Avløysa og Brokløysa
Avløysa som namn på oddar og landnære holmar finst mange stader, bl.a. på Hornøya i Vardø. Særskilt vanleg, kan det sjå ut til, er det i Vesterålen og Lofoten. Avløysinga eller også Avløysingen er ein velkjend variant i andre distrikt. Sjeldnare ser ein drøfta kva namnet tyder. Å sml med meir eller mindre negative husmannsplass-namn som Gardløysa, Grasløysa, Matløysa, Mjølløysa osv. er helst meir villeiande enn rettleiande. Oluf Rygh var likevel på rett spor i si drøfting av gardsnamnet Avløs i Bærum: «Gaarden Afløisa paa Frøien er maaske ogsaa benævnt efter en udenfor liggende Holme; om Avlesbugen, Gaard i Hevne, er at opfatte paa samme Maade, tør jeg ikke sige. Man kunde tænke sig, at ved de sidst anførte Navne Forestillingen om Holmen som noget, der løser sig fra Hoved-landet, laa til Grund».
Utgangspunktet er jo at Avløysa fortel om noko(n) som blir løyst av, slik Rolv Straume gjer i Bø bygde-bok:
«Ved Rambergneset er Avløysa. Hi Avløysa er ved Farveisa, så kan ein vite kor langt dei måtte sitte med årane den tid dei var i bruk». Ved sistnemnde lokalitet blir dette tatt oppatt: «Ute ved Farveisodden er Avløysa, der dei løyste av ved årane. Hi Avløysa er inne ved Ramberg» (b.1:21, b.2:38).
Problemet med forklaringa er at ho berre fortel det som synest å ligge i namnet sjølv utan å seie kvifor det skjedde rorskifte just dei stadene, som ligg såpass nær einannan at rorsetappen blir merkeleg kort. Går vi så nærmare inn på avløysene andre stader, finn vi der òg dårleg rim med høvelege rorsetappar i dei tider då skyssplikt fanst.

Rygh er også inne på den uttalereduserte varianten Avles– ikkje berre i Hemne (Avlesflua) og Hitra (Avlesa), men også i Harstad (Avlesholmen i Brokvika). Annleis med skjeret Avlusa ved Avlusbukta i Steinsfjorden i Vestvågøy, der må heller ei form *Avlausa ha lege til grunn.
Brokløysa er ein gard i Sortland. Det namnet har mange undra seg over, og Rygh oppfatta det såleis: «Dannet av brók f, Buxe, Buxeben, og løysa f, af Adj. lauss, som forekommer som 2det Led i mange Stedsnavne med Betydning af en Mangel paa det, som lste Led betegner. Denne Sammensætning, som kun forekommer her, kan nærmest sammenlignes med Klædløysa, forsvundent Gaardnavn i Varteig». Som ein ser, meir ei drøfting av namnestrukturen enn ei eigentleg tolking av namnet.
Folkeleg, for ikkje å seie fargerik er den tolkinga Per Hovda lanserer i «Norske Fiskeméd» 1961: «Mange stader på kysten møter ein namn på små vikar og attlatne sund med namn som Skjortelaus(hamn) i Tysvær, Broklaus hamn i Fitjar og Lusahamn i Åkra. Dette var namn på gode hamner. Dei kunne klæ av seg både skjorta og broka og ‘pela lus’ i kleda sine» (s. 302).
Den forståinga har visst få eller ingen andre gjort seg til talsmann for, så namnet har halde fram med å vere ei utfordring. Ein vanske for seg er at lokalitetane Skjortelaus(hamn) og Broklaus Hovda nemner ikkje er til å finne ved kartsøk. Der imot finn vi Lusa- eller Lusehamn i Årdal.
Robert Skaug frå Sigerfjord skreiv 1966 i eit brev om Brokløysa i Sortland: «Under reise til Lofot-fisket kunne der ligge fullt av farkoster som søkte ly for stormen i denne gode hamna. Der var så trygt å ligge i Brokløysa at fiskerne kunne ta av seg buksa, løyse buksa. Noen har også ment at båtene der kunne ligge uten brok, ei slags bakfortøyning».
Kåre Glad, sjømann og fiskar, tok opp den konkrete forklaringsmåten mange år seinare: «For båtfarende folk/fiskere er det viktig med gode havneforhold, og det er svært god havn både i indre og ytre Brokløys. I gammel tid, før motordrevne båter, var det viktig at havneinn-løpet var mest mulig rent (ingen skjær) og rett, sånn at båten kunne seiles direkte inn til en ankerplass. Aller helst burde en slippe å sette ut anker for å fortøye. I Brokløys kunne en seile direkte inn på havna, der var full dybde for den tids båter helt inntil land. Det var å sette fast et tau, for så å falle tvers over Vågen til andre landet, og så sette fast der. Så var det å hale seg til midten av tauet og legge båten i såkalt brok – et ord som enda brukes, og som har vært brukt så lenge vi har skriftlige kilder. Når de sjøfarende forlot havna, var det bare å kaste løs broka, og de var seilklare» («Vesterålen» 8.1 .l983).

Dette er ei likanes tolking, her kan vi droppe meir fantasifulle teoriar, og vi kunne saktens gå nærmare inn på det maritime ordet brok. Men det finst innvendingar som veg tungt: Stadnamn er ofte langt eldre enn mange vil tru. Var sjømannsgogna brok alt i bruk den tid namnet Brokløysa oppstod? Om så var, burde ikkje staden heller ha blitt heitande *Brokhamn eller *Brokvåg, jfr. namn som Djupfest og Hammarfest? Poenget var vel dette var ein stad der det var greitt å ligge for brok (eller aller helst utan). – At dei måtte løyse den same broka når dei fór sin veg, burde då vere for sjølvsagt til at hamna fekk namn av det?
Då er det meir tiltalande med Rygh å forstå –løysa i dette tilfellet som eit uttrykk for «Mangel paa det, som lste Led betegner», men same kva slag brok vi prøver med, får vi store vanskar med å meisle ut ei tolking som blir konkret/truverdig nok. Rygh har rett i at Brokløysa er eineståande, då vel å merke som gardsnamn, men som namn på vik-formasjonar finst det også i Gulen og Radøy, merk dertil Broklösen i Västerås i Västmanlands län i Sverige, i det tilfellet namn på eit nes.
Brok = bukse er, ulikt det maritime «brok», velkjent frå garnmalnorsk, men då helst om eine bukselåret. Stadnamn på Brok- fortel i alle fall greitt om lokalitetar som er delte i to: Broka i Fitjar er ein delt holme medan Broke i Nome i Telemark er eit vatn med ein rundvoren hovuddel og to lange armar: den eine av dei stikk inn i Drangedal k. ‘Eksemplarisk’ todelte er også Broklia i Skorvågen i Bø, like eins Brokvika i Harstad, ei temmeleg stor vik der det i midten er ein odde med eit grunnsnag utanfor.
Brokvika i Steigen er ein mykje mindre lokalitet enn vika i Harstad, men er nærmare studium verd i det som har med høg- og lågvatn å gjere: På kvar side av vika er det eit nes, det eine breitt, det andre meir oddeforma. Men i rota av neset går det i begge tilfelle ein val langsmed land, og ved full flo blir dei to nesa til holmar. Opningen mellom nesa, som var ei vik, blir no eit kort sund.
Dette er relevant også for dei eigentlege Brokløysene: Brokløysa i Gulen er ein lang holme med eit smalt midtparti, med ein val som flør over.
Brokeløysa i Radøy er ei lang og trong og delvis delt saltvasstjønn på fjære, men fjordsida av tjønna er ein tangemed same namn, som helvta flør over. Saltvassbassenget innom ligg då meir ope for ferdsel, ser det ut til.

Brokløysa i Sortland er frå naturen si side utforma på liknande vis: Her er to vikar, Ytter- og Innerbrokløysa el. Ytter- og Innerhamnen, med Brokløysholmen som bolk imellom. Men ved rota på sistnemnde går det ein tidlegare val tvers over: Landheving må ha tørrlagt valen i relativt sein historisk tid. Før den tid vart dei to vikane på full flo til éi stor vik eller strandstrekning, med ein stor holme tett utanfor. Ved fjæra sjø vart dei to vikane med neset imellom ei naturleg «brok» i landskapet, men broka løyste seg opp når det flødde, så neset vart ein holme.
Heilt eineståande er ikkje namne-typen Avløysa og Brokløysa. Smøla har holmen Steinløysa, som har ein steinodde i austerenden, dvs. det skjeret er skilt frå holmen ved flo, men blir landfast når sjøen fell. I Hol i Vestvågøy har dei attmed Foldværingsøya (Foldværsøya) ei mindre øy kalla Værløysa, som tilsvarande er øy ved flo og halvøy ved fjære.
Noko for seg er Landlausa i inn-sjøen Feren i Meråker, ei øyr eller ein banke som skild frå stranda ved ei grunn renne. Reknar med at det kun er i tørrår at øyra har kontakt med moderlandet. Samanlikningsvis skal nemnast at i Bø er Avløysa i Kråkhaugvatnet eit særtilfelle, eit permanent vedheng til ein litt større holmeformasjon.
At det er knytt mange og sprikande tolkingsforsøk til namnet Brokløysa er nemnt. Grunnen er sjølvsagt at alle naturleg legg brok = bukse til grunn for sitt resonnement. Det å «løyse broka» låser assosiasjonane endå meir! Stadnamn landet over – vi har berre omtalt nokre av dei – viser heller at vi må tenke på brok i ei meir grunnleggande tyding: tvidelt tilstand, eller lokalitetar som er naturleg delt i jamstore halvdelar. Kva hovudleddet –løysa gjeld, er det som før sagt nyttig å vere klar over at det norrøne «leysir» også kan vere intransitivt og ganske enkelt tyde «går sund», «rivnar», «fell frå einannan» o.l.
Nyredigert i høve til Håløygminne 2012.