Narvik

Narvik – tidlegare matrikkelgard i Ankenes, men frå ca 1900 ein etter nordnorske mål nokså stor by – ber eit namn i «særklasse»: Om bysoga er kort, har likevel det som skjedde i og kring Narvik i 1840 gitt byen varig ry over store delar av Europa, og i slik samanheng er det få som har meint at det var så mykje i vegen med namnet.

I ettertid må vi derfor kunne kalle det ei ganske sær vinkling når «Vesteraalens Avis» på Stokmarknes ser slik på saka 16. desember i 1898: «Narvik er det officielle Navn paa det tidligere Viktoriahavn i Ofoten. Et uheldigere Navn kunne neppe findes». – At staden faktisk heitte så med rette, og at dette slett ikkje var noko ein eller annan hadde funne på, var visst ikkje noko poeng. – I nærmiljøet var ein vant med namnet, det gjaldt berre å la namnet få offisiell status.

Men kva tyder så bynamnet Narvik? «Norske Gaardnavne» seier: «Med fuld Sikkerhed kan Navnet neppe forklares. Det synes ikke rimeligt, at det er samme Navn som det paa flere Steder forekommende Narrevik eller Narvik med kort Vokal i 1ste Stavelse, som er opr. *Knarravík, af knǫrr m, et Slags Handelsfartøi». – Det interessante er at avvisinga bygger på rang uttaleopplysning, nemlig at Nar– har lang vokal. Rygh festar elles ikkje meir lit til dei alternative tolkingane han drøftar etterpå.

Den tanken at det kunne vere lønt å søke etter ei eventuell samisk forklaring på førsteleddet synest like fjern for dette eine matrikkelnamnet som for dei fleste andre gardsnamn, iallfall kva Nordlands-bindet av NG gjeld. Men Narvik – eller Narvika med opphavlegare uttale – er eigentlig ei vik på sørsida av ytste snaget mellom Beisfjorden og Rombaken. I dag veit vi at begge dei to fjordnamna mest rimeleg blir å forklare ved hjelp av samiske grunnord. Så og med Narvik: Nar- i dette tilfellet er nok ikkje annleis enn det njárga «nes» som også opptrer med avkorta form i Njar-gæčče «nesodden» i Finnmark, norsk Angsnes og Njar-gadde «nes­landet» i Tysfjord i Nordland, norsk Fagernes. (Dertil Njar-gatte-varre «neslandsfjell».) Merk at her er rettskrivinga i namna ikkje modernisert. Forleddet Nar- tilsvarar ns njárga «nes, odde; halvøy» jf ls njárgga og ss njaarke (om halvøy). Framlyden Nj- står for ein palatal n, noko vi i norsk stort sett berre kjenner frå inn- og utlyd.

Der er noko som heiter nabo-opposisjon: Folk som ikkje var frå Narvik by men frå distrikta omkring, herma lenge uttalemåten |»nȧrvīk| brukt av byens folk. Det var nok tradisjonsrett samisk uttale, og den spesielle a-lyden i Nar- var som eit sjibbolett for narvikværingar lenge. Sisteleddet -vika er sjølvsagt norsk, men er eit velkjent lånord også i samiske stadnamn.

I fleire andre stadnamn blir sam. njárga– avkorta til Njar– i forleddet. Narvikanarrvīk| bnr 45,12 i Risør er same namn som Narvik by, og den garden ligg ved den grunne Narvikbukta, skjerma av ein langt nes: Same funksjon har Framnes i Narvik by. Småbåthamna Narviga i Kristiansand er litt meir skjerma: Der òg stikk ein kvass odde ut – plent som på halvøya Narholmen i Porsgrunn i Telemark.

Som midtledd i treleddsnamn er sam. –njar– for -njarga- systremrett og vanleg nok, så som i Akšo-njar-gæčče og Garbe-njar-goppe (Finnmark): Her fell stavinga –ga– i -njarga- veldig lett bort av di det er ein g- også i sisteleddet.

Nyredigert i høve til «Håløygminne» 1990, h. 3.

Dette er Narvika ved Narvikbukta i Risør. Kartverket.