Gjertrud, Hjart-

Ganske mange fjell heiter noko på Hjart- el. Hjert-. Helgelendarar vil nok først tenke på den ruvande Hjarttinden på Aldra i Lurøy, der med garden Hjart under Hjartnebben på den avrunda sørvestre øy-enden, som liknar ikkje lite på Hjarttinden i Sømna.

Noko meir tvitydig med Hjerttinden i skilet mellom Bardu, Sørreisa og Salangen: Han er ruvande,men den frittliggande Hjerttindtuva i nordaust er trille rund, ja så trillrund at berre Hjartdølnuten i Vinje i Telemark kan tevle.Namnebruken er litt tvitydig også i andre av desse hjart-namna: Hjartfjellet austanfor Drevvatnet i Vefsn er ulendt og uryddig, men har ein slakt avrunda topp midt oppå som heiter Hjartåsen. Heller ikkje fjellet sørom Skaland i Vefsn er avrunda, men det er sjølve toppen, Hjartåsen. På avstand stig likevel desse fjella ruvande og klart avgrensa opp i landskapet. 

Avrunda er òg Hjartfjelltinden (Jierttatjåhkkå) i Hemnes, likeins Hjartfjellet eller kan hende rettare Hjarta i Bjerangen i Meløy i jf med tindane rundt? På avstand gjeld truleg det same for store og litle Hjerthaugen ved Hjertvatnet i Ballangen, sjå likevel seinare. 

Rundvoren er òg Hjertlikollen vest for Vågøyvatnet i Bodø, berre i liten skala. – Liknande formasjonar sørpå er ei sak for seg, men verdt å legge merke til er Hjerteklovdalen i Risør, som har ei innskjering mellom to runde humpar.

Interessant namnebunt frå Orkland i Trøndelag: Hjarta (med blå markør)  er ei li, men var nok opphavleg namn på den runde Hjerthaugen ovanfor. Så har område-namnet berre tulla på seg, med eit nytt Hjert-namn både på aust- og vestsida.

Namn av dette slaget synest som vi ser å ha med hjerte, hjarta, gno. hjarta å gjere, likeins at dei tidt har med rund(voren) form å gjere. – Tilsvarande ord finst også i samisk: frå Troms fører Qvigstad opp jier’ta, jer’ta «rundaktig, hattformet fjell; kun som egen­navn» og har dertil jerhta «rundt fjäll» frå Jukkasjärvi, jf. lulesam. jer’ta og tysfjordsam. jer’da «høi hump oppe på fjellflaten». Björn Collinder, som har gjennomført skrive­måte jier’htá, talar pussig nok om «(uppifrån sett) runda fjäll» og nemner fleire slike frå Jokkmokk, Gällivare og Arjeplog.

Det finst òg ein del holmar og skjer kalla Hjart-, Hjertholmen, Hjert(e)skjæret: Om ikkje alle er så ruvande – Hjertholmen ved Våge på Tjeldøya har vel berre litt runding samanlikna med Flatholmen tett synnafor – må likevel sjølve poenget med namnet må vere rundvoren form. Hjertholmen i Lødingen var vel også slik skapt, det er mindre att av han no.

Hjartnes og Hjertnes som gardsnamn finst fleire stader i landet, og Rygh er inne på dyre­namnet hjort i nokre tilfelle, men er også fullt merksam på at det kan vere tale om ein rundvoren formasjon på staden, t.d. Hjertnes i Nøtterøy. Det skal Ikkje så stor hump til.

Dunklare er samanhengen når det kjem til vatn og tjønner: Er t.d. Hjertvatnet i Bardu hjerteforma? Neppe, Sprellvatnet litt austafor er mykje rundare. Hjerttjønna ein stad i Steinkjer er nokså rund, for Hjarttjønna ein annan stad i same bygd gir dette inga meining. Disharmonien blir like stor om ein sml det avrunda og lett krumma Hjertevannet i Gamvik med Hjertevannet i Hasvik, Lebesby og Vadsø. Minst formfullendt i det selskapet er like vel Hjarttjønna aust for gnr 100 Stormoen i Rana. 

Hjarttjønna to andre stader i Rana er sannsynlegvis langt yngre namn, iallfall minner dei på form meir om det spisse, «romantiske» hjertet frå minnebøker osv. Den eine av dei to er vel blitt heitande så i kontrast til Kløfttjønna (på gnr 42 Stillvasstranda) og den andre i sml med Langtjønna på gnr 130 Loftfjellet. Også Hjertevannet i Vadsø er relativt rundt i sml med Langvannet attmed. 

Hjarta i Vefsn er ei li tett attmed ei djup kløft.

For mange tjønn- og vassnamn på Hjert- kan ein trygt sjå bort frå all romantisering. Det finst då også eit eldre ss jier’htú (jærto) «avgrunn, djup; djupt ställe under ett fall i en bäck el. sjö», evt. om botnlaus myr, i Hattfjelldal (Qvigstad nr 468), men har slike hjert-vatn og hjart-tjønner vore sett på som ovdjupe? Kring den ikkje-runde Hjart­tjønna i Steinkjer er mange myrhol, men ein runda knaus på sørsida stikk òg såpass mykje av i myrlandskapet at det vel er han som har gitt tjønna namn.

Gierte? 

Hjertvatnet og den store og den litle Hjerthaugen i Ballangen er allereie nemnt: Det mest særmerkte med Hjertvatnet er på ingen måte hjerteform, men der stikk ut ein lang tange som er så smal inst at det truleg høvde å legge eit kort gjerdestengsel tvers over der når rein skulle mjølkast, jf ls gärdda «reinskiljegjerde» lik ss gïerte, giertie, «mjølkegjerde» også det. Plent det same gjeld for tangen i vesterkant av den elles lite formfullendte Hjarttjønna i Rana, alt nemnd, utan at der er funne samiske spor. I det tilfellet kan det også hende at toppen av Hjarttjønnkanten like ved tjønna er det «hjarta» som gav tjønna namn.1

Om Hjertvatnet i Ballangen må elles nemnast at Melkevatnet i sør-sørvest òg har tangar, som må ha høvd bra for det som namnet fortel om. – Men fjellryggen mellom dei to vatna, med store og litle Hjerthaugen som høgpunkt, er også eit naturleg stengsel, så der trengst det ei saumfaring basert på lokalkunnskap.      

Jarta? 

Under oppslag Hjartøya i Nordfold kommune (les Steigen) seier NoSt at «hjart- i øy- og fjellnamn siktar vel til ein eller annan likskap med eit hjarta», og det kan vere rett nok: Hjartøya i Bindal er jo for ein stor del oppfylt av den runde Hatten, Hjartøya i Brønnøy er i endå høgare grad berre ein trillrund knaus, den noko større Hjartøya i Herøy er oversådd med runde humpar. Endeleg kan ein nemne den store og litle Hjartøya i Bodø som begge er nokså langsmale, men berghumpane der er like avrunda som på dei andre Hjartøya’ne.

Hjartøya i Steigen (Nordfold) er større enn hine og meir fjellrik. N50-kartet viser at det sørvest på øya er ein avrunda hump, Hjarta, og dei mange andre Hjertøya‘ne lang kysten, i Lødingen, Hitra, Frøya og Molde osv. har like avrunda profilar. Ei anna sak er at Hjartøya i Nordfold har rikeleg med ulende på eit avgrensa område, så det har noko for seg å tenke på ss jarhta «vilt landskap med djupe, smale dalar og stupbratte berg». Det kan òg vere relevant for Hjartfjelltinden i Hemnes og i Meløy, likeins for Hjartegòta i Gulen og Hjartegylet i Sykkylven. Endå fleire ulendte sørnorske lokalitetar med namn på Hjerta- eller Hjerte- kunne nemnast, men enn så lenge er det usikkert. Det er vanskeleg å finne nordiske ord som liknar jarhta brukt om ulende, det er enklare der det kan vere tale om «avrunda fjellknute» o.l.

Kva er eit loft?

Før vi går vidare med «hjertesaka» vil vi stille eit spørsmål litt på sida: Kva er eit loft i naturen? Loftan ned og sør av Sinnerhågen inst i dalen på Bø på Andøy er ei skogkledd åsside med tungeforma avsatsar som ikkje trer så klårt fram sommars tid, men framstår veldig tydeleg når snyen kjem og skogen ter seg «tett» for synet på dei horisontale delane av avsatsen, men tilsynelatande meir grissen der det er brattare.

Namnet Loftan finst mange andre stader, det kjem opp eit stort utval ved søk på Norgeskart, og variantar på Loftan, -loftan er berre nordnorsk. Litt paff vart eg då Loftan frå min barndomm kom opp på skjermen som «fritidsbolig (hytte, sommerhus)», for der finst korkje hytter eller hus! Dei andre Loftan i Nordland og Troms har fått merkelapp «terrengdetalj», «utmark» el. «bakke», «li», «fjellside», eller òg «høgd», «haug», «rygg», «ås». Mindre presist er visst «berg», «mo», «slette» og «stup», og «botn» og «tjern» er heilt ute av fokus. 

Eit særtilfelle blir Loftan under gnr 37 i Sørfold, ein avsats så vid og flat at det akkurat der blir rett å tale om ein mo. Eintalsforma Loftet er sjeldan i Nordland og Finnmark, ser det ut til, men litt van­legare i Troms. Samisk form –låpptå er vanleg i Hamarøy og framfor alt Tysfjord, men dukkar opp også lenger sør, i Rana, Saltdalen og Sørfold. Slike loft kan vere ei halling frå ei viss høgd og ned mot stranda, men som regel er det ei hylle eller eit tungeforma platå langt oppi fjellet, ein brei og vid benk eller ein avflata og langsmal åsrygg.

Naturleg var å vente at Nynorskordboka eller i det minste Norsk Ordbok b. 7 ville rydde opp i ordbruken, men den vona glapp: Vel er loft i tydinga «opphøgd stode» historisk korrekt, men sjølvsagt altfor abstrakt i stadnamnsamanheng. Klart er at loft for lenge sidan slutta å vere eit levande og produktivt terrengord, men ut ifrå korleis Loftan her og der i Nordland framstår på dagens kart, kan vi seie at vi kjem langt med forklaringar som avsats, benk, hylle, lem eller pall. Med så mykje sagt om ordet «loft» (gno. lopt), noko vi snart får nytte av, vender vi tilbake til hovudemnet.

Gjertrud? 

Kvinnenamnet Gjertrud, eller Gjartrud, med Hjartrud som ein avart, kan ha vore over all måte populært i gammal tid, iallfall framstår det over-representert innafor stadnamna i Nordland. Er ingen tvil om at dette opphavleg tyske namnet, som ein kjenner til at dotter til Erling Skjalgsson bar, var populært i hundreåra etter: I stadnamn der også farsnamn kjem fram, kan ein la all tvil om samanhengen fare, t.d. for Gjertrud Arndet-benken på bnr. 38 Slåtten under gnr. 6 Øverdal i Rana.

At same kvinnenamnet òg vart nytta blant samar er det neppe vanskeleg å dokumentere, i det minste er stadnamnet Gierhtúgielës frå Malå i Sverige tolka så (lydsambandet –tru– regelrett forenkla –tu-). Ved evt. seinare fornorsking/forsvensking innafor vedkommande område fall det like naturleg å «reparere» og føre inn den utelatne r-en i skrift. Det er sannsynleg at Gjertrudvatnet som vedheng til Djupvatnet nord i Beiarn, nær grensen til Bodø og Gildeskål, fortel om ei Gjertrud som har hatt tilhald der: I same området finst Pevatnet, Lars-lapphågen, Lappskaret oa. Gjertrudgammen i Hasvik høyrer opplagt til same kategori. For ein god slump andre Gjertrudvatn og -tjønner er det mindre klart at kvinnenamnet ligg til grunn.

Så setter då også Gierhtú som ei samisk form av Gjertru(d) oss på sporet av to ord som liknar: Det eine er ns gierdu «tynneband», ls kier’tō, urnordisk *gerdu (jf gno gjǫrð, gerð f): Norsktalande over ein viss alder dreg vel kjensel på bukgjorda om ein del av hestegreiet (så vel som verbet «jørre åt»: gyrde reipe åt, knyte eller stramme hardt til). Også det ordet finst i nokre samiske stadnamn i Finnmark og Troms, især i forma Gierdoid-.    

Det andre kier’tō, som etter gjeldande lulesamisk skriveskikk vel også kunne skrivast gierddo, er eit heilt anna ord. Stadnamn-døme frå Jokkmokk, og frå Tärna i grensen ume-/sørsamisk, fortel at det tyder «en mindre avsats på en fjällsida; en högt belägen fjällslätt mellan två fjäll eller framför ett fjäll». Men her kjem ei uventa tilleggopplysning inn, nemleg at det er eit gammalt ord: ‘nu säger man  lopto‘, låneform av gno. lopt. Den tilføyinga kan gje ei lita aha-oppleving, ettersom det finst over all måte mange lokalitetar med Gjertru(d)- som namne-forledd utan at det er råd å spore opp historiske fakta om desse kvinnene:

På Gjertrudberget gnr 35 Fauskevåg i Harstad er det ein flat pall i bakkant av Stong­åsen. Pallar el. avsatsar er òg kjennemerket for Gjertrudbotnen i Bergen og i Voss kommunar, men også for bnr gnr 61.2 i Våler i Østfold, Gjertebråten!

I Gjertruddalen2 på gnr 57 i Vågan er Dalhaugen bratt på framsida, mot Gjertruddalsmyra under, men flat oppå – nettopp eit platå i fjellsida – og Gjertruddalselva renn på nordsida. (Sml at Gjertruddalen i Sirdal i Vest-Agder er ein lett trappesteg-prega dalklove.) Gjertruddalen gnr. 83.1 på Holmbakkan i Øksnes ligg på eit platå i fjellfoten, med ein brink mot blautmyra.– Eit platå under fjellet er også Gjert­rudhaugen, på ei skáidi mellom to elvar på gnr 14.1 i Karlsøy.

Gjertrudelva i Evenes oppstår i forkant av ein låg, vid fjellbenk nordom Annfinnkollen. – Tippelva [tepp-] heiter ein bekk som renn frå Tippsteinen i utkant av gnr 35 Skogvoll på Anda og nordvest-over myrane, der det er tett i tett med tjønner på begge sider. Så passerer han skilet mot gnr 34 Nordmela der myrane er av same slag, men der skiftar bekken namn til Gjertrudelva, nett der dukkar opp ei lang fastmarkpall i djupmyrane på sørsida. Pallen strekker seg i retning aust-vest.

Gjertrudfjellet i Fauske er eit ganske vidt fjellplatå, med småtjønner og pyttar strødd: Der er avsatsar i bratta mot aust, men i vest fell heia slakt av ned mot Villumvatnet. – Her kan skytast inn at det før nemnde Hjertvatnet i Bardu òg ligg på eit platå.

Gjertrudholelva i Kjerringvika gnr 11 i Ballangen kjem tydeleg nok frå Gjertrudhola, ein myrlendt avsats i fjellet. Myrlendt er også avsatsen eller kråa Gjertrudhola på gnr 55 Mjelde i Tromsø, og Gjertrudhågen på Skorpa gnr 59 i Dønna er ein lang, flat rabb med eit par små knattar på.

Gjertrudskòra gnr 54.3.5 i Gloppen er eit nærmast eit høgt eid mellom bratte fjell­sider og med bratt fall mot vikane i begge endar. På Vestlandet tyder skòr «avsats i fjellside», men vidare «(langstrakt) hulning» osv. I så fall fortel utmerk­inga Gjertrud- og hovudleddet -skòra i dette høvet det same.

Gjertrudsletta på gnr. 112 Finnkrokan i Karlsøy skrår slakt ned mot Storbakken og Sankthanshaugen, og især den første har typisk platåform.

Gjertrudslåtta [»jæṭuslåtta] er Hamarøy gnr 10.3,5: Bruket ligg i ei dalkrå med slak halling mot sjøen, men på bnr. 6 i sørvest er ein brattare åskant, flat oppå, mot Jørn­vika. Både ‘slette mellom to fjell’ og ‘slette framfor eit fjell’ gir meining, noko ein ikkje kan seie om stavemåten Hjertuslot på vegskiltet. Namneforma «Gjertrudslottet» på N50-kart lyder på si side litt meir adeleg enn folkelege –slåtta.

Gjertrudvika gnr. 60.20 i Vågan mellom Sydalen og Gravermarka er langgrunn, og der er tufter på begge sider: 5 meterskoten viser at vika eigentleg når inn til eit tungeforma, flatt framspring under den bratte Høgåsen. 

Gjertrudvika bnr. 10.17 i Leka ligg med bogeforma strand mellom flate haugar, med ei flate ovanfor, i så måte ganske lik både Gjertrudvika i Bømlo og bruket Gjertrudvika 52.5 i Åfjord, og stor er likskapen med Gjertrudslåtta (og med Loftan under Liland, Vågan gnr 22). I nokre tilfelle er desse lokalitetane skarpare avgrensa mot fjellterreng på sidene enn andre.

Ordet hjarta (fleirtal hjarto) fekk tidleg ei sideform hjærta i austnorsk. I målføre som ikkje heldt oppe eit klart skilje mellom framlydane hj og gj må då samanblanding og kryssformer av hjarta, hjerte og det før omtalte giertu, giertō, der dette var kjent frå stadnamn, ha dukka opp temmeleg tidleg. Men for å gjere det innfløkte enklare, kan kvar og ein som er interessert, slå opp hos Kartverket etc og kontrollere om det er rett eller ei at Hjartet og Hjertet, Hjartenget, Hjertlia, Hjertamyra, Hjertsetra, Jartrudlia osv. er namn som stadig vekk er knytte til variantar av avsats, lem og pall; kan hende høyrer òg Gjertlistrupen i Bergsbotn på Senja til her. 

Hjerteflaten i Evje og Hornnes i Aust-Agder er i ein slik samanheng nærmast sjølvdefinerande. Vidare ser det ut til at dette med avsatsar, eller evt. pallar eller tunger med fastmark i lende som elles er prega av myr, setter oss i stand til å «lese» Hjart- og Hjert-namn så vel som Gjertrud- meir nyansert.

Vi skal elles sjå opp for namn på Gjert-, då denne lågtyske varianten av mannsnamnet Gerhard truleg har vore litt brukt, men i naturnamn er opphavet truleg eit anna. For båtstøer og små vikar, slåtter, bærmyrar mm. er der alltid rom for tvil: Person-namn eller landskap? Men dess lenger til fjells eller ut i villmarka ein ferdast, dess mindre sannsynleg blir det at ein har med mannsnamnet å gjere.

Litteratur:
Bergsland, K. og Magga, Lajla M. 1993: Åarjelsaemien-daaroen baakoegærja – Sydsamisk-norsk ordbok. Oslo – Kauokeino.
Collinder, B. 1964: Ordbok till Sveriges lapska ortnamn. Uppsala.
Grundström, H. 1946-1952: Lulelapsk ordbok. Uppsala. Korhonen, O. 1979: Lulesamisk svensk – Svensk lulesamisk ordbok. Uppsala.
Qvigstad, J. 1944: De lappiske appellative stedsnavn. Oslo.
Sandnes, J. og Stemshaug, O. 1990: Norsk stadnamnleksikon. 3. utgåva.
Stemshaug, O. 1982: Norsk personnamnleksikon. Oslo.

Nyredigert etter Håløygminne 2010.

Fotnotar:    

  1. Stein-Arve Myrbakk opplyser 2010 om den såkalla Hjartkjønnkanten like ved, i Røvassdalen: “Lia er bratt opp og ender i en liten avrunda ‘geletopp’. Nils Peder Lomahaug bor i området. Han forteller at bestefaren hans ikke knytta navnet på tjønna (Hjarttjønna) til det samiske. Nils har lært at navnet kommer av forma på tjønna. Han fortalte at for tjue år sia prøvde forsvaret å få lagt et skytefelt i området, og da ble det lett etter samiske merker. Det ble ikke funnet noe”.   ↩︎
  2. Namnet Gjertrudddalen er på ØK også festa til ein skogkledd avsats i urdane like vestafor, på gnr 58 Kleppstad, der det slett ikkje er nokon dal. Namnet har vel ekspandert?  ↩︎