2012. 

Rolla

Råa er ikkje noko utbreidd nordnorsk stadnamn, men finst her og der. Frå Storfjord, Bø og Rødøy er det kjent som namn på smale ås- og fjellryggar og kan slik minne om stadnamnet Råna i liknande tyding andre stader, men heng meir truleg i hop med rå f. i tydinga «skil, grense». I den tydinga er ordet i første rekke kjent frå Østerdalen og på svensk side, men også på Breimo i Alstahaug er Råa namn på eit område der ei grenseline går. Det ser ut til at «rå» om eit naturleg grense-punkt har utvikla seg frå rå (stong) brukt som skilmerke, eller grensepåle om vi vil. Her nord tenker vi vel først på råsegl eller også på råvedstenger, men det er berre ei anna side av same sak. Så kan vi lure på om ordet stong har vore brukt på same vis, om punkt i landskapet som utgjer eit naturleg skil, av di slike merkestenger var så lettvinte og derfor vanlege at ordet fekk allmenn tyding «grensemerke»?

Eit heilt anna ord er trøndsk og nordnorsk rå med sideform ro, nemleg «krå, hjørne». Dobbelforma rá, ró er kjend alt frå norrøn tid. Lenger sør i landet heiter det ofte vrå , frå vår eigen landsdel tar vi med Råa, ei slak krå på Innbjørg på Hadseløya, og ein liknande formasjon Bjønnråa i Hattfjelldal.

Rå i denne tydinga opptrer også i ubunden form, som gardsnamn: Rå i Kvæfjord ligg opp mot ei markert krå som krokar seg langs Råelva, til oppunder kollen Rånakken. Rå i Hadsel ligg oppi ei vinkelforma krå tett på vestsida av Råvollberget. Det må nemnast at sistnemnde ligg i skilet mot nabogarden Bitterstad, rettare Bekkjerstad <gno. *Bekkjarstaðir, og det er ingen tvil om at garden har namn av krå-formasjonen, medan altså namnet Råvollberget er meir tvitydig: Råvollberget i Lokkøya ute i Bø ligg nemleg også i ei grenseline. Elles er namnet Råvoll(en) og -vollan mest utbreidd i Trøndelag.

Rå og Råvollberget i Hadsel. Kjelde: Kartverket.

Rå i tydinga «krå, hjørne» finst som nemnt i ein sørleg variant vrå, ei form dei også har i svensk og dansk. Vråheia i Lindesnes og gardsnamna Vrå i Mandal og Kviteseid o.fl. , dei har alle med vinkelforma detaljar i lendet å gjere, så det kan vere meir klargjerande å seie «hjørne, vinkel» enn «krå, krok». Vi skal berre ha klart for oss at medan ei krå etter vanleg språkbruk er noko som går innover (er ein konkavitet), meiner vi med hjørne helst noko som går vinkelforma ut. Men ting heng saman, for det som utanpå huset er eit hjørne (ei nov), blir på innsida nettopp ei krå.

Kanskje litt uventa fører det siste oss over til øya og øynamnet Rolla. Under gardsnamnet Nord–Rollnes i Ibestad greier O. Rygh ut om sambandet mellom 1300-talsformene Roalla-, Raalda-, Roaldarnes og sjølve øynamnet: «Den gamle form af Øens Navn maa have været *Róǫld f. … sikkert samme Navn som Roald, udtalt Roøll på Vigra i Søndmør, nu kun Gaardnavn, men formodentlig oprindelig Ønavn». Han går inn på  gardsnamnet Roaldkvam i Vikedal og i Suldal og fokuserer på ei trekanta form, både i tilfellet Roald på Vigra og her: «Øen Rolla danner en udpræget Trekant med spidse Hjørner. Det ligger af denne Grund nær at aflede Róǫld af ró f., Vraa, Krog; med Hensyn til Afledningsendelsen kan sammenlignes Ønavnene Aralden og Batalden, som dog er Hankjønsord» (NG 17: 47). 

Sør-Rollnes, som på Ryghs tid endå var gnr 1 i Trondenes, blir ikkje omtalt særskilt, Rygh viser til omtalen av Nord-Rollnes. Som uttaleform av begge namna fører Rygh opp kortforma råᶅᶅnés, vel å merke med 1-stavings tonelag (som er feil).

Rolla frå Fauskevåg på lag.

I Norsk Stadnamnleksikon viser Ola Stemshaug i hovudsak til Rygh, men føyer til at det sørvest på Rolla er eit 925 m høgt fjell som òg heiter Rolla, og nemner også at suffikset –ǫld, eller med hankjønsform –alden slik det vi har det i øynamna Aralden og Batalden, svarar til altus ‘høg’ i latin. Stemshaug konkluderer med at namnet Rolla vel kunne tyde «øya med dei høge hjørna (nesa)», men at det er ei uviss tolking, endå ho høver godt for øya i Troms.

Der er grunn til skepsis mot Ryghs måte å sjå øynamnet på: For å oppdage at ei storvoren øy er trekanta må du høgt opp, få øya i fugleperspektiv om du vil. Det gjorde sjølvsagt ikkje dei leifarande. For dei var neppe «hjørna» på ei trekanta øy meir særmerkte enn andre nes og oddar. Viktigare er at det eine store fjellet på Rolla, mot sørvest, også ber namnet Rolla, mens det andre heiter Drangen. I fall det var heile øya som opphavleg bar namnet Rolla, burde jo dette lett synlege fjellet ut mot havet blitt heitande Rollberget eller liknande, men så er ikkje tilfelle. At både øya og fjellet heiter Rolla kan visst berre forklarast med at øya fekk sitt namn av det mest synberre  og særmerkte fjellet. 

Fjellet Rolla sørvest på øya Rolla har både djupe krær og skarpe kantar. Kartverket.

Roaldkvam gard i Vindafjord ligg under Roald-kvamsnuten, som har ein rettvinkla  kontur og kan ha heitt *roalden frå først. Roaldkvam i Suldal strekker seg vestover frå den klossforma Kvamsnuten, som tydeleg nok er *roalden i det tilfellet. Høgaste del av den mektige Roalden på Senja er i høg grad vinkelforma, og like austafor er han tilmed skarpvinkla. Imellom går det inn ei djup grop, og også for dei andre *roaldane heng gjerne det eine (novform) saman med det andre (kråform).

Roalden i Berg har bråe bøygar på meir enn ein stad. Kartverket.

Fjellet Roalden i Tysnes viser òg tilnærma rettvinkla former, men i det tilfellet kan det sjå ut som om desse i første rekke ‘slår innover’. På det flate Roald i Giske fell meir i auga at Roaldsneset er eit rettvinkla ende-punkt på ei lang strandline, eit naturleg orienteringspunkt for sjøfarande. – Det kan sjå ut til at lokalitetar som gjer endå mindre av seg er blitt nemnde på liknande måtar, såleis Rollabekken på Gåsbøl i Sortland, og utan tvil vil ein kunne leite opp endå fleire døme slikt, på landsbasis.

Rollabekken på Gåsbøl i Sortland er med på å skape rettvinkla former i ei elles slett fjellside Kartverket.

Slutning: rå f går i nordnorske namn på det same som rå (og vrå) fleire andre stader, nemleg «krå, hjørne», men er i atter andre tilfelle namn på langsmale ryggar som er eller kan ha vore naturlege grenseliner. Det er då tale om eit anna ord. Men rå i sideform ro inngår òg i eit på landsbasis vanleg fjellnamn *róald(r), knytt til tverrkrokute eller skal vi seie tilnærma rettvinkla høgder. Vi ville tru at vi kunne uttrykke det same like presist ved å seie «nov», men dit har ikkje ord- og namnebruken utvikla seg. 

Eit ope spørsmål er om ordet *róoald(r) alltid var brukt om lokalitetar der både aspektet ‘vinkel’ og ‘høgd’ stod klart for tanken, eller om det med skarpe hjør­ne vart hovudsaka, slik at friare bruk av ordet kom opp, jfr. gardsnamnet Roald. I tilfellet Róǫld for Rolla får vi hokjønnsform av *roald(r) av di kategorien øynamn for det meste har hokjønnsform, ulikt fjellnamn.

Nyredigert etter Håløygminne 2009.

Ulvi, Ulvøya

Dei fleste har sans for bunader, utan at dei kan sy ein, for det krev kunnskap og handlag, men dei som har dette, har også namn på dei ulike delane av bunaden. Slik er det med den samiske bunaden og: ns holbi er koftekanten eller ein jare nedst på han, og koftekantmaterialet heiter holbbis; kantane innom har sine namn. I lulesamisk heiter det tilsvarande ålpe eller hålpe om saum, både på klede og huve så vel som kant eller kantband på eit klesplagg. Det tilsvarande sørsamiske ulpie er bord (på klesplagg), då især bremmen på kanten av kvinneklede. Denne ornament detaljen kallar eldre ordbøker både holbbe, olbbe, olpe, ulbe, rettskrivingsfinesser som vi trygt kan la ligge. Større interesse har at dette spesielle ordet for kant, brem, bord kanskje også finst som landskapsterm, liksom norsk jar(e), kant, list(e), rø(y)r o.l.

I sitt arbeid «Nordische Lehnwörter im Lappischen» år 1893 fører J. Qvigstad opp Ul’bé, gen. Ulpé «eine Insel in Westerålen» og viser til gno. Ylfi : Her må takast omsyn til at norrøn y hadde lydkvalitet nærmare u i dag. I dansketida «Ulvø», især kjent via eit administrativt Ulvø fierding, på samisk truleg *Ul’bé fírtug om Ulvøy fjerding, heilt på line med Bievai fírtug om distriktet Bø fjerding. Men parallelt med øynamnet Ul’be, no skrive Ulpi, nemner han Ulpégieddé, gard Tysfjord, norsk Ulvika (Ulvvika), visstnok sagt både oll– og ullvika. Lulesamisk namn på sjølve vika er elles i flg. dagens kart Ulbbeluokta. 

Qvigstad forklarer ikkje dei to namna frå Hadsel og Tysfjord nærmare.

Grenda Ulbegiedde ved Olvika = Ulbbeluokta i Tysfjord, med Kjølen som ein lang, smal kant austafor.  Kartverket.

Særmerket for garden Ulbegiedde er at ein krum og temmeleg skarp fjellkant strekker seg austover frå bnr. 1, lengst nord i grenda. På norsk heiter han Kjølen, samisk namn ikkje kjent. Kartet viser klart at det kunne vere like naturleg å tale om ein kant, bord eller brem.

Kva med Ulvøya (Hadseløya), har ho ein liknande? Det er lett å svare på: Dersom ulvøyfjerdingane sjølve nøler litt, kan dei få ljomande «ja» frå bøfjerdingar som ser fjellkanten frå Tanipa og Finnsæterkollen ned til Rørvika (Røyrvika). Blant Hadseløy-fjella kan ein seie at Nyken fell mest i auga, men i særpreg må han fire seg attom den nemnde fjellformasjonen: At han er ‘skilsettande’ òg, framgår av den kjensgjerning at når Hadsel-matrikkelen har gjort seg ferdig med Strandlandet på Lofot-sida og forlater Grunnførfjorden, hoppar han over til Hadseløya og landar just i Rørvika: Velkjent frå mange stadnamn i Nordland er røyr el. rør, nytta om lang kant el. rand i fjell eller havbotn, ein kan rekne med at den landskapstermen samsvarar nokså greitt med samisk ulbbe, ulpi.

Ulvøya (Olvi )= Hadseløya, sedd frå Værøya i Bø. Merk  den skrånande fjellkanten ved Rørvika.  Lengst til h. Nyken.

Det tør vere kjent at liksom Ulvika i Tysfjorden tidt går for Olvika, heitte Hadseløya tradi­sjonelt «Ulvøen». Tiføyinga av dansk –ø må ha vore eit administrativt påfunn, bøfjerdingane og olvøyfjerdingane seier ikkje «Ulvøyholman» og «Ulvøyværan» (det er nord for Hadseløya), dei seier Olviholman og Olviværan med trong o. Her er kjem eit usamansett øynamn Olvi = Ulvi uventa til synes. Det samsvarar med eit norrønt Ulfi så vel som med samisk Ulbbe eller Ulpi, med u uttalt som o. Merk at samsvaret mellom samisk lb (lp) og norrøn lf og nynorsk lv (eller omvendt) er regelrett, så som i gálbi/gálbbe kalv,  silba/silbba  sølv, osv.

Det kan forvirre at øya heiter Ylfi i Fornmanna Sögur og i Flateyjarbók frå 1380-åra; i Aslak Bolts jordbok frå 1430-åra står «i Ylfue syslo» (som del av overskrift). Men fram til ca. 1250 hadde y ein uttale som likna vår u; vår språkhistorie fortel meir om dei lydendringar som oppstod etter rundinga av lang norrøn á til å. (Før den tid hadde u uttalen o, slik som i tysk så vel som i dagens lule- og nordsamisk.)

Skriveforma Ylfi speglar nok eit norrønt ulfi, som svarar til det sørsamiske ulpie som alt er omtalt. At også Aslak Bolts jordbok har ‘i Ylfue syslo’ likt med Ylfi i dei eldste kjeldene, må likevel kome av eldre førelegg, det var neppe samsvar mellom skriveform og uttale også på 1400-talet, for då burde det skjedd lydrett overgang til *ølve. (Ei anna tilnærming er å tenke seg at dei skrivande på eit visst tidspunkt valde å skrive Ulfi som Ylfi av di norrøn språkkjensle tilsa at U– fekk omlyd Y- pga. ståande –i sist i ordet). Vi finn i alle fall ikkje øynamnet skrive med Y- etter Aslak Bolts tid, lensrekneskapen år 1567 talar om Wldø fierdinng: Her må Wl– i alle tilfelle lesast som Ul-, medan –d– for v knapt er anna enn skrivarlapsus.

Ein kan spekulere på om den gamle Ylfi sysla var eit mykje større distrikt enn Ulvøy fjerding, slik eg sjølv har gjort i «Bygdene i Ylfi», Hofdasegl 1965. Faktagrunnlaget for slike spekulasjonar er tynt, anna enn at Ulbbe eller Ulpi er samisk namn på Olvi lik Hadseløya. Sysla Ylfi var nok lik den seinare Ulvøy-fjerdingen, stort meir er neppe å seie om det. Elles ville det ha vore interessant å få vite meir om meklingsmannen Torvald Skiljandi, han som budde i Ylfi og skilde = «gjekk imellom» partar som var uforlikte (Hofdasegl 1965: 262).

Hausten 2012 var det eit visst ordskifte i Hadsel kommunestyre, etter at samisk senter i Evenes kom med framlegg om Ulpi Suohkan som samisk parallellnamn på kommunen: «Men det samiske navnet ble avvist av kommunestyret mot fire stemmer», heiter det til slutt, derfor flg. avisoverskrift: «Hadsel blir ikke Ulpi». Referatet kan gje det inntrykk at kommunestyret har mandat til å fornekte at Ulpi er tradisjonsrett samisk namn på Hadseløya. Det er sjølvsagt meiningslaust.

Er det råd å vise andre døme på at stadnamn-termen ulpi har vore i bruk? Sellevollvatnet på Anda er i aust avgrensa av det smale og nesten snorrette Olvera (trong o), ein uvanleg smal «saum» i myrkanten: Uttale-trykket er som t.d. i kvinnenamnet Barbara, og vi tør rekne med at at også øynamnet Olvi vart uttalt med alt trykket på første staving. Frå Olvika i Lurøy kan nemnast at der går ein markert, bratt kant langs vestsida av elva på same stad.

Andre helgelandske namn skal også nemnast: Ulvangen uttalt |»åłv-|, tydelegvis med gammal a-omlyd, er namnet på ein fjord og ein gard i Leirfjord. Den namneforståing at Ulv- der òg har med «kant, rand, jar» å gjere, samsvarar godt med lokal topografi, sml den langsmale Ulvangsøya, sjølv om det ikkje er klarlagt korleis ein skal forstå tilhøvet mellom Ulvangen og den endå lengre og smalare Meisfjorden på sørsida, men –angen er sjølvsagt den vanlege norrøne fjordtermen –angr.

Den tradisjonelle forklaring er at fjorden fekk namn av dyret ulv, som skurrar, og det gjeld endå meir for det siste namnet vi vil ta med, Ylvingen, ei øy i Vega kommune: Skriveforma med Y– ser vi hos Aslak Bolt, folket på øya seier øłv-, og Øluinngh er namnet skrive i 1567, medan vegværingane elles seier åłv-. Elles går dei historiske skriveformene stort sett ut på variantar av Ulv-. Her synest altså Ulving å ha fått i-omlyd pga. ståande i. Uvisst er korleis det har seg med uttalen åłv-, men skråfoto syner ein markert strandkant på austsida av øya. Ein treng likevel ikkje sjå ho på skrå ovanfrå for å oppdage det, likså lite som når det gjeld Ulvi. Her ser det jo ut til at den samiske termen har gjennomgått ordinære norske omlydsendringar: Då må vi samtidig merke oss at ein liten ulpie heiter ålpetje på sørsamisk. Å forklare overgangen ss ulpie > Ylvingen er dermed ikkje heilt endefram. 

Hadseløya lik Ulvøya, Ulpi er ei stor øy. I Raftsundet og mange andre stader i landet finst ei lang rekke mindre Ulvøya’r, men typisk for desse er snarare at dei er del av eit kompleks av øyar og holmar, og her har det interesse at norr. ulfr blir sett i samband med indoeurop. *ṷel «rive». Lite tyder på at namnet Ulpi høyrer til det selskapet.

Fotnotar:    

1 Sjå Gustav Indrebø, «Norsk Målsoga» s. 116 og Vemund Skard, «Norsk Språkhistorie» b. I s. 88.  

Klo og Tjuklingan

Tidt kan ein undrast pår korleis namna på gardar og grender oppstod. Hundreåra går, og språket endrar seg. Ord og nemningar går i gløymeboka, det som eingong var innlysande enkelt, kan bli gåtefullt. Det er ikkje vrient å kople Nyksund med Nyken, eller for å bruke døme frå Andøya, heller ikkje å kople Nord- og Sørmela med sandmelar, men i andre tilfelle har primær-staden fått nytt namn i mellomtida, som når Sjøhusaksla (korfor ikkje *naustaksla?) må vere den nøsa (nǫs) som Nøss fekk sitt namn av, eller når gardparten Døsja truleg må vere den bløyta som gav Saura namn. Rart er det òg at den rundingen som Skjolda fekk namn av, i dag heiter berre Kollen.

I mange tilfelle er det som om primærlokaliteten på eit tidspunkt har fått eit namn meir «i tidens smak»: Fjorden som eingong gav namn til Føre i Bø heiter no Pollen (Førpollen), og knausen som gav namn til Steine og Steinsvika er blitt heitande Klubben. Vi kan iblant lure på om slike namneskifte verkeleg har skjedd, eller om gardsnamn kunne oppstå «ideelt», uavhengig av det namnet som primærlokaliteten alt hadde?

Klotinden (midt på), Gavlfjorden og Langenesvika frå Bø på Andøya. 

Klo er eit gardsnamn som kan forundre. Andværingane ser den spisse Klotinden og lurar på om han har noko med saka å gjere, men avstanden mellom garden og tinden er altfor stor til at dette kan passe. Busetnaden var på Øya, der den nordaustre delen er relativt høg og klart avgrensa, men landheving gjorde at øya større. I dag heng ho i hop og har vegsamband med Landet nordafor, fastlandet å kalle.

I framkant av Øya, mot fjorden, stikk Kloneset eller Klonesan ut, med parallelle rekker med splitta berg (skjer, dranglar), Kjuklingan kalla. Høgast blant dei er «Kjuklingsmora», sjøsteinane utanfor går for «Kjuklingsungan». Dersom vi ser for oss ei samanlikning med høns eller rype blir særleg det siste namnet ulogisk! Det eldste og mest pålitelege namnet er nok Kjuklingan åleina, det er òg namn på skjer ved Steinesjøen i Bø, i nordenden av Raftsundet i Hadsel og ved Nordskot i Steigen. Kjuk­lingen heiter også eit skjer i Helligvær, og på tørt land i Buksnes har dei den «steinrike» Kjukling­dalen. Særs stein- eller bergfull er også Kyllingmark i Hamarøy, der namnet – som vi ser – er blitt velmeint «modernisert» frå Kjukling- til Kylling-..

Alle desse namna minner sterkt om eit sørsamisk ord, tjuegkele «steinet lende», noko Klonesan har nok av. Vesterålsk-samisk må ha hatt ei ordform med liknande innhald. Vil vi så meine at også Klo er samisk? Trur ikkje det. Saktens er eit flyfoto av Kloneset slåande likt ein labb, med Kjuklingan el. rettare sagt Tjuklingan som klør i framkant av neset, og vel har landhevinga letta desse klørne meir opp av sjøen etter som århundra har gått, men du kan vere trygg, dei som ferdast i båt nær land visste vél å halde seg unna dei same klørne den tid dei endå var meir overflødde og lumske.

Men om no desse Tjuklingan eingong også hadde norsk namn *Klørne, korleis kunne då garden på Øya bli heitande berre Klo? Tja, det kan vere like så enkelt som at dei fleste av oss har ti tær (ter), og dyr har klør, men i ny sms. er det eintal som gjeld, t.d. klosaks. Det breie neset innafor *Klørne kan – slik sett – ha blitt heitande Kloneset, og så oppstod namnet Klo som enkelt redukt av nes-namnet. La det vere usagt om Øya frå først av heitte Kloøya, det namnet blir iallfall no brukt om ei anna øy lenger bort, side om side med Strengelvågøya.

Aller enklast er likevel å godta namnet Tjuklingan slik det er, gje slepp på tanken om eit parallell­namn *Klørne og fokusere på den eine og lengste (heilt landfaste) kloa aller ytst på Kloneset, nærast Klobukta og Kloålen. Det var vel den og området innafor som var det opphavlege Klo. Då Klo noko seinare var etablert som gardsnamn, samisk låneform Kluovva, var bakgrunnen for namnet glidd ut av minne, og så kom «Kloneset» til som nytt namn på neset med den kloforma odden.

Øya på Klo med ytste Kloneset midt i øvre kant, Klovika til v. og Tjuklingan til h. Kartverket.

Nyredigert etter «Håløygminne» 4-2018.

Dønna

Dønna kommune har namn av øya Dønna |’dönna|, dativ: på |dȫn˜n|. Norske Gaard­navne seier: «Dette maa hænge sammen med dynja, at dønne, og hentyde til Havets Dønning mod Kysten. Jfr. Dynrǫst, det gamle Navn paa Havstrækningen mellem Orknøerne og Hjaltland» (b.16:109).

Tilnærminga liknar litt på den Sophus Bugge brukte på Ǫmð som historisk namn på Andøya: «den (af Hav og Storm) voldsomt skubbede og forulempede Ø». Vel har havet gitt Andlandet rikeleg juling, og truleg er det dønnning og dunder nok i visse område utanfor Dønna – eller omvendt om så skal vere! – men stiller øyane eigentleg i særklasse i så måte? Svaret må sjølvsagt bli nei, så det er god grunn til skepsis.

Dønna har framskoten posisjon samanlikna med andre «nemneverdige» øyar. Ho ligg nordvest for Alsta og sørvest for Tomma, Hugla og Handnesøya, så sørsam. dyvvene, duvvene adv. i ei av tydingane «utmed kysten», «uti fjorden», «langt ute» el. «utpå», «langt frå land» (Hasselbrink og Bergsland, frå Vilhelmina, Vefsn og Hattfjelldal) kan ha meir for seg.

Det er sannsynleg nok at dyvvene, duvvene (nytta som predikatnomen) vil gjennomgå samandraging til dyvne, dyvn, dyyn /duvne, duvn, duun; jamfør at det (formrike) sør­samiske sovvene «lon, elveutviding», suovana òg finst registrert i former som suvne, soon, sūan, sūna (Qv. 761). Her gir det Dun, Dyn, dei to eldste formene av øynamnet (frå Snorra-Edda). Desse kjem att i Dwnis DN VIII 437, 1490 (i avskrift frå 1516) og Dynes NRJ III 172, dvs. i det sekundære namnet Dønnes. Men dei eldste formene av Dønnes-namnet er Dynjarnes Fornm. s. IX 427, og Dyniunes DN. II 230, 1346: Her er øynamnet oppfatta som Dyn – og dessutan Dynja?

Ikkje vanskeleg å sjå at Dønna ligg ytleg til. Kartverket.

Alternativ tolking blir då at Dønna er «(ho som ligg) langt ute». Teorien kan vi  prøve på andre namn: Klart framskoten posisjon har Dønholman på Helgbostadøya i Hitra. Dønnes i Fosen er eit framskote nes i store myrar som venteleg havbotn har vore, her liknar Dønnvoll i Vestvågøy. Eit uttaleredusert *Dønnes passar òg godt for Døns­hågen på Finnøya i Hamarøy. Usikkert er kor langt nord langs kysten vi vågar tenke oss at den i dag sørsamiske forma dyvvene, duvvene er påviseleg: Dønnesfjorden på Sørøya (Sállan) i Finnmark har nøgda utstikkande oddar, men det er uklart korleis det i dag ukjente *Dønnes som inngår i namnet Dønnesfjorden er å forstå. Det forvirrar at duvvene kan tyde «fjordbotn» òg (Nilsson-Mankok), men det er helst relativt å tolke og går på ståstaden til den som brukar ordet: For folk som bur inne i landet og især på svensk side er det naturleg å orientere seg i høve til fjordbotnane. 

Uvisst er evt. samband mellom duvvene og gardsnamna Duna i Vemundvik i Namsos, Dun på Jøa i Fosnes og Dun i Grong (af  Doon AB 87). Duna ligg just i ein fjordbotn, Dun på Jøa ligg i botnen av ei lang myr som ligg lågt og må ha vore ein fjord, og Dun i Grong ligg frammed inste del av Namsen sin hovuddel (dvs. der Namsen tar opp Sanddøla). Uttalen av desse tre gardsnamna har lang o (ō), ulikt Dønna o.fl. namn.

Hulløya

At Hulløy-namnet ligg ‘innhylla’ i  mystikk er neppe for mykje sagt. Det kjem ikkje minst av teorien om at øya kan ha vore kultstad for guden Ullr. Namnespørsmålet er utfordrande på fleire vis, og i første omgang gjeld det å klargjere alternative forståingar meir enn å levere kategoriske svar.

Hulløya i Tysfjord har eit særmerkt søkk midt oppå, men vanskeleg er å forklare øynamnet ut frå det. Foto John Gunnar Skogvoll.

På dagens kart har Hulløya òg fått med sitt samiske namn Ulli medan Litl-Hulløya heiter Vuollná. Qvigstad opererer derimot med Stuor-Vuol’na og Unna-Vuol’na som parallellnamn (Qv 1938: 213), utan atterhald. Med dét som utgangspunkt kan ein i utkant av emnet sakse litt frå diktet «Skylla» av Nordlands-diktaren Hans Lind, der handels­mannen fører ordet. Han har mykje pengar uteståande og er frustrert over alle dei som hadde lova å gjere opp for seg straks vinterfisket var over: «Her kjem di – innan-a å a’ ytra, men like gale di læt å sytra om småe lotta å store tap  …»

Her er det tydeleg at ytra er dss yttersida, og mange av oss kjenner seg att i liknande vendingar: Uti Bø kan dei seie at «bussen kjørte austra», og i andre uttrykk fell øvra like naturleg over eit stort nordlandsk område. Men med mindre nokon seier ner (gno. niðr) i staden for ne(d), fell det ikkje like naturleg å seie *ne(d)a, det er nok usikkert om forma *nera i tilsvarande tyding finst. Så langt vår norske tale. 

Vuollná alias Litl-Hulløya er lita og låg. Kommunekart.com.

Visst er at Vuollna i samanlikning med Hulløya er lita og låg, og nede (sv. nere) eller «der nede» heiter på lulesam. vuol’len, sørsam. vuelnie, vuöl’n (Friis: vuöldnie). Kor­leis namnet lydde på finnegæla veit ingen av oss. – Var kontakten mellom norrønt og samisk i Tysfjorden tett nok til at eit øynamn «Vuolna» kunne oppstå i analogi med ‘austra’,  ‘ytra’ ol., eller har samisk hatt liknande retnings-namn, uavhengig av norsk tale? Kan hende har spørsmålsstillinga ikkje så mykje for seg, for det er neppe noko stort poeng at den minste av to øyar også er den lågaste (lægste).

Frå ein viss vinkel fortonar Hulløya seg jamt avgåande, innover. Foto: Otto Lund.

Om namnet Vuollná likevel skulle ha norrønt opphav, som tvilsamt er, kan vi i alle tilfelle peike på samisk-tilpassa former av norrøne øynamn som er litt «uniformerte»: Fid’na (Finnøya), Jar’ta (Hjartøya), Raw’da (Rødøya i Lødingen), Dad’da (Tannøya), og Tratna el. Ratna (Tranøya i Hamarøy), alle i Qvigstads ortografi. Lista kunne gjerast mykje lengre. Vi kan oppfatte det såleis at det norske «-øya» blir forkorta til berre «-a» og at det forklarande samiske tillegget –suolo er sløyfa. Det er like vel i beste fall berre litt av forklaringa, då Aw’kē lik Haukøya ikkje ter seg slik, m.o.t. ending. Samisk har dessutan ein grøde stadnamn på –a som ikkje har noko som helst med øyar å gjere, eller med elvar for den del. 

Qvigstads namneform Unna-Vuol’na må då takast på alvor, medan Stuor-Vuol’na er hyperkorrekt for Vuol’na, les Vuollná. Kva ligg så i det? Lulesam. vuollánit tyder «bli eller komma lägre, sänka sig», jf ns vuollánit «dale, glade, gå ned» (om sola), men då framfor alt austsamisk (Kola-samisk) vuellne (вузллнз) «стать нйже, снйзиться, понйзиться»: bli lågare, senke seg, avta, søkke osv. Frå ein sørleg vinkel stemmer dette veldig godt for Hulløy-profilen, frå Vetten og innover. I så fall kan namnet vere svært gammalt.

Det ville styrke argumentasjonen om ein kunne påvise fleire namn av same type, men at det fell vanskeleg innafor samisk er slett ikkje så uventa når vi veit at systematikken i namn på norske fjellformasjonar er like dårleg klarlagt: Vi finn der verb som å lågne, likeins uttrykket ‘det lægnar der heimetter’ i tydinga halle, gå nedetter (NO 7:884). Her framstår eit namn som Steigen, gno. Steig noko meir konkret, eigentleg om den bratt opp­stigande Steigtinden, med stikk motsett namnevinkling knytt til verbet å stige. 

Så litt om namnet Hulløya og alt som knyter seg til: I sitt foredrag ved skipinga av Hålogalands historielag 1920 (Håløygminne b.1) startar Johan Hveding sin omtale slik: «Fyrst lyt vi sjå på stadnamnet Hulløy», og så like etter: «bygdemålet har forma Hull», og sist i same avsnitt: «Bygdemålsforma: Huld». Dette er visst berre ‘ideelt’ å forstå, for han held fram med å kalle øya Hulløy i ubunden form, som for meg er ufolkeleg og «offisielt». 

Framlyd H- i øynamnet er tydelegvis udiskutabel for Hveding, men han seier òg at «bygdemålet i Tysfjord set nemleg inn ein h i sume ord han ikkje skal vera, td hesjestein for esjestein og fleire». I framhaldet kjem flg.: «På Hulløy ligg vendt mot sol og sør desse gardane etter kvarandre: Ulvønes, Hjalmaus, Borg og Ulvø. Soleis ser namna ut med dansk-norsk rettskriving. I bygdemålet heiter dei Hull­arnes1, Hjalmhaus, Borg og Hulløy. Då h var ein lite sætande kar i tysfjordmålet, kan vi ta han bort i fyrste stavinga».

Her skal føyast til at i einskildord er tysfjerdingane langt frå åleina om slike ‘unotar’, og på Vestlandet går såkalla «halvemål» mykje lenger i den lei, det er velkjent for norske mål­føregranskarar. Men i Tysfjord må vi ta fleire språklege omsyn: I «Lulelapsk ordbok» av Harald Grundström blir vi temmeleg overraska når vi slår opp på H for å leite etter ord vi ventar å finne der: «h har i denna ordbok ingen betydelse for ordens alfabetiska följd … Ord som börja på h få därför sökas under närmast följande vokal»…. I praksis er altså ord på h– å finne heile boka utover, berre ikkje under H. Det er både uvant og uventa! 

No ser det ut til å vere så vi i storparten av Nord-Noreg finn samisk unna– «litle-, litje-» omtolka til Hund– |huᶇᶇ-|: Hundbergan og Hundhammaren, Hundholmen osv. (jf. Th. Storjord 1998: 48). Det er då ikkje utan grunn at Johan Hveding er utrygg på framlyden H– i namnet Hulløya. Det lokalhistoriske og folkloristiske materialet han noterte frå Hulløya og nærområda er tankevekkande.

Om no den norske namneforma Hulløy(a) er å lite på, kan det vere litt bakvendt å sjå heilt bort frå denne og legge den samiske til grunn for ei tolking mynta på guden Ullr, særleg når Qvigstad går ut frå at Ulle, Ulli kjem frå norrønt, ikkje omvendt. I flg. han synest fleirtalet av øynamna langs kysten å ha eit norrønt opphav (jf. hans omtale av øyane i Troms). Rett nok ligg ikkje Hulløya i havgapet, men i eit fjordområde der samisk dominerte, sjølv om kulturkontakten nok også var i orden frå gammalt. Noko samisk namn på guden Ullr er ikkje overlevert, men pil og boge, skier og båt er Ulls viktigaste attributt, så saktens kunne han appellere også til samefolket i Tysfjorden!

Det er like fullt eit faktum at stadnamngranskarane med åra er blitt meir varsame med namnetolkingar baserte på norrøn kult, med mindre historiske og arkeologiske fakta er på plass. Ikkje minst i nord tyder stadnamna på at godbonden, huldra og andre under­jordiske rådde i folketrua, i tillegg til sjøens vette som marmel, havfru og draug. Meir alderdommeleg og utviska er trua på alvar og dvergar. Nokre trur at at dei norrøne gudane mest vart dyrka av dei øvre skikt i samfunnet.

For Hulløy-namnet, i flg. NG utt. »huᶅᶅøya, sprikar skriveformene: År 1559 Vllon ( svensk skattemanntal), Ullö 1607 (svensk sk.manntal), 1661 Wlff Øn, «kaldis Kjøbsneß», 1723 Ulføen, 1730 Ulløen (Hans Skanke), 1743 Uuløe, Uul-ø og Uuløen (Schnitler), men same året også Uløen (finnemisjonær Jens Kildal, Kjårnes), år 1766 Uldøen (i bygselbrev), 1772 Ulvøen og Ulvøe (kyrkjeboka). Dei kursiverte formene er frå «Norske Gaardnavne» – resten er Svein R. Sommerset å takke.

Forma Vllon frå 1559 må lesast som Vllön2, på 1500-talet gjekk skriftmarkering av ø på slump. Vllön er forsvensking av det usms. samiske namnet Ulli el. Ulle som Qvig­stad reknar som lånt frå nordisk. Han fører 1893 opp Ulli som namn på norsk Hullø (Nordische Lehnwörter 337), og NG viser til nettopp han. Men framlyden H– er noko problematisk, for så vidt at han er fråverande i bygdefolks skriftlege namne-bruk svært lenge, endå uttalen i flg. NG 16 er »huᶅᶅøya og einast det. Meir om dei tradisjonelt H-lause skriveformer i Nils Kristian Sørensens artikkel.

Ryghs merknad var at «de ældre Skriftformer er uforenelige med Navnets nuværende Form og maa være urigtige» (NG 16: 269). Kommentaren ville neppe blitt slik dersom han hadde vore klar over skriveforma frå det svenske manntalet 15593. Rygh fokuserte på skriveformene Wlff-, Ulf-, Ulv-, som ganske eintydig peika i ei anna lei.

NG 16 frå 1905 er utan tvil kjelda når Amund Helland i 1907 seier: «I fjorden ligger her en betydelig ø, som heder Hullø, men oftest feilagtigt kaldes Ulvø» (Nordlands Amt b.1, s. 344, «Norges Land og Folk»). Vel var Helland ikkje namneforskar, men «Norges Land og Folk» har no hatt stor autoritet for folk flest også på det feltet. Vår neste stopp blir 1914, NG b. 7 for Bratsberg Amt = Telemark: Der finn vi «Sønavnet *Hull» i Sannikedal kopla med «Ønavnet *Hull» i Tysfjord.

Med slike autoritetar på si side er det naturleg nok at Johan Hveding ordlegg seg som han gjer i 1920. At øya i dagleg tale heitte Hulløya var han som tysfjerding sjølvsagt klar over, endå han skriv ubunden form Hulløy. Same uttalen må òg informantane til Qvigstad 1893 («Nordische Lehnwörter im Lappischen») ha vore fullstendig på det reine med, elles kunne han ikkje så kortfatta ha kopla Ulle, Ulli med Hullø (i den tids ortografi). Qvigstad hadde eineståande kunnskapar innafor lappologi dei då kalla, han var ein viktig støttespelar i arbeidet med «Norske Gaardnavne», jf. Finnmark-bindet.

Gnr. 6 i Tysfjord er Olvika, skrive Ulfvig 1723: «1ste Led kan vel være Dyrenavnet Ulv», seier Rygh. Her kan han stø seg til Qvigstad, som fører opp «ul’bē, g. ulpē, eine Insel in Westerålen = anw. ylfi, nw. Ulvø; vgl. ulpē–giedde, ein Hof im Tysfjord = nw. ulv-vik» (NL 337). Så enkelt er det ikkje, av di øynamnet i Vesterålen (no Hadseløya) har overlevd i forma olvi– i sekundærnamn. Om Olvika i Tysfjord er tilsvarande å seie at det samiske namnet Ulpē-gied’dē og fjellprofilen der er i bra samsvar med sørsam. ulpie «bord, brem» på klede, lulesam. ål´pē, hål´pē «kant, kantband, saum», jf. Friis: ulpe, olpe, holbbe + austsam. olbbe.

Også i Ulli, Ulle = «Ulløen» sitt tilfelle har skrivarane truleg meint at dyrenamnet ulv måtte ligge under, ettersom «ol(l)» og «ull» gav lita meining på dansk-norsk. Vi skal utvide språkperspektivet noko og prøve øynamnet mot sam. ul’le, ul’li «flo» (kontra fjære), og straumen som høyrer til, men korkje når det gjeld «Ulløen» eller andre ser den tolkingsmåten ut til å føre fram. Det meinte heller ikkje Qvigstad, som førte opp ulli (uendra i genitiv) «1) eine Insel in Skjervö = nw. ulø; 2) eine Insel im Tysfjord = nw. hullø» (Nord. Lehnw. 337), utan nærmare tolking. Like fullt var det viktig nok at han skreiv Hullø om Hulløya, men bruka offisielt Ulø i Skjervøy sitt tilfelle.

«Ulø» om sistnemnde har parallellar i fleire skriveformer av øynamnet i Tysfjorden: 1743 Uuløe, Uul-ø og Uuløen (Schnitler), same år Uløen (Jens Kildal), derimot altså Vllön 1559 og Ullö 1607 (svenske manntal), 1730 Ulløen (Skanke). I Skjervøy sitt tilfelle var det enkel l som festna seg og vart norsk norm, trass i den samiske uttalen (utdøydd no?). I Tysfjorden skulle det gå annleis.

Når vi først er inne på den i dag tradisjonelle norske skrivemåten Hulløy med H-, må nemnast ein ørliten redaksjonell glipp: «Norske Gaardnavne» motseier seg sjølv der det er tale om Hulderøya |»hulldrøya| gnr 8.1 i Sannikedal, som i dag høyrer til Kragerø. Om denne blir sagt, at det er «er en Ø i Indsøen Hull, paa hvis Nordside Huldal (GN. 7.3) ligger. Formen henviser til et ældre *Hullarøy, som vel indeholder Gen. af Indsø­ens Navn, der synes at have været Hull f.» Det som i starten framstår som eit faktum, blir altså sistpå modifisert til «synes at have været» (b. 7: 23-24, trykt 1914).  

Hullvann med Hulldalen i nord og Hulløya, Hullstrandkilen og Hullstranda i sørvest. Norgeskart.

I den vidare drøftinga sveipar NG over mange andre namn der likskapen er vurdert til å vere tvilsam, men ‘derimod maa sikkerlig Ønavnet *Hull i Tysfjorden og Sønavnet *Hull i Sannikedal være det samme Navn’. Det er alltids litt, men konklusjonen lyder resignert: «Om Navnet Hull kan saaledes efter min Mening ikke med Sikker­hed siges andet, end at det maa være ældgammelt».

Det står Hullvann på Kragerø-karta i dag, og slik har det visst vore lenge. Det er rett at vi har Hulldalen på nordsida av vatnet. På sørsida av vatnet ligg Hull(er)øya som stengsel mellom Hullvann og Hestøyfjorden. – Men Hullstranda og Hullstrandkilen, dei er lokalitetar på sørvestsida av Hull(er)øya, dei har ikkje med Hullvatnet å gjere, men ligg vis à vis Hull(er)øya. Så det må nok ha vore øya, ikkje vatnet som heitte *Hull. Slåande er at liksom denne øya *Hull gjer det uråd å sjå Hestøyfjorden frå Hullvann, og omvendt, med alle småsund og smotthol der er, slik ligg òg Hulløya lik Ulli og hindrar innsyn til Hellmofjorden, Grunnfjorden, Mannfjorden etc. Vi kan undrast om hovudpoenget var at øyane hindrar innsyn eller at folk kunne gøyme seg bak dei, ligge der i skjul? I røynda blir det nesten to sider av same sak.

Sofus Bugge koplar *Hull-namnet i sør til gardsnamnet Helle, Helleelva og -fjorden, og nord i Tysfjord til Helland og Hellemofjorden. Han meiner at «Øens gamle Navn er *Hull (af Stamme Hulli-), Gen. *Hullar». Det vågar vi halde fast på, endå vi kan tvile på koplinga til «Helle»-namna, då det er openbert at øyane hindrar innsyn, kvar på sin stad, jf. gno. hylja «dekke, skjule, gøyme». Vi skal derimot ikkje rekne med eit namn *hulderøya eller *huldøya, det ser vi når vi jamfører gno. huld «hulder» med den alderdommelege nordsamiske låneforma uldda av same ord, for heller ikkje øynamnet Ulli, Ulle har ein slik d. – Av same årsak kan øynamnet ikkje så godt koplast til gno. hulda f. «dekke, skjul», som elles ligg nær nok i tyding. Øynamnet *Hull må då stå for ein lokalitet som skjuler (gir skjul, er eit skjul), ikkje ein som sjølv ligg huld = skjult. Slik sett har vi vel letta litt på sløret kring Hulløy-namnet, men ikkje nok.

Frå Tysfjord-kjeften sett stenger Hulløya effektivt for innsyn til fjordane innafor. Norgeskart.

At Uløya i Skjervøy (ytst i Lyngen) òg hadde samisk namn Ul’li (eller Uli-suolu) er noko uventa. Qvigstad meinte at òg det samiske namnet var eit lån frå norsk, men der har vi ingen fleire skriveformer å bygge på. I sak kan tolkinga vere som i Hulløya sitt tilfelle, for frå nord og særleg frå vest skjermar og skjuler Uløya det lange, krokute Rotstundet. Austom er ikkje fleire fjordar, som i Tysfjorden, men ein kunne her gjere seg tankar om det tronge Maursundet i nord med Hamneidet over til Reisafjorden midt på – og lenger sør Ravelseidet og Rotsunddalen. Om gammalt ferdselsmønster veit vi ikkje noko, i dette tilfellet. Skriveformer med framlyd H– kjenner vi ikkje i Uløya sitt tilfelle, må berre gjette korleis ei presumptivt norrøn namneform lydde her.

Språkhistorisk er det så at tysk Wolf og Wolle og engelsk wolf og wool kjem av germanske fellesord wulf og *wullō, men i norrønt mål vart dette ulf og ull. Bortfallet av framlyd w– i norrøne ord viste seg både når påflg. –u– var kort og lang. Vi kan lure på om det overlange samiske vuolle– vart til norrønt ulle-, ule– etter same lydregel?

Gjennomgåande har sam. vuolle– statisk tyding ‘under-, nedre-‘, men som vi såg i samband med drøftinga av Vuollná, ved ein del verb kjem tydinga «gå ned(over)» til, og nordsam. vuollut «gå nedover, utarmast» kunne der takast med. For Uløya lik Ulli synest det ha mykje for seg å fokusere på avstandsinntrykket: Ho har jamt avgåande profil frå høgaste topp og ned til stranda, enten du skør ho frå sør eller nord. Dersom dette lydlege resonnementet er rett, må vi tru der finst tilsvarande samband mellom formene Vuollná og Ulli, Ulle. Då blir òg sambandet mellom *Hull (Hulløya) og Ulli, Ulle mindre eintydig enn ein før har tenkt. Samiske språkfolk får gå det etter. 

Uløya i Skjervøy, sam. Ulli, har også ein jamt avgåande profil. Copyright 2017 by lakako.com   

No er tida inne til å avsløre at vi kjenner endå ei «ulløy», nemleg Ulløyna i Øygarden utanfor Bergen. Ho har geografisk endå meir framskoten posisjon enn Uløya i Troms, men der innom ligg ikkje (som i Uløya og Ulli = Hulløya sitt tilfelle) fjordar, sund eller eid i skjul. Derimot har sjølve øya fleire interessante små vågar og tronge sund, endå så lita ho er. Dei var truleg nyttige smotthol, endå vi heller ikkje i det tilfellet har nærmare kunnskap om bruken.

Her kjem vi tilbake til fenomenet halvemål som så vidt er nemnt før (det at framlyd h fell ut i ord der han skal vere og kjem inn der han slett ikkje høyrer heime), som t.d. i 1. strofe av ein gammal bryllupssalme: «O hægtestand, du øilyksalig hest»! Fenomenet har no stort sett forsvunne, men var vanleg frå Møre og sørover til just Øygarden. Uventa nok inneber dette at vi tør «lese» Ulløyna som Hulløyna og dermed kan plassere namnet i same bås som dei to andre Hulløya’ne.

Halvemål i full utfalding har vi neppe hatt i nord, men Hund- for samisk unna-, onne– er påfallande, så vel som det fenomenet at ord med og utan framlyd h kan ha akkurat same tyding i lulesamisk, og fenomenet er langtfrå ukjent i sørsamisk heller. Qvigstad reknar med at øynamnet Ulli i både Tysfjorden og Lyngen – Skjervøy er samiske lån frå norrønt: Då må vi vere opne for at vi òg kan ha med opphavleg *Hulløy eller *Hull å gjere i sistnemnde tilfelle og kanskje gje slepp på teorien om *vuolle- >ulle- osv.

Kor gamle er namna til øya i Tysfjorden? Skriftleg dokumentasjon frå før nytida er fråverande, lettvintast vil atter vere å sitere at det «kan saaledes efter min Mening ikke med Sikkerhed siges andet, end at det maa være ældgammelt»! Men særleg med tanke på namnet Vuollná kan det likevel vere nyttig å drage ein parallell med eit anna vanskeleg namn i bygda, Davve–Vássjá (Yttervassja eller berre Vassja), og Sis-Vássjá (Inner-Vassja). Om termen vássjá seier Thorbjørn Storjord at det er terreng, helst ved sjøen, der det er skog og vanskeleg å ta seg til fjells på grunn av brattlende (s. 101, jf. s. 120). Han nemner inga kjelde, men her kan nemnast austsam. vašš «buskas, kratt» som slett ikkje harmonerer dårleg med landskapet i Davve- og Sis-Vássjá, ei heller med Vássjá på austsida av Hulløya. Dette presiserer Storjord si tolking, sml. òg Kjerrvika. At kjerrar i vår tid må vike for tilgroing med skog i det meste av landet er ei anna sak.

Mindre klart er eit namneknippe frå Fauske, dvs. lengst sør i det lulesamiske området, med namn som Vássjá-várre og –tjåhkkå, Vássjá-vágge, –jávrre og –jåhkå4. Det er inn mot riksgrensa, og vegetasjonen er mildt sagt sparsam. Endå vanskelegare er å forstå at på hi sida av grensen, i Jokkmokk, er Vássjá namn på ein bre (vegetasjonen er i Rapadalen på sørvestsida). Har her skjedd denotasjonsendring så namnet Vássjá har kome på gli?

Det sørsamiske ordet for kratt er vasjnjedh, då også i sms. vasjnjedhlaante «land med småskog og kratt». Meir uvisst er det med nordsamisk, men i Kiruna stemmer dette med buskas i alle fall bra for Vássejávre  og Vássejohka i nedste delen; ein skrivemåte Vássi– er òg nytta her. Björn Collinders «Ordbok till Sveriges lapska ortnamn» har ei nølande tolking av desse namna: «fara, gå förbi, passera (ej stanna eller titta in och hälsa på)».

Når vasj– = «kratt-» kjem tydelegast fram i språklege randområde som sør- og austsamisk, kan det etter vanleg tenkemåte vere den opprinnelege tydinga som har overlevd der. Det borgar for alderen, og vi har då haldepunkt for at også Vuollná er eit namn av høg alder som festna lenge før det skjedde lulesamisk innvandring til Tysfjorden.

Fotnotar:

  1. Denne forma er det vanskeleg å få dagens tysfjerdingar til å godta. Gamle skriveformer er Ullenäs 1607 og Ulnäs 1608  (i svenske manntal), 1743 Ulfvenes (sorenskrivaren i Salten), men same året også Uloe-Näset les Uløe-neset (finnemisjonær Jens Kildal). Så langt i flg.Svein R. Sommerset. Hullar- kjem ikkje av eit sam. *Ullenjár(ga) heller, for Hulløynes heiter i flg. Qvigstad Suolōgēhčē:      «øy-enden».   ↩︎
  2. Det gjer då også Knut Kolsrud i boka «Sommersete» (1961 s. 37). Inessiv form av Ulle ser vi i «Ullen oroi dolus aiken gonogas» = på Hulløya budde i gamle dagar ein konge (Qvigstads eventyrsamling 1929 s. 528f.) Begge delar har Svein R. Sommerset gjort meg merksam på. Mindre sannsynleg er Storjords tanke «Vllon < Suollon – på øya, innessiv kasus?» (s. 99).  ↩︎
  3. Sml. at det under omtalen av Sjøvegan i Salangen står flg: «Formerne Skida-, Skidhe-, Skede-, Skides-væg, som efter Meddelelse af Hr. Qvigstad skal forekomme i svenske Dokumenter fra 16de Aarh., maa vist betragtes som Forvanskninger ligesom de ældre norske Skriftformer».   ↩︎
  4. vašša er i flg. Qvigstad «en forholdsvis kort og bred bukt» (Qv 1938: 238 ↩︎