Sel og sæl

Under 2. verdskrig, og sikkert litt før det, brukte norske nazistar den norrøne helsinga «heill ok sæll» til eigne formål. Det var lite å gjere med det, anna enn at vittige sjeler innimellom la til ein ironisk vri. Det gjorde nettopp han som i 1940 eller kanskje eit år tidlegare sa om sin morfar, som sette til under storskaden på Andenes i 1821, at «han ble liggende hele 9 uker i sjøen før man fant ham og fikk dradd han opp av havet – like heil og sæl»1. Men her er det nok best å gå over frå svart humor til meir seriøst alvor:

I og med Elias Blix sine salmar og den nynorske katekisma fekk ordet sæl også den religiøse dimensjonen sæl = salig. I dialektane lydde det likevel ikkje alltid slik, iallfall ikkje i andøymål. Det heitte at han eller ho var like sel (like glad), når noko var hipp som happ. Like fullt heitte det ofte nok, når alvorleg sjuke folk endeleg fekk sleppe ut av verda, at det var ei sælebot. Det er uttalenyansar verd å merke seg når vi om litt ser på nokre stadnamn skrivne Sel– der meininga ikkje alltid er framstår like tydeleg. Vi tar dei enklaste først.

sel lik kobbe?

Nokså uventa, blant dei mange Sel-namna i landsdelen fortel relativt få med full visse om gamle selveide: I Aslak Bolts jordbok frå 1400-talet er sagt at kyrkja m.a. eig «af Selafiordom iiij spann oll eign ligr til selweide oc skogr», dvs. Selfjorden i Flakstad. – Selskjæran i Bjarkøy fortel venteleg om det same, likeins Selvågen i Nordkapp, som er trong ytst og har talrike skjer og grunnar. Selvika i Måsøy kunne nok også ha med selveide å gjere, for så vidt at det finst skjer litt lenger ut i fjorden, men mykje nærmare ligg Selvikdalen, som er ei vid deld (sjå seinare).

Fjordnamnet Salangen vart skrive Sellanger 1567, det fortel sikkert nok om selveide. Då tør vi kanskje rekne med at den tronge Selvågen i same fjorden og var gammalt selveide; han er no stengd av bilveg.

sel for selje?

Selneset eller òg Selnes |sæll-|, i heile åtte tilfelle som gardsnamn, finst mange stader her nord, men det er tvilsamt at namnet har same opphav overalt. Truleg er det tale om treet selje kva Selnes i Storfjord, Lyngen, Balsfjord, Gratangen og Tjeldsund gjeld, så vel som i Kjørstadvatnet i Hadsel og i Steirapollen i Vestvågøy. Rygh er elles nokså ordknapp om Selnes som gardsnamn, endå han held trenamnet for mest sannsynleg forklaring, og skriveformene Seliunes DN VI 347, Sellinis, Selinis 1567 om Selnes i Ibestad (no Gratangen) og likeins Selienes 1567 om Selnes i Karlsøy (: Lyngen) peikar nok den vegen, kanskje også Sellenes 1567 for Selnes i Rolvsfjorden i Borge (no Vestvågøy).

sel om lægder?

Terrengmessig like er Selnes-lokalitetane ikkje: Selnes i Rolvsfjorden ligg i ei av­runda lægd og kan minne om Selnes på Landegode medan Selnes ved Pettvika ligg i ei lengre lægd, nokså likt Selnes i Tranøy. Selvågen i Sørfjorden i Gildeskål er kun ei ørlita, grunn vik: Det som særmerker landskapet også der, er den smale og lange lægda innanfor. Selvika i Dønna ligg likeins i enden av ei lang og smal lægd, Selvika i Kas­fjorden i Harstad svingar seg bogeforrna inn i ei avflata krå med ei smalare lægd Sel­vikdalen lenger opp.

sel om innskjering?

Selneset |sēṛṇese| lengst sør på øya Søla i Vega er ei bogeforma snei inn i strand-konturen. Kan hende ein variant av seil m «en Indbøining, en bueformig Indsænkning paa en Kant eller Ryg» (Aasen, frå Hallingdal). Det kan ikkje vere tale om sæld, for det ordet har vi i Grønhaugsældi |-sæᶅᶅe| på Bø i Vega.

Seløya |selløya| ligg i Hadselfjorden og er småkupert, med eit myrsøkk midt på: I så måte kunne «Huulning eller Fordybning paa en Flade» høve, men det fell meir i auga at Seløya og Litl-Seløya tett ved er knytte i hop med eit kort rev, og på austersida av det revet har sjøen lagt opp ei vakker, bogefonna kvitsandvik. Isolert sett minner uttalen av øynamnet mest om lokal uttale av sele m (bukse-, heste-), gno. sili = seli m, i så fall om to øyhalvdelar “sela” i hop med eit berg- og sandrev? Det er likevel ei for spesiell forklaring, meir rimeleg er det å tenke på seil m i tyding som nyss nemnt. Men sidan revet flør over, kan vi heller ikkje la vere å nemne gno. sil n “vatn som renn stilt”.

sel om vass-sig?

Selnes i Lille-Porsanger i Lebesby er noko for seg, det ligg attmed ei bogeforma leire der det mynner eit par bekkesike. I dette er likskapen med Selvågen på Nord-Rollnes tydeleg nok; han er vid og grunn, med eit bekkesike. I Selvågen i Lenvik (Hillesøy) er ei tilsvarande utleire, tilgrodd no, jfr Selnes i Lurøy, men elles er det likt. Tilgrodd er også den tidlegare leira i Selvågen i Bø, eit myrdrag som går bogeforma attom det som eingong var ein låg bergholme. I myrdraget renn talrike sike med pyttar imellom, det er særpreget for denne Selvågen, jfr. atter sel = gno. sil n “vatn som renn stilt”.

Selvågen i Fleina i Gildeskål er noko heilt for seg, posefonna og relativt rømrneleg, den einaste Selvågen der det fell naturleg å tenke på våg = hamn. Men også der ser vi ei utgrunn vik inst, med sand og leire, og 2-3 ørsmå bekkesike kjem frå små myrdrag.

Leirfjord sin Selvåg, på øya Alsta, har fullt oppdyrka flatland mellom berga og med ein grunn våg ytst; sigevatnet går i grøfter no. Selvågen i Brønnøy er òg kalla Selvågan, så der har namnet ekspandert, men den eigentlege Selvågen er oppaura av sand og leire lengst inne, og dit kjem eit sike langvegs ifrå. Selvåg-namnet på sjølve Rødøya i Rødøy har og ekspandert, men utgangspunktet er tydelegvis Selvågdalen, med ei særs utgrunn vik i munningen og med tilførande bekkesike.

sel om stillelv?

Selnes nær sjølve Sortland og Selneset inst i Eidsfjorden ligg begge ved ei stillelv, det minner greitt nok om sel = sil n, sjå tidlegare. Situasjonen på Selnes i Tromsø minner om den på Sellevoll, sjå seinare. Selnes i Lurøy har ei oppdyrka låglendt slette og ligg ganske nær Stordalselva.

Selværet |sæll-| i Træna er noko for seg: Det heiter Selværet om heile øygruppa, men ubunden forn Selvær står for sjølve været (det finst ein leseuttale Sæl- med, men denne er utradisjonell). Det er naturleg å tenke på selfangst i samband med desse øyane, me noko uventa: Namnet blir ikkje uttala med tjukk l. Det får oss til å lure på om noko anna ligg bak?

Særmerkt er at heimlandet i været er delt langsetter av eit langt og beint elveliknande sund, av naturen laga med fri gjennom­strøyming av sjø. Truleg kjem flo og fjære nokolunde samstundes i endane av sundet, slik at straumrenna ikkje blir så sterk. Fiskarane drog tidt med seg landets nemningar ut på havet. Godt kjent er veiter om renner i havbotnen, og vegværingane kallar langs­gåande djupter – både nordom Floværet og nordom Ytterflesa – for Bekken. Då blir heller ikkje sel n «stiltrennande vatn» tenkt om saltvasselva gjennom Selvær-øyane spesielt oppsikts-vekkande.

Selvær i Træna, delt av eit elve-liknande sund. Statkart

Meir eit tvilstilfelle er Seløya i Herøy: Buplassen ligg på ein øy-halvdel med låglende mellom to langvorne hågar, så landskapet framstår noko meir salforma enn Flatøya tett synnafor. Eit større særmerke er like vel den breie sandvalen mot Ormsøya på nord­austsida, no med vegfylling. Venteleg var dette eit opnare sund med straumrenna inn og ut ved flo og fjære før.

sel om fløvalar?

Selsøya ‘sæls- fleire stader i Nordland er eit ganske problematisk namn. Denne ved Rangsundøya i Rødøy er prega av langsmale «dalstrimler» i det karrige berglandet og kan i det stykket samanliknast med Selsøya i Hamarøy og i Lødingen, men ikkje overtydande. Selveide kunne det vel vere tale om, ikkje minst for dei to siste, men slik tradisjon er knapt å oppdrive. Finst det ei enklare forklaring?

Selsøya ved Rangsundøya er så vidt laus av Hestøya ved eit grunt sund, medan Selsøya nordom Hestmona eigentleg er to øyar, såvidt bundne i hop av eidet på nord­sida av utleira Innerselsøyvågen – ho er i sør knytt til Hestmona med eit akkurat like lågt eid. Opplagt er at sjøen før flødde over, også her, eller for å seie det meir varsamt med O. Rygh: «Gaarden ligger paa den nordlige Del af Hestmandøen, som mulig engang har været en egen Ø».

Selsøya i Hamarøy har på austersida ei fint innbøygd sandvik som kan minne om den på Seløya i Hadsel, men viktigare er sandbeltet mellom to valar som kjem frå kvar sin kant inst på øya og markerer at storfloa enno kan gå over og gjere halvøya til øy att. – Selsøya i Lødingen har likeins, især i vest, talrike smale sandvalar der sjøen flør opp. Kanskje er det eit poeng at tronge fløvalar også skil den såkalla Gardsøya frå resten av Selsøyværet. Det kan vere at vi i desse namna ser ein utvida bruk av ordet sel n, som av ein eller annan grunn tar genitivs s i desse fire tilfella. Frå ei side tenkt må vi vere opne for at det likevel kan vere tale om gamle selveide og at vi kan ha oversett eitkvart i så måte. Dette siste bør vi sjølvsagt òg ha i tanke når det gjeld selvågane og -vikane. På hi sida: I fall termar som sil, sel n og sela v. ‘renne stilt’ òg vart nytta om rennande saltvatn, er det interessant å reflektere over kva som skjer i ei stor sandvik eller vid utleire når sjøen flør og fell.

sel om lang, grunn tjønn?

Sellevoll |sælle-| heiter ei grend på Andøya. I utgangspunkt er namnet uklart, men ein skulle tru at historiske skriveformer ville vere til hjelp? Det heiter Seleuold og Segleuoldt 1521, Seileuold og Selieuold 1567, etter det Selleuold i lang tid. Eitt av tallause døme på sprik i historiske skriveformer. At det eingong voks selje på denne låge strandvollen kan vel hende, men vi stussar, akkurat som når vi reflekterer over namnet Skogvoll på den endå meir verharde vestsida av Andøya. I andre namn frå Andøya heiter det dessutan ganske enkelt Selje-.

Så dukkar det opp eit jordskiftekart frå 1871 som viser at det endå på den tid fanst ei lang tjønn heime i garden på det lågtliggande Sellevoll, og derifrå rann to små bekkar ut i sjøen. Ho heitte beintfram «Tjønna», og Tjønnvollen var gardparten rundt den breiaste delen av tjønna. Alt i alt opnar dette for ei anna tolking av gardsnamnet, eit tostavings ord som må svare til det tidlegare nemnde sel n. «stiltrennande vatn i elv eller bekk», i gno. sil n (jf. Trysil, Sel i Gudbrandsdalen o.a.).

Sellavågen |sella-| på Halsebø i Harstad står gjerne som «Sildavågen» på karta, men etter uttalen må det vere tvilsamt at namnet hadde med sildefiske å gjere. Tett innafor, berre med ei smal landstrimle imellom, ligg Kvannesvatnet, ei tjønn veldig lik den på Sellevoll som for lenge sidan vart tørrlagd.

Kvannesvatnet gav vel eingong namn til Sellavågen, Harstad. Kartverket.

Korgen har Bjursela, Holmsela og Sjøsela som utvidingar av Røssåga, uttalt |-sælla|, i ny sms. derimot med e i midtleddet: Bjurselførsen. Like eins tyder Rundselforsen på at *Rundsela var eit namn som fanst før – Rundselbukta litt ovanfor er rundvoren.

Gards­namnet Sellevoll på Andøya synest ligge tett opp til formene frå Korgen, men det er det uvisst om sistnemnde hadde ei utgangsform sel eller sele f. Sellavågen uttalt med trong e går like snart tilbake på eit tidlegare *sili m, underform *sila-?

Interessant er elles å sml. alle desse kortvokaliske Sel-namna med det trøndske sēla v. «renne seint» og det tilhøyrande adjektivet sēl: «som renn seint» (NO 9: 959f), altså med lang e.

I nordsvensk har det skjedd at bunden form Gran-, Lyck-, Lång-, Sor- og Åselet o.fl. alle er blitt mistydd som ubunden form av eit *sele n og derfor har mist bunden form på –t også i skrift. Om det har skjedd noko av det same i tilsvarande norske stadnamn er førebels uvisst.

1Hans Nerhus, «Den merkeligste mannen Andøya har fostra» s. 64.

Nyredigert etter «Håløygminne» 1-2013.

Kvinadsvik, Kvina

Kvina |»kvīnȧ| er gnr. 43 i Lurøy. Det er nemneforma, men folk bur i |kvīn~n| (dativ). Garden ligg i botnen av ei vik som også heiter Kvina. Uttaleopplysningane i «Norske Gaardnavne» når det gjeld tonelag (tonem) er ikkje heilt rette. Om gardsnamnet seier Oluf Rygh: *Hvín, udentvivl egentlig Navn paa den Aa, som kommer fra Kvinvandet og nær Gaarden falder ud i den Bugt, som ogsaa kaldes Kvina. Elvenavnet, som ogsaa er bevaret i Kvina, Hovedelven gjennem Kvinesdal, hører til hvína, hvine, suse (Elven. S. 136). Aaen har temmelig sterkt Fald».

Elva Rygh her har i tankane er Mølnelva, som har bratt fall på èin stad, nemleg der ho fell ut i sjøen; særskilt namn på dette stryket er enn så lenge ikkje registrert. Når det gjeld tolking av gardsnamnet, blir haken her som så ofte elles at Rygh metodisk leita etter eit eventuelt elvenamn som kunne forklare gardsnamnet, så i utgangspunktet blir ein skeptisk, kanskje også i tilfelle der ein ikkje treng vere det.

Den katolske kyrkja åtte jord «af Kuinasuik» (Aslak Bolts jordbok 91). Oluf Rygh ser det såleis, at namnet må vere feilskrive «hvis det ikke skal opfattes som Hvínásvík». Men *Kvinåsvika finst ikkje, ei heller *Kvinåsen, men på overgangen Lurøy-Rødøy ligg derimot Kvinvatnet, så Kuinasuik kunne snarare vere feil for *Kvinvassvik, men heller ikkje det namnet er påviseleg i nærområdet. Enklast synest det derfor vere å lese Kuinasuik som *Kvínadsvík, med stum d.

Kvina er ein terskelfjord med ein grunn rygg på tverra aller ytst, og litt utanfor denne ligg Kvinholmen nærmast som grind eller led, så kvínað kunne forståast i ei overført tyding, om noko som stenger, men det blir tvilsamt for så vidt at norsk stadnamnbruk neppe i nemneverdig grad har fokus på lokalitetstypen terskelfjordar.

Ordet kvinad kjenner vi ikkje frå gammalnorsk, men det er nok i tyding likt kviing f «Gjødslen af Mark ved at lade Fæet staa i Fold paa den» (Ross, frå Vest-Agder): Ein nyttig parallell har vi i flinad i same tyding som fliing «stell, reinhald». Vi skal derfor halde fast på at vi har å gjere med kvinad m, verbalsubstantiv til kvia v. «stenge inne, samle i kvi», laga til kvi (kve), gno. kví f.

Sjølve ordet kvi finst i nokså mange former (kvi, kvin, kve, kven), så vel som kvia f.= kvie om inngjerda england i utmark (alt etter Ross). Desse orda synest ikkje å ha vore vanlege i nord, og vi kjem ikkje langt med å drøfte slik problematikk for Lurøy, men «kvinaden» gjekk truleg føre seg fremst på Øver- og Nerstaulen i sørkant av den samanhengande store vika i Kvina: Desse ligg i ei halling på sørsida av ein bekk. Litt vestafor ligg Sommarfjøshagen, men på hi sida bekken finn ein både Staulbakkan, Staulberget og Staulhenget, så det er ganske sannsynleg at her tødde dei mark ved å la væte frå fjøs eller innhegning sige nedover. Lokalitetane ligg nær Grønnesvika, det er søre delen av den store bukta som busetnaden Kvina ligg i nordkant av.

Kvina i Lurøy mai 2012. Tett ved vegen i bakgrunnen til venstre ser vi Mølnelva, i flg. Rygh elva *Hvín som gav garden namn. Til høgre litt av Staulhenget – Staulbakkan. Foto: Wikipedia.

Det er vanskeleg å seie om Kvinadsvik var heile den store, grunne vika eller berre ein del av ho. At namnet Kvina(d) oppstod ved at sisteleddet i Kvinadsvik fall ut, er lite truleg, Kvina(d), ev. Kvina’n = *Kvinaden var heller sjølvstendig namn på eit område der marka tradisjonelt vart gjødsla som før nemnt. Norrøne ordlagingar på –nað hadde vanlegvis abstrakt innhald og er sjeldne som stadnamn, men nokre finst.

Forventa norrøn form av gardsnamnet vårt bør ha lydd *Kvínaðvík eller også *Kvínað-ar-vík, men «Kuinasuik» i AB er mellomnorsk. Om dei sterke oppløysingstendensane i skriftspråket då seier G. Indrebø i Norsk Målsoga:

» s. 215: «Genetiv på –s og på –ar kunde stå skiftesvis i dei gamle bøygningsklassone med historisk ar-genetiv: sonar – sons, stadar – stads; dertil fekk dei kryssingi sonars, stadars (kontaminasjon)».

Det inneber at den mellomnorske skrivemåten *Kvinadsvik (Kuinasvik) kanskje ikkje var tradisjonsrett, at korrekt norrøn form var *Kvínaðvík, ev. *Kvínað-ar-vík, jf. Indrebø. I nynorsk tar ord på –nad alltid genitiv på –nads– i ny sms.

Kvina-namnet har tidleg ekspandert og blitt områdenamn, og derfor finn vi på hi sida (Rødøy-sida) «Kvinfjorden» – vel å merke ikkje vika der garden Kvina og staulane er å finne. Legg vi norrøn språkbruk til grunn her og, var opphavlege namneformer *Kvínaðskard, *Kvínaðvatn og *Kvínaðvík (ikkje *Kvínaðs-). Når førsteleddet Kvinad- ikkje lenger vart forstått (for ð var blitt stum), tilsa språkkjensla at gardsnamnet i bunden form var Kvina og at det skulle vere Kvin– i sms. namn som Kvinskardet, Kvinvatnet. Det aukar vår innsikt å samanlikne med orda buna (utstyr), du(g)na, flina, lovna, (sol)røna, støna, søkna, vågna osv., der tapet av av –d i utlyd har gjort at orda vart oppfatta som ubøyelege eintalsformer av hokjønnsord på –a.

Eitt av dei orda er blitt nypussa under pandemien 2020-2021, nemleg dugnad, men vi finn det også som førsteledd i stadnamn, skrive både Dugnad-, Dunad- og Duna-, ser det ut til. I motsetnad til kvinad lever dugnad i talemålet i si tradisjonelle tyding, nytta om samkome med ubetalt arbeidsinnsats. I ei litt anna stode kjem ordet skilnad, for så vidt at dei fleste kjenner det i tydinga «forskjell». Det fell vanskelegare å få meining når det er brukt om område i skilet mellom to matrikkelgardar, og særleg når ordet i bunden form skilnaden får så avbregda skriveform som Skjelnan (Tromsø) og i tillegg er uavkorta i nye sms. Skjelnanelva og Skjelnanvatnet (juxtaposisjon).

Som førsteledd i stadnamn kan ordkategorien –nad derfor framstå litt «styrlaus». Der språkrøkta går ut, kjem språkrøkla inn.

Lankan, landkam eller landkoma?

Lokalitetar med namn der førsteleddet lyder Landkom- eller liknande har i utgangspunktet tidt med landingsplassar å gjere: Landkomberget gnr. 147 på Inga i Måsøy gl. hd. vart før skrive Landkonberget, men sagt Landkom– og i folketeljinga 1910 skrive Landkom­berg. Det er óg sagt at ‘berget er en bekvem Landingsplads og der er er en udmerket Baadhavn’ (NG 18:163). Lokalkart og oversynsfoto kan tyde på at det høvde å lende både på austsida og vestsida, med små farkostar.

Wikipedia opplyser:

«I gamle dager var hollandske hvalfangere stasjonert i Mafjorden. Det var også fiskevær på Ingøya med sjøsamiske bosettere, og danske embedsmenn var også representert. Man kan derfor si at det er et genetisk mangfold i europeisk målestokk på øya. I 1530 bodde det om lag 360 mennesker på Ingøy. 300 var bosatt på Inga, 60 på Gåsnes. – I dag bor det mest nordmenn på Ingøy, hjulpet av finlendere, baltere og nordlendinger med plass på fiskebåt. Disse leverer fangstene sine på fiske­mottaket som heter Ingøy Fisk.. »

Å vise plasseringa av Landkomberget tett utanfor det avfolka fiskeværet Skjøtningberg i Lebesby.

Landkomberget i Lebesby ligg på Skjøtningberg, i dag med molo, på vestsida av ei stor sandvik; samisk namneform Loaŋkonbakte (Qvigstad 1938:37). Aust for sand­vika ligg Russekeila. Landkomberget (markør) synest å vere namnet på ein del av stranda utom det gamle fiskeværet, som skal ha hatt så mykje som ca. 250 værmenn alt på 1400-talet. Her, som på andre verharde utrorsplassar, vart nordlandsbåtane sette opp i dår­leg ver. Det vart det naturlegvis slutt på då motorbåtane kom.

Namnet Skytning- eller Skjøtningberg kunne, i samsvar med talrike skriveformer frå 1500- og dels frå 1600-talet, snarare skrivast Skytting- eller Skjøttingberg. På Ortelius’ kart frå 1570 står Skittunsberg, hos Mercator Scittungberg i 1595, sml. Schuttingenberg (Sanson 1668), Schuttinberg (Bowen 1791). Tvilsam verkar tolkinga skytningr «saman­skotslag, gilde» (NG), meir truverdig verkar ei avleiing til gno. skúta v. «skyte fram, henge utover», t.d. skúta yfir fram sjóinn. Det høver for odden austafor Skjøtningsberg især, merk gno. skúti og nyno. skut i just den slags tyding.

Lankonbåen ligg rett nord for den opne heimevika i Makkaur i Båtsfjord. Her er ver­hardt, også til Finnmark å vere, og uråd å lende i dårleg ver. Busetnaden var likevel gammal, frå 1500-talet iallfall, og båtane måtte dei sette opp. Uvisst er om det kan ha skjedd på den langgrunne stranda rett sør for Lankonbåen.

Landkomhella i Berg synest vere eit merke for lendinga Landkomkeila like synnafor. Berit Sivertsen i Mefjordvær har med gamle fiskarar som kjelde fortalt at når dei kom av havet, tok dei merke av sjøburden på Landkomhella, om det vel var råd å komme i land i Været. Seinare er Landkomhella bygd inn i moloen, og innom kjem alle støene som hamnevesenet har vore med og rydda. Det er utenkeleg at dei skulle ta merke for landing så langt unna Været som der hella står avmerkt på kartet no. Det kartet kallar Landkomkeila – ho òg plassert nordafor moloen – er inga keile, berre ei bratt bergvik, ubrukeleg som båtplass. Resonnert slik må Keila ha vore ein stad i sjølve Været, men om så har vore tilfelle – det kan vere uvisst – er det iallfall gløymt i dag.

Landkonhella eller «Langkonhella» heiter også ein lett avrunda, flat stein tett ved den rydda lendinga midt i Alvestad på Gryta (Grytøya). Pga. størydding er det vanskeleg å tenke seg korleis strandkonturen var. Usikkert er om Landkonhola heimfesta til Grøtavær var ei vik i nærleiken av Landkonhella (Hm. 10: 485).

Landkomhella i Hillesøy er etter kartet ei berglendt halvøy, med stø og mange gamle hustufter. Like austafor strekker dei to Landkomskjæran seg nord-sør, som ein natur­molo nærmast. Her, som på Inga, synest det å vere brukande lending også på vestsida.

Jens Solvang kallar Landkomhella ei flat strand og seier at rekneskap over «Husfrelse wdj Hillesøe Thingstedt» frå 1611-30 i Riksarkivet har namnet notert Landkone­helde og Landkonellde, Laaed-Kvennehellde og ein gong Landkonhelle: «På denne flate strandsletta hadde Bergens- og Trondheims-borgarar sine buer og bruk for på lag halvfjerde hundre år attende», nemner han, og føyer m.a. til:

«For den lokalkjente er det ikkje vandt å skjøna at fiskarane den tid med småbåtar og håndsnøre fann seg ein lagleg utrorstad på Langkonhella nordst på øya. Der er etter måten ei grei og alltid far­bar lei ut til sei-grunnar og klakkar til fiske under land, motsett leia på sørsia av Hilles-øya gjennom Svee, som er krokut og bryt saman i uver. Difor fekk dei for nokre år sidan Valen mellom Hillesøya og Sommarøya oppmudra så storskøytene no kan gå inn Verholmleia til hamna i Sommarøy» (Hm. 1949: 60-62).

Landkanholmen på Andenes – det synest stå «Lankonhl.» på ingeniør A. Dorps over­siktskart frå august 1888 – har i ny tid jamt vore kalla Lankanholmen. Namnet blir også brukt i samband med sjøhusutleige. Men dei lokale tilhøva så som den landfaste Skjåholmen tett innafor, Tørnskjæret utafor og på austre kant Busanden og Trond­hjemsbukta (tidlegare Hollendarbukta), alt vitnar om ei sentral lending for Andenes vær gjennom lange tider, lenge før moloar av noko slag var påemna. Det heiter alt i 1591 at «paa dette samme land er et skiønt fiskevær, og der bor en stor hob fiskere – og der bruges en stor handel og er saa godt som en halv kjøbstad». På denne tid finn vi der ute folk med tilnamn som Sør- og Sønnderlending, Sundmøring, Romsdal, Numme­daling, og dessutan Dansche, Jyde, Thysch, Schott, Hieltte, Jambt osv. Same namne­skikken vitnar i flg. J. Qvigstad om nordeuropeisk innflytting til Troms og Finnmark på siste helvta av 1500-talet (Hm. 1923: 33 og 1926:162). God hamn hadde Andenes ikkje, men der var heilårsfiske med kort utror til ei mengd gode fiskeplassar. I boka «Fra Lofoten og Solør» skildrar H. Schulze sommarfisket på Andenes kring 1850:

«Her var rorboder til omtrent 200 Baades Mandskab, men nu var Alt stille, thi alle Fiskerne vare paa Sjøen. …. Sjøfuglene snadre og skrige, Maagerne er den hele Nat rastløse paa Flugt og ude paa Sjøen gynge Fiskerbaadene… Saasnart Vinterfisket er sluttet nede i Lofoten og Fiskerne have været en Tur hjemme, bærer det afsted paa Sommerfiske; men hele den fiskende Almue spredes langs efter Kysten lige til russisk Finmarken. De vigtigste Vær i Vesteraalen ere Langenæs og Andenæs. Her roede et Par Hundrede Baade, hvis Besætning for en stor Del bestod af Fruentimmer. …. Nogle sætte Liner efter Langen, der agtes høit som Handelsvare; men den maa søges længere ude paa Havet. Det samme er Tilfældet med Kveiten, som mest nyttes til Husbrug. Men Seifisket er dog det Betydeligste. Saasnart Varmen kommer i Veiret, søger Skreien ind under Land og holder sig helst paa Grundinger og Strømhaarde Steder… De Steder, hvor Seien saaledes er oppe, mærke Fiskerne sig, og om Natten drage de ud, 4 Baade ifølge med Noten. Denne er et stor firkantet Garn, der er saaledes bundet, at der i Midten er ligesom en Pose. Noten sænkes ned paa Seiklakken og bredes ud og alle fire Baade ligge med hver sit Toug, som er fæstet til hvert af de fire Hjørner af Noten. Saasnart nu Seien begynder at springe over Garnet eller en Maageflok hæst skrigende styrter sig ned der, ro alle Baader til og trække Noten op. Ere Fiskerne heldige, kunne de i et eneste Drag trække Baadene fulde, men ofte maa de ligge hele Natten og kunne endda faa et tarveligt Udbytte. Kl. 4-5 drage de hjem, og efterat de have sovet et Par Timer, tilvirke de Fisken, som altid hænges til Tørring. Den fede Lever samles og skaffer et stort parti Tran.»

Han nemner òg at neste ettermiddag finn dei fangsten frå natta før hengt på hjell ute i Været. Sentralt i Været låg Skjåholmen, Busanden og Landkanholmen, og vi tør nok gå ut frå at miljøet han skildrar ca. 1852 neppe var stort annleis 200-300 år tidlegare. – Andreas. M. Lorentssen frå Fiskenes er ca. 70 år seinare inne på same sak:

«Bare minnes den tid da der for Andenes dreves med optil 90 synke-nøtter om sommeren; da fiskeren kokte mølja mellem steinene i fjæra og tok sin hvile i kubåsene takknemmelig for å ha tak over hodet. Fiskerne hadde den gang både hår og skjegg, men ikke plædd og plyss-tepper fra Utstyrsmagasinet» («Andungen» 1923:8).

Med dei innhogde skilmerka for losteigane på «Landkannholmen» på Andenes som utgangspunkt målbar eg for vel 50 år sidan at namnet kunne ha med kann n «kjenne­merke» å gjere, merk gno. landkǫnnuðr «merke som viser at ein hev eigna til seg eit landstykke» (Hm.1965: 447f). Men eit norrønt ord forklarer ikkje tildelinga av statsgrunn til losar o.a. i moderne tid, ei heller kan vi drøfte dette Lankan-namnet isolert frå dei andre. Dessutan har ingen av Landkann-namna teikn til ein uttale –kaᶇᶇ–1.

Landkonmyra (-kong-) i Karlsøy er dessverre eit namn utan nærmare opplysningar knytt til, det same gjeld Landkonvollen i Loppa nemnd 1785 (NG 18:163). Like usikkert er korleis det eigentleg har seg med Landkonhola i Sørreisa2.

Å vise Landkomneset på havsida av Børrøya i Øksnes.

Landkomneset (Langkan-) i Børrøya i Øksnes er ganske stort, og den relativt store og gode lendinga i Børrøya ligg tett inntil, på sørsida. – . Børrøya ligg også veldig lagleg til for hausting av fiskeressursane på Børrøyfjorden og innover mot Godvikbotn, nemner bygdebokforfattar Johan Borgos, men det gjer også mange andre stader kring bassenget innom Skogsøya – Hjellsandøya – Tindsøya. Den eldgamle tilroren Børøyvossen ligg nær, men baud mest på sei og kanskje hyse, med andre ord fisk til koking og banking. Bergens-varer som torsk, kveita, brosma og longa til tørking eller salting måtte dei hente andre stader.

Børøya ligg i motsetnad til Sunderøya, Tinden, Sørsand og Våje for langt unna dei felt der vinterfisket etter skrei gjekk føre seg, iallfall så lenge båt­ane brukte årar og segl, seier Borgos. Med motorbåtane kom kravet til gode hamner av di eit oppsett på slett strand ikkje lenger var aktuelt, men før den tid søkte nok mang ein nordlandsbåt ly for harde nordveststormar bak Landkomneset.

Å vise korleis ein bergkant tøyer seg langs Lankanneset på Krøttøya, Bjarkøy

Lankaneset lengst nord på Krøttøya i Bjarkøy er det i og for seg også rimeleg å assosiere med lending med nordlandsbåt – at dei kan hende lendte på sandstrendene på begge sider av neset? No går det vegfylling vidare utover.

Landkomskjeret i Auvær i Senja ligg eit godt stykke frå «landet» og gav kanskje ver­merke for landing? Tett på austsida kjem det inn frå nordaust ei smal djuprenne som går forbi skjeret og Arholmen, inn til ein trong ankerplass avmerkt i sørkant av Purk­holmen. I så måte kan situasjonen minne om det vanlegare namnet Leiskjeret, berre at det dei kallar leiskjer vanlegvis ikkje ligg så nær land.

Å vise den litt dramatiske Landkomstranda på Ørsnes i Vågan.

Landkomstranda (også Langkong-) er eit breitt nes ved Bedehusfjæra i Vågan, sørom Hestholmen på Ørsnes. Der har aldri vore busetting det nokon veit og er inga naturleg lending, for der er storsteinut. Men utom går Vesterleia inn til Ørsnesvågen i nord, og så snart veret står noko på frå austerkanten, bryt det godt frammed landet akkurat her, har Harald Rasmussen opplyst.

Å vise korleis Lankanvika (lita, sjå markør) nær Elgsnes skjer seg inn i ei langstrekt, bergfull strand.

Lankanvika (både Langkann-, Langkang- og Langkånn-) i vestkant av Elgsnes er ei mòlvik mellom høge berg, grunn og krokut, sa Edvard Ruud. Det er ei alternativ lending til Bryggestøa o.a. austafor. Namnet blir skrive Landkanvigen 1824 og Lankanvigen 1827 men Lankonviken 1874. Midt innpå vika ligg det ein stein, ikkje stor, men stor nok til at du må ha auga med deg under landing. – Tore Ruud fortel meir om det: «Hvis vinden ikke er ovsterk, er det godt lende i Landkonvika ved de fleste vindretn­inger. Mellom VSV og VNV står vinden rett på, og da gir oddene sør og nord for vika samt Landkonvikspira for lite beskyttelse til at det er tilrådelig å legge til her om vin­den er sterk. Det er sterk strøm forbi Landkonvika. Av den grunn, og fordi Landkon­vikspira stenger halve innløpet unntatt ved flo sjø, er det lite rekved i vika».

Tore Ruud opplyser også: «Her på Ytre Elgsnes er Oppsetta det eneste landingsstedet som kan brukes uansett vindstyrke og vindretning. Det er bare når båra er så stor at den bryter langt ute på Vågen at det ikke er mulig å komme i land her. Men selv da er det smult i Oppsetta. Den eneste jeg kan tenke meg hadde båt i Landkonvika måtte være husmannen i Steinsletta ovenfor vika. Husmannen på plassen Jonsborg, mellom Lan­dkonvika og Oppsetta, hadde båtstø utenfor Kveitskjæret på Vågen. Og husbonden hadde definitivt naustet sitt i Oppsetta. Men når det kom folk på besøk fra Indre Elgs­nes, Bremnes eller andre gårder rundt Kvæfjorden eller Kasfjorden, pleide de å dra opp båten i Landkonvika for å slippe å ro rundt neset. Noen ganger la de båten i Hor­sevika og gikk derfra. Gjermund Kristiansen fra bnr. 4 har fortalt at han som ung var med og hugde ved i Kveldteigen sør for Horsevika, fraktet den med båt til Landkon­vika og bar den hjem derfra. Og da jeg var barn, høstet folk fra Indre Elgsnes områd­ene rundt Landkonvika, pakket høyet i store nett og lastet det på båt i Landkonvika».

Norrønt ordtilfang.

Norrønt hadde nøgda ordlagingar med sisteleddet –koma = –kváma, og fleirtalet av dei er abstrakte og tyder stort sett det vi etter dagens språk forventar: aptr-, at- (= åt-), upp-, fram-, til-koma («ankomst»), undan-koma. Meir uventa for oss er at samkoma tyder «samanstøyt, trefning, kollisjon». Historisk mest interessante er dei konkrete ordlag­ingane, så som sandkoma «flygesand, sandregn», snækváma «snøfall», tunglkoma «veksande måne», vidare þarakváma: at tare og tang rek inn og hval(a)-koma: at kval rek inn. Vi forstår greitt nok útkoma, innkoma, heimkoma, skipkváma «Skibs Ankomst til Land». Det same kunne seiast også om *land-koma eller –kváma, likevel er desse to ordlagingane ukjende i islandske stadnamn. Var dei avleggs alt før landnåmstida?

Dess meir interessant blir då at fær. landkoma (el. landkomudagur) var den dagen og tida like etterpå då fugl i mengder kom til fugleberget. I Lovunden kallar dei dette fenomenet for lundkommardagen, ei nyare omforming av *lund(e)koma? Landkom-lokalitetane hos oss var likevel ikkje særskilt fuglerike, det ein veit då, heller ikkje ser ein spor av noka nyare form *landkommar-. Så kan vi saktens undre oss over at vi ikkje veit om ord på –koma om mengder av sild eller sei som vøder oppunder landet? Skreien har i utgangspunkt fått namnet av sine vandringar, men landgjekk ikkje. At det var (og er) ein stor dag når «toskjen e kommen» skal likevel vere sikkert.

Jens Solvang var inne på at namnet Landkonhella på Hillesøya, i nyare uttale Lang-, går for Landkonehelde, Landkonellde, Land-Kvennehellde tidleg i 1600-åra (Hm. 8 – 61). Er det siste feillesing eller fortolking av namnet, ikkje faktisk uttale noka tid? Det kunne vere *landkvæmhella, Aasen har kvæm adj. «let at komme til» og nemner dertil norr. kvæmt «tilgjængeligt»3, som i og for seg kunne passe her.

«Av hav kom sjømann sigande og lengta etter land, då såg han fjelli stigande og kjen­dest ved si strand», seier Aasen. Og ja, farkosten seig kanskje tunglasta fram, men dei kunne òg ha hastverk i dårleg ver og dårleg sjun! Då var det livsviktig å «kjenne seg» oppmed land, og landkom-namna kunne nok forståast på det viset at det like ved var ei slett strand eller fjære, brukande til landing? Når sant skal seiast er det likevel berre Landkomberget på Inga som får karakteren «udmerket Baadhavn». For fleirtalet av Landkom-lokalitetar gjeld at dei ikkje var «bekvem Landingsplads».

Dunkel nemning.

Det bør nemnast at gno.koma v. primært tyder «bringe eller føre, flytte fra et Sted til et andet» (Fritzner), men i dei andre norrøne sms. med –koma, –kváma er inga transitiv tyding merkande. Vel kan ein tentativ definisjon av *landkoma vere «strand der det er (i)landkommande, eller: «som er brukande til iland-føring», då med tanke ikkje berre på fisk, men òg fengd av kobbe og nise og sjøfugl, likeins ved- og torv-farmar, men den slags lossing skjedde tradisjonelt på flate stader kalla Hella eller Hellen’.

Ingenting ved Landkom-lokalitetane knyter dei til jektsetting, som har annan namne-tradisjon: norr. uppsát f, n tydde både oppsettinga av farkosten og sjølve oppsettet. Terminologien forsvann med jektene, men Oppsåta har dei i Ørnfjorden i Lenvik, og i Vesterålen både i Roksøya, Sildpollen, Ånnfjorden og Jørnfjorden, på Auvåg og ved Straumsjøen, og dei har Oppsåt(t)et i Hadsel, Vågan, Vestvågøy, Flakstad og Hellig­vær. Merk vidare Oppsåtan i Leirfjord, Vefsn og Træna (Selvær). Andre stader skjer glidande overgang til (Jekt-)oppsettet, + talrike Jektvika-r. Den slags namn deler vi med vestlendingane, men som sagt, ikkje noko knyter Landkom-namna til jektebruk.

landkona?

Blant Landkom-namna vi har nemnt, finst skriveformer Landkonberget, Landkonvika, Landkonvollen stadig vekk. I si ordsamling frå Bø i V. år 1698 har Jakob L. Bork «Landkone: den Qvinde eller tøss som Kaager til folkene i fiskeried», og «den tøss» er sjølvsagt taus, tenestejente. På Landkonholmen på Andenes budde kokkene, då i rela­tivt ny tid, men i fleirtalet av namnetilfella synest både skrive- og uttaleformene like så vel som andre fakta å gjere det høgst tvilsamt at landkona har med saka å gjere.

Ein landmann høyrde, iallfall frå Lofoten og nordover, med til linebåt-mannskapet. Han skar agn, greidde og egnte si eiga line, men også lina til dei som rodde. Han «drog om» (bøtte) bruket med kvart, oftast når det var landlega, og var ellers med i alt som gjekk for seg på land, også sløyinga når gutane kom opp. Dei kunne skifte på kven som skulle vere landmann. Ein landglunt var på si side synonymt med kokk­glunt, men i nyare tid var det no helst det siste ordet folk brukte. Barnearbeid var vel å merke ikkje kriminalisert.

Når korkje landglunten eller landmannen avsette spor i namnebruken, er rart dersom landkona skulle gjere seg så til dei grader gjeldande.

Kyst-term for kva?

Landkom-namn høyrer landsdelen nordom Vestfjorden til, stader der det langt på veg var like vilkår for fiske og fangst, så vel som samisk folkesetnad attåt norsk. Når ord som lende og lending allereie var i bruk, burde sms. *landkoma i same tyding ha vore overflødig: hǫfn heitte det når der kunne ligge fleire store farkostar, medan stǫð (stø) eller lendistǫð var for dei einskilde farkostane. Ein finn ingen stad det korte *landkoma brukt som sjølvstendig stadnamn. Tvilsamt er det også at ei *land­koma var ei alternativ lending ved visse vind- og vertilhøve, for her fanst det eit anna ord, nemleg gong– eller gangstø (gno. gegn-), så Landkom-namna er i heldigaste fall «rettleiande», brukt i ordets aller mest konkrete tyding.

Hollandsk kvalfangst hadde si glanstid på 1600-talet. Landkom-namna ligg i ei rekke tilfelle i eller ved dei vær og knutepunkt som går att på dei tidlege karta, t.d. Ortelius av Antwerpen 1570: Makkaur, Inga, Skjøtningberg, Hillesøy (Hielso), Medfiord og Bergen(!) og Andanas. Ikkje nok med det, Trondanas, Langanas, Vastral og Lofot er også der, rett nok ugreitt opprekna, men sikkert er at dei høyrde med til Hollands nautiske interessesfære. Usannsynleg er likevel at dei alderdommelege Landkom-namna er transitive og har med ilandføring av kval å gjere, når norr. hval(a)koma einast er kjent i intransitiv tyding.

Ein tanke er at lokalitets-namn på Landkom- fortel om flo og fjære på vedkommande stad, noko i same dur som gno. sjóvarfall «sjøan» (fløan + fallan), tilsynelatande med motsett utgangspunkt i skotsk land–fall4 «flo», men vi har ingen haldepunkt for at det har vore sagt «komme» eller «fare» om flo resp. fjære. Det næraste vi kjem er sjybor, sjøburd, gno. *sjóburðr, som vi kan sette i samband med gno. bera i tydinga «løfte», jf. opplett sjø.

For fleire Landkom-stader gjeld at der er litt utgrunt, men det gjeld òg for andre øyar og holmar i nærleiken utan at namnet vedkjem desse. –. Landkom-namn kunne alternativt ha vore markørar for sjøburd under landinga, men der brukte folk frå før termar som «ta løye» eller «passe løyan» (gno. lœgi), Leiskjeret o.l.Slik sett burde glosen vere overflødig og overtydeleg, i fall landkoma ganske enkelt var det å lende.

I den utstrekning karta er å lite på, verkar det endå mindre sannsynleg at norsk land– her inngår i sms. med det samiske terrengordet goapma: kant som kvelvar utover (om snø, berg eller sand). Alternativt kunne det bli tale om skavlbrott (brimhest) mot land, men dei aktuelle lokalitetane utmerker seg ikkje gjennomgåande ved ekstrem sjøburd.

«Langkombekken»

Å stimulere til utforsking av kva dette sørnorske Langkom-namnet tyder.

Merkverdig nok er at vi så langt sør som i Lyngdal i Vest-Agder finn Langkombekken attmed eit nes som stikk ut i Åptafjorden. Det er grunnare på begge sider av neset enn på same fjordstrekninga elles: Bekken kjem på ingen måte «langvegs» ifrå, ei tolking som ville vere kunstig i alle tilfelle. Vi kan òg sjå bort frå landkoma av fugl eller fisk. Eit sikrare særmerke er at han fell ned like på austsida av ein belteforma bein og lang fjellkant eller -kam som skil seg skarpt ut frå den skogkledde fjellsida elles. Skal tru om Langkom- er forvansking av Landkam- eller Langkam-5?

Brått aner vi at Landkom-problematikken kan vere forfeila og at norr. *landkambr snarare er rette opphavsordet? Enten no uttalen var lann-, laᶇᶇ- eller laŋŋkam-, stod siste a-en rett framfor den runda nasalen m og gjekk derfor lett over til å-lyd. Medverkande var truleg også system-samanhengen med kǫmbóttr adj. «som har kam» (mest om dyr), jf. elles også lydovergangen i eng. comb < gl.eng. camb.

Kysten (landkammen) ved Makkaur i Båtsfjord, innom Landkonbåen (raud markør). Kartverket.

Tolkinga Landkam- høver for den markerte fjellkammen mot havet rett innom Lankonbåen i Makkaur og for Landkomberget lengst aust på den nærsagt provoserande fjellkammen mot havet ved Skjøtningberg, men her tar samsvaret slutt, Landkom-, Langkan-lokalitetane elles er mykje meir låglendte. Teorien ville stå i fare, kjente vi ikkje gno. malarkambr m «Ryg i Strandkanten, bestaaende af mindre afrundede Stene, som Brændingerne have opkastet og givet deres Form» (J. Fritzner), likt isl. malar–kambur «mòlbakke, grusrygg (særleg ved sjøen)», merk òg fær. malar–brúgv «mòlbru», mòlfjære. Grunnord er mǫl «steinsamling i fjæra», eit kjent ord for folk frå havkanten, jf. òg gardsnamna Malnes i Vesterålen og Lofoten.

Den slags «landkam» i form av ei lang molfjære finn ein i utprega grad i området kring Landkomhella – Landkomkeila i Berg. Landkomhella i Alvestad ligg lengst nord på ei lang molstrand (Vedneset), men innom hella er rydda med mannemakt for å skape lending; dermed vart også Landkomhella markør for sistnemnde. I Landkomvika på Elgsnes er det òg ein mòlbanke. Lankanneset i Øksnes og Landkomstranda i Vågan er begge lett avrunda mot havet og «stiller» med ei blanding av mòl og rufsut berg. Langkanneset i Krøttøya har òg ein lang og avrunda berg-front mot havet, men her er det mindre mòl. Landkomhellene i Hillesøy og Landkomneset på Inga er også bergfrontar mot havet, samtidig med låge bergkammar oppå. Lankanholmen på Andenes ligg i front av den høge, lange strandvollen i Været.

Så sant vi greidde å kartfeste Landkonvollen i Loppa, Landkon(g)myra i Karlsøy og Landkonhola i Sørreisa, ville det ikkje overraske om det fanst *landkammar også der.

Same tyding skin igjennom i eit notat «landkoma» frå Hjørundfjorden, nemleg om vasskanten: «De[t] låg mykje rùsk ni landkominje», forklart som «kant av ferskvatn» (Norsk Ordbok 7: 76). Det lyder litt kryptisk, av di ordet landkoma ingen ting seier om ferskt eller salt. Meir logisk fungerer ein evt. samanheng mellom *landkam og vasskant.

Landkanvika ved Elgsnes sett med litt andre auge: Inne i den grunne vika er det landkam god nok, enten vi fokuserer på mòlfjæra eller bergkanten eller begge delar. Statkart.

Lydutviklinga

Fleire av Landkam-namna vart til Langkan- og Landkom-, sjå tidlegare drøfting. At lann– «tok farge» av –kam- i neste staving og vart laŋŋ– er heilt endefram. Neste steg vart ofte forenkling av det nye laŋŋkam- til laŋŋkan-, skrive Lankan-; Lankon– voks fram på liknande vis. I sms. Landkam–neset kom det sjølvsagt ein lettvint overgang m-n > n-n heilt av seg sjølv, Landkamberget og Landkambåen heldt betre fast på nær-konsonantismen –mb-, medan uttale Lan(d)kan– eller Lan(d)kon– var enklast i alle dei andre namna. Namnet Landkonmyra veit vi ingen ting om: Vi ville tru uttalen ville forbli Landkam-myra evt. Landkom-myra, men fjernassimilasjonstendensen n-m > n-n i førsteleddet Landkam- var tydelegvis for sterk også her.

1Dermed kan det heller ikkje vere noko samband med landkall m: is som ligg (brotna eller glatt) att i fjæra der sjøen har slått inn (NO 7: 75).

2Landkonhola, utt. lainnkonhålla, ei søplhole; dei bar åtsel og ‘land’ (gno. hland – urin) dit i gamle dagar» (Erling Eriksen, Hm. 1931: 264). Han tenker då på lydendring frå landkolle «nattpotte», jf. isl. hlandkolla = hlandkoppur.

3 Annleis med gno. landkvæmr «som har Ret til at komme eller opholde sig i Landet», til kvæmr adj «som kan komme» (Fritzner).

4 i engelsk derimot «landkjenning».

Landkam- i si aller vanlegaste uttaleforma Lankan– hamnar til slutt i bås med ord- og namneformer lik trettandagen, Sjuanteigen, Fykanåga og Miganåga. Nådelaus uniformering! «Landkom-» og «Landkon-» er, sr det ut til, assimilasjonar som har ført til forstyrrande assosiasjonar og forvirrande spekulasjonar som denne artikkelen ettertrykkeleg syner.

5I Ullensvang finst fjellnamnet Langkammane.

Forngamme, Fornhus, Fornskog

Dei fleste av oss over ein viss alder har nok Iallfall i skoledagane vore med på å synge om vårt naboland i aust, at «du tronar på minnen från fornstora dar». Vi brukar kan hende med kvart også talemåten ”i forna dar”, utan å reflektere stort over det. – Svenskane nyttar forresten fleire ord på forn– enn vi, då bortsett frå nordiske fellesord som fornminne og fornsaga. Svenskane har også ordet fornlämning i same tyding som islandsk fornleifar: Gløttar vi først i den leia, så har islendingane fleire talande ord, som fornmannahaugur om gammal gravhaug, fornbréf om gamle skinnbrev (diplom), for ikkje å gløyme forngrýti om granitt.

Norrønt fellesgods er også fornskald og fornyrðislag, glosar som fleire av oss har møtt i litteraturhistorisk samanheng; fornkvæði så vel som fornkveðinn ”sagt i gamle dagar” kunne nemnast au, og forngildr ”det som gjaldt, det ein retta seg etter i gammal tid”. Det før nemnde fornsaga kunne også kallast forntíðindi – sml Harstad Tidende og Norsk Tidend!

Ein god del av dette er ord med abstrakt innhald. Meir konkret blir det når vi kjem over til norrøne uttrykk som  fornlendi ”jordstykke som har vore i bruk i lange tider”, som var motstykket til nýlendi, eller Nylen  som det blir forkorta til i gardsnamn i Vefsn og Leirfjord, men nyland er blitt vanlegare i vår tids tale.

Det er når forn blir brukt i slike konkrete samanhengar at vi kan vente at det dukkar opp også i stadnamn, då kanskje der vi minst forventar det: I dag går våre flyreiser via Gardermoen, men vi er mange meir til års som forsnakkar oss og seier Fornebu, då det flyplassnamnet lenge var det fornemste i luftfartsamanheng. Opphavleg var det sjølvsagt gardsnamn, i stort sett same tyding som Fonnebust i Lindås i Hordaland, der Fonnebustsjøen like ved også opptrer i skriveform Fanebustsjøen. Til samanlikning kan nemnast at garden Fanby i Sundsjö i Jemtland finst omtalt som j Fforneby år 1524. Jf. likeins Fonnebø i Vinje.

I Nordland det lett å oversjå liknande namn, for også her har uttalen endra seg ned gjennom tidene. Alt i norrøn tid opptrer fonn som dialektprega skriveform av forn, sml. at horn dukkar opp i uttaleforma honn (håᶇᶇ) i stadnamn frå Valberg og Flakstad, eller at vi seier bonn (båᶇᶇ) for born.

Stadnamn som Fornhusvollen, Fornhuslia og Fornhusmarka (fåᶇᶇhus-) på gnr. 25 i Skjerstad (no i Bodø) går sikkert nok tilbake på mellomalderbusetnad, og noko liknande gjeld vel for Forngamman, ei slette på gnr. 17 i Evenes – i alle fall er uttalen av Forn- den same der. Slitasjen på namneformer av dette slaget kan bli stor nok: Namnet på soknet og no tettstaden Fornåsa i Östergötland er skrive (in) Fornusom så tidleg som 1283. Det skulle vore Fornhusom, namneforståinga spora endå meir av seinare, som vi ser.

Uttalen kan bli meir avbregda enn som dette: Eit nes med litt finsand på gnr. 75 i Øksnes (Klo) ber namnet Fornnaustan (fåᶅᶅnøustan). Det same heiter ei vik med gl. lending på gnr. 102 på Fleines i Eidsfjorden (d.e. i Hadsel kommune). Både uttaleendring og landheving har gjort sitt til at folk flest ikkje utan vidare forstår kva dette i og for seg greie stadnamnet tyder.

Follnaustan alias Fornnaustan, ei utgrunn vik på Fleines i Eidsfjorden s.

Fornskogen (fåᶅᶅ-) heiter ein skogteig på gnr. 92 i Hamarøy. Tradisjonen går ut på at der var gammal skog, så namnet tyder nett det same som forn viðr «gammal skog». Det nærmaste vi her nord kjem namn som fortel noko om ferdsle frå gammalt, bortsett frå fornnausta, er vel Follgøta på  Fauske, i dag eit byggefelt, men i eldre tid ein kjøreveg innover Lemman osv., brukt av Brekke– og Midtigards-folk blant anna når dei var i vedaskog, jf. norrønt forntroðinn götustigr  Altså rettast Forngøta, der og.

Fornnaustan/Follnaustan ved grunnområdet i Klostraumen, Klo i Langenes s. Kartverket.

Saktens er det vere delte meiningar om kor strengt ein bør normalisere eller “rette på» lokale uttaleformer når ein vel skrivemåte, så som når det gjeld bjønn (og bjynn) kontra bjørn, tjønn og tjenn, kontra tjørn og tjern osv. Stort sett har vel folk forstått alle desse namneformene utan problem, litt verre er namneskilting av typen “Kjønna” og “Kjenn”.

Når det gjeld Forn-namna, er det faktisk ikkje så enkelt: Lydrett Fonn- får ein til å tru at namnet har med snø- eller isbre å gjere, mens eit lydrett Foll– tilsvarande får ein til å tenke på Folla eller kan hende folk frå Nordfold eller Sørfold. Heller ikkje er det tale om åkrar som gir så og så mange foll! 

Litt merkeleg er at målføre som skil greitt mellom bjønn og bjølle o.l. lagar floke når forn blir fonn! Men i stadnamn i Lofoten og Vesterålen er fonn (snøfonn) eit ukjent ord – og relativt uvanleg i resten av fylket. Då oppstår det ein situasjon der det på ein måte kan vere hipp som happ med nn eller ll berre uttalen er palatal, noko som på landsbasis kan minne om tull = tunn ‘kvervel, krinsgang’. Alternativt kunne foll– vere ei sterk samandraging av norrønt fornǫld, fornaldar– “den eldste tida”, litt som når øynamnet *Róǫld vart Rolla. Namn som desse er i alle fall språkleg interessante, men realitetane attom finn folk med arkeologisk og lokalhistorisk kunnskap lettast ut av.

Omredigert etter Håløygminne 2008 

Opnan

Både turisme og naturvern har gjort utkantar som Makkaur, Omgang, Opnan, Stappen m.fl. eksotiske. Sistnemnde står på karta til J. Ziegler 1532 og O. Magnus 1539, i 1540 har S. Münster med både Stappen og ‘Matkur‘. A. Ortelius noterer ‘Bomgang‘ i 1570. År 1595 har G. Mercator ‘Omega‘ aust for Nordkapp og utom ‘Bociseuoort‘ (Båtsfjord) og ‘Bongan‘ utom Suyeruer (Sørvær); van Linschoten har Ommega på sitt kart i 1601! Avskrift og ny avskrift var nok medverkande til slike resultat. – I alle fall, alle desse væra er avfolka i dag, men dei var viktige nok den tid «nærfiske» var viktig og alle reiste med båt. Det er like vel slik at over tid har Opnan vore langt mindre i fokus enn dei andre tre.

Om kyrkjeordninga i nord etter reformasjonen «meddelt ved J(ørgen) K(arlsen) heiter det at «Finnmark skulde i 1589 ha 17 kirker med tils. 12 prester», og kyrkje nr. 9-10-11 var då «Kjelvik, Opnan, Hellesnes med 3 kirker og 1 prest», som vil seie at Kjelvik var hovudkyrkja (Hm. 1933-52). Kort etter må endringar ha skjedd, for 1594 har Opnan og Helnes anneks kome under Tunes prestegjeld (J. Qvigstad, Hm. 1926-161). Etter 1601 blir kyrkja i Opnan ikkje nemnt meir, og den på Helnes var borte før 1694. Omskifte skjedde før og omskifte kom til seinare, då Kjelvik vart skilt ut frå Kistrand kommune i 1861 og vart eige prestegjeld i 1911. År 1924 er Opnan gnr. 91 i Kjelvik hd. (NG 18-168f) – som etter 1951 heiter Nordkapp kommune. 

Opnan (med markør) framfor Opnanvatnet.

Vi vil gå nærmare inn på det uvanlege namnet Opnan |åppnan| med gamle skriveformer som Opnæ vorj 1519 (NRJ. I 377), Opnø 1520 (NRJ. II 249), Opnenn 1563 og 1567, Opne 1668 (øde), Opnan 1744, *Ofne 1787, *Aappen 1788, Aabnen 1826. Vi ser at namnet er skrive uttalerett Opnan i 1744, men at dansken slår tilbake i 1826. Aappen 1788 speglar derimot den samiske forma Ohppan.

Lat oss sjå kva omtale Opnan får i NG b. 18: «Umiddelbart ovenfor ligger Opnevandet. Det kan saaledes i Opnan (som Bostedsnavn i best. Flt.) mulig foreligge et oprindelig usammensat Sjønavn *Opni m., hvilket i Tilfælde synes at maatte Forklares i Lighed med Aapenvik, Nesseby I, 6: af opinn, aaben (som ikke fryser til). Dette Adjektiv kan imidlertid ogsaa bruges om aaben, ubeskyttet, veirhaard Beliggenhed, og det var nok ligesaavel tænkeligt, at Navnet skulde forklares som en Dannelse til Adjektivet i denne Betydning (jfr. Opn n. = Op n.,  Aabning, Hul)».

Opplagt er at namnet har noko å gjere med open, gno. opinn adj. Litt artig er det då at ei opna både i færøysk og islandsk er dei to sidene som ligg opne framfor deg når du slår opp ei bok! Vel har dette fint lite med landskap å gjere, men ordet kan i islandsk òg tyde «op, eyða», dvs. opning, tomrom, gap, og i tillegg stor tjønn, begge delar høgst relevant for landskapet på Ohppan–njárga (Opnan-halvøya), der det finst to djupe og vidopne innskjeringar frå nordaust med ein ovsmal fjellrygg som bolkeskil imellom dei (Ohppan-néreg, Fuglenæringen): Nordre dalbotnen heiter Bærvika, den søre er det verkelege Opnan, i hovudsak fylt av Opnanvatnet (korrekt form?), skilt frå havet med ei landstripe. Landskapet er særmerkt, og dei to nemnde djupe innskjeringane med bratte fjellkantar fell aller mest i auga og gjer det sannsynleg at Opnan kan vere fleirtal av det nemnte opn n, jf dialektisk våpen n, flt. våpnan (gno. vápn n.). Lesemåten *Opnaden er heller ikkje utenkeleg, jf Skjelnan for Skilnaden (Tromsøsund). 

Den eldste skriveforma er som før nemnt Opnæ vorj 1519, og NG skyt inn ei gjetting (? = Vær). Ein kunne òg knyte det til nordsam. vuorji = vuorjjes adj. «glissen, uttynnet», merk òg sørsam. vuerjies grovmaska (om garn). Her fortel namnet korleis landskapet ter seg frå havet? Til stønad for slik tolking kan nemnast at kart over Porsanger har Vuorji som namn på eit frittliggande fjell i ope landskap (minner litt om fjellet Einleten på Andøya, jf gno einlæti n det å vere for seg sjølv). Det peikar i same lei at grensefjellområdet Vuorječearru i Sør-Varanger har eit minst like ope og «grisse» preg. Det spørst då om «Opnæ vorj» 1519 var ei faktisk namneform el. om «vorj» var eit forklarande samisk tillegg.

Det kan verke irrelevant, men bør nemnast at i færøysk er ordet opna f også brukt om sel-hoa, hosel. Her er nok samband med det usikre nynorske ordet openkobbe men i alle fall med norr. opnuselr «russekobbe, grønlands-sel, svartside». Openkobbe er i flg. samlingane til Norsk Ordbok «sel som sym på ryggen og er open for åtak». Havforskningsinstituttet ved Tore Haug er samd i det: «Det er helt riktig at grønlandsselen veldig ofte svømmer på rygg. Særlig når den skal forflytte seg over større avstander, da opptrer den gjerne i store flokker, eller vøer som vi sier i Vesterålen … Jeg har lagt ved bilde av en grøn­ landsselvøe på flyttefot, fotografert i Barentshavet. Av bildet fremgår det tydelig at alle dyrene svømmer på rygg, bare den svarte snuten stikker opp av vannet.. Arten kan også svømme med ryggen opp, særlig når den er på matjakt og bare skal forflytte seg over kortere avstander».

Uvisst er om openkobben har sett spor etter seg i våre nordnorske stadnamn. Tradisjonelt seier vi visst berre russekobbe, som svarar til samisk ruošša-njuorju, eller omvendt. Derimot er det truleg at namna Åbneskjeran i Sokndal og Opnarfluene i Bremanger fortel eitkvart om sellåter eller -fangst.

Gno. opinn adj. tyder primært «som vender opp, som ligg på ryggen». Det gir god meining i samband med russekobben, som vi ser, men normalt tenker vi på tydinga «open, ikkje lukt eller stengt», og at det siste høver i Opnan sitt tilfelle er sikkert nok.

Nyredigert etter Håløygminne  2017 h. 4

Lemetspor i namn i nord

Norske o.a. namn på dyret.

Lemen er på fleire måtar eit fengslande dyr, både som naturfenomen og i måten det ter seg på. Det offisielle namnet er lemen, og på Andøya var lemet vanleg namn, slik som i Vefsn, medan enkelte gamle sa lemann. Det siste var også tilfelle i nabosoknet Langenes så vel som i Rana, ja i flg. Norsk Ordbok er forma leman(d) òg kjent frå Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark, og samisk namn på dyret var lemæn (Gratangen)1, i Gullesfjord og Vesterålen òg lemet, då i genitiv –edan (Qv 1893: 215). No har forma lemen helst hatt eit visst rom i daglegtalen i nord, men då mest i sms. som lemenår ved sida av lemetår2.

Særskilt interessant er ei opplysning frå Gimsøya i Lofoten om skilnad i seiemåten, t.d. «det va mykje lemmet det året», men «en lemann» om einskild-dyr. I norrønt fanst nemleg i tillegg til lómundr el. rettare lomundr som namn på dyret også ei flt.-form lemendr, som tilsa ei eintalsform *lemandi m. Den siste vart forkorta til lemand el. omtolka til “lemann” medan flt. lemendr vart til “lemen” i sør. 

Eit avvikande namn på dyret, lemming, finst i visse svenske målføre og er vanleg i dansk, og derifrå synest forma å ha kome til engelsk, nyhøgtysk og hollandsk (Falk og Torp, lemæn). Der finst utan tvil samanheng mellom formene på –ing og samiske på –ege, sjå seinare, og interessant er Aasen har lemming som usikker form frå Salten.

Samiske namn på dyret.

Normert nordsamisk oppslagsform er «luopmeht (med all sannolikhet:) lämmel», alternativ skrive­form luopmiht. Under same oppslag 3finst vidare lulesamiske former av dyrenamnet på –hk og –k (og sørsamiske på –a): Vi kan slutte at luopmeht, luopmiht er ei nordleg form. I same oppslaget er luopmeht knytt til gno. lómundr. Vidare er teorien at i nordiske språk «har detta djurnamn (troligen av affektiva orsaker) varit utsatt för formvariation, och det samma synes vara fallet i lapskan”. 

Form-rikdommen.

Same kjelde har dessutan variantar som lulesam. luopmahk, luomehk, sluopmak, sørsam. sjlomma, sjlamma, jfr. sluöpmak, sluömege, og vi kan legge til, i normert sørsamisk form: luemieh,  luemege, sluemege, sleemege, sluamege, slamma!  

Variasjonsrikdomrnen er upåklageleg i norsk og: Flt-form lemendr ter seg i lemenner, lemænne(r), lemende, lemenne, lemend, limende, enn vidare i dissimilert form lemælle, lemældre, lemelde(r), limelde(r), og endeleg lemmed / lemet / lemette, lømen(d)e, lømen, løm(m)e, lymme! 

Ei gno. eintalsform *lemandi harmone­rer bra med dialektformer “leemanden” (historisk), leman(d), lemann, lemæn(d)4. Formrikdommen blir nesten like overveldande som synsinntrykk av endelaus sverm i eit lemenår! Det er klart nok det Collinder tenker på, då affektivt er noko som går på hugen eller kjenslene, og det gjer inntrykk at eit uredd lite kryp til dei grader «set opp kjeften»! I ordet lemen har enkelte òg tolka inn noko lydskildrande, sjå litt seinare.  

Lemen. Foto: avisa Sør-Trøndelag

Levemåten.

Om vintertilhaldet heiter m.a. at det som oftast er tørre område: «Stedet må ha nok av planter som kan tjene som føde. Plantene er også viktige for dannelsen av et luftrom mellom bakken og snøen. I dette luftrommet, godt beskyttet mot kulde, lever lemenen vinteren igjennom»5. 

Sidan det er tale om luft­rommet mellom bakken og snøen, må vi jf med nordsam. loapmi (loapma, loapmu), primært: ‘Aabning mellem Lag, Hulning under Klippe, Stene el. Torv ved Elvebred, Smuthul’ (Friis). Illustrerande er her ei lulesamisk særtyding ‘säck som skohöet bildar kring foten6 i en sko’, for her blir luftrommet mellom fot og fottøy fylt med høy, og eit poseforma tom­rom står igjen i midten når du dreg foten ut, men først var der jo tomrom mellom foten og innersida av fottøyet, med høy i: Parallellen med lemeten som lever i eit plantelag under snøen er tydeleg. 

Samane og andre folkeslag som levde i kontakt med rein, observerte saktens kor og korleis lemen levde når reinklauvane skrapa bort snøen for å nå ned til planteskiktet der lemeten levde, i gangane og bola som kom for dagen når snøen vart fjerna.

Deminutiv o.a. formalia.

Det aller best kjende norrøne namnet på dyret var lomundr, jf lomhund (Hemsedal) og fi. låneform lomonti (vsa. heimefinsk sopuli) + umesam. lomonjo (Qv 1844: 223). Vi kan tenke på –und(r) i dyrenamnet som nordisk tilpassing av sam. –uš med opphavleg nasal, eit suffiks “som betegner noget som  skriver sig fra det som grunn­ordet [her loapmi] betegner”. I eit eige oppsett skal vi sjå at også sjølve terrengordet ofte nok kan ha blitt fornorska til Lom-. Merk dessutan at loapmi, loapmu «mellomrom (i  en klippe)» m.m. òg er registrert som stadnamn med endinga –â  («dunkel a») frå Polmak og Kautokeino (Qv 1944 nr 523).

Deminutiv av loabmo (gl. ortografi) er lōmuš7, av loabmâ og loabme loamâš respektive loamaš,  og nordsamisk deminutiv står i svakstadium i alle kasus8. Deminutivendingane –aš, –uš hadde i protosamisk nasal –ńž–9, som venteleg heldt seg i stadnamn som vart lånt og tilpassa umordisk på det stadiet. Sørsamiske deminutivar på -(e)tje-, -(a)dtje- er i alle tilfelle ei særutvikling10. 

Ei anna ending, ikkje eigentleg deminutiv, er –oš, –uš, som ‘betegner noget som har likhet med el. skriver sig fra det som grunnordet angir’ (og dette liknar definisjonen av –und i nordiske stadnamn). Venteleg var det som i eigentleg deminutiv nasal her òg. Grensene mellom kategoriar er ikkje lenger klare, i stadnamn heller, for i nokså mange samiske ord med opprinneleg deminutiv form er deminutiv tyding blitt borte. For dei aller eldste nordiske låneformer av samiske stadnamn har vi lite å halde oss til.

Frå dyrenamnet over til terreng-nemningar.

I dagens sørsamiske ortografi er luemie, låemie ‘liten gressdal, senkning mellom hauger’, i anna skriveform loåmie (uttalevar. luä-, luömie). Men tydinga11 skiftar i sørsamiske målføre, frå ‘dal’ i ei allmenn tyding, evt. ‘lang brei dal’, og til det mot­sette: ‘trong dal’. Aller oftast er det no snakk om ‘lita lægd, senkning mellom bakkar /lier, grunn og flat dal, slett og flat og lett tilgjengeleg liten dal’. – At Låmann– i enkelte stadnamn er så likt loåmaan, sørsamisk illativ sg. av det nyss omtalte terreng-ordet er isolert sett interessant nok.

Sørsam. låemie, loåmie vil norsk-/svensk-talande lett forenkle til låmi el. lomi, som så i ein del tilfelle har fått norrøn gen. loma, derfor er det neppe stor skilnad på gards- og naturnamna Lome (Vestre Slidre), Lomdalen, Lomeland og Lomnes på ei side og Lomafjellet (Suldal, Strand), Lomamyra (Rana), Lomaneset og Lomalii og Lomatjøm (Kvam) på hi. Slåande er at Lomahei, Lomehei og Lomhei – kvar på sin stad – er ganske like lokalitetar. Namn på vassamlingar held vi heilt utanfor, då det finst ei ovnøgd Lom(s)tjønner o.l. som visseleg har med fuglen lom å gjere; eit tvilstilfelle er tjønn-namnet Lomungen i Hammerfest.

Elles synest varianten luømie i ein del tilfelle å ha blitt til ‘løme’ og gen. luømie-n til ‘lømen-‘. Mang ein luemie/låemie/loåmie er nokså liten, men ei forminskingsform loåmedje (Hasselbrink) fanst også, men ikkje hos Bergsland. Kor som er ser det ikkje ut til at deminutiv opptrer ofte i stadnamn.

Nordnorsk versus sørnorsk.  

Nordno. lemet (lemmet) for lemen ser avvikande ut, av di sørnorsk normalform av dyrenamnet er lemen, b.f. lemen-et, av di ordet lemende miste ei staving og kom i klasse med nøytrumsorda leven, vesen o.l.

I nordnorsk gjekk det annleis, der letta det truleg uttalen av eldre b.f. hankjønn *lemenden å skyte ut –n– i innlyd, og det skapte variantane lemeden (Nesna, Dønna) og lemeten: Kjent er den kuriøse påstanden at «lemmeten e tjukk i sørli ver» (Vett og uvett: 40). Denasaleringa lemende > lemed(e) kan ha falle særleg naturleg for samisktalande. – Den ubundne forma lemede, lemete vart så med tida avkorta lemed el. lemet, men forma lemann< gno. *lemandi) var likevel med på halde oppe ei kjensle av at ordet var av hankjønn.

Om norrøne former.

Norrøn fleirtalsform lemendr føreset ei eintalsform *lemandi bøygd på line med presens part. bùandí >bóndi: Illustrerande blant slike ord er dœmandi (flt. dœmendr) = dómandi “domar”, som direkte heng saman med dómr m “dom”, ord alle kjente og som i alle sine variantar nok må ha hatt sterke analogisk innverknad på dyrenamnet: *lœmandi med flt. *lœmendr og *lómandi med flt. *lómendr er tenkelege analogiar. Kort sagt, vil ein få betre grep kring kaotiske og forvirrande målføreformer av dyrenamnet,  gir det ei god rettleing å sml. med bøyingsformene av gno. dœmandi osv. 

Ei eldre tolking av dyrenamnet, ikkje gyldig lenger, er at lemendr kan vere flt. av *lemandi ‘gøyande, bjeffande’, analogt påverka av gno lemja ‘skam-slå’. Tvilsamt er også at lómu– i lomundr oppstod ved komb. omlyd av rota *lā «skrike» via *1ám-u– «gøying»12.

Tilhald og spor.

Lange, smale gangar som vinterspor etter lemen er eit karakteristisk trekk så snart det blir snybert. Om slike inntrykk òg har etterlate spor i stadnamn skal vere usagt, det måtte vel i så fall vere Lemet–skáidi i Vardø:

Lemetskáidi med elvane som gangar i fjellgrunn.

Interessant i den samanhengen er hokjønnsordet låm «spor, serleg etter ski eller etter noko som er dregi av stad»13”, også løypene, fara. Frå Hamarøy t.d.: «eg såg låmene etter jerven bortetter snøen». Ordet kan lyde både låm(m) og lóm(m) og var på Agder også kjent i former som lómr, låmr, lòmr. Ordbøkene viser til loom “stripe i vatn etter fisk” i engelske målføre. I norrøn litteratur er ordet ikkje kjent, og der har visstnok ikkje låm vore beinveges inne i drøftinga av gno. læmingi14: Uklart er likeins hankjønnsordet læmingi, flt. læmingjar, brukt om nokre skapningar oppfatta som fuglar, men visst heller identiske med nyisl. læmingi el. læmingur m. om nettopp “lemen”.

Lemenliv vinters tid er alt nemnt: “I sommerhalv-året finner vi lemenen stort sett i fuktig terreng som gressrike områder langs vannsystem­ene, i myrer og myrkanter. Slike områder kan lemenen finne både høyt oppe på fjellet og langt nede i fjellbjørkeskogen, ja til og med på myrer i den øvre delen av barsko­gen. Mosen i disse fuktige områdene holder seg også gjennom det tørreste av somm­eren”15.

Lemenår er ein ting, men for namneinteresserte er det òg naturleg å lure på om dyret på sine stader lever stasjonært i så vidt stor mengd at området kan få namn av  det? Spør vi på tilsvarande måte om dyrenamnet mus, kjem vi fort i tvil.

Stadnamn-døme.

Forsøksvis vil vi aller først ta for oss ein stor og relativt kjend lokalitet: Lemmetgáisi alias Lemetfjellet er namn på midtre del av eit fjellmassiv i Balsfjord. Motsett Istinden i nord og Dápmotgáisi i sør er Lemmet-fjellet uthola av bratte, tronge botnar frå alle sider slik at der knapt er heiflater tilbake. Litt breiare og lengre enn innskjeringane elles framstår Lemmetskaret (Qvigstad: Lemetdalen) alias Hanssariehppi i vest, og derifrå kjem så Goddesáhpán-johka “lemen-elva”. Elva er av Qvigstad nemnd utan merknader side om side med skardet Lemetvággi og med fjellet Lemetvárri. – Som parallell­namn er oppført Njoammelvarri og -vággi (njoammil: hare).16 Især det siste inviterer til å tolke også Lemet-namna zoologisk. Største særmerket i den store botnen i Lemmetgáisi er likevel dei smale sprungene i søre og norde dalsida, sjå derfor slutten av artikkelen.

Når Qvigstad teier om utmerkinga Lemet-, må det vel helst tolkast slik at nordnorsk sam-form lemet (lemmet) for «lemen», også nytta i stadnamn, er like forståeleg i samisk som i norsk? At slike namn utan omsyn til anna(?) opphav er blitt assosierte med og formelt haldne oppe ved påverknad frå dyrenamnet er iallfall heva over tvil. 

Litt meir om uttalen.

I nord synest ordet lemmet, normert lemet, jamt å bli uttalt med kort e, då òg i stadnamn på Lemet-. Det er neppe stort annleis med namn på Lemen- i sør, men her trengst nærmare kontroll.

Dyrenamnet i forma lemann blir derimot uttalt le– med lang e i nord, venteleg også i den Gratang-samiske forma lemæn (Skåden 2004: 267). Slik er det truleg også i sør, der denne varianten opptrer.

Stadnamn-parade.

Lemetgur’oaivvit flt. i Tana er namn på eit fjell-platå med tre ”hovud” el. toppar. Det innforståtte –gurra– (skòr, hakk) er det mange døme på i området – dei dominerer synsinntrykket endå meir enn dei tjønnene og pyttane som også er å sjå, så her òg kan det vere tale om samanlikning med lemenet sitt ‘undersnøiske’ landskap (sjå neste foto):

Lemetgur’oaivit i Tana. Norgeskart.

Bekkane Máttit (= søre) og særleg Davit (= norde) Lemetjohka ein annan stad i Tana  kjem frå fleire små tjønner oppå Toppfjellet, alias Čohkalas, som ter seg ‘vassrikt’ i alle leier. 

Lemmetvatnet i Balsfjord er slett ikkje noko vatn, berre ei tjønn i eit søkk i framkanten av ein smal, grunn dal lite meir enn ei myr-remse.

Lemethellaren heiter ei fråkliven fjellblokk framfor hei­-kanten under fjellet Veten, Andfiskåga i Rana. Innmed vegen nedafor låg husmanns-plassen Lemetheia (=  Konradheia). Kartplasseringa kan ikkje vere rett her, dessutan spørst det om forleddet Lemet- i dette namnet beintfram er eit uventa «sørleg» tilfelle av Lemet = Klemet som mannsnamn?

Lemethellaren. Norgeskart.

Lemetskogan på øya Løkta i Dønna er nærmast ein brei og nokså lang bergrygg med sprunger i; uttalen av namnet er både Lemet-, Lemed- og Lemenskogan. I søre halvdelen av skogområdet er det fullt av ørsmå vasspyttar. 

Lemetmyra17 på den avfolka Inner-Ringa gnr 80 i Rødøy er dessverre ikkje kartfesta, men på garden er liten jordveg: Alt synest vere dyrka, så nær som ei lita myr kring ei lita tjønn i sør, innom Prestvika.

Lemettjønna i Rana er svært lita og ligg i austre enden av ei smal myrstrimle, mellom skogen på nordsida og ei bergrast i sør, like vest-nordvest av Finnkåtarabben på gnr. 92 Storlia; bergrasta skil seg ut frå landskapet på sidene. Ein pytt i enden av ei myr minner om Lemetvatnet i Balsfjord. 

At dei omtalte lokalitetane var tilhald for lemet gir ikkje meining. Derimot er det tydeleg at fleirtalet av namna har med vasspyttar å gjere, så det kan verke som at lem(m)et i temmeleg mange tilfelle må ha hatt tydinga “lita tjønn”, endå det utan tvil er dyret folk tenker på i dag, når namna kjem på tale. 

Det synest å høve med mønsteret at vi langs den meandrerande elva Ljungan i Berg i Jämtland har Lämmelstranden, der det er full av små kroksjøar (sv. lämmel: lemen). Merk òg Lämmellokarna i Åre og tjønnrike lokalitetar som Lämmelflon, Lämmel-myran, i Jemtland alt, likeins myra Lämmelkölen i Mora i Dalarna.

Like interessant – eller meir – er at ei lita myr (ei attgrodd tjønn) i Grue på Hedmark heiter Lemmetilamp. Også i Torsby i Värmland rett over riksgrensa finst ei tjønn Lämmetilamp: fi. lammi tyder (liksom normert lampi) “tjønn”, “dam”, i flt. lammet og lämmeti. Kan så dei nordnorske tjønn-relaterte Lemmet-namna knytast til eldgammalt samisk-finsk fellesnamn på slike vassamlingar?

Likevel, eit par nordnorske Lemet-namn fell heilt igjennom i det forklaringsforsøket: Lemetholmen ligg i Balsfjord-delen av Takvatnet i Troms. Tenk på lemetsvermar på søm over Takvatnet i fall du vil tru på det, men jamført med andre Lemet- og Lemen-namn verkar det lite truverdig, for holmen er smal og delt i to om lag midt på. Slik er òg det veldig langsmale Lemetskjeret på Våge i Øksnes. Utenkeleg er at desse namna har noko som helst med lemetmigrasjon å gjere.

Lemmetskjæret på Våge, Øksnes. Norgeskart.

Derimot kan i denne samanhengen nemnast eit veldig spesielt ord, ss liejmie, leajme ‘feil’ , især om ‘veik del av kniv der stålet og jarnet ikkje er rett sveist saman’, jf. nordsam. leaibmi ‘sprekk, brest (i metall)’, og leaibmut v. ‘sprekke sund’ etc. I lulesamisk har ordet utvida tyding, då ikkje berre lei’mé, läi ‘mé ‘brott på eggjärn’ (ljå etc), men òg ‘splittra, flisa’ (nomen)” [sv splittra: lite, uregelmessig skarpkanta stykke], jf. atter forma på Lemetholmen og -skjeret. Legg så til at ein ås i Jokkmok heiter Liejmek (Collinder 115: Leimek), eit namn stilla i hop med just liejmie, leäjme «brott» etc.

Nettkartet og især ortofoto viser at Lieijmek ender brått i vest, med ei djup kliva: Namnet minner då også om ss liejmehke ‘skadet ting’. Lett å forstå er at nordisktalande hadde vanskar med å skilje ss luemege, ls luomek, luomeg- i tydinga ‘lemet, lemen’ frå liejmehke, forenkla leimek18.  Her kan ein i tillegg gjere seg tankar om den før nemnde Lemethellaren i Rana, fråkliven som han er.

Fotnotar og litteratur:  

  1. Asbjørg Skaaden, «Just Qvigstads lappiske ordbok fra Ibestad, Lenvik og Ofoten» s. 267.     ↩︎
  2. Vilhjelm Riksheim, «Ljodvokstren i Vefsn-maalet (Ner-Vefsn)» s. 44, og Hallfrid Christiansen,  «Gimsøy-målet. Fonologi og      orddannelse» s. 81,87, l27, 135, og Ragnvald Iversen, «Senjen-maalet.  Lydverket i hoveddrag» s. 29.    ↩︎
  3. Bjöm Collinder, «Ordbok til Sveriges lapska ortnamn». ↩︎
  4. Dette etter Hans Ross s. 992, og NO 7 s. 349, forenkla.     ↩︎
  5. «Norges dyr» b.1 s. 102.     ↩︎
  6. Olavi Korhonen, «Lulesamisk svensk – svensk lulesamisk ordbok» 5, 111.      ↩︎
  7. Konrad Nielsen 1979, «Lærebok i lappisk (samisk)» s. 450.     ↩︎
  8. Konrad Nielsen 1979, § 66, 217 og  224   ↩︎
  9. Pekka Sammallahti 1898, «The Saami Languages. An Introduction» s. 6.     ↩︎
  10. Knut Bergsland 1982, «Sydsamisk grammatikk» § 89 og 108.    ↩︎
  11. I det flg. omsett frå tysk, jf. Gustav Hasselbrink 1981-1985, «Südlappisches Wörterbuch» s. 861.  ↩︎
  12. Eva Nyman 2000, «Nordiska ortnamn på -und» s. 37, 278f, 382 og 427.    ↩︎
  13. Norsk Ordbok b. 7 s. 965.     ↩︎
  14. Á. Blöndal Magnússon er i «Íslensk Orðsifjabók» inne på låm og eng. loom i drøftinga av lómundi,  lomund(u)r, men fokuserer då på sjølve lemen-vandring: «læmingjar fara oft um landið í stórum flokkum».   ↩︎
  15. «Norges dyr», b. 1 Pattedyr s. 102.     ↩︎
  16. Jammerdalen er utbreidd som namn på små dalar. Kan det ha skjedd omtolking njoammel- > jammel- > jammer-?     ↩︎
  17. Usikkert er om Lemmetmyra og Lemmetdalen i skolebarnoppskrift 1936 frå gnr 89 Tørrbekkmoen er ein annan enn Lemmetdalen på gnr 91 Vester-fjellet. Terrenget på sistnemnde er omkalfatra av Norsk Jemverk sine masseuttak. ↩︎
  18. Lemmekmyra i Trysil er ei langsmal myr langs ein bekk. Ved Lemmiki i Torsby i Värmland finst også ein bekk og små myrar, og frå Laxtjärnen i Ludvika i Dalama kjem Lämmickebäcken, men til grunn for desse namna ligg helst finsk lemmikki: minneblom,  “förgätmigej”.  ↩︎

Nyredigert etter «Håløygminne» 2-2013.

Lemenspor i namn i sør

Det finst utruleg mange former av ordet lemet, då ikkje berre som namn på sjølve dyret men også som stadnamnledd, og dei siste er forvirrande skiftande: Laman(n)-, Lamand(er)-, Leman(n)-, Lemenn-, Lemend(e)-, Lemmed-,Lemmet-, Lemmel-, Limil-, Liman(n)-, Limun(n)-, Lomeldr, Lomann-/mand-, Lomun(d-), Lømen(d)-, Lømænd-, Lømmer-, ja tilmed Lå(g)man(n)-,Lommars- og Låmmårs-?  

Sorterings-problem.

Ein kunne dele inn dei aktuelle stadnamna etter landskapstype, det vere seg skard eller hellerar, platå eller sletter og lægder, med temmeleg uskarp avgrensing overfor grunne dalsøkk eller smale dal- og myrdrag – men der er glidande overgang mellom lokalitets­typane (ved at nokre namn kan passe i meir enn ei gruppe), så slik inndeling er nøydd å bli pragmatisk. 

Ei ulempe ved å gjere det slik, er at vedkommande namn ikkje treng ha med landskapet akkurat på sin stad å gjere, det kan vere sekundært og gå tilbake på eit anna namn som er primært, utan at det er lett å fastslå. Det tryggaste er ei enkel gruppering Lemen– og Lemet– kvar for seg.

At Lemenpytten på Østre Toten kun er ein pytt, det ligg i namnet, men det same gjeld også for Lementjønna i Trysil så vel som Lementjønna i Høylandet, berre at den siste har ei rad endå mindre pyttar tett inntil. Lemenvatnet i Lierne er langt større enn Lemen- og Lemet-pyttar, men poenget er visst at vi finn ei rekke med mindre pyttar og småtjønner tett inntil på vestsida, jf Lementjønna i Høylandet; særmerket er eigentleg alle pyttane. Myrpyttar sluttar seg også til Lemenåsen og Lemenholen i Trysil.

Sistpå skal det nemnast to lokalitetar som skil seg ut m.o.t. namneform: Lemendetjønn i Eidfjord (Hord.) er lita, så òg «Lamanderstjønna» i Førde i Sunnfjord som eigentleg berre er ein klase av pyttar. I det siste tilfellet er gno. fleirtalsform lemendr omforma til lamanders-, slik ser det iallfall ut.

For alle Lemen-namna framfor gjeld det same som for dei nordnorske på Lemmet-: Det er uråd å finne sakleg samanheng med dyret lemen. Enklare er gå ut frå at finsk-samisk lämmeti «pytt, dam» i eldgammal tid gjorde seg gjeldande også i sør, men der vart namnebruken omforma i retning av lokalt brukelege namn på dyret, pga. den enkle tanke at «det må jo vere meint lemen».

«Lemen» ikkje berre om tjønner. 

Til lemen-konteksten høyrer to-tre andre terreng-ord som er eit nærmare studium verd: Hans Ross har ordet lida(r)bard n om kant av ei fjellside, (frå Hallingdal med tjukk ł: liabał). Ordet har nådd vidare, vi finn det òg som Liabardet i Aurland, Eidfjord, Voss. Ross har òg lida(r)jadar m ‘øverste Kant af Lid; Lids Grænse mod Synskredsen’ , uttalt liajar på Tingvoll på Nordmøre. Det siste ordet blir kan hende ikkje alltid rett oppfatta i stadnamnbruk, for i rask uttale er vel ei slik sms. lett å ta for liggjar-? Det er i alle fall ikkje til å komme frå at fjellsida Liagjeran i Rauma kan vere *liajæran. 

Mest interessant jamført med Lemen-namna er den tredje termen av same slaget, li-man m, lia-mun eller lia-mune m: utkanten av li eller fjellside, nedre kanten av li, eller òg i litt anna form: li-mån, lia-mån, lia-møn f. Det kan forvirre at det er tale om nedre kanten av ei li, når ordet man i si usms. form står for “øvste (ås)kam som er synleg frå eit dalføre, høgdedrag, rygg”, men i Sparbu til og med om “jordstykke mellom to dalar” (NO 7:1046). 

Ein kan vel enklast sjå for seg ein rygg midt lia som er liten aller øvst, men aukar meir og meir i høgd og breidd mot slutten. Det kan høve for Lemenåsen i Nedre Eiker (Drammen) og høver iallfall veldig tydeleg for Lemenlia i Selbu – med Lementjenna tett ved. Elles har Hans Ross frå Østerdalen også man i tydinga “smal tange som går ut i elv eller vatn”.

Lemenlia i Selbu. 

Desse terrengtermane rekk vidt på sørnorsk vald. På svensk side har dei Lidmansbergen, Lidmansgärdan, -rönningen og -tjärnen. I færøysk har dei líðarmunni “enden på ei fjellside”. – Derimot ser det ikkje ut til at Island har slike namnelagingar.

Formasjonar som ikkje er like frapperande, men eigentleg synberre nok er Limannvika i Kvesjøen i Lierne, med eit bruk av same namn. Fram mot vika når i grunnen fleire limòner. Nemnast må også Lemenskardet (sekundært Lemennskulen) i Namsos. Det skardet ligg tett på sørsida av ein hump, øvst i ei li i hallet mot Fjellmarkmyra i aust. 

Rennebu har elvesletta Lemenøya nedanfor ein brei åskant som tydeleg nok må vere limónen i det tilfelle. Jf òg Lemenlandet, ei strandstrekke på austsida av Nordre Ulvsjøen i Trysil: Ho òg ligg under ein mule, men slakare enn den i Rennebu.

Lemenvika i Strand, Rogaland blir også kalla for Lemundsvika og Lemmensvika: Kring vika går det fleire rabbar ut i null; dei òg kan ha vore oppfatta som limóner, den tid der kan hende fanst graslier og ikkje skog som no.

I nord er så langt berre funne eitt tilfelle der ordet limòn opptrer, og det er Limonåsen, Limonneset og Limonbukta i Tromsø k.: Skrivemåten vekslar mellom Limon- og Limo-, men låsen ligg attom limònen medan neset og bukta ligg nedanfor. 

Limanneset i Snåsa.

Eit avrunda og skogkledd nes i eit parti av elva Luru (Låarte) i Snåsa heiter Limanneset og har ein skarpkanta rabb som ligg heilt på tverra, fremst.

Sletta Limunnen i Masfjorden og Limånmyra i Gausdal ligg begge for enden av ei kuven li. Ein formasjon som liknar finst ved Limundshylen i deltaet til elva Lygna i Hægebostad, Vest-Agder.

Lemonsjøen |»lemonsjȫn|, |’lemonsjȫn| i Vågå er eit utolka namn trass i fleire eldre skriveformer: Lemunsior 1349 og Læmonzssyo 1465, Læmonsiøn 1465, og Liomanssiø, Liomansiø, Liømansiø 1466, Løgmanssiø og Logmanssiø 1466, Lemungsiøen 1723 og Lemonsioen 1743 o.fl.1 Lemon– har kortstava uttale i vågåmål, så det er diskutabelt å stille namnet beinveges i hop med desse på Limon-, Limån-, men hugs samtidig dei kortstava Lemen-namna som synest å gå på li-mòn i tydingar som alt er refererte. Det same gjer visst gno. Lemunsior 1349: Når ein jamfører den forma med dagens uttale, framstår fleire seinare former frå 1400-talet som merkverdige. Namninga på kart over dette fjellpartiet er elles sparsam, men ortofoto viser ein særmerkt fjellkant akkurat ved inngangspartiet til Lemonsjøen, med nokså brei «lifot» under.

Lemonsjøen har ein markert li-mòn i nordenden.  

Fotnote:

  1. Gustav Indrebø, «Norske Innsjønamn» I.  Upplands fylke s. 124.  ↩︎

Nyredigert etter «Håløygminne» h. 2 og 3-2013.

Namn og tal

Det ville bli eit stort emne om vi skulle ta for oss stadnamn og klokkeslett eller rettare sagt dagtid-merke frå dei tider då klokker ikkje fanst i kvar gard, det vil då seie ”talskiva” på naturens eige solur frå rismål (oppstòde-tid) og til nattmål. Det finst t.d. tallause middagsmerke men færre markeringar av midnattes-tida, når fornuftig folk sov! Seinare vart klokker allemannseige. Frå då av blir namn som Klokka åtte-tinden o.l. meir vanlege. Og det er greitt nok, høyrer du eit namn som Åttetinden, er det meir sannsynleg at det er eit forkorta (Klokka)åtte-tinden enn at du der vil få sjå åtte tindar i rad. Med andre ord er det ingen skilnad på Ellevetinden i Tysfjord og Klokka elleve-tinden i Hadsel, og varianten Ellevetuva (evt. -tuvo) er kjend i fleire kommunar. Artigare lyder namnet Ellevelasshola frå Hattfjelldal, som sjølvsagt fortel om gammal slåttebruk.

Med ei slik vinkling blir det tradisjonelle og utbreidde Middagstinden og nyare Tolvtinden i praksis det same. Meir rart er at nokre spreidde namn tilsynelatande inneheld talet tretten (13). Her har eg i tanke Trettendalen med Trettendalstindan i Øksnes, så vel som Trettenelva i same kommune og dessutan Trettenmyra i Bø og Evenes. At desse namna har noko som helst med det gamle soluret å gjere er innlysande usannsynleg, for få av oss er hyperkorrekte nok til å tale om klokka tretten til kvardags, då eitt mindre i gamle dagar. At det skulle vere tale om heile tretten dalar, elvar eller myrar forbyr seg sjølv.

Her er det gammalnorsk grammatikk som lurar oss: Tretten-namna fortel på ein finurleg måte at der gjekk føre seg ikkje berre ei, men fleire tretter om bruksretten til desse lokalitetane, understreka gjennom genitiv fleirtal þrætn(a)– i staden for genitiv eintal þræt(u)–.  Med andre ord har det ha mykje for seg å skrive desse namna Tretndalen osv. i staden for Tretten-.

 Til høgre Triflesa i Bø. I forgrunnen Fjærvolløyra, i bakgrunnen Andholmen, Flatholmen o.fl.

Men talbruken går ikkje alltid på inndelinga av døgnet, iblant fortel Totindan og Tretindan o.l. ganske enkelt at det er tale om så og så mange tindar på rad. For så vidt heilt på line med det meir eintydige skjernamnet Triflesa og fjellnamnet Trehyrna (trēhyᶇᶇa) i Bø, der skjeret er delt i tre mens fjellet har tre horn. Derimot er nok Femtinden i Sortland eit solmerke og ikkje fem tindar på rad. Par blir frå tid til anna foreldre til tvillingar, trillingar, sjeldnare firlingar! men den slags ord opptrer ikkje ofte i stadnamnsamanheng. Det finst rett nok nokre Tvilling-holmar og –skjer, men tilsvarande bruk av Trilling– får vi leite lenge etter.

Trehyrna i Bø. 

Det finst også andre måtar å markere oppdeling på: I Bø kommune er det ein ås som er delt i Nordhalvåsen og Sørhalvåsen, vel å merke uttalt med stum v akkurat som i Nerhalva og Øverhalva om ei fjellside ein stad i Sortland, og det siste er praktisk talt same namn som Overhalla (Overhalva) i Trøndelag. Heller ikkje vi er så korrekte at vi seier halvparten, vi slurvar og seier hallpart’n.

I Meløy-gården i Meløy kommune har dei to bruk som heiter Tvenningan (Øver- og Ner-Tvenningen), og det går tilbake på gno. tvenning f  ”det som er delt i to”. På Myklebostad i Bodin er det likeins eit nedlagt gardsbruk kalla både Trenna, Trinna og Tréinga. Bruksnummera viser spor etter ei eldgammal tredeling. Så kan vi då også lett forstå at Trenna og Trinna er samandregne former av norrønt þrenning, þrinning ”eining av 3”, mens Tréinga må vere ein meir moderne og forklarande variant. – I samband med tredeling får vi heller ikkje gløyme Træna med sine tre særmerkte fjelltoppar, eit namn som synest å gå tilbake på gno. Þriðn.

Langt vanlegare er fjerding nytta som namn på bygdelag (opphavleg fjerdedelen av ei sysla). Dette er utbreidd i Nordland til og med Vesterålen mens Andøya så vel som Troms var inndelt i tinglag. Ordet fjerding står som kjent også for folket som bur i eit slikt bygdelag, sjå Håløygminne. b. 3 s. 340, 387, 399 og b. 4 s. 26. – Sørpå er Fjerdingen her og der også namn på gardsbruk som på eit eldre stadium må ha høyrt til ei større eining.

Når vi først er inne på slike inndelingar, er det sikkert mange som kjem i tankar om den gamle skikken å dele nordlandsbåtane inn i storleikane færing, seksring, åttring og teinring. Det er etter retten forkorta former av gammalnorsk fer-, sex-, átt- og teinæringr, om farkostar med så og så mange årar. Eigentleg seier folk færring, det kunne skrivast ferring, ettersom det er ei samandraging av fer(æ)ringr og språkleg sett meir systemrett enn færing, som forresten også kan tyde færøying. Bør kanskje for ordens skyld også nemne at det til relativt kort tid sidan var vanleg med stavkar som kvartel og åtting, som fire- og åttedel av ei heil tynne på 96 l. – Derimot finn vi visst her nord ingen spor etter åtting (ottung) som administrativt namn på halvdelen av ein fjerding.

Spør vi etter høgare siffer enn fire og ser bort frå alt som har med klokkeslett å gjere, er der i stadnamnsamanheng ikkje så mykje å melde alt i alt, med mindre vi dreg inn historisk unge namnelagingar av typen Femtevatnet, Sjettevatnet ol. Men Rana har iallfall ein åker kalt Seksmælingen, og i Røst har dei eit skjær med namnet Seksringsmannen: På avstand og i skodde fell det lett å tru at det er ein seksring du ser. – Leirfjord har ein gard som heiter Ottingen, og det ligg nær å tru at det kan vere tale om ein åttedel av eitkvart, men Rygh reknar med at det beintfram er tale om Otte (Otto) si eng, og det får vi lite på. På Andøya finst Ottehólen sagt Åttehólen, eit gammalt dagtidmerke skulle vi tru, men forklaringa er enkel nok: På den hólen budde i si tid Otto Andersen, som ein kort periode var lensmann i Dverberg.

Kjem vi fram til talet ni, skulle vi tru ingenting var å hente i stadnamnkontekst, ut over det som har med klokka å gjere, men eg trur gjerne at ein og annan dreg seg til minnes fjell- og kraftverknamnet Niingen i Evenes. Mange har grubla på det, m.a. om det skulle ha noko med klokkeslett å gjere, men der er ingen sikre haldepunkt for det. Andre har gått ut frå at at namnet kjem av rødnaden i fjellet ved solovring og tenkt seg niing som avbregda uttale av nying ”bål, stokkeld på fri mark” (av gno. hnúðr ”påle, staur”). Men det er nok altfor langhenta, for vel nok er ordet litterært kjent her nord, men elles ukjent, i talemål så vel som namn. Heller ikkje har målet i Evenes itakisme (i for y), det eg veit, endå norsk y nok kunne bikke over til u eller i eitt og anna ordet og namnet, her så vel som i andre bygder, velkjent frå nugla og ivler.

Niingen har veldig særmerkt form, så særmerkt at ein kunne lure på om har vore samanlikna med ein eller annan gjenstand, kan hende samisk niedja ”fastsittende tofte i sjøbåt;  stykke skjøtt på en spantende i elvebåt” (jf. niegja ”Knæ, Indholdt i Baad” i Friis ordbok). Men det ordet er neppe kjent frå nordlandsbåt-kulturen. Iallfall er det ikkje oppført i ”Just Qvigstads lappiske ordbok fra Ibestad, Lenvik og Ofoten” frå i 2004 som berre har buolvvas for kne i båt.

 Niingen i Evenes. Foto: Stig Valter Tovås.

Meir truleg er at namnet gir ein beinveges karakteristikk av korleis fjellet ser ut og kan vere eit opphavleg samisk *njieddjege el.l., jamfør adjektivet njieddji ”sigande, fallande” (samanlikn njiedjat ”dale, gå ned, stige ned, gå nedover” og njiddat ”skli” mm.) Det høver i alle høgste grad, sjølv om Qvigstad heller ikkje har det ordet frå i det aktuelle området .

At namnet på ein fiskeplass fortel kor stor fangst fangst som ved eit visst høve har vore tatt der, høyrer vel til unnataka, men slik synest det ha seg med Femtenfiskgrunnen i Rana. Motorisert ferdsel på sjø og land der oppmålingar av ymse slag høyrer til, har sett sine spor: Sjøkart har vi hatt så lenge at også gamle fiskarar kan omtale bøar og grunnar som ein- og to-metringar osv. Det er ein del av biletet at dei yngre fiskarane i dag ikkje lenger brukar dei gamle médnamna, men siffer frå peileapparatur.– Ettersom vi nyss var innom Evenes i Ofoten, høver det å nemne noko liknande frå landjorda. Tomta etter ei vaktbu på Tarvaldjorda i Narvik bar namnet Femtenførti: Derifrå var 15.40 km inn til byen med banen, og på om lag same stad går lina gjennom Sekstenskjæringa.

Går vi vidare med talrekka, vil det nok ovarraske at Syttendemaihaugen er registrert i berre eitt tilfelle, frå Hadsel. Vi synest nok at syttandemaifeiring har vi ”alltid” hatt, men at dette ikkje har slått sterkare ut i stadnamntradisjonen, gir oss noko å reflektere over. – Merkelegare er namnet Attenmarkan i Vestvågøy, som kunne ha med gammal jordskyld å gjere, men det forblir tvilsamt inntil ein eller annan lokalhistorikar tar reknestykket for seg. Kan hende har namnet heller med avling å gjere, jfr. Ellevelasshola.

Sekstibakkan på Andøya er små avsatsar, eigentleg eit gammalt utrap. Kva årsak namnet har er usikkert. Vi kunne tenke på sam. ceahkki ”kneik”, men det føreset at resten av namnet er norsk sti(g)+bakke, så det er lov å vere skeptisk også her.

Hundervika i Raftsundet er eit fleirtydig namn. Hunder- kan vere ei forvansking av hulder, endå huldra vanlegvis heldt til i berg og haug, men den tidlegare omtalte Femtenfiskvika er ei indirekte påminning om at også andre forklaringar kan vere tenkelege.

Rett som det er seier vi om ord og namn og mange andre ting at dei er «tallause» – men som opplistinga framfor skulle prove, det er ikkje heilt sant! Stadnamn på tusen eller millionen har ikkje dukka opp, førebels, men i det minste (i det største?) kan nemnast at eit liggande åttetal er det matematiske teiknet for eit uendeleg stort tal, og sanneleg min hatt finst der stadnamn i den kategorien au: Andøy har Endelausfjæra, Bø har Endelausmoa og Hemnes Endelausmoen, og Ballangen og Hattfjelldal har Endelausmyra. Kven påtar seg å finne namn som går lenger enn det?

Nyredigert etter Håløygminne 2-2007, kalla «Tallause stadnamn» der

Ordviss håløyg?

Kva eit folk eller ei folkegruppe kallar seg sjølv el. blir kalla av andre kan vere nyttig å kjenne  til. Oftast er namnet på folk (nasjon) uløyseleg knytt til namnet på området eller landet, og her kan ein med fordel la språk- og kulturmøtet ml. nordisk og samisk vere utgangspunkt: Ordet land, urnord. *landa i samisk låneform ládde vart eit ord for ikkje-samisk landsbygd.

Nytta om ikkje-samiske bygdefolk (i nordsamisk: finlendarar, i lulesamisk: svenskar, på sørsamisk: svenskar eller nordmenn) går det likelydande ládde (láddi) tilbake på norr. landi ‘landsmann’, og det hadde i mellomalderen ei særleg tyding: «Når en Islænding …. af en norsk eller dansk Mand bliver tiltalt eller omtalt som landi, havde vel dette sin Grund deri, at Islændingerne selv i Tiltale eller Omtale betegnede hinanden med dette Ord, ligesom de ofte ved land uden nærmere at betegne det forstode deres eget Land» (Fritzner: 406, Qvigstad: 205, oslo 110.) Eit i utgangspunktet så enkelt ord som ‘land’ (og landi) kunne altså få eit nokså skiftande innhald. 

Litt enklare kan det då fortone seg for oss at t.d. folkenemninga hindu og språket hindi har med  landsnamnet India å gjere, medan det engelske ordet for sigøynar, gypsy, bygger på den trua at sigøynarane kom frå Egypt! Vi kjenner alle ordet angelsaksar: Anglane som folk fekk namn etter (forma på) den landstripa i Schleswig som dei kom frå, jfr. angel for ongul. Når den engelske nasjonen til dels òg blir kalla albion, er det eit ord som har vore innom keltisk og latin og skal vere i slekt med latinsk albus «kvit» og vise til «The white cliffs of Dover». –  Rhode Island i USA hadde før eit indianarspråk narragansett, eigentleg  ‘nesfolket’.

Beduin kjem av arabisk badawín «ørkenbuarar», laga til badw ‘ørken’. Landsnamnet Eritrea kjem av latinsk-gresk Mare Erythraeum, Raudehavet, og Etiopia går via latin attende til gresk  Aithiops  «(sol)brent fjes». Ein hebrear er – greitt nok – «(ein) som går over (elva)», el. «ein frå  hi sida (av elva)», mens dajak (dyak) som namn på ein innfødd frå Borneo eller Sarawak kjem av eit malaysisk ord for «oppland». Ordet aztek(ar) har vandra gjennom fransk og spansk, det lydde (på indianarspråket nahuatl) aztecatl «menn frå nord, nordmenn!»  Jugoslav og Jugoslavia  (i våre dagar ofte «Rest-Jugoslavia») tyder ordrett ‘sørslav’ og ‘Sørslavia’.

Norsktalande synest at aborigin er eit tungrodd namn på ein innfødd frå Australia, i engelsk  brukt om innfødde frå andre verdsdelar med, men det er enkel samandraging av latinsk ab  origine «frå opphavet». Dei eldste stammefolka i India blir på hindi kalla adivasi, og det tyder om lag det same.

SJØLVBILETET ER VIKTIG.
I dag får vi nokså ofte kontakt med menneske frå fjerne land, og gjennom fjernsyn får vi det endå oftare, men mange folke- og stammenamn skriv seg frå ei tid då full isolasjon var regelen og då kvar gruppe opplevde seg sjølv som dei einaste. Frå Afrika kjenner vi bantu, det tyder berre «folk», spanske ord som pueblo og navajaho det same. Ordet tysk, deutsch, kjem likeins frå gammal høgtysk diutisc «folkeleg». Dei ville teutonane – enten dei var frå Tyskland eller Jylland – var germanar: Det namnet synest på same måten å ha hatt ei opphavleg tyding «folk»,  eventuelt «land», og den folkegruppen ein før kalla eskimoar, nemner seg sjølv inuit «folk», som er fleirtal av inuk  ‘person’: I Nord-Alaska heiter det også inupiaq eller inupiat, som vil seie «ekte person». Likeins skal  sápmi  stå for «menneske».

I det heile er nemninga for eit folk og for språket nokså ofte det same, så som når det er tale om ein mandsju og språket hans (jfr. Mandsjuria): Det ordet skal tyde «rein», usagt om det då er tenkt på rase, språk eller livsstil. Forståeleg er at inuitane ikkje setter pris på namnet eskimo, eit ord som frå indianar-språket algonkin vart tatt opp inn i dansk via fransk og tyder «dei som et rått kjøtt», og meir smigrande er ikkje mohikan(ar), som ein kunne omsette med både «menneskeetar» og «ulv», men  det siste synest vel ikkje vi skandinavar er så fælt, som brukar mannsnamnet Ulf?

Mindre kjensleladde ord knytt til utkomme og levevis er t.d. franskkanadisk algonkin (algonquin, ei språkgruppe), eigentleg «på lystreplassen», eit ord som har med fiske å gjere. Eitt av  algonkin-folka vart kalla ojibwa «rynka, snurpa» på grunn av mokkasinane dei nytta. Frå India hentar vi eit ord frå sanskrit,  gurkha, nærmast «kuverjar, kugjetar», jf livsstilen til det afrikanske gjetarfolket masaiane.

FRI ELLER UFRI?
Namnet eit folk brukar om sjølv fortel ofte korleis dei ser på sin sosiale og politiske status: Frankrike har namn etter frankarare, dei einaste heilt ‘frie og franke’ i Gallia,  og Thailand kjem tilsvarande av folkenamnet thai «fri». Men fridom heng alle stader uløyseleg i hop med vilje til å forsvare fridommen, og t.d. trur ein at Mongolia og mongol kjem av  mong «uredd,  djerv». Kva andre folk meinte om mongolar og fridom er i den samanhengen ikkje interessant.

Motsetnaden blir ufridom, trældom. Kreol (namn på folk av blanda ætt i ulike kombinasjonar) har vandra gjennom fleire latineuropeiske språk og kjem eigentleg av lat. creare ‘skape’ (her: avle). Der er òg historisk samanheng mellom slavekår (for krigsfangar) og nemninga slaviske språk og folk. Slike kår varar sjeldan evig: Arabisk malaka «å eige» gav mamlúk som ord for kaukasiske slavar, men dei same mamelukkane vart krigarar som herska over Egypt frå 1254 til 1811.

At ein særskild klasse eller stand gav namn til ei viktig folkegruppe og målet deira finst det også døme på: sanskrit mantrin «rådgjevar» vandra gjennom hindi og malaysisk og portugisisk og  vart til mandarin, sjå kinesisk historie. Namnet på det (utdøydde) karibiske indianarspråket taino  stod for «adelsmann, herre» i det same språket.

GRANNAR ELLER FRAMANDE?
Orda german og germansk er ikkje sikkert tolka, men det har vore vist til gammalirsk gair ‘nabo’ og slik gjetta på at det var keltarane som kalla grannane sine for germanar. Eit anna germansk ord  som tyder «framand» skal via gammal kyrkje-slavisk ha gitt namn til folket i Valakia i Romania. Meininga ‘framand’ skal gr. barbaros òg ha, opphavleg nytta om kva språk el. folk som helst, men barbar i tydinga «ein som talar uforståeleg» og «ein rå, usivilisert person» låg nær nok. Langt meir nøytralt er at nemningar og namn som slovak/Slovakia, sloven(ar)/Slovenia mm. kan henge saman med slovo «ord». – Klart negativt ladd er orda babbel, å bable osv., og dei fleste av oss vil nok assosiere det med Babel eller Babylon i bibelsoga: hebraisk babel tyder i seg sjølv nettopp «forvirring».

Det skulle derfor vere rart om det ikkje også fanst stamme- el. folkenamn som fortel om det å bruke morsmålet på rosverdig måte, om dette å ha fullt herredøme over språket.

SAME OG FINN
Kva samar gjeld, heiter folket sápmi (sjå framfor), jf Sápmi om Sameland. – Kva det gamle norske namnet finn, fleirtal finnar gjeld, så har eg lurt på der er ein samanheng med fidnit, finnit ‘erverve, fortene’, eit verb lånt frå norrønt (vinna): Det gir meining at ei folkegruppe som levde av fangst og fiske kunne kalle seg det, eller bli kalla så av hine, men det finst sikkert meir enn  ei meining om ein slik tanke. Nedsettande er i alle tilfelle den lågtyske nemninga lapp, som er jamtydig med høgtysk Lappe, Laffe «narr (jfr. laps), dum person» ol. Her lurar Übermensch-tenkinga i bakgrunnen.

Tankevekkande er det derfor å lese eit lite stykke i Rana Blad 2. juni 1966 med overskrift  «Sørsamisk – et språk for perfeksjonister». Her er m.a. framheva ein rikdom på nyansar, som  dette at dei har fleire namn enn nordsamisk har på sine ikkje-samiske grannar, som lætie: (laedtie)  ‘ikkje-same’, viethke (viedtehke) ‘fastbuande’ (kan og gjelde samiske bumenn), daro (daaroe)  ‘upåliteleg person’ og dakje (daatje) ‘vond person som opptrer hatefullt overfor samane’. [Jf at lætie, laedtie er sørsamisk form av det før omtalte ládde.] Sørsamane var og er ei folkegruppe i forsvinnande mindretal som er avhengige av grannefolka på godt  og vondt, men vi kan undrast lell: Var det ikkje her lågtysken som røpa eit fattig og underutvikla ordforråd og eit primitivt menneskesyn?

EI RØYST UTANFRÅ?

Den finske språkgranskaren Eliel Lagercrantz  var på Sør-Helgeland i tre månaders tid i 1921 og var likeins innom Tysfjord, Arjeplog, Herjedalen mm. Han gjorde seg interessante refleksjonar, som her er omsett frå tysk (Lagercrantz 1957):

«Sørsamen talar sitt fornspråk overlagt vørdsamt og er knytt til den gamle tradisjonen med liv og sjel. Han er er aristokrat av hjarte, og du undrar deg over kor høfleg og finttenkande han  ter seg. Trongen til det som er vakkert viser seg i allting: i draktprydnad, i bruksting forma med  kunstnar-hand og framfor alt i målet. Han held på ein rein uttale og vel orda med omhug. Sansen for god stil viser seg i ei ovnøgd av ordformer, nytta på ein hag måte. Den vedunderleg rike klangskalaen i lydsystemet uttrykker natursansen og kjenslene hans umedvite og fritt. Her er  ikkje naturopplevinga skildra i kjempesteg og med knusande brutal kraft som i Vestfjord- og nordvestsamisk, men ved fin lydsymbolikk og uttrykksfulle ordformer».

Her skildrar ikkje Lagercrantz sine opplevingar av sørsamisk kultur med så nøytrale (vågar vi å seie tørre?) ord som dei språkforskarar i vår tid ville bruke, men akkurat det er uinteressant: Han var barn av si tid – så vil det lyde om oss au, men han kom utanfrå og samtidig fullt kvalifisert til å skjelne og sjå nyansar i språk og anna, og vi forstår utan vidare at han må ha møtt berarar av ein samekultur med djupe røter.

KVA MED HÅALOHKE OG HÅLOGA-?
I Håløygminne 1994 kasta eg for første gong fram den tanken at Qmð og Hålogaland er namn  som ein nok tør sjå i samanheng med samiske ord. Innhaldet i denne første artikkelen er kort referert  i den norske delen av årsmeldinga «Nordisk namnforskning 1994», ved Gulbrand Alhaug og  Oddvar Nes, og endå kortare kommentert: «Overtydande er desse nytolkingane ikkje».

Kanskje ikkje – ei fråsegn på fem ord overtyder heller ikkje. Mest konstruktivt er å gå ut frå at det ikkje var argumentert godt. Ideen om øynamnet er derfor utdjupa i «Noko  meir om Åmd og Tjøtta» (Håløygminne 1996), og truleg er det rett å gjere tilsvarande med tanke på namnet Hålogaland og nemninga håløyg.

Som Alfred Jakobsen har peika på (s. 160 med tilvising), er det eigentleg gjettverk at håløygene hadde sams tingstad og ei form for organisering og kommunikasjon, når det var fare på ferde. At norrønt háleygir er avleidd av eit germansk ord *hálaug ‘høgtidelig kampavtale’ er ein tiltalande tanke, men då knyter vi orda håløyg, håløysk og Hålogaland til ei forsvarspakt som ikkje lar seg påvise.

Vi tør kalle det eit tankekors, eller iallfall ei utfordring, at sørsamisk har ord som hooleke  (samiengiële-hooleke ‘som snakkar samisk’) = hoåluke ‘språkkunnig, språkmektig’, vidare hoolejes ‘snakkesalig, ordglad’ – med Bergslands rettskriving og i same orden: håalohke, håalehke  ‘språkmektig, talefør, ordhag, som har ordet i si makt’ og håalijes, håalijs ‘snakkesalig’ osv. I den samanhengen er det ikkje minst interessant at Hasselbrink fører opp hoåleje, hooleje ‘talande’,  pres. part. av verbet hoåludh v (i Bergslands rettskriving håalodh, håaledh) å tale, t.d. gålpuoh hooleje ‘som har tungt for å tale, som ordlegg seg keiveleg / klønet’ – alternativt: ‘som stammar’.

I litteratur om samisk dukkar ordet ‘språkmeister’ opp iblant. Skal vere varsam med å tolke for mykje inn i det uttrykket, som kanskje fortel like mykje om språkgranskaren si glede over dei gode informantane som om samisk kulturoppfatning? Sitatet etter Eliel Lager­crantz fortel like fullt at han meinte sørsamane nytta sitt morsmål meisterleg, det var noko finlendaren la merke til. Det kunne ha vore svært så interessant å vite korleis dei som talar eit anna samisk mål ser på den vurderinga.

KOMMUNIKASJON I KVA SAMANHENG?
Eg skreiv i 1994 om nemninga håløyg og namnet Hålogaland: «Folket og i neste omgang landet  kan nok ha blitt heitande så av di det var både nødvendig og vanlig å meistre både norsk og  fleire variantar av samisk, kan hende målet til andre grannefolk og? – Det liknar eit poeng at  når Peder Claussøn Friis i si tid fortalde om sjøfinnane som hadde sju språk, så kan det vere  reminisensar av ry for språkmeisterskap som folket i landsdelen hadde opparbeidd seg på eit langt tidlegare tidspunkt» (Håløygminne 1994: 163).

Her la eg nok hovudvekt på kommunikasjonen med ikkje-samar, men ser vi sørsamane med Lagercrantz’ auge, kan det altså vere at nettopp desse  – evt. ein meir avgrensa gruppe, t.d. slike som hadde ein viktig funksjon i samhandling med andre grupper? – var berarar av ein høgt utvikla språktradisjon. At sørsamane og Helgeland heng uløyseleg saman historisk treng ein  iallfall neppe å føre prov for lenger. Eg sa òg:
«Namnet/nemninga Hálogaland og háleygr kan i så fall ureflektert ha kome på gli: frå å gjelde dei som meistra samisk vel, til å omfatte alle som budde innafor gammalt samisk vald, lenge før  det kom til ein klar nordisk dominans i området. Alle visste kva for landsdel det var tale om,  men forståinga av at orda hadde noko med talespråk å gjere avtok i same omfang som nordisk/ norsk talespråk greip om seg».

Som alt er nemnt kan eit substantivert håalohke, håalehke ‘språkmektig, som har ordet i si makt’ ha ført til Hálogaland, variant Halgoland  >Halgeland >Helgeland som namn på landområdet der ei folkegruppe – gjerne langt på veg tospråkleg? – heldt til. Det var samtidig tenkt på  samanheng mellom sørsam. hoåleje (hooleje) ‘talande’ – jf òg håalijes – og det som i norrønt vart háley+skr og  háleygr. Jf det nokså parallelle Rogaland, rygskr, rygr så vel som omtalen av land mm. i innleiinga framfor.

Tente dei sørsamiske orda berre til å karakterisere språkbruk hos enkeltindivid, eller òg kommunikasjon grupper imellom? Eg finn det rett å la spørsmålet stå svarlaust, for det krevst omfattande kunnskap om (sør)samisk språk og samfunnsoppfatning av den som svare på det. Vi får berre håpe at slik etterprøving kjem. Men når no sørsamisk eingong har desse orda, er det iallfall for lettvint dersom vi let att auga for det som peikar i samisk lei og læst som om det er meir hald i den filologisk velkjende, men historisk sett akk så ukjende og utdaterte nordiske kamp-avtalen.

Som framfor klargjort: Kva stammer og folk kallar seg sjølve eller blir kalla av dei andre, har å gjere med sjølvoppfatning el. noverande el. tidlegare bustad el. livsstil (matvanar og klede ikkje  å gløyme), el. med språkbruk, eller status. – Eingongshendingar som det å ha gjort eid på ein avtale kan i seg seg sjølv knapt karakterisere ei folkegruppe: Innafor grupper flest har prinsippet «ein for alle og alle for ein» vore nokså sjølvsagt, skulle gruppen overleve. Og skulle fleire  grupper slutte forsvarspakt, er det usannsynleg at dei er namnlause heilt til dess!

Samane og samisk kultur er med i norsk rikssoge frå Harald Hårfagre og Eirik blodøks av, også samejenta Snæfríðr frå Oppland og Gunnhildr frå Hålogaland. Det må likevel kallast svært sjeldne unnatak at noko i norsk historie blir forklart som samisk påverknad. Vi har tradisjon for å late som om vi alltid har vore til stades også på stader der vi neppe var det. Vår nasjonale sjølvforståing, vår oppfatning av mellomfolkeleg rang har gjort ein del andre tankar utenkelege.

Leitinga etter det nasjonale etter dansketida især etter 1830 gjekk føre seg blant norske bønder. Få søkte blant ‘simple fiskere’ etter ordtilfang og anna, endå færre blant samar, då aller minst blant sørsamane, ein minoritet i minoriteten. Her meir enn i noko anna tilfelle i våre nærområde kan vi med Wergeland tale om eit lite folk «hen i Verdens Hjørne stødt med et Sprog som ei rækker fra sin Krog længer end dets Læbers Aande» Så kanskje var det lønt å legge eit lyttande øyre til, for ein gongs skyld? 

Om Helgelands-mål er òg sagt at «ordfanget er mykje fornt og merkelegt» (S. Kolsrud: 122), og det skulle no vere rart – jf Lagercrantz – at ikkje dette endå meir skulle gjelde for det samiske målet der.

Nyred. etter Håløygminne 1998 

Litteratur:
Bergsland, K. og Magga, L. M. 1993: Åarjelsaemien-daaroen  baakoegærja/Sydsamisk-norsk ordbok.

Collinder, B. 1964:  Ordbok til Sveriges lapska ort-namn. Uppsala. (Her forkorta OSLO).

Elsvatn, L.:  Nach der Mundart von Wefsen. Om språkforskeren Eliel Lagercrantz. I Åarjel-saemieh – Samer i sør. Årbok nr. 4.

Hasselbrink, G. 1981-1985:  Südlappisches Wörter-buch. Uppsala.

Kolsrud, S. 1951: Nynorsken i sine målføre.

Lagercrantz, E. 1957: Lappische Volkdichtung I. West- und südlappische Texte. Helsinki.

Nordisk Namnforskning 1994. NORNA-rapporten 59. Särtryck ur Namn och Bygd 83, 1995.

Qvigstad, J. 1893: Nordische Lehnwörter im Lapp-ischen. Christiania.

Thompson, D. (ed.) 1990: The Concise Oxford Dict-ionary of Current English. Oxford.

Kort er godt!

Vår norske språkhistorie eller målsoge handlar om gammalnorsk og mellomnorsk og om nynorske målføre etter reformasjonen, etter Aasen også om eit nynorsk skriftspråk i tevling med eit dansknorsk tale- og skriftspråk som smått om senn er blitt litt meir fornorska. Ein av dei store skilnadene er at heilt norsk talemål og skriftspråk har gjennomført hankjønn og hokjønn der bokmål langt på veg framleis har felleskjønn, og akkurat det siste har kun forsterka seg etter tusenårsskiftet.

For at det skal vere sagt, endå det er kan vere upopulært, så er det berre naturleg at folk frå såkalla nynorske kjerneområde reagerer når framståande nynorskbrukarar i media vel bort former som ”fyrst”, ”hjå”, ”skule” mm. Årsaka til det er ikkje minst tidlegare jamstillingsvedtak tufta på ei samnorsktenking som i dag heng i lause, for ikkje å seie tynne lufta. Men dette er småting, forbetringspotensialet er langt større på andre felt, tilmed blant nynorskbrukande mediefolk som gjennomgåande bør få ros for god målbruk eller alt har fått det. Eit område for seg er tekst-TV, der det er ille å sjå at tekstarane ikkje ser skilnaden td. på det å legge til kai og ligge ved kai. Slike detaljar må vi gå forbi, men kva er såkalla  moderne nynorsk for noko?   

I Syn og Segn 2-2007 blir endå ein gong påstått at det er på høg tid å modernisere nynorsken: ”Det burde ikkje vere noka skam at mange av orda og uttrykka kjem inn via bokmål, så lenge det fell naturleg”. Formuleringa tilslører og avslører på ei og same tid: Tilslører av di uttrykket ”via bokmål” må tyde at det ein eller annan stad utanfor nynorsk og bokmål finst eit kraftsentrum som har modernisert bokmålet og ville gagne nynorsk òg, dersom viljen til modernisering var til stades? Røyndommen er sjølvsagt at ordformene og uttrykksmåtane frå bokmål heilt enkelt er moderniseringa det er tale om! At nynorsk har noko å hente frå andre språk enn bokmål er visseleg ikkje i tankane til dei som hevdar at «modernisering» er løysinga på dei problem nynorskbrukarar kan ha, i så fall ville dei gjort greie for sine idear.

Med desse innleiande merknader nærmar vi oss det som her skal vere hovudemnet: markeringa av hokjønn. Eit minne frå ei fråflytta Vesteråls-grend illustrerer at det er så mange vendingar i bygdom komne til: Ei som var fødd i 1896, fortalde frå si første skoletid at klokkaren hadde ei særmerkt fortolking av etternamnbruken. Vel nok var det då blitt så at barn av begge kjønn kunne skrivast inn i skole- og kyrkje­samanheng under faren sitt namn med tillegg av –sen, men dette var ein regel som etter hans syng gjaldt for ‘de bedre’. Døtrene av småkårsfolk burde framleis nøye seg med det tradisjonelledatter, så han retta på namna som stod på kladde­bøkene. Om mange tenkte som han skal vere usagt, men det fekk iallfall foreldra i det egalitære Vesterålen til å reise bust. Endskapen vart sjølvsagt at ingen ville ha etternamn på -datter lenger.  

Kvinnesak-vinkling?

I våre dagar er dette snudd på hovudet, både jenter og godt vaksne kvinner bytter frå -sen til –datter eller –dotter. Ikkje berre det, med vekslande gravalvor spør enkelte om ikkje ein norsk statsborgar av hokjønn burde heite nordkvinne, og meir til. Det er blitt fyfy å seie «gjerningsmannen» så lenge gjerningspersonen ikkje er hekta og kjønnstesta, for kvinner skal ha sin rettkomne del også av kriminaliteten.  Fuglane må vite kva vi bør kalle ei som er utdanna styrmann, eller ein mann med jordmorutdanning for den del? Ordet kjøpmann er truleg i ferd med å forsvinne frå daglegtalen, så kjøpkvinne er uaktuelt. Fylkesmann- og sysselmann-embeta fekk lenge stå, men no har vi fått det dunkle «statsforvalter».  

Dei som er mest ihuga på dette feltet, har like vel fått igjennom visse endringar, og kanskje får vi fleire, men eigentleg er vel dette ei språkleg kjønnsjamstilling der vi ser myggen, men ikkje kamelen? Det har skjedd endringar i norsk målbruk som får ei mengd hokjønnsord til å døy ut, og dette er litt ettertanke verd, same kva dialekt du brukar eller kva opplæringsmål kommunen har, også i nordnorsk saman­heng. Dette så mykje meir som det i våre dagar dukkar opp uhistoriske, merkelege hokjønnsformer av typen «sanda», «skola» og «strupa».

Undertrykking av hokjønnsord er feministisk uinteressant?

Språklege aksjonistar av det slaget som er nyss er omtalt, understrekar pussig nok aldri at nynorsken med hokjønn som berande element er eit jamstillingsspråk, med ord som ei jente, jenta, ulikt det konservative bokmålet med si samkjønnsending (les hankjønnsending) av typen en pike, piken. Interessant er å få det i historisk kontekst, med to strofer frå kjende songtekstar, den første frå ”Gymnastikkmars” skriven av J. Nicolaisen (1847-1928):

Der hvor liten brattest stuper setter han utover, gutten på de glatte ski så spruten står. Jenten efter! Fæle ting hvad slik en unge vover! Du skal se en vakker dag hun gutten når!

Konservativ språkføring, javel, men framtidsperspektivet var radikalt nok og har slått til, endå det utruleg nok var først i 2011 at sportsgreina kvinnehopp vart godkjend, jf skihopparen Maren Lundby som la opp på tampen av 2023.

Kva skal ein så seie om teksten, ”Elverim” av Nordahl Rolfsen (1848-1930), frå ”Læsebog for folkeskolen. Første del” s. 149 (Kristiania 1892):

‘Den længste gutten, det er nu Glommen, Og god og diger, især i flommen;  Men ellers danser han likeglad Fra Aursundsjø og til Fredrikstad.

Han gaar i skogen, han gaar i skyggen, Og mangen tylft ta’r han med paa ryggen; Han bærer hus, og han bærer kjøl; Og Glommen, det er en østerdøl.

Og siden seiler vi nord om Salten Og ser paa elven, som heder Alten; Hvor Tana grænser på langs og tvers, Ja, der er grænsen for disse vers».

I skolesamanheng reknar vi Nordahl Rolfsen for å vere ein føregangsmann, men i dette tilfellet tar han vel ein dikterisk grep som etter vår tids syn må kallast komisk: Den trauste og råsterke Glåma/Glomma, som vinn kva løft det måtte vere og ber det fram dit det skal, må sjølvsagt vere gut, ikkje ei jente! Tvangsrimet i siste strofe setter prikk over i-en, for distriktet heiter offisielt Salten. Salta er tradisjonelt Salt(en)fjorden og burde få lov å rime på nettopp Alta.

Ville Rolfsen ha valt norskare namneformer dersom han hadde kjent seg fri til å gjere så? Hausten i 2006 kom tankskipsleden som ”nyord” i norsk presse. Tekstarane i ein ikkje ukjend TV-kanal står på med det ynkverdige en øy, bunden form øyen.  – Nobelprisen i litteratur til Jon Fosse år 2023 vil truleg gjere det litt mindre stovereint å motarbeide nynorsk språk, men ‘motstandarbeidet’ tar helst nye former, vanetenking er og blir ei sterk kraft. Heller ikkje blir nokon sett på plass som seier «jeg hater nynorsk», og ‘spynorsk’ har fint lite med sanning og forsoning å gjere.

Skattekiste på museum?

Her er vi komne fram til den ordkategorien der nynorsk-brukarar har størst grunn til å opne auga og tenke seg om, nemleg  eistavings hokjønnsord. Som ei innleiing er å nemne nokre velkjende ord for kvinnelege skapningar som brud = brur, møy, mor (moder), dis (gudinne) og fe (tryllefe), pluss motstykke som heks og gro: arg, vond kvinne eller også ”spørgesygt” eller ”næseviist Pigebarn”. Meir dialektisk er drós (for dame), likeins dråk, dræker (veikje). Det finst òg meir eller mindre nedsetjande hokjønnsord som i røynda gjeld begge kjønn, som dròg (tung, treg person), slong (dagdrivar) og gnòg (person som masar og kjasar) og visseleg fleire. Avgjerande for kva rom og status slikt får i skrift og tale er om glosen er godkjend av dei som brukar – bokmål.

Mykje av det same gjeld ord for naturfenomen. Her kan først nemnast ord som dimd (dimme), dogg, dust (støv, støvgrann), flo (i sjøen, eventuelt lagdeling), fonn, fukt (kondens, evt. liten eling), gidn (dirring i lufta, bivring på avstand), luft, mjøll, råk (renne i is), sikt og sjon (sjun), skur, sky, sno, sol, tå (snøløyse) + vòk (naturleg is-hol). Vi kan raskt slå fast at orda som er framande for bokmålet styrer òg nynorskbrukarane klar av! Dessutan har fleire av orda parallelle hankjønnsformer i nynorsk, usagt om det kjem av press frå bokmålet eller har andre grunnar.

Feministisk tenkande nynorskbrukarar vil sannsynlegvis protestere på – eller iallfall sjå det som ein snurrig tanke – at utestenging av eistavings hokjønnsord frå nynorsk daglegspråk på nokon som helst måte er antifeministisk: Ei som er dansk el. engelsk og ikkje har kjenner noko til kategorien hokjønnsord, er vel ikkje mindre feminist for det? Sjølvsagt ikkje, men norsk språk har no eingong hokjønnsformer. Rart er det då, især på nynorsksida, at feministar bryr seg fint lite om at hokjønnselementa i nynorsken blir dytta inn på mørkeloftet straks dei ikkje passar i bokmålet. Undertrykking av hokjønnsformene i norsk språk har altså ikkje med kvinneundertrykking å gjere, ikkje eingong symbolsk?

Meir enn gamle Noreg nørdst i grendom

Sjå først på eistavings hokjønnsord som heilt konkret fortel om naturlandskapet og det som ovrar seg der: Mange av dei er fullt aksepterte i bokmål òg, der ein del av dei likevel oftare har hankjønnsform. Frå voksterlivet kan her nemnast bjørk, bøk, eik, gran, kvann, lind, nøtt (men ikkje not), osp/asp, pil, rogn, rot, turt og urt, og elles i sjølve landskapet bukt (vik; bøyg), dump (grop), egg (kvass kant), elv, flu, grop, hei, kløft (men jfr. kluft), kvisl (kvissel), li, mark, myr, tjønn (vsa. tjørn, ufs, urd, vik, øy og øyr (vsa. ør). Meir spesielt er det sms. ibot: tilrenn frå eit nedslagsfelt.

Fuglenamna spriker: gås og lo (heilo, åkerlo, rokklo) som hokjønnsord går også i bokmål; ørn kan passere når det kan vere hankjønn i nynorsk òg. Uakseptabelt i bokmål er derimot skjor (skjur), og ærfugl dankar ut kortforma ær (e).

At eistavings hokjønnsord er fullt ut akseptert i bokmål, inneber likevel ikkje at bundne hokjønnsformer  på –a er velkomne! Skulle nokon vere i tvil om tilstanden på dette feltet, er det lærerikt nok å studere vegskilta: Når det gjeld stadnamn på -dalen, – fjorden, -gården, -haugen, -sjøen, -vågen eller i inkjekjønn -eidet, -fjellet, -landet, -vatnet, er praksis temmeleg prinsipplaus og liberal, med skriftfesta ubundne former og talemålsrette bundne former om einannan. Sansen for det konsekvente blir ein heilt annan straks bundne hokjønnsformer kjem inn, dei blir nådelaust amputerte: Kleppelv, Husjord, Kongsmark, Tennstrand, Bergvik, Breivik, Lovik, Sporvik og Rørvik, for ikkje å snakke om Forøy, Gisløy, Hanøy, Holdøy, Lokkøy, Roksøy og Sommarøy. Marka i Hadsel kan ikkje godt skrivast Mark, det er blitt Marken på vegskiltet.

Temmeleg symptomatisk er eit ovkort avisreferat 25. juni 2009 frå ei kommunal innstilling vedr. grendenamnet Klakksjorda i Bø : «Klaksjord skal ikke skrives Klakksjord – eller Klakksjorda, for den saks skyld». Alle namna framfor er frå Vesterålen, men det er neppe betre andre stader.

At nordnorske kommunar fører konsekvent krig mot hokjønnsformene på sine skilt er ikkje til å bortforklare, så noko ufyseleg er det med dei, endå det er vanskeleg å seie kva. Sikkert er iallfall at når det gjeld fastsetting av «rett» skrivemåte, er skriveskikken på 1700- og 1800-talet for mange den ‘den gyldne norm’ eller fasit, lengre har vi ikkje nådd.

Så mykje om vegskilting. Allment akseptert i konservativt bokmål er i alle tilfelle ikkje bjørg (åsrygg), bok (for bøk), bradd (for bredd), braut (heibraut, sandbraut), brun (bryn, kant), bust (langvoren bakkerygg eller høg landtunge), deld (grop), dokk eller dolp (grop, søkk), drog (dyrefar, lite dalføre), dump, fly (fjellvidd), flå (vid senkning eller flate), og flædd i liknande tyding, gro (padde), gròv (bekk, hole), hind (hjortkolle), hogn (fjellrygg), horg (flokk; hammar), hø (rundvore høgt fjell), kleiv (bakke med stig under), klopp (lita bru), krik, kvein (tust), lein (skrå­ning; sidestykke), livd (ly), logn (ro, stille), lægd (senkning; avsats), låg (rotvelte), mòl (banke av rundvoren stein), nev (nase, pynt), nòs (framspring), orr for or(etre), rast (mark, jordstykke), rett (plan strekning, teig), rist (egg, bakkekam), rim (jord­rygg, banke), rind (= ein rinde), run eller ròn (liten straum, renne), rust (skogstrim­mel mm), røyr (plante; kant, ende), rås (farlei, stròk), sik (sike), skjel (bm. skjell), skòr (lang senkning mm), skrauv (skum), slegd (lægd), svod (svaberg), to (hylle, avsats), toll (tall, furu), trang = trong (bergpass) eller tåg (fiber).

Lat det no vere sagt, etter ei så endelaus opprekning, at fleirtalet av nordmenn har bruk for språket til meir enn berre å skildre norsk natur. Så står det vel mykje betre til med «kvinneandelen» på andre område?

Kulturlandskapet og landsens bruk 

Talet på einstavings hokjønnsord som fortel om kulturlandskapet er i alle tilfelle færre. Mest samnorsk er bru, bygd (jfr ubygd om folkelaust område), grav, grend, røys (jfr delerøys), sjakt, trakt (strøk, strok) og tuft, også nokre av dei med felles­kjønn i bokmål. Men lat det òg vere sagt at bru er hardt pressa av «bro» i bokmål.

Meir særnorsk er audn (øyde tilstand), braut (veg, jfr. ubraut: villniss), dys (grav­haug mm), kòs (dunge), fòr, låm og meidd (alle om spor mm.), rei (følgje som rir), slo (slepeveg), sto (tilhald, evt. standplass eller ”bestand”), tro (renne) og vist (til­hald; spor etter noko). I bokmål er alt dette framandord.

Derimot er ein slump einstavings hokjønnsord frå sjømanns- og fiskarspråket fullt ut aksepterte også i bokmål, om enn med ørsmå avvik. Vi kan her remse opp dorg, fli (skive, plate, flik), flå (barkskive; fløyt), gein, jakt, jekt, kran, kveil (av tau), og køy, lykt, mast, not, rip, rå (lang stong), snor, sokn, spik, stø, sveiv, tran og år (å ro med) – men det kan vere vanskeleg å få med seg alle ord som finst på dette feltet.

På den andre sida er ei lang rekke andre ord oppfatta som altfor ravnorske eller dialektiske for eit gjennomgåande konservativt bokmål, så som honk, logg (løgg, innskjering), rong (i båt), spong, stong, tokn (gjelle); gløym heller ikkje det nyttige men akk så parkerte ordet gogn (innretning, reiskap, apparat). Uvelkomne i bokmål er også felt (av garn eller line), fengd, vegn og veidn. Det same gjeld for røkt (pass, tilsyn), ro (saumplate), fiskenamnet røyr (i staden for røye), spòr (hol; endefeste), su (fuge; båredrag). Diftongerte ord av typen lei (farlei, retning), rei (ankerplass, rad mm) for ikkje å snakke om det meir dialektiske reiv (fiskeline) blir plasserte i skammekroken, same kva offisielle ordlister seier, og neip om ei kløfta stong nytta til snare eller som fiskereiskap er knapt nok kjent blant nynorskbrukarane heller.

Det er grunn til å poengtere at det er i fagspråket til primærnæringane vi finn den mest ubrotne norrøne språktradisjonen, det vil seie fangst, fiske og landbruk i vid meining. Dette gjorde i si tid at framveksten av landsmålet, som nynorsken lenge heitte, vart oppfatta som naturleg og legitim, men vart også fundamentet for tilslørte politiske fordommar mot nynorsk, først «grautmål» og seinare «spynorsk». 

Orda knytte til garden og arbeidet der, til avling, husdyr og beite er naturlegvis ei talrik gruppe som vi kan dele i to nokså jamstore delar. Den eine er norsk sameige, så som agn (på korn), eng, ert, grind, hegn (gjerde), harv (men ikkje horv), geit, greip, grøft, hevd (gjødsel mm), hjord (jfr hyrding), jord, klauv (likevel også klov), kløv (på hest), ku, kvern, mark (inn-, ut-), merr, mold, møkk, onn, rein (åkerkant), sag, ski, skåk, taus (tenestejente), trø (inngjerding), vogn og øks. – Nokre av desse orda er blitt viktigare i overført og tidlaus tyding, som hegn, hevd og hjord, medan andre no berre har historisk interesse, som taus og trø. Elles er det vel verd å merke seg at diftongerte former som geit, greip og rein likså vel som taus og til dels også klauv har tiltvinga seg aksept i bokmålet med. 

Derimot kan vi slett ikkje seie at ord som deild (avdeling; grensemerke) er allment aksepterte, ei heller geil (veg med steingjerde på sidene), reik (stripe), reit eller veit (grøft), likså lite som samansettinga beinlei = beinveg. Nærmast bannlyst i bokmål  er også ord som bong (bom, slå), dròg (sledetype), dronk (strange), flòt (flat mark), greft (grav, hole mm), hes (hesje), hork (ringband, lykkje), hå (ettervekst), kjømd (spireevne), kvi (bm. kve), kå (snudd høylag), lo (avling mm), stemn (= demning), su (sugge, purke), tong (bm. tang), tidn (dyresæd; befruktning), tik (tispe), likeins våg (løftestong) og ørt (drøv), jfr verbet jorte i bokmål.

Perspektiv ut over primærnæringane

Enkelte vil kanskje seie at det berre er historikarar og arkeologar som har bruk for orda i den sist omtalte gruppen? Det er på ein måte rett, men då ser vi heilt bort frå at det i lange tider knapt har vore vilje eller evne til å føre ord med generell tyding over til nye bruksområde, det vere seg deild, flòt, kjømd, lo, reik, reit eller andre. – Dersom språkplanlegginga hadde vore målretta, er det god grunn til å tru at ord og omgrep frå tradisjonelt gardsbruk, sjømannsskap eller fiske også ville duge på nye område i det industrielle og postindustrielle samfunnet. I alle tilfelle, her nærmar vi oss ord som går på hushald og husstell, mat, klede og innbu: Ord som flis og kveik, glo og sot har den dag i dag med fyring å gjere, og vi produserer eller kjøper saft, frukt og anna som kan ha god duft,. Mange framstiller også julefisk ved hjelp av lut medan heimeslakting og dermed stell av ru (vinterull) eller talg er mindre aktuelt. I bruk den dag i dag er rasp og rist og sikt (såld), skål og sleiv så vel som saks og (kniv i) slir, vi set vår underskrift med penn, søv i seng og vil helst ikkje ha mus i huset. Uvelkomne er også folk som tygg skrå, men kven veit kva som er mote i morgon, jfr. snusbruken blant unge kring 2010.   I moderne nynorske tekstar skal vi derimot leite lenge etter ord som skurn (hardt skal) eller snei (om brødskive eller andre slag snitt). Trekt (til væske) er fortrengt av bokmålsordet trakt, og nynorskfolk kviar seg nok for å seie steik med høg røyst i staden for stek (med mindre engelsken kjem diftongen til unnsetning). 

Då er det mindre å undrast at eit knippe med ord knytte til kledrakten og klesstellet i det førindustrielle samfunnet blir rekna for antikverte, som bot (lapp å bøte med), brok, dòs (skjørt, stakk), erm(e), gjord (belte), reim, ryft (vevbreidd), skrå (skinn­lapp eller eventuelt skinnsko), sno (smal rand av særskild farge), strind (strimmel, stripe), og truleg endå fleire – men nål har berga seg. Ei anna sak er at særtydingar som bot (ved lovbrot) og i det minste her nord også brok (til fortøying av båt) står ved lag.

Det moderne storsamfunnet 

Eit interessant, men språkleg sett forsømt felt er transport i vid meining. Nokre av oss er gamle nok til å hugse ståheien kring lovteksta om «skjenelause køyregreier». Vogn er eit samnorsk ord, og meis (som i rygg- eller bakmeis) bergar seg kanskje sportsleg, mens korg kjem i skuggen av bokmålsordet kurv. Antikvariske kallar vi der imot ord som hit (pose) og kjørv (liten pose), på line med inkjekjønnsordet ilåt (bokmål: beholder). 

Å ta vare på eigne eller andres interesser var alltid viktig. Slik sett er det påfallande kor få hokjønnsord som fortel om penge- og verdirøkt. Vi skulle tru at termar frå økonomistyringa i det gamle bygdesamfunnet fanst i hevd den dag i dag, men med nye handelsvarer og tekniske innretningar følgte heilt nye ord, eller også tevlande bokmålsformer. Ordet skuld (om gjeld, evt. om verdsetjing) blir oftast valt bort til fordel for skyld. Tre andre frå same sfære hevdar seg like dårleg: borg (om kreditt; evt. kausjon), jamfør eign (eigedom) så som i hopeign og vareign (varetekt) eller også ueign (utgiftspost, brysam eign). Like interessant er vend (utsikt til, von om, prognose): Seiemåten «eg måtte ha visst kor det var vend» er i nyare tid omforma til «vetta kor det va vent». Aller lågast prestisje har ord som forn (gåve, foræring) og stjorn (hushald, økonomistyring), endå styrar i tyding ”husholder(ske)” har vore eit kjent landsens ord. Merk òg vanstjorn og ustjorn (det siste berre i inkjekjønn?) om dårleg hushald eller styring.

Hus og byggverk av ymse slag var naudsynte for menneska heilt frå den tid vi vart bufaste. Ein god slump einstavings hokjønnsord fortel om dette, som ark (utbygg), borg (slott), bu, fløy (sidebygning; men også: vimpel), lån (lang bygning), sval og tomt. Desse orda tør vi rekne for samnorske, endå både nynorskskrivande og andre med naturleg norsk tale motstandslaust godtek ”boden” i staden for bua om eit rom i utkant av sjølve våningshuset! Det alderdommelege innevist ”herberge, husvere” blir då eit ord som ingen vågar å ta på tunga, så enkelt og greitt det enn er.

No er eit slags norsk språksamhald merkande i mindre einingar eller detaljar: fjøl, krypt, lekt (å lektre med), list (kant, strimmel), nov, raft (overgang langvegg-tak), slå (dørslå), svill (eineform også i nynorsk, endå norrønt syll er høgst levande i talemålet mange stader) – mens trapp har fått overtaket på tropp også i nynorsk.

Men så melder skismaet seg: I snekkarspråket vil vi knapt nok, og iallfall ikkje på byggeteikningar, støyte på ord som borg (svillmur), brik (skranke mm), gått (karm, fals), hurd (dørskive), rim (spile, fjøl), røyr (omsrøyr), slind (tverrbjelke; flask), stett (lita trapp, pall, avsats), sval (gang, påbygg) eller ufs (takskjegg). Dei er alle korte og greie ord som vi skulle tru stod sterkt i tevling med samansette nemningar som bokmålet her må ty til.

Skal vi så laste bokmålet og dei som brukar det, for ordtap på dette og mange andre område, eller er det tvert imot målfolket som har «gitt ved dørene» der dei burde ha stått på krava? Er det rett at språkleg framtid og utviklingpotensiale i nynorsk står og fell med tilnærming i retning bokmål? Tankekorset blir endå større av di mange på bokmålssida ikkje ser nokon fare i at vi blir meir anglifiserte dag for dag. Vi bør kan hende sjå med forståing på skoleelevar som ikkje ser vitsen med å lære seg ein nynorsk som gjer krav på å vere eit eige språk, men som dag for dag, i stort som i smått, temmeleg prinsipplaust jenkar seg etter ‘sambuaren’ bokmål i det meste.

På dørstokken til det abstrakte

Nokre av dei einstavings norske hokjønnsorda fortel om kvalitetar, dimensjonar og mål og rørsler, tempo mm. At nokre av dei òg har fått rom i vanleg bokmål, ser dei fleste utan hjelp. Innleiingsvis er å nemne art (slag) så vel som det meir arkaiske kynd med tilsvarande tyding, vidare fine språklege byggeklossar som tekt (inntekt, sjølvtekt m.fl.) og gift (avgift, tilgift, utgift o.a.), for ikkje å gløyme småord som så (grann, eigtl. kornskal-fliser) og leivd (det som er att, etterlatenskap). Viktige er òg dei tilsidesette orda som fortel om dimensjon o.l., som breidd, djupn («dyphet»), djupt = dypt (bm. dybde el. stort dyp), drygd (drøyhet; omfang), grøvd (grovhet, kaliber), høgd (bm. høyde, høyhet, også: høg stilling; etasje), lengd, lægd (bm. lavhet; også: grop), sidd (bm. sidhet), størd (storleik),  tjukn (bm. tykkelse, omfang, tverrmål, evt. tetthet) eller tjukt, og så vidd (vidde, breidd), tyngd og vekt og kanskje fleire. Vi kan òg ta med ord som fyll (fyllmasse; utfylling oa), horg (hop; virvar), megd (hop, masse), mengd, nøgd (tilstrekkelighet, evt. overflod), rømd (rommelighet, evt. stort rom), sprengd (utspent tilstand), timd (sikt; skimt), traut (skort; tronge tider; uthaling av tid), trengd (bm. tranghet; naud, trengsel).

Ein dimensjon for seg er tida og inndelinga av denne, der vi blant eistavingsorda iallfall finn jol lik jul, natt (nott), stund, helg og sykn (den delen av veka som ikkje er helg), og endeleg øykt eller økt (3-4 timar): formiddags-, ettermiddagsøykta. Vi kan òg legge til det samansette kveldri ”arbeid som kjem brått på og blir avslutta på kort tid om kvelden” (Ross, frå Telemark). 

Eit anna slag inndelingsord er ætt (norrønt også átt), eigentleg åttandepart, åttedel: Når vi gjer greie for ætta (med eit nyare ord slekta), går vi vanlegvis ikkje lenger attover enn til våre åtte oldeforeldre. Når vi gjer greie for retningane, nøyer vi oss tilsvarande med aust, vest, sør og nord pluss dei mellomliggande fire kombinerte nemningane, altså ei inndeling i åtte der òg. – Interessant i den samanhengen er atRoss frå Vestfold mm. har mark i tydinga ”himmelegn” i samansettingar som ”det klarnär i vestmarka, nolmarka”. 

Veldefinerte ord for inndeling var eller er også helvt (halvdel), mark (250 gram), mil, sneis (20 stk, eigtl. pinne, stake o,l.), tylft (12 stk). Meir ulne for oss i dag er orda gaupn, alen og spann (der hand og underarm var opphavleg måleeining), og endå friare ord er bukt (dobling, også: overtak), jfr. seiemåten «ha bukta og begge endane», og rast (rekke, rad, strekning), vend (omgang, gong; skråline; rettside) så vel som takt (jfr. utakt).

Andre ord for inndeling og orden, i overgangen mellom det abstrakte og konkrete, er lov (log), i dag av mange artar og inndelt i bolkar og paragrafar. Like eins sokn (bm. sogn), som eigentleg tyder søking (i vid meining) eller (stor) søknad i tyding tilstrøyming av folk, nærmast som «kundekrets» i bokmål, men primært folk som budde slik til at dei naturleg søker den eller den kyrkja. – At sokn også er ei gogn til å søke på botnen med, er alt nemnt. Det luftmilitære ordet sveit (fly-) hevda seg godt i krigstida, meir uvisst er kor stort rom ordet har i dag.

Hokjønnsform er pyton –  elles kan orda brukast 

Unemnt så langt er den kjensgjerning at mange av dei omtalte eistavings hokjønns­orda har tillatne eller fullt jamstilte sideformer på hankjønn eller inkjekjønn. Dette  for ikkje å komplisere oversynet, men forenklinga tilslører då samstundes eit viktig poeng, nemleg at det nettopp er sjølve hokjønnforma med bunden form på -a som er støytesteinen: Ordet får innpass også i bokmål dersom nynorsken jenkar seg og let hokjønnsforma fare. Her kan i fleng nemnast ord som

bragd (prestasjon), form, fynd, hast, hevd (rett; god stand), rast (kvild), ri (flage, anfall; bel, stund), rust (på korn og metall), sjel, straff, strid, svikt, syn, synd, takk (+ vantakk og utakk), teft (fert, ”nase”, nysn), tort (mein, ugagn), vakt og ånd (jfr. «ei uånd i tida» i litterær nynorsk).

At bokmål krev felleskjønn, er òg typisk for ord som ferd, flukt og reis (bm. reise). Å vere i ferda står i motsetnad til det å vere i kjømda, men siste ordet har tronge kår i bokmål, liksom fikt (hast), løypt (glid, fart), skrei (flokk, stim, eigentleg: det som skrid) og snedd (fart). Her byr nynorsk dessutan på enkelte svært interessante motsetnader, t.d. at ei tankelaus framferd lett endar i vilkårslaus attferd (retrett).

Den aller mest undertrykte kategorien

Like utstengde frå bokmålet er ei lang rekke andre eistavings hokjønnsord, og det alvorlege for nynorsken er at det i denne bolken især går ut over ord med abstrakt tyding, som bisn (merkverdighet), bjergd (hjelp for ei stund, naudhjelp), bragd (ut­sjånad; mønster), drust (prakt), bøn, bør (byrde), duld (skjul; stille), dygd (nærings­verdi; crèmen, det beste), feigd (det at nokon er dauden nær), frægd (navnkunnig­het), fysn (lyst, lengt), glopp (slumpetreff), gjerd (måte; gjerning; form; utvikling; beskaffenhet) – som også er byggesteinen i motgjerd (”motforholdsregler”), ugjerd (uskikk, dårlig gjerning eller arbeid), åtgjerd og ågjerd (merkeleg åtferd).

Andre abstrakt, som òg for det aller meste har det trongt i bokmål, er grein (avart; avgjerd; beskjed, greie, orden) og ugrein (uorden), grimd (vreide, bisterhet), hegd (behendighet; måtehald ol.), homd (humør, stemning, dagsform), id (bestrebelse, iherdighet), idn (bm. arbeid, virksomhet), kjøld, kuld, kyld, kløkt (gløggskap), legd (nedlagd stilling; det kvar for seg legg til), leit (ettersøking), likn (merke; von om o.l.), list (sluskap), lygn, lykt (ende-), løynd (dulsmål, skjul), mynd (eigenskap; autoritet mm), naud, nemnd, nysn (spurning; vink), ogn (otte; age), reik (stripe, linje; skil i håret), rygd (redsel, gru; «mirakels»), røynd (erfaring; realitet), råd (mu­lighet; økonomisk evne; middel, plan) jfr uråd (umulighet; mangel, forsømmelse), segn (beretning; sagn) m.a. i fråsegn, motsegn, samsegn, tilsegn, utsegn.

Det er sjølvsagt alvorleg, for all språkbruk som går på det abstrakte, at nynorsken skrinlegg eigne ord og i staden importerer frå bokmålet. Dobbelt ille i dei mange tilfelle der dei skrinlagde korte orda var eller kunne ha vore nyttige byggeklossar (emne) til nye samansette ord.

Stoda er det same for seigd (seighet), sjun, sjon (synsoppleving), sjå (i etter-, om-, oversjå oa), sløgd (sløgskap), spurn (tidend, etterretning; spørsmål), stuld (steling, tjuveri), svift (glimt, skimt), sømd (sjølvtukt, ære, heider) jfr usømd, togn (taushet, stille), trengd (tranghet, sneverhet; naud), –vild (fri vilje, eige ynske) i godvild (ei teneste gjort av velvilje) og sjølvvild, dertil visn (teikn, merke), utlegd (bm. utlen­dighet, eksil), og ålmekt som variant av allmakt (i tyding ”veldighet, voldsomhet”).

Ord som især vedkjem mennesket og anna levande

Nokre einstavings hokjønnsord fortel om anatomien hos mennesket, sjeldnare dyr, og her er om lag halvparten brukande også i bokmål, så som bot (hombot, kalvbot, knesbot), brå (augnehår), dov (lend, hoft), dun, fu (bakende, ræv mm), hand, herd (skulderblad; skulder), hoft (hofte), hud (også: stort skinn), il (fotsole, ilk), klo, krik (augne-), lend (hofter; kryss), mjødm (hoft; hofteledd), rauv (hol, opning), rist (vrist), ræv, reis eller røyr (lyske), tå, ull og vom. Dei aller fleste er eintydig anato­miske. Nokre kan også ha overført tyding, men den tendensen ser vi lettast om vi slår saman anatomiske termar av alle kjønn: foten på eit fjell, huda på ein båt, auga i ei nål osv.  

Nær knytte til menneskekroppen er også ord som seier noko om liv og helse eller eventuelle helseplager, fysiologisk eller psykologisk tilstand, sansar og subjektive kjensler. Berre eit godt dusin av desse har fått rom i bokmål:

and (pust), blygd (blyghet), drift, eign (barn-), frygd (livslyst o.l.), frykt, gikt (ikt), hugn (fornøyelse, glede), kraft, kveis (fyllesjuke, tømmermenn), kvild, lit (og tillit: tiltru mm), livd (skånsel), lukt (luktesans), lus, lyst (hug), makt, rift (i huda), ro (kvild, fred) jfr. uro – òg om uroleg person, uroræv – og røyst (stemme), skam, skjemd (beskjemmelse; skammeleg åtferd), skuld (og uskuld) men jfr. skyld (slekt­skap), skygn (røkt; utkik; ettersyn), sorg, sott, sut (bekymring), syn (andlet, åsyn, fjes), merk òg havsyn, heimsyn, vidare tokt (ri), torv (trong, turft), trivd (trivnad), tru, trygd (sikkerhet), trøyst, trå (begjær; lengt), turft (behov), tægd (tilfredshet el. behag; gagn), umegd (veikskap, vanmakt mm.), von (håp), vægd (ettergivenhet), yngd (oppvekst) og våg (puss, materie).

Her kunne vi føye til ein del ord som især går på observasjon av den menneskelege veremåten og som er heilt utestengde frå bokmål, med eller utan bunden form på -a, t.d. fysn, grimd, hegd, homd, id, lygn, løynd, mynd, ogn, sløgd, stuld og sømd. For seg står gjengd (rovdyr-streif), jfr. islandsk gengd om innsig av fisk eller noko anna som er i auking eller vokster.  

Bokmålsfrieriet

Ordninga eller grupperinga av dei einstavings hokjønnsorda som er omtalte går på sakområde og assosiasjonar og gjer ikkje krav på å vere djuptpløyande nok for alle formål, men her er det berre å vise til Norsk Ordbok, der bind 9 nyss kom ut og der dei resterande tre binda blir ferdige til 2014. – Andre vil seie at mange av orda som framfor er nemnt aldri vart vanlege i nynorsk. Kva kom no det av?  

I alle fall, vona er at dette oversynet får synt gode ord som ligg i ubruk, ikkje minst samansette: I Hans Ross’ ordbok kan vi td. finne ord som låsnål for sikkerhetsnål, oppråd (knipe), rettsyn for objektivitet, rundferd for turne, sjølvtrygd (sjølvtillit, kanskje òg ”selvtilfredshet”), synsnemnd for ”Besigtigelses-Kommisjon”, ærebot lik ”oppreisning” mm. Er det noko som helst å utsette på desse glosane?

Her tenker truleg mange med seg at vi veit betre enn «klassikarane» for hundre år sidan eller meir kva for nynorskord som hadde suksess og kva som vart ein fiasko. Men var no dette resultatet av ei såkalt naturleg språkutvikling eller av sneversynt avvising? Her skilst vegane, for det er mange nok som slett ikkje vil vite av nyord med mindre dei er engelske, og som trur at dei sjølve har eit språk med naturlege ord som ingen har konstruert!

Folk på Vestlandet, i Trøndelag og Nord-Noreg har aldri mist interessa for Island, Færøyane og andre kystsamfunn i vest, det heng i hop med geografien og likskap i levekår og kultur. I vår tid er kystkultur blitt eit honnørord, men det kjem ikkje til uttrykk i langvarig samhandling desse samfunna imellom, for det fjerne Austlandet eig folketyngda og fleirtalet av institusjonane og finanskjeldene som styrer kultur­initiativa. Nordmenn flest veit ma. lite om færøysk og islandsk språkrøkt. Kva skal dei vel med slik kunnskap, vil vel mange spørje.

At bokmålsbrukarar kan vere fordomsfulle i møtet med nynorsk er ein ting. Verre er at fordommar innprenta i æver og år slår igjennom også hos nynorskfolk, slik at dei vel bort gode ord av omsyn til synsing i bokmålet i staden for å øve målrøkt på nynorsken sine eigne premissar. Den beste måten å gjere ord naturlege på, er enkelt nok å bruke dei så ofte at dei blir vanlege. Til kvar tid å skulle innrette seg etter kva som er kjent og naturleg for bokmålsbrukarar er meiningslaust, men i røynda er det nettopp det som skjer, via nynorsk sjølvsensur.

Nynorsken er og blir B-språket, det norske andrespråket, blåpapirspråket: Målbruk blant nynorskfolk i media bikkar stadig over til ord og vendingar frå bokmålet sitt arsenal, som ”vannmassar”. På forsommaren 2009 kom der òg ei tekstmelding om at vassføringa i elvane på Austlandet kunne auke kraftig på kort tid, så det var stor fare ikkje for flaum eller flom eller ofse, men for «flash flood»! Dagleg høyrer vi òg at ditt og datt ”finn stad” der meininga enkelt nok er at noko skjer, hender, går føre seg. Den fornying av bokmål som samnorsktenkande drøymde om, er snudd så totalt på hovudet at vi minnest grisen i eventyret som ville av og få dom for likare levemåte, men let seg distrahere på vegen så slagordet «kveite og erter og sova på silkeseng» vart til «skuler og rask og liggja i boss».   

For mange er det berre samtida som tel. For dei lyder det innlysande praktisk med eitt ”norsk” skriftspråk, som sjølvsagt er dagens (klart konservative) bokmål. At vi har to norske skriftspråk, er det uråd å forstå til fulle med mindre vi kjenner språkstoda i den dansknorske æraen, så vel som Ivar Aasens måte å tenke og arbeide på, men også det sterke norske ønsket om å halde svensk ute i unionsåra 1814 – 1905.  

Elles kan no alle gå seg i tankefella: Nynorskskrivande argumenterer og resonnerer tradisjonelt med bokmålet som referanse og premissleverandør, endå dette er tufta på ein sterk dansk-tysk tradisjon, medan andre mål i all hovudsak er haldne utanfor diskusjonen. At denne vanetenkinga ikkje gagnar nynorskbrukarane på nokon som helst måte, men gjer oss håplaust avhengige av bokmålet, burde vere innlysande.

Svenskane var ikkje mykje interesserte i norsk språk, og målrørsla har aldri av eige tildriv våga eller brydd seg om å gløtte i svensk lei heller, endå så innlysande det er at Kjølen er eit lågt dialektisk gjerde både i sør og nord. Symptomatisk her er skorten på gode norsksvenske og svensknorske ordbøker. Språkleg distansering og mistru i unionstida har seinare blitt ein del av vår norske vane-tenking, og skulle nokon seie at mykje i nynorsk og svensk er likt, blir det helst ille likt, og det er kanskje berre å vente: Ei mengd av dei eistavings hokjønnsorda vi har vore inne på, er ein naturleg del av svensk språk, medan nynorsken i denne sak heller ser seg tent med å tilpasse seg eller gå arm i arm med bokmålet, endå  den konservative tenkemåten frå gamle dagar stadig forsterkar seg der:  Feminine former er ei privatsak, plag oss ikkje med dei skrift og tale.

Trykt i Håløygminne 2011, der kalla «Nynorskens jentetap»