Rogaland og det samiske
Forkortingar å merke seg:
bnr = bruksnummer, fi = finsk, gno = gammalnorsk, dss norr(ønt), gnr = gardsnummer, Lehnw. = Nordische Lehnwörter im Lappischen, ls = lulesamisk, vidare NG = Norske Gaardnavne, NO = Norsk Ordbok (12 bind), ns = nordsamisk, oslo = Ordbok till Sveriges lapska ortnamn, Qv (J. Qvigstad) = De lappiske appellative stedsnavn, sks = skoltesamisk, ss = sørsamisk.
Denne artikkelen om samiske namn i Rogaland går ikkje inn på stadnamn av typen Finnvik, Finnøy eller Finna-land, Finnasand, Finnastad, gardsnamn som nok talar sitt tydelege språk om etnisitet, men er klart ikkje-samiske: Norsk namneforsking har lang tradisjon for å bortforklare og ignorere slike. Her er det m.a. nyttig å lese Leiv Olsens arbeid frå 2010, «Sørsamisk historie i nytt lys».
Forsøka på å finne plausible namnetolkingar baserer seg ikkje på teoriar av geografisk eller kronologisk art, seinare vil det komme til yngre folk som tar opp den problematikken, men lat det vere understreka at når sørsamane etter dagens oppfatning vart isolerte frå andre samiske grupper rundt 600 e.Kr., kan ikkje ordtilfanget i dagens sørsamisk vere ein påliteleg fasit.
Korkje i Rogaland eller andre landsdelar bør det forvirre at presumptivt samiske toponym samsvarar med det ein finn i lule- og nordsamisk, medan ein ofte leitar fåfengt i sørsamisk ordtilfang som er blitt forarma pga. geografisk isolasjon. Like fullt kjem det opp talrike innslag av sørsamisk art, og fordelinga av ‘sørlege’ og ‘nordlege’ former vil bli studert meir systematisk når heilt grunnleggande aksept for samiske innslag i sørnorsk stadnamnflora er oppnådd.
Det kan elles verke forvirrande at toponym som synest vere klart sørsamiske, er å finne både i nord og i sør, som speanjoe, berghelle, hallande glatt bergflate’ og vihket ‘straum’, i Nordland vihkje, i sør fornorska til veka, likevel med historiske skriveformer på i. – Bygdenamnet Vikedal kjem òg inn her.
I denne samanhengen kan òg nemnast at der Qvigstad rakk å notere somme samiske namn før samisk talemål i Vesterålen forsvann, noterte han bl.a. fleirtalsformer av mange gardsnamn som ender på vokal (dei ender ikkje på –at eller –ak). Han markerer ingen utlydande h-lyd i slike tilfelle, men det ligg nær å tru at ein må forstå hans noteringar i den lei. T.d. finst det nordnorske kommunenamnet Bø offisielt normert til ns Bievát, medan Qvigstad berre noterte ei fleirtalsform Bievā.
Interessant er eit fenomen som ikkje sett nemnt i litteraturen om sørsamisk, men som finst overraskande formulert i Harald Grundströms «Lulelapsk ordbok» på s. 71, under oppslag med forbokstav h-: «h har i denna ordbok ingen betydelse for ordens alfabetiska följd …. Ord som börja på h få därför sökas under närmast följande vokal, t.ex. hāllat på ā, hiellē på i, hǡllat på å osv.» (s 71). Det er unikt for ordboka hans, men sjølve fenomenet er langtfrå ukjent i andre greiner av samisk heller.
Ss har hȧbmače «liten fjell-rabb», men variantar av grunnordet hammar er både abmer, ammer, ȧmmer, og i nyfornorska namn Emmer-. Gammaldags er ad’no om stor jordfast stein, det synest å opptre som hano og hana i stadnamn. – Ss anghkele «lite høgdedrag» med variantar på aŋkal og ȧŋkȧlɛ blir veldig ofte til Handkle– nordpå, men i aust er det helst Ankel– og Ankaltrud; i Hjelmeland har ordet forvanska i Hannkaddlavikjå. Vi kan og ta med aarege «steinut område, urd», som terrengmessig gir ei truverdig tolking av gardsnamnet Hærigstad i Varhaug og i Time, men visst går på meir solid steinut undergrunn i høgde-namn som Ergan i Lindesnes og i Hustadvika.
Same fenomenet, dvs. med framlyd H- kontra bortfall, er der i namna Hobberstad kontra Obrestad som terrengmessig er i beste samsvar med ss hååhpere og hååhperahke «bratt», som rett nok berre er ei predikativ form. Det kan òg heite haahparahke: Her er linken til Habbarstad i Eidsvoll og i Ullensvang tydeleg.
Eit anna framlyds-fenomen må òg nemnast: Det er i og for seg godt kjent at t.d. personnamn som Kristina og Knut blir Ristin og Nuhtti i ns og ls, her kan n og r i framlyd ikkje ha ein annan konsonant framfor seg. Ikkje så i ss, der ein vil finne litt uventa framlydvariantar: Dyret frosk heiter både fråske og trooske, fuglen jerpe heiter både brórke og frórke (Hass.: brurge, frurge). Det ser òg ut til at når Traste– og især Trosterud går att som namn på gardar i skil mellom gamle bygdelag på Austlandet, kjem det av at ss raaste ‘skil, grense’ er blitt kopla til fuglenamnet trost alias eller traste.( Og apropos fugl, ein nordlending som etter språkleg sedvane kallar kråka med samisk namn karia eller ho kari og hermar hennes daglegtale kra-kra, han må nærmast drage den slutning at ho kan ikkje ns?)
Fleip til sies, det er noko usikkert kor stort rom ‘frie framlyds-former’ som brórke og frórke har i sørsamisk. Forleddet i namnet Frøkjedalen i både Jelsa og Tysnes er tydelegvis ss ruhtjie ‘trong djup dal’, så ein aner ei eldre form *pruhtjie her. Bruksnamnet Primstad i Varhaug har kansskje som forledd ei sørleg form av riepme ‘ett grundare, stridare ställe i en älv’ (oslo 176), eit innlån av gno brim? Dette er ganske usikkert.
Talrike gardsnamn i Rogaland som ender på –stad i skrift får unikt avkorta uttale, så som auest for Auestad (áu’ju område ved vatn, ‘øy’ i utvida tyding), vidare båddlest for Bollestad (attmed pollen Edlandsvatnet), fjærmest for Fjermestad (vyjreme skred), friest for Fristad (prijrie temmeleg bratt skogli), i eitt høve fåglest for Fuglestad (<vuelege: nedre-), garpest for Garpestad (garhpe: uslett lende), godmest for Gudmestad (jf nordsam. guohtum ‘beite’ lik sørsam. gåatome?) Vidare håbbørst for Hobberstad, åbrøst for Obrestad, alt nemnt, og hågnest for Hognestad, hårpest for Horpestad (nær tronge stader mellom Horpestad-, Erga- og Orrevatnet). Ein finn òg påddlest for Pollestad (nær eit uttørka vatn), rimest for Rimestad (vel riepme: stryk i Hå-åna), særikst for Serikstad (jf sïerkestahke vidjekratt), Vigre og Vigrestad) (av vietjere: hammar), ævest for Ævestad (frå aevjie: fin eng på kåtetomt el. i tidlegare reingjerde), ånest for Ånestad, årrest for Årrestad (årre kanskje <hårro om ei rauka av stein, eller om ein varde).
Kjerneområdet for desse avkorta uttaleformene er Ogna, Nærbø, Varhaug, Klepp og Time, og det kan minne om ei ganske så lik avkorting i bøyinga av ss ord på –stahke, som får kortform –steh, då især som sisteledd i landskapsord. Der går det faktisk eit hakk lenger av di trykklett –steh lyder –sth: snorrestahke ‘område under fjellet med kun bjørkeris’ blir snorresth, og sorrestahke ‘tjukk skog (særleg lauvskog)’ blir sorrest eller sorost. Vidare å nemne stråmhpoe ‘busk, kjerr’ i sms stromhpestahke ‘busk el. kjerrbeltet (nedanfor snaufjellet’, forkorta til strompesth. Kan òg nemnast at strompesteh synest inngå i ei omskapt namnelaging ‘Stompestein-ra’ to stader i Bjørnskinn sokn på Andøya der det før var låge kjerrar, men ingen steinar. Vidare synest det som om namnet Serikstad i Time går på *sierkesth av sïerkestahke, sierkestahke ‘vidjekjerr’, jf ss sierke ‘vidje’.
Gardsnamna øuest, hærigst, håbberst, vigrest, ævest og åbrøst må visst vere skorne over same lest, endå desse ikkje går på vegetasjonen. Det er heile vegen tale om suffikset –stahke, som i ss bl.a. tyder ‘område med’: dvs. forsynt med det som førsteleddet nemner. – Så vidt kjent blir aldri –stahke (pl. –stahkh) nokon gong dregen inn i drøftinga av norrøne gardsnamn på –staðir.
Omvendt er det så at ss heajme, hïejme ‘heim’ så vel som laante om ‘land, jord, område’ er kjente innlån frå nordisk. Ordet er produktivt nok i rogalandske gards-namn som burde vere heilt norske, men er ein først merksam på innlån til samisk, kan ein ikkje lenger seie sikkert, i dei høve der gardsnamn på heim, land eller stad har uklart førsteledd, om namnet vart laga av ei folkegruppe som lånte slike gardsnamn-termar og laga eigne hybrid-namn.
I drøftinga av gardsnamnet Sæveim på Finnøy la Oluf Rygh sjølvsagt norrønt språk til grunn; han gjetta på at det låg ei fleirtalsform sæva– i gen. flt. til grunn, men fleirtalsform gav ikkje meining, med mindre han peika på to vatn i nærleiken – i staden for havet (sjøen)! Så i tillegget bak i Rogalands-bindet tyr han til plantenamnet sev = siv! Det intrikate er berre at sæv og sæva i ss og ls blir nytta om havet, sjøen, og då kan jo det stemme godt som Rygh fann å måtte forkaste: ‘at Sæveim var den ældste og oprindelig eneste Gaard her sydvestlig på Øen, og at den havde faaet Navn af, at den laa længst ud mod den aabne Hoved-fjord’.
Innanfor det same området der –stad blir forkorta til –st blir pussig nok sisteleddet –heim redusert til –ei, i assei, grødei, kvassei, malmei, njærei, norei, særei, stabnei, særei, tjæssei, tunei, tådnei, unnei. Det er ganske påfallande til norske namn å vere, og ikkje mindre i samisk, der heim er eit utbreidd lånord som ikkje blir traktert på same vis.
Heimnes i Jelsa blir skrive Hebnes og uttala hibnes, trass i sikre skriveformer Heimnes to gonger på 1280-talet, men á Hæifnesi 1303. Hebnes i Skudesnes blir kalla for hibbnes og hivvnes, men blir skrive Hemnes no, endå dei historiske skriveformer er veldig sprikande.
Kva knyter slike lausendar i hop? Under største tvil skal nemnast noko Knut Bergsland har understreka: Det er typisk ‘nordlig‘ med b i staden for m, i slutten av ord og i visse konsonantsamband i innlyd. Dette lyder jo heilt bakvendt med tanke på geografien.
Med dette går vi over til ein alfabetisk ordna omtale av gardsnamn i Rogaland som inneheld presumptivt samiske innslag. Viktig er at evt. innlån frå samisk naturleg fekk ei tilpassa norrøn bøying i ettertid, derfor har utlydsvokalen i slike namn ikkje så stor interesse som ein kanskje ville tru.
Asbjørnhaug i Skjold har liten, men veldig markert rund topp, og det finst mange Asbjørn-namn som liknar, dvs. forleddet er ei sikker forvansking av ss aesie ‘skogkledd ås’ + bavnè, båvnè, bovnè snau åstopp, eigentleg ‘tuve’. Aspòn– og Aspun– i andre stadnamn er m.a. ord litt rettare enn enn der asbaun er blitt mistydd ‘Asbjørn’. Jf elles at Asbjørnnosi ligg ved Finnabøle i Sogn, mens Asbjørnåsen i Sarpsborg er eit døme på renotasjon, dvs. eit ord som er førsteledd kan også bli hengt på som «forklaring» til slutt. – Gardsnamnet Asseim, ikkje Åsheim, finst fl.st. i Rogaland, så som i Bjerkreim, Høyland og Hjelmeland. Vi kan dessuten jamføre Asseim og Asbjørn-namn med tjønnnamnet Assuren dvs. ‘åsvatnet’ i Nordre Follo litt sør for Oslo.
Barkeland i Jelsa ligg slik til at ss baerehke ‘bakke med sol’ gir god meining.
Beiarlund |-lonn| heiter ei hei i Sokndal med litt kratt, sekundærnamn er Beiarlundtjønna og den ruvande Beiarlundsknuten. Opphavleg namn på fjellet var vel ss biejjievaerie ‘dagfjellet, morrafjellet’, medan lund er den ss postposisjonen luvnie = attmed, dvs. heia og tjønna ligg attmed fjellet. Gjegnalund i Bremanger ligg nord-under fjellet der Gjegnalunds-breen er/var, og opphavleg namn der var helst jiekŋa-luvnie, her svarar post-posisjonsnamnet i så fall til pre-posisjonsnamnet pund Isen frå Ankenes i Ofoten.
Bersagel i Høle har ein langsgåande bein bergkant. Etterleddet er ss aagkele ‘mellomgolv’, el. megarden som det heiter under slakting av dyr. Jf same ordet i Agle og Aglen i Trøndelag, meir forvanska i namna Akersvatnet i Rana og i Rævatal i Tønsberg.
Bæreimsnuten ligg på Bæreim i Høyland, og ss låneform av berg er bïerje. Rygh utstyrer namnet Bæreim med utropsteikn, men det skulle der ikkje vere grunn til å gjere lenger.
Bleskestad |blæᶊᶊesta| i Suldal er flatlendt: jf ss plïehtje flat.
Bokn er øynamn: ss bohtjenimmie = ruthjenimmie står for eit trongt landskap der ei elv renn kvitt. Her vil det i staden vere naturleg å knyte kortforma *bohtjen til den ovtronge Sunnalandsstraumen, ein integrert del av øya og temmeleg elve-liknande.
Elgan ligg i Varhaug, Elgjestraum i Sokndal blir skrive med forledd Elle-1567, 1610, 1616. Lendet begge stader samsvarar godt med ss aallije ‘hellar, hallar’ – det er ikkje tale om dyret elg.
Ferkingstad lyder, trass i den tradisjonelle skrivemåten, Fertingstad uttalerett. Fertingstadskogen er tett innafor, merk derfor ss viertedh v. felle, hogge ned tre.
Fiveland i Sauda lar seg enklast forklare med viel’ve slett og brei grasgrodd skråning, her med –l-bortfall, det stemmer topografisk.
Fjetland i Jelsa inneheld sørsam. vïedtere bratt lende, bratt bakkefall, skråning mot elv etc, sml Fjetterstad i Steigen. Forkortinga fjetter– til fjett- (i Fjetland sitt tilfelle) kjem truleg av at fjetter- vart oppfatta som eit norrønt hankjønnsord *fjettr med nominativs –r, og denne måtte bort i ny sms. med –land. (Dette trass i at norrønt sjølv har ei rad ord med «rotfast» -r, som akr, anger, blómstr osv.)
Fylkesneset på Bømlo er ein gard med låglendte, lange teigar ml. berga, og interessant er at ein gard på Vestre Toten som i mlno tid heitte Fylkeshaug, seinare vart til |fliksau| eller |fleksau|, i skrift Flikkeshaug.
På Karmøy ligg garden Flekshammar ved den ganske vide Lysemyra mens Flekstad i flg. Rygh er namn på ei stor myr inne på Rennesøya. Merk også gardsnamnet Flekstad i Steinkjer), likeins Flesaker i Øvre Eiker og i Ringsaker.
Ss ord for låglendt, lågtliggande’ er vuelehks: Uttaletrykk på 1. staving gir nok tilnærma uttale ful(e)hkes oppfatta som Fylkes-, medan uttaletrykk på 2. staving gir fu(e)leks-: Hugs ò at norrøn y hadde ein lydverdi nær u før mellomalderens framdraging av vokalane skjedde. Det verkar som om ei nærslekta form har ført til til namnet Føljesvoll i Jelsa.
Fuglestad i Bjerkreim og Ogna kan vi naturleg knyte til ss vuelie(-): neder-, ner-. Hugs at fūl er velkjent utt. av norsk fugl.
Få på Finnøy er å forstå som ss fååhper lik stup, brattheng: Merk Fåholmen og især Fåhaugen og det stupbratte Fåfeltet: fååhper vart truleg her òg oppfatta som eit gno hankjønnsord i nominativ, slik at nominativs r fall ut i ny sms. Bygdenamnet Fåberg ved Lillehammer er visst å forstå på liknande måte.
Garpestad i Time går på ss garhpe ‘trong bergkløft’ eller lite framkjømt lende elles.
Gaudland i Sokndal ligg ved Gaudlandstjønna i eit rundt og stort myrsøkk; framifrå meining gir ss guovda ‘fuktig grasgrodd stad i skogen’. Ordet fanst vel eingong i ss med.
Gjermestad i Eigersund fortel om njærama dvs ‘grunt elveparti’, utlagt som ‘ställe i bäck där den rinner i flere rännilar och bottnen är fylld med sandbankar; bäcken bred och grund, vattnet för litet för att täcka bottnen’.
Gjesdal har tronge parti, jf. ss giedtsies smal, ls giehttse(s), ns geazzi, geahsse, geacces.
Gjessfjell i Årdal (også stava Geisfjell) finst i skriveformer som Giesfieldt 1563 og 1602, Geßffield 1606, Giøsfield 1610, Giesfield 1661. Truleg var det glt. sommarland, jf ss giesie ‘sommar’ + Malå-sam. giessè-häib’ma ‘sommar-heim’, vel same ord som Jessheim?
Gjestaland med Gjesthammaren kan ein, på grunn av den form hammaren har, knyte til ls kiestō eller òg kiesta ‘bunt av tågvirke, som lagts ihop i flera varv och bundits om på mitten i form av en åtta’, dvs. ei tau- eller snørehespe ihopsnørt på midten.
Goa i Hetland har eit landskap der kuođo ‘vattenpuss med starrgräs’ = kuouta høver godt, jf dei historiske skriveformer Gwda 1414, Gudha 1419, Gwedha 1435 og Gudda 1449; på 1500-talet kjem Goda o.l.
Guggdal i Suldal røper gugje = gudje «hugget el. naturlig Aabning i Skov, Krat el. Græs’, så vel som ‘Gade, hugget Aabning for Baad i Is» (så i flg. Friis’ ordbok).
Hjorteland i Suldal er skrive Hiorteland, frå 1610, men uttalen er kjortland. Ordet går på tjårhtoe fjelltopp. Eit anna ord er ls kier’to «avsats i fjellside», sml Kjertåsen i Eigersund.
Jelsa er skrive som Jalsa o.l. både på 1200-, 1300- og 1400-talet. Til grunn ligg nok ss jallese ‘mot vest’, som gir svært tilfredsstillande meining.
Jonepytten er ei todelt lita tjønn på Finnaland i Vikedal <ls <juovnna ‘mellomrom’, men lenger nord også ‘Durchfahrtsstelle’, så vel som ‘naturleg veg el. passasje (gjennom skog, urd, eller for båt i ei elv’.
Judaberg bnr 26.8 Finnøy ligg i sjøkanten og har nok samband med ss juhtedh «flytte, nomadisere».
Jørmeland i Hjelmeland: Eldste skriveform er Jermeland år 1602. Det er fullt tenkeleg at forklaringa er som for Gjermestad i Eigersund, og at det her er snakk om den grunne elva frå Jørmelandsvatnet og vestover – gjennom Sandamyra – til Husstøl.
Jørpeland ligg innom Jørpelandsholmen, påfallande lik ei klubbe med beint skaft og rund hovud. Helst er vel forleddet det ss jorpe = jarpe ‘avrunda, rund’.
Kaldakot i Tysvær ligg ml talrike store berg, men der er òg kjeldebekkar, ss gaaltije ‘oppkomme’
Kalsheim på Nerstrand: Forleddet Kals- er deminutiv av eit ord som svarar til ns galli, ls gál’lo osv ‘stor stein, blokk, berg, klippe’, jf deminutivane kál’lutj, kál’lusj, kallijaǯ i sks, es käl’leǯ, om blokkstein og berg.
Kaltveit i Hå kjem tydelegvis av ss galoe, galove ‘vadestad’, ferdsel over elv.
Kattaland i Klepp ligg frammed Orrevatnet i Klepp, Kattaland i Tysnes ligg derimot ved enden av ein lang, bein ås-kant. Begge namna går på ss gaedtie ‘strand, rand’, nokså likt ns gáddi. I salt- og ferskvatn landet rundt finst ei mengd Kattenes.
Kingestad |»ᶄiŋjestad| i Hesby i Finnøy blir no skrive Kindingstad, men eldste skriveforma er Kingillstader år 1325. jf at ss gïengeles vil seie ‘djup’, det har nok adresse til Kingelstadvågen. I Grue på Austlandet ligg Kingelsrud i eit lågland ved Glomma.
Kyllingstad i Gjesdal < ss tjuegkele steinut lende. I dette tilfelle saknar vi mellomliggande skriveformer på Kjukling, slike er vanlege nok i andre tilfelle der namnet i dag har forledd på Kylling-. Jf Kjuklinghaugen på Avaldsnes, som er heilt nedbygd i dag.
Kjørkeneset, Kyrkjeneset er eit gjengs namn på Agder og i Rogaland, lenger nord sjølvsagt Kjerkeneset. Med kvart kan det ha vore tale om kyrkjer og ferdsel knytt til slike, men elles er det no stort sett tale om ‘steinrike’ stader, dvs ss girkie osv.
Kota |’kåda| er gardsnamn på Mosterøy og i Hjelmeland, der dei òg har sekundærnamna Kotaberget, Kotatjønna og Kotavågen. For begge gardane finst talrike historiske skriveformer på Kotte, jf ss gåetie, ls gåatte, ns goahti. Kota-namnet førekjem ofte i ‘Norske Gaardnavne’, men avslørande nok blir det – når det er tale om sørnorske namn – vist til ordet kott, det samiske kåte er ikkje-eksisterande.
Lode |»lōde| i Nærbø ligg attmed Lodetjønna, eit vassfylt lite søkk. Nemnt er også gardsnamnet Lote i Gloppen, no i Stad komm., med husa liggande i ei slak innkuving på stranda, slik det også er i Lote i Ullensvang. Oppført sørleg ss form er låetie «kvelv, grasgrodd dalsøkk mellom høgder eller fjell», Bjørn Collinder har skriveform loate «grund dalsänka» (oslo 118), mens Qvigstad fører opp lǫǫte, det òg etter Collinder, heimfesta til Herjedalen, om nisje, «oben durch einen steilen Abhang abgesperrtes Tälchen im Hochgebirge». Ordet synest å vere avgrensa til ss.
Lómeland i Helleland og Gjesdal går på ss luemie = låemie liten dal, senkning, i ns loapmu og loapmi «mellomrom (i en klippe)», i ls låabme (Korhonen). I Helleland ligg føre skriveformer frå 1500- og 1600-talet som kan tyde på ein uttale |lume-| då.
Matnisdal i Ogna er også skrive Matningsdal, eigentleg visstnok *maadtingsdal av di ss maadtege står for ‘fjell-fot, pass'»: Begge delar høver framifrå.
Mokseim i Tavastad: Det går tett i tett med gangstigar innover til Moksheimskogen og vatnet tett attmed, så Moks- kan godt vere ei lett lydendra form av eit ord for snarveg som i ls er skrive både måtso og måzo, også forklart som ‘tvers over’.
Nag i Strand ligg oppfor Nagavika: Terrengmessig verkar det naturleg å sette namnet i samband med ns njaga ‘skrånande’.
Navrestad i Lund: Skriveformer frå 1500-åra og seinare er ustøe og indikerer skiftesvis forledd Navre– el. Narve-, men realt passar ss njeeruve (les ee som ææ) ‘tørr-lendt og grasgrodd, skrånande voll’, ‘hårdvall, jämn terräng, erkannerligen i fjällen, med (mer eller mindre sparsam) gräsväxt’. Kortare sagt: ‘natureng, tørr grasvoll, trelaus slette’ (Qv 637, oslo 139).
Nising, ein gard i Vindafjord, ligg ved eit nes som har særmerkt form: Det kan knapt vere tale om noko anna enn ss njïtsege «buksebein».
Njå i Time ligg oppå ein slak unnabakke, ss njoeje lik njåjå etc (Qv nr 641).
Noreim i Tysvær ligg ved eit trengsel i Førlandsfjorden og Noreim i Tarvastad ligg ved Salhusstraumen, Norei i Sjernarøy tilsvarande ved Fårasundet. Norei i Time ligg nær Frøylandsvatnet, der er det kanskje såleis at land-heving har gjort seg gjeldande. – NB: ns nuorri tyder ‘sund’ medan ls nuorre står for ‘hav, stor innsjø’.
Nærland i Hå og Finnøy inneheld nok eit føresteledd ns njárga, ls njárgga nes, odde, utstikk.
Nådå |’nå:då| i Hesby på Finnøy synest ligge vel så nær ns njoaiddu «langslut skråning» som ss variantar på njåitā, njåitȧ (Qv nr 641).
Oftedalsdalen (Karmøy) er eit pussig namn, men fleire stadnamn på Agder indikerer at forledd Ofte– er ss åvte=avte ‘forende, fram-ende’, såleis er Oftedal i Sirdal langt meir eit nes enn ein dal.
Ogna: ns oaggut er å tøyme, fiske med stong. Forma oaggun er nomen actionis, sjølve handlinga. Namnet Ogna går sikkert nok på fiske i Ognaelva, jf at Ogna også er elvenamn i Steinkjer. Ognaneset i Sveio og øy-namnet Ogna i Bokn kan truleg òg forståast i på det vis, men det er enn så lenge eit ope spørsmål..
Ramsland i Helleland har særs uslett terreng, noko som minner om ns ramšku just om den sort landskap.
Relstad på Finnøy har talrike haugar og humpar med opningar seg imellom: Forleddet svarar til ns ráiggil ‘holut’ i kontrahert form, slik det òg har skjedd med Reløya i Lurøy, medan denne forkortinga har uteblitt i gardsnamnet Røgelstad |»røjel-| i Hjelmeland som frå 1500-åra av er skrive både Regel-, Røgiil-, Ryggel-. Forleddet i Rægeland i Sokndal inneheld sjølve grunnordet, ns ráigi ‘hol’ = ss raejkie.
Riska i Hetland kan ha ein parallell i ns reaska ‘bøygd el. avrunda fram- el. sidestykke på ting’. Det høver både for Håtangen like utanfor, for Riskefjell i Valle i Setesdal og for landskapet i Riskadal i Hjelmeland.
Romsaland i Tysvær ligg jamsides garden Straum: Merk Romsa som ns form av by- og fylkesnamnet Troms, men aller først namn på Tromsøya: ‘Vi va i land på Troms’, sa nordlandsfiskarane før i tida.
Sakkastad i Haugesund skrivst Sokke– fl ggr kring 1600, seinare Sache-, Sacke-. Førsteleddet er ss tsåaka = tsåekie: grunne. Tett nordom den vika ligg Djupastø.
Sikvaland Time <ss tsiehkie hakk, skåre. + vaerie fjell, jf både Skorefjellet tett ved Indre Sikvaland og åsen Ciehkoaivi i Vadsø, Sikerød i Aremark og Sikkebøl i Enebakk.
Sira (= Utsira): gno. form av det refleksive pronomenet «seg» og «sin» var sik og sín, og dativforma sér var helst brukt adverbialt: «for seg sjølv, særskilt» (vi brukar framleis ordet især). Dette går igjen i ns og ls bruk av same ord, sierra «särskilt, för, sig, avsides», som tydeleg nok står i samband med ss sjïere «særskilt, for seg»: Det gjeld så klart for Sira lik Utsira.
Skas (Skaseim) i Klepp: «Ved et større Vand (‘skasvatne), hvoraf nu efter Udtapning kun Rester ere tilbage. Intet analogt Navn uden Sønavnet Skasen i Grue». Sjøen Skasen i Kongsvinger rekk frå Skasdammen i sør til Skasenden under det høge Skasberget i nord. I flg. J. Friis er skaccem = gaccem ‘(menneske)nakke, ls gahtsem. Ei slik namnetolking høver òg for Skastad med Mannaberg i Haugesund. Gacce-ráigi = Skacce–ráigi heiter også eit dalføre frå Dåfjordbotn til vestsida av Ringvassøya (Qv Tr: 72).
Sola: O. Rygh understrekar at «Gaarden ligger paa den rundagtige, fladtrykte Høining mellem Hafsfjorden og den fra Havet indgaaende Sole-Bugt». Det er då tale om øy i utvida tyding, velkjent i samisk som namn også på naturleg avgrensa og frittliggande fjell. Det høver bl.a. for Sollandshaugen på Solland i Jelsa.
Soma i Høyland kan forståast som suolmȧht ‘overgang, pass’ (Lagercrantz frå Vefsn), skrivemåten noko annleis hos Hasselbrink og Bergsland. På Soma kan namnet gå på gl passasje over myra. Lydsekvensen suolma– med diftong uo + konsonantsamband lm) er overlang, så l har falle ut, liksom i namnet Fiveland.
Sòppaland i Årdal, før Suppe-: Best passar ns suohpa grunt elveparti, stad der folk og dyr kan sleppe over, noko ulikt ls suoppa «snöbrygga (över bäck)», men av di namnet tidleg på 1500-talet òg er skrive Suppe-, må heller ikkje ss suvhpie «osp, asp» vere unemnt.
Sporaland alias Spåraland i Høyland, skrive Spurgeland 1610 og 1616. Landskapet passar med spuarjah–laante ‘skoglaust, snautt land’.
Svålestad i Helleland, no Eigersund, ligg ved det utvida vassfaret Langhølen m/Hestvikhølen + Hopstad-hølen + Stokkurdhølen attåt. Dagens uttale er til lita hjelp, men skriveformene Swaelstad, Suaellstadt og især Suanulstad frå 1500-talet avslører eit samband med suovan > suoval som sørleg variant av savu = savun «stillelv-parti, høl». Jamfør Son (Soon) <suvvun i Akershus, der sikkert frå først namn på det som no heiter Hølen og som før var eige herad.
Overgangen suovan > suoval er lik den som skjedd med norrøne ord som himinn og jǫtunn til himmel og jøtul. Ei tilsvarande omskapt form er seval-, især kjent frå Austlandet, men og frå Sevalstad i Evanger på Voss, der om ei utviding av Teigdalselvi.
Sørrestad som gardsnamn i Suldal er skrive Sørgestad store delar av 1600-talet og kjem av suorri = suorgi om elveforgreining. Å skrive gardsnamnet som ‘Sørestad’ har ingen ting for seg.
Tau i Strand opptrer i historiske skriveformer Taufuer, Taugir, Thawgh. Taugbøl i Sør-Odal ligg ved ein stor bøyg i Glomma, og Taugland i Ullensaker ligg tett ved talrike elvesvingar, og nedst i Taugåni i Vaksdal er òg ein stor bøyg, mens Dauen er namnet på ein bogeforma fjellkant i Tingvoll. Daugeman-novi i Luster ligg for sin del øvst på ei bogeforma aksel. Nordsamisk har dávgi om ‘boge, bue’, og pilboge heiter på sørsam. davhkese. Karakteristisk for Tau er nemleg at strandlinja inn mot Krossvatnet går i ein stor boge.
Time kjem av sørsam. *tjiemie, tsiemie, jf tsiemien el. tsimiembåetedh ‘komme der det er lågast, så ingen ser det, lure seg fram, åle seg fram der det er lågast’, brukt i ei rekke uttrykk om rovdyr som ulv og jerv. Lågpunktet er i dette tilfellet mellom Øvra og Nedra Time.
Tjelta i Håland har to-tre runde bergknollar, jf ss tjåalhte ‘knaus’ og ns ‘čoaltu’ klump, men også åsen Čolti i Kautokeino.
Tjessem heiter ein gard i Høyland medan Tjøssem ligg i Strand. Begge stader er det både pga. landskapet og eldre skriveformer naturleg å tenke på ls tjar’sa ‘senkning, søkk’ (oslo: 222) med assimilasjon rs > ss.
Tjora i Håland er ein gard tett ved Kongshaug (avrunda). Svært lik er forma på høgda Tjåres i Jokkmokk, der ls tjårro ‘ryggformig upphöjning, bergrygg, ås’ ligg til grunn. Forventa ss motstykke skulle eigentleg vere tjarrá (oslo 227).
Tjul heiter ei øy og ein gard i Sjernarøy. Avleidde namn er Tjular-kjerringa, Tjularmyra, Tjularvika og Tjularåsen: Det siste gir oss nøkkel til forståing, då ss tjuvvelge både er ‘rygg’ anatomisk og ‘bergrygg, ås’. Her har det skjedd samandraging i uttalen frå tjuvvelge via tjuvvel til tjul.
Toska heiter ei øy både i Bømlo og Alver. Begge stadene er der tronge sund med straum. Frå Meråker i Trøndelag noterte Lagercrantz ss tuoččiɛ ‘ruhige Strombahn’ (Qv nr 212).
Ualand er gardsnamn i Heskestad, Ogna og Varhaug, alle stadene med elvar. Forleddet er ei fornorsking Uvva– av uvve, som vil seie straumdrag i elv (oslo 240 etc. Uttalen av dette ordet burde lyde ovve i samisk, og den finst i enkelte namn på Agder og særleg i Telemark, men elles synest innlånet av namna til norsk å ha skjedd tidleg nok til at dei vart med i den vanlege lydovergang lang o > lang u. Innslaget av termen i stadnamn er langt større enn i ordbøker! Uttalekontraksjonar gjorde at *Uvvevatn vart Uvatn / Uvann, og *Uvvedalen vart nokså ofte Udalen. Også Uåa for *Uvveåa finst.
Ein slags ‘tretrinnsrakett’ er at *Uvvevassland i Øyslebø på Agder hadde skriveformer på 1400-talet som røper at det heitte Uf-vatsland, men i dag er dette blitt Usland.
Ullestad |’udle-| er gardar i Hjelmeland og Årdal, Suldal har Ulladalen med elva Ulla, nordafor Rogaland er gardsnamnet Ullaland å finne fl.st. J. Friis gamle ordbok nemner ulle i tydinga «Flom, Oversvømmelse», ns ulli og ls ulla står også for tidevann, fjære og flo, flomål. Det synest å opptre fleire stader på kysten i den siste tydinga, men i Rogaland kanskje kun i gardsnamnet Ullanes |uddla-| på Rennesøy.
Uskjo heiter ei øy i Hetland, der med sekundære namn Uskakalven, Uskaklubben, Uskasundet. Øya er lita, men har fleire langvorne tjønner, så ein kan tenke seg namnelaging knytt til ns vuoččistit v «å flyte ut, å væske» (om sår) – i dette tilfellet heller om utsiving av vatn i i større omfang enn forventa på ei lita øy? Overgang av framlyd vu(o)– i samisk til framlyd u– i norrønt ville vere ordinær.
Vaggeli i Skjold (daglegnamn bakkjen) går for Wagelie 1723: Her ligg forleddet tett opp til ss vaegkie ‘brei dal, låglendt slette’ (med litt gras), sml ns vággi ‘dalsenkning’ eller ‘liten dal ved sjø’.
Varne i Åkra på Karmøy er språkleg identisk med Varna som det historiske namn på Rygge sokn i Østfold og det sms. Varntresk i Hattfjelldal. Sørsam. vearnga, vïernge er ‘skrent, øvre kanten av skråning ned mot elv’. Går att i gardsnamnet Vernøya i Tysnes, i nesnamnet Vernet i Bremanger, Vernerberget i Eidsvoll, og Verningen og Vernings– og Verniksøya fl. st.
Viglesdalen i Hjelmeland har spesielle myrformasjonar som stemmer forbløffande med det sørsamiske verbet vïeglesjidh ‘skjere ut som ei grop, lage utringing’.
Vormedal på Karmøy, Vormestrand i Suldal og fleire lokalitetar på Agder med same forledd heng tvillaust i hop med ss voarrmoe ‘vattenområde, flodbäcken‘ (Mankok), i SAOB definert så: ‘…. landområde, från hvilket en flod med dess bifloder samlar och afleder vattnet, säges utgöra ett bäcken eller flodområde’.
Yrke er gardsnamn i Skjold, jf ss yörhke skyggesida av fjell eller skyggefull stad. Målføre-geografisk kan det overraske at ein gl. buplass i Svartberglia i Ramfjorden i Troms også heiter Yrke.