Stjerne, Skjern og Skilnad
Ytst i Altafjorden ligg Stjernøya, samisk Stierdná. Finnmark-bindet av Norske Gaardnavne, redigert av J. Qvigstad og Magnus Olsen, tolkar øynamnet såleis: «Lappisk Stierdna, laant fra Norsk, taler for, at Øens Navn oprindelig er *Stjarna f., Stjerne. Navnet kommer vel af de mange Halvøer, der som Straaler stikker ud fra Øens Nordside…» (NG 18: 94). – Sekundære namn er Stjernodden, sam. Gálvi lengst mot søraust, i nordvest Stjernvågan og Stjernfoten (Stierdnágeahči) og sist men ikkje minst Stjernsundet, sam. Joahkku, Stierdnánuorri.
Alt i «Nordische Lehnwörter» (1893) fører Qvigstad opp Stier(d)na som samisk lån frå nordisk. Er ingen grunn til å tru anna, sjølv om Thor Frette ved eit høve peika på at Stjernøya, uavhengig av norsk namne-legging, har ei rekke alderdommelege samiske stadnamn.
Norske «stjerne»-namn frå andre samiske område har samiske parallellformer med násti «stjerne». Ikkje så her. Det nører tvil om at øynamnet går på stjerneform. Heller ikkje samsvarar skrivemåten Stiernerøen 1698 med ei tostavings form *Stjerna, norr. *Stjarna.
Når ei øy er høg og vid, bør ein vere skeptisk til all namnetolking som går på «Øens Omrids»: Frå den 959 m høge tinden Kjerringa nordaust på øya kunne vel dei langsmale, tilnærma parallelle halvøyane fortone seg som strålar i ein stjernefigur, men vanlegvis var det vel ikkje var folk til fjells, men sjøfarande som gav øyane namn.
At Stjernsundet på sør- og vestsida av øya er kjent for sterk straum og bråe fallvindar er kanskje relevant, men å tyde øynamnet meteorologisk er uråd, endå Joahkku som ns namn på Stjernsundet minner litt om ss jåakoedaelkie «omslag i veret».
Kor det enn er, er det fleire ‘stjerner’ langs leia. Den Norske Los seier om segling gjennom Nappstraumen i Lofoten bl.a.: «Av landkjenningsmerker kan nevnes Stjernehodet [les Stjernhauvet], 932 m, og Stjerntind [les Stjerntinden], 937 m, på Nappstraumens W side, lettkjennelig med sine særegne, markerte topper». Merk her at Stjerntinden iallfall frå søraust, frå Vestfjorden på høgd med Nusfjorden, har 3 oppstandararar eller takkar som nok kan gje stjerne-assosiasjonar til den som kjenner både Davids- og Betlehems-stjerna, men tenkte folk i ei fjern fortid astronomisk når dei la namn på tindar? Namnelaging som går på måne og sol er iallfall sjeldne varer! Stjerneframtoninga nyss nemnt gjer seg gjeldande berre i ein avgrensa sektor oppmed land. Det er jo utilfredsstillande med ei «stjernebasert» tolking av namnet Stjerntinden som ikkje passar like godt for Stjernhauvet og Stjerndalen, sjå neste avsnitt.
«Losen» seier òg i samband med Skjelfjorden på Flakstadøya: «Gode havner finnes ikke i fjorden, men ved Stjerndalen er ei lita brukbar havn, dybde 11 m1» (s. 214, 216). Her heiter det rettare Skjendalen i den grad det namnet er kjent, men iallfall oftast Skjenfjorden |’ᶊenn-|.
Forvirrande nok, pollen Skjenfjorden ligg vestom fjellet (halvøya), men aust for fjellet har ein den lange Skjelfjorden, med Stjerndalen på vestre stranda – «Vestersida» kalla – og på austre sida Stjerntinden og Stjernhauvet. Alt på ein nokså avgrensa del av Flakstadøya, likevel forunderleg sprikande kva uttalen gjeld.
Eit fjell i Gildeskål heiter Høgstjerna (819 m). Attmed ligg Breistjerna (637 m), og i bolken der «Den Norske Los» rettleier sjøens folk om innseglingane frå Støtt til Bodø oa. ved hjelp av den typen skisser som Norsk Kysthåndbok kallar ‘landfortoninger’, er Høgstjerna blant dei landemerka som går igjen, liksom Bolga og Åmøya, Kunna (Rota), Skjeggen, Høgnakken, Fugløya og Sandhornet. Lat det med ein gong vere fastslått at Høgstjerna og Breistjerna, like lite som dei andre fjella som nyss er nemnde, minner om stjerner.
Stjern-, –stjerna kunne snarare ha med navigasjon og landkjenning å gjere: Gno. stjórn f vil konkret seie «styre, ror», dessutan ‘styring’, jf. nyn. stjorn f (og n) «gardsstyring, huslege sysler», dessutan «husdyrstell» (Aasen, Ross), medan alle maritime tydingar har forsvunne. Ubrotne parallellformer til stjorn er eng. stern ‘bakstamn, hekk’, medan skotsk starn tyder både ‘ror’ og «stjerne»!
I dagens nynorsk merkar vi fint lite til stjorn i noka som helst tyding, men kan hende har vi underestimert ordet i samband med stadnamn? Best er då å la fjellformasjonane få tale for seg: Høgstjerna gjer inntrykk på avstand, og på den nordaustre sida av Stjerntinden på Flakstadøya finst eit liknande og endå breiare flog-belte, meir bogeforma enn det i Gildeskål: For begge kjem eit loddrett strålemønster attåt.
Har stjerne ei anna tyding? Norsk saknar ordet, men eldre svensk kjenner stjärna brukt litterært om panne (vel frå tysk Stirn «panne, skalle») så vel som front og tilmed hovud, då også i sms. som stjärn(e)band og stjärn(e)rem om panne-band eller -reim, sikkert frå tysk også det: Fortolka slik blir stjernefjell-namna meir konkrete. Ein kan innvende at fotoet av Stjerntinden viser korleis han fortonar seg frå nordaust (attersida), ikkje frå Skjelfjorden eller Vestfjorden. At Stjernhauvet ligg framfor Stjerntinden tilseier likevel at «panne-resonnementet» har noko for seg. Det er likevel tvilsamt, av di stjerne nytta i slik tyding er heilt ukjent frå andre norske eller svenske stadnamn.
No fanst det eit gno. stjarn f «bless, kvit flekk eller stripe i panna på dyr», og same ordet har Hans Ross i forma stjern n. frå Valdres og s(k)jødn f. frå Voss: Der sa dei derimot s(k)jedna om «stjerne».
Om «stjernefjell»-namn tolka i den retning skreiv eg i Håløygminne 1986 (s. 152): “Eit vilkår for ei namne-tolking på det grunnlaget må vere at snøen brukar å ligge sommaren over i «stjerneforma» flekkar i dei omtalte fjella – men det har eg ingen haldepunkt for. Og dermed får det nyss nemnte «stjern», «stjørn» lite å seie i vår samanheng, ettersom det må reknast som berre ein variant av «stjerne» – som Aasen har i m.a. tydinga «en lys Plet i Panden paa Dyr», i sunnmørsk såleis med særskild uttale «stjenne» til skilnad frå «stjerne» i vanleg meining”.
Bileta av Høgstjerna med gulkvitt «panneband» i kontrast til mørkare fjell under og over kjente eg ikkje til då. Skjelfjord-sida av Stjerntinden har store svad som er skinande av væte i solskin, og desse på austsida av fjellet syner finurlege mønster i frost, men «pannebandet» er eit meir konstant kjennemerke. Liknande formasjonar er ikkje kjende frå Stjernøya.


Nokså lærerikt er å jf målførevariantar av stjerne, stjern (bless) og stjorn: Gno. stjarna, stjǫrnu «spora av» i ei mengd målføreformer landet om, den tid ingen norsk skriftkultur var til, så som sjærne, sjenne, sjynne, sjydne, s(t)jedna, s(t)jønne og sjådna. Det nærståande stjern (bles) har variantar som sjern, sjedn og sjødn, medan stjorn (styre, stell) er kjent frå talemålsformer sjon, sjodn, sjådn, sjørn, sjønn og sjødn (NO b.10). Venteleg fanst endå fleire former, og klart er at orda i mange samanhengar vart forvillande like og at dei i stadnamn på tilfeldig tid kunne stivne i ei alderdommeleg form, løyst frå utviklinga i målføra elles. Især i samansette namn og i uttrykk må skilnadene mellom stjórn, stjørn og stjarna, stjǫrnu, stjørne osv. etter kvart ha blitt temmeleg diffuse.
Ordet stjorn har både lang, trong o likså vel som opning til ø i ei rad målføre austa- og vestafjells (Aasen, Ross), oftast med opphavleg stj– uttalt som sj-, som alt er nemnt. Progressiv j-omlyd i ord som stjarna > stjærna viste frå 1200-talet og tiltok etter 1300, overgang jǫ> jø slik som i Bjǫrgvin er kjend frå ca. 1350, samanfall skj– og stj– er nyare (Indrebø 1951:115, 232).
Samanlikningsvis er de opplysande at færøysk har «sjødna» (skrive stjørna), så vel som stjarna med halden stj-, pluss stjórn uttalt «stjødn», det siste truleg for di det då er tale om det offisielle, som regjeringssaker mm. Når stjarna framleis har stj-, kjem det helst av religiøs og poetisk språkbruk.
Noko av det same gjorde sikkert at stj– i «stjerne» og nokre andre norske ord ikkje fekk uttale sj– for godt (Indrebø 1951:114, 233), slik som svensk sjärna.
Av nordnorske former er det få, men frå Borge kjente Kåre Elstad seiemåten «et førrfærdeli sjårn» |ᶊå:ṇ|: eit fælt ståk (styr?), d.e. gno. stjórn med overgang stj- >sj-. Er dette relevant for namn på fossar og stryk?

Som sagt har nordsida av Stjernøya former som gjer henne eineståande her til lands, med mange beine, jamsmale og parallelle halvøyar. Dei kunne kallast stjorar m.pl.: «(stive) stilkar», eintal stjor eller stjore m. I norrønt var stjóri også ‘den styrande’, dvs. ‘styrmann’ eller ‘leiar, førar, herskar’: Det siste gir assosiasjonar med norsk-svensk «framståande», eng. «outstanding»! – Elles var stjóri òg eit lite anker av tre med stein i, krabbe, dregg, merk at Blöndal Magnússon har tolka stjóri ikkje berre som «akkerisstein, lítið akkeri», men også «akkerisstrengur», då i røring med fær. stjóri «reb eller fæste, hvormed folk og varer trækkes i land i brændingen», det å stjóra. Stod stjóri like mykje for den stramme ankerlina som for sjølve ankeret?
Til stjóri m, stýri n og stýra v svara stjórn f ‘styring’, nautisk og administrativt. Når stjóri i éi tyding var noko som stakk (seg) ut, medan oppgåva til ein stjóri «styrar» var å stjórna = stýra, stå for stjórn på hav og land – kunne då stjórn også stå for eit mønster av parallelle stjorar, som på havsida av Stjernøya?
Merkverdig er mønsteret av snorrette myr- og skogstrimlar langs Stjernheia i Verran, til ein viss grad også på vestsida av Stjerndalen i Flakstad. M.o.t. sjølve Stjernøy-namnet kjem ein lett i tvil: Loshandbøker o.l. fokuserer ikkje på havsida av øya og på fjella der, men på Stjernsundet på innersida. Sundet er jambreitt, reint og nokså beint, overalt med sterk straum i tillegg til ujamn vind, av di det skiftar mellom fallver og klinke stilla. I ein slik kontekst er det ligg det nær å tru at stjórn «styring» og nyno. stjorna v “styre jævnt, gaae i ret Linje” (Aasen) var essensielt. Merk òg Stjørna |’ṣøṛṇa| i Bjugn i Trøndelag, primært tolka som eit elvenamn, sekundært som fjord- og bygde-namn (NoSt), også det knytt til stjorna v. intr.


For fjordnamnet Stjørna er òg meir «landbaserte» tydingar tenkelege: Stjørnfjorden blir til der dei to fjord-armane Nordfjorden og Sørfjorden møtest. Skiljebolk dei imellom er eit par halvøyar som ikkje har eige namn på kart, men er dominerte av langsmale bergryggar: Hardbaktangen tett ved Nordfjorden, og mot Sørfjorden den brattkanta Bergkallen. Når det ca. 1490 er tale om «Stiornen», «aaen Stiornaa» og «fiska aan Stiornen», kan det vere eit uttrykk for at Stjornen, Stjørna om sjølve halvøya nær elva alt hadde kome på glid og var blitt fjord- og bygdenamn (denotasjonsendring), så skjer tidt. Desse stjorane fell i auga og kan vere viktige, men også ei anna tilnærming finst.
Innskjeringar i landskapet? Sverige har talrike Stjärn(e)-namn. Det gjeld nok for fleirtalet av dei, så vel som for liknande namn i Danmark, at dei var brukt om stader der vegar eller stigar forgreina seg stjerneforma, men dette siste høver mindre for norske tilhøve. Eit viktig svensk unnatak blant fleire gjeld ein formasjon ved Fyrisån i Uppsala, Skärna (før skrive Stjärna), av Lars Hellberg2 tolka som *skern eller *skærn i tydinga «inn- eller nedskjering, skòre», urnord. skerna- el. *skernō. Lendet ved Skärnan i Lerum i Västra Götaland er derimot prega av parallelle åsryggar eller rabbar tett i tett, det minner klart om mønsteret vi kjenner frå Stjernheia, Stjernøya osv.

I samband med det rekonstruerte *skern, *skærn må sjølvsagt seiast at norrønt kjente til skern f i tyding lik skurn f, n ‘(hardt) skal’ så vel som om ‘skorpe’. Nynorsk like eins, men der også om «flat skalk», «tunn rest, hylster». Det siste høver perfekt for landskapet i botnen av vika Stjørna i Agdenes, for Stjernenut i Seljord og for sørdelen av Skjernøya i Mandal. Elvelandskapet ved Skärna i Uppsala har same preget. Sverige har si eiga Stjärnö i Valdemarsvik i Östergötland, ikkje med så lange «fingrar» som Stjernøya i Finnmark, men like fullt med fleire parallelle innskjeringar, frå vest mot aust, og så djupe at øya med sin beine kystkontur mot nordaust så vidt heng i hop fleire stader. Så – «tunn rest» gir meining, jf. òg norr. skerast «kløyve seg, dele seg».

Som før nemnt og som foto viser, det kan ha litt for seg å reflektere over namna Stjerntinden + Høg- og Breistjerna sml. med ty. Stirn «panne»3, men kan hende oppnår vi meir med å gå heilt til topps: Fjellpikane eller takkane på Stjerntinden er tynne restar. Mellom Litlstjerna, Høgstjerna, Breistjerna og Smørstampen i Gildeskål har ved erosjon oppstått djupe hakk eller skòrer som får fjellpartiet i full breidd til å te seg meir uheilt og «såra» enn frå tverrsida.
Likeins er inngangspartiet i Stjerndalen i Flakstad stupbratt til begge sider og har gjennomeroderte eggar med fjellpikar tett i tett, dessutan tversgåande skòrer eller hakk på sørsida, i enden av Sundsmanen. Også Stjernåsen i Vestby i Akershus og Stjernsåsen i Porsgrunn har innskjeringar på alle sider.
Stjerna heiter dertil ein kløyvd holme i Evje og Hornnes, og tett vestom Stjernevannet i Tana er det skura berg med ei einskild nedskjering som framstår særs tydeleg i det karrige landskapet der. Det ser då ut til at ein landskapsterm skjern, skjærn < skern må ha meir for seg enn det ein hittil har rekna med.



Skjering – eller skirt vatn?
Skjern |ᶊǣṇ| er gnr. 21 i Åfjord. Gl. skriveformer er Skere NRJ II 48, Skerrenn 1559, 1590, Scharrenn 1626, Schieren 1630, Skieren 1664, Schieren 1723. Rygh: ‘Jeg formoder, at dette vistnok enestaaende Gaardnavn egentlig tilhører en af de to Bække, som ved Gaarden falder ud i Stordalselven, idet den har hedt Skírn. Dette vilde være det samme Navn som Skjirna (med Enstavelsestone), en Elv paa Byneset. Det maa hænge sammen med skírn f., Renselse, og Adj. skírr, klar’.
Dette kan vere rett, men no er Skjernsfossen (også Stjernsfossen) ved garden Skjern både djup og trong, så vi kan ikkje sjå bort frå skjern i den meining4. Det gjeld òg for Langforsen i Bjerkaelva i Hemnes tett ved Stjernenget, lat så vere at ein i begge desse tilfella òg kan tenke på eit lydhermande namn, slik vi før har vore inne på.
Skjærn er ein bekk i Sirdal. Han kjem frå Skjærslia, men skiftar namn til Skjærsbekken idet han passerer Storeskar, som er djupt og trongt, så her òg er det rimeleg grunn til tvil: om ein skal tenke på topografi eller på vasskvalitet (norr. skærr = skírr «klår, rein»)?
Problemet er likeins med elvenamnet Skjørna i Nesset og gardsnamnet Skjønne |»ᶊønne| i Nore, med gl. skriveformer Stiernne 1593, 1600, Stierne 1604 1/1, Schienne med Schiennelj 1668, osv. Sistnemnde ligg vel å merke attmed den djupt nedskorne Borgåi: «Det er at formode, at denne Elv oprindelig har hedt Stjarna», seier NG. Som vi ser, det finst fleire tvilstilfelle, og ein kjem ikkje stort lenger utan god kjennskap til lokaliteten og målføret på staden. Derimot kan seiast med visse at Stjernelva i Stjerndalen i Gildeskål fører krystallklart vatn og ikkje er djupt nedskoren.
Stjern- frå stjørn, stjorn om husdyrhald?
Det finst nokre få namn som nesten inviterer til ei tolking i retning av krøtturstell, som Stjernegjerd i Vik og Stjernvang på Toten, og det gir ettertanke m.o.t. alderen på denslags namn at ein lokalitet i Vara i Västra Götaland òg heiter Stjärnegärdet, og at Stjernevang også var namnet på ein gard nær Ålborg på Jylland, i Bælum sogn i Hellum hd. Var der i dansk og svensk5 motstykke til norr. stjórn f i ei kvardagsleg tyding «styre, styring», likt med nyno. stjorn «hushald, husdyrstell» o.l.? Her kan òg nemnast Stjernebeita, eit nes i skil mellom Eidsvoll og Nord-Odal, samtidig grense mellom Akershus og Hedmark. Den namnet minner også om husdyrstell, men høver de facto like bra i neste tydingskategori:
«Stjerne-» om deleline, grense?
Nokre namn frå Vefsn har ordføying som ser både merkverdig og problematisk ut: Stjernabekken renn i skilet mellom gnr 88.2 og 112.2, og ein bekk med same namnet fell ut i Ømmervatnet og renn tett ved eit i dag snorrett skil mellom bnr. 2 og 3 av gnr 170. Nedover Stjernadalen går likeins skilet mellom gnr 145 og 156. Nemnast kan òg, utan kjend kartfesting, Stjærnaryggen (-rykjen) og Stjernaryggholo, eit ut-enge i ein bakke i området mellom gnr. 192 Brattbakken i Drevja og gnr. 193 Bergsnevet i Drevja.
Vilhjelm Riksheims arbeid «Ljodvokstren i Vefsn-målet (Ner-Vefsn)» nemner skilnad med uttalen |ᶊēṛṇä|6 (s. 50), også kjent frå Røyrvik, frå Mosvik |ᶊǣṛṇa|, i Selbu både |ᶊǣṛṇa| og |ᶊēłna)| (NO, seddelsamlinga). Dette synest vere til stor nytte i utgreiinga av ei rekke norske stadnamn især sør for Vefsn, då aller først å nemne Stjernebekkjen med Stjernebekkskardet på gnr. 37 Nerlaksfors, Grane (ikkje kartfesta).
Flest tilfelle finn vi i Trøndelag: Stjernmyra under gnr. 27.3 i Bjugn ligg mellom gnr. 28.15 på nordsida og 27.2 Råmyra i sør. Ved garden Stjerna i Verran møtst gnr. 8,9 og 19-20-21 og i sørkant av Stjernehaugen i Verdal går skila mellom gnr. 36, 38, 53, 55: Over haugen går der òg skil mellom gnr. 53.1, 54.1 og 54.3.
Det er om dei to siste lokalitetane NG opplyser: «Stjernen er Navn paa en Gaard i Beitstaden (GN. 21) og paa en Plads i Værdalen; i begge Tilfælde stammer Navnet fra Stedets høie Beliggenhed (se Bd. XV S. 235)»7.
Som samanhengen viser, vi har nok også her snarare med skilnad = deleline (NO 9: 1445) å gjere, for når ein lokalitet når meir i høgda enn andre av same art, er det lang og sterk tradisjon for at han blir heitande noko på Hå– el. Ho-. Vel må det vere sannsynleg nok at ein høgtliggande buplass kunne bli oppkalla etter høgtliggande borger eller byar, men ikkje at ordet «stjerne» åleine ville bli brukt i tyding «høg», poetisk abstrahert!
Det siste ter seg endå mindre truverdig når ein flyttar oss til Stjernmyra i Steinkjer, som ligg midt mellom parsellar av gnr. 260, 262, 263, 269 og 270, og vidare til haugen Stjerna i Inderøy, der grenser mellom gnr. 335, 336 og 337 møtest.
I Kongsvinger kan nok namna Stjernhullberget og -myra sjå rare ut, ved første augekast, til ein innser at det å bore hol berget for å plassere eit skilmerke er temmeleg ordinært! Uvisst er om Stjern- i slik tyding alltid skal forståast som forkorting av skilnad, eller om ein skal tenke på ei kortform *skiln? Sml hugn(ad), sakn(ad), sv. gätn(ad) osv..
Ordet skilnad finst i talrike målføreformer: sjilna, sjelna, sjælna, sjylna, sjølna, sjøłna, sjöłna, sjúlna, skulna, men b. f. skilnaden synest også å ha blitt til skina(n) mange stader sør i landet. Her kan nemnast garden Skinan ved Skinanstjønni i Tokke, garden Skinan(d) ved Skinan(d)juvet i Vinje like eins. Ved Skinanvatnet i Hjartdal går skilet mellom gnr. 115 og 116, merk òg Skjenanbekken og -dalen tett ved den no snorrette grenselina mellom gnr. 55 og 56 i Vinje. – Slik også mellom bygdelag: Skinans8-vatnet og -fjellet i heiane der Hå, Bjerkreim og Eigersund møtest, og Skjenafjellet mellom Gausdal og Ringebu. Uttaleforma «sjølna» finst også vide, og endå større lydleg forenkling viser truleg Sjønaparten tett ved riksgrensen i Saltdal? S(k)jønakletten i Askvoll og i Gaular har iallfall med grense å gjere. Over vestre framkant av Stjødnefjellet i Vindafjord går skilmerke mellom gnr. 70, 72 og 73 (den flogbratte sørkanten utgjer skilet mellom gnr. 70 og 73), så det er rimelegare å tolke fjellnamnet den vegen enn at det har noko med stjerneformasjonar å gjere, iallfall så lenge ein legg kart og ortofoto til grunn. Annleis med tjønner og vatn som heiter noko på Stjern(e)-, for ei lita, skinande vassflate midt i skogen, myra eller fjellet kan greitt nok inspirere til «stjerne-tenking».
At lokalitetar med slike namn var viktige skilmerke er visst unnataket. Eit utrygt døme er Stjernetjenn i Aurskog-Høland, som ligg i skilet mellom parsellar av gnr. 154. For den tørrlagde Stjerntjønna i skil ml. fleire parsellar av gnr. 187 i Fræna er sambandet mindre tvilsamt.
Når det gjeld vassamlingar er det dessutan grunn til å undrast om Vefsn-uttalen av skilnad rekk litt lenger nord? I Rana har dei Stjernetjønnene, laust ihopknytte og likevel skilde. Der ser ein inga grense, men over Austre Stjernetjønna går derimot skilet mellom gnr. 101.3, 101.2 og 101.3. Stjernevatnan i Saltdal ligg for sin del tett ved svenskegrensen.
Innslag som minner om svensk?
Også i svensk kan skilnad stå for «ställe där vägar l. floder o. d. mötas l. grena sig; vägskäl» (SAOB) så vel som «(upp)delning». Vi kan undrast om gardsnamnet Skjenalden |»ᶊēnaᶅᶅen| i Orkdal (skr. Skennan ca. 1550) og i Skaun er omkastingar av *Skjelnaden? Begge stadene har «vegdele» mykje for seg, men der er òg detaljar i landskapet som er naturlege skilmerke. I Balestrand ligg søkket Skinandehola mellom to noko lengre dalføre, begge avgrensa av fjellrabbar som sprikar eller «strevar» til kvar sin kant.
Skjelnan heiter ein bydel i Tromsø, før gnr. 14.1, mellom gnr. 13 Movika og hovuddelen av Krokelva gnr. 14 i Tromsøysund hd.. Her kan ein med fordel sitere NG ordrett: «Er vel bestemt Form av Ordet Skilnad m., Adskillelse, Afsondring. Her maaske i Betydning af en udskilt Part». Det er heilt rett, Skjelnan er naturleg avgrensa mot sør av Hømmerelva og mot nord av Skjelnanelva (frå Skjelnanvatnet), og sistnemnde elv forgreinar seg noko i siste delen av sitt far, for atter å samle seg. Så også Skinandåi i Hjartdal, som kjem frå Homtjønn og forgreinar seg sterkt, men sistpå «tar seg i hop» før ho fell ut i Enggravstjønn.
Svensk kjenner også skilnad i meir avleggs tyding «öppning, mellanrum, lucka, spricka»: Skjenan heiter ei snau hei i Bø i Telemark der det på kryss og tvers går tett i tett med lange fjellsprekkar som lagar rombe-forma rutenett. Skinan heiter òg eit litt oppsprukke bergområde ovanfor Skinanskjæra i Flekkefjord, og meir ekstreme er dei klivne berglaga på Skinansfjellet i Bjerkreim og kring «enga» Skinan i Eigersund.
Hadde vi ikkje Norsk Ordbok og forma |»sjēṛṇä| frå Vefsn og «vitnemål» frå stadnamn landet rundt, ville det vere uråd å påstå at ordet skilnad må ha gitt opphav til så sprikande former som dei vi har vore inne på. Vi veit at det frå gammalnorsk til mellomnorsk skjedde ei gradvis forandring av framlyd sk->skj->sj-, pluss bortfall av ð, i dette tilfellet i uttalen av skilnaðr. Ny uttaleform sjilna evt. sjelna, i b.f. sjilna’n, vart på sine stader heilt til forveksling lik hokjønnsordet sjærna [stjerna] < stjarna, gammal b.f. stjarnan.
Drøftinga av stjerne og skilnad er slett ikkje tenkt som eit nordisk prosjekt, men nokre detaljar frå svenske og danske stadnamn må vere med: Frå Båhuslen nemner Sigurd Kolsrud noko særs uventa: «I framljod fell skj (og sk fyre fremre vokal) saman med sj, stj, men i sud går framvoksteren mot sk (skerna: stjerne o.dil.)» («Nynorsken i sine målføre» s. 77) . Kven skulle forvente dette siste?
Skjern Å som namn på det største vassdraget i Jylland er tolka til skærr = skírr, men samstidig er å merke at elva kløyvest (norr.: skerst), først i to og derpå i tre far, før ho hamnar i hav. Kva tolking av elvenamnet er mest sannsynleg? M.o.t. «skjært vand» er det i alle tilfelle tre andre danske namn som pga. sisteleddet må kallast like interessante: Stjernkær er eit fuktig område, Stjernekilde er gardsnamn, Stjernesmade er derimot «vand-sted», medan Stjernesø er utolka.

Fotnotar:
- Skal rettare vere 14 m djup. ↩︎
- Takk til Thorsten Andersson for denne opplysninga. ↩︎
- Merknaden i namne-databasen til Nordisk Forskningsinstitut knytt til namna Ulvstjerns-ager og –eng på Bornholm lyder som flg.: «Maaske et Ulvstjerne i Bet. „Ulvepande“, evt. et Plantenavn». ↩︎
- Uvisst er korleis det har seg med Skärn og Skärnsforsen i Hagfors, Värmland. ↩︎
- I det minste kan nemnast glsv. stiornfaster «med fastbunde ror» (om farkost). ↩︎
- Takk til Kjell Øksendal for påminning. ↩︎
- Om det forsvunne gardsnamnet Stjern(e)borg i Tørring s. i Skodborg hd. seier Danmarks Stednavne: «Forleddet kan være subst. stjerne, som indgår i et par norske gårdnavne, hvor det formodes at sigte på stedernes høje beliggenhed (NG XV 235, XII 134)». Likevel er no skrivemåten for det danske namnet på 1500- og 1600-talet einstavings: Stern-, Stiern, Stien-, Stornn-. ↩︎
- Jf. merknad i NO 3: 1006-1007 om fullnan i uttrykket «til fullnans», og dertil om fullnans som adverb. ↩︎