Lofoten og det samiske
It’s established knowledge that Sámi (Laps) were present in Vesterålen for several hundred years. J. Qvigstad drew attention to the remnants of their dialect, but never to the neighbouring Lofoten islands, which like Vesterålen have a majority of farm names of unmistakable Norse type. Not unexpectedly the author has met some sceptisism when stating in a recent work of place names from the outermost islands of Værøy and Røst, that Sámi PN elements exist there. Being a Norwegian PN scholar himself, born and living in Vesterålen, the author according to established historical attitudes finds sceptisism legitimate, especially when he claims that apparently Norwegian PN elements like Bon, Galt, Gull, Hund, Katt, Kjerk, Kol, Kors, Mørk, Purk, Spann, Tjuv, Vard, Vott &c. may show Sámi influence as well. In his opinion, however, a new approach is needed, as several other Sámi PN elements are obvious throughout the Lofoten islands.
Takk vere dei mange bruene er øyriket Lofoten – Vesterålen frå Andenes til Moskenes blitt nesten eit «fastland» for dei vegfarande. Andøy kommune svarar til det gamle Dverberg hd, jf NG b. 16, mens Gimsø hd. no er ein del av Vågan kommune. Det gamle Borge hd. og Buksnes hd. vart Vestvågøy k. Flakstad hd vart derimot Flakstad og Moskenes k. mens det gamle Værø hd. er blitt Værøy og Røst.
Sokneinndelinga det er vist til i framhaldet har lege meir fast. At nokre sokn ( i Lofoten Valberg og Hol) hadde kortvarig status som eigne kommunar kring midten av 1900-talet kan sjåast på som ein historisk parentes. Så langt den nære forhistoria.
Glasiologien meiner at Lofoten og Vesterålen var eige nedisingsområde. Stadnamngranskinga arbeider ikkje under dei tidsperspektiv det då er tale om, men det er tankevekkande at delar av kyststripa i øyriket må ha vore isfri under siste istid.
At det samiske innslaget i Vesterålen var sterkt, er veldokumentert, endå gardsnamna stort sett er norske og parallelle samiske former i all hovudsak er henta frå norsk (Qvigstad 1938: 201f). Det fanst like fullt ein eigen vesterålssamisk dialekt, men Qvigstad skriv: «De gamle sjøfinner i Vesterålen var i slutten av forrige århundrede gått opp i den norske befolkning og hadde ophørt at bruke sit morsmål. Da jeg i 1889 besøkte Vesterålen, hadde jeg møie med at finne en lap, som ennu talte den gamle sjølapdialekt. Det var en 60-årig sjøfinn på Holme[!]stad i Eidsfjorden. Han og hans hustru talte ennu lappisk; men efterat de hadde fått en norsk tjenestepike, var norsk blitt husets sprog og barna talte kun norsk» (Qvigstad 1929: 37).
Såleis var stoda 1889 i den gamle sjøsamebygda Eidsfjorden, som den tid høyrde udelt til Hadsel. Men i ettertid har det vist seg at den siste i Øksnes som kunne noko vesterålssamisk, døydde så seint som 1936. Ho var fødd i Navarsbora i 1854 (kjelde: Johan Borgos, munnleg). Slik sett kunne nok Qvigstad i 1889 ha fått tilfang frå ressurssterke personar i område som Skjerfjorden og Romsetfjorden i Øksnes, om dei elles ønskte å gje seg til kjenne, men det kan kan ha vore usikkert, for på denne tid kosta det å kalle seg eller bli kalla finn, så det var ikkje heilt utan grunn at Qvigstad «hadde møie».
Få samiske spor i Lofoten?
Samar i Vesterålen og Tysfjorden kalla Lofotøyane for Láfot; ofotingar sa Lofuöhttá (Qvigstad 1897: 207). Ut over sjølve regionnamnet er det ikkje skrive ned nemnande samisk språktilfang frå Lofotøyane, korkje av Qvigstad eller andre, det ein veit.
Vågan (som kommune) heiter i dag Voagat på normalisert nordsamisk. Men når Vagek (J. Friis: 793) eller Vákeh (Qvigstad 1993: 340) også kunne stå for (denotere) fiskeværa i Lofoten, understrekar det kva ry fiskeværa i Aust-Lofoten hadde. Jf at «Nordlands Trompet» framhevar både Vågan og Skrova – på samisk Skroavek, Skroavak (Qvigstad 1993: 299), men lar omtalen kulminere slik: «I Vogen at findes, i Vogen at roe, i Vogen at fiske var alle mand froe, Om Vaagen lod alle Mand raabe» (Dass 1739: 36, 97ff).
Det kan sjå ‘forfordelt’ ut at Vågans granne i vest må ta til takke med sekundærnamnet Vestvågøy av di det opprinnelege øynamnet Lofoten no har ekspandert administrativt og idag står for heile regionen, når eit makeskifte i namnevegen skulle ha vore historisk meir rettferdig.
Pontoppidans kart frå 1795 kallar Austvågøya for Ost Vaagen og Vestvågøya for Vest Vaagen, medan kartet etter Kristine Colban frå 1814 viser elles stort samsvar med førstnemnde i namnevegen og har ‘Vaagøe’ for Austvågøya og ‘Vestvaagen’ for Vestvågøya. Det spørst om dei ikkje berre sa Vågan som no, og kanskje Vestvågan?
Stadnamn frå Vågan som Saralapphellene, og Hælsolia ved Svolvær (Hælso var etter segn slektsnamnet til den siste reinsamen i området) kan vere interessante nok, men fortel ikkje kor talrik folkegruppen var). Det same gjeld for namn som Mæretlia i Buksnes og Mæritneset i Røst, der ein vel har med det samiske kvinnenamnet Máret å gjere, berre at det samiske mearra-riddu ‘hav-strand’ òg må nemnast.
I alle fall kan dei talrike stadnamna med forleddet Finn- i Lofoten ikkje vere anna enn vitnemål om samisk aktivitet. Dei mest skeptiske kunne innvende at utmerkinga Finn- vitnar om at samisk etnisitet var unnatak, men du taler ikkje lenge med innfødde lofotingar om saka før det kjem fram seg at dei har høyrt om samane som budde i Olderfjorden i Gimsøy og kan nemne både Finnstøa og Finnstranda i botnen og lenger ut i fjorden Finnmarkdalen. I klasse med Finnstøa kan nemnast lendingar som Finnbåtan på Helle i Vågan, Finnlandsskjeret i Brenna i Gimsøy, Finneset i Vågan og i Buksnes, og Finnhamn i Vågan og Valberg og tre stader i Moskenes. Av same art som Finnstranda er Finnrøddelva i Gimsøy, Finngammdalen i Vågan og Finnbyen i Flakstad. Der finst òg namn som kan hende er endå meir alderdommelege, som Finnberget i Flakstad, Finnhammaren i Buksnes og to stader i Flakstad, Finnhellaren to stader i Vågan og i Borge – attåt Finnhelleran og Finnhola i Flakstad. Finngrenan i Gimsøy ein stad var nok fangstplass, meir uvisst er bakgrunnen for namnet Finnurda i Moskenes.
Finnteltan heiter ein utmark-lokalitet i Molgavlen i Vågan og i Nykmarka, Vestvågøy. Om sistnemnde opplyser Lina Sjølie nyåret 2023 at ho og Kjell Arne Sivertsen først lokaliserte nokre sannsynlege tufter i terrenget; ein arkeolog frå Sametinget kom sommaren 2022: «No er der registrert gammetuft, teltbu-plassar, diverse forråd osb. Riggarsteinen … kan ha vore ein stad for oppbevaring av teltstenger, i følge sametings-arkeologen».
Då det 1915 vart bygd gardsveg over mòlbakken på gnr 3 Sjøbakken på gnr 16 Værøy prestegard, fann dei eit skjelett som dei la ned att på same stad: Det var inntulla i never («Nordlandsposten» 28.7.1973), noko som gjennom lang tid var vanleg i samiske urdgraver (Storli 1988: 20f). Den nemnde Finnbyen (ein siida?) i Flakstad fortel tydeleg nok om samisk tilhald av noko slag: Etter ressursane på staden skulle vi like gjerne tenke på fangst av oter og urdkatt (røyskatt) som på fiske.
Derimot finst tradisjon om at fiskarar frå Tysfjorden rodde frå Lapp-hola på i Moskenes, der elles heimefolket heldt ein viss age og avstand. At dei i Borge som etterlet seg minne i form av namn som Stopplia og Stoppstranda var fastbuande på kvar sin stad er sannsynleg, iallfall er likskapen med ns stohpu ‘stove, hus, hytte’ (ls dåhpe) klar nok.
Skepsisen.
Norsk rapportdel i «Nordisk namnforskning 1994», signert Gulbrand Alhaug og Oddvar Nes, omtaler boka «Nøkkelen til Utrøst» og seier om forfattaren (F. Myrvang) m.a. «at den tendensen han har til å leite etter moglege (sjø-)samiske ord som grunn-lag for stadnamna i stroket, går for vidt. Det kan sjå ut til at han er mindre oppteken av å drøfte mogleg norsk grunnlag». Det er t.d. nemnt at eg for Vishellaren i Røst tenkte meg samband med sam. viessu ’tilhald’: «Men like gjerne kunne det vere diskutert om gno. vist ’tilhald, bustad’ ligg til grunn ..»
Dømet meldinga nemner, illustrerer kor tvitydig samanhengen mellom norsk og samisk kan vere, då det nordsamiske ordet, som vel å merke finst i tilsvarande tydingar i lulesamisk og i sørsamisk (veasoe), står i samband med gno. vesa v. (de Vries, jfr. Qvigstad 1993: 347). Også det norrøne ordet meldinga nemner finn ein att i nordsamisk, nemleg visti «hus, bustad, bygning».
Om tolkinga av eit einskildnamn vil det tidt vere usemje; ofte nok ser ein sjølv noko annleis på ei sak med åra. Men drøftinga av eit namn som det nyss nemnde vil i utgangspunktet naturlegvis ta farge av om ein trur på ubroten norsk tradering av stadnamn i området eller hallar mot at nordisk stoff er blanda med el. i det minste påverka av samisk. Viser her til ordlyden vidare i meldinga: «Dette er ikkje skrive for å fornekte samiske innslag i namneelement i desse to herada, men for at Myrvang i sin iver etter å påvise samisk ikkje må ta lett på at det frå og med Querini (1432) ikkje har vore ymta frampå om samisk folkesetnad her. Om pendelen – av ymse årsaker – i lange tider har slege ut til fordel for «norsk» grunnlag for (dei fleste) namna i desse stroka (dvs. Nordland, treng ikkje pendelen slå så sterkt ut i motsett veg» (s. 161).
Tanken om samiske namneinnslag og evt. alder på desse er omtala over tre tekstsider i boka det her er tale om. Dessutan, dersom eitt eller fleire Lofot-stadnamn har sannsynleg samisk opphav, er dei no samiske enten vedkommande samiske folkegruppe var blitt assimilert på P. Querini og Aslak H. Bolt si tid eller lenge før. Men elles kan skepsisen i meldinga på eitt vis vere forståeleg, for i arbeid med stadnamn frå Nordland eller andre område har det absolutt ikkje vore vanleg å skjegle både til norsk og samisk. Det tar tid før «dobbelt bokholderi» med norske og samiske grunnord blir ein naturleg metode i norsk namnegransking.
Så lenge uttale- og/eller skriveform av eit namn ikkje fortonar seg opplagt fremmendarta, og så lenge eitt eller fleire namneelement i det minste kan ha norsk (nordisk) opphav, vil det nok vere alt anna enn lett å vinne tilslutning for alternative samiske tolkingar av stadnamn, frå område som etter utbreidd historisk oppfatning er udelt norske.
Argumenta for at dei merkelege og talrike namnelagingar i Lofoten på Bon, Galt, Gull, Hund, Kall, Katt, Kjerk, Kol, Kors, Mørk, Purk, Spann, Tjuv, Vard, Vott mm. har topografisk innhald nær knytt til samisk fall nok på steingrunn, i første omgang. Men argumentasjonen var knytt til namne-tilfang der alfabetisk ordning og kvantitativt oversyn gav grunn til ettertanke. Her er det stadnamn-data som viste noko, ikkje primært «Myrvang i sin iver etter å påvise samisk» som det patroniserande vart sagt i 1994. At bokmeldinga frå 1994 likevel ikkje fornekta at det finst samiske innslag i stadnamntilfang frå Værøy og Røst var likevel alltids noko, og prof. Alf Ragnar Nielsens bok med tittelen «Samisk fortid i Lofoten» frå 2022 slo fast at skepsisen mot samiske innslag i stadnamn-floraen i Lofoten var grunnlaus og var noko ein kan legge bak seg.
At vi også i øy og vær i Nordland har ei gråsone der mange presumptivt norske namn har samisk opphav, heilt eller delvis,er no etablert faktum. Men som alt er sagt: «Det viktigaste er faktisk å vere like open for ei samisk som for ei norsk stadnamntolking – eventuelle ‘feilskjer’ vil nok framtidige namnegranskarar vite å ta seg av» (Myrvang 1994: 23).
Samarbeid?
Få norske stadnamngranskarar har noko samisk tilleggsfag, endå mange visst meiner at samisk er nyttig til forklaring av norske stadnamn. Det er òg «ei kjelde som det i parentes sagt er prinsipielt tvilsamt å bruke utan i samarbeid med fagfolk på det språket det gjeld» (Vikør 1997: 113), ei fråsegn ingen kan vere usamd i! Men det spørst óg kor mange fagfolka er, og kor tilgjengelege dei er i praksis. Det er legitimt at den fullkunnige på vegner av sitt eige fag seier «rør ikkje mine sirklar». Den som markerer seg slik, går neppe i samarbeidstankar.
Kva så med ei anna framtid, ein tilrådeleg utdanningsveg for stadnamn-granskarar in spe? Lite truleg er at dei umakar seg med å velje samiske tilleggsfag, med mindre dei trur på nytteverdien. I ventetida skulle det knapt vere gagnlaust å syne, etter den innsikt ein måtte ha i emnet, at det eingong fanst eit samisk influensområde mykje større enn i dag.
Norske stadnamngranskarar som ser det samiske aspektet innafor sitt geografiske område, men som av respekt for samisk fagekspertise held fingrane av fatet, og samisk ekspertise som ikkje i utrengsmål seier noko om namnetolkingar i dei område der ein ikkje brukar rekne med samisk påverknad – det er stoda og må i prinsippet så vere. Men dersom fagleg posisjonering blir det viktigaste og ikkje konstruktive initiativ og forhandlingar om gråsonen, der det ligg ein felles namnearv å ta hand om, er lite vunne og mykje tapt.
Avgrensing?
Innafor lokal og regional lokalhistorie og namnegransking i Nordland er det tydeleg veksande interesse for det som er eller kan vere samisk. Ei norsk forklaring, dersom ei slik finst, bør fortone seg uviss eller dunkel for å bli forkasta, og den alternative samiske etymologien bør vere eit kjent topografisk ord som går rett på sak. Og i fall ei nordisk tolking av eit namn frå eit presumptivt ikkje-samisk område er usikker, bør det vege tungt dersom namnet minner mest om stadnamn som blir rekna for å vere samiske – sjølv om tolkinga heller ikkje der er sikker nok Det er sjølvsagt viktig dersom vedkommande ord finst i samisk, men er heilt ukjent i norrønt.
Lofoten kontra Vesterålen.
Fagfolk på samisk vil ut frå tilfanget i «Nordische Lehnwörter» kunne seie ikkje så reint lite om kva særmerke vesteråls-samisken hadde, men i Lofoten har vi berre stadnamna å bygge på. Desse er nok ikkje mindre påverka av norsk enn vesterålssamisken var på slutten. Men på line med dei fullt norske stadnamna i Lofoten er nok også desse svært gamle. Når namnetilfanget er registrert og berga, kan tida vere inne for å seie meir om alderen. Innsamling av stadnamn frå Flakstad og Moskenes er langt frå fullført.
Kva Lofoten representerer i nordnorsk samanheng treng ein knapt gjere nærmare greie for: Ressursrikdom og dermed ferdsle til og frå førte til spreiing av impulsar over svære avstandar langs kysten, også språklege. I så måte er der mykje å undrast over. Ein kunne blant norske stadnamn i Vesterålen t.d. hente fram fiskeplassen Bæljupa /»bæljūpa/ frå Malnes sokn i Bø, ved den brådjupe Bældjuphammaren:
Her er neppe tale om sam. bealli «halvpart, del, side», snarare eit norsk forsterkarord bæl(e)-, jfr. Ross, berda, som ein elles må til landsdelar i sør for å finne i bruk. Stoda er noko av den same for det i nordlandske stadnamn sjeldne dokk f. «Huulning, Fordybning» (Aasen).
Eit interessant ord hos Ross er delp m «(kuppelformigt) Forbjerg som styrter noget brat i Havet? Maaske kun i Stedsnavnet «Delp’n» paa Forbjerge i Vesteraalen og Lofoten». Ross går ut frå at ordet har nordisk opphav, men jf med samiske stadnamn Dolpi, Dulpu, Doalpo gjer dette noko uvisst, då især Dealpu som namn på eit nes i Nesseby (Qvigstad 1938: 17).2
Om emnet samiske namn i Lofoten, er alt sagt ved eit tidlegare høve (jf og Myrvang 1994: 23, 26): «Lesarane får ikkje la seg forvirre av at det skiftesvis er henta ord frå nord- , lule- og sørsamisk, for mange av namna oppstod i ei fjern fortid då det var mindre dialektskilnader enn i dag: Også nordiske språk har skilt lag, men like fullt er det nyttig å samanlikne svenske og danske eller islandske og færøyske ord med våre heimlege norske. Dessutan kan vi gå ut frå at både fastbuande og farande sjøfinnar så vel som flyttande reinsamar har sett namnespor etter seg i Lofotens fjordar og fjell, så samiske ‘avtrykk’ kan ha svært varierande alder og opphav» (Myrvang 1996: 46). Det kan vere nyttig å understreke dette ein gong til.
Fleire samiske døme.
Med så mykje sagt blir her lagt fram endå ein del stadnamn frå Lofoten med sannsynlege samiske innslag, og ei enkel alfabetisk rekkeflg. er venteleg tilstrekkeleg for alle praktiske formål.

Alkostranda heiter ei av dei mange vikane på nordsida av Gimsøya i Lofoten. Vika er grunn, og i fjæra er det både berg og sand, men over flomålet ligg ei fin, grasgrodd slette. Forleddet Alko– er det heilt uråd å få rimeleg meining i, med norsk ordtilfang, meir relevant her verkar ns ađ’ga «flat strekning ovenfor flomålet, bevokset med fint gress» , også med variantar: både ar’ga (Alta, Kvenangen) og al’ga (Nesseby og Tana), app. nr 4. Om Alko- les Algo– er heilt ordinær sørleg variant av ordet eller røper gno. kasusbøying er eit ope spøsmål.

Apnes |»āpnes|, |»apnes| er matrikkelgard i Hol. Skriveforma Arpnes 1567 er avvikande; elles peikar fleire av skriveformene frå 1600-talet (NG 16: 338) i retning av uttalen Appe-. Fjordstraumen mellom Apnes og Finnstad fell aldri heilt tørr, men fjærar nok til at dei kunne drive kyrne over. Pollen innom er grunn, mens det dyper utfor Straumen, der fjorden blir breiare i retning Vestfjorden. Det ligg nær å tenke på ns áhpi «hav» (nordisk lån), dette så mykje meir som eit tilsvarande áhpenjárga er kjent frå både Troms og Finnmark (Qvigstad 1935: 9, 1938: 78). No er Apnes-området er myrlendt òg, så under større tvil nemner eg at ordet også kan tyde «(stor) myr» (Qvigstad 1944 nr 28, 29).
Baltaheia |»bahᶅtaheia| i Borge, kalla Håtindheia òg, er bratt avgrensa mot vest og endar bråbratt i aust. Men nord-nordvestover frå Håtinden flatnar ho meir og meir, til ho endar brått og bratt også i nord. Så ls bállde (Spiik), bál’te (Korhonen) «(lång, ej brant) sluttning» høver godt, medan ss baehltie «bergside» avvik meir. Det nordlege tydingsinnhaldet passar også for fjellnamnet Balten på Senja, frå Baltsfjorden i aust. Bratt på sidene og flat oppå liksom Baltaheia er likeins Forabalten langt sør på Rebbenesøya. – Baltsfjorden på Senja og i Baltaheia i Lofoten, side om side med namn med forledd norr. gno Hå– ‘høg’ syner syner ‘sameksistensen’. Det aktuelle samiske ordet er i flg. B. Collinder elles kjent frå finsk med, i former som paltta, dial. palta «bergsluttning, sluttning vid bergsfoten, terrass», «bryn, rand, brädd», «brink, backe, skogsbacke» (jf. den flate og ikkje så ruvande Balten i Stønnesbotn på Senja).
Buksnes |»boksnes| er gards- og soknenamn i Lofoten. Det er her tale om eit nes som har hatt ein del landheving, men der springflør enno setter store delar under vatn, til ytste delen av neset er nære på omflødd. Det same heiter ein matrikkel-gard i Hinnøy-delen av Bjørnskinn s. i Vesterålen: Der òg stig springflo opp i gamle vikar som i våre dagar vanlegvis er flofritt flatland.
Lite kjent, men i vår samanheng interessant er at inste arm av Husvågen tett nordom Svolvær lufthamn heiter Buksnespollen, og nordover der ifrå og over til Vatterfjordpollen går dessutan den ca 50 m breie Buksnespollmyra. Ved 10-meters-koten blir store delar av myrgjota ein val, og ved 15-meterskoten er det berre eit 150 m breitt eid som bind den namnlause halvøya eller neset i aust til det kan kalle fastlandet i vest. Her òg har landheving fordunkla namnesamanhengen, og kva som var det opphavlege *Buksnes i dette tilfellet kan vi tenke oss til etter kartet, men ikkje vite sikkert.
Eit interessant ord knytt til med Buksnes-namna er ns bovccis, «buktet vik (i elv)»: genitiv bokcá finst som eige stadnamn i Tana. Med full ordlyd er bovccis definert som «buktet vik i en elv (hvor det ved flomtid dannes en øy») (Frette 1991:131, likt med Qvigstad 1944: nr. 102, jfr. 1938: 45); «buktet vik» høver framifrå også for dei tre omtale Buksnes-namna.
Børra |’børra| i Flakstad er ein ås. Det høver at ns borri tyder ‘kant, ås, bakke’ jf. ls bårre «högsta punkten (på berg, kulle) og sørsam. burrie «snau bergrygg; stor skoglaus knaus». Same ås- og fjellnamnet finst fem stader til i nordfylket, men storleiken til desse lokalitetane varierer. Mest ruvande (især sedd frå nord) er nok fjellryggen Børra på grensen mellom Dverberg og Bjørnskinn på Andøya. Truleg har norsktalande i alle desse tilfella lånt det samiske namnet så tidleg at *Borri vart oppfatta som einstavings hokjønnsord i b.f. form og utvikla seg vidare i norsk i samsvar med det.
Heilt for seg står Børda |»bȫro| som det genuine Skjerstad-namnet på det karta kallar Børnupen (708 m) i skilet mellom Skjerstad og Bodø og tett opp til Børrvatnet (kort ø) som Børrvasstindan sørom Bodø har sitt namn av. Uttalen av fjellnamnet samsvarar her med bunden form av byrde f, men det folk i Skjerstad kallar Børnupen |»bȫṇūpen| er ei anna høgd, ved Børnupvatnet nærmare Misvær. I desse to tilfella peikar vel uttalen i norsk lei, same kva forhistorie. I uttalen av ås-namnet Børra i Svolvær er det tonemvakling, men einstavings tonem er tradisjonelt.
Ettemesdalen |»ætęmes-| i Hol minner m.o.t. utmerking framfor alt om ns éhtemas ‘blokkebær’ – i ls har dei eit anna ord, benamuorjje (Spiik).
Finnfjorden er ukjend no, men Aslak Bolts jordbok har, som første posten under overskrifta J Wargfoot , «af Finnafyrde … vid Rekeid», derpå kjem Selfjorden og Hovdan: Det peikar tydeleg nok mot Tors-fjorden.
Rygh meiner «Rekeið kunde maaske være dannet af reki m, Vraggods», men i samisk kontekst er det meir naturleg å vekte at tett på sørsida av Torsfjordtinden går det tronge gongskardet Skoren frå Torsfjorden over til Kvalvika: samisk motstykke til Skoren er ráigi hol, opning, dalføre. Dette kan vere *rekeidet, sml Rekdal i Borge. Torsfjorden har for sin del neppe med mannsnamnet þórr å gjere, sjå seinare.

Gimsøya |»jemsøya| ber avstikkande namn ‘or Gimisto’ (dativ) i Aslak Bolts jordbok. Det blir i nominativ eit øynamn Gimista. Uforklarleg i norsk kontekst med ikkje samisk, ettersom øya er full av djupe myrhol, ‘kjelar’ å kalle, ns gieđbmi, ss giepmie, giemnie (ordet finst i ei mengd former): ss *giemniestahke «område med kjelar» tilseier, i samsvar med andre terrengord på –stahke («område med ….»), ei kortform i nominativ *giemsth på line med kjente landskapstermar sierksth, snurresth, strompsth o.fl..
Norsktalande forstod ikkje suffikset –stahke i det ss *Giemniestahkh(e) men tok kortforma *giemnisth for å vere eit øynamn på –st. På garden Gimstad i Bø har dei myrlandskap av same slag, men der vart den fulle forma av same ordet tilpassa gardsnamn-kategorien –staðir.
Gjermesøya i Buksnes heiter Germarsøy i AB 97. Det er i Ballstad, og tett opptil sørvestre hjørne av øya ligg Finnholmen, med sandbotn omkring. Det er ikkje undersøkt om det finst makkefjære i det området, men ns gearpmaš tyder «orm», jf ss gearma, gîermesj(e) i same tyding.

Gjersvoll |’jæṣvåᶅ| gnr 19 Gimsøy >gnr 67 Vågan: Garden ligg i enden av ein kupert, men ikkje så høg rygg, i elles heilt flatt land med dyrka og udyrka myr på sidene. Gl skriveformer: Heirsuold, Hiersuold 1567, Jersuold 1610, 1612, 1614, Jersvold 1647, Jesuold og Jesuoldstrand 1667, Jerswold med Stranden 1723. Den påfallande skrivemåten Heirs- 1567 har parallellar i skrivemåten for Jennestad og Hjellsand m.fl. same år; uttaleopplysningane i NG stemmer ikkje. Forledd er nok ns geahči ‘spiss, ende’, ei tolking som høver godt også for gardsnamnet Gjersvoll i Sunddal og bruksnamnet Gjersvollen i Gulen.
Gullfiskskallen i Værøy, sjå under Vippstøskallen.
Gurraskjeret i Moskenes er delt i to, og båtførarar som berre anser den eine halvdelen er ille ute! Gurratinden i Hol sokn har eit par markerte kløfter på søraustsida, mot husa i Sennesvika, og fjellsida elles er nokså uslett og opphakka. Sml. ns og ls gurra ikkje berre «kløft, lite skard», men også ‘skòr, hakk i kanten el. egga’, ss govre (Hasselbrink, guvre).

Haggvågen |»hagg-| Borge er gnr 23 > Vestvågøy gnr 91. Skriveforma Haggevåg 1610 liksom Haggeuog 1667 vitnar om same uttale. Garden ligg lunt til, og forleddet er nokdss ss –hagke (som sisteledd) ‘stad der det veks tett og frodig’. Nordisk lån.
Denotasjonsendringar har skjedd, for sjølve pollen heiter no Hovden medan den eigentlege Hovden aller ytst i pollen er blitt Hovdhaugen. I Haggvågen er nausttufter. – Imot Hovdhaugen ligg Folkneset, jf ss voelkove ‘avreise’, vuelkedh v = lulesam. vuolgget v ‘ta på tur, fare’ etc.
Haldegamman |»hahᶅƫegamman| gnr 3 Sand i Gimsøy var husmanns-plass nær Haldegamneset. Der er djupt nok på nordsida, i stilla kan du legge åt berget; der er også småbåtlende i ei lita vik tett sørom. Det er lite sannsynleg at staden heiter slik etter ein halt ein, forleddet må vere sam. háldi «skytsånd, godvette», jf A. Nesheim i «Leading folklorists in the North» (1971:331).
I ns svarar eatnam-háldi og mearra-háldi til land- og sjødraug i norsk tradisjon, jf Halde-staffo i Kåfjord: ‘der drev et lik i land’ (Qvigstad 1935: 40). I stadnamn er háldi òg dss kultstad, jf Louise Bäckmann, ‘Sájva’ (1975:69f,129f). Haldegamman er utan tvil identisk med det forsvunne Skrattgamman (s.d.), men uklart førebels er om det er tale om berg-formasjonar (hellarar).
Herdagan |»hæḍāgan|, eit kupert område i Borge, var beite for gardane Ramberg og Haukland. Det er eigentleg ei aksel der Bjønnurdkammen lagar skarp avgrensing i vest og der Tverrfjellet i nord fell litt bratt av mot myra ved Finnelva; iblant blir sagt Herdagsaksla.
At *herredag i borgfjerdingsmål lett vart til Herdag- er klart, men å forklare ei så langhenta utmerking står igjen. Annleis om vi orienterer oss ut frå norr. herðar, germansk *harþiōz, jf ns hárdu «herd, ryggen mellom skulderblada», på ss hardage (Qv 1893 Hattfjelldal), rettare haartege (aartege) ‘herd, skulder, skulderblad’ (Bergsland og Magga). Så er då òg Aartegevaerie fjellnamn på Helgeland, i grensestroka mellom Uman og Røssvatnet, med annan skrivemåte Ardagevarre (Qv 1938: 229).

Horseid |»håṣei| er gnr 2 (avfolka) i Moskenes. Namnet kan visst ikkje forståast likt med Horsdalen i Gildeskål, dvs. hors– <horns-, ei anna forklaring på namnet er nok meir sannsynleg: Bekken Stielva kjem frå Horseidvatnet (ei tjønn) der vassenden heiter Vadet og fårsom ei smal utviding kalla Litlvatnet like etter, før bekken fell som eit urlite stryk nedover ein ca 15 m høg berg-brink. Det må vere tale om hor’sa som låneform av fors m (Qv app. nr 395, Gullesfjord). Sisteleddet –eid er å forstå i lys av den ferdsla som namna Stielva og Vadet vitnar om. Vi må også vere merksam på at i øyriket Lofoten og Vesterålen skal ein bekk ikkje vere så stor for å bli kalla «elv».

Inndyr |»iᶇᶇdȳr| er ein del av gnr 9 Meland i Røst. Vart i flg. O. Rygh «opkaldet af en Indflytter efter Indyr i Gildeskaal». Opplysninga lar seg slett ikkje kontrollere i ei handvending, men landskapet begge stadene tilseier heller ei sms av ss iêndje (Hasselbrink) = îentje ‘dyrka eng, voll’ og –ivre «øyr», dvs *Iendj’ivr, jf her Sørfold gnr 45 Iw’rē = Øyra (Qv 1938: 220).
Jarsponen |»jāṣpōn~n| ved Lauvika på Gimsøya var ein lett kuven rabb, no flatare blitt pga masseuttak. Særmerkt for myrområdet tett attmed er stolpemyrar med leirgrunn, med ein særskild grasart som veks i tuver og sklir til sides når ein prøver å ta seg over myra. Dette kan koplast til njáhtsek(suoi’ne) ‘ett slags långt gräs, som växer på tuvor’ (oslo 138) og njáhcehpowdna ‘hohes Grashügelchen im Moorgelände’ (Lagercr. 1939), sml fi. käulamätäs utlagt ‘Halshügelchen – wegen des dünnen unteren Teiles und des leicht ablösbaren Kopfes’ (Lagercr. 1939). Så njáhcehpowdna er dss njæcekbovdna ‘en egen slags Tue, der er videre oppe end nede som et Hoved, Kjærringhue’, av njæcek «Græs, som vokser paa Tuer i Myr’ (Friis 1887:499).
Jenndalen |»jeᶇᶇdāl~n| i Gimsøy bnr 4,9 > Vågan 52,9: Dalen fek for lange tider sidan si form av pga. ein bre, jf Jennen og Jennskardet i Bø, likeins Jennskardet i Øksnes. Forleddet Jenn- er jiednja = jiekŋa ‘is’.

Joffalia |»jofalīa| på Stormola i Vågan ligg i eit område med mykje blokkstein og urd: ns og ls juovva ‘urd, blokkmark’ (sørsam. joeve) gir fullgod meining.
Joprim (i) |’jōprim| på Hov på Gimsøya er i dag eit oppdyrka område med små myr pyttar attmed nær opp til berg. Dei som eig bruket, fortel at før fanst det på staden ei flomvasstjønn, Stortjønna kalla. Namnet er eigentleg jobrim, omkasta form (metatese) av jobbirm ol. ‘sump, pytt’ mm (Qvigstad 1944: nr 431).
Kjerkfjorden gnr1 i Moskenes (avfolka) kan heite så etter ein diger stein i fjellsida kalla Kjerka, men helst er det eit sekundært namn. Fjellsidene kring fjorden er fulle av svadberg og ikkje minst blokker, forleddet i namnet er nok kier’ke dss ls giergge, ns geađgi ‘stein’ i altomfattande meining.
Kjuklingdalen, skriftpåverka gjerne Kyllingdalen, er ein matrikkelgard i Buksnes som er veldig steinut, og ss tjuegkele (Hasselbrink: tjuöggele) vil seie just det. Sml at også Kjukkelmarka gnr 42 Hamarøy er skrive Kylling- 1567 (NG 16: 267), så ikkje seinare før den aller siste tid. Her er uttalen Kjukkel enno i friskt minne. Typisk for sistnemnde område er haug på haug med stein og atter stein, men så å seie ikkje skog.

Kumannskallen |»kūmaᶇskaᶅᶅ˜ᶇ| i Røst er ein sei-grunn og går med stort brott i tung sjø. Meir å lite på enn eit elles ukjent ord *kumann er ns gupmat «buldre» (vel i aktioform gupmam) el. gupma ‘bulder’, i siste tilfelle med gl. gentiv på –n ?. Sml også ls kumaitit «(om vinden) dåna, brusa» (Grundström).
Laukvika bnr 3 Gimsøy gnr 18 >Vågan gnr 66 var i naturtilstand prega av Laukvikosen, som mot søraust går over i dei låge Laukvikmyran: Til desse knyter seg Kvikkleirosen. Forleddet Lauk- svarar her utan tvil til ls läu’hká «(is,) lera (eller vad som helst), som gungar under fötterna på en; renarna fastnar i sådan lera» (oslo 123).
Laukvika er eit utbreidd, men fleirtydig namn som iblant er å oppfatte som her, men som òg kan vere vekstestad for graslauk, eller òg er det tale om vikar som er smale og tronge, jf norr. lúka upp = lukke opp, og lúka aptr ‘lukke att’, men også: ‘stenge inne, omringe’: Det framifrå for Laukvika i Flakstad og likeins for Laukvika ved Tunes i Nordkapp.
Lokkarslia |’låkaṣlīa| i Buksnes er ei særs smal lita li mellom to store urdar og med bratte berg over, opp åt heibrunen. Lia sjølv rundar jamt av i ein kant mot urda sørom. Deminutiv luokaš ‘liten bakke, skrent’ til ns luohkká ‘bakke, li’ (Friis) gir såleis god meining.
Mosken |’måssken| ligg mellom Lofotodden og Værøya og kjem Værøy til: Godtar vi Mosken som samisk namn opphavleg, er dette det best kjende blant fleire i Værøy kommune. Då finst det neppe argument for at berre Røst-øyane skulle vere fri for samiske stadnamn. At samane var hage båtsmedar er òg viktig i ein slik samanheng, her som andre stader på Nordlands-kysten.
Moskenes som namn på bygd og kyrkjestad kan opprinneleg stå for Lofotodden, dvs Moskenes = ‘odden innom Mosken’. At namnet på den sist nemnde utilgjengelege fjelløya er språkleg nærslekta med Måsske alias Mosken (Musken, Mysken) i Tysfjord er knapt til å ta feil av, jfr. skriveformene Musnes, Muskenes 1567 (unemnt også i 1997-utg. av NoSt).
Moskjedalen |»moṛᶊe-| i Moskenes: Ein avrunda botn innom Ågvatnet med høge fjellkantar med eit par myrtjønner; og der renn ein bekk ned gjennom eit trong bekkedal. Etter uttalen kunne forleddet òg skrivast Morsje-, men namnet er truleg dss Mosje, ei vasskrå i Kråkhaugvatnet i Bø og områdenamnet Møsje på Andenes. Jf både Mosken og Moskenes så vel som ss meskie (òg maske, masjke), ls måsske: det inste av attlukt dal, lita lægd i fjellsida, jf Korhonen: «inbuktning i fjällbrant med rikare växtlighet; sluten dal».
I Moskenes snakkar dei òg om Mosjurdalsvatnan: –jur– er det samiske jávri (jávrre, jaevrie) «vatn». Er ei underleg namneutvikling: Mosk’jaur- med fortolkande norsk tillegg –dal+vatn-. Nilsjurdalsvatnet i Øksnes er eit namn der tilsvarande har skjedd.
Mottolgrevan |»måttålgrǣvan| på Værøya er ei vid, open grop på den smale heibrunen nordvest av fjellet Håen: I snyvintrar går det skred derifrå og ned i Mottolgrevan, jf ns og ls muohta ‘snø’. Friis har frå svensk side også muottalaš som eitt av fleire ord for ‘snørik, snøfull, snøfast’.

Mustaren |»mustāṇ~ṇ| er médnamn på Eggum-tinden og lyder i utgangspunkt dunkelt, men ns mustor er «stor rein» (J. Qvigstads lappiske ordbok frå Ibestad, Lenvik og Ofoten), og frå havsida sett liknar fjellet eit dyr med bakenden til og med praktfull ‘hornføring’.
Neiva |’neiva| er ei lita vik ytst på ei lang halvøy i Borge. Namnet er liknar eit fjellnamn frå Senja, på eldre kart Nieiva, normalisert Njeaiva, jfr. Njæi’va utan tyding hos Qvigstad (1935: 80). Neiva i Borge kan, etter topografien, vere namn på halvøya eller ein av haugane ytst. Eit ope spørsmål er om namnet har noko å gjere med ns nai’fâ «det øverste av de to håndtakene på orv» (Nielsens ordbok, frå Polmak og Karasjok).
Nesje /»næšše/ gnr 12 i Borge >gnr 89 i Vestvågøy skulle nok etter vår tids uttale komme av gno nesjar: «Gaarden ligger paa et fremstikkende, lavt, noget udtunget Forland» (NG 16: 323). Det stemmer, men vanleg tradisjonell utt. |»næsi| (med halvkort æ) etterlet undring, og langt meir karakteristisk enn nesa utanfor er dei vassjuke Nesjemyran med tjønner i fleng: Bru-, Godmyr-, Lauvås-, Re- og Stor-tjønna osv. osv. Merk her ns njeaš’ši vått eller vassjukt terreng (app. 652).
Nevsteinen |»nævvstein˜n| i Borge er ei langvoren, diger blokk. Ligg under eit langt ra og ovanfor ei freda rullesteinsfjære (mòl)3. Her er inga fjellnov el. l. å vise til, finst heller ingen ‘nase’ på sjølve steinen; nev(e)stein i tyding «stein som er høveleg stor til å ta i handa» kan vel i beste fall vere nytta på skjemt og eventuelt i ei eller anna trollsegn. Der er ei dørliknande uthogging i bergveggen som visst gav folkefantasien næring. Alt i alt er det heller ss nevve «knaus» (Collinder, etter Nensén frå Lycksele lappmark) som tilfører forleddet rimeleg meining.
Raman |»rāman| i Buksnes, eller oftare Innerraman og Ytterraman kvar for seg, blir oppfatta som namn på lier som ligg ca. 300 m frå einannan, begge under langsgåande flog av moderat høgd (høgvorne ufser om ein vil), tett under heibrunen. Særleg markert i så måte er Inner-Raman. Her reflekterer nok fleirtalsforma eit samisk *rámak, jf ns rápma, ls rábma ‘bakkebrun, fjellbrun, skogli’. I ls er rábma noko mindre enn rijdda = «sluttning med gräs nedanför brant fjällvägg») (Spiik), men ss raame er «lite flog (på 1-2 m), skråning».
Rebakmoa |»rebakmōa| i Borge er eit vanskeleg namn å greie ut, for etter terrenget høver slett ikkje re «en Forhøining, det høieste Punkt af en Bakke eller Jordryg» (Aasen, rid n. 2) , eit ord heller ikkje kjent a.st. her nord. Ein rid(ar)bakke er det slett ikkje tale om, Rebakmoa er tvertimot ei uproduktiv hallande blautmyr i ei avsidesliggande fjellside, jfr. ripak, ribak, rivak ‘søle, blautmyr’ (Friis, likeins Qvigstad 1944 nr 709), eller i gjeldande ls rettskriving ribák, ribág- «dy» (Spiik).
Rekdal |»rækdal| er matrikkelgard i Borge. Rygh meiner eit elvenamn *Reka er sannsynleg4, men meir truverdig er nok ns ráigi «hol, opning, dalføre» (Qvigstad 1944 nr. 690), ls rájgge. Dalen er trong og skjer seg inn i ei elles nokså langstrekt fjellside. Rekene |»rǣken| som namn på ‘minidalar’ som skjer seg inn i heibrunen er kjent to stader i Bjørnskinn sokn på Andøya. Det høver også for Rekbakkan i Hadsel, berre at dei noko små innskjeringane finst lenger ned i fjellsida der.
Innom Rekøya |»rǣkøya| ved Kabelvåg var det eit svært trongt sund. Ganske trongt er også sundet i leia ved Rekneset |»rǣknese| i same sokn og k., dvs. Vågan. Begge desse namna blir tradisjonelt forklarte med rek(ved). For Rekøya sin del er dette diskutabelt, samanlikna med strendene omkring, i tilfellet Rekneset tør det kallast meir overtydande. Der er likevel eit stort ‘men’: I trongaste sundet ved Rekneset er det tre undervasskjer med støtter på, og skjeret i midten blir av alle ting kalla Reka |»rǣka|, og ikkje nok med det, om fiskeskøytene sa folk at «nu e di i Ræka» – når dei var i trongaste opningen. Så det er berre atter å vise til ns ráigi «hol» osv.
Skratgamman: Ei oppføring hos Aslak Bolt er «ij spon, oll eign» af Scratgamnum. Sophus Bugge gjetta på ei fullstendig namneform af Skratgammanum med forledd gno skratti m (også skrati) trollmann, eit negativt angelsaksisk ord. Lokaliteten er temmeleg sikkert Sande bnr 3,3 Haldegamman, sjå under H-. Tilsvarande britiske stadnamn er Awd Scrat ‘the Devil’, Scratta, Scrathawe (-hagi) og Scratgate. Det er grunn til å tenke at Haldegamman er det namnet som alltid var brukt og at det pejorative Skratt(e)gamman var eit namn som munkar og prestar meinte var «rettare».
Skumvær |»skommvær| langt ut i Røst er ein lett kuven bergholme med to lange, djupt innskorne og avsmalnande vikar, noko oversiktsfoto òg viser (Myrvang 1994: 20f). derfor må skubme definert som «(lita) vik» så vel som «djup dalkjusa i berg» mm (Collinder) vere relevant, endå desse tydingane er henta frå svensk side, og for alt at vi frå Ofoten og Tysfjorden berre kjenner skubme som «det innerste av en traktformig dal» (Qvigstad 1944: 783). Men skubme finst og forklart med «dal som slutar mot bergvägg el. sluttning» (Spiik 1994: 22), og slik ender også dei to vikane i Skumvær – lett trektforma dei òg.
Same namnet er framleis (2025) å finne i Norsk Stadnamnleksikon med oppslagsform Skomvær, tolka som sms av skum n og vær n. ‘fiskevær’. Det er berre at ordet skum i den meining ikkje er overlevert i noka gno ordbok. At vesterålingar heilt opp til vår eiga tid har brukt skumfrøda |»skommfrøa| tautologisk er også eit vitnemål om at skum n i motsetning til gno froða f er eit ord som kom seint inn i språket.

Slupa |»slūpa| i Borge er ei særs trong keile ut mot hav, Eggumsslupa i same sokn er meir ei ukjøm strandhole å kalle, men ls sluhpú, som no elles tyder «pipefutteral», er og nytta om «trångt pass mellan en klippa och ett vattendrag eller mellan två stora stenblock» (oslo 204).
Smorten |’smoṛṭ‘ṇ| eller rettare sagt Smurten er gnr 73 i Borge >141 Vestvågøy. Rygh: «Jeg kjender intet andet Navn, som kunde antages beslægtet med dette, og kan intet oplyse om dets betydning». Namnet finst òg på stikk motsett side av Vestvågøya, men der som namn på ein vid grunne vestom Utakleiv. – I Smurten nemnd først er det eit felt med «linser av kisførende magnetittmalm» der det i børjan av 1900-talet var prøvedrift. Folk må tidleg havore klar over dette var ein stad utanom det vanlege, ettersom ns smurti ( = smurtu, smurta) tyder «sverte».
Snevaggan er skråttgåande, langvorne søkk eller lægder i ei aksel på innersida av Moskenesøya. Sml her ns vággi ‘dalsenkning’ og ls vágge ‘fjelldal’ (Spiik), likeins ss vaegkie «brei dal; lågtliggande slette».
Solkan |»solkan| i Hol er holmar; namnet er helst samandregen bunden norsk flt-form av samisk sulluk, flt av suolu «holme, øy». Solkan /»såłkan/ i Alstahaug og Solken /’såłken/ i Træna er visstnok skjer og grunnar, jfr. sørsam. soole, sååle «holme, øy».
Solvar |’solvar| er det gamle namnet på Rundfjellet i Vågan, som ligg for seg sjølv isolert i høve til fjella omkring. Opphavleg *Suol(o)várr(i) ‘øyliknande fjellparti’ høver godt her, men namnet finst andre stader òg.
Sydalen |‘sȳdāl˜n| Gimsøy gnr 12 >Vågan gnr 60. Rygh meiner det er Storelva som sjodar = syr (jf sjo n om sterk sus), men det høver iallfall ikkje for Sydalselva på Langøya i Vesterålen, kalla Stillelva i første del.
Gardsnamnet i Gimsøy har historiske skriveformer som sprikar sterkt, som Sodalenn, Sødalenn 1567, Siødal 1610, Siodal 1612, Siødal 1614, Siødall 1647, Søedall 1667, Søidahlen 1723: Ein kjem i tankar om det dialektiske sjy = norr. sjór ‘sjø’, eller evt. sø(d)– = norr. suð-, men det gir inga meining. Det gjer derimot ss sojje = syjje ‘bøyg’, veldig tydeleg.
Torsfjorden i Flakstad har, i utgangspunktet neppe anna forklaring enn mannsnamnet gno þòrr, men særmerket for fjordpartiet er tilnærma vinkelrett kontur, både ved Bergland og Moberget, attåt eit rev som går på tverra over fjorden straks innanfor Torsfjord-garden. Truleg er Tors– ei samandregen form tilsvarande ls tóres-, ss dóres- = toares-, doares– «tverr-» (oslo 232). – I Torsfjorden ligg elles Finn-Aneplassen6.
Vadrian |’vādrian| (Stor-, Mellom-, Litlvadrien) i Buksnes er lange haugar eller låge åsryggar, jf vaadruo, vaadra (norsk ‘vol’) «ein langgestreckter nicht besonders hoher Berg» (Hasselbrink), men også det sørlege ss vaaddere (normert vaadtere) «ry, goldmark på en bergrygg».
Vasskallen i Værøy er ei kjelde som kjem fram frå eit berg. Etterleddet ‘-kallen’ minner halvvegs om ss gaaltije «kjelde», men ‘vasskall’ blir då unekteleg smør på flesk, meir sannsynleg er det eitt av mange døme på ei sms med Kall-, –kallen knytt til store steinar, knausar osv. (Myrvang 1994:93, jfr. 176f og 1995: 116f.)
Vendalsjorden Borge gnr 28 >Vestvågøy gnr 96 hadde før eit kortare namn: Wenndal og Wembdal 1610, Vermedall 1614, Wembedall 1647, Wemmedall 1667, men Wendalsjord 1723. Pga Vermedall 1614 reknar Rygh med eit elvenamn *Verma, men tre andre skriveformer peikar mot ei namneform ein stad mellom ss vuemie ‘skog, skogdal’, ls vuobme og ns vuopmi, merk at Wembe- kunne vere omkasting av *vuebme-. I finsk står vuoma for ‘myr’, og det er det iallfall mykje i nærleiken. Endeleg avgjort er namnespørsmålet ikkje.
Vippstøskallen i Røst og Gullfiskskallen i Værøy er fiskeplassar, og begge namneformene synest å vere tautologiske: ns guolli er nettopp fisk, medan ls vihpat er å «dröja, stanna (länge någonstans)», ei tyding som ns vihpat ikkje har no. Derimot kan ein sml. den ls tydinga med det vesterålske «han støest ikkje der» (om fisk).
Ågotvatnet ligg opp og nord av Markvatnet under gnr 19 Marka i Flakstad. Forleddet Ågot- har ikkje noko med kvinnenamnet Ågot å gjere, men går att i ei mengd naturnamn landet rundt, og ofte i forma Ågots-. Synest vere ei norsk omtolking av samisk oaggá, attributivt –s: avgränsad, skyddad från angränsande områden genom naturliga hinder. såsom berg, branta klippor, vattendrag (oslo 145). Det høver godt her, og i grunnen for heile Marka.
Fotnotar:
1 Her vel eg å oppfatte namna Stopplia og Stopp-stranda på line med Stohponašši = norsk Stunes i Evenes. At Stokmarknes (i Hadsel) gjerne lyder /»ståpmaṇes/ er derimot ordinær assimilasjon.
2 Delpen /’dælpen/ ved Nyksund er eit særmerkt forland, ein rund hatt på eit nes (Myrvang 1981: 154, foto). Skysskarane hadde ein viss respekt, og det er ikkje tilfeldig at Delpen kom med på Kristine Colbans kart frå 1814 i lag med med andre viktige ‘distansemarkørar’. Delpen på Møkland i Malnes (før 1964: Øksnes) er meir ein flat haug oppå land; her er namnet ikkje allment kjent. Garden Delp lengst nordaust i Vågan har opphavleg neppe fått namn etter fjellet ovafor, snarare etter den markerte (om ikkje så store) Delpshammaren i strandkanten. Kjenner ikkje fleire delp’ar i Lofoten Vesterålen.
3 Omtale av Nevsteinen med foto, sjå årsskriftet Lofotliv 1980: 27. Vestvågøy.
4 NG fører i dette tilfelle opp utmerkinga med halvkort vokal, utan å kommentere det nærmare eller la det få konsekvensar for etymologien. Vil her nemne at kortvokaliske uttalevariantar av gardsnamn som Kvalnes (Dverberg, Borge) og Kvitnes (Hadsel) er vanlege nok: Der er slingrings-mon for kvantitet i målføre der palatalar er skil-settande, ser det ut til. Eit noko større mistak som «Sildsanden» /»siᶅᶅsāᶇ˜ᶇ/ for Silsanden /»sīlsāᶇ˜ᶇ/ er meir uvanleg og kjem nok av at fisken sild er langt betre kjend enn fisken sil.
5 Det viste seg òg å gjelde for både Refsholmen, Refsøya og Refsvika frå resp. Flakstad, Valberg og Moskenes, nemnt den originale artikkelen, men fjerna av Finn Myrvang sjølv i 2023.
6 Finn-Aneplassen, opplyser Lina Sjølie, kan ha namn etter Ane Kristensdatter f. 1854 i Tysfjord. Ho bur her med mannen sin i flg folketalet 1900, men er enke i 1910. Trur det er ho som opphavleg var frå ‘finnerydninga’ Gresvik i Tysfjord, pleiedotter i Tennstrand i 1865.
Litteratur:
Bergsland, K. 1994: Samisk forklaring av norske stedsnavn. Namn og Nemne.
Bergsland, K. og Magga, L. M. 1993: Sydsamisk ordbok. Oslo/Kautokeino.
Collinder, B. 1964: Ordbok till Sveriges lapska ortnamn. Uppsala. Avkorta oslo
Dass, P. 1739: Nordlands Beskrivelse. Bergen. Faksimileutg. Oslo Alstahaug 1997.
Frette, Th. 1984: Litt om stedsnavn i Tana. Deatnu Teno Tana/ Samiske kulturminner 1991.
Friis, J. A. 1887: Ordbog over det lappiske Sprog. Christiania.
Korhonen, O. 1979: Lulesamisk svensk/svensk lulesamisk ordbok. Uppsala.
Myrvang, F. 1994: Nøkkelen til Utrøst. Værøy.
Myrvang, F. 1995: Samisk forklaring av norske stadnamn. Namn og Nemne.
Myrvang, F. 1996: Veiviseren til Lofotens historie (red. Gro Røde). Oslo.
Nielsen, K. 1979: Lappisk (samisk) ordbok. Oslo.
oslo: sjå Collinder.
Qvigstad, J. 1893: Nordische Lehnwörter im Lappischen. Christiania.
Qvigstad, J. 1929: Sjøfinnene i Nordland.
Qvigstad, J. 1938: De lappiske stedsnavn i Troms fylke. Oslo.
Qvigstad, J. 1938: De lappiske stedsnavn i Finnmark og Nordland fylker. Oslo.
Qvigstad, J. 1944: De lappiske appellative stedsnavn. Oslo.
Ross, H. 1971: Norsk Ordbog. Tillæg til ‘Norsk Ordbog’ af Ivar Aasen. Chra. 1896/Oslo 1971.
Spiik, . E. 1994: Lulesamisk ordbok. Svensk samisk. Jokkmokk.
Storli, I. 1988: «Begravelse i steinur en gammel samisk gravskikk». OTTAR nr. 169. Tromsø.
Vikør, L. 1997: «Norsk namnegransking sedd frå nordiskfaget». Den 8. nasjonale konferansen i namnegransking. Oslo.
Trykt i Namn og Nemne årg. 15 – 1998, auka og omredigert 2023.