Hǫfðasegl og andre segl
Hadsel er eit sokne- og kommunenamn mange har undra seg over, for bortsett frå tonelag1 blir det uttalt likt med det i nord ukjente trenamnet hassel.. Det er eigentleg tale om prestegarden, gnr 62 Hadsel; men formelt er det namn også på gnr 63, som var klokkargard. Historisk heiter det Hǫfðasegl, ei form vi første gong finn i eit diplom frå 1321, a Hofdasegle, via ei avskrift ca. 1430: Ikkje sikkert at alt vart bokstavrett 110 år seinare, vil vi tru, men når Aslak Bolts jordbok frå 1430-1440 både har Hofdasegil og Hofdasegls profastdøme (etter eldre førelegg) og eit diplom frå 1479 har Hoffdasegil, burde vi vere sikre. Meir om avvikande former seinare.
Rygh seier at Hǫfðasegl «maa antages at være Navnets rette oldnorske Form, sms. af hǫfða, Gen. af hǫfði, høi og brat Klippe .. og segl n, Seil. Det sidste Ord forekommer i Fjeldnavne, dels som i Rødøy GN 63 med Hensyn til en hvid Flade paa en Bergside, dels udentvivl ogsaa med Hensyn til et Fjelds Form, idet det er sammenlignet med et udspændt Seil.. Gaarden ligger under et Fremspring af det bagenfor liggende Fjeld; hvorledes ellers Navnet er begrundet i Stedsforholdene, kan jeg ikke oplyse» (NG).
For fulle segl?
Oluf Rygh har dekning for at mange landemerke minner om segl. Namnebruken fortel oss at hav og båt sveiv i tankane: På sørdelen av holmen Seglan i Vega er det ein drivkvit firkant i berget og på fiskeplassen Innbotn sør for Storanders-holmen i Innmyken tok dei méd i det noko mørke Havsholmseglet, eit flog på Havsholmen i Myken: Dette seglet, attåt Fruseglet i Høyanger (slett berg og landemerke) og slåtta Gauteseglet i Aurland er så vidt kjent dei einaste døma på samansette namn tilsvarande Hofdasegl, dvs med –segl som sisteledd.
Langt vanlegare er Segl- som førsteledd, eller òg at ordet blir brukt usamansett, men på grunn av Hadsels status som sokn- og kommunenamn kan vi sjå saka under vidare perspektiv: Seglet på Seglfjellet i Beiarn liknar eit råsegl, medan Seglet i Storvika i Gildeskål er ei trekanta li, og Seglet på Oldereid i Skjerstad er ei innmarkslåtte attmed eit bratt fall. Seglet |sæ:geł| i Seglvika i Sørfold er eit flog som alltid er snyfritt, truleg også Seglet i Segltinden i Hamarøy, nær Tysfjord. Ein bratt strandhammar i Græna i Buksnes heiter Seglet, eit flog i Flakstad og eit anna på vestsida av Vassdalen austom Myrland i Hadsel like eins.
Seglberget i Efjorden er eit høgt trekanta flog, Seglberget på Sommarset i Lødingen er ein bratt knaus. Seglbergan i Urda ved Sandnessjøen er bråbratte og den vidt «utspente» Segltinden i Kjerkfjorden i Moskenes imponerer. Seglfjellet i Tysfjord er ikkje mykje ulikare. I Gildeskål finst Seglfjellet på nordsida av Seglvatnet, sam. Siglējaw’rē: «Der ses som et segl i floget» (Qv 1938: 22); dette kjem godt fram på flyfoto. På Seglholmen i Vatnfjorden i Vågan ligg det ein bratt og relativt høg stein som merker seg ut. Seglneset i Vevelstad og i Gamvik har òg seglformasjonar, likeins Seglhammaren i Hammerfest. Men det finst endå fleire namn vi kan kalle «nemneverdige»:
Jekteseglet, ns Jávtaborjjas, er ein stor stein i strandkanten mellom Oldervika og Breivika i Ullsfjorden; vidare er Seglråa ein særmerkt tind i Nordvågfjellet i Hamarøy. Seglsteinen = ns Borjjasgeargi sør på Andørja «ser ut som et utspent, buket seil» (Qv 1935:65, 81). Seglsteinen i Alta er ein stor, seglliknande fjærestein (NG 18:72), likeins Seglsteinen vestom Tromvika i Tromsø og eit par i Torsken (Flakstad, Sifjord-botn). Den på Tømmernes i Skjomen er høg og råseglforma, liksom ein på Saupstad i Borge. Seglsteinen i Nappstraumen liknar eit råsegl med ei klo sett i halsen.
Seglneset el. Bårjåsnjárgga i Tysfjorden er ei øyr, kanskje leita dei seg barlast der? Steinen måtte vere utan skarpe kantar og slik skapt at han låg i ro i båten, for stein som var heilt rund (eller sleip) var farleg. – Om Seglsteinen (Bårjåsgerggē) på Segelstein i Nordfold er opplyst at han både var seglmerke og barlastplass. Har også lurt på om det har vore henta båtstein, siglfeste dei kalla, ved Sivlejohka i Kvalsund.

Så langt samanliknande namn, stort sett. Det finst andre som gjeld segling heilt konkret: Seglsteinen ved Kinneset mellom Andøy og Kvæfjord heiter så av di dei heiste segl der, er det sagt; han vart jo også kalla Strekkesteinen. I Melfjorden i Rødøy snakka folk om Svenskvegodden, men folket i Nes (Nordfjordneset) sa Seglhella: Når dei rodde inn fjorden på sørsida i søraustavind og kom så langt, kunne dei baute over til Nordfjordneset. Til sist skal no ògså nemnast at sigling med «flatjekt» og «fjølpurke» var vanleg barneleik, om det vitnar namn som Seglartjønna på Fiskenes på Anda og Segltjønna på Kløkstad i Bodin.
Kva med Hadsel sitt segl?
Det er med Hadsel som med andre kjende gards- og distriktsnamn som er vridne å få fullgod grein i: Dess større vekt får reint poetiske formuleringar om ‘udspændt Seil’ og ‘høi og brat Klippe’, ja sitat får historisk prestisje og lever sitt eige liv. Færre får med seg at dette var skrive på generelt grunnlag og med eit visst atterhald for Hadsel sitt tilfelle.
Hadselåsen ter seg på fråstand som eit samanhengande åsdrag, med ei ørlita senkning innved Trolldalen, mot høgare fjell, og ei liknande lenger sør mot Kjerkåsen. Åsdraget har 3-4 låge humpar som gjere lite av seg på fråstand, men med noko velvilje kan ein, for Hadselåsen sin del, tale om ein hovde eller to. Sjølve Kjerkåsen gjer heller ikkje så mykje av seg, men er ein hovde god nok sedd frå sør, og fell nokså bratt ned mot kyrkja. Det er likevel usannsynleg at denne skrenten, fullplanta med «dunkle graner» og lite markert, kan vere det utspente seglet som gav Hadsel namn, for som vi har sett går segl-namn oftast på flog og blokker, men det ville kanskje ha vore interessant å få sjå åsen avskoga! Der er iallfall ingen grunn til å tru at nokon synbert dominerande stein er fjerna frå Kjerkåsen i historisk tid. Der finst ingen slike, ingen «høi og brat Klippe» lar seg heller påvise der.
At Hadsel-namnet kjem av ein slik formasjon har like fullt blitt ei urikkande sanning, som òg dukkar opp i Norsk Stadnamnleksikon, men i parentes: «her vel om fjellet Hoklandsnyken». Det ville vore ein spenstig teori, i fall kyrkja låg på same side av øya som Nyken frå først av, men absolutt ingen ting tyder på det!
Om historiske skriveformer er jo alt nemnt, at det i Aslak Bolts jordbok står Hofdasegls profastdøme, men j Ylfue om sysla (og øya), så det er litt dristig av Norsk Stadnamnleksikon å nemne hypotesen om Hadsel og «utspent segl» i eit seinare oppslag òg, om Segelstein-namn. Når så oppslaget for Seglvik i Kvænangen i neste omgang viser til omtalen av Segelstein, skimtar vi eit sirkelresonnement. Det er berre den haken at Seglvika på sjøsamisk lydde Sel– eller Silvii’ka med trong e, det er endå ein kompliserande faktor (Qv 1935:9).
Hadsel-namnet har eit «hovud»-problem
I Hofdasegl 1969 undrar Ingeborg Hoff seg over at det gamle Hǫfðasegl ikkje lydrett gav *Hodsel i nyare tid, men Hadsel? Men som ho peikar på, i mange tilfelle kom a tilbake i hovudformene av visse ord som i gammalnorsk kun delvis hadde a i bøyinga, så som ǫsp og strǫnd. Hoff slår frampå om dansk påverknad, men det heiter hoved og hovde også i dansk. I svensk derimot havde, flt. havdarna, liksom det i Lekksjøen i Steinkjer er ein hovde kalla Havda. Svenske og trøndske namneformer burde likevel ikkje vere relevante i den aktuelle samanhengen.
Kor som er, Hoffs merknad til namneforma Hadsel har vore for lite påakta, ettersom lokale stadnamn som Hovden på Grunnfør, på Kalsnes og i Markmarka aldri får ein uttale ‘Havden’. Ei heller Reinøyhovden eller Langøyhovden i Øksnes, den siste både kalla Hovden og Hovdan, med sekundærnamn Hovdebakken og Hovdebukta og Hovdeklubben, utan halvhogging. Bø har Hovden og Kvalhovden – attåt Kvalhovdsundet og Kvalhovdvika. Frå Buksnes og Borge kan nemnast Hovden, Hovdhaugen og Hovdkjeften, jf kontrasten til Øksnes-formene. Halvhogginga er sterk i Hadsel kommune òg, så Ingeborg Hoff har rett i at Hǫfdasegl >Hofdesegl> *Hodsel var meir å vente.
Eit diplom frå 1499 nyttar Hofdesegel, stadiet før det Hofdesell Erik H. Schønnebøl brukar i «Lofotens och Vestraalens Beskriffuelse» 1591, endå dette i Reformatsen to år tidlegare heilt enkelt skreivst Hadsell, sml Hasßel med Fieldet 1661, Hassell 1723 og så Hassel 1739 (Nordlands Trompet). Alt i alt er det tvilsamt at folk sa anna enn «Hassel», iallfall på siste halvdel av 1500-talet, for alt at eldre former kunne dukke opp via avskrift og/eller i kraft av tradisjon, slik som hos Schønnebøl. Overgang Hovde- > Had- kjem vi tilbake til.
Gno. hǫfuð fortener særskilt omtale: Det var førsteledd i ei lang rekke konkrete og abstrakte sms og då berre i den forma. Men ved visse høve vart ordet bøygd nærmare: Eit skip med utskore dyrehovud var eit hǫfuðskip, men låg der fleire slike på rad, fall det naturleg å bruke fleirtalsgenitiv, hǫfðaskip. Vidare: Folk låg minst to i ei seng, derfor var det naturleg nok å seie hǫfðadýna alias hǫfðakoddi, hǫfðafjøl osv. Men samtidig var hǫfða også underform av eit anna ord hǫfði, oppstått som dativ av hǫfuð og især brukt om terrengformasjonar, dessutan som del av persontilnamn.
Med tida vart det ikkje lenger brånøye om du sa hofuð- el. hofðaskip, hofuðhlutr el. hofðahlutr ‘hovudlott’ osv. Det var neppe stort annleis med kyrkjenamnet Hofðasegl, i den retning peikar iallfall det latiniserte de Hophuudsegli (med ph for f) år 1355, dvs like etter svartedauden. Nytta skriftleg var no namneleddet hovda likevel stabilt, og i Hovdasegl sitt tilfelle har vi det især frå pavelege dokument. Her er det relevant å sml Hovdasegl (kontra Hovud-) med Sømhau i Sømna: Aslak Bolts jordbok har af Sømpnhofde, men på 1500- og tidleg 1600-tal går det ut på –hofuit(t) og –houitt. 1661 kjem likevel Semhoffd tilbake, og i dag står Sømhovd-forma fjellsterkt som slektsnamn etc, jf uttalen «sømm(h)øu så vel som 1500-talsformene på –hovit o.l. Det er såleis liten tvil om at former som –hovda og –hovd hadde meir status i skrift enn nedslitne nordlandske uttaleformer av –hovud.
Også eit fjellnamn frå Andøya kan nemnast, Andhauet: Namnet er skrive dialektrett no, etter at det ei tid var normalisert til Andhovudet. Før det igjen brukte karta lenge Andhue, ei søraustnorsk dialektform som er ukjend på øya, derimot sa enkelte ‘Andhauen’. Senjaværingane på si side seier alltid Andhovve. Ordet ‘hovde’ finst ikkje i andre stadnamn på øya. og vårt hovudemne er Hadsel-namnet, vi får halde oss til det:
Hǫfðaseg(e)l er den reint gammalnorske forma, som går att i Aslak Bolts jordbok og i pavelege dokument frå 1479 (Hoffdasegil) og 1499 (Hofdesegel). Unikt er den nyleg omtalte forma de Hophuudsegli frå 1355, tidleg i mellomnorsk tid. Etter svartedauden var det skralt med grammatisk kunnskap og skriftkultur og veldig stor avstand mellom talemålet og tradisjonell gammalnorsk2. Avvikande er forma in Hofdusegel to gonger kring 1400, i avskrifter av diplom på latin. Kanskje var det latiniseringa som laga ugreie, men det ser nærmast ut som om skrivaren tok Hovda- for å vere eit hokjønnsord og «retta» det til Hovdu-?
To endå endå meir merkelege diplomformer frå 1381, Hodhusægls og Hodusegls kirkia, synest å legge til grunn eit hokjønnsord *haða, men det leitar vi fåfengt etter i norrøne ordbøker.

1381-formene Hodusegls/Hodusægls kirkiu, Hodhusægls kirkiu må ha ei forklaring. Det er tale om kannik Ogmund Olavsons testamente, han som i 1355 er sokneprest «de Hophuudsegli». Han hadde opplagt god lokalkunnskap om Hadsel og Bø langt ut over det vi kan forvente hos folka som skreiv dei andre diploma. Målforma i testamentet er heller ikkje ustø, og dei andre lokale soknenamna har grei gammalnorsk form: Yxnes, Suortulandz og Biaar (Bø) kirkiu; frå Bø er også gardsnamnet Straumar / a Straumenom (= på Straume).
I fall det gamle Hǫfða- ved denne tid var gått over til å bli tatt for hokjønnsord, kom då skriveformene Hodhu-, Hodu– av ein lite energisk uttalt v føre d? Det er berre så rart at det skulle gå slik med ordet hǫfði, hǫfða- einast i hans testamente, når namnet er skrive Hofd– i andre sentralkyrkjelege dokument 1400-1401, ca. 1430 og 1499. Ei mengd andre Hovde-namn i Vesterålen og landet elles står munnleg og skriftleg støtt, og Hovdaskjæret i Givær blir enno sagt håfta-, heilt på line med det historiske Hǫfðasegl, endå det på 1300-talet vel kan ha halla mot ein uttale håfte-. Her kan vi også samanlikne med låft(e) som velkjend uttale av lovde = lova, preteritum av verbet å love!
Pga. forma de Hophuudsegli frå 1355 vil vi fundere litt over forma hǫfuð: Vi kunne nemne ei nordlandsk diplomform av frå 1355, dvs. hauuð3, som etter vanleg syn skal lesast som just som høuud og ikkje som *havud, dvs. som overgangsform til dagens hau. Men kan ein evt. uttale høuu– i tilfellet Hodu- likevel ha lydd som om der var ein svak v-lyd med, mistydd som uttaleform av ein gammal ð? Gustav Indrebø4 er inne på «keiveleg skriving med ð (d) der han ikkje skal vera» og nemner at før ð forsvann heilt frå norsk uttale, var der truleg ein periode då lyden vart uttalt enten i (j) eller også v mellom vokalar (færøysk har mykje slikt). Men det hypotetiske ð > v finn vi neppe mange sikre norske døme på, dei ville nok berre ha skrive Hofud- i fall uttalen var håvvu- eller høvvusægl.
Ei meir banal forklaring på formene Hofdu-, Hodhu-, Hodu- er falsk analogi med former av verbet hafa «å ha». Alt på 1200-talet dukkar haðe opp som forenkla form av imperativ eintal hafði,5 den same tendensen gjorde seg snart gjeldande for imperativ fleirtal hǫfðu>hofdu: Skrivekunnige visste saktens at dette etter tradisjonen skulle skrivast –u, og gjorde det, men denne verbalforma – som tyder «dei hadde» – var ei av dei aller vanlegaste i folks daglegtale og vart i røynda sagt hovde eller hofte med ein uttale som fall i hop med terrengordet Hofde-. Frå no uttala folk flest Hofdasegl-namnet med verbet til mønster, ureflektert, og skrivemåten følgte etter. Namnet hadde vore i bruk i mange hundre år, men synte no smått om senn teikn til uttaleslitasje.
På søraustnorsk område kom hafdu tidleg i bruk, og 1407 dukkar forenklinga hadu (les hadde) opp i eit diplom. Verbalforma hofdu er kjend i skriveform hofde frå 1424, og når Hadsel alt i 1381 blir skrive Hodu- og Hodhusegl, er det nok ei tilsvarande vidareutvikling (*hodu les hodde) som viser seg. Men talemålet heldt fram å forenkle, og etter ei tid forsvann all skilnad på fortid eintal og fleirtal av svake verb såleis at halvhogd hadd’ vart eineform i Hadsel-målet, og overgangen Hodusel > Hadsel følgte automatisk med. At namnet etter retten hadde med hovde = kolle å gjere var gløymt for lenge sidan.
Dette er ein banal teori, men han gir endefram forklaring på korleis den moderne namneforma Hadsel, som lenge hadde vore kjend i kvardagstalen, kunne sprette opp som troll av eske i reformasjonstida, for no var pavens og erkebiskopens konservative skriveskikk og namnebruk skrinlagd for godt. Men broder Ogmund var i det stykket mindre katolsk enn paven og skreiv namnet «efter hørelsen», så takk vere han veit vi kva uttaleslitasje høgmellomalderens namneform Hǫfðasegl synte alt på hans tid.
Hadsel-namnet inneheld også eit «segl»-problem.
Ikkje alle kjenner til ordet hypernorvagisme, som nærmast vil seie ov-fornorsking: Det dreier seg oftast om utidig bruk av diftong i enkelte ord, så som «Eigil» for Egil, «lauk» for løk (gno. lœkr) «bekk», «otergrein» for otergren «oterhi», men òg «mjøl» i staden for (sand)mel, «tru» for tro «vassrenne», gno. þró, o.a. Alt i hop glosar som smått om senn gjekk av bruk og fekk den vanlagnad å bli «retta» til meiningsløyser.
3-4 av diplomformene frå 1300-talet har Hadsel-namnet i genitiv- (-sægls, -segls) el. i dativform (-segle, -segli). Med tanke på vanleg nordnorsk uttale sægel av segl (i båt) ser det heilt innlysande ut at siste del av namnet inneheld nett dette ordet. Ingeborg Hoff skreiv som nemnt litt om saka. Ho undrast om hovden bak prestegarden i Hadsel liknar eit segl, sedd frå leia eller visse fiskeméd? Så er det neppe. Med hennes eigne ord er det vel også berre slump at så like namn finst også på Shetland (Hofdasegl 1969: 50). Vi vil ta med kva som er sagt om den sak: «Ordet ‘sejl’ anvendes om klippepartier, betegnende disses form, f. eks. ‘de Sigl o’ Swarister’ [og] angliseret i ‘de Sails o’ Balta’, hvidlige klippepartier på mørkere klippebaggrund’ (Shetlandsøernes Stednavne: 183).
Men som på norskekysten, havets namnebruk er ikkje alltid som på land: «Således blev (af Fetlar-fiskerne) forbjærget ‘de Hεvda (oldnorsk hǫfði forbjærg) på søen kaldt ‘de Sēgel‘ (d.e. sejlet, på grund af stedets form, sét fra visse fiskemed)» (Det norrøne Sprog på Shetland: 99).
Kva for segl kan det ha vore tale om, i Hadsel sitt tilfelle? Vi kan gjette at der i ei fjern fortid låg eit firkanta jordstykke oppunder åsen, ei forklaring som kanskje passar for Seglvika i Lebesby, men fungerer mindre tilfredsstillande her. Slike samanlikningsnamn er ikkje ukjende, men dei er oftast meir kvardagslege: Storseglet var innmarkteig på Stemland i Fauske, på Huske i Nesna hadde dei Storseglåkeren. Overraskande er ikkje det, for ein har talrike lokalitetar landet rundt som heiter Duken. Ein duk er så å seie per definisjon noko som ligg flatt, medan eit heist segl står opp i veret. Det hindrar ikkje at vi òg kan snakke om seglduk, for eit segl kan saktens òg ligge flatt, både når dei syr på det eller legg det til tørk.
Det kan ikkje vere unyttig å jf med fjellformasjonar kalla Seglet lenger sør i landet. Dei ymsar der òg, men Seglet i Ørsta er ein lang og slett skråning og det i Kvinnherad ein avflata fjellnabb. Seglet i Kvam er ei flat høgd med langt mindre bratt kant enn den Hadselåsen har. Storseglet i Vaksdal er ei flat hei.
Vi kunne såleis oppfatte *hovdasegl som ei heiflate, i forlenging i sør av hovden Hadselåsen i retning av Kjerkåsen, men å ha kun vestlandske ‘seglnamn’ å vise til er ikkje tilfredsstillande, det blir ei naudløysing å ty til ei heiflate – usynleg frå kyrkja – for å forklare Hadsel-namnet! Vi avgrensar oss heller til nordnorsk namnemateriale, men her òg er det aller helst namn med førsteledd segl– som byr seg fram, desse med sisteledd –segl er svært sjeldne.
Rygh fortel om Seglodden mellom Båtsfjord og Vardø at «her er nogle bratte Fjelddale, som om Vinteren, naar de er fyldte med Sne, ligne udspændte Raaseil». Kartet viser at det søkket som vel gjer mest av seg i så måte, ligg på Båtsfjord-sida av odden, nær Seglkollen. Tvilen melder seg når Seglvika i Måsøy viser seg å ha eit liknande daldrag, berre smalare – og Borjjas ‘seglet’ i Kjerringberget i Kvænangen er «en firkantet innskjæring av lysere farve, som på frastand ser ut som et råseil» (Qv 1935: 20).
I desse tilfella er det rimeleg grunn til å spørje om seil «innsøkk» vart til segl ved hypernorvagisme? Aller vakrast ‘bueformig Indsænkning’ viser Seglvika i Kvænangen der dei sjøsamiske namneformene Selviika, Silviika er lettare å kople med seil «inn-søkk i ei kant, rygg eller flate» enn med segl i båt. Likeins finst det eit flatt søkk i lendet i Seivika(!), dvs. tett opp til neset Seglsteinen i Alta, samisk Borjjasgeaðgi – om sjølve steinen heiter det berre at han er stor (Qv 1938:62). Korleis Seglsteinen eit stykke innom Seglvika i Måsøy fortonar seg, skal vere usagt, men sjølvsagt visste folk flest inderleg vel at ikkje alle segl var firkantige.
I alle fall høver seil om innsøkk i ein kant eller rygg kanskje aller mest overtydande for Seglneset i Ofoten, med neset liggande lengst ut i eit ovlangt søkk i framkanten av Veggfjellet. Innafor Seglneset i Sømna går det òg eit langt og smalt dal-drag parallelt med stranda, slik som i Ofoten. Eit markert smalt søkk har òg Seglvika på Havøya i Måsøy, men det går inn i strandkanten, ikkje langsetter.
På Vestlandet er seil m og seild f i liknande tyding kjent nok, slik som Seilen i Seilsfjellet i Eid, Seilane i Osterøy og Seildi i Lærdal, Sogndal og Årdal. Fleire av desse er langsmale, og vi kan spørje om ordet er påverka av gno. seil f «reip, band, belte» eller er identisk? Så skal likevel ikkje vere tilfelle6.
No har vi også her nord lokalitetar med band- og belteforma innslag av lyse bergartar eller sand, så som Seglvika i Kvalsund, Seglneset i Nesna og Seglfór i Rødøy, merk kva som nyss er sagt om gno. seil f, men i desse tilfella er samanhengen meir usikker.
Når det gjeld segl-namn knytt til søkk, gir det ei betre rettleiing at øynamnet Siglo i Fitjar føresetter ei opphavlegare form *Sigla: «Etter dei topografiske tilhøva kan namnet vere ei l-avleiing til sig n ‘søkk, innsøkk’; Siglo er to fjellhøgder med eit djupt søkk imellom» (Oddvar Nes i Norsk Stadnamnleksikon. Jf at to vide havgroper ved Innhavgrunnen i Bø heiter Inner- og Yttersigla (les –segla). At enkelte sjøkart har ‘søyla’ i staden er ei sak for seg.
Sildalen i Gimsøy (Vågan), eit avrunda dalsøkk utan bekkefar og med like avrunda myr i botnen, er her eit tvilstilfelle. Lokaliteten minner både om Sigledalen i Sogndal, om Siglebergmyra i Bjerkreim og Siglemyr i Sigdal. Minnes eiga overrasking over ordet å sile (= sigle) om det å renne på akebrett, høyrt i Risøyhamn sist i 1960-åra, men ei igeltuve heiter faktisk ei iltua (lang i) på Andøya; overgang -igl-> -il- er såleis ikkje berre teori, men eit faktum i enkelte målføre her nord7.
Segldalen i Bardu er like interessant: samisk parallellnamn Borjjasvággi fortel kan hende om ein båtsegl-formasjon av noko slag, men forklaringa er heeller at dalen er eit avrunda søkk og at det samiske namnet kjem av mistyding. Fjellnamnet Borjjasoaivi «seglhovudet» to stader i Bardu er endå meir spesielt, ved at det begge stadene er tale om to toppar med lægd imellom, noko som tyder på same omtolking.
Det ligg føringar i dei sist omtalte namna: Visseleg har samisk ei rekke «ekte» Borjjas-namn på line med «ekte» Segl-namn i norsk, men vi aner òg at kortslutningar kan ha skjedd innimellom:
Seilbergneset i Sørvaranger ligg tett utom ein langsmal minidal, samisk parallellnamn Borjjasbákti vekker derfor tvil. Innpå «Seiberget» på Veineset i Porsanger finst ein minst like tydeleg seil, derfor kan namnet Borjjasbákti nøre mistanke også der. Sikrare er opphavet til Borjjasbákti på Reinøya i Porsanger, for like attmed stikk der ut ei særmerkt, trekanta sandøyr som liknar sterkt på eit segl.
Sivlenjárga i Lebesby ligg tett utom eit avrunda søkk (Sauvika); på norsk heiter det Masterneset, men eit terrengord sigla (søkk) passar betre enn gno sigla «master» i samisk låneform sivle. Likeins for Mastervika i Måsøy, sam. Sivleluokta. I Lyngen og inni Storfjorden finst Sivlonjárga, der òg fornorska til Masterneset. Her er sivlo– kun ei anna dialektform enn sivle– (Lehnw: 286). Slike parallellformer av gamle lån har samisk mange av. Også på desse to stadene er det vide søkk i lendet, så fornorskinga Master- er like diskutabel der.
Gjennomgåinga så langt tyder altså på at segl-namn langs heile den nordnorske kysten tidt har med langvorne søkk i landskapet å gjere og slett ikkje støtt går på segl i båt. Likevel er terrengorda sigle og seil fråværande i talemålet i Vesterålen, medan variantar av sæld ikkje når lenger nord enn til Beiarn, ei bygd som vel å merke hadde stor tilflytting frå Helgeland. Det er elles krevande nok å greie ut mønsteret i dette namnetilfanget: sægel som dominerande uttale av (båt)segl påverkar tidt uttalen av namn på Sigl-, utt. siggel-.
Det krev innsats for å kartlegge tradisjonell uttale i kvart tilfelle når skriveforma på kart vimsar regellaust mellom Segl-, Segel- og Seggel-. Velmeint lydrett skrivemåte Segl- eller Seggel- (i staden for Sigl-) fører mesta automatisk til at uttalen skiftar til æ, iallfall hos yngre folk som hentar slike namn frå kartet.
Bak dei ca 100 m høge humpane på Hadselåsen tøyer seg ei langsmal myrlægd tvers over åsdraget, av det slaget som beiarværingar ville kunne kalle ei seļļ, men seld med lik uttale er helgelandsk især (Korgen, Velfjorden, Vefsn): i Beiarn kan dei også seie at landskapet er seļļåt. Ivar Aasen har sunnmørsk form sæld f ‘en liden Sænkning eller Fordybning’, men viser elles til seil m og nemner òg isl seila f. Det same ordet er seil ‘bøyg, innsøkk i ein kant eller rygg; søkk, dokk i ei flate’.

Terrengordet seil og seila finst i talrike variantar i norske målføre ( (NO 9: 933,Torp o.a.), men er ikkje kjent frå norrøn litteratur. Koplinga til den omtalte terrengdetaljen innpå Hadselåsen er likevel tvilsam av di han gjer lite av seg på avstand og er slett ikkje synleg frå sjølve kyrkjestaden, men det står ikkje til å nekte at under Kjerkåsen, mellom rabben med prestegarden på eine sida og åsen og kyrkja på hi, ligg ei lang deld som kan kallast just «bøyg, innsøkk i ein kant eller rygg; søkk, dokk i ei flate». Mot nord går ho gradvis ut i null, mot sør fell ho litt av, vidar seg ut og går over i myr samtidig som eit bekkesik kjem til synes. Det er vanskeleg å finne ein god ståstad å fotografere delda frå, men det er enkelt for alle å kontrollere at delda dominerer landskapet ved kyrkja.
I den lange delda ligg kyrkjegarden, der ættled etter ættled har gravlagt sine døde, og der stod kyrkja før. Tettare inn på Hofdasegl-namnet kjem vi neppe, og det er neppe tvil om at vi kan tolke det i same tyding som Inner- og Yttersegla i Bø. Meir usikkert er det om –segl er heilt korrekt form i det aktuelle tilfellet, jfr. in Hofdusegel 1400-1401, Hofdasegil AB, Hoffdasegil 1479 og Hofdesegel 1499: Desse formene høver betre med eit terrengord *sigel n, utgått frå sige, gno. síga, med samandraging i genitiv –segls, –sægls og dativ –segle, –segli. I så fall er det same terrengordet som i Sigelstad = Sigerstad på Dønna, i Sigerfjorden og Sigerland, les seggel-, segger-, brukt nærmast om lægder der vatn sig, eit alderdommeleg ord det òg.
Har så Hovda- i Hçfðasegl i utgangspunktet med den avrunda hovden oppå Kjerkåsen å gjere, eller med den humpen i åsfoten der kyrkja står i dag? Den første fell ikkje meir i auga enn den siste, jf at heller ikkje Hovden på Grunnfør eller Kalsnes kan imponere. Spørsmålet kan vi la stå ope.

Namneproblematikken fann Øystein Bottolfsen ord for: «Hofdasegl er et vakkert og klangfullt navn. Og kanskje fordi det hviler en gåtefull tåke omkring dets opprinnelige betydning, virker det besettende på fantasien. Men så lenge vi ikke kjenner den kanskje mer hverdagslige og mer jordnære betydning av ordet, må vi også ha lov å ta fantasien til hjelp («Hofdasegl» 1957: 8). Symboltung er også namneforma Hofdasegl blitt ved at ho minner om om kyrkjelege høvedsmenn som har kome og gått, og dårlegare er namnesymbolikken ikkje dersom segel står for noko jordnært, noko som ligg synbert, høgt og fritt – og likevel tett attmed det låge? Eit hakk meir fantasifullt er no dette «med seilet til topps».8
At Hofdasegl er blitt namnet på årboka til Hadsel historielag er så naturleg som det vel kan få blitt. Andre får gjennomtenke om det også kyrkjeleg burde heite Hovdasegl i pakt med historisk tradisjon, jf. Bjørgvin kontra Bergen, Tunsberg kontra Tønsberg osv. Eitt er i alle fall sikkert, det er lærerikt å spore utviklinga frå høgmellomalderens Hǫfðasegl via dei kaotiske mellomnorske formene fram til det nynorske Hadsel. Få andre soknenamn har visst gjennomgått ei så overraskande forandring.
Ei anatomisk sigle?
Blant dei talrike Segl-namna er det nokre som skil seg ut ved at dei ‘trassig’ nok motsetter seg truverdig plassering i kategoriane framfor. Slåande her er at Seglholmen tidt er namn på holmar som har eit smalt, ofte overflødd vedheng. Til den gruppa høyrer skjeret Seglet i Vikna og Seilskjæret alias Borjjaslássá i Nesseby.
Brorparten av desse lokalitetane som er vridne å gruppere, kunne vi etter forma kalle variasjonar over temaet båtstamn i form av baugforma nes, både spisse og meir snuteforma: Ein kan nemne Seglberget på Spenna, Karlsøy, Seglhella Bjarkøy og ved Forhamn i Harstad. “Formspråket” liknar også når det gjeld Seglbergodden i Måsøy, berre at der eigentleg ligg tre slike oddar på rekke. Seglneset ytst på Onøya i Lurøy har òg fleire særmerkte framspring.
Sigla »segla er eit fjell på Senja, mellom Berg og Lenvik. Også det har baug-form og er imponerande frå Mefjorden. Det trengst ikkje stor fantasi for å sjå ein seglfigur eller to i fjellsida, men då skurrar namnet Sigla, for di gno. sigla tyder master. Like elegant som sjølve tinden er elles dei avrunda nedskjeringane på sida av, Seglskaret |’‘seggel-| mot nord (til v.) og Seglsalen på sørsida.

Baugform med variasjonar går att både når det gjeld Seglneset i Sør-Varanger og i Gamvik, i Sortland (Gunnesdal), og i Sømna. Likeins med bergneset som stikk ut på sørsida av Seglnesbukta i Nordreisa og på Seglstein (bnr 1) i Steigen. Det same gjeld for neset innom Seglsundet, Sørgræna i Vestvågøy, men i dei to siste tilfella er forklaringa på utmerkinga Segl- likevel ei anna, ser det ut til.
Kart og ortofoto fortel ikkje alt, kanskje har enkelte av desse stadene likevel noko seglforma ved seg frå sida sett, men det er sannsynlegvis unnatak. Alternativet kan vere at tilnærma baugform minte om den ideelle forma for barlaststein, men det er no tvilsamt. For storparten av namna er det uråd å finne betre forklaring enn anatomiens sigle n «brystbrusk», kjent i Ryfylke og Sunnhordland, tolka så: «Ogsaa segl? siglebein n det samme hos dyr» (Hans Ross). – Vidare kjem Ross inn på gno sigli «halssmykke», ei slags prydnål eller sølje, av andre ført tilbake til lat. sigillum ‘(inn)segl’. Den samanhengen er ikkje sikker, av di brystbein-siglet sit mykje lenger ned. Norsk Ordbok fører opp sigle n «bringespord» med vising til Ross, så vel som segl n (Suldal, Sauda), utan ei nærmare utgreiing.
Håløygsk Ordsamling redigert av Ingeborg Hoff oppfattar segl også som «venger på spjeld av eit eller anna slag». Vi tør kanskje også legge til nyansar som fli og fløy og på det viset tydelegare forklare at ordet har fått rom i anatomien med?
Ialle fall, brystbeinet (sternum, gresk sternon) hos mennesket har 3 delar som knapt har norsk namn alle: Øvst manubrium «handtaket», så hovuddelen corpus, på svensk bröstfjöl, og nedst processus xiphoideus eller ensiformis, som liknar eit sverd (lat. ēnsis, gr. xiphos), brysamt utstikkande hos enkelte menneske.
Når folk her til lands namngav landskapsformene ved hjelp av ord som kruna, skalle, hovud, øyra, nase, nakke, hals, rygg, kne, okkel, fot, hæl, tå, er det fint lite å undrast at dei også kunne ty til siglet innimellom: Jf bring og bringa som fjellnamn, likeins samisk mielga «brystbein, bringe», sjeldnare šáika(dákti) som er «brystbein» (på rein).
Frå Senja fortel Arthur Brox: «Det bruskstykket som er framme i bringa på dyra, kalte ein brurbrusken. Han blei skoren bort og kasta i veggen. Sat han fast, blei det brur i huset det året. Andre stader sa dei at guten skulle bli god styrmann dersom han fekk brusken til å sitte fast» (NFL 105: 85). Ein mann frå Bø kommune minnest òg skikken: at slaktaren skar ut eit rundt stykke framme i bringa og kasta attom seg og at det var tatt merke av kor det hamna, men han minnest ikkje kva stykket heitte.
Brurbrusk vart andre stader forkorta til kun ‘brur’ (NO 1: 955). Samanhengen er at ordet opphavleg var bru-ar-brusk pga. forma, og samandraginga bru-ar- > brur- gav mistyding. Stader kalla Brurberget eller Brursteinen o.l. har oftast form av eit bru- eller brygge-liknande utstikk, jamfør korleis brystbeinspissen ser ut. Forresten skal vi få med oss, heilt til slutt, at enden på ei brygge også kunne heite bryggjespord el. bryggjehovud (Aasen).

Kva med tindnamnet Segla? Var vel anatomiens sigle eit velkjent også for senjaværingane, då like gjerne i hokjønnsform sigla før det fall i gløymsle og «brurbrusk» overtok. Då var ordet alt forveksla og assosiert med det likelydande sigla, norrønt ord for master. Det var venteleg slik den folkelege merketakinga knytt til båt og styrmannsemne i tevling med kjerringemne oppstod, begge delar like misforstått.
Fotnotar:
- Norske Gaardnavne (NG) b. 16 gir feil opplysning om tonelaget. ↩︎
- Talande er dei eldste skriveformene av namnet Sortland: Sortu-, Swortu-, Suortu-, Suorta-, Suarta-, Swarta-. ↩︎
- Det står «fim hauuð dukar firir halfa mork» DN b. 4: 190, jfr. også Eldar Heide, «Nordnorsk hau ‘hovud’ lånt frå Trøndelag?» Håløygminne 2002: 118. ↩︎
- Gustav Indrebø, «Norsk Målsoga»: 227. ↩︎
- Ragnvald Iversen, «Norrøn grammatikk»: § 54-10. ↩︎
- Á. Blöndal Magnússon, «Íslensk Orðsifjabók»: 802 ↩︎
- Norsk Ordbok har denne forma il– berre frå Beiarn og Nesna ↩︎
- Øystein Bottolfsen siterer to gonger i «Hofdasegl» 1957 dette uttrykket etter prost Sigvard Nielse ↩︎