Vismannheia og Vøsmankletten

Ein høg hump mellom Storskard- og Tverrlivorda i skilet mellom Folldal og Alvdal i Hedmark er kalla Vissmann-kletten. Folldølane seier Vess­mannkletten, medan folk i Alvdal seier Vøssmannkletten. Under ligg Vissmannlia vendt mot Vissmannttjønna i søraust, og frå sistnemnde renn Vissmannbekken til Haustsjøen. Vissmann- står det på karta.

Vissmannkletten er så snau som han kan få blitt. Derimot finst det noko skog i Vissmannlia. Vissmannkletten sjølv er eigentleg berre minstemann i ei flokk med noko høgare ‘voler’, i eitt og same fjellområde og alle like snaue.

Alvdal har nøkkelen

Alvdal-uttalen er den som gir nøkkel til kva Vessmann- eller rettare sagt Vøssmann– tyder, ettersom ls vuos’ma i Jokkmokk vil seie «ett land som är til hälften skoglöst» (OSLO 252). No blir lydrett form ved innlån til norrønt gjerne Usma, verkar det som, men ein overgang uo > ø i Alvdal etter norrøn tid kan vere forklaringa på at det ikkje skjedde her.

Den samiske diftongen uo blir gjerne til au i norsk, og vi kan sjå for oss slike lydlege overgangar, tilsett eit grann psykologi: vuosman > vausman > vøsman > vesman (ei avrunding ø > e er ordinær). Det siste har gitt skriveform Vissmann– på karta, men assosiasjonen «ein viss mann» er folkeleg lite tiltalande, Vismann– med lang i har så klart betre klang, same kva ein måtte legge i den varianten.

Eigentleg er vøssma-n- genitiv av vuossma og har såleis korkje med mann eller ‘man’ = mòn, mån som fjellterm å gjere.

Vismannheia i Gildeskål, som er også er halvt skoglaus og ligg ovanfor Forrhaugen (furuhaugen). «Norge i bilder».

Vøsmankletten i skilet Alvdal – Folldal kan forståast som namn på ein klett som berre er ein del av eit langt større snaufjellområde, ei vuosma.

Litteratur: Kjell Venås, Norske Innsjønamn III: 546.

Staven, Stavan

Ordet stav, gno. stafr, får oss til å tenke å fjellstav, spaserstav, turstav o.l. Den eldre garde vil nok òg hugse på stav om dei einskilde bord i ei tynne, eit kvartel o.l.

Med skrivekunsten – i første omgang runene – fekk vi også inn ordet bokstav. I fleirtalsform stafar eller stafir stod det også for lærdom eller kunnskap. – Det glno. ordet for bokstavrekka (alfabetet) var stafróf.

Stavan nordom grenda Stave på Ytter-Anda (nordre Andøya). Den aller spissaste er Pikstaven. Fjellet til høgre er Måtinden.

Meir usikre blir vi helst når vi treffer på Stav eller Staven som namn på gardar, sjøar, fjell mm., sjølv om vi aner at slike namn har med lange og beine formasjonar i landskapet å gjere. Det gjeld såleis for fjellpikane Stavan langt nord på Andøya. Her merker Pikstaven seg ut, og det kan då hjelpe å vite at gno. stafr også stod for stolpe, pilar.

Staven alias Godvik-Staven er ein både rakrygga og trassig framtoning i Malnesfjorden i Bø. Eit særmerke er òg den gjennomgåande kløfta frå toppen av. Men fjellet har ein meir breiskuldra namnebror ikkje så langt unna.

Her er Staven alias Andslettstaven som har gitt namn til Stavsundet ytst i Møklandsfjorden i Bø. Denne delen av Bø høyrde tidlegare Øksnes til og dermed Barkestad fjerding.

Også denne Staven er kløfta, og det gjeld òg for andre fjellformasjonar, langs kysten især. Er her på noko vis samanheng med ordet stavkyrkje og tømmermannsyrket i framfarne tider?

Hest og hæst

Ungar veit saktens at ein trehest ikkje er ein verkeleg hest, og folk som lever av sjøen veit nok framleis kva ein brimhest er? Både ein brotthest (klossmajor), ein jåsshest (vasdall) og ein skrepphest (skrytepave) går vanlegvis på to, men ein lesehest sit snarare på sin bak. Pussig er også glosen ‘hæstløkka’, som ikkje har med tauverk å gjere, ei heller flaks i hestekjøp eller hesteavl, men som berre vil seie gigaflaks, at du har vore heldigare enn du fortente, at lykka var betre enn åtferda! Så om du ikkje har hestar i stallen, kan du ha fleire i vokabularet, og kjepphestar er det mange av.

Den nedsettande ordbruken er i grunnen merkeleg. Rett nok har jo folk både før i tida og i notid fått eit tilnamn ‘hest’ pga yrket, kroppsstyrken, måten å le på el.a, men hesten har no til alle tider vore eit nyttig og høgt verdsett dyr. Kan den negative ordbruken i avsnittet framfor ha ei anna rasjonell forklaring? Det spørsmålet skal få bie litt. Vi skal først sjå om bruken av ordet ‘hest’ i stadnamn-samanheng setter oss på sporet av noko som utvidar perspektivet.

Fjellet Hest i Høyanger i Høyanger er utan tvil det høgaste på dei kantar – . Norgeskart.

Vi startar med namnet Hesthammaren (i ub form Hesthamar). Det er vanleg på Vestlandet og framfor alt i Rogaland, men med Nordland på andreplass (Alstahaug, Gildeskål, Saltdal, Skjerstad og Hamarøy), og elles i landet nærmast fråverande – kan det sjå ut som. At ville eller halvville hestar vil kunne samle seg og halde utkik frå høge punkt i terrenget er rimeleg, men tamme hestar er ikkje skye på den måten, dei fokuserer på å beite, noko stadnamn som Hest- og Hestehagen er gode vitnemål om, så vel som Rosshagen (Russ-, Røss-), jf norr. hross ‘hest’ (av alle slag), merk dertil norr. hrossahǫfn, eit anna ord for hestehage. Desse namna er eintydige og ikkje etterlet tvil. Langt meir tvilsamt er korleis ordet hesthammar er å forstå, og det gjeld i endå høgare grad Hestfjellet, eit namn som i flg. Norgeskart dukkar opp i ca 35 tilfelle, frå Helgeland og sørover; Hestefjellet i ca 20 andre tilfelle.

Kort sagt finst det ikkje prov for at hest(e)hamrane og -fjella (i nord og framfor alt i sør) har fått sitt namn pga utmarkbeite for hestar, eller pga andre aktivitetar som går på bruk av hest, ja kanskje ikkje eingong pga forma. Det gjer at ein må leite etter ei litt anna forklaring, ei som går på ordbruken tidlegare i språkhistoria:

Norrønt ord for «høg» er hár (hankj.) há (hokj.), hátt (inkjekj.), og i komparativ hærri ‘høgare’, superlativ hæstr ‘høgast’. Døme: enir (= hinir) hæstu hamrar: dei høgaste hamrane. Like eins: er vex á hæsta fjalli: (det) som veks på det høgaste fjellet. Dessutan uttrykk som allra manna hæstr: den høgaste av alle menn, men derimot, i overført tyding, enir (hinir) hæstir höfdingjar: dei høgste høvdingane.– Særleg artig er setninga völdu sér tjalðstaði þá, er þeim þóttu beztir ok hæst lágu: (dei) valde seg dei teltplassar som dei tykte var best og låg høgast ( Fritzner). I dag heiter det campingplass, så klart!

Alt dette viser oss tydeleg at Hest- som forledd i svært mange stadnamn må eller i det minste kan ha tydinga ‘høgast’. Slikt kviler på skjønn utan å vere sikkert når det edkjem hamrar, høgder og fjell, men for ei under-gruppe var avgjerda lett, nemleg for Hesttjønna (normert Hesttjørna) eller -tjønni (også notert -tjønne). Frå Nordland kan nemnast Hesttjønna i Blokken i Sortland, ei anna (berre ein pytt) på austsida av og høgt over Børvatnet i Bodø, dertil finst det ei tridje nær Snefjellskardet i Rana, og ei fjerde sørom Åbjørholman i Bindal. På landsbasis er det slik at nokre av hesttjønnene berre ligg høgast i sitt avgrensa bekke- eller elvefar, så ein kan bli tvilande, men i andre høve er den geografiske plasseringa slik at der finst ingen grunn til tvil, slik tilfellet er med Hesttjønni i Lom i skilet mot Vågå, Hesttjønnan i Tynset i skilet mot Midtre Gauldal, og sist men ikkje minst Hesttjønnan i Meråker, på riksgrensa mot Sverige! Vasskilet er sjølvsagt den avgjerande faktoren i slike tilfelle.

At det verkar greitt nok å finne ut korleis desse namna er å forstå, kjem naturlegvis av at folk frå eldgammal tider var vane med å finne ut kor vatnet tok til å renne den andre vegen. – Parallelt med hest-tjønnene kan nemnast Hestvatnet, eit namn som det i alle fall nordpå er færre av, og der namneopphavet kan vere meir uvisst: Iblant er det vel som for hest-tjønnene, andre gonger pga at ei nærliggande høgd ganske enkelt heiter Hesten el.l.

Samisk har òg avleggarar når det gjeld Hesttjønner og -vatn, slike som Heastajávri i Kautokeino og frå fjellovergangen Poranger – Hammerfest pluss Muvračohkka innom Kistrand, vidare frå Myrfjorden i Måsøy og dertil frå Målselv. Sant nok tyder jávri både tjønn og vatn, alt etter som, men her er det tjønner jamt over. Alle dei stadene ligg dei øvst i sitt eige vassfar (unnatak for Heastajávri alias Hestvannet i Gratangen). Tjønna innom Kistrand er også kalla ‘Hesteskovannet’, men det stemmer slett ikkje med forma.

Som alt sagt er norrønt hár – hærri – hæstr eit gradbøygd adjektiv, men det var samtidig tydeleg at superlativen også var brukt substantivisk (nominalt), i uttrykk som hæst vetrar høg(st)vinters, midtvinters og like eins hæst sumars midsumars, høgsommars. Slik ordbruk kan godt vere nøkkelen til oppklaring av dei svært så negative uttrykka vi starta med, som t.d. skrepphest: Det finst ordbokført ein gno. glose skreppuhestr, berre forklart som ”Øgenavn”, ikkje meir. Islandsk kjenner ikkje ordet, synest det som, medan færøysk har verbet skreppa ‘skryte’ (av seg sjølv, ‘prale’) og det tilhøyrande skrepp n ‘skryt’. Men i norsk kan ‘skrytepave’ faktisk heite både ein skrepp og ei skreppe (NO b 10), og då treng vi neppe tvile på kva som ligg det gno. skreppuhestr heller.

Truleg er òg at det fanst norrøne uttrykk som t.d. *hann er skrepp hæstr ‘i skryt er han på topp! Ordstillinga med etterhengd adjektiv blir då som t.d. i ‘fjall hátt’, ‘Ormrinn langi’ o.l. Tilsvarande for dei andre negative uttrykka vi først var inne på.

Ingen vil tvile på at det dominerande fjellet Hest i Høyanger må ha fått sitt namn av at det er høgast innafor sitt nærområde. Der vi har namnet i bunden form Hesten kan vi tolke det likeins, men samanlikningar med hesterygg, faks eller hesteskolt blir også tenkelege då. Kva som er det rette i kvart enkelt tilfelle, vil vi sjeldan få vite heilt sikkert. Slik er det td med matrikkelgarden / buplassen pund Hesten i Lødingen (no oftare på Hesten): Tradisjonell preposisjonsbruk kjem av plasseringa under fjellet like ved, no kalla Hesttinden. Uvisst er derimot om det har med forma å gjere, lokalkjente trur det kan passe betre for Sneistinden ikkje langt unna – som dessutan er den høgaste av dei to. Men kva topp som var høgast var ei subjektiv og vanskeleg vurdering i kartlause aldrar. – Som vi forstår, det å operere med kategoriar som hestfjell, hesthammar, hesttind osv gjer temaet oversiktleg, men kvart Hest-namn må vurderast for seg.

 Å vise samanhengen mellom namnet Hesten brukt om ein husmannsplass og den nærmaste høge tinden.

Den gamle husmannsplassen Hesten har namn av den nærmaste tinden, som er 563 m høg. Selvågtinden er 5 m høgare, men avstandsperspektiv (skråperspektiv) gjer at Hesten dominerer. Namnet Vindhamran er rett nok, men har ikkje med tinden å gjere. Norgeskart, Bø kommune.

Samanblandingane av dyrenemnet ‘hest’ og superlativen ‘hæst-‘ kan vere gamle. Det tenker ikkje vi på, som seier ‘høgast’ eller ‘høgst’ og overser at norrønt ikkje kjente ordet ‘høg’, endå dét ordet og kom inn i namne-laginga etter kvart. Ein fin illustrasjon i så måte er at Værøy i Lofoten har fjellnamnet Høgtuva, men det høgaste fjellet heiter likevel Håen. Det ‘nyare’ namnet Høgtuva er elles gjengs nok, og Høgøya endå meir, mykje uvanlegare er Håja (Hammarfest og Hillesøy), eigentleg enkel samandraging av Håøya. Som ein ser, språkhistorisk ”lagdeling” kan vere interessant nok, og for å understreke det heilt til slutt, dei som ut frå talemålet i si samtid skapte namn som Håen og Håøya (Háeyin), dei brukte sjølvsagt også gradbøyinga som høyrde til og hadde aldri høyrt ordet ‘høg’, det skal vi vissnok ha fått av svenskane seinare.

Håløygminne 2025 3+4, nyredigert.

Horgvika

Horberget (før) = Hårberget lengst søraust på Hinnøya er grensefjell å kalle mellom det gamle Trondenes sokn og Hol sokn i Tjeldsund k. i Nordland. Fjellet er ein knapt 400 m høg kolle, jamt avrunda til alle sider. Han ligg fritt til og er skoren laus frå Hinnøy-fjella på nordvest-sida ved den såkalla Hår- el. Horvikhalsen. Så heiter då også fjellet på samisk Hoal’ma-varri «Holmfjellet», dvs. fjellet som ligg for seg sjølv, som ein holme.

Horgvika (Hårvika, Horvika) ligg under Horgberget (Hårberget, Horberget). 

Vestom fjellet ligg matrikkelgarden (grenda) Horvika lik Hårvika, tradisjonelt uttalt med kort å, berre at skrivemåten med å naturlegvis får ein uttale med lang å og derfor er uheldig. Heller ikkje skrivemåten med o har vore udelt populær i ny tid endå han såmenn er århundre-gammal.

Det ingen ser ut til å ha festa seg ved, er at det nyss omtalte fjellet nok gir løysinga på den namnegåta som ligg i førsteleddet Hor-: Alt i Aasens ordbok blir det peika på at horg (som hokjønnsord) på Voss er nemning for «Bjergknold, Bjergtop (mest som Navn paa enkelte store Fjelde)». Norsk Stadnamnleksikon fortel om ein ganske utbreidd bruk av nemninga, især på Vestlandet, i namn som Horga, Horgi, Horg(j)o, mens Horgen (av horg + vin) er gardsnamn åtte stader på Austlandet, tidt med uttalen «hørjen». Best kjent for vegfarande i vår tid er likevel gardsnamnet Horg i Melhus i Trøndelag, som opphavleg må ha vore namn på den markerte Storsteinen.

Storsteinen på Horg i Melhus. Foto Finn Myrvang.

Gno. hǫrgr var hankjønnsord med genitivs s i eintal, fleirtal hǫrgar, frå litteraturen vel best kjent i tydinga «(oppkasta) steinrøys» i samband med gude­dyrking (jf. hov og horg), men nyare namnegransking utført især av svensken Allan Rostvik viser at det òg har vore eit utbreidd terrengord, kjent frå svensk i forma harg, horg, horv. Jf. også finsk harju «haug, klippe». Rostvik o.a. har òg peika på eit anna alderdommeleg terrengord av same rot, nemleg inkjekjønnsordet har (med kort a hos oss) som noko likt horg må ha vore nytta om «nake berg i dagen», utan at det treng å vere tale om så høge berg: Vi har visst ganske mange døme på dette i nordnorske stadnamn. så som Harhågen (Bø i Andøy), Harvollen (i Ballangen og to stader i Bø) og sikkert fleire. Variantar utan framlyds-h finst visst og.

Jamført med har er namnet Horvika litt gåtefullt. Vi har rett nok ikkje heilt alderdommelege skrivemåtar å vise til, men ei avvikande form frå 1500-talet er nett­opp Harawig (NRJ III 199), seinare finn ein Haruigen 1616 (to gonger) og i 1661. Systematiske søk vil venteleg bringe fleire former for dagen. I 1610 heiter det iallfall Horuigen, og etter den tid er visst formene med både o og aa godt representerte.

Det nyss nemnte terrengordet har ville gje fleirtal hǫr, i regelrett genitiv hara. Det er vanskeleg å forstå kva anna enn nettopp Horberget som skulle gje grunnlag for eit slikt namn – det er ei ganske typisk horg, ikkje minst sedd frå Hov på Tjeldøya. Dei før nemnde namna med førsteledd Har– er knytte til mindre lokalitetar. Ei anna sak er at det må vere tale om utgamle namn frå ei tid då ein nær språkleg samanheng mellom har og hǫrgr var ei sjølvsegn, og såleis kunne kanskje uttalevariantar med spor etter begge orda halde seg nokså lenge. Ei fullgod forklaring er det likevel ikkje.

Kor som er: Garden i austerenden av Hor(g)berget heiter Sandtorg, tradisjonelt uttalt utan utlyds-g. Eldste skriveformene er i Sand-torghe (1321), i Sandþorghom, nest Sandtorghom, i Sandtorge. Frå 1567 og utetter får vi skriveformer med –t(h)orff, el.1. Dei viser at sisteleddet er blitt tolka som norsk torg n, men i røynda ville opphavlege namneformer *Sand-hǫrgi og –hǫrgum bli oppfatta på den måten som dei eldste skrive-variantane viser, på ei tid då Sand- framleis hadde halden d (før pal­atalisering og assimilasjon til nn). At *Sand-hǫrg vart Sandtorg har ein paral­lell i at nynorsk hedna «hovudhår, hovudhud, hovud-skinn» brukt i den sms. forma hovud-hedna er blitt til “hau(v)-tenna” på våre kantar.

Det er då likt til at Hor(g)vika, så vel som *Sandhorg, har fått namn av Hor(g)berget, som opphavleg må ha heitt *Sandhǫrgr: «fjellhorga ved sanden». Ser vi området frå td Evenskjer, blir det eit utruleg treffande namn! Med tida kom namnet *Sandhorg = Sandtorg til å stå for garden, ikkje fjellet, og sist­nemnte måtte då nemnast på anna vis: Kortforma *Hǫrgr fanst nok frå første stund, og etter kvart blei det gjengs med eit forklarande tillegg –berget.

Hårbandet alias Horgbandet utom Stavan mellom Andenes og Dverberg s. Kartverket.

Der er klare spor etter hǫrgr i fleire stadnamn: Det ytste punktet på fjell-rekka Stavan på Andøya har eit eineståande namn, Hårbandet, vrient å tolke av di eit hårband ikkje har noka fastlagd utforming? Ytste Hårbandet er ein 61 m høg holme med to vedheng.  Innafor skil eit trongt og grunt sund holmen frå ein lågare klubb (48 m) som så vidt er landfast med Breistaven. 

Eit band brukt som terrengord har tidt å gjere med smale bergryggar eller også tronge skard: For dei to delane av Hårbandet vil hǫrgr i tydinga ‘Bjergknold’ høve god, men då er bandet eigentleg den tronge valen dei imellom, og det verkar som at lokalkjent folk er innforstått med det. Vidare er å nemne er fjell-humpen Hor– eller Hårberget ved Napp i Flakstad, skrive Horberg t.d. i 1667. Her er det liten tvil om at skrive­måte med å har påverka folk til å bruke lang å. Endeleg er det Hor– eller Hårtuva som namn på ein berghump inst på halvøya Hovden i Bø. Ho er litt bråbratt i aust, men gjer elles lite av seg. Eldre fiskarar uttalte førsteleddet med både lang og halvlang å. Parallelt med dei namna må òg nemnast Bor(g)holmen i Stø i Langenes s., ein kjend utrorsstad før. Her òg var vokallengda i uttalen av namnet skiftande, så vel som skrivemåten (o, å).

Nyredigert etter Håløygminne 1986. 
 

Man, Mann

Ordet mann er noko av det mest kvardagslege vi kan tenke oss. Vi er fortrulege med at det inngår i ei rekke samansette ord, som t.d. sjømann, styrmann, båtsmann og jungmann osv. Men no er dagens nordmenn i stor utstrekning blitt “landmenn”, det vere seg i yrke som postmann, rådmann el.a. Det finst og ein del friare bruk av ordet, som når ein gardbru­kar kan bli omtala som gardmann eller ein matglad kar blir kalla matmann, osv. Variasjonsrik­dommen på dette feltet var endå større i norrønt mål, der vi vil finne nærsagt tallause varia­sjonar over temaet -maðr, -manns-.

Så langt er der ikkje grunn til å problematisere ordet mann på noko vis, men i stad­namn er det litt annleis. At husmann, lensmann, styrmann osv er representerte overraskar lite, noko anna er at Daudmanns-namn er over all måte talrike! 

Størst grunn er det til å stusse over “yrkesnemningane” som dukkar opp, så som Furmann- og Murmann-, Bekkmann- og Sekkje­mann-. Stadnamn på Tremann-, Firemann-, Seksmann-, Sjumann- må vel på ein eller annan måte ha med små og store grupper å gjere? Eit hakk rarare lyder Tellemann-, som ein kunne tru hong i hop med slektsnamnet Telemann! Namn på Timann- er temmeleg utbreidde, og her er det helst tale om ei forkorting av Tidemann-, brukt som fornamn, men kva så med Tolvmann-, som også finst? Det er opplagt at mesteparten av dette har fint lite med ‘ekte menn’ å gjere.

Sidan mann er eit ord alle kjenner, kan det ha blitt sett inn i andre og meir dunkle ordføyingar som likna, slik at utskiftinga syntes gje meir meining. I nokre tilfelle er det samiske ledd som er blitt omlaga, men den største feil­kjelda er ordet man = mån (gno. mǫn), eigentleg eit hokjønnord brukt om hestenakken –der fakset er festa. Seinare har ordet i stor utstrekning gått over til hankjønnsform.

Omtolkinga frå man til «mann» slår til for fullt der ordet blir brukt overført om terreng og vegetasjon: ”Bjørk­mann-“ for Bjørk(e)man– er eitt døme, eit anna det nyss nemnte Tellemann– som sannsynlegvis kjem frå gno. Þelli «telle, ungfuru», og dessutan ei rad namn med forledd Farmann(s) -og sisteledd -bekken, – åga, -vika og -øya, som i røynda fortel om ryggar med fòra (furu). Her kjem nok òg varianten Furmann– inn. Ein kan slett ikkje i alle tilfelle rekne med at dagens vegetasjon er i samsvar med det som eingong førte til at namnet oppstod. Murmannen (daglegnamn på eit bruk på Røsnes i Bø) er etter alle merke ei forvansking av *myrmanen, då der er eit smalt ra i den opphavlege myra, jf her Myrmannkjølen i Selbu.

Farmannsvika i Leirfjord.

«Langmann-“ er enkelt nok Langman-. Det gir eit lite aha! i jf med Mannra (Andøy) og Mannlia (Flakstad), Nordmannan (Træna), Nakje(n)mannshågen1 (Lurøy) og Raudmannlia (Rødøy) . 

Fjellnamnet Blåmannen i Flakstad viser same uttaleover­gang som Blåmannen i Bergen, men betre kjent i nord er Dønnmannen og Hest­mannen. Eitt av fleire norrøne ord for hest var hross: Slike haug-namn som Røssmannskulten i Flakstad og Rossmannshaugen  i Vefsn har helst med norrønt *hrossmǫn ‘hest(e)man’  å gjere, mindre sannsynleg er norrønt hrosssamaðr ,,hestekar“.

No er ikkje samanblandinga man-mann komplett, for på karta står det i ein del tilfelle enten Manen eller Månen, og ein haug i Vefsn går for begge delar. Det er korrekt nok at det høgaste partiet av Senjehesten skrivst som Manen – det heiter og ei skarp egg ved Rekvika på Nordkvaløya, men bør i så fall fjellkanten Rossmålen austafor rettare heite Rossmånen? ,,Mannhalsneset“ litt lenger nord på same fjellgard tyder på det.2

Elles har har Rismåls-, Durmåls- og Nattmåls-namn ofte nok fått ein ny uttale ,,Resmanns-“, ,,Durmanns-“, ,,Nattmanns-“. Ordet ,,mann“ kan øve så sterk assosiativ tiltrekning at ordet mål òg går med i dragsuget, i enkelte tilfelle kanskje også mòl ,,steinsamling“ (gno. mǫl)?

Fjæramannen heiter ein åkerkant mot fjæra på gnr. 187 Sjonbotn i Rana, det minner om Hagamannen som namn på eit innmarkstykke på Myrbekken gnr. 232 i Vefsn, og likeins blir to ekrer (attlagte åkrar) på Hongset i Vega kalla Mannan. 

I ein arkeologisk rapport frå Harstad i 1874 står at det ,,paa Seljestad ved Stranden af Gansaas­botn, paa ,,Mandaakeren“ [er] flere smaa, ganske lave Røser, dels paa Fjeldet, dels paa en liden Græsvold; neppe norske forhistoriske Grave, mulig Russegrave“.

Fjellmann– og Felmann– som førsteledd i ein del stadnamn kan forvirre. Vi skulle tru at slike namn fortel om fjellvandring eller evt. om fjellman = fjellkant, men i mange tilfelle har dei heller med myrar og vassfar å gjere, så her er nok ei genitivsform fielbmá-n– ute og går, i dag ei typ­isk nordsamisk form. I andre namn møter vi Villmanns-, Vilmans– som peikar i retning av sørleg vielma-n, vealma-n-, også dét om å eller elv som heilt eller delvis renn renn stilt og djupt.3

Håmannstien el. ,,Hovmannstien“ på Elgsnes i Harstad går for Hovmandsteigen år 1824. Det harmonerer med andre teignamn i onrrådet: Håmannen sjølv er klart nok manen el. ryggen i skil mot Indre Elgsnes4, Elgmannen i det same (nær)området,5 ikkje å gløyme. – Håmannsberget i Ingelsfjorden i Hadsel, det ligg fremst på ein mektig man under tindane. Viktig i den samanheng er  Håmannsvika og Homannsvika, eit namn som finst fleire stader i landsdelen og visst alle stader heng saman med manliknande fjellformer: Håmannsvika i Kvæn­angen er lita og ligg i enden av ein *håman, ein lang og bratt fjellkant som (NB) i aust har opningar (skard) ovanfor Mannskarvika. Håmannen i Berg er ein høg man, og Håmannsvika i Torsken, ho ligg under ei lang fjellside der det er mange slike manar.

Uventa nok, blant alle desse tvilsame ,,håmenn“ dukkar det opp nokre som det kan vere litt «substans» i. Saka er at Ivar Aasen fører opp eit hovmann (gno. hofmaðr), med vising til at håmann er ei vanleg form nordafjells. I folkeviser finst hommann, hos Petter Dass hommand, ein mildt sagt noko fleirtydig glose: ,,l. Tjenestemand hos en Høvding; Ledsager, Følge­svend. 2. Fuldmægtig, Skriverkarl; En som udfører Forretninger for en Foged eller Soren­skriver. 3. En Reisende, en fremmed Person“. Det er lite overraskande at ordet også kan bli brukt om folk som «sjefar» og er herskesjuke, om ustyrlege individ osv. (NO 5:635f). Ikkje nok med det, ordet vart i nordsamisk nytta om skrivarfullmektig i forma skrivarhoamma, jf homma om ,,gut, glunt“ i Hamarøy (Qv 1893: 193), tett opp til Aasens merknad om at ordet i ei segn frå Helgeland også tyder ,,ungkar“. – At ordet i tillegg tyder ,,balderbrå“ eller også strå som vart ståande att når dei slo nær opp til steinar er ei sak for seg, men nordpå er det ikkje registrert i akkurat den tyding.

Håmannsberget i Godfjorden i Sortland og i Levang i Leirfjord er namn som kan gå på man-form, kanskje også den no bortskotne Håmannsteinen i Punsvika, Ballangen. Kan­ hende trøydde framvekstingar tida der, eller så gjekk folk dit i sine eigne ærend (,,forretning­ar“)? Berre lokalkjent folk kan seie for sikkert kva slag *håmann som passar best i desse til­fella.

Jomannen heiter ein fjellrygg tett nord for Bøstad i Vestvågøy. Han kan ikkje kallast sær­merkt på nokon måte. Skråninga mot vest er snau, mot aust fell han bratt av, med urdar i kanten og nedunder. Forklaringa er beintfram den at Jo- (tonelag l) er avkorting av sam. juovva ,,urd“, og at -mannen her òg er eit utslag av den etter kvart så velkjende omtolk­inga av -manen.

Kumannsskallen i Røsthavet har sjølvsagt ingenting med kugjetarar å gjere, ei heilt anna sak er om han kan kallast ein kuvman = kuven man, eller om vi skal tenke på sam. gubmam ,,dump lyd“ ? Det siste skal passe nokså godt med låta frå skallen når han bryt.

Kvalmanneset på Silda i Loppa har òg fått eit merkeleg namn. Der går ein smal bergrygg opp frå sjøen, så kanskje er det meint kvalman lik det vanlegare kvalbak ‘kvalrygg’? Tett vestom neset er det ei trong vik, ei gammal *kvalvik kanskje.

Lappmann(s)vika under gnr 63 Skjelvika i Gildeskål er eit namn som lyder upåfallande, men i røynda er litt merkeleg, for andre stader heiter det berre Lappvika el. òg Finnvika, sms. ,,lappmann“ kjenner eg berre frå ein bansull eg skreiv ned i Barkestad kring 1965, etter ei som var ,,barnefødd“ i Raftsundet. Der heiter det m.a.: «Fem geiter og fem lam, de dansa i Jamtland. En liten lappmann der borti bakkland iblant simler og rene, iblant klipper og stene». Ordet lappmann står ikkje i Norsk Ordbok, men i Svenska Akademiens Ordbok med vising til ein variant av same bansullen: ,,Jag fattig lappmann, som bor uti Lapplann, mellan berg och stenar betar jag mina renar“.

Frå stadnamn i Jokkmokk rett over på andre sida av grensa kjenner vi ordet lábmá, då også skrive lápmá, som med eit tilføydd ,,kanske“ blir stilla saman med labma ,,jevnt land med megen skog“ – det siste etter Qvigstad og heimfesta til Arjeplog. Eit avleidd Lápmakis er namn på en ,,hed“ i Jokkmokk6, frå Tysfjord har Lagercrantz registrert det siste om ,,niedrig (Gebirgslandschaft)“, altså ,,lågt (fjellandskap)“, noko som peikar i anna lei og som forklarer bruken av det tvilfulle ,,kanske“. Saka er at området kring Lappmann(s)­vika er påfallande ‘avflekt’ til eit lågland ved fjord å vere, med myrhol og grisne skogrøst i bergsprungene. Dalføret innafor sjølve Skjelvika like attmed er langt meir skog­kledd og frodig. Det ser då ut til at lápmá, genitiv lápmá-n (i tyding som lápmakis frå Tys­fjord) her er blitt til Lappmann-. Namnet skrivest skiftesvis Lappmann- og Lappmanns-vik, med ustø genitiv.

Sandsmannen på Gimsøya i Lofoten

Luttmannen er namn på bergformasjonar to stader på yttersida av Hadseløya. Den eine er ein stor knaus med ei kliva i, og den andre ein slags piksteinformasjon attmed ei kløft. Men ein ‘luttmann’, er vel det ein mann som spelar på lutt ?? Det er ikkje finare å få det, seier folk ofte, men her lyder det altfor finkulturelt, luttmann- er snarare ei omkasta form av sam. luoddanam– ,,klivning-, rivning-“. Slike aktioformer på –am– som del av eit førsteled blir ofte til –an– også i heilsamiske ord og namn.

Saumannsvika i Saltdal er òg eit svært uvanleg namn: sauðamaðr hadde tydinga ,,mann som steller med sauene, sauegjetar“, men kor godt det høver med lokale forhold aller inst i Saltdalsfjorden skal vere usagt, jfr. Saumannsviksletta. 1990 kom det òg ein skrivemåte Somannvika (ikkje godkjend). Med store atterhald kan seiast, at i fall Somann- er mest uttalerett, får vi merke oss at den ovlange Tang(e)odden på hi sida av fjorden på eit vis ligg som eit ,,lokk“ framfor Saumanns- alias Somannvika. Er Soman- genitiv av ei nordleg form av sørsamisk soeme-gïete ,,peikefinger“, brukt om den langsmale tangen? Det er dristig å lansere ein slik teori, sjølvsagt, men forma Saumann- er iallfall like eineståande som det før omtalte Kumann-.

Skipmannsvika under gnr. 47 Dverset i Saltdal bør òg få eit ord. I skilet mellom denne garden og gnr. 48, ,,Skipmannvikfjell“, ligg den bratte og lange fjellkanten Rabben, som i høg grad kan kallast ein man eller ei mån. Namnet er skrive Schibmondsuig 1661, men Skibmandtzuig 1614, Schibmandsvig 1723 (NG l6: 232f). Meir sannsynleg enn at namnet kjem av gno. skipmaðr ,,sjømann“ er det at fjellkanten var naturgitt *skiptimǫn ‘dele-, byte-mån’ og gav namn til *Skiptimanvík, i dag |»sjeppmaᶇᶇvika|. Då gno. skipti  ‘deling’ gjekk over til sjefte i talemålet var for lenge sidan Skiptiman- i gardsnamnet blitt forkorta til Skipmann- og vart dermed heitande så. På Agder har dei elles, i tillegg til åsen Skibmannen i Birkenes, Skibmannsheia  fleire stader, eit namn som kan vere tvitydig ved at lokalitetetane i seg sjølve er delte, samstundes som dei ligg på eller tett ved grensene mellom gardar i området. – Det som hittil er nemnt, hindrar likevel ikkje at det langs leia finst Skipmanns-lokalitetar der det er lettare å tru på samanheng med gno. skipmaðr.

Toskmannen (ovanfor) heiter ein 755 m høg fjelltopp i Mørkdalen inst i Vatnfjorden, Vågan. Namnet blir til dels også uttala ,,Toskmajen“, utan at det gir meir meining, for det er ein spiss tind. Men på vestsida av Toskmannen ligg det ei urd som alt fornuftig folk bør sky, der er berre småstein som uavlateleg sklir unna foten når du går7. 

Ikkje så glupt å gje seg i kast med denne Toskmannen heller? Kartverket, her relieffforsterka.

Toskmannen heiter også ein topp på eit fjell innom Finnstranda i Olderfjorden i Vågan, i det tilfellet er det nok sjølve manen (egga) ein bør sky. Jf at nord for Sandvika i Bø, i retning Nykvågen, er ei strandstrekning som det er tryggast å ikkje rote seg bort i, og denne heiter Håkfjæra.

Urmannen? Det lyder primitivt og spennande! Så heiter nemleg tre lokalitetar på vest­sida av Andøya: to stader på søre Bø, ein stad på Nøss. Den eine, i sørkant av Møllerub­ben på Bø, er skjult av skogplanting, den andre er ein langvoren bergrygg nedover i urda litt lenger nord i Sørgårdsfjellet, framleis lett å påvise. Den tredje, lengst sør på Nøss, er ein litt større rygg i urdane i vest av Ron(e)kollen (ikkje Rogn-), det er den einaste av ,,urmennene“ som har fått namnet med på kartet. Men som vi no forstår, er det i alle tre tilfella tale om ein urd­man, ei bergrast i tilslutning til urd.

Veidmannen i Torsken er ein gard attom Veidmannsfjellet, som fell av i ein lang og skrån­ande kant både mot aust og vest. Sant nok tyder nordsam. veadji først og fremst ,,elvedal, lita elv, skråning ved elv“, men meirn generelt også ,,skråning med svak halling“, noko som i dette tilfellet treffer svært godt. Eit samisk namneelement påhengt ei norsk forklaring er eit velkjent fenomen.

Som vi ser, orda mån og især man har ein «fjellsterk» posisjon i det norske namneverket. Vi skal då ikkje undre oss stort over at eit 1573 m høgt fjell i Lesja med bratt austside heiter ,,Brattmannshøi“ eller at ein holme i Lurøy med ein bratt bergkant vart heitande ,,Bratt­mangvarden“. På Strokkenes i Salangen ser vi motstykket, nemleg Slagmannshola i kanten av ein slad (lett hallande) man under Hamran: Her nord var det nærmast regelen at sla(d)– i slik tyding vart til slag– jf slagbotn i havet. På Bø på Andøya vart derimot Brattesla(d)foten som namn på ei li-fot redusert til Braslafoten i dagleg tale.

Nyredigert etter Håløygminne 2013 h. 3.

Fotnotar: 

  1. Jfr. Nakjenbakken mellom Vaskinn og Hallevika på Gryta. Det kan elles vere vanskeleg å vurdere realitetane knytte til namn av dette slaget, for i vår tid er som kjent skoggrensa i stadig endring. ↩︎
  2. Uttalen «Rossmålen» i staden for Rossmånen går stikk motsett veg av at mange før sa «Monselva» for Målselva.      ↩︎
  3. Bjelma som elve- og bekkenamn i Lenvik, Målselv og Sørreisa er vel helst fornorska form av eit eldre *Vielmá?     ↩︎
  4. Opplyst 2009 av Tore Ruud, Elgsnes.     ↩︎
  5. I Håløygminne 1924 hefte 2-3 s. 39 fortel Edvard Ruud segna om Elgemannen, eit skrømt innpå Hestesteinshøgda om lag midt mellom Ytteraun og Elgsnes som kasta stein og stubb nedover fjellet.     ↩︎
  6. Björn Collinder 1964, «Ordbok til Sveriges lapska Ortnamn» (= OSLO) s. 113.   ↩︎
  7. Opplyst av Astrid Iversen, Strandsletta. ↩︎

Masing, Massing

Metallet massing, no helst messing, heitte somme stader og masing (Aasen), tydelegvis også i stadnamn som Masingmyra i Alvdal, Masingtjørna i Oppdal, Masingvollen i Vefsn kontra Massingtjernet i Øystre Slidre og Massingtjørna i Røros og Gausdal. Men som Gustav Indrebø påpeika, «det synest vanskelegt at dei skulde kunna innehalde metallnemnet massing, um dei so kanskje no associerer seg med det …… Sidan ein i Kvikne i Nord-Fron ved sida av gardsnamnet Massing har det samansette elvenamnet Massdøla, lyt vel gardsnamnet der òg vera samansett …… Men det synest underlegt at eitt og same elvenamnet – burtkome no – skulde ha funnest so ofte samansett nettopp med ordet eng f. (um namneleden –ing er ordet ‘eng’ då» (Indrebø 1923: 133). 

Framfor alt tenker Indrebø då på Massengen |»massingen| gn. 61 i Askim, historiske former Maßeng 1593, Maßengh 1604, Maßing 1612 og 1616, Maseng 1723. Jf Norske Gaardnavne 1 s. 43: «Aabenbart en Sammensætning med eng f, forandret som ved Trøgstad 94,4 og flere tidligere anførte Navne. Samme Navn vel Massing i Kvikne [sjå kartet under], S, N. Fron. Hvad 1ste Led er, bliver ganske usikkert».

Historiske skriveformer for Massing i Nord-Fron er tilsvarande Misßinng 1604, Masingen 1668, Maßingen 1723: «Maa være samme Navn som Massingen i Askim… Sidste Led er vel her, som der, eng f. Skulde man ved 1ste Led kunne tænke paa Mas n., der bruges om møisomt, tidsspildende Arbeide og lign.? Paa Vokalen i 1ste Stavelse i Formen fra 1604 tør jeg ikke lægge nogen Vægt» (Rygh, NG 4: 102).

Kor det no enn er, går masing, massing og messing igjen i ei rekke namn frå Nord­land, Trøndelag og Austlandet. At dei austpå òg har Massingsmed-haugen, -myra, -sundet, -tjernet og -vollen synest gje meir meining, ettersom yrkesnemninga messingsmed var kjent, og her bør kanskje Massingsteinåsen i Rømskog reknast med? Ut over det er flesteparten av namna ganske uforståelege.

Massing i Nord-Fron er ein gard i skråninga under Massinglia. Nedanfor garden, ved elva Vinstra, ligg dei bratte Massingbakkan, der smale parallelle jordryggar ligg tett i tett, tyde­legvis erosjonsfenomen (kartutsnitt). Sideelva Massdøla fell ut i elvebøygen tett ved:

Massingen (Massengen, Maseng) i Askim ligg, til forskjell frå Massing, i fullstendig flatt lende, men like vest for Masseng-bruka har erosjon laga fleire tungeforma oddar. Noko av naturlandskapet er skipla under bygginga av E18, men innskjeringane er framleis tydelege. 

Massingen |»massiᶇen|, eit fjell i Rana, har gitt namn til gnr 69 Massingsletta med ei avfolka underbruk Massingenget |»massiŋeᶇᶇe|. Lenger nord kjem gnr 70 Massingslettsætra, i flg. NG og ein informant frå nabogarden Stormdalshei berre kalla Loppheia. Ein bekk mellom Massingsletta og Massingenget ber namnet Massingåga, men det heiter også den mykje større åa som renn i dalen på austsida av Massingen og ut i Ranelva. Trass i at tradisjonsrett Massing- i alle desse namna er blitt «korrigert» til Messing- på karta har tradisjonsrett eldre uttale overlevd i namnet Masinggjuta, nær osen av den store Massingåga austafjells i same området.

Særmerket for Massingen er dei parallelle ryggane som strekker seg sørover frå toppen av, dvs med lange skard eller minidalar imellom, dei djupaste i vest. Dei går over i vedhenget Litlfjellet i sør. Tett opptil ligg Massingsletta, og den minste Massingåga er sørgrense.

Fjellet Massingen (ikkje Messingen) i Rana. Merk den særprega kantinga i retning sør-sørvest. Kartverket. 

I lendet andre stader i landet kjem det, i staden for dei lange og parallelle ryggane i Massingen sitt tilfelle, inn formasjonar som er meir rått tilhogne:

Massinghammaren ved Alsvik i Gildeskål har lange og bråbratte kantar, det er mest som fjellet er falda. Massinghellaren i Sørfold ligg for sin del under ein lang, bratt fjellkant, men merk også at like vestom er ein brå elvesving. Massingholet og Hyllefjellet i Gausdal har òg bratte fjellkantar og ligg dessutan ved ein brå sving på fjellet Nordre Langsua. 

Massinghammaren ved Alsvik i Gildeskål. Kartverket.

Massing-namna har også i ganske stor utstrekning med vassfar å gjere, jf. Massinghellaren nyss nemnd: Massingmoen høyrer til gn 36 Rengård og ligg tett vestafor ei stor sving i Beiarelva, likt det ein ser ved fleire Massing-lokalitetar. Her er vi rett nok i ein del av Beiarn der ranværingar flytta inn, frå 1820-åra av, så namneoverføring frå Rana kan ha skjedd.  

Massingkjølen i Selbu er ei djuptliggande myr med bratt åskant på nordvestsida. Masingbekken i Alvdal kjem frå Masingmyra, som ligg på toppen av ein ås som på nordvestsida har ein lang og nærast bretta eller falda kant.

Massingtjernet (-tjednet) i Øystre Slidre (Oppland) ligg på søraustre ende av ein langsmal fjellformasjon, Brummaknappen: Ein lang tange skyt seg inn i tjønna og forsterkar ei allereie bøygd eller «knekt» form. 

Massingtjernet i Øystre Slidre ser nærmast «bretta» ut. Kartverket.

Massingtjønna i Røros har òg bøygd form, men der kjem namnet like snart av at ho ligg sørom og tett ved ein stor krok i Strømmeelva, som renn frå Stikkilhåa til Hittersjøen. Massingtjønne i Gausdal synest også å ha vore krokut, men ei vegfylling fungerer som demning og deler ho i to?

Masingtjønna i Oppdal ligg bak ei krokut halvøy som akkurat stenger ho av frå Orkelsjøen på nordsida. Messingtjønne i Folldal ligg i nordenden av svært store elvekrokar i elva Atna, 

Masingvollen nordom Luktvatnet i Vefsn ligg tett opp mot ein lang, bratt åskant på austsida, sml her Massingkjølen og Masingmyra.

Messingrød og Messingkasa er to gardar i Sarpsborg. Det er i og for seg sannsynleg at namneformer på Masing-, Massing- på sine stader kan ha blitt «moderniserte» til Messing-, men endå lendet ved dei to gardane er uslett, er der ikkje lange, parallelle ryggar eler krokute strukturar av noko slag. Det viser seg dessutan at skriveformer på Missing-, Messing- og Mæssing- er historisk unge: Frå 1400-talet og vidare er der i staden talrike belegg for former som Missæ-, Missa-, Mise-, Meiße-, Miße- heilt fram til siste del av 1600-talet1. Namneforska­ren Kåre Hoel meinte Messingkasa oppstod av *Messingrødkasa, opphavleg om Ødegarden («Norske Rud-namn» s. 472), men tok ikkje standpunkt til namneleddet Messing-. Merk likevel at Messingrød og Messingkasa ligg side om side inne i tjukk skog, så ein kjem i tankar om sørsam. miehtsie «skog» (strengt tatt rekna for å vere ei nordleg form).

Så langt om variantar av Massing-namn, summarisk. Som Indrebø var inne på, er det naturleg at namna har vore assosierte med metallnemnet massing. Det overraskar då at Massing ikkje oftare er ‘modernisert’ til messing, i klar kontrast til Messingmalmvatnan i Sørfold.

Kva tyder så Massing(en)? 

Sørsam. máhts-, som tilsvarar nordsam. máhtsú- (máhco-), tyder i flg. Björn Collinder «vikt, lagd dubbel; tillskrynklad» (attributivt). Han nemner máhttse «fald» og máhttse, pres. part. av máhttsat «vende om» og reknar med máhts– som utmerking i sørsamiske stadnamn, med fleire døme (OSLO 125). Det ser òg ut som meir enn eit tilfelle at matts tyder «bukt, brei vik» i skoltesamisk (Qv 1944 nr 584) og at Nord-Noreg har mange Mads- og Mass-vika’r. 

Collinders máhts- kan ein samsvar med gjeldande sørsamisk rettskriving stave maahts-, men kva så med Masing– og Massing-namna, avgrensa til sørsamisk språkvald frå Rana og sørover? I sørsamisk er det systemrett at t.d. tjaeledh v. «rite inn, skrive» gir tjaalege «rit, skrift, noko innrissa» (Bergsland 1982: §113), og m.o.t. grunntyding aner vi tilsvarande samband mellom maahtsodh v. «falde» (så vel som maahtsedh v. «snu, vende tilbake») og maahtsege adj. «rukkut, rynket», som truleg kan brukast som nomen òg, for det er sagt: «Die Grenzen zwischen Adjektiven und Substantiven, sowie zwischen Adjektiven und Adverbien sind fliessend» (Hasselbrink b. I: 105). Vidare er det slik at det sørsamiske suff. –ege svarar til ursamisk -*iŋe, som tidleg via stadnamn innlånte frå samisk til nordisk kan ha levd vidare der, utan tap av nasal.

Samandrag: Det å «vende, snu» eller «kroke, vike» om vi vil, høver for Massingkjølen, Massingmoen og Massingtjønnene i Fron. Røros si Massingtjønn knyter seg til eit sidefar som ‘vender tilbake’ til hovudelva; det gjeld også for Masingtjønna i Oppdal, som hadde samband med Orkelsjøen i begge endar, men som no er avbolka frå sjøen med vegfyllingar, sjå flyfoto. For Massing i Nord-Fron, Massingen i Askim og den rette Massingen i Rana passar «rukke, «fald, brett», vidare for Massingholet med Massingtjønn, så vel som for landskapet ved Masingmyra og der Masingbekken renn ut i Auma sine elvesvingar, dessutan for det uregelmessige Massingtjernet i Øystre Slidre. Forma masing– med lang a må vere eldst, jfr. maahtsege, og endinga –ing er som nemnt like snart ursamisk som ei nyare norsk tilpassing av det sørsamiske –ege. 

Kva Massing(-) tyder og médar på er for lengst gløymt. Det er berre som venta at primærstaden med kvart har fått nytt namn (Langsua og Fatkvolven) og at denotasjonsendringar kjem til (som Jarfjellet for Massingen, Loppheia for Massingslettsætra).

Elles finst fleire namn som gir «metall-assosiasjonar»: Massingsmedhaugen i Flesberg ligg inst på eit nes mellom elveutvidingane Øvre og Nedre Lona. Det lange og tronge Massingsmedsundet i Gran har ein nærpå vinkelrett bøyg (Massingsmedtjern attmed er vel sekundærnamn). Massing­smedvollen og især Masingsmedenget i Tolga ligg i særs «rukkut» terreng, Massingsmedmyra på Røros minner om den litt innsvinga og tungeforma Massingkjølen i Selbu, medan Massingsmedsundet på Røros står i samband med Massingsmedtjern, som er vinkelforma. Uvisst er om vi skal lite på at det her er tale om yrkesnamnet massingsmed, eller heller sørsamisk bøyingsform av massing som terrengord, her i inessiv *massingsne?

Litteratur: 

Bergsland, K. 1982: Sydsamisk grammatikk. Tromsø – Oslo – Bergen. 

Bergsland, K. og Magga, L. M. 1993: Åarjelsaemien-daaroen baakoegærja/Sydsamisk-norsk ordbok. Alta. 

Collinder, B. 1964: Ordbok till Sveriges lapska ortnamn. Uppsala. 

Grundström, H. 1952-: Lulelapsk ordbok. Uppsala. 

Harsson, Margit 2010: Leksikon over norske rud-namn frå mellomalderen. Oslo. 

Hasselbrink, G. 1981 – 1985: Südlappisches Wörterbuch. Uppsala. 

Kåven, B. mfl. 1995: Sámi – dáru sátnegirji/Samisk – norsk ordbok. Karasjok. 

Nilsson-Mankok, E. 1976: Svensk-sydsamisk ordlista Vilhelmina – Vefsn.  Vilhelmina. 

Qvigstad, J. 1935: De lappiske stedsnavn i Troms fylke. Oslo. 

Qvigstad, J. 1938: De lappiske stedsnavn i Finnmark og Nordland fylker. Oslo. 

Qvigstad, J. 1944: De lappiske appellative stedsnavn. Oslo ‘

Rygh, O. 1897 – 1924:   Norske Gaardnavne. Kristiania/Oslo. 

Sandnes, J. og Stemshaug, O. 1990: Norsk Stadnamnleksikon. 4. utgåva. 

Torp, A. 1919 (1992): Nynorsk etymologisk ordbok. Kristiania (Oslo).    

Fotnote:

  1. Messingheia på Orstad, Klepp på Jæren er òg eit tvilstilfelle. Der kan ha skjedd denotasjonsendring, iallfall er namnet plassert på lågaste, austre enden av ei i utgangspunktet låg hei. ØK viser eit grustak, det er uvisst korleis landskapet var opphavleg. Men heia strekker seg i alle tilfelle mot vest, der den vel 65 m høge Varden er høgaste punkt, og i nordvestkant av han er det ei (etter lokale tilhøve) temmeleg markert vinkelrett nov i åssida, som vel kan gjere seg fortent til å bli kalla ein brett eller fald. ØK har her få namn.  ↩︎

Hestmona, Kassmona, Teksmona

Maritimt interesserte nordmenn vil kjenne godt til Vesteraalskes legendariske d/s «Hestmanden», som berga seg gjennom to krigar og er blitt eit nasjonal-klenodium. Skipet er sjølvsagt oppkalla etter fjellet Hestmannen som ved sida av Torghatten er eit turist-ikon i Nordlands-leia. Derimot spør berre spesielt interesserte etter kva denne hestmannen og «hest-Mona»(!) har med kvarandre å gjere.

Uvanleg er det slett ikkje at namneformer som er utan rot i folketradisjonen på vedkommande stad og at namnetolkingar som er litterære og heilt uhistoriske, blir mest populære og lever sitt eige liv i poesi og namnesegner og ikkje minst massemedia.

Det er såleis neppe tilfeldig at Johannes Hestman, som i «Håløygminne» 1938 drog fram Hestman(n)-problematikken, med talrike sitat knytt til, runda av med Vislies «hyldest til rytteren på Hestmannen»: «Til evige tider jutulen rider hver stormnatt igjen over brusende sjø. Kappen flagrer for nattens blæst. Atter han pisker sin ravnsorte hest til hevn over hjerteløs mø».

Den hjertelause var Lekamøya som ikkje var han til viljes, og biletbruken inneber at høgaste toppen på fjellet, Kallen, er hovudet på «rytteren» eller «hestmannen». Johannes Hestman er samd med kvart ord i Amund Hellands skildring av fjellet, her i original rettskriving:

«Fjeldet ligner fra sydøst en gigantisk rytter tilhest. Man ser hestens hoved, øren, hals og bryst – og selve rytteren en ældre mand med langt skjæg og med et energisk ansigt, hvis udtryk veksler efter­som solen falder. Over skuldrene har han en svær rytterkappe, der bagtil dækker hestens ryg. Rytter­ens hånd, der fører tøilen, sees …. Færden går mod syd. Størst lighed med en rytter har fjeldet fra Bukkøen eller længere sydøst».

Ikkje alle har sett fjellet med Helland sine auge. Anna Haug ytra seg så: «Kor ofte stod eg ikkje på dekket når båten for framom der og fundera på dette namnet; aldri såg eg liknament korkje til hest eller mann. Og turistflokken som stima framåt rekkja så båten heldt på å leggja seg på sida vart visst ikkje klokare dei heller» (Hm. 1937 : 43). Ho fekk seinare følgje av Hallfrid Christiansen, som ikkje spara på krutet: «Hellands heimelsmann må sannelig ha sett syner» (‘Maal og Minne’ 1952). 

Det siste forundrar, for frå hurtigruteleia får ein no fort auge på ein mannsfigur, verre er å få eit klårt bilete av hesten, av di Hestmannen har på seg ei ovlang, flagrande ryttarkappe! Slikt gjer seg i dikt, men er like overklasseprega og anakronistisk som når andre vil ha fjellet Møysalen i Vesterålen til å vere ein tom damesâdel og såleis overser glatt at oppane Møyan står like ved møysalen (huset) sitt.

Usikkert er om Hestman har sin eigen agenda1 når han skriv Hestmankallen og ikkje Hestmonkallen: «Almindelig uttale er Hæssmon – Hæssmana, Hæssmankallen; sør i Hestmonen» sier de vel ennu på Storseløya»2. 

Det avvik frå det Jørgen Karlsen fortel: «Hestmona med sitt høie kjente fjell Hestmonkallen i Lurøy har gjerne fått den litterære form Hestmandøen med Hestmanden … Gamle folk i Lurøy sier Hestmona om øya, og Kallen om fjellet» [dvs dei ror innunder Kallen og brukar han til méd, men øya heiter kun Hestmona, og ’tilhenget’ Ambota var rytterkappa dei framande meinte å sjå bak ‘den svømmende rytter’]: «I min barndom brukte vi Ambota til mé ute på sjøen» (Hm.1934: 249f, Hm.1939: 369).  

Hestmona: 

Gamle former er Hesmaenn ca. 1521, Hestmonnd og Hestmonn (eller Hestmann) 1567, Hestmandt 1610, 1614, Hestmand 1661, Hestman 1723, Hestmon på Norlandia-kartet ca. 1745. Skrivande folk har bala med dette gardsnamnet i eit halvt tusenår! Hallfrid Chr. presenterer *hestmona = hestmana som forklaring på fjell- og øynamnet. 

Problematisk er at –mona då får eit forklarande tillegg hest– som manglar i namnelagingar med man, mån sørpå, og som talemålsord er det litt ‘overtydelege’ ordet hesteman f berre registrert på Lista og Nøtterøy (NO 5: 386). Annleis i fall fjellet (øya) i utgangspunkt heitte *Hesten kun, og Hestmona kom til som namn på ein del av fjellet, jf. Elg(e)mannen på fjellet Elgen ved Elgsnes. Sør på Dønna ligg Dønnmannen, men det vedkjem ikkje gardsnamnet Hestad el. andre ‘hesteformer’ på øya.

Søker vi lenger nord, får vi overraskingar: Festvåg i Bodø har Hestmannflogan i framkant av ei aksel der det nok var tenkt på ei hestman. Meir uventa er at vi i Persfjorden vest for Vardø har Hestmana  |-măna| (òg skrive Hestman, Hestmann), som er ein sundriven fjellkant, oppå flatare: «Hestmana, et høgt fjell, er en god landkjenning eller segel-mærke, fordi det altid har en snebar svart kam lig en hest-man»3. Der har dei òg Hestmannes, ein smal tange. At nordnorsktalande har oppfatta sms hestman f som naturleg skulle vere klart nok, Ryghs tvil om forstavinga Hest- kan vi sjå bort frå.

Tvillaust er òg at măn f påverka av mann m no er blitt mān, b.f. mānen m i talemålet. Tilsvarande er gno. mǫn f blitt mōn, mōna > mōnen, truleg ‘farga’ av mo m., men sørlegare namn Mona o.l. viser at det neppe er heile forklaringa.

Om fjellet og mana seier J. Karlsen: «Kallen har en skarp, skrånende kant, næsten ubestigelig øvst på mana. Og denne fjellrand ligner sjelden godt på ei hestman. Nu er màn et kjent navn på karakter­istiske fjellrygger mange steder i vårt land, og fjellets likhet med ei hestman må vel kunne erkjennes i dette tilfelle. Øya måtte naturlig få navnet Hestmana efter en så karakteristisk fjellform, ….. intet i veien for å tenke oss at denne fjellkallen kan ha ei fjellman som minner om ei typisk hestman». – Litt  synsing, ser vi, Kallen kan likne ei man ….. 

Vesterålingen Anna Haug formulerer seg meir generelt:  «Folk frå landsida – og likeins frå leida – hev då merkt seg korleis stormen piskar snøen opp so han ‘står i lur’ langsmed heile fjellkanten, og so hev dei likna han med ein hestehals med fakset (mona) bylgjande i vinden» (Hm.1937:44).  – Korkje Jørgen K. eller Anna H. seier stort om synsvinkelen.

Kor samde er dei eigentleg? Fakset flagrar frå hestehovudet, men mana er den meir avrunda, skrånande nakken. Det eine biletet slår visst det andre i hel, dersom vi skal sjå på Kallen både som hestmannen og som hestmana? Om dette seier Johannes Hestman kort og kontant: «Jeg er født på Hestmana, og har levet der til mit fyllte 21 år – men mana har jeg ikke sett»!

Dette kunne vere eit tungt argument, men same kva øy du er oppvaksen på, vil di oppfatning av kva som er særmerkt for heimstaden din vere «nærsynt», vere annleis enn kva dei festa seg ved som i ei fjern fortid såg øya frå havet og gav ho namn. Det gjeld enten ho heiter Ǫmð eller Ylfi, Senja eller Sømna. Nordmenn flest har lenge vore landkrabbar, ein kategori truleg også Johannes Hestman høyrde til: Frå havet ser ein nemleg både ryttaren, hestehovudet, øyra og mana. Altså er eit fjellnamn *Hesten fullt tenkeleg, eller like gjerne eit dobbelt namn *Hesten og Kallen. At sjølve Kallen ville bli ignorert under namnsettinga er i alle fall utenkeleg, han er det store blikkfanget. Dei lokale seier eigentleg Kallen eller Hestmonkallen, det viser at også øynamnet krev sin rett. Alternativt ville vi vente *Hestkallen, men ingen seier så. 

Folk elles i landet kjenner einast til namneforma Hestmannen, då om heile fjellformasjonen vel å merke, og det blir òg sagt lokalt, i tillegg til Kallen. 

Jørgen K. slår fast at øya tradisjonelt har namnet Hestmona. Når Johannes H. nemner Hæssmon, er det tale om garden på øya. Men medan Jørgen K. skriv Hestmana vsa Hestmona som utlegging, jf. Hm. 5: 368, ordlegg Johannes H. seg som om Hæssmana og Hæssmankallen er uttaleformer, ja med Hestmana som overskrift. 

For å komme vidare, treng vi nok å definere man f. alias mòn, uttalt mån: «1 (naturleg) lange, stride hår langs overside av hals på hest; faks. 2 stripe på hesterygg mellom man (i tyd. 1) og hale. 3 øvste (ås)kam som er synleg frå eit dalføre (med skog på, som liknar man (i tyd­ing 1)); høgdedrag, rygg» (Norsk Ordbok b. 7: 1046).

Til grunn ligg gno. mǫn f, eigentleg ‘hals, nakke’. Når det i samband med lende (punkt 3) blir vist til den avgrensa tydinga hestehår, faks (punkt 1), fortonar det seg snevert: Vel kunne definisjonen passe for noko rufsute formasjonar, så som åsen Måna i Bremanger, for ås- og gardsnamnet Monå i Hå, for fjellkanten Måni i Lom og den langsmale, humpute Djupedalsmåni i Seljord, men den like langsmale Djupedalsmåni i Kviteseid er nokså slett, med avrunda konturar, og er representativ for storparten av ås- og fjellnamn som går på man, mån: Det er oftare tale om avrunda nakkar, til dels langvorne, enn smale og uryddige fjell-kantar som kan få oss til å tenke på faks. Men så det er sagt, i Norsk Ordbok er den snevre def. av man utvida like etter, under same oppslag.

No har Hestmona eit parti som ein kunne jamføre med eit faks, og det er den fleirtoppa, stupbratte fjellkanten på havsida, frå Hestmonkallen og til grotta Hestmonhøla lenger nord, men usikkert er om nokon av debattantane har denne i tankane, endå J. Hestman oppfattar Kallen som hovudet på «hestmannen» og fjellpartiet vidare nordvest-over som hestehovudet. Det er om just den delen av øya Amund Helland sa: «Også seet fra syd og sydvest er fjeldet imposant; det stiger steilt op fra havet og er øverst stupbrat».

Hestmona alias Hestmannen frå havsida, dvs. frå Myken, Nesøya og sektoren austafor. Det trengst ikkje ovstor fantasi til for å sjå ein ryttar (Kallen), hesteøyra og ei man. Ambota går mesta heilt i skjul til venstre og kunne kan hende gå for å vere hestehalen? Foto: Alan Fleming.

Oluf Ryghs og Hallfrid Christiansens syn 

Problema knytt til man, mån som talemålsord og som ein stadnamn-term er drøfta grundigare av Hallfrid Christiansen i ein artikkel om Hestmona og Teksmona i «Maal og Minne» 1952, og 1956 om Kasmona, der ho slår fast: «I Nord-Norge har jeg overhodet ikke støtt på ordet mån som appellativ, hverken i den ene eller den andre betydningen. Men det fins som 2. sammensetningsledd i en del fjellnavn på Helgeland, nemlig Hestmona, Teksmona og Kasmona. Etterleddet uttales med helt trang o… 

Hva det fonetiske angår, så er overgangen mǫn > mon helt i orden, og det en kan vente, da vokalen står mellom to nasaler. I Valdres4 går vokalen helt opp til u.» – Som vi ser, brukar ho dei tre namna men ingen fleire som prov for at mòn har trong o i dette området, men stadnamn-varianten i desse tre Helgelands-namna er likevel unemnd under man f. i Norsk Ordbok (b. 7).

Uavhengig av Hallfrid Chr. er å seie at appellativet lyder mān i Vefsn og Beiarn5. Folk som bur endå lenger nord vil vedkjenne seg b.f. mānen, merk òg fjellnamnet Manen ved Mørkvatnet i Elsfjord (ranværingsmål), på Senjahesten og på Nord-Kvaløya i Karlsøy. Hallfrid har frå nordnorsk språk berre «faks» og «manke», men kjem inn på omlaginga til «mann» i fjellnamna Rundeman og Blåman i Bergen (1952) og psykologien i endringa –man– >-maᶇᶇ- (1956). 

Overgangen er mest utan unnatak i nordnorske stadnamn: Eit fjell på Nordkvaløya i Karlsøy går for Manen på sjøkarta, men Mannen elles. Merk også Mannen m. Mannhamran i Vestvågøy, Hestmann-flogan ved Festvåg i Bodø, plussl Nakje(n)manns-hågen, Nordmannen og Mannen, Konsvika i Lurøy, og Sørmannan, Nordmannan og Litlmannen på Sanna i Træna, og sistpå «Skogen og Mannen» på Ålvora vestafor.

I Norske Gaardnavne fører O. Rygh opp iallfall sju gardsnamn der hokjønnsordet har uttalen mån, dertil eit par på møn frå Hallingdal. Frå Ivar Aasen kjente han utan tvil òg varianten mun, som han likevel utelet i innleiingsbindet til NG og og i samband med Hest- og Teksmona. I staden målbar Rygh eit suffiks –mund. Kan vere at «bordet fanga» då han tolka det trøndske gardsnamnet Mona |’mōna| (Snåsa, Stjørdal o.fl.) som gno. dativ sg. mónum av mo m, basert på historiske skriveformer. Det kom helst av at berre mo var i tankane, slett ikkje món = man? Forma mån f (kort å) er registrert frå både Oppdal, Selbu og Sparbu.

Bruket Mona i Snåsa ligg på ein åsrygg. Det eine av to bruk i Stjørdal med same namnet ligg sør for den markerte åsryggen Monabergan og hitt slik at både ‘høgdedrag, rygg’ og ‘jordstykke ml. to dalar’ (tyding frå Sparbu) høver godt. Nemnast må at det finst fjellkantar og -ryggar Mona i både Askvoll og Kvam; Moni Ullensvang er av same art. Monavika i Jondal ligg utom ein lang åsrygg, og endå fleire tilfelle kunne nemnast.

Til skilnad frå Oluf Rygh seier Hallfrid Christiansen kategorisk og heile tre gonger i første artikkel om saka (dertil i stykket om Kasmona) at etterleddet i Hestmona og Teksmona med trong o er det gno. mǫn.

Manåga |»mănå:ga| sørom av Gjervalen i Rødøy kjem frå Mangågvatnan6 som er splitta av langsgåande bergryggar: Der meiner Hallfrid at fjellet har heitt Måna uttalt |’mōna| og tenker like eins om Manntinden i Lofoten (ho skriv Man-). Topografisk høver dette for Manntinden i Moskenes og likeins i Lofot-delen av Hadsel, men uttalen begge stader er |»maᶇᶇ-|, så lydleg verkar det litt dristig når ho vedgår at ho ikkje kjenner mån f. frå nordnorsk7.

Sikkert er at at Mana |’măna| er namn på fjell- og åsformasjonar i Bindal og ikkje reint få stader i Rødøy, medrekna sms. namn på –mana. Ein tange i Spjeltfjelldalsbukta ved svenskegrensa i Hemnes heiter Mana, så i stadnamn finst măn f. eit godt stykke oppover Helgeland, men talemåls-ordet (appellativet) for manke er vanlegvis mān m., b.f. mānen.

Det er dessverre ovstore hol i kunnskapen vår, men Hagamannen i Vefsn, Åkermannlia8 i Hattfjelldal og Fjæramannen i Rana er framifrå døme på over-gangen măn > maᶇᶇ, kva stadnamn gjeld, og når Hallfrid nemner Manåga i Rødøy, kan vi sml med Mannåga |maᶇᶇ-| på nordsida av Holandsfjorden i Meløy som kjem frå den man-forma Kjølen = Mannågdalsfjellet. 

Tradisjonell utt. av Manen på Senjahesten hadde ikkje palatal n, men er blitt «Mannen», ja i enkeltes munn «Mannan», i begge tilfelle 9med palatal n. Overgangen pågår kanskje fleire stader. I b.f. hokjønn –măna les |-manna| ligg alt til rette for omtolking og uttaleendring til |-maᶇᶇa(n)|, især i sms. namn der tonem-skilnaden blir borte.

«Besynderlige» ord.

Til ordskiftet om øynamnet Hestmona høyrer eit Rygh-sitat som går att: «Fjeldnavnet Hestmanden (som i sig selv er et besynderligt Ord) og Ønavnet Hestmandøen er udentvivl af forholdsvis nyere Oprindelse og ligesom Gaardnavnet Hestmoen opstaaet ved Forvanskning af et oprindelig Navn paa Øen. Det synes mig muligt, at dette kan have været *Hestmund f., hvoraf den nuværende Udtaleform af Ønavnet vilde være en Nominativform og Gaardnavnet en Dativ, som altsaa ikke har noget med Ordet Mo at gjøre. Nutids-formen med den lange Vokal maatte da forklares i Analogi med, at Strand i Helgeland er blevet til Stran og Sand tildels til San. Om 1ste Led virkelig er Hest-, som i Tilfælde maa være det opr. Navn paa Fjeldet, er maaske mindre sikkert, skjønt det vel er sandsynligt». – Ein tilsvarande teori om sisteleddet blir gjort gjeldande for Teksmona, der Sophus Bugge «formoder, at Ønavnet *Þexmund er opstaaet af *Þexlmund og hører til þexla, Bødtkerøx… » Rygh hallar til at Teks- går tilbake på gno. *þǫx m. «grevling», ei teori han tyr til ved fleire andre gardsnamn, men han finn det vanskeleg å forklare den omlydde forma Teks- i dette tilfellet.

Rygh er altså ikkje heilt sikker på at førsteleddet i Hestmona |»hæssmōna| verkeleg er hest m.  At han kallar namnet Hestmanden ‘et besynderligt Ord’ har ikkje gått deltakarane i ordskiftet forbi. Hallfrid Chr. gir støtteerklæring: «Det representerer en umulig norsk språkbruk. Men dette navnet er så vel innarbeidd gjennom nordlandsromantisk turistpropaganda, at det kan ta tid før det viker plassen for det virkelige navnet i folks bevissthet. ‘Hestmannen’ og ‘Hestmannøya’ står det fremdeles i reisebrosjyrer og på prospektkort».

At «Hestmannøya» er nylaga namn er opplagt, men kor «besynderlig» er i ordet Hestmannen? Er eit ord ‘umulig’ når ein kan dokumentere det? Gno hestamaðr er jo ‘Person som har hesta-geymsla, har at tage Vare på ens Heste’ (Fritzner) = hesta-sveinn, d.e. hestepassar. På Island er språkbruken den at hestamaður er ikkje berre hestekar og hestekjennar, men òg god ryttar. Her gje færøysk ein artig skilnad: hestmaðr er a. ryttar b. mann frå øya Hestur – hestepassar heiter hestamaður. Desse «profesjons»-namna er parallellar til gno sauða– og smalamaðr; jf. like eins gno hrossamaðr «Person som giver sig af med at holde, røgte Heste». – Gno bátmaðr og skipamaðr var ein person som fór med båt el. skip, enkelt nok;  ein båtkjennar eller båt-interessert kan vi kalle ein båtmann.

Når namnet Hestmannen får oss til å steile(!) er det vel av di vi – ulikt våre forfedrar – meiner at «ryttar» er einaste naturlege nemninga for mann til hest, men er dette rett? I dag er riding ein typisk jentesport, og dersom det ein eller annan stad vart plassert eit bilethoggararbeid med ei jente til hest, ville det då vere så unaturleg at folk kalla statuen for «hest(e)jenta»? Det får kvar og ein tenke over. 

Kassmona 

Hallfrid Christiansen skreiv bl.a. om namnet Kassmona: «På Onøya i Lurøy herred (Helgeland) er det et lite vatn eller tjern. Rundt tjernet er det en myrkant, og på den ene siden er det en langstrakt nokså stor haug eller lav ås, som hever seg opp fra grunnfjellet. Haugen er dekket med litt mose og lyng, men her og der ligger fjellet bart. Dette er ‘Kasmona’. Tjernet er oppkalt etter haugen, og heter ‘Kasmonvatnet’». 

Hallfrid fortel at det før var mykje fisk i tjønna, den ògn ofte kalla ‘Kastmona’, pga. assosiasjon med det å kaste etter fisk; og på ØK er faktisk namnet plassert på tjønna10. Dessutan har Hallfrid bilete av haugen, som er snau og flatt avrunda oppå og litt brattare på sida. Han ligg likevel ikkje på Onøya, men på den sterkt kuperte, søre delen av Lurøya. Hallfrid seier vidare: «Ved tjernet ligger det en liten gård, som er immatrikulert under navnet Solvang (bruksnr. 22 under Lurøygården). Denne gården blir leilighetsvis kalt ‘Kasmoen’. Dette … grunner seg på en språk­lig misforståelse av samme art som … Hestmoen … og Tekstmoen … se MM 1951, hvor disse gårdsnavnene blir drøftet. Ikke på noen av disse stedene er det noen mo, som kan ha gitt navn til gårdene» (MM 1956:80f). 

Gardane Hestmonen og Kassmonen har sant nok innmark «i revnerne kun», å sjå strandflata i Teksmonen som ein mo kan lettare passere. Same kva, førte dativen –monen til den kortslutning at ordet mo låg til grunn, og namneformene som røper forvirring er mange: Lurøy-kartet har Kastmoåsen og Kastmonsletta, på Hestmona heiter det Hestmonhøla, Hestmonkallen, Hestmonskardet, likeins Hestmonflesa og -taren, men på Teksmona  Teksmoflaget, Teksmoklubben og Teksmoskagen. Ugreie må det bli, for eit øynamn med etterledd –mona som regelrett skal ha –mon– i sekundære namn, det er ganske uforlikeleg med eit gardsnamn på –moen som like regelrett skal ha –mo– i sekundære namnelagingar.

I drøftinga av forleddet Kas– kjem Hallfrid Chr. til at det kan vere kòs f, gno. kǫs «dynge av avfall, helst av småkvist, lauv o.l. som kan samle seg i skog og mark», men seier òg: «ordfamilien kòs osv. kjennes neppe på Helgeland, men det hender jo ikke sjelden at ord kan gå ut av bruk som simplica i en dialekt, men bli bevart i sms.».

Det er lite truleg at denne berghaugen, i eit lende der naturen sjølv har fjerna storparten av all jord, fekk namn av avfallsdungar! Andre stader har saktens ås- og fjellkantar med rotfast vegetasjon fått namn som Bjørk(e)man-, Fur(e)- og kanskje Risman-, så vel som Grå- og Blåman-, Kvit- og Raudman- når det gjeld farge. Tilsvarande går Brattman-, Håman- og Langman- på form, og er ein først blitt klar over det nesten unnatakslause uttaleskiftet til –maᶇᶇ– i nord (Hm. 2013: 76f), er heller ikkje Fjellman-, Åsman- el. Urdman- vanskelege namneledd.

I norske stadnamn med sisteleddet -man, -mån møter vi oftast gjennomsynlege namnelagingar som Djupedalsmåni, Grønlimåni, Storlimana og Vasslimana mm,, og frå Nord-Gjerdøya i Rødøy skal nemnast Høgmana |-măna| og Lågmana (som på eitt kart er kalla Kvitmona!11) Det usms. Mana er heller ikkje noko uvanleg terrengnamn i helgelandsk, på landsbasis ei heller Måna, Måni, Månen12 og Månene. Som gardsnamn er jo Måna vél kjent, medan Mona med trong o i flg. Rygh er dativ av mo m. og burde falle utanfor ramma. 

Når vi setter slik beintfram bruk av terrengordet opp mot dei før lanserte tolkingane av namna Kassmona og Teksmona og Hestmona, melder tvilen seg, trass i semja om at –monen (dativ av -mona) gav mistydde skriveformer «Hestmoen*, til dels «Kastmoen», og «Teksmoen». Vi skal no sjå nærare på dei to sistnemnde formasjonane. 

Haugen som Hallfrid Chr. kallar Kasmona og har foto av, er visst den som går for Storsteinhaugen på ØK. Det kinkige er berre at lokalkjente ikkje veit av ein haug kalla Kasmona eller *Kasmonhågen, Kassmona er eit diffust avgrensa område ved småbruket (i) «Kasmoen». Heller ikkje kjenner dei Kassmona som namn på Kassmovatnet. 

Vel kan sam. gacce «karrig, paaholden, knap, nøieregnende» (Friis) vere litt interessant her, t.d. gacis javrre «fiskefattig Indsø», men er uhøveleg for ei lita tjønn der ingen hadde grunn til å vente storfangst! No er Friis’ form gacce dss nordsam. gáhcci, gáhces tilsvarande sørsam. gaahtsh ‘snål, gjerrig’, så ein uttale med lang a var å vente då, men det heiter berre Kassmona. Om det karrige er å seie at kvart eit berg i området er like fleinskalla, men det samiske adjektivet er faktisk lite brukt i stadnamn i noka som helst tyding.

Ein lågt og smalt myrdrag, historisk ein vâl, går aust-vest i nordkant av bergområdet Kassmona og skil alle knausar der frå Lurøy-massivet i nord. Langt aust, i foten av sistnemnde bergområde, ligg Kassmonsletta (også «Kastmonfeltet» pga. granplanting). Frå denne sletta går ein trong bekkedal opp til Kassmoåsen, og vestom går Ørndalen parallelt med den første bekkedalen. Dette er alt i periferien av bruket «Kasmoen». 

Vi kan tenke på gasse, velkjend uttale av sørsam. garse om stryk eller foss, eller også: trong, djup liten dal, kløft, ravine, slukt. Det høver, men slik uttale høyrer sørlegare dialektområde til. Vil heller tru at sisteleddet ‘-mona’ – slik tilfellet er med Hestmona og Teksmona – har med høgder å gjere: Dei nemnde knausane på sørsida av myrdaget eller «valen» nyss nemnt ligg 4-5 på rad og er på det høgaste der, med bratt fall mot myrdraget. Vel er der smale kløfter toppane imellom, men på rad ligg dei og utgjer topografisk greitt nok ei mòn = man. Kløftene og lagdelinga i berga går nord-sør i heile strøket, men attmed bruket Kasmoen går òg eit ‘øksehogg’ på tverra. Alle desse kløyvingane skaper ein bergstruktur som kan harmonere godt med eit namneledd som i motsetnad til gáhcci er ganske hyppig i stadnamnbruk: ss gadtse, ls gadtsa, ns gazza: Det kan alt etter som stå for både «nagl, klo, klauv eller hov». Også Björn Collinder nemner kaddsa «nagel, klo, klöv, hov» (oslo 74).

Gazzanjárga = Klauvnes i Nesseby liknar ei krum klo, og Gazza-bákti og –mohkki i Kvænangen har djupt nedskorne bekkedalar, og Gazz-oaivi ved Kaperdalen på Senja har eit digert klauvavtrykk i blanke berget! Ei bukt Gazzagohppi sørvest på Magerøya ligg ytst på Áksonjárga («økseneset»), der det er talrike skòrer i fjellet til begge sider. – 

Ns gazzabealli tyder «klauv-halvdel» og går igjen i stadnamnet Gatsbelhøgda i Båtsfjord der Klauvvasselva skjer seg ned i sør, men nærmare høgda viser seg eit vinkelrett høgg i fjellet, ikkje så ulikt det i Kassmona. Slåande er òg at Kassmon-knausane og -kløftene liknar landskapet i Kastenøya (*Gazz-stein-øya?) i Vikna, så namneparallellane er ikkje få. Kassmona viser nok likskap med både klauvar og med naglar (negler), alt etter synsvinkel, og glir naturleg inn i flokken. Uttalevarianten Kastmona kan oppfattast som omkasting av Kats- = Kads-.

Bruket Kasmoen el. Kastmona nede i midten, sørom pytten Kas(t)movatnet. Området heiter kun Kas(t)mona. Oppe til høgre ligg Kas(t)monsletta, i sjøkanten nordom kaiene i Osan. Når sola står i sør aner vi at haugane er høgast i nordenden og ligg som ei rad av toppar. Men Hallfrid Christiansen knytte namnet Kassmona til den 54.4 m høge Storsteinhågen. Statkart.

Teksmona

Eldst er formene Texmonn og Thexmend år 1567. Den første viser at gardsnamnforma –monen har lang tradisjon. Attom den andre låg kan hende ein diffus tanke om at øynamnet Teksmona og gardsnamnet Teksmonen kom av eit helgelandsk hokjønnsord *teksmo lik *teksma, som det då var rett å fordanske til *teksmen, eller så er skrivemåten –mend berre slump13. Alternativt fanst der som eit føresviv om «mand» (liksom i «Hestmanden»), sml Thexmand 1610 og 1614? Forma Textmon kjem i alle fall igjen i 1661, med t–innskot som vi ser, derimot står det Texmon på Norlandia-kartet ca. 1745.

Hallfrid Chr. tok med foto av denne litt ruvande, haugforma øya òg, sedd frå opne fjorden. På nett finst dessutan foto av ho frå landsida au, med avrunda kollar skilde av talrike skard. I vest har ho meir taggut strandkontu og sundskoren topp, så det kunne ha noko for seg å tenke på ns doksái adj ‘istykkerrevet’, jf dokse, dovse ‘Skindlap med Haarene paa’, dertil ‘klut eller tøystykke tullet uordentlig sammen’, eit ord som

Teksmona er sundriven (lurvut) på nordvestsida. Det er òg høgaste mona på Finnvik-sida, nær Nattmålstuva (men namnet har likevel mest truleg ei anna forklaring). Kommunekart. com.

òg finst i ein variant dæfse hos J. Friis. Lydovergang -vs->-ks– er kjend frå nordsamisk sørvestover til ls14, men ei form *deakse er ikkje dokumentert. Det kan i det heile vere tvilsamt at forleddet Teks- i Teksmona er samisk, men ei drøfting av det fordrar ein artikkel heilt for seg. 

Hestmonkallen 

Kallen = Hestmonkallen, eller i friare namnebruk Hestmontippen, er høgaste pik på øya Hestmona.  Det er naturleg å sjå Kallen og Hestmannen som synonym, så det forvirrar at Kallen hovudet på Hestmannen! At kall svarar til gno. karl «mann, gubbe» burde vere klart, men er det ikkje: I Vågan har dei Vågakallen – til dagleg Kallen – med Litlkallen attmed, likeins har dei Olsaneskallen i Raftsundet. I Meløy på Helgeland fjellframspringet Riskallen kor høgt opp skogen går, Hagakallen på Dønna er eit bergnes – Kinnkallen er derimot ein bratt djupgrunne. 

I Vesterålen er Hårkallen (Horg-?) ein fjellpik  men andre stader er det namn på sjøsteinar: ns gál’li og ls gál’lo (Collinder: kál’lú) «stor stein, steinblokk; berg, klippe» er eit ord ein ikkje lett kjem unna i samband med slike bergkallar.

Andre stader står berg- og fjellformasjonar Kallen og Kjerringa attmed einannan og utgjer namnepar som alle er tvitydige pga. at ein får velje mellom norsk kjerring (gno kerling) eller skiftande samiske låneformer av same ord (Lehnw. 186) – kontra terrengordet ss gierege ‘topp-ende’ i ymse tydingar, lenger nord giera, gierrag-. Like tvitydig er terrengordet kall, som vi nyss var inne på – og særs tvitydig i sms Hestmonkallen: Som sagt er den langsgåande hesteman-formasjonen med hesteøyra lett nok å oppdage, frå havsida, så ein kjem kanskje ikkje unna at øynamnet Hestmona tyder  «hestemanen»? Eller skulle det vere så intrikat at ein ut frå klassisk norrønt skal tolke Hestmona som norrønt hæstmǫn f «høgaste mòna (måna)?

Kva blir då aller rimelegaste tolkinga av namnet Hestmonkallen: ‘berget på Hestmona’ el. ‘mannen på Hestmona’? Sikkert er jo at garden tradisjonelt heiter (i) |»hæssmōn~n| – øya (på) |»hæssmōna|. Derimot er det ikkje opplagt spor etter seiemåtar Hæssmana og Hæssmankallen, som J. Hestman insisterer på i si innleiing, for så å slå fast at mana har han aldri sett! No kan det jo vere meir enn ei meining om det siste, som før nemnt. For øvrig ser vi at det «umulige» fjellnamnet Hestmannen har «vikariert» for gardsnamnet Hestmonen eit halvt årtusen: Hesmaenn c 1521, Hestmonnd, Hestmonn eller evt. Hestmann15 1567, Hestmandt 1610 og 1614, Hestmand 1661 og Hestman 1723.

Namna Hestmonkallen og Hestmannen synest å vere det matematikken kallar inkommensurable, ved at Kallen er tradisjonelt namn på høgaste knausen på Hestmona medan’ Hestmannen’ er namnet turistane brukar om heile øyfjellet – det er postkortvarianten. 

Ein skulle vente at ‘kall’ og ‘mann’ stod for det same, men ikkje såleis i dette tilfellet, Hestmannen kunne tilsynelatande òg fungere som namn på garden, men ikkje (Hestmon-)Kallen! Det er eit paradoks som kan ha ei særleg forklaring: Det fanst før to uttaleformer av øynamnet, *Hestmana |-măna|, dativ *Hestmanen  |-mān~n|, då attåt Hestmona |-mŏna|, dativ |-mōn~n|, det siste kun om garden. 

Lang o i øynamnet kom opp ved påverknaden frå dativ, medan Hestmana, -manen gjennomgjekk vanleg nordnorsk omforming til ‘-mannen’ med palatal n: ‘hestmann’ var det lett å assosiere med fjellfortoninga..

Gno. *hestmǫn gav altså opphav til variantane Hestmona og Hestmana, og den siste vart i ny tid omtolka til Hestmannen. Annleis med gno *hrossmǫn: Ei langsmal lita øy i Bømlo heiter Rossmannsbleikja, i Vefsn er Rossmanns-hågen ein slakt hallande åsrygg. Formasjonane Rossmålen i Båtsfjord og Karlsøy råka ut for avsporande dissimilasjon frå -månen til -målen. Varianten *rossmona finst derimot ingen stad i landet.

Ambota 

Hallfrid Chr. har i sin Hestmon-artikkel ei profil-skisse som Jørgen Karlsen laga av Hestmona og Ambota, med det djupe Hestmonskardet imellom. Ho tolkar liksom Ivar Aasen Ambota som ambátt f  ‘trælkvinne’: «Navnene Hestmonkallen og Ambota kunne tyde på, at toppene i folkefantasien har vært sett på som et jutulpar, og at det engang har vært et sagn om disse to». – Venteleg tok ho teikninga med av di ho leita etter ein samanheng dei to namna imellom.

Ambota er ein kjegleforma ås vis à vis Hestmon-kallen, på hi sida Hestmonskardet. Frå havsida gjer åsen lite av seg, derifrå dominerer Hestmonkallen. Sjølve skrivemåten Ambåtta er blitt noko prestisjefylt av di Aasen i oppslaget ambætta (NO) skriv fjellnamnet slik. Etter uttalen kunne ein også tenke på hombot f. «kalvbot, knehase», men nord-norske feste for ei slik tolking16 er det smått med. – Frå enkelte vinklar er åsen lik ein ambolt med sitt typiske horn, så ei gammal ordform som svarar til glhøgty. anabôz «ambolt» synest ha noko for seg, det slo også Amund Helland frampå om.

Hallfrid Christiansen halla mot at Hestmonkallen og Ambota eingong vart oppfatta som jøtulpar, minnest vi, og kvifor ikkje? Dei som likar turist-versjonen best, med Hestmannen på sin gangar, finn det kan hende fengslande at gno. ambátt, ambótt bl.a. vil seie «trælkvinne», for ho måtte sjølvsagt traske til fots! Men ordet tyder òg «frille»: Ei slik ei ville vel få plass oppe på gangaren, bak Hestmannen? Ei innvending blir at Hestmannen etter segna var rasande over at Lekamøya var så utilnærmeleg. Kom han galopperande med eit anna kvinnfolk når han var ute på hemnferd? Det blir i så fall ein heilt ny versjon, fritt fram om du vil dikte meir!

At namnet «Hestmannen» både nører fantasien til turisten og fortsetter å utfordre namnegranskaren er berre positivt, men dei som frå hurtigruteleia innafor «Hestmannøya» ventar oppklaring i saka er ikkje på rett stad, Kallen og Hestmona må ein skø frå havet, der gno. hestmǫn f  «hestemanke» passar udiskutabelt. Stadnamn lenger nord stør opp under ei slik tolking, især Hestmana vestom Vardø.

Namna Kastmona og Teksmona blir for sin del svært viktige for å forstå sisteleddet i øynamnet Hestmona, men ei rad liknande namn lenger sør treng òg nærare utgreiing, særleg dei trøndske Mona-namna. I den store samanhengen må vi òg vere merksame på kvantitets-motsetnaden mellom sør og nord i Nordland: Først eit ord som i vår tid overalt er lite brukt, nemleg ei kona, med lang å-lyd i sør, men kort i nord. Like viktig Lånan om ein avfolka gard i Tjøtta, no Vega, med lang å (Rygh: halvkort-kort), gno. lǫn f  «Husrekke, lang Bygning, Hovedbygning, Vaaningshus» (NG 16: 62)17, i talemål elles lang til halvlang å (Vefsn) – men i nordfylket derimot alltid lånn f.

Vi kjenner truleg alle verbet å mone, monne «ha effekt», tradisjonelt uttalt med lang o i sør18 (der fanst òg varianten mūnä), mot kort o i nord19, gno. muna. Til verbet svarar gno. munr m «interesse, glede, hugnad; hjelp; fordel; skilnad» kjent frå uttrykk som «han såg mon i det», «det er mon i mindre» = er nøgd om det ikkje blir fullt så mykje, «det gjer ingen umon» osv.: I Vefsn blir ordet uttalt mon og langt sjeldnare mån (lang vokal i begge tilfelle), i nord er det derimot monn. Det seier seg sjølv at pga. lydleg analogi må det ha vore sterk innverknad frå dei sørlege formene av munr m «mon» på dei tidlege helgelandske formene av mǫn f «manke» vi møter i Hest-, Kass- og Teksmona, slik at sisteleddet her fekk lang, trong vokal. Dativ –monen hadde saktens litt å seie, men var neppe heile forklaringa.

Fotnotar: 

  1. Fødd 15.3.1889 på garden Hestmona, som hans foreldre dreiv 1886-1009, og eldst i ein søskenflokk på sju. Berre han og broren Hilmar tok Hestman til etternamn. Han skreiv flittig i Helgelands Blad, opplyser lokalhistorikar Rune Bang – men også i Håløygminne. ↩︎
  2. ‘Stor-setóya’ er sjølvsagt trykkfeil ↩︎
  3. K. Akre i «Finmarkens Amtstidende» 4. aug. 1883. Takk til Thor Robertsen.     ↩︎
  4. Norsk Ordbok b. 7: 1046 heimlar slik uttale til Valdres og Indre Sogn. ↩︎
  5. Opplysning frå Kjell Øksendal og Inge Strand.   ↩︎
  6. Mangåan ved Okan i Brønnøy kjem frå Mang-åvatnet; der går ei markert man i landskapet. Mangdalsøya i Vega er låg, men har ei lita høgd i norde halvdelen. Det er òg manformer ved Mangholmvatnet i Rana, og sistpå kan nemnast holmen Brattmangvarden i Lurøy. Er măŋ for măn ei «overtydeleg» form som oppstod i opposisjon til palatalen i măᶇᶇ og liknande ord, eller skal vi leite etter særskild forklaring i kvart tilfelle?    ↩︎
  7. Her bør nemnast ein haug i Vefsn kalla både Manen og Månen, på karta, og at fjellnamnet Rossmålen (Inner-,Mellom-,Ytter-) i Båtsfjord sannsynlegvis kjem av *Rossmånen. Det siste er endå meir sannsynleg på Nordkvaløya i Karlsøy, der Rossmålen ligg aust for Manen = Mannen: Desse to langstrekte fjellformasjonane er mykje like (Hm. 2013: 77).  ↩︎
  8. I  sin første artikkel fortel Hallfrid Chr. etter stud. philol. Inger Sollid flg: «I Vegårshei kaller folk den skarpe kammen på en snøskavl for mån, og de sier det er mån på åkeren når den er pløydd mot midten» (s. 130).    ↩︎
  9. Takk til Hans Peder Pedersen, Sifjord.  ↩︎
  10. Er blitt noko uttørka i nyare tid, men det har vore på tale å demme tjønna opp igjen.     ↩︎
  11. Lokalkjent folk veit berre av eit eldre parallell-namn Kvitmana.       ↩︎
  12. Bergholmen Månen utanfor Fenes på Landego er noko oppdelt og fleire stader brattkanta og jamhøg på havsida. Er kanskje fleirtal av mån f.      ↩︎
  13. Finnkondalsmennen(e) på Andøya er ei fjellside full av skarpe, tilnærma parallelle ryggar. Høgaste toppen av desse i vest og aust blir kalla Trollet o.l., og den austre er méd for tilroren Mannen på Bø- og Sørmela-havet.    ↩︎
  14. . Sammallahti 1998, «The Saami languages» s. 197 (7).     ↩︎
  15. Lesemåten tvilsam, sjå Hm. 4: 449.  ↩︎
  16. Jørgen Karlsen kallar Ambota eit lite tilheng austafor Hestmonkallen som nærmast liknar ein stor knehase (Hm. 1939: 369).     ↩︎
  17. Brynhild Engen i Vega bygdebok b.3: 54: «Lånan er ei rekkje med låge, små holmar. Når ein kjem eit stykke frå landet, ser det ut som husa står i havet eller veks opp av det».   ↩︎
  18. I Vefsn mōn m (frå Forsjord likevel mån med lang å) og tilsvarande mōna v (frå Langvatn  like-vel mūnä), i nord derimot kort o i både mon m og mone vb. (Vefsn-målet, Gimsøymålet o.a.)     ↩︎
  19. Kvinnenamnet Mona er ikkje gammalt i nord, men ei frå Andøya som var fødd 1918 og offisielt heitte noko anna, gjekk all sin dag under namnet ho Monna, og ingen kjente henne under anna namn. ↩︎

Nyskrive i høve til «Hæssmona – Kassmona – Tæksmona» i Namn og Nemne 9/10 -1992/1993