Rinda

I trafikksamanheng er «Ringen» og Ringvegen kjente og lettfattelege namn. Det kan vi for så vidt òg seie om enkelte naturnamn, som den trillrunde Ringloken i Bardu, avsnørt meander i eit bekkefar som går til Barduelva. Likevel viser storparten av Ring-namna seg å vere meir uklare enn som så. 

Vi held oss til nordnorske namn, så som Ringstad i Vesterålen, Ringvassøya i Troms for ikkje gløyme dei talrike Ringvatna: Ikkje alle er så ‘ringliknande’ som namnet kan få oss til å tru. Det vanlegaste er å kalle eit rundvore vatn ‘Rundvatnet’,  om det ikkje er trillrundt just. Ei klart eldre namnelaging Kringelvatnet er vel så vanleg, gjerne om vatn som berre er relativt runde, helst i samanlikning med meir langvorne vatn i nærleiken. 

Eit særtilfelle er Ringvatnet i Kvænangen; rundt er heller ikkje det. Truleg er det nokså ungt, omsett av samisk Gierdduidjávri, sekundærnamn til Gierdduid-várri «tynnebandfjellet». Fjellet er 732 m høgt og halvsirkelforma med Gierdduidhárji vestafor og vatnet der imellom (jfr Qv 1935: 14). På dagens kart har visst dei to første namna hamna på rang stad mens det tredje manglar; ein får tru det snart blir retta på.  Ringåsen på Sund i Vestvågøy synest vere eit greitt namn: «åsen» er berre ein bogeforma morenerygg, ein halvsirkel som skaper ideen om ein heil. Innafor halvsirkelen kjem det ei myr som ikkje er rund. På hi sida myra, i fjellfoten, ligg ei rund urd, men denne steinhopen kan ikkje like synbert ha mint om ein ring som moreneryggen og er i alle tilfelle heilt overvaksen med bjørkeskog i dag. Det ser då ut til at namnet Ringåsen er bokstavleg å forstå: moreneryggen er halvringforma. For Ringåsen fleire andre stader i landet tør den forklaringa vere meir tvilsam, men vi skal i hovudsak avgrense oss til det nordnorske.

rind

Ringvassøya i Troms er kalla Rinden 1601 og Rindø på eit kart i 1620, men Ringøen på eit anna frå 16891. Problematisk er at det litle Ringvatnet lengst sør på øya heiter Grindawatn i Aslak Bolts jordbok på 1430-talet: 

«j Grindawatnom nordan at Skolagammom ero godh laxafiske». I ei seinare innføring kjem så Rindarvatn i lag med Skoogsfjordh til: Det er neppe anna enn Skogsfjordvatnet, som det heiter no2. Rett samanheng dei to vassnamna imellom vart vel ugrei etter at namnet Skogsfjordvatnet kom i bruk, så Rind(ar)vatnet og Grindavatnet vart forveksla? Kom ‘Ringvatnet’ opp via ei overgangsform Rind(a)vatnet? At det aller største vatnet vart kalla Rindarvatn etter øya er naturleg. Meir problematisk er at  fjellformasjonane som gav namn til øya – dei ligg kring Ringvatnet i sør, det historiske Grindvatn! Vi kan undrast om Ringvatnet er det opphavlege, rette *Rindvatn som måtte gje avkall på sin ‘førstefødselsrett’ til det langt større vatnet i nord, iallfall så lenge vi les AB på ein viss måte? Eller også fanst der reelle skilnader i namnebruken dei to delane av øya imellom: Helgøy-delen med Skogsfjordvatnet i nord, Tromsøysund-delen med Ringvatnet i sør?   

Kor som er, Ryghs merknader til saka kviler på den forståing at Grindavatn er lik Rindarvatn: «Da Navnet i AB. skrives paa to forskjellige Maader, er det ikke let at fastslaa dets oprindelige Form. Det nuværende Navn Ringvandet er udentvivl feilaktigt, da Vandets Form ikke passer til det. Det kunde snarest ved en Misforstaaelse være opstaaet av Rind(ar)vatn gjennem Udtalen riᶇᶇ-. Rindar­vatn maa vel forklares af det meget ofte forekommende Elvenavn Rind».  

Rygh stiller så det saman med Ivar Aasens rind f = rinde m «Jordryg, Bjergryg, en høi Banke; især en opadgaaende Forhøining imellem to Bækkeløb i en Bjerg­side. Sogn, Hardanger, Telemark o.fl. (I Vald.  rind f.)» Aasen har òg rindemark «ujævn Mark med lange Forhøininger» pluss rindutt adj «ujævn, fuld af langstrakte Høider». Lat oss frå  Ross’ ordbok òg ta med rindutt i tydinga «striput», av rind om «stripe i tøy» (Hallingdal) men også beintfram «tøystrimmel» (Jæren, Shetland).

Kva Ringvassøya gjeld, er det iallfall i nordnorsk samanheng velkjent at Norske Gaardnavne altfor ofte lanserer hypotetiske elvenamn i tilfelle der ei anna forståing er meir rimeleg, så også her. Men før vi seier meir om Rinden eller truleg rettare *Rinda, skal vi sjå nærmare på andre namn som kanskje fortel kva storleik slike «rindar» har. Nemnt er Ringstad i Bø, skrive Ringsteid og Rangstad ! i 1567, Ringsta i 1611, seinare Ringstad. Uttalen er reŋgsta, med tostavings tonelag. Vi finn same gardsnamnet i andre landsdelar og på norrønt språkområde elles, som Ringsta(d) i Sverige og på Shetland, Ringsted på Sjælland osv. Rygh hevdar gjennomgåande at gardsnamnet Ringstad kjem av det norrøne mannsnamnet (H)ringr, men heilt trygg er han ikkje, for han heilgarderer i fleire tilfelle.

Lokalkartet over Ringstad i Bø gir rimeleg grunn til å tenke på «Bjergrygg» lik fjellrygg, men eit bilete av garden noko før 1900 med gardsbruka «i gamle Standet» og med skoglaust landskap stemmer godt med Aasens rindemark «ujævn Mark med lange Forhøininger». Vi kjem tilbake til dette seinare.

Ringstad på slutten av 1800-talet. Var det uslett rindemark heime i garden som gav namnet, eller snarare det ryggforma Kråkberget i bakgrunnen? Foto: Ole Søberg.

Same gardsnamnet finst som før nemnt mange stader, som i Frogner sokn, i Lier i Buskerud: Her òg kjem Rygh først inn på mannsnamnet (H)ringr, alternativt reyni n «rogneskog», men landar på at det pga lokale tilhøve truleg er tale om rind f (rinde m), «hvoraf ogsaa kan blive Ring-» (NG 5: 316). Her skyt vi straks inn at Øygarden alias «Rindal lille» i Stranda (Møre og Romsdal) går for Lilleringdal 1603, og at Rindal i Øyer (Oppland) også er uttalt med g og er skrive Ryngdall 1520 og Ringdal 1594, utan at den forma vann fram. Same lydovergangen er Rygh inne på i samband med gardsnamnet (Vestre) Lindnes, i Lier også det, med gamle former på Ling- og Lyng- og likevel tolka til trenamnet  lind. Om det ytrar han: «At en Udtaleform Lingnes en Tidlang har bestaaet ved Siden heraf, uden dog at trænge gjennem, er et Fænomen, der har mangfoldige Sidestykker» (NG 5: 311). Som vi ser, sjølve lydovergangen Rind->Ring- er velkjend, og ein treng ikkje undrast om også skriveformer på Ryng- skulle dukke opp.

Så langt har vi berre omtalt landskapsformasjonar frå aller lågaste divisjon: Ringsletta på Hekkelstrand i Ballangen høyrer til der. Ho er ikkje på nokon måte særmerkt, til ei slette å vere, men like søraustafor er 3-4 synberre parallelle rabbar kalla Ytterheia, Mellomheia og Innerheia: rind i tydinga ‘jordrygg, banke’ treffer her, især «opadgaaende Forhøining imellem to Bækkeløb». Interessant er at uttalen av Ring- i det tilfelle lyder både riŋŋ-,  reŋŋ-,  reᶇᶇ-. Ringvatnet i Ballangen er heller ikkje så rundt at det slår ein, til ein viss grad derimot Ringvassbotn bak vatnet. Meir slåande er den smale, jamhøge fjellkanten på vestsida av same vatnet, mellom Langvågtuva og Turtnlikollen, klart nok ei rind det òg .                                        

Ringberget i Kasfjorden i Harstad ligg i eit nokså uslett område med noko slettare teig-remser på sidene. Der òg høver rindemark «ujævn Mark med lange Forhøininger» greitt. –  Riŋ-guos’kat er samisk namn på halvøya Klubben i Nordreisa: Namnet er utolka (Qv 1935: 23), men eg skulle tru at Riŋ-guos’kat er meir norsk enn samisk, iallfall kan det trygt seiast at Klubben er meir rygg- enn ringforma.

Ringjorda (utt. med i) er 90.8 i Balsfjord, før gnr. 15.8 i Malangen; der er det just ein banke eller jordrygg. Jf også Bakkeringen (utt. med i) på gnr. 26 i Balsfjord, der Rygh ytra: «Hvorledes det er at forstaa i denne Sammensætning, kan jeg ikke sikkert afgjøre», men han nemnte Ringås, Ringvoll og plassnamnet Ringen i allmenn tyding «noget afrundet, kredsformet» (NG 17: 122, 127). Men går vi eit steg lenger og vel å tolke fleirtalet av namna framfor som rind(e), bakkerind, rindjord, rindslette, rindvoll og rindås, forandrar det vår forståing radikalt. Sjølvsagt finn vi landet rundt sletter, vollar, åsar osv med namn på Ring- som er runde, heilt enkelt, men jamen er der forvirrande mange unnatak.

Ringsletta i Ballangen skulle avgjort ha meir med rindar enn med ringar å gjere. Kartverket..

grind? 

Legg vi forma rind f til grunn bør uttalen ha gått parallelt med grind f, så vi ser litt på øy- og gardsnamnet Grindøya i gl. gamle Tromsøysund, der Rygh trur at *grind– ‘sand, grus’ i slekt med grandi 3m ‘sandbanke’ ligg til grunn. Så kan det vel også vere, for endå øya har myr nok, går det langs vestsida ein lang og smal banke som godt kan vere av sand eller grus. Men det som fell mest i auga er no øyenden i nord, ein lang tange. Øya heitte på samisk både Rindde, Rid’de 4og Rid’da, så vel som Gar’de5. Det får oss til å undrast, for rett nok kan det høve å ha grindar på halvøyar og andre øyar tett ved land, men Grindøya ligg ikkje så til. Alternativt kan vi jo spørje om det eingong fanst reingjerde der? Dei samiske namneformene, blant dei parallellnamnet Gar’de ‘gjerdet, garden’, må innebere at det har vore tenkt i slike banar, for di dei siterte øynamnvariantane liknar sterkt på nordsamiske låneformer av grind(an) «kve, inngjerding»: Qvigstad har ridda, men òg rinnde (sj. rinnda) utan heimfesting, men også grinndi (frå Kvænangen), grinnd (Kaldfjord), kriᶇᶇä (Sørvaranger), griᶇᶇa/kriᶇᶇa (Karasjok), rinnā (Ibe­stad), dessutan kriᶇᶇa (Ibestad, Ofoten), kridda (Gullesfjord), osv.6

Her er det i utgangspunktet ikkje enkelt å velje mellom rind eller *grind- «sand, grus» alternativt grind i vanleg tyding, men det er i alle fall lett å seie seg samd med Rygh: «Naar det gjelder et Ønavn, synes det mindre rimeligt at forklare det av grind f, ‘Grind’». Det er paradoksalt nok, for vi finn minst sju Grindøya’r kring kysten og endå fleire Grindholm-ar. Dette er ein namne­flokk som må handterast heilt for seg.  

Annleis med Ringvassøya sitt Rindarvatn alias ‘i Grindawatnom’: Rygh tenkte at fleirtalsform dativ innebar at Glimvatnet litt austafor var medrekna. Den vinklinga har mykje for seg, iallfall kan ein i somme bygder iblant høyre ein del gardsnamn med fleirtalsform i fri kvardagstale, utan at dette er offisielt gardsnamn. På hi sida er fleirtalsformer i dativ nærmast ein gjennomgåande «sjablong» i AB. 

No kan vel forma Grindvatn(et) ha vore i bruk ei tid, iallfall innafor eit avgrensa miljø, rett og slett for di terrengordet rind hadde falle i gløymsle med det resultat at Rind- var oppfatta som ei samisk ‘unote’ for  grind og korrigert! Det vart likevel ikkje den mistydinga som slo rot røter for Ringvassøya sin del, men ei anna, nemleg Ring– for Rind-, som Rygh var merksam på. Ringvatnet blir stadig uttalt med i, ikkje Reng-7

strind 

Her vender vi som snarast tilbake til Hans Ross, som påpeikar at rind f i tyding «stribe i tøy» er sideform til strind f , som Aasen forklarer så: «en Strimmel, et langt afkløvet Stykke», dessutan «en Side eller Halvpart» (frå Valdres), meir allment også «en Linje, en lang Stribe», og frå Lofoten flg: «en Række af Strømbølger, en farlig Strømsø». Jf dette frå Moskestraumen: «I kanten av hovedstrømmen oppstår en meget sterk strømskavl, Strinna som den her kalles; især med mindre fartøyer må man vokte seg vel for denne» (Den Norske Los s. 223). Bortsett frå at vi bør skrive strinda med liten s – det er jo ikkje tale om eit stadnamn – er det heilt på sin plass å jamføre Strindbøen ved Bessebostad i Harstad: Han ligg for enden av ein lang undersjøisk sandbanke, og både utom og innom bøen, mot Strindberget, er det sikkert straumdrag nok. Flyfoto viser då også ei open sandrenne på innersida av bøen. Det finst kanskje fleire havets strind-namn, andre er knytte til ferskvatn, både elvegrynne og vasspassasjar og til dels straumfar, i Hamarøy, Steigen, Kjerringøy, Bodø, Meløy og truleg andre.

Vassfaret Strindan i Bodø er sms av småvatn mellom Nordli- og Steigtindvatnet, Strinda i same kommune er meir ei kileforma landtunge mellom vatnet Nordkryken og Klubbvatnet og Kristivatnet. Frå sistnemnde strøymer Sagelva (merk Strindmyra like ved) ut i Nordkryken, men ved «kilespissen» ml. sistnemnde og Klubbvatnet renn berre ei kort stillelv.

I Hamarøy er landskapssituasjonen langt på veg den same mellom Sandnesvatnet og StrindvatneI, men her er Strindneset mellom vatna ein svært smal strimmel. Den heilt korte straumen vatna imellom heiter Strindstraumen.

Norsk Stadnamnleksikon nemner i samband med Strinda i Trondheim at namnet står i avlydshøve til gno. strǫnd og truleg har om lag same tyding, og at «strand» synest å passe godt dei fleste stader, men også «strimmel, stripe» er nemnt.

Bindal er Nordlands grensebygd mot Trøndelag, så vi ville kanskje tru at fjellnamnet Strindhatten på gnr. 30 hadde med ein strandkant å gjere. Men hatten er høgtoppen på Strindan, to-tre ryggar eller rindar som er lite forskjellige frå Rindan i Sandskard-strøket i same bygd og i alle fall liknar mykje på Rindan på gnr. 14 i Brønnøy. Det er uråd å sjå prinsippiell skilnad på desse og  formasjonen Ringan (Rengan) på gnr 58 i Sømna. Og Ringasteinen (Renga-), han ligg innpå ein lang og kvass åsrygg på gnr 29 i Rana.

I nordlandsk namnemateriale knytt til elvar, vatn og vassfar ligg altså sambandet mellom strand og strind ikkje heilt klårt i dagen: Med eller utan tanke på Aasens «Række af Strømbølger, farlig Strømsø» er det no aller helst assosiasjonar med «landtunge» og «straum» som melder seg. – Sambandet mellom strind og rind er derimot lett å sjå, i ein overgangssone lengst sør i fylket. Meir merkeleg er den unnatakslause overgangen rind>ring i resten av fylket.

Har strind unngått forvansking? Ei strandslette i Kjerringøy heiter Strengen |’stræŋen|. Sanden el. fløvalen Skipøystranda under Holdøy i Hadsel ber òg namnet Krokstrengen: Iallfall der ligg det nær å ane gammal overgang –strendern > –strengjen > -strengen, altså ei mistydd fleirtalsform.

Over: Strinda i Bodø. Under: Strinda i Hamarøy. Statkart. 

riddu 

Tydingssambandet med strand verkar opplagt for den samiske låneforma av strind, riddu, som Qvigstad8 heimfestar til Nesseby, Karasjok og Polmak, i sistnemnde område til dels nytta om elvebard. I Nesseby er tydinga havstrand særs vanleg: Čoalbmeriddu, Gal’bmagal’doriddu, Guotkemas-riddu, Hándalriddu, ja også fjellet Riddo-oaivi, ein haug ved stranda. Riddu heiter òg ei bein strandstrekning innom Russelvosen i Kvalsund medan Riddu (Ritto) i Kvænangen meir er ein brei bergrabb i strandkanten, forlenga av eit skjer tett utafor. Rind(e)forma i seg sjølv er fjellet Riddovárri i Bardu, især når vi legg utlauparen Reinryggen til. I Vadsø går Riddočearru alias Steinfjellet på liknande måte ut i 2-3 bergryggar på nordaustsida.   

ring for rind 

Den før omtalte Strinda i Bodø kan minne om Ringneset som i Dyrøysundet ved Langhamn. I det heile ser det ut til at vi i tråd med ‘strimmel, stripe’ i mange tilfelle tør rekne med at også Ring-namn kan ha med landtunger å gjere, om ikkje alltid av det aller lengste slaget: Ringen på gnr. 25 i Hadsel er ein berg- og grusrygg i strandkanten og har likskap med Riddu i Kvænangen (sjå framfor). Ringen på Måsøya synest å vere namnet på ei sandvik – inst på eit relativt breitt nes. Dersom namnet er ungt, kan saktens ei rund sandvik ha blitt heitande Ringen, men høgdekotane tyder på at Ringen litt lenger att i tid var ei smal land­tunge mellom «fastlandet» i vest og ein bergholme like austafor. – Det er i alle fall tvilsamt at stadene har namn av hamnevesenet sine tørnringar, slik tilfellet kan vere med  lokalitetar Ringholmen, Ringskjeret o.l.

Som vi har vore inne på, forklarer Aasen ordet rind(e) ikkje berre som jordrygg, men også som «Bjergryg» – norsk fjellrygg – «især en opadgaaende Forhøining imellem to Bækkeløb i en Bjergside». Dersom vi slår litt av på krava og seier det kanskje er nok med berre ein bekk, fell visst endå fleire Ring-namn på plass: 

Ringvatnan i Bindal er langtfrå runde, medan den kjelforma Ringforsen framfor til ein viss grad er det. Eit meir opplagt blikkfang er den lange fjellkanten langs bekken i Ringvassdalen sørvestafor, ei temmeleg overtydande rind. 

Ringvatnet i Ballangen er nemnt, Ringvatnet på Rolla i Ibestad ligg i ganske uslett terreng, men eit par kvasse rabbar i sørkant av bekken på austsida skil seg ut.  Ringvatnet inst i Skipsfjorden i Karlsøy ligg frami ein trauforma dalbotn med eit par rundare tjønner bak og med ruvande rindar på sidene, den på austsida kanskje mest typisk. Ringfjellet ved Lille Kvalfjorden i Alta er ein meir humput, smal fjellkant oppover frå Torbenes, med bekk på vestsida.

Mistydd genitivsform?

Rennarvatnan i Lonkan ligg mellom to rindar. Statkart.

Frå Hadsel er to-tre namn som fortel at namneleddet Rindar- må ha vore mistydd: Rennarvatnan mellom Lonk- og Ingelsfjorden ligg i ein botn som snur mot Lonkfjorden: Ingenting tyder på at Rennarvasselva frå dei to vatna renn oppfører seg på uvanleg vis på sin veg mot Svartdalsbukta i Lonkfjorden. Rennarelva på gnr 25 Holdøya, ho kjem frå den smale Rennarelvkjølen inni fjellheimen og renn gjennom Rennarelvvatnet på sin veg til fjords. Rennarelva i Tengelfjorden kjem frå Rennarelvdalen på grensen mot Lødingen, med rindeforma åsar og akslar både i botn og lenger ut.

Rennarbakke, rennarfart m.m. er velkjent, då knytt til sportslege aktivitetar, men å tolke «rennarelv» såleis i desse tilfella blir kunstig. Då kunne det heller vere så at elvefaret var gjennomgåande bratt, slik at vatnet fekk uvanleg drifs på seg, men det er ikkje rett. Rennarelva i Holdøya fell rett nok ein stad ned over bratte flog, men heiter der Rennarelvforsen, slik vanleg nemningsbruk tilseier.  

Rennarvatnan primært ogg Rennarvasselva sekundært i Lonkan sitt til­felle gjer det tvilsamt at namnet har med «radig» rennande vatn å gjere, det krev i alle fall at dei rette namna opphavleg var *Rennarelva og *Rennarelvvatnan på line med det vi finn i Holdøya. Slåande er derimot smale akslar på begge sider av Rennarvatnan, dei er «nydelege» rindar. Det kunne derfor synast som om Rindar– uttalt |»riᶇᶇar-| er blitt mistolka i retning av norsk-dansk rinde v = norsk renne v (om vatn): Såkalla hypernorvagismer oppstod i mange tilfelle når folk flest mistydde gamle ord(former) og tok dei for å vere utidig forfina, så dei «retta» dei i samsvar med talemålet i samtida – slik som når otergren (oterhi, tilhald for oter) vart til «otergrein», mel (sandmel) til «mjøl», tro (renne) til «tru», osv.

Tilnærmingsmåten kan gje ny meining også til Rennarelv-namnet i Holdøya og i Tengelfjorden, men det aller beste utgangspunktet gir likevel fjellformasjonane kring Rennarvatnan i Lonkan.

Rinda/Ringvassøya i nord  

Den søraustre delen av Ringvassøya har langt skarpare fjellformasjonar enn halvøyane i nord og vest. Det lange vatnet austom Skulgammen er Ringvatnet, deretter kjem Glimvatnet. Statkart.

Kva så med Ringvassøya? Det er grunn til å legge stor vekt på at det typiske for sørsida av øya, mot hovudleia, som er ruvande rindar på strekninga Skulgammen – Glimvatnet, dvs. Gammelgårds-fjellet, så vel som dei kvasse fjellryggane i nord av Ringvatnet alias Rindarvatn (opp til Nordfjellet); endå meir vestom vatnet (opp til Skulgamtinden). 

Grøtsundet var allfarveg, og inntrykket av fjellheimen må frå dei eldste tider ha gjort eit øynamn *Rind  lettfatteleg. Men lat det òg vere sagt at den søraustre delen av øya er massiv og ovende rik på kammar og eggar, då i kontrast til fjordane og halvøyane i nord og vest med langt meir avflata fjell.  

Om sjølve Ringvatnet skal nemnast at det er langt og temmeleg jambreitt. Rundt er det absolutt ikkje, ikkje eingong relativt. Ringvassdalen innom vatnet er meir ruvande enn dalføra austa- og vestafor, men namneskiftet *Ringa >Ringvassøya  er likevel merkeleg. 

Var Ringvassholmen framfor vatnet eit så viktig leimerke i denne noko smale delen av Grøtsundet at dei to (sekundære) Ringvass-namna saman «inspirerte» til eit tredje, nemleg Ringvassøya som nyskapt namn på Rinda?  

Hadde øya vore ei administrativ eining og ikkje fullt så geografisk oppsplitta, kunne det saktens ha skjedd at *Rinda hadde fått eit ‘veiens navn’ etter ein ev. prestegard, nett som når Ylfvi vart til Hadseløya, Vargfót til Flakstadøya osv. Har òg vore frami at Skogsøya i Øksnes har vore kalla «Øksnesøya», etter kyrkjestaden der. Men også andre sentra enn prestegardane har frå tid til anna gitt opphav til nye øynamn, som tevla med og også skuva til sides dei tradisjonelle.

Det er berre å innrømme at det kan vere vrient å seie om vi allstad har med eit hokjønnsord rind, b.f. rinda å gjere (då også i dativform rinden) – eller med eit  hankjønnsord rinde m, ev. *rind m. I namnevariantane av det aktuelle ordet er det iallfall ikkje spor etter ein uttale med lang i og stavingsberande forlenging av  n, slik som (ein) tiņņ, tīņ~ņ,(ein) viņņ, vīņ~ņ, og det må vi truleg legge vekt på.

Rinda/Renga i sør

Håkaringen er gnr 6 i Rødøy, avf. Rygh skriv b håkkariᶇᶇen, dativ -riᶇᶇa; har òg høyrt i  håkka-reᶇᶇente håkkareᶇᶇa (Håka- kan hende av mannsnamnet Håkon). Særmerkt for landskapet på staden er 5-6 langsmale, tilnærma parallelle åsryggar med haugar nordafor.

Nær I slekt med gardsnamnet Håkaringen er Ytter– og InnerRingen på øya Ringa, gnr. 79-80. Samnemnt heiter det oftast i reᶇᶇen, men iᶇᶇpå reᶇᶇa om øya, alt med tonelag 1. 

Ryghs uttaleopplysningar med berre æ (NG 16: 164) er merkelege, især i lys av Havnøs namne-notat. I nyare tid har øynamnet òg vore lydrett skrive ‘Renga’, velmeint men inkonsekvent med tanke på folks spontanuttale av ord som enga, senga, vengen i same tidsrom. 

Edvard Havnø, kjend for lesarar av Håløygminne i mellomkrigstida, har ført innhaldsrike stadnamn-lister frå heimbygda Rødøy. Han har ein merknad om at dei gamle før hans tid ikkje sa eit bind, men «beng», t.d. om halsbind – uttalen av bunden form bindet unemnd. Det er iallfall ikkje tale om det tekniske bend på røyr. Det kan vere uvisst korleis ei slik form kom opp. Dialektrett er ein ring e(i)n reŋŋ, i b.f. reŋŋen over store delar av landsdelen. Falsk analogi gav kan hende ei ny ub form beŋŋ parallelt med reŋŋ.

I nord er Ringa i Rødøy er kløyvd i det landfaste Nordskaftet i vest og den omflødde Valøya i aust. Statkart.

I alle fall, også her har vi nok med eit omlaga øynamn Rinda å gjere, men kva med landskapet? Ringfjellet mellom gardane Ytter- og Inner-Ringen stig gradvis frå nord, med bratt kant mot garden Inner-Ringen på søraustsida: Kan hende fortener han å kallast ei rind?

Ser vi heile øya under eitt, kan det derimot seiast at ho er oppfylt av rindemark: «ujævn Mark med lange Forhøininger» som strekker seg tilnærma parallelt med hovudretninga sørvest-nordaust, ho er rindutt  «ujævn, fuld af langstrakte Høider». Dette kan sjøfarande ha bite seg merke i, og det plasserer helst Ringa i same namnebåsen som Ringvassøya. – Vel nok er nordre øyenden er også særprega: «Strimmel, et langt afkløvet Stykke» så vel som «en Side eller Halvpart» høvergodt med det inntrykk du får av landskapet på den sida. Men det er vel å merke å fuske litt, då det er strind og ikkje rind som er tilskriven denne tydinga.

Ved Ringstad i Bø renn fløstraumen renn inn og ut av Pollen, som før heitte Følsvåg. Statkart.

Ringstad 

Dei topografiske fakta knytte til Ringa i Rødøy gjer at vi må komme tilbake til Ringstad i Bø og lendet der. Det er alt sagt at det er rindut heim-i garden, men folk i fortida med blikk for det særmerkte ville opplagt feste seg meir ved straumen som renn ut og inn to gonger i døgnet. Den lange og landfaste Skjåholmen på vestsida er klart «en Strimmel, et langt afkløvet Stykke», men òg den eine «Side eller Halvpart» av ei velavgrensa straumrenne. Men samtidig fell det i auga at straumrenna har ein vinkelrett bøyg, noko som kunne minne om at Rygh utan særleg hell prøvde å stille øynamnet Ringa saman med Rang- «(v)rang» i Rangsund, jfr. den eine skriveforma Rangstad frå 1567 i Bø sitt tilfelle.

No er den siste skriveforma truleg skire slumpen, men gardsnamnet Ringstad i Bø gjeld eit landskap som er ganske ulikt andre Ringstad-gardar, det skaper uvisse. Det eine landskapet vi naturleg kan samanlikne med, må visst vere holmegruppen Strindane i Solund. Dessutan har ikkje garden så stor jordvidd at det er naturleg å klassifisere han som ein staðir-gard, så her er fleire opne spørsmål enn sikre svar.

Sluttkommentar

Gjennomgåinga av namneelementet rind kan tyde på at ein lydleg overgang rind > ring er særs utbreidd i Nordland og Troms og er gammal. Har strind vore utsett for noko liknande, høyrer det iallfall til unnataka.  Kanskje har Ring-<Rind- i enkelte tilfelle òg vore brukt i tyding «Strimmel», «langt afkløvet Stykke», «Side eller Halvpart» på line med strind. Meir grundig gjennomgåing av norsk namnetilfang vil gje sikrare svar på det.

I gjennomgåinga framfor vil vel enkelte sakne gardane Rindbø |»rinnbø:| og Rinøya |»ri:nøya| i Lødingen. Især den lange, beine Gardsøya mellom Rinbø og sjølve Rinøy-garden kan få oss til å tenke på nemninga rind, men uttalen talar imot, som òg dei eldste skriveformene på Ren-, Renn- og Renne- gjer. Skrivemåten Røneby kring 1520 speglar i beste fall ein veldig gammal uttale *rømbø? Reenebøe 1647 med lang e, og Reenøen tilsvarande, viser mest truleg at ein uttale med diftong ei endå fanst, og den kuriøse skrivemåten Reigen- i 1723 for begge gardsnamna kan òg tolkast slik. Rimelegvis bør vi heller jamføre desse to namna med gardsnamnet Reinøya i Øksnes, til rein(e) f, ikkje primært «engstrimmel, åkerrein, grasbakke i nedste kant av ein hallande åker», vel heller «lang voll av jord eller grus» (Aasen).  

Fotnotar:

  1. Qvigstad 1935: 6 og Håvard Dahl Bratrein i Håløygminne 2013-3.      ↩︎
  2. Korrigert i samsvar med Håvard Dahl Bratreins merknader i Håløygminne 2013 – 1 f. J. NG 17-171.      ↩︎
  3. I Skjerstad, som nyss vart ein del av Bodø, snakkar dei om Graddodden, men også «innover Gradden». Det siste er samnemning for nedste del av Skjerstad, austre del av Ljøneshalvøya og straumen imellom: Ljønesgradden, Graddstraumen, Skjerstadgradden. I trongare meining (for Ljønes-folk) er namnet likevel mest brukt om den tangen som kjem Ljønes til. Gradden er vel samiskpåverka form av gno. grandi m.        ↩︎
  4. Rinnde, Ridde hos Qvigstad 1893: 266.      ↩︎
  5. Qvigstad 1935: 70.     ↩︎
  6. Qvigstad 1893: 262f.     ↩︎
  7. På spørsmål om dette tilhøvet svarar Aud-Kirsti Pedersen at «truleg er det gamle hillesøymålet (som eg lærte i barndommen)      grenseområdet for senking av kort /i/ føre velarar». Ho gir her ei lang rekke døme, deriblant  «finger, ring, ting, lingne,  bringebær» osv.   ↩︎
  8. Qvigstad 1944: 57, nr.703.  ↩︎