Sjutomstjenna

Sjutomstjenna i Åsnes ligg i eit stort våtmarksområde mellom Järpliden i Sverige og Possåsen, på norsk side knapt 600 m frå grensen. Namnet er rart. At Sjutom- går på storleiken til sjølve tjønna er sjølvsagt usannsynleg! Heller ikkje var sjutoms spikar ein kurant dimensjon på line med tretoms, firtoms, femtoms. Namnet på tjønna er naturlegvis langt eldre enn standardiserte dimensjonar.

Kring tjønna er tømmerskog, men boniteten er under middels og gir ikkje tømmer av grov dimensjon. Det er sagt med tanke på sjutom som evt. gammal skogbruksterm: «Der du nå har vane for å finna ein sjutom, kunne du hogge tri stokker tå tree å enda få toppstokker på atten tommer» (Norsk Ordbok, jfr. Årbok for Glåmdalen 1964: 50). Den klart avvikande skriveforma Skydomtj. på rektangelkartet 1895 gir dessutan eit tydeleg vink om at Sjutom- er ei forvansking av ei eldre og uforståeleg namneform: «Ein kan vidare undre seg på om det kanskje er finsk utmerkingsledd i namnet» (Venås 1987: 432). 

Sjutomstjenna i Åsnes, med markør.

Den ss endinga –me lagar verbalsubstantiv eller preteritum parti­sippformer som blir nytta substantivisk, og dei verbalsubstantiviske formene blir iblant brukt som sjølvstendige substantiv, t.d. jaam’eme ‘daude, død’ av jaam’edh ‘døy’, vidare jiel’eme ‘liv’ av jiel’edh ‘leve’, og jijt’eme ‘soloppgang’ av jijt’edh ‘vise seg’ (Hasselbr. b.1:171). Ei tilsvarande pret. part.-form er sjïddeme, til sjïddedh «werden, geschehen, gemacht werden; bleiben, sein; wachsen, sich entwickeln, entstehen»: Frostviken i Sverige har her uttaleformer på sjo-, sju– (Hasselbrink 3: 1145f). 

Eit sms døme er sjadteme– eller sjïdtemesijjie ‘oppvekst-stad’. I utgangspunktet kunne ein tenke på ein vassplante, eller evt. molteplanter, jf. sørleg sms. sjïdtie-laadtege ‘moltekart’ (Bergsland og Magga 1993), og ‘Laten-åsen’ nordom Tørberget i Trysil. Søraust for Sjutomstjenna ligg Blomtjenna, som klart nok har med plantelivet å gjere.

Men frå ein lokalkjent informant kjem opplysningar som kan peike i litt anna lei: «Jeg vet ikke hva navnet kommer av, men tjernet er fullt av abbor; det går òg gjedde der. Jeg synes at abboren der er av størrelsen ‘tusenbrødre’ og litt større. Det blir 17,5 cm (7 tommer), så navnet kan være oppstått på grunn av fiske-størrelsen».

Utfyllande opplysningar om åboren: «Hannfisken vert sjeldan over 200 g, medan hofisken kan verte over 2 kg. Vokster og storleik skifter elles mykje frå stad til stad. I sume vatn kan det kry av liten og ikkje matnyttig åbor («tusenbrør»). Dei øyd­elegg egg og yngel og et opp maten for meir verdifull fisk». Vidare: «I vatn der åboren når ein rimeleg storleik, er han ein framifrå matfisk. Men i vatn fulle av tus­enbrør er fisken verdlaus, og ein prøver da å rydja ut åboren for å skapa livsvilkår for auren» (Norsk Alkunnebok 10: 1318 og 4: 298).

Merkverdig nok, dette same tusenbrør– (evt. forkorta *Tusen-) er ikkje utmerking i vassdragsnamn nokon stad. Heller ikkje forledd som Femtoms-, Sekstoms- eller for den del Åtte-, Ni- eller Titoms- gir tilslag hos Kart­verket, Sjutomstjenna alias Skydomtjenna er og blir ei einstaka namneform, og eit sørsamisk ord med same tyding som «tusenbrør» er ikkje funne.

Kvifor vart ikkje namnet kun Abbortjenna eller evt. noko på sørsam. sïhtege «abbor»? Årsaka kan vere at det ikkje er tale om matsøkande fisk, berre om jamstor småfisk som ofte kan gå i stim i ei og same tjønn, for ein hofisk på 1 kg kan legge opptil 200000 egg. Tjønna blir ikkje berre eit oppvekstområde for abbor, men er del av eit område som har stor artsrikdom med bl.a. fugleslag som trane. Kan hende må forleddet sjydem-, sjudem- (omtolka til sjutom-) «oppvekst-, vekse-» forståast i ein vidare samanheng?