Har, Hor

På vestsida av Andøya snakka ingen om Sverigetinden, der heitte det Harrålen, Arrålen, Ærrålen og meir til. Gamle skriveformer finst ikkje, så det er vanskeleg å vurdere uttaleformene. Harrålen kan vere ei nyare uttaleform av Harrånen – eller kva slags «ål» er det evt tale om? Sisteleddet –ålen i fjellnamnet kunne vere gno áll «rand, stripe», eit ord som har vore lagt til grunn for tolking av bygdenamnet Ål(en). Det er dristig i Harrålen sitt tilfelle der den einaste randa eller stripa er det menneskeskapte fang-gjerdet nedover fjellet mot vest. Andre ål-namn på våre kantar brukar gå på áll = «djupål» (i elv eller fjord).

I samband med den lydlege utvikling som kan ha skjedd med fjellnamnet på Ytter-Anda nemnast at gno jǫtunn «rise» vart til jøtul, jøtel i norske målføre (Jotunheimen er nylaga namn), og det opphavlege himinn til himmel. Og ettersom fjellnamnet bl.a. lyder Arrålen og Ærrålen, må vi også merke oss at arinn «eldstad» i gammalsvensk heitte arin, men også omlydd ærin, seinare äril.
Elles har det seg slik i Andøy-mål at suffikset –ål syner samanfall av norrønt –ill, -all, -ull, jf skåttål < skutill, tåmmål (tommel)< þumall, tennål < þinull. Det kan i samband med jǫtunn > jøtul nemnast at forma jøtul held seg i stadnamn i Sømna, ulikt jøttel på Anda, jyttel i Bjarkøy og jyttål i Sandtorg (Hm. 1960: 436 o.a.).
I lokal folketradisjon vart namneforma Harrånen assosiert med gno. hǫrund n (f) «lekam /legeme, kropp/kjød», her især i tydinga mannslem. Parallellnamnet Karen og méda «Karen i Reva» (Håløygminne 1962:38 og 80, 1963:198) burde fjerne fjerne all tvil, men det viser seg i ettertid at det er nærmare Andenes at ein fallosforma formasjon er å finne. Denne og Sverigetinden alias Keipen Harrålen og Harrånen vsa Arrålen og Ærrålen må haldast frå einannan, er det likt til.

Denne fjellformasjonen på Andenes-sida av Klæva blir kalla Pipekjerringa, men det er svært liten tvil om at det må vere denne som blant gamle fiskarar vart kalla Karen i Reva |»revva|.
Namneleddet Har- (kort a) i tyding «stein(grunn), berg(grunn)» er utbreidd her nord, sjå litt seinare. Med tanke på at fjellet er snautt og steinfullt kan Harrån utvikla frå *harron(d)<*harund få meining, sjå døme på det lenger fram, men mistenkeleg er at namnet ikkje har fått palatal –n(d) i utlyd. Det kan vere på sin plass å spandere eit par sider på nokre namn som høyrer til lenger sør i landet og etter nordnorske namn inn i vidare samanheng. Her har Eva Nymans arbeid ‘Nordiska ortnamn på -und’ (Uppsala 2000) vore særs nyttig:
Harunda(n) er ei elv i den historisk norske bygda Idre i Dalarna. Ho kjem frå Harundsjön (= Hurusjöarna, Hörundsjöarna): «Trakten kring såväl sjön som älven er stenig … på somliga håll finns stora ansamlingar av lösa stenbumlingar. I sjön finns enligt uppgift på platsen en hel del stenar och hällar. Ån Harundan forsar over stenrammel och hällar och är särskilt i början av sitt lopp omgiven av veritabla stenfält» (Nyman 307 ff).
Hurunda |hurruᶇᶇa| i Trøndelag kjem med bratt fall frå Hurundsjøen i nordaust, renn forbi Horstad gnr 13 i Rennebu (af Horundzstadhum ca. 1430) og fell ut i Orkla. Nyman seier «Horunda har ett ganska snabbt, forsande lopp; ån kommer från fjällen ovanför Rennebu och rinner djupt nedskuren när den passerar in i den odlade bygden kring Orkla. Nere i ravinen forsar Horunda genom trånga klyftor och över väldiga «trappsteg» av hällar». Ho konkluderer at namnet går tilbake på gno. *Hǫrund f «den som kännetecknas av sten, stengrund» (325f), sml det svenske eller stort sett nokså samnordiske har «stein(grunn)».
I Hurunda sitt tilfelle kan òg seiast litt av det same som når det gjeld Harunda, nemleg at «trakten kring såväl sjön som älven er stenig». Der er talrike fjellknattar, Ner- og Øverknappen og Skrufjellet ter seg som markante, og Skru(v)fjellet med Skruvtjørna noko lenger sør er namn knytte til skruv m «topp, det øvste», jf no. skrúfr «hårtopp». Der er endå fleire knattar, trass i myrdrag er lendet kring Hurundsjøen kupert.
Horenda, Hårrenna |hårreᶇᶇa| kjem frå Harsjøen og osar ved Hornset i Øvre Rendalen (NE 108+89). Det heftar av ymse årsaker meir uvisse ved dette elvenamnet, men siste delen av elvefaret liknar Hurunda: «Hårrenna går under den senare delen av sitt lopp djupt nedskuren i en trång, otillgänglig dal mellan bergvägger.. [kan] vid snösmältning och regn växa kraftigt och föra ned sig en myckenhet sten». Eva Nyman hallar mot same forklaring her (s. 334) som for Hurunda.
Vi ser m.o.t. Harunda og Hurunda at det blir fokusert på stein i elvefaret, men at berglandskap samtidig karakteriserer kjeldesjøområdet. Her skal ein merke seg, attåt den nordiske etymologien *hǫrund <*har «stein(grunn)», at ls horro (hårrå), genitiv horo tyder ‘steinvarde, rauk’, eigtl. ‘hop’ (Qvigstad 1944: nr 394). Jf horre, gen. hore: «hop (av föremål)» (oslo 60).
Dei samiske termane minner i form og tyding så sterkt om gno hǫrgr «oppkasta el. oppmura stein-haug» at det ikkje kan vere slump, og eit samisk *horunč om eit lende som det ved Hurrunda gir god meining. Aspektet «lende med stein og berg og knausar» kjem i alle tilfelle fram der Nyman o.a. drøftar språkleg nærslekta namn som ikkje har med vassfar å gjere:
Harestad i Båhuslen går i ei mellomnorsk kjelde 1354 for Harundstada sokn, medan det i 1388 der imot heiter j Harondastaf og i Harundastad samt Harundarstafs k(ir)kia, firir Harundstaf, Harundastafs kirkia 1399, vidare i Harundastaf og j Harundastafs sokn (Nyman: 199f). Namnet har vore mykje diskutert, og om terrenget på sjølve kyrkjestaden (i dag kalla Kyrkeby) blir det sagt: «Upp mot nordost sträcker sig flera långdragna bergsformationer, som riktar sina rundade ändar mot det slätare området vid byn och kyrkan. Det är alltså inte fråga om endast en sådan terrängformation utan om flera» (Nyman: 212).
Det har rådd tvil om hovudleddet i Harund(a)staf var stafr eller staðir, men namnegranskarar flest hallar til det første. I dei mlno kjeldene er gen sg Harundar– unnatak, vanleg ordføying er gen pl Harunda-, og ein kan då i samsvar med topografien legge *harunda- «område med knausar» til grunn for namnetolkinga.
Kartskisse over strandkonturen på staden viser at ved 5 meter høgare vasstand blir Nordre älv ein fjord med ei smal vik (ein os) på nordvestsida – opp mot området nordaust for kyrkjestaden som rimeleg nok er ei gammal båtlending, det kan òg forklare kjeldevaklinga staf/stad: (båt)stø blir i svenske dialektar til stad (de Vries) medan ordet i samiske former staðfo, starfo, staffo går tilbake på urnordisk *staþwó. Då er Harundastaf truleg ei «sementert» alderdommeleg namnelaging, isolert frå språkutviklinga elles.
Eit heimlegare namn skal i denne samanhengen nemnast, Harodalen i Saltdal: I flg. Qvigstad er det samiske namnet Hārō eller Hǽrō (lang æ). Inner-enden av dalen mot sør, oppunder det mektige Steinfjellet (Gierggetjåhkkå), heiter Hārōgiera. Der er Hārōjåhkå = Haronelva som ein bekk kun, lenger nord er dalen vidare og elva større, med humpar i rad: Harodalshågan (nær dalen), Kvassteinhågan, Kvassteinheian med Harontjønna tett vestom (Qv nemner ikkje tjønna), Kvassteinryggen lenger aust, m.m.fl. Haronelva skaper eit særmerkt delta der ho fell ut i Kvitbergvatnet, men det er vanskeleg å finne noko ord for delta (øyr) som går naturleg saman med Haro.
Hārō, Hǽrō minner om har, hær «steinmark», slik sett høver namnet for heile snaufjellområdet (dalen òg), men det ville også eit nordisk *haron(d) < *harund gjere. Kartnamn-formene Haronelva og Harontjønna er helst ss gen Haron-.
På svensk side har dei eit problematisk fjellnamn Árran-oajvve i Jokkmokk (oajvve: hovud). Björn Collinder nemner her árran «eldstaden i kåtan», men òg ein variant Áran- og gir då som samisk tilleggsforklaring at «ätna ára lä tanně»: marka er steinut der. Han seier òg, om árran (nordisk arinn, árinn «eldstad, gruve»), at dette folkeetymologisk synest å vere knytt saman med ára «stenör, med småsten täckt mark, moränlager, blockmark …. tämligen jämn grustäckt steril mark uppe i fjäll nedanför topparna, där jöklar nyligen delvis har töat bort och där renarna brukar stå när det är varmt om sommaren» (oslo 1964: 51). Collinder har tilmed aron som eiga tilvisingsform av det same áran (istf. árran). Ikkje nok med det, ára «steinmark», gen árraka kan førast attende til urnord. akkusativ *haruɤa av ordet som i norrønt lydde hǫrgr m: stabla eller oppkasta steindunge. Sjølvsagt interessant i samband Harrånen og då især fangstgjerdet der.
Nemnast bør at arinn «eldstad» i glsv lydde arin, men òg med omlyd ærin, seinare äril. Påfallande blir då at fjellet på Ytter-Anda heiter både Arrålen og Ærrålen. Det ser då ut til at det gamle arinn (árinn), árann ved ‘folkeetymologi’ ovrar seg i to fjellnamn frå Jokkmokk og Andøya som begge går på steinmark?
Uttalerett namneform Harrålen, Harrån(en) må i alle tilfelle vurderast for seg. Det har truleg underordna interesse at folk assosierte ho med det omtalte «populære» hǫrund. Elles har visst Nordland ikkje reint få stadnamn som kjem av gno. hǫrgr, der g-en forsvann i uttalen kom iblant såkalla «erstatningsforlenging» av vokalen, slik at hor(g) blir til hår- med lang å.
Om fjellet på Andøya heiter det i alle tilfelle aldri *hårrånen, *hårrålen, vi må nok tenke beinveges på har (steinhar) «steingrunn»: Nordland har så å seie ein grøde lokalitetar Harhågen og Harvollen (alltid kort a) som er stein- eller bergrike, det gjeld også for stader som heiter Harbakkan, Harvegen, Haråkeren. (Ein evt. uttale med lang a og tjukk l måtte derimot peike i retning adjektivet hard.) Det ser såleis ut til at vi for Harrålen tør rekne med ei opphavsform *har-all med har i den tyding som nyss er nemnt: Js shetlandsk harel «»knudret og ujevn klippegrund».

Fjæra på Bø på Andøya med knausen Harhågen på strandflata til v. og ute i sjøen til h. Harhågklubben.
Alternativt kunne Harrålen vere samansett av har + gno. áll «rand, stripe»; det siste ordet har vore lagt til grunn for tolkinga av bygdenamnet Ål(en) i enkelte tilfelle. Men det blir langt dristigare, for den einaste overtydande randa eller stripa er i så fall det menneskeskapte steingjerdet, og andre ål-namn på våre kantar går på áll = «djupål» (i elv eller fjord), noko som sjølvsagt er uaktuelt her.
Det er alt nemnt at namneleddet Har- (kort a) i tydinga «berg(grunn)» o.l. er utbreidd her nord. Det bør òg nemnast at ei sideform Her- (oftast med kort æ) i same tyding òg er vél kjend. Gode døme er Herøya i Steigen + Tysfjord og i Narvik Hergòt, språkleg og historisk rett Hergòta (hærrgåtta): Ein eldgammal stig fører frå Hergot- gardane og til fjells, i sørkant berglendet ovanfor. Det er ein klar parallell til den steinute Harvegen på Hadseløya (der dei også har Sandgòta). Hernes i Bodø har no fått urban leseuttale med lang æ, men oppført kort æ i NG er truleg det historisk rette.
Hestad el. Hæstad gnr 51 i Dønna er hos Aslak Bolt skrive Herstadom, seinare forsvinn r-en i kjeldene. Tradisjonell uttale lyder nærmast som «hæstæ, jf då skriveforma «Hesta» og «Hestha» så tidleg som 1567 og «Hestan» 1647. Området er særs bergrikt, men det gjeld eigentleg for mange stader på Dønna.
Herstad gnr. 10 i Meløy er nok eit nærslekta namn: Uttalen er «hærstæ, men med tydeleg rs. Gamle skriveformer er Harestaid, Harestaad 1567, Hare-stad 1610, Harrestad 1614, 1647, 1661, Harestad 1723. Samanlikn gnr. 3 i Meløy, Harfjell (kort a?) skrive Hareffieldt NRJ III 166, Harrdfield, Haerdfielld og Herdefielld 1567, Hardfelltt 1614, Harrefield 1647, Harefield 1723. (Garden har namn av Harfjellet el. Tinden).
Jf vi dei to gardsnamna frå Meløy, særmerker Herstad seg ved å ha heitt Harestad før (etter alt å dømme med kort a). I tilfellet Harfjell er skrive-formene meir sprikande, men Rygh tvilar med all grunn på tolkinga «hardfjell»: Ikkje berre uteblir då forventa «tjukk l» for rð, men i tillegg er her kort a (lang a opplyst i NG er ikkje korrekt).
Langt grundigare vurdering av her vsa. har kunne nok gjreast, men med eit større namnemateriale. For dei fleste er det meir interessant om Herstad i Meløy (historisk Har(e)stad) eigentleg er dss by-namnet Harstad? For dette finst skriveformer som Harrestaa 1567, Harrestad 1614, i bra samsvar med dagens uttale med kort a. Heller ikkje Harstadom DN VI 228 eller Harstad hos Olav Engelbrektsson taler imot ein historisk kort a. Det store unnataket er vid Hardstada, af Hardstadom i AB 100: Rygh held seg til det og les Harstad som *Harðarstaðir, til mannsnamnet Hǫrðr. Vi har ikkje fasitsvar, men etter dagens kunnskap er det rett å vere skeptisk til personnamn-funderte stadnamntolkingar når terrengbaserte forklaringar er passar betre.
Dei eldste skriveformene vi har av gardsnamnet Harfjell i Meløy, Hareffieldt 1521-22, og Harrdfield, Haerdfielld, Herdefielld 1567 og Hardfelltt 1614, er så sprikande at vi kjem i eit uføre dersom vi ser bort frå den tradisjonelle uttalen og ved hjelp av dei prøver å finne ei anna og meir opphavsrett skriveform enn Harfjell(et). Naturnamnet Harfjellet i Rana seiest heller ikkje med tjukk l, så vidt kjent.
Harstad-namnet vedkjem 3-5 matrikkelgardar, alt etter korleis ein vinklar og vektlegg saka (NG 17: 21). Vi kan altså mykje vel ha med eit ekte staðir-namn å gjere, men sg stað i tyding stø, lending, båtplass melder seg sterkare for tanken dersom gnr 61 Harstadhamn er det primære.
Namneleddet Har- (kort a) i tyding «stein(grunn), berg(grunn)» er utbreidd i nord. Med tanke på at fjellet på Ytter-Anda er snautt og steinfullt kunne Harrån utvikla frå *harron(d) <*harund gje god meining, men påfallande er det at namnet ikkje har fått palatal –n(d) i utlyd då.
Naturlegvis veldig interessant i samband med fangstgjerdet på Harrån(en), men i første rekke ventar vi ein slektskap mellom *haruγa, aron og Haro(n): «Gerade bei den ältesten Lehnwörtern wird das anlautende nord. h bei der Übernahme ins Lappische oft weggelassen», nemner Tryggve Sköld (1960:50), med vising til J. Qvigstad. Men i tilfellet Haro(n) har altså h-en halde seg i uttalen, medan uttalevariantane av fjell-namnet på Ytteranda både lyder Harrån(en), Harrålen, Arrålen og Ærrålen.
Den mest? tradisjonerette namneforma Harrålen, Harrån(en) må vurderast for seg, kor som er, og det er av underordna interesse at namnet vart assosiert med det omtalte «populære» hǫrund. No har Nordland ikkje reint få stadnamn som kjem av gno. hǫrgr som det fører for langt å omtale her, men g-en har falle bort i uttalen, då inntrer iblant såkalla «erstatningsforlenging» av vokalen, slik at hor(g) blir til hår- med lang å. Men om fjellet på Andøya heiter det i alle tilfelle aldri *hårrånen, *hårrålen, så vi bør nok heller tenke beinveges på har (steinhar) «steingrunn», især av di Nordland nesten kan seiast å ha ein vrimmel av lokalitetar som inneheld det førsteleddet.
Nyredigert etter Håløygminne 2008